RAPPORT FRÅ KULTURMINNEREGISTRERING Helgheim kyrkje Gnr/bnr 6/35, 6/3 J Ø LSTER KOMMUNE www.sfj.no
Kommune: Jølster Gardsnamn: Helgheim Gnr/Bnr: 6/35 Tiltakshavar: Adresse: Jølster kommune og Statens vegvesen Namn på sak: Parkering ved Helgheim kyrkje Saksnummer: 15/13125 Prosjektnummer: Registrering utført: 30.09.16 Ved: Kristoffer Hillesland og Lars Jølle Berge Rapport utført: 16.11.16 Ved: Kristoffer Hillesland Autom atisk freda kulturminne i området: Nyare tids kulturminne i området: 0 0 Askeladden id: SAM AN D R AG Det vart ikkje registrert automatisk freda kulturminne innanfor tiltaks området ved Helgheim kyrkje. Arealet for utvida parkering vart undersøkt med maskinell sjakting. Det vart leita etter kulturminne frå alle førhistoriske periodar, i hovudsak etter bygningsspor, flatmarksgraver, botnlag av fjerna gravrøyser/ - haugar og dyrkingslag. Det er registrert fjerna gravrøyser lengre aust på same marka, og Helgheim kyrkje står på mellomalder kyrkjegrunn. Det blei påvist to område me d restar etter dyrkingslag. Dei blei datert til etterreformatorisk tid. Be gge er kulturminne frå nyare tid og er derfor ikkje automatisk freda. B AK G R U N N F O R P L AN E N Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Nærings - og k ulturavdelinga gjennomførte ei arkeologisk registrering på Helgheim, Jølster den 30.09.16. Bakgrunn for registreringa er bygging av ein parkeringsplass ved Helgheim k yrkje. Tiltakshavar er Jølster kommune og Statens vegvesen. Registreringa vart utført for å oppfylle tiltakshavars undersøkingsplikt, jamfør 9 i lov om kulturminne.
Plan for området (Jølster kommune). Det er planlagt oppstillingsplassar for bil langs med austsida av dagens bilveg til kyrkja og eksisterande parke r ingsplass.
O M RÅD E T Tiltaks området ligg inne på flatlendt område aust om Helgheimselva. Det er plassert aust om Helgheim k yrkje, på gbnr 6/35, og langs med austsida av dagens tilkomstveg til kyrkja. Tiltaksområdet er del av eit stort innmarksområde med gras mark. Innmarksområdet fortsett austover, avgrensa av kyrkjestaden i vest, Jølstravatnet i sør og E39 i nord. Det er tidlegare registrert fleire automatisk freda kulturminne på Helgheim. Dette er eit rikt område, med sju arkeologiske lokalitetar (Askeladden ID: 84529, 141095, 1411 01, 141099, 141102, 141105, 25928) og 1 nyare tids kulturminne (Askeladden ID: 141097). Kart som syne r planområdet, markert med raud (Fylkesatlas.no). Lokalitetane langs med E - 39 vart påvist og dokumentert i samband med planarbeidet for utviding av E - 39. Dei automatisk freda kulturminna dokumenterer gardsdrift og g ardstun frå bronsealder og jarnalder. Det er tidlegare registrert gravrøyser lengre aust på den same inn marka som tiltaks området. Desse gravrøysene har blitt fjerna år tilbake, utan undersøking. I tillegg står Helgheim kyrkje på mellomalder kyrkjegrunn. Kart som syner tidlegare registrerte kulturminne i nærleiken av planområdet (Askeladden.ra.no). STR ATE GI O G M E TO D E DELTAKARAR OG TIDSROM Arkeologane Kristoffer Hillesland og Lars Jølle Berge utførte registreringa den 30.09.16 Entreprenør Jostein Sunde utførte maskinarbeidet. STRATEGI OG METODE Tiltaks området vart undersøkt med maskinell sjakting. Det vart leita etter kulturminne frå alle førhistoriske periodar, som bygningsspor, flatmarksgraver, botnlag av fjerna gravrøyser/ - haugar og dyrkingslag. Ved maskinell sjakting vert torv og mold fjerna ned t il kulturminne eller undergrunn. Sjaktene er vanlegvis om lag 3 m breie. Områda som er opna, blir deretter undersøkt av arkeologar. Eventuelle funn i sjaktene blir dokumentert med fotografi og teikning i plan og prof il. I tillegg blir det tatt ut 14C - prøva r til radiologisk datering av strukturar. Funn vert målt inn med CPOS.
Kart som syner den opna sjakta. Det er markert lokalisering av uttak for 14C - prøve og teikning av dyrkingsrestar DL1 og DL2. (Arc Map/Karoline H. Breivik).
R E SU L TAT Det vart opna ei sjakt ved Helgheim kyrkje. Lengda på sjakta var på om lag 60 m. Sjakta skulle i utgangspunktet ha vore lengre, men på grunn av lagring av rundballar på sørleg del av området var dette ikkje mogleg. Djupna var meir eller mindre konstant i heile sjakta, om lag 30 cm. Stratigrafien i sjakta var også meir eller mindre einsarta i sjakta. I undergrunnen vart det veldig mykje stor stein, blanda samen med raudbrun grus. Lengr e mot sør vart det e i t lite skifte, med raudbrun grus utan stor stein. Stratigrafien over undergrunnen bestod av matjord og torv. To s tadar i sjakta blei det funne rester etter dyrking blanda samen med undergrunn og matjord. Bilete av sjakta. Mot sør. DL1 Dyrkingslag DL1 ligger plassert i den nordlegaste delen av sjakt 1. DL1 er ein dyrkingsrest. Dyrkingslaget kan sjåast som spreidde flekkar med trekol blanda inn i undergrunn og matjorda. Tjukna på laget varierer, men er generelt sett veldig tynt, på om lag 5cm. Stratigrafien består av torv, matjord, dyrkingslag og undergrunn som er målt til ca. 30 cm ned til undergrunnen. Ei trekolprøve blei tatt av DL1. Laget kan beskrivast som mørkebrun, trekolhaldig jord. Bilete av DL1 i plan og profil
Profilteikning av DL1 Datering Dyrkingslag DL1 vart igjennom 14C prøve datert 210 +/ - 30 BP (Beta - 449190). Omgjort til kalenderår blir dette, med to standardavvik, 1645-1685, 1735-1805, event. 1930-1950 e. Kr. Det vil seie at dyrkingslaget er frå historisk eller nyare tid. Det er ikkje automatisk freda. DL2 DL2 ligg plassert i den sørlegaste delen av sjakta. DL2 er også rest av eit dyrkingslag. Dyrkingslaget kan sjåast som spreidde flekkar med trekol blanda inn i undergrunn og matjorda. Tjukna på laget varierer, men er generelt sett veldig tynt, på om lag 5 cm. Stratigrafien består av torv, matjord, dyrkingslag og undergrunn som jamt over er målt til ca. 30 cm under marknivå. Ei trekolprøve blei tatt a v DL2. Laget kan beskrivast som mørkebrun, trekolhaldig jord. Bilete av DL2 i profil Datering Dyrkingslag DL2 vart igjennom 14C prøvar datert til 180 +/ - 30 BP (Beta - 449191). Omgjort til kalenderår blir dette, med to standardavvik, 1655-1695, 1725-1815, 1835-1840, 1855-1865, event. 1920 - post 1950. Det vil seie at også dette dyrkingslaget er frå historisk eller nyare tid. Det er ikkje automatisk freda. KOLPRØVE Planteikning av DL2 Kulturhistorisk vurdering På grunn av samanfall i datering og elles svært like karaktertrekk på dyrkingslaga DL1 og DL2, kan det konkluderast med at dei truleg er delar av det same dyrkingslaget. Ut frå 14C - dateringane reflekterer laga dyrking i dette området i tida etter reformasj onen.
Det vart ikkje funne nokon automatisk freda kulturminne i området. Planområdet ligg i utkanten av eit fint jordbruksområde med allereie registrerte arkeologiske funn. I tillegg er elva rett i nærleiken, samt fleire gode jordbruksområde og Jølstrava tnet i sør. Dette innmarksarealet har med andre ord stort funnpotensiale. Med unntak av dei påviste dyrkingslaga, vart det ikkje funne andre nyare tids kulturminne i området. Dyrkingslaga er dokumentert med foto, teikning og 14C prøve. Dei er også målt in n med CPOS, og lagra i fylkeskommunen sin database. K O N K L U S J O N Utvida parkeringsareal ved Helgheim kyrkje i Jølster kommune vart undersøkt i samband med 9 undersøking den 30.09.16. I tiltaks området vart det opna ei sjakt. To førekomstar av dyrkingslag vart 14C datert til etterreformatorisk tid. Dyrkingslaga er ikkje automatisk freda. Bergen 16. 11 2016... Kristoffer Hillesland... V edlegg: Vedlegg 1. Liste over strukturar Vedlegg 2. Liste over sjakter Vedlegg 3. L iste over trekolprøver Vedlegg 4. Funnliste Vedlegg 5. Fotoliste Vedlegg 6. Foto Vedlegg 7. Innmålingar Vedlegg 8. Teikningar Vedlegg 9. 14C - dateringar
VEDLEGG 1: STRUKTURL ISTE Snr Sjakt Askeladden id Lok Type struktur Storleik Skildring Foto DL1 1 - - Dyrkings - lag DL1 1 - - Dyrkings rest 0-3m vedlegg 3,6 0-3m vedlegg 2 VEDLEGG 2: LISTE OVE R SJAKTEN E Sjakt Gbnr. Storleik Undergrun n Masse over Strukturar /Funn Sjakta av 1 6/3 og 6/35 Om lag 60 m Raudbrun grus, veldig mykje stor stein Dyrkingsr ester, matjord, torv 2 KH/LJB VEDLEGG 3: LISTE OVE R TREKOLPRØVER KP nr: Struktur Sjakt Lok Vekt Beta Type Datering (2 s igma) 1 DL1 1 0 449190 Dyrkingslag 210 +/ - 30 BP 2 DL2 1 0 449191 Dyrkingslag 180 +/ - 30 BP VEDLEGG 4 : FOTOLISTE Nr. Motiv Retning Dato Fotograf 1 Oversiktsbilete N 30.09.11 KH/LJB 2 DL2 S 3 DL1 S 4 Sjakt1 A 5 Sjakt1 A 30.09.11 KH/LJB 30.09.11 KH/LJB 30.09.11 KH/LJB 30.09.11 KH/LJB
6 DL1 A 30.09.11 KH/LJB VEDLEGG 5 : FOTO 1 2 3 4 5 6
VE D L E G G 6 : I N N MÅLI N G AR Sjakt1, D L1, D L2 VE D L E G G 7 : TEI KNI N G AR Digitalisert teikning D L1
Teikning D L1 Digitalisert teikning D L2
Teikning DL2
VEDLEGG 8 : 14C DATERINGAR
Side 17 av 17 Nærings - og kulturavdelin ga Pb. 173, 6801 FØRDE Besøksadresse: Storehagen 1b, 6800 FØRDE Telefon: 57 63 80 00 E - pos t: pos t@sfj.no www.sfj.no Framside foto: Kristoffer Hillesland Besøk s adresse : Postadresse : E - post: post@sfj.no Kultur: Storehagen 1B, Førde Askedalen 2 Heimeside: Næring: Fylkeshuset, Leikanger 6863 LEIKANGER www.sfj.no Telefon: 57638000 Bankgiro: 4212 02 02000 Org.nr : NO 941 388 841 MVA