KJØPEKONTRAKT MELLOM EID KOMMUNE (SELJAR) OG [ ] (KJØPAR) VEDRØRANDE SAL AV EIGEDOMMEN GNR. 44, BNR XX I EID KOMMUNE 1733773
DEFINISJONAR Følgjande definisjonar vert nytta i avtalen: Avtalen Denne avtalen med vedlegg Eigedommen Gardsnummer 44 bruksnr xx i Eid kommune Kjøpar Firmanamn (org.nr. xxx xxx xxx) Omkostnader Dei omkostnadane som er nemnde i pkt 2.2 Kjøpesummen Den kjøpesummen Kjøpar skal betale til Seljar for Eigedommen Oppgjerskonto Konto nr 3790.07.00130 som vert nytta ved Transaksjonen Overtakingstidspunkt xx.xx.2013 Part Kjøpar eller Seljar kvar for seg Partane Kjøpar og Seljar i fellesskap Seljar Eid kommune (org.nr. 938 521 816) Transaksjonen Kjøpar sitt erverv av Eigedommen frå Seljar 1745557 Side 2 av 5
1. PARTANE Avtalen er gjort mellom xxx som kjøpar og Eid kommune som seljar. 2. SALSOBJEKT OG FORMÅL MED SALET Seljar eig eigedommen gnr. 44 bnr. XX i Eid kommune ( Eigedommen ). Det overordna formålet med denne kontrakten er å fremje arbeidet med å sikre fleire utleigebustader i kommunen. I det høve ønskjer Seljar at Eigedommen vert overdregen til ein profesjonell utbyggar som samstundes forpliktar seg til å bygge minst 8 bueiningar på Eigedommen. Minst 6 av bueiningane skal nyttast til utleigeverksemd. Utleigeplikta gjeld i 10 år frå ferdigstilling av bygget Basert på dei vilkåra som går fram av denne kontrakten, er partane samde om at Seljar skal overdra Eigedommen til Kjøpar. Dei nærmare vilkåra som vert sett til ervervet og utvikling av Eigedommen, herunder utleige av dei tiltenkte bueiningane på Eigedommen, går fram av punkt 7 i denne kontrakten. 3. Kjøpesummen og oppgjeret 3.1. Kjøpesummen Kjøpesummen for Eigedommen er NOK [ ],- ("Kjøpesummen"). Kjøpesummen forfell til betaling ved Overtaking, jf punkt 5. 3.2. Omkostnader/dokumentavgift I tillegg til Kjøpesummen skal Kjøpar betale frådelingskostnader, dokumentavgift og tinglysingsgebyr for skøyte. Kjøpar betaler desse Omkostnadane direkte til Statens kartverk. 3.3. Forsinkelsesrente Ved forsinka betaling gjeld Lov om renter ved forsinket betaling. 3.4. Oppgjer Kjøpesummen skal innbetalast direkte til Seljar sitt kontonummer; 3790.07.00130 merka Betaling kjøpesum gbnr 44/XX. Seljar skal levere ut signert skøyte på Eigedommen så snart betalinga er synleg på Seljar sin konto. Kjøpar sørgjer sjølv for tinglysning av skøyte. 4. Seljaren sitt kontraktsansvar Eigedommen vert overteken i den stand som den var på kontraktsdato. Seljar har også oppmoda Kjøpar om å gjere grundig synfaring og teknisk, juridisk og finansiell gjennomgang av Eigedommen før inngåing av denne kontrakten. Eigedommen vert seld «som han er», jf 3-9 i Lov om avhending av fast eigedom. Andre ledd i 3-9 vert fråvike, slik at Kjøpar kun skal kunne gjere gjeldande at det ligg føre mangel ved evt. opplysningssvikt, jf avhendingslova 3-7 og 3-8. 1745557 Side 3 av 5
Risikoen for eventuelle skjulte feil og manglar som går fram av avhendingsloven 3-9 siste punktum, ligg etter dette til Kjøpar. Kjøpar kan ikkje fremje noko form for krav overfor Seljar, knytt til forhold Kjøpar vart kjent med eller burde vorte kjent med i samband med grundig synfaring og teknisk, juridisk og finansiell gjennomgang av Eigedommen. Kjøpar må reklamere skriftleg innan to veker frå det tidspunkt Kjøpar oppdaga eller burde ha oppdaga mangel ved Eigedommen. Kjøpar sin siste frist for reklamasjon er seinast eitt år frå overtakingstidspunktet. Dersom Kjøpar har rett til prisavslag eller erstatning, kan Seljar velje å tilby retting, føresett at retting kan gje Kjøpar tilfredsstillande kompensasjon. Seljar skal i tilfelle varsle om retting innan sju dagar etter mottak av reklamasjonen. Retting skal utførast så snart som mogeleg og seinast innan 90 kalenderdagar etter mottak av reklamasjonen. Seljar kan under eitkvart omstende ikkje haldast erstatningsansvarleg for anna enn direkte tap. Ovanfor nemnde regulering er teke omsyn til av Partane ved fastsetjing av kjøpesummen. 5. Overtakingstidspunkt Eigedommen vert overteken av Kjøpar når Oppgjer er føreteke jf pkt 3.4 Seljar tek forbehold om at Seljar sin hevingsrett står ved lag i dei tilfelle som er regulert i avhendingsloven 5-3 (4). 6. Offentlegrettsleg regulering knytt til ervervet og bruken av Eigedommen (konsesjon, regulering mv.) Kjøpar har risikoen ved alle offentlegrettslege krav tilknytt Eigedommen, herunder risikoen for bruk eller utnytting i samsvar med dei til eikvar tid gjeldande reguleringsplaner og reguleringsføresegner. 7. Utbyggings- og utleigeplikt Kjøpar er innforstått med at Transaksjonen av Eigedommen er betinga av at Kjøpar bygger ut Eigedommen i samsvar med Reguleringsplanen og med minimum 6 utleigebustader. Dersom byggestart for utbygging av Eigedommen i samsvar med dette punktet første avsnitt ikkje er igangsett innan eitt år frå Overtakingstidspunktet, skal Seljar ha rett til å kjøpe tilbake Eigedommen til same sum som Kjøparen har betalt etter punkt 3.1. 1745557 Side 4 av 5
Utleieplikt og gjenkjøpsrett kan tinglysast som hefte på Eigedommen sitt blad i grunnboka.. 8. Tvisteløysning Alle forhold knytt til denne kontrakten vert regulert av norsk rett. Eventuelle tvistar relatert til kjøpekontrakten skal avgjerast ved Eigedommens verneting. 9. Underskrift Denne kontrakt er i signert i to eksemplar, ein til kvar av partane XXXXXX, [ ] 2013 Eid kommune v/ ordførar [ ] 1745557 Side 5 av 5