Møtereferat. 1/16 Velkomen og presentasjon av representantane i førebuande fellesnemnd

Like dokumenter
Førebuande fellesnemnd. Møte Fjell rådhus

Møteprotokoll. Fellesnemnd Nye Øygarden kommune Skjenet 2, møterom i andre etasje. Dato: Tid: 09:00-11:10

Utval: Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 09:00 09:45

Møteprotokoll. Utval: Fellesnemnd Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 09:00-11:30

Førebuande fellesnemnd. Møte Øygarden rådhus

Førebuande fellesnemnd. Møte Sund rådhus

Førebuande fellesnemnd. Møte Kollsnes-anlegget, Øygarden

Møteprotokoll. Utval: Fellesnemnd Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 09:00 11:30

Anita Garlid Johannessen MEDL FRP Tom Georg Indrevik MEDL H

Svein Petter Bergh MEDL SL May Elin Limevåg MEDL FRP

Dagleg leiar Vest Næringsråd Rikard Toft Ledang, prosjektrådmann Rune Lid, informasjonsleiar Vigleik Brekke, møtesekretær Unni Rygg.

Utval: Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 09:00-10:50

Paul J. Manger prosjektleiar, Kjetil Århus direktør digitalisering og innovasjon Bergen kommune, Sølvi Fotland Spilde møtesekretær

Møteprotokoll. Utval: Fellesnemnd Nye Øygarden kommune Stad: Fjell rådhus, kultursalen Dato: Tid: 09:00-12:15

Anita Garlid Johannessen MEDL FRP May Elin Limevåg MEDL FRP Kjell Arve Vorland MEDL SP Svein Petter Bergh MEDL SL

Førebuande fellesnemnd. Møte Sund rådhus

Utval: Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 12:00-14:20

Paul J. Manger prosjektleiar, Vigleik Brekke informasjonsrådgjevar, Sølvi Fotland Spilde møtesekretær

Møteprotokoll. Utval: Valstyre for Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 09:00 09:30

Kari-Anne Landro Leder H Marianne Sandahl Bjorøy Nestleder AP

Partssamansett utval Nye Øygarden kommune Skjenet 2, møterom i andre etasje

Møtereferat. Andre: Koordinator for førebuande fellesnemnd Lillian Torsvik, rådmann Steinar Nesse i Fjell, rådmann Siri Fahlvik Pettersen i Øygarden.

INTENSJONSAVTALE FOR NYE ØYGARDEN KOMMUNE. Fjell - Sund - Øygarden

Møteprotokoll. Utval: Valstyre for Nye Øygarden kommune Stad: Skjenet 2, møterom i andre etasje Dato: Tid: 16:00-16:30

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

Møteprotokoll. Fellesnemnd Nye Øygarden kommune Fjell rådhus, kultursalen. Dato: Tid: 09:00-11:00

Anita Garlid Johannessen MEDL FRP Kjell Arve Vorland MEDL SP May Elin Limevåg MEDL FRP Ernst Morten Einarsen MEDL H

DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjeleg fellesnemnd

MØTEPROTOKOLL. Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Dan Helge Bjørneset Margrete Bjerkvik H Per Maurset Randi Langlo AP

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye Øygarden kommune Prosjektrådmannen

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Sakspapir. Arkiv: FE - 000, HistSak - 14/837 Arkivsaknr: 16/23-38 Sakshandsamar:Siri Fahlvik Pettersen

Prosjektrådmann Rune Lid, leiar for kyrkjeleg fellesnemnd Harald Rød, prosjektleiar Olav Martin Vik, møtesekretær Unni Rygg.

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langlo MEDL AP

Sund kommune Møteprotokoll

Prosjektleiar Paul J. Manger, leiar i utval for eigarskapsmodellar Atle Dåvøy, møtesekretær Unni Rygg.

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Fjell kommune Dato: Vår ref.: 2017/ /201 Ark.kode: 016. Innkalling til møte i partssamansett utval Nye Øygarden kommune

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

Rådmann Trude Letnes Granvin herad, Rådmann Einar Hauge Voss kommune, Informasjonskonsulent Tor Halvorsen Voss kommune.

Rådet for funksjonshemma

Ullensvang herad Heradsstyret. Møteprotokoll

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Ullensvang kommune: Etablering av ny kommune

05/12 Plan for forvaltningsrevisjon for perioden Forslag til prosjektplan

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Formelle vedtak i kommunestyra 21. juni 2017 i hht. 25 i inndelingslova for etablering av nye Ålesund kommune

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 061/17 Bystyret PS

Fusa kommune Møteprotokoll

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

Møteinnkalling. Sakliste

Kontrollutvalet i Fusa kommune Møteprotokoll

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg

Dette skjedde 2. halvår Her kan du lesa om litt av det som har skjedd det siste halvåret i arbeidet med å byggja den nye kommunen.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Sak.nr Tema/sak Konklusjon/oppfølging Ansv 1. Innleiing, og godkjenning av referat. Ordførar Kari Anne Landro ønskja velkommen til Sund.

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Fjell kommune. Møteinnkalling. Eldrerådet. Utval: Møtestad: Fjell rådhus, komitésalen. Dato: Tid: 11:00 14:00

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemar: Svein Lang, Sp, hadde forfall. For han vararepresentant forsøkt kalla inn, men ingen kunne møta.

Omstillingsavtale for kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Vedteken i PSU

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Samnanger kommune Møteprotokoll

Fjell kommune Arkiv: 010 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet SAMNANGER KOMMUNE. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.

SOTRA BRANNVERN IKS - I arbeid for eit branntrygt lokalsamfunn!

Kontrollutvalet Møteprotokoll

Espen Harkestad MEDL AP Jogeir Sognnæs MEDL AP Silvia Haugland MEDL Uavhengig

Møtebok for Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Martin Hamre for Annlaug Haugse Såkvitne i sak 25/17. Trude Letnes, Else Berit Kyte, Asbjørn Nilsen, Rune Magnar Røthe. Godkjenning av protokoll 3

Reformer i regional stat Anne Karin Hamre. Kommunereforma aktuelle tema og status i fylket. Kåre Træen

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: RÅDET FOR FUNKSJONSHEMMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Utval for Eigarskapstruktur. Informasjonsmøte Atle Dåvøy, utvalsleiar

MØTEPROTOKOLL. Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.

Tysnes kommune Møteprotokoll

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Møteprotokoll. for. Eldrerådet

MØTEPROTOKOLL. Utval: Mellombels fellesnemnd for Volda og Hornindal kommunar Møtestad: Voldsfjorden, Volda rådhus Dato:

MØTEPROTOKOLL. Utval:

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE VOLDA KOMMUNE HORNINDAL KOMMUNE

Fitjar kommune Møteprotokoll

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 36/12 42/12. MØTELEIAR Sølvi Ulvenes (H)

Utv.saksnr.: Utval: Møtedato: 3/16 Formannskapet /16 Kommunestyret Ungdomsrådet - referatsak

MØTEPROTOKOLL VOLDA KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtestad: Idrettshallen Hornindal Dato: Tid: 16:45

INNKALLING. Til orientering: Ungdomsrådet, senior- og funksjonsrådet, hovudverneombodet og dei HTV (hovudtillitsvalde) vert også invitert til å delta:

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

Innkalling av Fellesnemnd

Samnanger kommune Møteprotokoll

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - partssamansett utval

Fitjar kommune Møteprotokoll

Transkript:

Dato: 11.11.2016 Vår ref.: 2016/2926-27079/2016 Ark.kode: Møtereferat Møte nr. 1 i: Førebuande fellesnemnd (FF) Møteleiar: Ordførar i Fjell kommune, Marianne Sandahl Bjorøy (AP). Medlemer som møtte: Fjell kommune: Egil Haaland (AP), Hilde Lohmann Sandal (AP), Tom Georg Indrevik (H), Ernst Einarsen (H), Anita Garlid Johannesen (FrP), Svein Bergh (SL), Odd Bjarne Skogestad (KrF). Øygarden kommune: Børge Haugetun (TVØ), Silvia Haugland (TVØ), Espen Harkestad (AP - kom kl. 13.00 til sak 7), Ingrid Toft (H). Sund kommune: Kari-Anne Landro (H), Nils Kåre Skoge (H), May Elin Limevåg (FrP), Jogeir Sognnæs (AP), Kjell Arve Vorland (SP). Tillitsvalte med observatørstatus: Trude Erstad Villanger (HVO Fjell), Hildegunn Høyland (Fagforbundet), Vibecke Hodnekvam (Utdanningsforbundet). Dato: 09.11.2016 Forfall: Tid: Kl. 11.00 14.00 Andre: Servicetorgsjef og koordinator for førebuande fellesnemnd Lillian Torsvik, rådmann i Fjell Steinar Nesse, rådmann i Øygarden Siri Fahlvik Pettersen, rådmann i Sund Rune Lid, leiinga hos fylkesmannen i Hordaland v/ prosessrettleiar Ole Bakkebø. Referent: Unni Rygg Saksnr Sakstittel 1/16 Velkomen og presentasjon av representantane i førebuande fellesnemnd Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy lot alle i den førebuande fellesnemnda 16 politiske representantar og 3 tillitsvalte med observatørstatus presentere seg sjølve, og presenterte deretter særskilt inviterte til møtet. Espen Harkestad var ikkje tilstades under presentasjonen. 2/16 Godkjenning av innkalling og saksliste Sakslista vart godkjent utan kommentar.

Innkallinga vart godkjent med følgjande kommentar frå Vibecke Hodnekvam: Det er ynskje om å få innkallinga med sakspapir i god tid før møtet. Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til at denne kommentaren kan diskuterast og konkretiserast under ymsesaka. 3/16 Informasjon og orientering v/ordførarane Premissar og mandat v/marianne Sandahl Bjorøy Bjorøy informerte om at dei tre kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden har gjort felles vedtak om oppretting av ei førebuande fellesnemnd med eigne premissar og mandat. Den førebuande fellesnemnda er ei ikkje-lovpålagt nemnd som fungerer til formell fellesnemnd vert etablert i samsvar med Inndelingslova og etter vedtak i Stortinget våren 2017. Ein viktig funksjon for den førebuande fellesnemnda er å sikre open og god dialog med alle, og difor er tre tillitsvalte på vegne av alle tilsette i Fjell, Sund og Øygarden tatt med i nemnda med observatørstatus og tale- og forslagsrett. Andre sentrale premissar er at vedteken intensjonsavtale ligg til grunn for nemnda. Nemnda har ikkje fullmakt til å ta avgjersler og ved eventuelle behov må vedtak fremjast i felles sak til dei tre kommunestyra. Den førebuande fellesnemnda har fått eit mandat frå dei respektive kommunestyra som ligg til grunn for nemnda sitt arbeid fram til den formelle fellesnemnda er oppnemnd. Mandatet inneber kartlegging av IKT-system, selskapsstruktur, pensjonsordningar, personalreglement- og løns- og arbeidsvilkår for tilsette, og å arrangera framtidsseminar og kommunebesøk / studietur. I tillegg skal nemnda setje i gang arbeidet med å tilsetje prosjektleiar, utarbeide kommunikasjonsplan, og legge til rette for felles kommunestyremøte i forkant av oppretting av formell fellesnemnd våren 2017. Informasjon og orientering v/kari-anne Landro Landro informerte om overordna framdriftsplan for etablering av «Vår nye kommune». I framdriftsplanen vart viktige milepælar med tidsplan presentert. Førebuande fellesnemnd skal ha sitt virke fram til juni / august 2017, då fylkesmannen vil kalle inn til felles kommunestyremøte etter vedtak i Stortinget. Den formelle fellesnemnda vert oppnemnt juni / august 2017 og fungerer fram til «Vår nye kommune» er i drift 01.01.2020 jf. kommunestyreval hausten 2019. Landro informerte deretter om inndelingslova som gjeld ved kommunesamanslåinga, med vekt på 25 og 26 som sentrale paragrafar. Inndelingslova 25 viser til at etter vedtak i kommunar om samanslåing skal Fylkesmannen snarast mogleg kalle saman til eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra og drøfta følgjande tema forslag til kommunenamn, talet på kommunestyremedlemer, kriterium for fellesnemnda etter 26, val av revisor for fellesnemnda, og oppretting av eventuelle andre fellesorgan. Inndelingslova 26 viser til at det skal opprettast ei fellesnemnd til å samordne og førebu kommunesamanslåinga, med konkrete arbeidsoppgåver og mandat, og at denne formelle fellesnemnda skal fungere fram til det nye kommunestyret er konstituert etter reglar i inndelingslova 27.

Informasjon og orientering v/børge Haugetun Haugetun viste til seminarrekkje for kommunar som har gjort vedtak om å slå seg saman. Dette er eit nasjonalt oppfølgingstilbod som resultat av ei avtale mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet, KS, LO, Unio, YS og Akademikerne, og seminarrekkja skal gje kommunane auka kunnskap og erfaringsdeling om kommunesamanslåing. Det var oppstartsamling 31.oktober 1.november 2016 med representantar frå 61 kommunar til stades, og «Vår nye kommune» var representert med tre tillitsvalte, ordførar og rådmann i Sund, ordførar og rådmann i Øygarden, og varaordførar og servicetorgsjef / koordinator Lillian Torsvik i Fjell. I tillegg til oppstartsamlinga er det lagt opp til seminar med ulike tema seminar 2) Arbeidsgjevaransvar; seminar 3) Lokaldemokrati, felles kultur og identitet; seminar 4) Korleis nå mål som er sett; seminar 5) Organisering og etablering; seminar 6) Selskap og samarbeid. Det var semje om at seminarrekka må diskuterast og prioriterast ut ifrå kva seminar heile den førebuande fellesnemnda bør delta på og kva seminar ev. utvalte personar bør delta på. 4/16 Val av leiar og nestleiar Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy gjorde merksam på at det var 16 røysteføre til stades i møtet då Espen Harkestad fyrst var venta til møtet kl. 13.00. Framlegg frå Sund kommune v/ Jogeir Sognnæs: 1. Val av leiar forslag ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy. 2. Val av to nestleiarar forslag ordførar i Sund, Kari-Anne Landro og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun. Anita Garlid Johannesen bad om skriftleg avstemming ved val av leiar, noko som vart imøtekome. Trude E. Villanger og Kjell Arne Vorland vart valt som tellekorps. Ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy, vart valt som leiar for førebuande fellesnemnd med 12 røyster, 4 røyster stemte blankt. Ordførar i Sund, Kari-Anne Landro og ordførar i Øygarden, Børge Haugetun vart begge valt samrøystes som nestleiarar for førebuande fellesnemnd. Vald leiar, Marianne Sandahl Bjorøy, heldt fram som møteleiar for resten av møtet. 5/16 Tema til drøfting Prioritering av oppgåver og framdriftsplan (sjå forslag til framdriftsplan): Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy la fram forslag til plan for prioritering av oppgåver og framdrift, og opna for innspel til prioriteringa jf. oppgåver: 1. Kartlegge kva IKT-system som finnast i den einskilde kommune. 2. Kartlegge personalreglement og løns- og arbeidsvilkår for tilsette i den einskilde kommunen.

3. Utarbeide ein kommunikasjonsplan og sørgje for fortløpande informasjon til tilsette og innbyggjarar. 4. Starta arbeidet med krav og prosess for tilsetjing av prosjektleiar 5. Kartleggja selskapsstruktur i den einskilde kommune. 6. Kartleggja dei ulike pensjonsordningane i den einskilde kommune 7. Planleggja og gjennomføra eit framtidsseminar tidleg i 2017. 8. Leggja til rette for studietur våren 2017 for å henta erfaring frå kommunar som allereie har vore gjennom prosessen Fjell, Sund og Øygarden skal starta. 9. Leggja til rette for felles kommunestyremøte for dei tre kommunestyra i forkant av oppretting av den formelle fellesnemnda våren 2017. Aktuelt tema er status og drøfting av «førebuande fellesnemnd» sitt arbeid så langt. Tom Georg Indrevik kom med merknad til punkt 7) om framtidsseminar, der han føreslo at seminaret bør inkludere fleire enn fellesnemnda. Døme på andre kommunale utval er ungdomsråd / eldreråd / menneske med nedsett funksjonsevne, lag og organisasjonar, for å sikre breidde på innspela under seminaret og god forankring. Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy stadfesta at inkludering er viktig på eit framtidsseminar og vil kome tilbake til innspelet seinare. Ho informerte også om at forskingsmiljø vil bidra på framtidsseminaret. Etter ein lengre diskusjon vart det semje om å godkjenne rekkefølgja for prioritering av oppgåver og framdriftsplan slik som presentert i møtet. Deltaking seminarrekke aktuelle tema: Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til seminarrekka som Haugetun presenterte tidlegare og opna for diskusjon med tanke på deltaking. Det var semje i førebuande fellesnemnd om at heile nemnda burde delta på seminar 3) Lokaldemokrati, felles kultur og identitet, og leiargruppa i nemnda sjekkar nærare opp tid og stad for seminar 3. Det kom innspel frå Ernst Einarsen om å også sikre deltaking frå nemnda på seminar 2) Arbeidsgjevaransvar. Kari-Anne Landro støtta innspelet og foreslo at leiar i administrasjonsutvalet i dei tre kommunane høvesvis Ernst Einarsen i Fjell, Kari-Anne Landro i Sund og Børge Haugetun i Øygarden burde reise på seminar 2) saman med tillitsvalte og personalansvarlege, noko som resten av nemnda slutta seg til. 6/16 Forslag til møteplan 2016 og 2017 Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til forslag til møteplan for 2016 og 2017 i innkallinga og kom med følgjande forslag til justering: oppsett møte måndag 9.januar, måndag 30.januar og måndag 13.mars utgår; nytt møte for nemnda i samband med seminar 3) Lokaldemokrati, felles kultur og identitet jf. datoavklaring v/ nemnda si leiargruppe. Nemnda slutta seg til forslaget. Det kom innspel frå Børge Haugetun til møteplanen om å endre klokkeslett for møta slik at dei byrja kl. 09.00, og rullere møtestad slik at møta vert haldne både i Fjell, Sund og Øygarden. Begge innspela fekk støtte i nemnda og det var semje om at nemnda si leiargruppe tek med seg innspela og legg fram justert møteplan til neste møte.

Det kom forslag frå Tom Georg Indrevik om at førebuande fellesnemnd sine møter bør tapes, web-castast eller takast opp slik at det kan leggjast ut på nettsida til «Vår nye kommune». Det var semje om å ta dette forslaget vidare til diskusjon i nemnda si leiargruppe. 7/16 Dato for framtidsseminar og kommunebesøk Førebuande fellesnemnd var fulltalig ved behandling av denne saka då Espen Harkestad kom kl. 13.00. Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til oppfølging av vedtakspunkt 4 i nemnda sitt mandat: Planleggja og gjennomføra eit framtidsseminar tidleg i 2017 Bjorøy innleia med at tanken med eit framtidsseminar er å knyte seg opp mot forskingsmiljø som kan kome med visjonar / scenario om «Vår nye kommune», og bad om innspel på innhald og tidspunkt. Tom Georg Indrevik kom med innspel om å bruke kommunale organ som ungdomsråd / eldreråd / råd for menneske med nedsett funksjonsevne på seminaret for å sikre deltaking frå flest mogleg, og med næringsutvikling som viktig tema på seminaret. Innspelet om auka deltaking vart støtta frå fleire av nemnda. Tidspunktet for framtidsseminaret vart diskutert og det vart semje om å ha seminaret «så tidleg som mogleg» i 2017. Leggja til rette for studietur våren 2017 for å henta erfaring frå kommunar som allereie har vore gjennom den prosessen Fjell, Sund og Øygarden skal starta Bjorøy innleia med at Sandefjord kommune var ein kommune som peika seg ut å hente erfaring frå, og det kan anten arrangerast ein studietur for den førebuande fellesnemnda våren 2017 til Sandefjord kommune eller så kan sentrale personar frå Sandefjord kommune inviterast til den førebuande fellesnemnda. Innspel som ynskte studietur argumenterte med grunnlaget og heilskapen som ein slik tur gir til alle som er med i den førebuande fellesnemnda og som sikrar oppgåvegjennomføringa. Innspel som ynskte besøk frå Sandefjord kommune argumenterte med at erfaringsutvekslinga kunne delast med ev. tilhøyrar. Eit tredje alternativ vart lansert å kombinere studietur til Sandfjord med seminar 3) ved å forlenge seminarreisa ein dag. Det vart semje om at nemnda si leiargruppe tek med seg innspela og sender ut forslag i god tid før neste møte, torsdag 8.desember. 8/16 Forslag til kommunikasjonsplan v/vigleik Brekke Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til vedtakspunkt 4 i nemnda sitt mandat utarbeida ein kommunikasjonsplan og sørgje for fortløpande informasjon til tilsette og innbyggjarar. Bjorøy gav deretter ordet til kommunikasjonsrådgjevar Vigleik Brekke. Brekke delte ut forslag til kommunikasjonsplan og viste til at planen fyrst skal godkjennast på neste møte i nemnda. Det kom innspel til planen om å få på plass live overføring av møta etter jul, noko som vil bli drøfta i nemnda si leiargruppe. Det kom vidare innspel om å få inn dato og møtestad for nemnda sin møteplan i kommunikasjonsplanen. Brekke tok innspela med seg og vil legge fram eit endeleg framlegg til kommunikasjonsplan på neste

møte. 9/16 Ymse Vibecke Hodnekvam ynskte avklaring på om dei tillitsvalte kunne kome med innspel til nemnda si saksliste og ev. kven innspela skulle sendast til. Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til at tillitsvalte og medlemer av nemnda kan kome med innspel til sakslista og ev. innspel skal sendast til koordinator Lillian Torsvik, lillian.torsvik@fjell.kommune.no Svein Bergh stilte spørsmål ved nemnda si oppgåve 4) «Starta arbeid med krav og prosess for tilsetjing av prosjektleiar» i framlegg til plan for prioritering av oppgåver og framdrift, knytt til om prosjektleiar skal vere tilsett eller leigd inn. Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy viste til at førebuande fellesnemnd berre kan legge til rette for prosessen med prosjektleiar, og at det er den formelle fellesnemnda som skal tilsette prosjektleiar. Møteleiar Marianne Sandahl Bjorøy tok opp igjen kommentaren frå tillitsvalte Vibecke Hodnekvam, under sak 2) Godkjenning av innkalling og saksliste, om at det er ynskjeleg å få innkallinga med sakspapir i god tid før møta i førebuande fellesnemnd. Etter diskusjon vart det semje om at innkalling med sakspapir skal sendast ut 1 veke før møtet, til både medlemer og varamedlemer av nemnda. Bjorøy kom også med forslag, på vegne av nemnda si leiargruppe, om at møtegodtgjersle for møta skal betalast ut frå den einskilde kommunen som har representant, og at det vil verta føreteke ei avrekning av administrasjonen. Resten av nemnda var samde i forslaget om møtegodtgjersle. Bjorøy ynskte vidare innspel på nemning av leiar og nestleiarar i forhold til bruk av ordet «leiargruppe». Nemnda var samde om at «leiargruppe» var rette nemninga. Bjorøy viste også til elektroniske lenkjer til aktuelle dokument om kommunesamanslåing på kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS, og at det er mogleg å få dokument skrive ut om nokon ber særskilt om det. Presentasjonen som vart vist på dette møtet vert sendt til førebuande fellesnemnda, både medlemer og varamedlemer, saman med referat frå møtet.