BORA I DJUPE LAG. Rapport frå Oljå



Like dokumenter
Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Vestlandet ein stor matprodusent

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Noe historie om norsk olje

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Lønnsundersøkinga for 2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORGANISERING AV NORSK PETROLEUMSVERKSEMD

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Brukarrettleiing. epolitiker

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Til deg som bur i fosterheim år

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

/

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Ei lita historisk vandring i norsk vasskraft

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jon Fosse. For seint. Libretto

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

11 Eg i arbeidslivet

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Omdømme Helse Vest. Resultat frå beslutningstakarundersøkinga 2008 Helse Vest RHF.

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kva er økologisk matproduksjon?

FANTASTISK FORTELJING

Sosialdemokratiet i dag?

Avdeling for regional planlegging

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Setring ved Håbakkselet Hareid

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

DB

Operativ og strategisk medierådgiving, medietrening, mediekontakt, møte- og debattleiing og krisekommunikasjon.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014


MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

SKATTEINNTEKTER 12/ K-

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Vår tilnærming til kapitalforvaltning

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Transkript:

BORA I DJUPE LAG Rapport frå Oljå Om det står skrive i Bibelen, er eg ikkje sikker på. Det står i alle fall ikkje i det Nye testamentet, og sikker kjeldetilvising har eg ikkje. Men det heiter seg i alle fall at det var Regnkysten på den skandinaviske halvøya Vårherre såg ut over då han hadde skapt jorda, og la til at dit ned må eg senda folk som har eit ekstra gen. Og kva slags særleg genmateriale skulle så det vera? Jo, eit gen som får folk til å tenka at Arbeid er gildt! Og: Du skal halda arbeidsdagen heilag! Om desse gudsorda særleg handlar om Jæren, trur eg at det like mykje gjeld synet på arbeid over heile Vestlandet. Folk jobber jo hele tida her! er ein observasjon mange tilreisande gjer seg, når dei blir kjende i denne delen av landet. Det er denne arbeidsmoralen som er uttrykt i det velkjende, og sjølvbevisste ordtaket: Kom igjen karar, lat oss bera steidn mens me kviler. Det er ikkje heilt halvgale, seier dei i Ryfylke, når dei meiner at noko er fantastisk og utruleg bra. Den som kjem hit, må altså læra seg rytmen og lakonien i daglegtalen, særleg læra å forstå seg på på kunsten å underdriva på den rette måten. Det er som kjent når det er løye med det, at det er løye med det. I motsetning til kva mange trur og seier, var Norge blant dei rikaste landa i verda, målt som nasjonalprodukt per innbyggar, før oljeproduksjonen starta i Nordsjøen. I 1970 låg landet høgare enn Tyskland og Storbritannia, på same nivå som Sverige, Danmark, Nederland og Canada, men lågare enn dei to rikaste landa i verda, som då var USA og Sveits. På den tida var Norge prega av høg sysselsetting og eit høgt offentleg forbruk som skapte likskap, når det blei brukt til utbygging av skular og helsetenester for alle. Rikdommen i 1970 kom ikkje minst frå smelteverksindustrien og den billige vasskrafta på den norske Regnkysten. Den kom òg av at store delar av folket godtok lågt personleg forbruk gjennom smålåtne lønnskrav og høge skattar, i vissa om at arbeidsgivarar og styresmakter ville bruka dei skapte verdiane til felles beste. Dei forsiktige lønskrava bygde på eit uutalt klasseforlik, etablert politisk i etterkrigstida som sosialdemokratisk nasjonsbygging. Systemet var ikkje perfekt. Det bygde på tileigning av andre sitt arbeid, og på at dei

som hadde minst, ytte mest. Det er også ei kjennsgjerning at dei som tenar best, brukar velferdsstaten mest, til dømes til utdanning. Trass i desse klåre veikskapane låg kjeldene for rikdommen og grunnlaget for velferda i 1970 i hovudsak innanfor ei nasjonalstatleg ramme. I prinsippet kunne klasseforliket seiast opp eller reviderast gjennom val, streiker og protestaksjonar. Dette gav rikdommen ein legitimitet oljepengane manglar. Dei som har skapt rikdommen oljepengane representerer, stemmer ikkje ved norske val, er ikkje sysselsette av norsk kapital i Norge. Litterært sett er grunnstrukturen i oljeeventyret ei fortelling henta frå Tusen og ei natt, med den forskjellen at Ali Baba og dei 40 røvarane har blitt til Ali Baba og the Seven Sisters, der dei sju søstrene har hatt mange namn opp gjennom åra, og i dag heiter Exxon Mobil, Chevron, ConocoPhillips. Shell, BP. Total og ENI, for ikkje å nemna den norske veslesøstera deira. Tidleg ut på 1960-talet, ti år etter dei olympiske vinterleikane i Oslo, vende Edwin Van den Bank i det amerikanske oljeselskapet Phillips seg til Trygve Lie og tilbaud 160 000 dollar i månaden for å få eineretten til å leita etter olje og gass i den delen av Nordsjøen som etter Genèvekonvensjonen av 1958 ville falla på Norge. Regjeringa hadde gitt Trygve Lie permisjon frå stillinga som fylkesmann i Oslo og Akershus i 1959 og plassert han på eit kontor i Industridepartementet. Oppdraget til den tidlegare generalsekretæren i FN var å trekka utanlandske investeringar til landet. Regjeringa tolka brevet frå Phillips som eit forsøk på å sikra amerikanarane eksklusive rettar på norsk kontinentalsokkel. Funnet av store gassfelt i Nederland i 1959 hadde fått den amerikanske oljedirektøren til å tru at dei petroleumsførande bergartane heldt fram ut i Nordsjøen. Norges geologiske undersøkelser blei bedne om å uttala seg, og kom med det berømte svaret at det var utelukka at det kunne finnast olje og gass under havbotnen utanfor vestkysten av Norge. Tilbodet frå Phillips blei likevel avslått. I staden blei det rigga opp eit lovverk som skulle sikra den norske staten kontroll med eventuell olje- og gassutvinning. Første konsesjonsrunde blei utlyst i april 1965, og seinare same året blei 22 leite- og utvinningslisensar utdelte. Tildelingane skjedde ved at fleire selskap fekk ulike eigardelar i same lisens, og at styresmaktene peika ut eitt av selskapa som operatør. Utgifter og inntekter blei fordelte selskapa imellom etter eigardel. Det første leiteholet blei bora sommaren 1966, men først i 1969 sette boreriggen

Ocean Viking, hyra av Phillips, borekrona i ein kolonne på 300 meter lett svovelfri olje så å seia midt i eit oljetørst Europa. I Bartlesville i Oklahoma, der selskapet hadde hovudkontoret sitt, spratt champagnekorkane i taket. The Times i London melde om momentous news, det første oljefunnet i Vest-Europa ville i årevis gjera regionen mindre avhengig av olje frå Midt-Austen. Det skulle visa seg at Norge hadde vore heldig med forhandlingane om delelinje, basert på midtlinjeprinsippet, samanlikna med Danmark og Storbritannia. Dei gigantiske oljefelta Ekofisk og 85 prosent av Statfjord hamna på norsk side. Då prøveproduksjonen frå Ekofisk tok til i 1971, var prisen på lett olje frå Libya 3,5 USD per fat, då Statfjord blei funne i 1974, var oljeprisen 12 USD per fat. Med oppdaginga av gassfelta i Nederland blei det straks spørsmål om kven som eigde ressursane. Styresmaktene der fann ei lov frå Napoleons-tida som slo fast at det som låg djupt nok under bakken, var staten sin eigedom. I Norge var det ingen diskusjon om eigedomsretten. I mai 1963 hadde regjeringa proklamert norsk suverenitet over kontinentalsokkelen og vedtok samtidig ei lov om at staten var grunneigar. Vel var Norge eitt av verdas rikaste land også før 1970. På den snart halve hundreåret som har gått sidan den gong, har Oljå likevel skapt eit nytt samfunn, ikkje minst synleg på Sør-Vestlandet. Då eg flytta frå Sauda i 1964, var den typiske fritidshytta i Ryfylke eit gammalt stølshus, eller ei fjellhytte slått saman av tyske brakkematerialar frå krigstida. Ti år seinare hadde hyttenaboen eige hus nede i byen. Ti år deretter kom hytte ved sjøen, for eksempel i Vindafjorden, der strandloven får sova ekstra søtt og uforstyrra i den nederste kontorsskuffa til fylkesmannen. Ti år deretter blei den gamle fjellhytta riven og erstatta av eit moderne fritidshus i fjellet, med golfbaneplen og alle bekvemmeligheter. Og vel så det. Endå ti år seinare blei denne bustandarden komplettert med ei enkel leilighet på Miami Beach eller Fort Lauderdale i Florida, eller til nød ein ny time-share på den tyrkiske middelhavskysten. Då er vi straks i våre dagar, før oljeprisen fall under seksti dollar fatet. Og eg gjentar, dei som får til dette, er vanlege folk som likar å arbeida, og stort sett arbeider heile tida, og ber steidn når dei kviler. I ei bok frå 1980-talet kalla den tyske forfattaren Hans-Magnus Enzensberger Norge for ei blanding av fortidsmuseum og framtidslaboratorium. Det trur eg framleis er ein treffande beskrivelse, og at den er særleg treffande på Sørvestlandet.

Det gode liv, og den perfekt yrkeskombinasjonen i Olje-Norge må vera å gå 12-12 på plattform i Nordsjøen, to på og fem av offshore i Oljå, og ha eit lite gardsbruk å ta seg av i fritida på landjorda. Spissteknolog og primitiv gardbrukar på same tid. Slik har oljeturnusen vore med på å halda oppe den spreidde busettinga, og ta heile Norge i bruk. Når eg ser for meg den typiske vestlendingen av i dag, så går han den eine dagen og slår fjellgras med stuttorv eller ber steidn oppe under Vondversnuten. Neste morgon står han eller ho i kontordress på Sola, på veg til oljemessa i Houston, Texas, eller Baku i Aserbadjan for å bora i vinkel etter olje og gass på botnen av Kaspihavet. Den nye mobiliteten pregar også den gamle tungindustrien. I dag kan den elektriske krafta som ein gong skapte grunnlag for samfunn som Odda og Sunndalsøra, fraktast langt bort med monstermaster og gi større utbyte i oljeproduksjonen til havs, og som salsvare på den europeiske spotmarknaden, enn den gir bunden opp i langtidskontraktar med gamle metallsmelteverk. Nordsjøflammane over oljeinstallasjonane ute i havet tende også eit blått lys for fastlandsindustrien. Når valet for ein faglært røyrleggar står mellom å gå rundskift på smelteverket eller å vera oljearbeidar i Nordsjøen med dobbel lønn og halv arbeidstid, er valet enkelt. Sakte, men sikkert nærmar den gamle tungindustrien seg UNESCOs verdsarvliste, medan det nye Norge har sust inn i oljeøkonomien på første klasse. I resten av Europa har krisa i 2008 gått over i resesjon og i stadig djupare sosiale krisetilstandar. Frå 1990 åra av prega oljerikdommen Norge i større og større kontrast til resten av Europa. I det store bildet har det paradoksalt blitt slik at det som blir kalla vestlege industriland eller utvikla industriland, ikkje lenger er industriland. For Vesten, Norge og Vestlandet i Norge er denne avindustrialiseringa gull verd. Vi sel dei strategiske produkta våre dyrt, og kjøper forbruksvarene til utviklingslanda billig tilbake. I dette bildet har den europeiske arbeidaren dratt til dei evige jaktmarknader (som det vel heiter i dag), medan industrien er eksportert dit pepparen gror (China, Brasil, Indonesia), og der pepparen gror blir forbruksvarene våre produserte i sweatshops under vilkår som liknar industriens barndom i Vest-Europa, før fagorganisering og sosialisme fekk sivilisert kapitalismen. Så lenge det varer. Også Norge er ein del av dette store bildet, men det er eit bilde med sterke regionale særtrekk. I dei gode gamle dagar var skiljet mellom Aust og Vest motsetninga mellom Tømmer-Norge og Fiske-

Norge. Medan Austlandet, hovudstaden ikkje minst, har blitt avindustrialisert, har den olje- og gassdrivne nyindustrialiseringa av Vestlandet halde ved lag gamle skilnader mellom landsdelane. Næringslivet på Vestlandet er framleis knytt til ressurssar i havet, oppdrett, villfisk, olje og gass. Den norske Regnkysten er dessutan velsigna med størstedelen av den vasskraftbaserte el-produksjonen i landet, og vil nyta godt av klimaendringar som har ført til meir nedbør. Av og til er folkeleg visdom sterkare enn summen av politisk, medial og finansiell makt. Det Norge som sa Nei til EF i 1972 og igjen til EU i 1994, var ikkje, som det altfor ofte blir sagt, eit råvareeksporterande land. Alle som har vore i Nordsjøen, på Kårstø eller inne på eit smelteverk veit at olje, gass, aluminium og metallegeringar er raffinerte halvfabrikat, framstilt av tiltaksomme og kvalifiserte fagfolk. Strategiske naturessurssar, historisk flaks, politisk klokskap gjer at etter utbrotet av finanskrisa i 2008 har Norge fortont seg som ei oljeglinsande øy av velstand i eit stadig djupare hav av europeisk fattigdom. Særleg bibelbeltet langs kysten blei prega av av ny rikdom, og vilje til å vera på Fremskritts-parti med framtida. Der hadde dei i alle år sett si lit til Gud, og har nå fått si rikelege løn av Mammon. Etter år 2000 pregar den private rikdommen heile det norske samfunnet, i kvass kontrast til resten av Europa. Kven kunne, til dømes i 1972 eller i 1994, sett for seg at EU-borgarar i store flokkar skulle rømma nordover frå Unionen og søka økonomisk asyl i utanforlandet Norge? Som de veit, i den avindustrialiserte hovudstaden vår er det mange tunge meiningsberarar som er tungt fortørna over at dei stadig må subsidiera den kostbare metallsmeltinga, fiskeoppdrettet og oljeog gasspumpinga de får tura fram med her ute i dei såkalla Distriktene. Sidan eg sjølv har flytta frå ein einsidig industristad djupt inne i ein fjordbotn på Vestlandet, til ein like einsidig kultur-industristad djupt inne i ein fjordbotn på Austlandet, kan eg melda at sjølv om Oslo har gitt frå seg industrien, vil byen framleis vera massemedialt sentrum og hovudsete for det vi kan kalla det sportsindustrielle komplekset. Her kan vi sjå for oss rike muligheter og sikre arbeidsplassar over heile landet, når oljealderen går mot slutten. Det nasjonale slagordet GULL TIL NORGE! gjeld ikkje berre det svarte gullet under havbotnen på kontinentalsokkelen, men også gullmedaljane frå meisterskapa i det kvite skisporet. Med håp om gull

i sporet har private fjernsynsselskap dei siste tiåra overtatt senderettane til store sportsarrangement. Det har endra livet på tribunane. Tilskodarane er ikkje lenger berre den kyndige observerande kollektive fornuft, men eit avgjerande element i TVdramaturgien. Dei dyraste plassane ved målområdet blir kjøpte opp av firma og enkeltpersonar frå næringslivet, men ingen sofaslitar famlar etter fjernkontrollen for å sjå Kjell Inge Røkke i boblejakke og Stein Erik Hagen i lodenfrakk og tyrolerhatt. Utan folkelivet langs løypene er TV-overførte sportsarrangement like engasjerande som skjematiske framstillingar av samansmeltinga mellom egg- og sædceller. Heiagjengane rundt arenaene er vikarierande tilskodarar og gjer det dei trur verkelege publikum ville gjort, om dei sto langs løypene. Kommersielle TV-kanalar elskar velkledde, friske, blonde, hujande norske kvinner og menn langs skiløypene og i hoppbakkane, det gir høge sjåartal og reklameinntekter. Under slagordet Gull til Norge! er det rike muligheter for omskolering og vidareutdanning av overtallige oljearbeidarar. Høgskulane rundt i landet har ennå ikkje oppretta tilskoding som eiga studieretning, men behovet for eit profesjonalisert publikum blir ein nødvendig konsekvens av den televiserte showsporten. Magistergradar i tilskodarvitskap, særemne om OL-floka, under spesialpensum i skiskyting frå den nye tilskodarhøgskulen på Beitostølen, med feiande titlar som Frå første ligg til siste stå, eller var det tvert om Frå første stå til siste ligg, kvalifiserer for høge komunikasjonsembete i statleg og privat sektor. Særleg framtidsretta blir denne utdanninga, når politikaren i dag blir ein figur som lirer av seg meir og meir upolitiske bodskapar, klekka ut av profesjonelle retorikarar. Bak kvar stortingsrepresentant ein personleg rådgivar, bak kvar statsekretær ein upersonleg taleskrivar, bak kvar statsråd ein spindoktor med, bak kvar partileiar ein tenketank med tenketanter, bak kvart politisk parti eit reklamebyrå. Politiske bodskapar har blitt kommersiell kommunikasjon, og siste skanse for særinteresser er eit Overhus til Stortinget med band både til dei folkevalde, til regjeringa, det diplomatiske korps, til media og til kongehuset. Partnarane kallar seg First og Last House og utgjer samla ei klasebombe mot demokratiet. Om ikkje i media og i sportsindustrien, så har både olje- og gassverksemda, metallsmeltinga og oppdrettsnæringa tyngdepunktet sitt på Vestlandet. Ikkje mange er sysselsette i oppdrettsnæringa,

berre vel 5000 personar, men ringverknadene er store. Det meste av fisken går med kjøletrailerar til Europa, tidlegare til Russland, og mange mindre spedisjonsfirma med langvarige kjørekontraktar lever godt på denne trafikken. I den avindustrialiserte hovudstaden er det mange i silkedress som blir fortørna, når det blir opna ein ny tunnel eller bygd ei ny bru til ei øy i havgapet med 50 innbyggarar. Poenget er at brua og tunellen ikkje går ut til dei femti menneska på øya, men til dei 50 millionar fiskane som søm rundt i mærane og i sjøen omkring. På 1850-talet blei ikkje hovudbanen frå Eidsvoll til Christiania opna for å frakta romerikingar, men plank til byen. På same vis dreiar tunnel- og brubygginga langs tynt busette kyststrøk i dag seg ikkje om transport av flyttelasset til byen, men av oppdrettsfisk og anna ut til dei store marknadene. Alternativet er at torsk fiska i Barentshavet utanfor Finnmark straks blir djupfryst og send tur-retur Kina for opptining, filetering og pakking. Siste reis for fisken i havet er som båtpassasjer på havet. Etter denne verdsomseilinga dukkar den foredla torsken opp i frysedisken på samvirkelaget ved sida av det nedlagde fiskemottaket i Vardø. Ikkje linefiske, men Linje-torsk, som i Linje-akevitt. I dette innlegget har eg prøvd å bora i djupe lag, og funne gull både i frysediskane, i skisporet og under havbotnen på kontinentalsokkelen. Ut frå prøveboringa eg har utført, tyder alt på at det er det svarte gullet som er hovuddrivkrafta bak det nye Norge. Kva er så grunnen, kva er grunnen til den eventyrlege lønsemda i petroleumssektoren? Kostnadene ved utvinning utgjer berre ein ubetydeleg del av den prisen oljen og gassen blir seld for. Mellom bedrifter som produserer vanlege tenester, gjer konkurransen at prisen blir pressa ned mot produksjonskostnadene. I utvinningssektoren ser det ikkje ut til at det finst ein tilsvarande mekanisme. Oljen og gassen under havbotnen er ikkje produsert, det er ein gitt ressurs underlagt eigedomsretten til jord. Det finst ikkje fri tilgang på grunnstykke med olje og gass, slik det gjer til spinnemaskinar og dreiebenkar, som er tilgjengelege på marknaden i uavgrensa mengder. Oljeselskapa er skjerma frå konkurransen dette skaper, noko som pressar prisen ned mot utvinningskostnadene. Etterspørselen etter olje og gass er enorm, desse energikjeldene er heilt avgjerande for samferdsel, industri, tenesteytande næringar og hushaldningane. Olje og gass er uunverlege produksjonsmiddel, moderne samfunnsliv kan ennå ikkje eksistera utan desse

energiberarane. Olje er dessutan ei strategisk vare, det er ikkje mulig å føra krig utan drivstoff til skip, fly, kjøretøy og rakettar. Gjennom oljeprisen tileignar oljeselskapa seg verdiar som er skapte i industri, tenesteyting og anna næringsverksemd. Før 1973 kunne dei sikra seg så å seia heile denne ekstraprofitten, eller grunnrenta, frå petroleumsutvinning i Midtausten. I Norge må selskap dela grunnrenta med staten. Dette skjer gjennom skattar, avgifter, Statoil og det direkte økonomiske eigarskapet til staten. I si tid blei Statoil oppretta for å danna motvekt til dei internasjonale oljekonserna. Norske politikarar har sidan medvirka til å gjera Statoil til eit selskap av det slaget styresmaktene helst ikkje ville ha inn på norsk sokkel i 1965. Oljepengane og pensjonsfondet blir ikkje forvalta etter ein meir eller mindre uttalt avtale med dei som har skapt rikdommen, om at desse verdiane også skal komma dei til gode. Heller ikkje på eit uforpliktande ideologisk plan har norske politikarar uttalt noko som kunne vore tolka i retning av at det var ein fordel om resten av verda også kunna nyta godt av denne rikdommen. Det har aldri vore meininga at desse verdiane skulle komma dei som har skapt dei, til gode. Monopolprisane på energivarer hemmar dessutan vekst og utvikling, skaper fattigdom og elende andre stader, dei produserer ulikskap. Av alle desse grunnane er det vanskeleg å argumentera for at denne rikdommen er rettferdig. Både rettferd og likskap har vore honnørord i norsk politikk. Likevel har ingen norske parti invitert til ordskifte om legitimiteten til oljerikdommen. Pressa drøftar ikkje om det er rettvist at verdiar som ikkje berre, men i hovudsak er skapt i andre land, skal tårna seg opp i Norge. Moralfilosofar, sosiologar, historikarar, økonomar eller teologar har heller ikkje reist slike spørsmål. Norges Bank har oppretta eit etisk råd som skal passa på at rikdommen blir investert på ein moralsk forsvarleg måte. Ingen institusjon har oppretta eit utval for å vurdera den moralske legitimiteten til oljerikdommen. I skrivande stund i juli 2015 låg den norske oljeformuen og vakte på rundt på 7 tusen 100 milliardar norske kroner. Til samanlikning er den greske statsgjelda ved utgangen av tredje kvartal i år på lusne 315 milliarder, euro, valutaen som erstatta drakmene Platon og Aristoteles betalte med, når dei kjøpte eit glas retsina for to-tre tusen år sidan. Halvparten av denne gjelda er påtvungne militære utgifter gjennom NATO, der Norge er eit aktivt medlem. I forhandlingane har Troikaen lagt ned strengt forbod mot at

Hellas reduserer statsutgiftene ved å få ned forsvarsbudsjettet, trass i landet har fått innføra euroen som eit uslåeleg sosialt masseøydeleggingsvåpen. Eg seier ikkje meir. Eg sluttar der, med ein tankestrek - Den som snakkar for lenge, kjem, som kjent, ofte til kort. Kjartan Fløgstad 2015 Delar av foredraget bygger på historieboka Dovre faller. Norge 1814-2014 av Espen Søbye, Harald Berntsen, Kjartan Fløgstad og Jon Langdal, Gyldendal norsk Forlag, Oslo 2014.