Fv 107 Jondalstunnelen. Massedeponi i Nordrepollen. Framlegg til planprogram. Øyresdalen i Nordrepollen, Kvinnherad kommune. November 2009
FORORD. I samband med bygging av Jondalstunnelen skal det utarbeidast reguleringsplan for permanent massedeponi i Øyresdalen, Nordrepollen i Kvinnherad kommune. Tiltaket vert behandla etter Plan- og bygningslova. Formålet med deponiet er å ta vare på desse steinressursane. Ved å ikkje deponera massane i Maurangerfjorden, kan ein spara om lag 18-20 mill. kroner som kan nyttast som delfinansiering av eit betre vegalternativ som tilkomstveg til Jondalstunnelen på Torsnes i Jondal kommune. Kvinnherad kommune er ansvarleg planstyresmakt for planarbeidet. For utgreiingskrava vil ein fylgja 4-1 i Plan- og bygningslova. Området der ein skal etablera dette massedeponiet vart konsekvensutgreidd som del av arbeidet med vegplanen for fv 107 Jondalstunnelprosjektet i 2002/2003. Statens vegvesen meiner at området ikkje treng registrerast på nytt og ut frå dei registreringane som vart gjort i 2002/2003, er det ikkje konflikt med nokon deltema innafor kategorien ikkje prissette konsekvensar. Dei registreringane som vart gjorte i eller i nærleiken av området til foreslått massedeponi er: Sti som går på sørsida av Øyreselva frå fv 51 til stølar aust for planområdet. Stølar aust for planområdet som er nyleg restaurerte. Ny bru over Øyreselva frå desse stølane og som er del av sti mot anleggsveg til fjellet på nordsida av Øyreselva. Hovudfokus for dette deponiet vert: Sikre trygg avrenning frå deponiet mot Øyreselva. Sikre at gamal sti til stølar vert oppretthalde. Sikre god utforming av deponiet slik at det fell best mogeleg inn i landskapet. I tråd med Plan- og bygningslova 4-1 og 12 blir planprogrammet lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 7. desember 2009 til 18. januar 2010. Planprogrammet er lagt ut på kommunehuset i Rosendal. Planprogrammet er tilgjengeleg på www.vegvesen.no under offentlege høyringar og på Kvinnherad kommune sine internettsider. Merknader til planprogram og til varsel om planoppstart skal sendast til: Statens vegvesen Region vest Askedalen 4, 6863 Leikanger Frist for å koma med merknader til planprogrammet er sett til 18. januar 2010. I høyringsperioden kan spørsmål om planprogrammet rettast til: Statens vegvesen, Roald Sletten, tlf 55516409 / 91847676, roald.sletten@vegvesen.no. 2
INNHALD. Forord... side 2 Innleiing... side 4 Bakgrunn for prosjektet. side 4 Framdrift og planprosess. side 6 Rammer og føringar. side 7 Grunnlag, tidlegare planprosess side 7 Kommuneplan for Kvinnherad. side 7 Standard og dimensjoneringsføresetnader. side 7 Planområde side 8 Skildring av problemstillingar side 9 Skildring av planområde side 9 Kulturmiljø.. side 9 Landskap.. side11 Nærmiljø og friluftsliv side12 Landbruk... side13 Naturmiljø side13 Tiltaket side 14 Aktuelle løysingar.. side 14 Planprogram for konsekvensutgreiing. side 16 Skildring av tiltaket.. side 16 Planforslaget side 16 Samfunnsøkonomisk analyse.. side 16 Ikkje prissette konsekvensar.. side 16 Prissette konsekvensar... side 18 Samanstilling av samfunnsøkonomisk analyse.... side 19 Lokal og regional utvikling... side 19 Tilråding. side 19 Miljøoppfølgingsprogram. side 19 3
INNLEIING. Bakgrunn for prosjektet. I samband med at Jondalstunnelen skal byggjast har ein sett på ulike måtar å disponera overskotsmassane på Kvinnheradsida. Opphavleg ynskte ein å lagra alle overskotmassane i Øyresdalen. Dette forslaget gjekk Fylkesmannen si Miljøvernavdeling i mot. Via forhandlingar fekk ein løyve til å lagra om lag 90.000 tam 3 i eit midlertidig deponi i Øyresdalen. Desse 90.000 m 3 er det masseunderskotet ein har når ein skal byggja ferdig fv 107 mellom Austrepollen og Nordrepollen i eit seinare byggesteg. Resten av masseoverskotet har ein fått løyve å deponera i Maurangerfjorden. Fotoillustrasjon av massedeponi i Øyresdalen. Massedeponiet er tilpassa alternativ S9 og ved val av alternativ S6, må forma på deponiet tilpassas linjeføringa for S6. 4
Meirkostnadene med å deponera massane i Maurangerfjorden i staden for i eit landbasert deponi i nærleiken av tunnelpåhogget i Øyresdalen, er prissett til om lag 18-20 mill. kroner i entreprenør Kruse Smith AS si totalentreprise. Føresetnaden for at ein startar dette arbeidet med eit permanent massedeponi i Øyresdalen, er at denne innsparinga skal vera med på å delfinansiera ei betre løysing for tilkomstvegen til Jondalstunnelen på Torsnes i Jondal kommune. 5
FRAMDRIFT OG PLANPROSESS. Det er lagt opp til følgjande planprosess: Aktivitet Ca tidsplan Planprogrammet, saman med varsel om planoppstart, sendt ut på høyring. Desember 2009/januar 2010. Ope møte i Nordrepollen Januar 2010 Vurdering av innkomne merknader til planprogrammet. Februar 2010 Vedtak av endeleg planprogram Mars 2010 Utføre planlegging November 2009 - Mars 2010 Reguleringsplan blir lagt ut på høyring April - mai 2010 Vurdering av innkomne merknader og saksførebuing for planutval Juni 2010 Vedtak av reguleringsplan i Kvinnherad kommune September 2010 6
RAMMER OG FØRINGAR. Grunnlag, tidlegare planprosess. Ved rullering av kommuneplan i 2003 i Kvinnherad vart det sett av areal til eit massedeponi i Øyresdalen i tilknyting til Jondalstunnelprosjektet. Dette vart det varsla motsegn mot og massedeponiet vart tatt ut av kommuneplanen. Som ein del av reguleringsplanarbeidet for fv 107 Jondalstunnelen vart det og tatt med permanent deponi nederst i Øyresdalen. Dette deponiet varsla Fylkesmannen si Miljøvernavdeling motsegn mot. Etter forhandlingar mellom Miljøvernavdelinga, Kvinnherad kommune og Statens vegvesen kom ein fram til eit kompromiss om at deponiet var midlertidig og skulle ikkje romma meir enn 90.000 m 3. Dette er det masseunderskotet ein har på strekninga mellom Austrepollen og Nordrepollen når ein skal byggja vegen ferdig i eit seinare byggesteg. Resten av masseoverskotet skulle deponerast i Maurangerfjorden. Kommuneplan for Kvinnherad Kommuneplan for Kvinnherad har ikkje føringar som er i konflikt med måla for dette prosjektet. Standard og dimensjoneringsføresetnader. Alle Statens vegvesen sine handbøker som berører dette tiltaket skal leggjast til grunn for arbeidet. 7
PLANOMRÅDE. Planområdet ligg i Nordrepollen innerst i Maurangerfjorden i Kvinnherad kommune. 8
Skildring av problemstillingar. Avrenning av drensvatn til Øyreselva og verknader for fiskebestand i elva. Inngrepet i landskapet. Verdisetting av landskapet. Natursti gjennom området Eventuelle verknader for tilstøytande område, t.d. tidlegare geitestøl. Restaurert geitestøl Skildring av planområde. Kulturmiljø. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i 2003. Potensiale for funn av automatisk freda kulturminne er vist på neste side. 9
10
Landskap. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i 2003. I 2003 var det ikkje planlagt eller utført inngrep i landskapet i Nordrepollen bortsett frå kraftutbygginga av Øyreselva i slutten av 1960-åra.. I 2009 har dette endra seg. Det føreligg reguleringsplan for bygging av Jondalstunnelen med tilkomstvegar, alternativ S6 og tilhøyrande anlegg, slik at området i Nordrepollen vil no bli vekta annarleis og mykje lik verdsettinga i Austrepollen. I tillegg til vedtatt reguleringsplan for veganlegget, er det i 1960-åra gjort store inngrep i vassføringa i Øyreselva. Verdisettinga av landskapet i Austrepollen vart verdsett som liten verdi grunna alle dei inngrepa kraftutbygginga og vegbygginga i området hadde gjort. 11
Figur som viser korleis landskapet vart vekta i 2002/2003 Nærmiljø og friluftsliv. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i 2003. Dette massedeponiet kjem i konflikt med natursti på sørsida av Øyreselva. Denne stien går vidare opp langs sørsida av elva til stien fell saman med anleggsveg opp til fjellet. Ved geitastølen er det bygd ei ny over Øyreselva. Denne stien vil bli ført gjennom deponiet slik at stien vert oppretthalde. Ny bru over Øyreselva ved geitastølen. 12
Landbruk. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i 2003. Naturmiljø. Utgreidd ved konsekvensutgreiing av Jondalstunnelen i 2003. Vi har tatt med konsekvensutgreiinga for alternativ S6 då dette avsnittet og omtalar området på sørsida av Øyreselva. Traséalternativet S6. Verdisetting: Areala som vert berørte av S6 er prega av ulike typar kulturmark ved garden Køylo. Sjølv om området isolert sett ikkje er spesielt stort, er det her ein stor variasjonsrikdom når det gjeld ulike element i kulturlandskapet. Heilskapen er derfor god og gjev området stor verdi. Gråorskogen er kulturpåverka, men delar har fått vekse seg økologisk moden og ber preg av gamal lauvskog. Kulturlandskapet ved Køylo er og ein del av eit større, samanhengjande kulturlandskap i Nordrepollen, så verdiane knytt til areal påverka av S6 kan ikkje sjåast isolert. Kulturlandskapet ved Køylo har stor verdi, knytt til kriteria kontinuitet, mangfold, særpreg, status inngrep og påverknad. Landskapet vidare, over Øyreselva, har isolert sett ikkje same verdiane, men er og ein del av det store heilskapelege kulturlandskapet. Samla verdi for korridoren knytt til S6 er derfor vurdert til stor verdi (nivå 3). Konsekvensar: Omfanget av dette inngrepet kan setjast til lite til middels ettersom ny veg stort sett vil følgje langs dagens veg. Verdiane i kulturlandskapet ved Køylo er vurdert til å vere store og delområdet høyrer med i det samla kulturlandskapet i Nordrepollen. Omfang og verdsetjing gjev som resultat at framføring av ny riksveg etter S6 forbi Køylo vil ha middels negativ konsekvens (nivå -2).
TILTAKET. Aktuelle løysingar. Deponiet bør liggja tettast opp mot tunnelpåhogget. Ei løysing er å plassera deponiet på elvedelta mellom Øyreselva og ny vegtrasé, det vil seia på same området som er regulert til massedeponi og ein har løyve å deponera 90.000 m 3. Dette området er lite og med ei grunnflate på om lag 10.000 m 2 (200m x 50 m). Det ville medføra ei høgde på over 40 meter på deponiet og dette området er dermed for lite som deponi. Dessutan er dette området meir eksponert enn område på sørsida av Øyreselva. Dette området er eit område som er foreslått som deponiområde frå innbyggjarane i bygda. Begge områda er eigd av Statskraft. 14
Førebels plankart med deponi og tilkomstveg innteikna. Førebels lengdeprofil. 15
PLANPROGRAM FOR KONSEKVENSUTGREIING. Statens vegvesen si handbok 0140 Konsekvensanalysar skal nyttast i konsekvensanalysen både for metodikk og presentasjon av konsekvensar. For alle utgreiingsalternativ skal det nyttast ein analyseperiode på 25 år. Statens vegvesen har som målsetting å gje god informasjon om planarbeidet slik at alle partar har god innsikt i prosessen og føreslegne løysingar og konsekvensar av desse. Slik informasjon vil først og fremst bli gitt gjennom folkemøte og andre møte med politikarar og spesielt interesserte. I tillegg er det oppretta ei internettside om prosjektet der viktig informasjon og dokument blir lagt ut. Lokalavisene vert nytta til annonsering. Informasjon om prosjektet finn ein på www.vegvesen.no under offentlege høyringar og vegprosjekt. Det vil bli arrangert opne folkemøte i høyringsperioden. Skildring av tiltaket. Planforslaget. Det skal visast eit permanent massedeponi på inntil 500.000 tam 3 og anleggsveg fram til deponiet. Deponiet skal visa eventuelle tiltak mot avrenning frå deponiet mot Øyreselva. Samfunnsøkonomisk analyse. Vert ikkje utgreidd. Ikkje prissette konsekvensar. Vert ikkje utreidd. Landskapsbilde. Den visuelle verknaden av tiltaket må utgreiast. Det skal utarbeidast realistiske illustrasjonar som viser tiltaket sin innverknad på området. God formgjeving av massedeponiet er avgjerande for eit godt resultat. 16
Naturressursar. Tema skal ikkje utgreiast ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/2003.. Nærmiljø og friluftsliv. Tema skal ikkje utgreiast ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/2003. Tursti i området vert sikra gjennom reguleringsføresegner. Natursti på sørsida av Øyreselva 17
Naturmiljø. Arbeidet skal basere seg på registreringar av biologisk mangfald. Konsekvensar for Øyreselva, t.d. avrenning må utgreiast. Øyreselva ovanfor ny bru til geitestølane. Eldre nedlagt kraftverk i bakgrunnen. Kulturmiljø. Tema skal ikkje utgreiast ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/2003. Prissette konsekvensar. Skal ikkje utgreiast. 18
SAMANSTILLING AV SAMFUNNSØKONOMISK ANALYSE Vert ikkje utgreidd. LOKAL OG REGIONAL UTVIKLING. Tema vert ikkje utgreidd ut over dei registreringane som vart gjort i 2002/2003.. TILRÅDING På grunnlag av det som er kome fram vil Statens vegvesen som tiltakshavar kome med si tilråding for val av alternativ. Tilrådinga skal grunngjevast. Dei krav som vert sett til deponiet og utforminga av dette, vert innarbeidd i reguleringsføresetnadene for reguleringsplanen. MILJØOPPFØLGINGSPROGRAM I gjennomføringsfasen skal det utarbeidast eit miljøoppfølgingsprogram (MOP). Dette skal i detalj gjera greie for registreringar, tiltak og oppfølging som skal gjennomførast i byggefasen og eventuelt ei tid etterpå, for å unngå skade på og ulemper for natur og miljø. 19