^ HØGSKULEN I VOLDA Boks Soo I 6,m Volda i NorHa, I T'70 07 50 00 I F:70 0750 51 ^ I E:Ømottak(dhiØlda.no ^ www.hivolda.no ^ Strategiplan for FoU Revidert FoU-plan for perioden 2008-2012 FoU ved HVO - mål, faglege satsingsområde, kompetanseutvikling og tiltak 1
INNLEIING Arbeidet med strategiplan for FoU for perioden 2008 til 2011 er organisert som ei rullering av planen for perioden 2004 til 2007. Hausten 2007 og vinteren 2008 har avdelingane arbeidd med sin FoU-strategi for perioden 2008 til 2011. Desse blei presentert på eit sams seminar den 29. februar. På dette grunnlaget har FoU-utvalet utarbeidd dette forslaget til styrehandsaminga 24. april 2008. HVO vart frå 1. Januar 2008 medeigar i Møreforsking AS og etter aksjonæravtalen som er inngått mellom høgskulane og dei øvrige aksjonærane skal Møreforsking fungere "som høgskulane sin hovudreiskap for handtering av eksternt finansiert forsking". Det er vidare inngått eigen samarbeidsavtale mellom RVO og Møreforsking AS om korleis operativt forskings- og prosjektsamarbeid skal gjennomførast. Møreforsking AS har delteke i utviklinga av ny FOU-strategi. 1. Visjon for HVO HVO skal drive forsking og utviklingsarbeid med høg kvalitet som blir formidla nasjonalt og internasjonalt. FoU-arbeidet skal gi utdanningstilboda eit solid fagleg grunnlag og fagmiljøa eit godt omdøme. 2. Utfordringar Tydelegare profilering av forskingsverksemda: konsentrasjon av FoU-ressursar på utvalde område i utvalde periodar Betre forskingsleiing på operativt nivå: arbeide fram gode prosjektsøknader, drive kollegarettleiing og interne forskingsseminar Betre gjennomstrøyming av doktorgradskandidatar Generasjonsskifte - rekruttering av nye fagtilsette på toppnivå Kontinuerleg kompetanseheving på alle nivå Utnytte eigarskapet til og samarbeidet med Møreforsking til å utvikle felles forskingssatsingar 3. Overordna mål HVO skal utvikle spisskompetanse på dei områda der vi harlskal utvikle mastergrader og doktorgrader HVO skal styrkje forsking i og for praksisfelta i profesjonsutdanningane HVO har eit spesielt ansvar for utvikling av nynorsk språk og kultur HVO skal utvikle FoU-verksemd som er relevant for ogleller relatert til det regionale arbeidslivet HVO skal samarbeide aktivt med Møreforsking om gjensidig utvikling av FoUverksemda Alle tilsette med FoU-ressurs er FoU-aktive og publiserer/formidlar resultata av arbeida sine HVO skal leggje til rette for at studentar, særleg masterstudentar, får delta aktivt i FoU-verksemd og far kontakt med forskingsmiljøa både på høgskulen og Møreforsking 2
4. Resultatmål i planperioden Alle tilsette med FoU-ressurs har i perioden delteke med paper på konferansar og/eller publisert ein artikkel i vitskapleg tidskrift. Til dette høyrer også kunstnariske bidrag og utviklingsarbeid på tilsvarande nivå. Minst '/a av dei som har planlagt å fullføre doktorgrad med støtte frå HVO i perioden har fullført RVO skal vere blant dei fem beste i høgskulegruppa pr. fagleg tilsett når det gjeld publikasjonspoeng HVO samarbeider med andre om minst to forskarskular/doktorgradsprogram og minst to masterutdanningar Minst 50% av alle fagtilsette (stipendiatar ikkje medrekna) har førstekompetanse Minst seks masterutdanningar er akkrediterte og det er mange felles emne i desse. Masterstudentar er aktive i forskingsprogram og -prosjekt ved HVO og Møreforsking. HVO samarbeider med Møreforsking om å utvikle og realisere ein internasjonal strategi for FoU-verksemda og miljøet skal delta i minst to internasjonale prosjekt. 5. Strategiske arbeidsmåtar 1. Høgskulen i Volda vil satse sterkare på programorganisering av forskarutdanning og forsking innan utvalde felt - fleire forskarar og stipendiatar innanfor organiserte program med kompetent leiing og rettleiing. Vidare satsing på forskingsprogram for stipendiatar, førstelektorkandidatar m.m. - gjerne i samarbeid med Møreforsking og andre (sams forskarskular, doktorgradsprogram m.m.). Program kan både vere organisert med klar start og slutt (prosjekt), eller som kontinuerleg verksemd der HVO har permanente behov. Formålet med slike program er systematisk kompetanseheving og rekruttering - til topp-, første- og rekrutteringsstillingar og systematisk kunnskapsutvikling. 2. Fellesnivået har strategisk ansvar for forskinga ved HVO og avdelingsovergripande kvalifiserings- og forskingsprogram, avdelingane har ansvar for program og prosjekt som er knytt til bestemte utdanningar eller fag. Kvart av programma bør tilknytast eigne relevante forskarskular om dette er mogleg. Like eins skal programma ha eigen høgt kvalifisert programleiar og eigne rettleiarar t.d. som professor 11-stillingar ogleller eigne toppforskarar. Programma skal samordnast med arbeidsplanane til aktuelle tilsette. 3. HVO vil i samarbeid med Møreforsking og andre satse systematisk på kompetanseheving og rekruttering av tilsette ved betre tilrettelegging av FoUverksemd og kalling til strategiske posisjonar. HVO skal aktivt rekruttere stipendiatar til sentrale fagområde ved høgskulen og ha eit system for å fange opp interesserte og lovande kandidatar. 4. Stipendiatar skal følgjast opp slik det går fram av regelverk for stipendiatar: http://www.hivolda.no/index.php?id=13 831 5. Arbeidsplanane til vitskapleg tilsette skal brukast målretta til å gjere alle aktive i forskings- og formidlingsarbeid, til å omfordele FoU-ressursar til felles og 3
avdelingsvise program og prosjekt og til kollegarettleiing og forskingsleiing på operativt nivå 6. Alle som får tildelt FoU-ressurs skal dokumentere korleis denne ressursen er nytta, hovudsakleg i form av publikasjonar, foredrag eller kunstnarlege produkt. Vidare skal dei i årleg samtale med dekan eller den ho utpeikar, gjennomgå oppnådde resultat og setje nye mål for FoU-arbeidet 7. Planlagt bruk av satsingsmidlar og FoU-ressursar for å stimulere etablering av forpliktande og krevjande faglege nettverk mellom fagmiljø ved høgskulen og eksterne forskingsmiljø - Møreforsking, nasjonale og internasjonale fagmiljø 8. Tett samarbeid med profesjonsutøvarar, offentlege og private institusjonar for utvikling av samfunns- og profesjonsretta forskings- og utviklingsprogram 9. Leggje til rette for at tilsette i samarbeid med Møreforsking kan initiere, leie eller delta i operative forskingsprosjekt på oppdrag frå eksterne oppdragsgjevarar 10. Utvikle nettverk, forskingsseminar og andre fellesarenaer innan dei prioriterte programområda som samlar eigne tilsette, masterstudentar, Møreforsking og andre samarbeidspartnarar 6. Tiltak på fellesnivå Forskingsprogram for stipendiatar og andre doktorgradskandidatar: o 12008 skal HVO etablere eit eige program i fagdidaktisk forsking som organiserer minst 5 eigne stipendiatar og i tillegg andre stipendiatar og tilsette. Innan utgangen av 2011 skal minst 5 tilknytt programmet ha levert avhandling for vurdering til doktorgrad. Programmet skal evaluerast i 2012. o 12008 skal HVO planlegge og i 2009 starte eit eige program innanfor området samfunnsarbeid, velferdsforsking og profesjonsforsking med spesielt fokus på profesjonsetikk og med minst 5 eigne stipendiatar og i tillegg andre stipendiatar og tilsette. Programmet skal evaluerast i 2013. o På bakgrunn av erfaringane med desse programma, og ut frå sentrale utdanningspolitiske føringar, vil HVO vurdere å setje i gang liknande program på andre fagområde, t.d. innanfor media, kultur- og humanistisk forsking. HVO vil i perioden arbeide for etablering av og medeigarskap i minst to forskarskular/doktorgradsprogram, om mogleg knytt til våre forskingsprogram for stipendiatar. 12008 starta forstelektorkurset HVO har ansvar for i Vestnorsk nettverk med deltakarar frå 4 høgskular. Tilbodet skal evaluerast og vidareførast ved behov, og HVO etablerer eit eige førstelektorprogram for rettleiing og hjelp til karriereplanlegging, skriving, publisering, dokumentering m.m. til eigne deltakarar. Innan utgangen av 2011 skal minst 20 deltakarar i programmet oppnå opprykk til førstelektor. 12008 skal HVO take initiativ til eiga forskarleiaropplæring i regi av Vestnorsk nettverk, Møreforsking eller andre samarbeidspartar. HVO skal framleis ha ein intern fordelingsmodell som stimulerer til auka FoUproduksjon ved å føre insentiva vidare ned i organisasjonen. Modellen skal 4
vidareutviklast i planperioden. 7. Strategiar og tiltak på avdelingsnivå Med grunnlag i den overordna FoU-strategien til HVO skal avdelingane innan utgangen av 2008 foreslå for styret: 1. Strategiske satsingsområde på avdelingsnivå, spesielt knytt til mastergradar og eventuelle doktorgradar avdelinga/hvo vil prioritere i perioden 2. Tiltak spesielt tilpassa avdelinga sine behov 3. Tiltak som kan stimulere til at fleire mastergradsstudentar får høve til delta i forskingsprosj ekt, forskargrupper og utviklingsarbeid i regi av HVO eller Møreforsking 5