ÅRSMELDING 2013 HUSFLIDSKONSULENTEN I SOGN OG FJORDANE



Like dokumenter
ÅRSMELDING

HUSFLIDSKONSULENTEN i ØSTFOLD ÅRSMELDING 2013

ÅRSMELDING 2014 Husflidskonsulenten i Finnmark

DIS- Sogn og Fjordane

ÅRSMELDING 2014 HUSFLIDSKONSULENTEN I VEST-AGDER

Saman for framtida (Ref # )

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

ÅRSMELDING Lindebark lagt i en bekk for røyting.

Saman for framtida (Ref # )

Årsmelding Fylkesrådet for eldre i Sogn og Fjordane. Foto: Oskar Andersen

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

ÅRSMELDING Årsmelding 2012, Husflidskonsulenten i Møre og Romsdal

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

ÅRSMELDING Husflidskonsulenten i Finnmark. Sistiveaskut vesker av reinskinn. Bilde Mona Kemi

PROSJEKTPLAN. - TOPP - idrettsutvikling for ungdom år

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Rådgjevarkonferansen 2014 Gjennomføring i vidaregåande opplæring.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Organisasjonsbygging. Velkomne til Jakt- og Fiskesenteret på Flå 1. november Org.kontakt: Bjarne Huseklepp

Historikk. Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) Ca 45 SOFUL-lag 30 av desse eig bygg

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

ÅRSMELDING Drakter på utstillingen fra folkevandringstiden. Drakter fra

REFERAT STYREMØTE 5/2018

ARBEIDSPLAN

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Frå styremøte 5.september på Hotel Grand Majestic Plaza, Praha.

Dialogmøte med kommunane i Hafs

ÅRSMELDING 2015 HUSFLIDSKONSULENTEN I SOGN OG FJORDANE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Dialogmøte med kommunane i Sunnfjord

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Organisasjonskart, fylket. Innhold: Organisasjonskart, fylket. Strategisk plan, kjerneverdier. Arbeidsoppgaver: Fylkeslag.

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

NIURI EN INTERKULTURELL MØTE-OG KURSPLASS FOR KVINNER I INDRE SOGN.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Rådmannsutvalet Førde

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Utviklingsplan Bremnes Ungdomsskule

Stryn kommune 1

Handlingsplan (forslag vedtatt på årsmøte )

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Velkommen til. Årsmøte Førde Brukshundklubb

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

REFERAT STYREMØTE 4/2018

Steinsprang frå Lærdal. Kommunemøte om UKM

Sandeid skule SFO Årsplan

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

TRAINEE I SOGN OG FJORDANE

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Frå idé til fullfinansiert prosjekt Hyllestad 6. juni 2015

Hardanger Avdeling ÅRSMELDING NEGOTIA - HARDANGER AVD

Stemnehandboka for NKSF

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

VFL på Rommetveit skule.

Adresse: Terminalveien 12, 8006 BODØ (inngang Drag Industrier, 2. etasje) Telefon: Norges Husflidslag ca 24.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav L. Mjelva, Tove Leinslie, Thor Hauknes 3.

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

VEDTEKTER FOR TELEMARK KULTURNETTVERK

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Transkript:

ÅRSMELDING 2013 HUSFLIDSKONSULENTEN I SOGN OG FJORDANE

Innhald: Organisasjonskart, fylket s 2 sk plan, kjerneaktivitet s 3 Fylkeshusflidslaget styremøte etc s 4 Sunnfjord Museum og Sunde skule s 5 Inspirasjonsseminar for kulturhandverkar s 6 Ull og samarbeidsprosjekt s 7 Identitet idè i tet Konkurranse s 8 Raudlista Prosjekt for truga handverk s 9 VOFO og Studieforbundet kultur og tradisjon s 10 Form Farge Funksjon 3xF s 11 Ung Husflid barn og unge s 12 www.unghusflid.no s 13 Drift s 14 Sluttord s 15 Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane fylke er tilsett i 100 % stilling i Norges Husflidslag, med Ung Husflid og næring som hovudarbeidsfelt lokalt, regionalt og nasjonalt. Konsulenten er leiar i Sektor for næring, og har personalansvar for eit team med 5 tilsette. Sogn og Fjordane Fylkeskommune gir økonomisk tilskot til stillingen. Kontorstad er i region Nordfjord Adresse: Eidsgata 45, 6770 Nordfjordeid Telefon: 95 97 55 65 E-post: sognogfjordane@husflid.no 1

ORGANISASJONSKART FOR SOGN OG FJORDANE SOGN OG FJORDANE HUSFLIDSLAG 500 vaksne medlemmer og 189 born/unge = totalt 689 medlemmer Sekretær i 50 % stilling: Dagrun Ylvisåker Igelkjøn Leiar: Bente Lien Nestleiar: Marit Andersen Studieleiar: Åshild Dombestein Styremedlemmer: Marit Elvekrok og Sølvi E. Fimreite 1.vara: Oddlaug Fonn Skaar 17 LOKALLAG Aurland Husflidslag Leikanger Husflidslag Borgund Husflidslag Midtre Sunnfjord Husflidslag Davik og omegn Husflidslag Sogndal Husflidslag Eid Husflidslag Svelgen og omegn Husflidslag Florø Husflidslag Stryn Husflidslag Hyllestad og Høyanger Husflidslag Vik Husflidslag Kjerringa Husflidslag Ytre Gulen Husflidslag Luster Husflidslag Årdal Husflidslag Lærdal Husflidslag HUSFLIDHANDVERKARLAGET I SOGN OG FJORDANE 8 medlemmer Leiar: Aud Hjelle Kasserar: Anne Britt Lotsberg Husflidshandverkarane er ein eigen kategori medlemmer som har husflid/handverk som næring. Husflidshandverkarane søkjer medlemsskap ein gong pr. år gjennom juryering av ein nasjonal jury. HUSFLIDSUTSAL 36 utsal er medlemmer i Norges Husflidslag. Sogn og Fjordane Husflidslag er medeigar i Husfliden Bergen A/S. Aksjeeigarane er Hordaland- og Sogn og Fjordane Husflidslag med likt medeigarskap. Fleire husflidshandverkarar i fylket driv også med sal i lokale utsal som er ope heile året - eller i turistsesong. HUSFLIDSKONSULENTEN I SOGN OG FJORDANE EIDSGATA 45 6770 NORDFJORDEID - MOBIL: 95 97 55 65 E-post: sognogfjordane@husflid.no 2

sk plan 2011 2014 Visjon Virksomhetsidè Kjerneverdiar Kjerneaktivitet Vi former framtida Vi styrker dei levande husflidstradisjonane i Noreg kulturelt, sosialt og økonomisk Kvalitet, tradisjon, nærheit, skaparglede Husflidsfag og næring Opplæring, organisasjonsutvikling og kommunikasjon Hovudmål NH skal vere leiande aktør i Noreg innan: Handlingsboren kunnskap Kulturvern Næringshusflid Dette skal vi oppnå gjennom: Kjerneaktivitet: Husflidsfag Ta vare på og vidareutvikle kunnskapen om, og ferdigheitene innan tradisjonshandverk. Tilby fleire husflidsaktivitetar som gir skaparglede for barn og unge. Vidareutvikle nye husflidsprodukt i dagens formspråk. Ivareta det tradisjonelle formspråket. Næring Betre rammevilkåra for produsentar og salsledd. Auka kunnskap om kulturhandverk i befolkninga. Auka fokus på husflidsprodukt og oppleving knytt til produksjonen. Auka verdiskaping i produksjon og sal. 3

Kommunikasjon og organisasjonsutvikling Sørgje for godt internt samarbeid i organisasjonen mellom fylkeslag, konsulent, husflidshandverkarar og husflidsbutikk /tiltaka Fylkeshusflidslaget, årsmøte, styremøte Fylkeshusflidslaget, andre arrangement Beskriving av tiltaket/tiltaka Vere til stades og komme med innspel på alle styremøte, regionale samlingar og årsmøte i fylkeslaget. Hjelpe til med prosjekt, søknader og liknande. Godt samarbeid for gjennomføring av tiltak i arbeidsplanen. Husflidskonsulenten og Sogn og Fjordane Husflidslag. Styremøte og oppfølging 1., 2., 3. og 4. kvartal Resultat pr. 31.12.13 STYREMØTE Konsulenten har delteke på styremøte i fylkeslaget: 01. 02.02. / 15.04. / 27.05. / 02.09. ÅRSMØTE Årsmøtet vart halde i Skjerjehamn, Gulen, 8. 10. mars. I alt 34 personar deltok. Husflidskonsulenten hadde ansvar for ein del av programmet i samarbeid med fylkeslaget. REGIONALE SAMLINGAR Det vart halde vellukka samlingar i alle fogderia våre. I alt 27 deltakarar deltok i tillegg til husflidskonsulenten, som var ansvarleg for samlingane, og 1 representant frå fylkeslaget. Sunnfjord var først ut med samling i Førde 3. oktober og 6 tillitsvalde deltok. For Nordfjord var samlinga lagt til Eid 15. oktober - med 8 deltakarar. I Sogn gjekk arrangementet av stabelen i Sogndal 29. oktober og med 13 frammøtte. Tema for alle samlingane var organisasjonsnyhende og i hovudsak Rødlista handverksteknikkar. KURS Styret og husflidskonsulenten jobba mot og inviterte til Strikk og SPA på Alexandra i Loen 7. 9. februar 2014 med spennande og variert innhald. Dessverre måtte vi avlyse på grunn av for lita påmelding. Regional samling i Nordfjord - Foto: Synøve E. Vadøy - NH 4

: : Husflidsfag Kommunikasjon og opplæring Vere open for samarbeid med andre miljø utafor organisasjonen som skular, musea og slekta fagmiljø og organisasjonar Prosjekt i samarbeid med Sunnfjord Museum og Sunde skule Beskriving av tiltaket Gje elevane kunnskap om nærområdet og kulturhistoria vår gjennom praktisk arbeid med gamle handverksteknikkar. Skape meistringskjensle ved å leggje til rette for at elevane skal få vise fram kva dei kan - og vere stolte av det. Januar April 1 dag November 1 dag Desember 1 dag Desember 1 dag Samarbeidspartnarar Elevane skal lage enkle bruksformer i ulike materiale, og kunne gjere greie for samanheng mellom idè, val av materiale, handverksteknikkar, form, farge og funksjon. Planlegging i lag med Oddbjørg Hjelmeland, Sunnfjord Museum og Reidun Mork, Sunde skule. Spikke nøstepinne i rå materiale. Toving av sitjeunderlag og dekor med ulltråd. Besøk av redaktøren frå bladet Norsk Husflid Elevane skriv framlegg til ein presentasjon av Lag det sjølv til bladet Norsk Husflid. Sunnfjord Museum og Sunde skule Husflidskonsulenten har ansvar for planlegging og tilrettelegging av undervisninga i trearbeid og toving Resultat pr. 31.12.13 Planen er gjennomført i alle punkt. Det har vore eit nyttig og konstruktivt samarbeid til glede for alle. Prosjektet er presentert i Jul i Sunnfjord 2013 og Norsk Flid nr.1 2014. Samarbeidet vil halde fram neste skuleår. Foto. Reidun Mork Sunde skule 5

Næring Opplæring NH skal vere leiande aktør i Norge innan næringshusflid Inspirasjonsseminar for kulturhandverkarar i DogA Beskriving av tiltaket Arrangere inspirasjonsseminar med eksterne føredragshaldarar Stimulere til vidareutvikling innan kulturhandverket. Arrangere inspirasjonsseminar på Design og Arkitektursenteret, Oslo Arrangere konkurransen Identitet Idè i tet i 2013-2014 2013 - vår Planlegging av seminar. Budsjett og program. Kontrakt med DogA og føredragshaldarar 2013 vår / haust Invitasjon til aktuelle deltakarar 2013 haust Arrangere seminar på Dog A Oslo, 21.oktober Norges Husflidslag ved Sektor for næring Resultat pr.31.12.13: Husflidskonsulenten var leiar for seminaret med 42 deltakarar. Det var gode tilbakemeldingar i evalueringsskjema, og vi hadde dyktige føredragshaldarar: Lisbeth Larsen: Trendar Mari Lilleberre: Inspirasjon frå Almas Arv Mette Fagerli: Marknadsføring og profilering Lisbeth Larsen - Trendanalytikar - Mari Lilleberre - Produktdesignar og sølvsmed - Mette Fagerli - Siviløkonom og konsulent - 6

Næring Opplæring Utvikle eit eige verdiskapingsprogram for kulturhandverkarar Ta initiativ til samarbeidsprosjekt med startfokus: ULL Beskriving av tiltaket Norges Husflidslag tek med dette initiativ til eit samarbeid med aktuelle fagmiljø der målet er å drøfte behovet for - og målet med eit eventuelt verdiskapingsprogram med fokus på ull. Arbeide for bevisstgjering og heilskapstenking, som kan føre til langt betre driftsvilkår og resultat for ei samla ullnæring i Norge. Januar Planlegging i Sektor for næring og i administrasjonen Februar Direkte kontakt med sentrale personar og innkalling til samarbeidsmøte April Arrangere samarbeidsmøte 09.04. Haust 2013 Framhald av prosjektet Samarbeids - partnarar Ingun Grimstad Klepp, Norsk Institutt for forbruksforsking Ragnvald Svarstad, Gudbrandsdalen Uldvarefabrik Tony Barmann, Norelia Sissel Berntsen, Animalia Lars Erik Wallin, Norsk sau- og geitalslag Arnstein Digernes, Rauma Uldvarefabrik Tone Skårdal Tobiasson, Journalist Sektor næring og direktør Marit Jacobsen Resultat pr. 31.12.13. en er følgd og gjennomført. Alle interessegrupper er positive til å vere med i prosjektet. Landbruks- og Matdepartementet har i brev til Norges Husflidslag gjeve oss utfordringa til å jobbe vidare med dette. Oppsummering frå felles møte: Her ligg mange moglegheiter for å setje i gong små prøveprosjekt, og ta dette vidare. Vi er alle aktørar. Vi har ulike målgrupper å snakke til: Næringskomiteen, motebransjen, designarar, handverkarar, m.fl. Vi må få ei koordinering av nettverk og konkrete tiltak på bordet. Nokre tiltak kan realiserast raskt. Andre må vere i eit lenger perspektiv. Foto: Synøve E. Vadøy 7

Næring Opplæring NH skal vere leiande aktør i Norge innan næringshusflid Identitet; konkurranse for kulturhandverkarar Beskriving av tiltaket Arrangere konkurransen Identitet Idè i tet Stille ut produkt frå konkurransen på Landsmøte i Harstad 2014 Stimulere til vidareutvikling innan kulturhandverket. Fleire norske handverksprodukt i marknaden. 2013: vår 2013: haust Gå gjennom kriteria for konkurransen Utlyse konkurransen med tilbod om fagleg rettleiing undervegs 2014: Juryering og utstilling med premieutdeling juni 2014 2014: haust Legge ut resultat på www.husflid.no og www.madeinnorway.no Norges Husflidslag ved Sektor for næring Resultat pr.31.12.13: Vi har gjennomført framdriftsplana dette året. Det er 54 påmeldte, og ein er frå Sogn og Fjordane. Det er gjort avtale med 3 rettleiarar som er busette i Nordland, Sør Trøndelag og Oppland. Fleire av deltakarane nyttar tilbodet om rettleiing i designprosessen. Juryen er samansett av folk med solid kompetanse innanfor handverk og marknad. Husflidskonsulenten har ansvar for koordinering og oppfølging på alle plan. Foto: Kari Skadsem / NH Foto: Sissel B. Eriksen Skaar /NH 8

Husflidsfag Opplæring Ta vare på og vidareutvikle kunnskapen om og dugleik innan tradisjonshandverk Raudlista Beskriving av tiltaket Kva er ei raudliste? - Vi er kjend med omgrepet raudliste frå utrydningstruga fugl -, dyr - og planteartar. Norges Husflidslag vil gjere ein ekstra innsats for å ivareta teknikkar som står i fare for å bli gløymde. Samarbeidspartnarar - Lokallaga skal velje ein teknikk som var heimehøyrande på staden deira, som kanskje har vore viktig for lokalsamfunnet på ein eller annan måte, eller som i seg sjølv er sjeldan og med få utøvarar. - Val av teknikk skal dokumenterast med tekst og foto - Dugnaden skal munne ut i eit spennande og fargerikt hefte Mars: Informasjon til lokallaga i fylkeslaget sitt årsmøte April /mai: Praktisk oppfølging og rettleiing August: Lokallaga melder inn val av teknikk November /desember: Frist for innlevering av dokumentasjon Januar 2014: Korrektur og grafisk arbeid Februar 2014: Trykking av hefte Sogn og Fjordane Husflidslag og lokallaga Husflidskonsulenten Resultat pr. 31.12.13. 13 lokallag har gjeve melding om at dei vert med i prosjektet. Mange treng utsetting på innlevering, og ny frist er sett til 01.02.2014. Lokallaga har valt følgjande teknikkar: Nupereller, sprang, nålebinding, smettvev, pjoning, båtrya, seising av garnkule, garnbøting, tønnebøkring, lagging, neverfletting, kipe og rekonstruksjon av blålua. Fylkeslaget har søkt om midlar, og fått tilskot på kr.25.000 frå Sparebankstiftinga til prosjektet. Husflidskonsulenten og sekretæren i fylkeslaget har hatt godt samarbeid for å nå måla i prosjektet. Foto. Synøve E. Vadøy 9

Husflidsfag Opplæring Sikre gode rammevilkår for opplæringsverksemda gjennom engasjement i Studieforbundet kultur og tradisjon og VOFO - Styrkje studieforbunda sine rammevilkår - kommunikasjons- og informasjonsarbeid - felles møteplass for kursarrangørar Beskriving av tiltaka: Arbeide for å sikre tilskot til Vaksenopplæringsforbundet i Sogn og Fjordane, og vere synlege på arenaer der kurs og utdanning er tema. Arrangere kurs for styremedlemmer i studieforbunda i fylket. Vår 2013 Haust 2013 Samarbeidspartnarar Styrkje engasjement for vaksenopplæringa. Auke kursaktiviteten i Studieforbunda. Søknad om tilskot til Opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane Seminar for medlemmer i Studieforbunda med tema: Læring og utvikling for vaksne i fylket. Studieforbundet kultur og tradisjon, Senterpartiet Studieforbund, Studieforbundet Funkis, Studieforbundet Natur og Miljø, Idrettens Studieforbund, Musikkens Studieforbund, Studieforbundet Folkeuniversitetet. Vaksenopplæringsforbundet v/styret (VOFO) og tilsett regionkonsulent i 40% stilling, Britt Tjønneland. Resultat pr. 31.12.13 Husflidskonsulenten er styreleiar i VOFO og styremedlem i Studieforbundet kultur og tradisjon, og har gjennom dette arbeidd for å nå måla vi har sett oss: Vi arrangerte seminaret Læring og utvikling for vaksne i fylket - 26.oktober i Kunstmuseet i Førde. Program: God betre -best! Fylkeskommunen si strategiplan for opplæring v/ Norvall Nøringset Læring for vaksne korleis er situasjonen i dag? v/reidar Brandsberg, Fokleuniversitetet Kurs i søknadskriving v/ Pål Fidjestøl, Sparebankstiftinga Regionkonsulent Britt Tjønneland arbeider med Prosjekt 2012 2014, som er ei kartlegging av strukturen i medlemsorganisasjonane og kursaktivitetane. Styret er ansvarleg for oppfølging. Husflidskonsulenten har planlagt og leia alle styremøta i Vofo, årsmøte 20. april og seminar 26. oktober, og i tillegg representert S. og Fj. Husflidslag i styremøte i Studieforbundet kultur og tradisjon, og forbundet sitt årsmøte 20.juni. 10

Husflidsfag Opplæring Ta vare på og vidareutvikle kunnskapen om og dugleik innan tradisjonshandverk Lage arenaer for kunnskap, ferdigheter og skaparglede gjennom aktiviteter for lokallaga Beskriving av tiltaket Inspirere medlemmene i lokallaga til å jobbe med Form Farge Funksjon (3 x F) som er NH sitt satsingsområde fram t.o.m. 2014 Samarbeidspartnarar Besøke alle lokallag i Sogn og Fjordane i ein 3 års periode Januar: Sende ut informasjon Februar: Førebu program og praktisk gjennomføring Vår og haust: Besøke lokallag Sogn og Fjordane Husflidslag og lokallaga Husflidskonsulenten Resultat pr. 31.12.13. Har laga PowerPoint- føredrag med utgangspunkt i framlegg frå 3 x F-gruppa, og produkt med eksempel på fargebruk frå Itten sin fargeteori. Har gjennomført opplegg og føredrag i følgjande lokallag: Årdal Husflidslag 27.02. Stryn Husflidslag 03.04. Svelgen og omegn Husflidslag - 11.04. Davik og omegn Husflidslag - 24.10. Aurland Husflidslag 13.11. Florø Husflidslag 28.11. Foto: Annie Eikenes / NH 11

Husflidsfag Organisasjonsutvikling Tilby Ung Husflid aktivitet i alle lokallag Lage opplegg for bruk i Ung Husflid - klubbane Beskriving av tiltaket Norges Husflidslag har Ung Husflid som prioritert satsingsområde. Det er i dag registrert 1943 medlemmer i kategorien barn og unge på nasjonalt nivå. I Sogn og Fjordane har målsetjinga vore å få minst 140 medlemmer innan 2012. Vi har pr. i dag registrert totalt 189 UH- medlemmer! Motivere fleire lokallag til å starte opp med tilbod til barn og unge. Besøke flest moglege av barneklubbane i lokallaga vår og haust. Husflidskonsulenten. Resultat pr. 31.12.13. Konsulenten har førebudd og gjennomført praktisk opplegg for Ung Husflid i lokallaga 12 kveldar. Vi har arbeidd med spikking, tresløyd, metall, toving, broderi, vev og tekstil m.m. Det er faste aktivitetskveldar i følgjande lokallag: Aurland, Davik, Eid, Kjerringa, Luster, Midtre Sunnfjord, Stryn, Svelgen, og Vik. Foto. Synøve E. Vadøy 12

Husflidsfag Kommunikasjon og organisasjonsutvikling Sørgje for å nå fleire, nye interessegrupper ved å utvikle www.unghusflid.no og ta i bruk sosiale media Leggje ut nytt på www.unghusflid.no kvar veke Ta i bruk meir brukarvenleg webverktøy for administrator og lesarar Beskriving av tiltaket Det er stort behov for å utvikle unghusflid.no til ei aktiv webside, som har det innhaldet medlemmene forventar å finne. Lansering av ny webside for unghusflid.no i januar 2013, som er tilpassa iphone, ipad etc. Nyhende på websida kvar veke. Januar: Kurs i bruk av webverktøyet Vår og haust: Vere aktiv pådrivar for å få lokallaga til å sende inn stoff frå aktivitetane dei har i ung husflid. Leggje ut stoff kontinuerleg. Samarbeidspartnarar Elin Gilde Garvin barne- og ungdomskoordinator TRESS DESIGN Gunn Buverud Haugen Husflidskonsulenten og Elin G. Garvin Resultat pr. 31.12.13: en er gjennomført. Husflidskonsulenten deltok på kurs i bruk av det nye webverktøyet i Kristiansand 8. - 9.januar Stor glede over å ta i bruk det nye systemet! og mange positive tilbakemeldingar frå lokallaga og tilsette i Norges Husflidslag. Husflidskonsulenten i Sogn og Fjordane og Elin G. Garvin er administrator for websida, og har brukt mykje tid på oppfølging, tilrettelegging og publisering. 13

Drift: FELLES SAMLINGAR: Personalsamling Gardermoen 16. 19.04. og Sandvika 24. 25.09. FAGLEG UTVIKLING: Studietur til Helsinki i Finland 24. 27.september Nordisk vevsymposium i Trondheim 30.mai 1.juni SEKTOR FOR NÆRING: Husflidskonsulenten vart leiar for Sektor næring i NH frå 1.februar, og har personalansvar for eit team på 5 konsulentar. Vi har tlf. møte ca. annakvar veke og fysiske planleggingsmøte minst fem gongar pr. år. ANDRE OPPGÅVER: Styret i Norges Husflidslag Husflidskonsulenten er representant for dei tilsette i styret i Norges Husflidslag. Det har vore 5 styremøte i 2013. Leiargruppa i Norges Husflidslag Husflidskonsulenten er med i leiargruppa som vert administrert av direktør Marit Jacobsen. Det har vore 4 leiarmøte i 2013. Ung Husflid team Husflidskonsulenten har vore med i den nasjonale arbeidsgruppa frå 2010 t.o.m. 2013. Det har vore 5 møte i 2013. DRIFTSRUTINAR: Husflidskonsulenten fører time - rekneskap for all tidsbruk på alle tiltak i årsplana. Konsulenten er også ansvarleg for drift av regionkontoret på Nordfjordeid innafor eit bestemt budsjett. 14

Avslutning/vegen vidare Eg har i denne årsmeldinga forsøkt å få fram det som har vore dei viktigaste arbeidsoppgåvene mine i 2013. Det betyr mykje å ha konkrete arbeidsoppgåver og mål som er fastsette i den ske planen. Nokre målsettingar er målbare i tal og aktivitet. Andre mål er langsiktige, og resultata ligg langt fram i tid. Det er spennande å arbeide med handverksteknikkar i lag med barn og unge i barneklubbane våre, og å samarbeide med Sunnfjord museum. Eg ser tydeleg at born og unge trivst med å få jobbe praktisk, og dei syner stor glede og takksemd over å lære tradisjonelle handverksteknikkar. Medlemstalet aukar framleis i Ung Husflid, og utfordringane veks i lokallaga. Vi er stolte over, nok ein gong, å få behalde sølvplassen i medlemsverving i landet! Ungdommane treng etter kvart sin eigen møteplass. Det vil bli sett i gong eit prøveprosjekt i Nordfjord neste år, med satsing på kurs for leiarar og samarbeid mellom lokallaga for å ha tilbod til tenåringane. Dei tillitsvalde treng kurs og nettverk. Husflidskonsulenten arrangerte medarbeidarsamlingar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i haust, og dette var populært. Fleire etterspør kurs i organisasjons - utvikling, web, tradisjonelt handverk, og inspirasjonskurs for å kunne formidle trendy oppgåver til den yngre generasjon. Gjennom Sektor for næring som eg er leiar for, får eg jobba både nasjonalt og regionalt med næringsrelaterte oppgåver. Dette er også viktig. Dersom kulturhandverkarane ikkje kan leve av handverket sitt, vil sannsynlegvis ingen til slutt ta desse utdanningane. Norges Husflidslag jobbar med dei grunnleggjande verdiane i kulturen vår, og formidling av handverksteknikkar er viktigare enn nokon gong. Gjennom bevisst forhold til val av materialar, kan barn og unge lære mykje om kvalitet, naturforvaltning og gjenbruk. Konsulenten har eit godt og konstruktivt samarbeid med lokallaga, styret i fylkeslaget og sekretæren. Dette året har det vore spesielt fokus på prosjektet Raudlista, og vi er glade for at dei fleste lokallaga vil vere med på dette. Saman er vi sterke og synlege i samfunnet! Stor takk til alle samarbeidspartnarane mine for godt samarbeid i 2013! Nordfjordeid, den 28.02.14 Synøve Eriksen Vadøy 15