Informasjon til pasientar og pårørande



Like dokumenter
Til deg som er pårørande på RETH

Velkomen til Mork Rehabiliteringssenter

Til deg som bur i fosterheim år

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Ikkje offentleg Jf.off.lova 13, fvl 13 SØKNADSSKJEMA OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER 1. Søknad om. Personleg assistent

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

OPERASJON VED BETENNELSE I TARM

Til deg. Velkommen til Seksjon for Nevrorehabilitering på Akershus universitetssykehus HF. Vi ønsker deg lykke til med ditt opphold her hos oss!

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

OPERASJON I MAGE ELLER TARM

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN


Svar på førespurnad om journalføring og utlevering av journalar

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Utviklingsprosjekt: Nasjonalt topplederprogram, kull 10. Mona Ryste. Kompetanseløftet på rehabilitering av hjerneslag på Søre Sunnmøre

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Informasjon til elevane

Team Hareid Trygg Heime

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Korleis fylle ut søknadsskjema

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Korleis fylle ut søknadsskjema

Lønnsundersøkinga for 2014

Brukarrettleiing. epolitiker

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

Velkommen til medisinsk avdeling, sengepost 1A

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Bruk av reiserekning i Agresso

Lotteri- og stiftingstilsynet

Tilgangskontroll i arbeidslivet

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Helse Førde Kvalitetsforbetringsprosjekt Kirurgisk avdeling

Nytt HFK Intranett

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

Med god informasjon i bagasjen

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte


FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Strategiplan for Apoteka Vest HF

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Hjelp. Felles retningslinjer for utarbeiding av Individuell plan mellom Helseføretaket og kommunane i Møre og Romsdal

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI

Informasjon og søknadsblankett for arbeids- eller utdanningsreiser for funksjonshemma

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

TIL DEG SOM SKAL REISE UT OG FAMILIEN DIN

FORSKRIFT OM GRADAR Fastsett av styret ved KHiB den med heimel i Uhl

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

Ny utdanning i Norge! ARBORIST. Fagskulane i Hordaland. avdeling Hjeltnes

Søking til skuleåret

Eksamensrettleiing for vurdering av sentralt gitt eksamen. 1 Organisering av sentralt gitt skriftleg eksamen

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

BRANNINSTRUKS FOR SISOF SINE STUDENTBUSTADER

Om å høyre meir enn dei fleste

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rådgjevarkonferanse 2009

OPERASJON I TARM ELLER ENDETARM

Rådgjevarkonferanse 2010

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Transkript:

HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering

Innhold Velkommen til Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering...3 Om rehabiltering...3 Kompetanse i Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering...4 Samarbeid i Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering...5 Pasientrettar...6 Generell informasjon...6 Praktiske opplysningar og reglar...7 2

Velkommen til Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering! Vårt mål er å få til eit godt samarbeid med deg som pasient og dine pårørande. Vi ønskjer at opphaldet skal opplevast nyttig for deg. Vi skal gjere det vi kan for at du som pasient skal trivast her, og for at dine pårørande skal føle seg velkomne og ivaretekne som ein viktig ressurs både for deg og for oss. Om rehabilitering: Føremålet med rehabilitering er å styrkje meistringsevna di, slik at du kan fungere best mogleg i dagleglivet. Rehabilitering er ein prosess i møte mellom deg og fagpersonane i avdelinga. Fagpersonane bruker spesialkompetansen sin for å støtte deg i å nå dine mål. Rettleiing, behandling og funksjonstrening er deira bidrag i rehabiliteringa. Samtidig er vi avhengige av din innsats, din kunnskap og dine meiningar både om korleis du opplever situasjonen din, og kva verdiar og mål som er viktige for deg. Di deltaking i prosessen er viktig for sluttresultatet. 3

Kompetanse i Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering I vår avdeling arbeider ulike yrkesgrupper som kan bidra i rehabiliteringa di: Legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, nevropsykologar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, logopedar og sosionomar. Ved sida av direkte pasientkontakt, har alle faggrupper plikter som krev tid til administrasjon og dokumentasjon. Avdelinga har gjennomført fleire opplæringsprogram slik at heile personalet har mykje felles kunnskap om rehabilitering og nye behandlingsmetodar. I tillegg til fagutdanninga har mange spesialisert seg innan eige fagområde. Alle faggrupper har undervisningsplikt i forhold til studentar, ettersom vi høyrer til eit universitetssjukehus. Det inneber at du i periodar kan møte studentar under rettleiing av personale. Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering satsar på å forbetre tilboda sine gjennom fagleg utvikling, forsking og jamlege brukarundersøkingar. Alle faggrupper som yter tenester i vår avdeling deltar i planmessig utviklingsarbeid og kvalitetsarbeid. 4

Samarbeid i Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Samarbeidet mellom deg, dine pårørande og personalet byggjer på god informasjon, felles planlegging og arbeidsdeling under opphaldet. Det er viktig å vere klar over at alle tilsette i avdelinga har teieplikt. Kvar pasient får eit tverrfaglig rehabiliteringsteam knytt til seg. Teamet vert leia av pasientansvarleg lege. Dette teamet består av ei gruppe fagpersonar som arbeider tett saman om ditt rehabiliteringstilbod i avdelinga. Det er dine behov som er avgjerande for kva fagpersonar som inngår i rehabiliteringa di. Det er derfor ikkje sikkert at du vil ha kontakt med alle fagpersonane som arbeider i avdelinga. Samarbeidet om rehabiliteringsprosessen din krev noko møteaktivitet. Personalet ønskjer at du og dine pårørande kan delta i møter for å planleggje og følgje opp rehabiliteringa di. Med utgangspunkt i dine mål og prioriteringar blir det utarbeidd ein konkret rehabiliteringsplan for opphaldet. I tråd med denne planen vil du få ein vekeplan som gir deg oversikt over timeavtalane dine. For at du skal oppleve eit samanhengande tilbod av tenester, vil representantar frå heimkommunen din bli kontakta og eventuelt bli invitert til møte saman med oss. Aktuelle samarbeidspartar kan då for eksempel vere representantar frå helsetenesta, skuleetat eller NAV, avhengig av kva som er dine behov når du er ferdig her. Slike møte skjer berre i samråd med deg, og det er ønskje om at du og dine pårørande er til stades. 5

Pasientrettar Som pasient har du blant anna rett til: Informasjon Å medverke i eiga behandling / rehabilitering Innsyn i eigen journal Vern om opplysningar Samtykkje Individuell plan Å klage Å vende deg til pasientombodet Dersom du ønskjer meir informasjon om rettane dine som pasient, finst Lov om pasientrettigheter tilgjengeleg i avdelinga som eiga brosjyre, eller ved å gå inn på internett: http//:www lovdata.no Generell informasjon Alle pasientar ved Haukeland universitetssjukehus kan kontakte Prestetenesta ved behov. For pasientar med anna livssyn, kan Prestetenesta formidle kontakt med respektive trussamfunn. Lærings- og meistringssenteret i Helse Bergen formidlar tenester mellom brukarar, pårørande og fagpersonar gjennom informa sjon og kurs. Permisjon i helgane kan avtalast når det er ønskjeleg eller nødvendig. Pasientane må då dekkje eigne reiseutgifter i samband med permisjonen. 6

Praktiske opplysningar og reglar Måltid: Kvar sengepost har eigen buffet med 4 måltid kvar dag. Vask av tøy: Må så langt som mogleg bli ivareteke av pårørande. Dersom ein ikkje har pårørande, eller det er andre vanskar, kan ein få hjelp til vask av tøy i avdelinga. Verdisaker: Alle pasientrom har eigen safe til oppbevaring av verdisaker. Besøkstid: Det er anledning å ta imot besøk heile dagen frå kl. 09.00 til 22.00. Besøkande må ta omsyn til pasienten sine måltid, treningstider og kvilebehov. Bruk av mobiltelefon: Eigen mobiltelefon kan nyttast. Likevel oppfordrar vi til avgrensa bruk i fellesområda, og at telefonen blir slått av / blir sett på lydlaus etter kl. 22.00 av omsyn til medpasientane dine. Mobiltelefonar kan også brukast til å ta bilete, video- og lydopptak. Dersom andre enn du sjølv og dine pårørande kan kome med på biletet / opptaket, er det viktig å spørje om lov først. Dette er av omsyn til personvernet til pasientar og tilsette ved avdelinga. Bruk av eigen PC: Trådlaust nettverk gjer det mogleg å bruke eigen PC under opphaldet. Sikkerheitsrundar: Om nettene går sikkerheitsvakter rundar for å ivareta alle sin sikkerheit. Rusmiddel: Bruk av rusmiddel er ikkje tillate. Røyking: Det er ikkje lov å røyke i våre avdelingar. Dei som ønskjer å røyke, må nytte tilviste plassar på uteområda våre. Legemiddel: Alle pasientar som er innlagde i avdelinga får den medisinen som er nødvendig under opphaldet. Ein treng derfor ikkje ta med privat medisin. Brann: Av omsyn til brannfare er det ikkje tillate å brenne stearinlys på pasientromma. Sjå elles oppslag om branninstruks på postane. 7

Ønskjer du å lese meir om avdelinga vår kan du bruke adressa nedanfor: http://www.helse-bergen.no/omoss/avdelinger/fysmed/ 202 3676 - Bergen Grafisk - 15.06.11