FEDJE KOMMUNE Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Formannskap 07.02.2011 014/11 BRVI Kommunestyret 17.02.2011 005/11 BRVI Avgjerd av: Saksansv.: Vidar Bråthen Arkiv: K1-250 Objekt: Arkivsaknr 2011000073 REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGA I FEDJE KOMMUNE Dokumentliste: Attestasjonsrapport frå revisjonen datert 31. januar 2011. Ny finansforskrift reglement og rutinar. Brev frå FM datert 19. januar 2011. Nytt finansforskrift frå 09.06.2009. Finansreglement for Fedje kommune. K- sak 118/2003. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Kommunelova 52 med tilhøyrande finansforskrift frå KRD. Kva saka gjeld: Finansforvaltninga i kommunen. Bakgrunn for saka: Kommunane er pålagde å få på plass eit finansreglement som tilfredsstiller styresmaktene sine krav fullt ut. Finansreglementet må gje svar på dei tema som er omtalt i finansforskriftene frå juni 2009. Krav: Reglementet skal til ei kvar tid vera kvalitetssikra av uavhengig kompetanse. Revisjonen vert nytta som uavhengig kompetanse i denne saka. Saksutgreiing: Fedje kommune har lange tradisjonar for å føre ei forsiktig finansforvaltning. Vi ser ingen grunn til bryta denne tradisjonen. Vi har i alle år hatt ein låg risikoprofil og ei sikker avkastning på våre innskot. Vi har ikkje plassert ledig likviditet i aksjefond el. obligasjonar. På bakgrunn av attestasjonsrapport frå revisjonen datert 31. januar i år, er det gjort noen mindre endringar i utkast til nytt finansreglement for Fedje kommune. Dette er slik eg ser det fornuftige tilpassingar.
UTKAST TIL REGLEMENT FOR FINANSFORVALTNINGA I FEDJE KOMMUNE. 1. Føremål og omfang Dette reglementet skal gje oversikt over Fedje kommune sine grunnleggjande prinsipp for forvaltning av kommunen sine finansielle aktiva og passiva. Reglementet skal innehalda retningsliner, rammer, fullmakter og sentrale rutinar for finansforvaltninga i kommunen. Reglementet skal definera akseptabelt avkastnings- og risikonivå for forvaltning av o Kommunen sine kortsiktige likvide midlar tiltenkt driftsføremål o Kommunen sine meir langsiktige finansielle midlar o Kommunen sin gjeldsportefølgje Finansforvaltninga har som overordna føremål å sikra stabile og lågast mogleg finansieringskostnader innafor ramma av trygge investeringar og låge definerte risikorammer. 2. Lover, forskrifter og overordna retningsliner Fedje kommune skal forvalte kapital og gjeldsportefølje i samsvar med dei lovar og reglar som gjeld for kommunal finansforvaltning og for finansmarknaden: Lov om kommuner og fylkeskommuners finansforvaltning av 25. sept. 1992, 52. Forskrift om kommuners og fylkeskommuners finansforvaltning av 9.juni 2009. Dette reglementet trer i kraft 1. juli 2010 og erstattar følgjande vedtekne reglementet frå Fedje kommunestyre den 9.des. 2003: Reglement for finansforvaltninga I tillegg skal Fedje kommune si finansielle strategi bygga på eit grunnleggjande mål om å sikre at kommunen til ei kvar tid er likvid og lite eksponert for risiko. Finansreglementet skal rullerast minimum ein gong i kvar kommunestyreperiode. Dersom det er trong for vesentlege endringar utanom hovudrulleringa, vert sak om dette fremja fortløpande. 3. Definisjonar på finansiell risiko med kommunen sin risikoprofil Type risiko: Risiko for tap som følgje av: Risikoprofil: Kredittrisiko at låntakar ikkje får attendebetalt sitt tilgodehavande Minimere Marknadsrisiko pris- og kurssvingingar Prøve unngå Renterisiko svingingar i marknadsrenta Moderat Likviditetsrisiko at midlar ikkje er tilgjengeleg innan kort tid Låg Valutarisiko endringar i valutakursar Ingen Aksjemarknadsrisiko (systematisk) generelt fall i aksjemarknaden Berre etter vedtak
Aksjemarknadsrisiko (usystematisk) fall i aksjekursar på einskildaksjar Ingen Administrasjonsrisiko intern rutine- og kompetansesvikt Minimere Innafor den forsiktige risikoprofilen som er skissert i tabellen ovanfor, skal målsetjinga vera å oppnå tilfredsstillande avkastning på plasserte midlar og lågast mogleg kostnad på innlån. Som ei generell rettesnor i vurderinga, skal kravet til låg risiko telja meir enn ynskje om høg avkastning. Illustrasjon: Det er også ein viss risiko forbunde ved forvaltning av ein gjeldsportefølgje. Først og fremst gjeld dette for kommunar som har ein høg gjeldsgrad og ein høg del av gjelda er på flytande rentevilkår. Rentesikringsinstrumentet kan dempa denne risikoen. 4. Overordna mål for finansforvaltninga Skal bidra til å oppretthalda, og om mogleg betra kommunen sitt økonomiske handlingsrom og tenestetilbodet til innbyggjarane Syta for at kommunen til ei kvar tid har likviditet til å dekka løpande plikter; - og syte for at den samla finansportefølgje gjev lågast mogleg likviditetsrisiko Syta for at overskotslikviditet over tid får tilfredsstillande avkastning. Syta for at innlån over tid gjev ein lågast mogleg rentekostnad 5. Avgrensingar / presiseringar i finansforvaltninga: Ledig likviditet og andre midlar nytta til driftsføremål: Innskot kan berre skje i bank. Langsiktige finansielle plasseringar: Dersom det oppstår ein situasjon der det vert aktuelt med langsiktige plasseringar, skal dette skje etter eige vedtak i kommunestyret og revidert finansreglement Kommunen kan uansett aldri ta større risiko enn ein har kompetanse til å kunna handtere administrativt.
Gjeldsportefølgje og andre finansieringsavtalar: Låna vert tekne opp og med flytande rente, inntil Formannskap eller Kommunestyret vedtek ei anna rentespreiing. Valutalån eller andre spekulative låneopptak skal ikkje førekoma Kommunen kan ikkje stille garanti for privatpersonar eller private føretak. Risikospreiing felles: Eventuelle krav om risikospreiing vert avtalt med kommunestyret. 6. Fullmaktar I) Formannskapet vert delegert fullmakt til: å gjera rentebindingar på innlån, innafor dei retningsliner som følgjer av dette reglement. II) Rådmann vert delegert fullmakt til: Gjennomføra opptak av lån og leasingavtalar der det ligg føre godkjenning av kommunestyre gjennom budsjettføringar el. enkeltvedtak og godkjenning gjennom fylkesmann når det er påkravd. Gjennomføra refinansiering av eksisterande låneportefølgje innafor dei rammer som kommunestyret har fastsett. Etter klarsignal frå formannskapet; - avgjere rentebindingar på innlån låneopptak/refinansiering; avgjere finansieringskjelde / långjevar og ta stode til rentevilkår og andre vilkår. Godkjenna nye rentevilkår på lån som er forfalle. Gjennomføra plasseringar av ledig likviditet på ordinære vilkår og på særvilkår i bank Inngå avtalar om kjøp av tenester som sikrar kommunen tilstrekkeleg finanskompetanse til ei kvar tid. 7. Rutinar for rapportering Årsbudsjett og økonomiplan skal til ei kvar tid fortelja kva finansielle instrument som vert nytta for å nå dei mål og rammer som er sett for finansielle inntekter og utgifter i kommunen, herunder forventa rentevilkår på både innskot og innlån, samt samansetnad og løpetid på låneportefølgjen. Ved kvar tertialrapport skal endringar i finansielle virkemiddel og vilkår presenterast. Det skal opplysast om endringar i risikonivå. Vesentlege avvik mellom budsjett vs. rekneskap og faktisk forvaltning vs. krav i finansreglementet, skal forklarast. Tiltak og frist for å oppretta ev. ubalanse skal opplysast. Årsmeldinga skal syne ei samla oversikt over kommunen sin finansielle status og risikonivå gjennom driftsåret. Likeins skal det her opplysast om dei løpande vilkår og verkemedel som er nytta for å nå dei budsjettmessige måla. Vesentlege avvik mellom budsjett vs. rekneskap og faktisk forvaltning vs. krav i finansreglementet, skal forklarast. Tiltak og frist for å oppretta ev. ubalanse skal opplysast.
Kommunestyret til ei kvar tid kunna innhenta dokumentasjon på at retningslinene i dette reglementet vert etterlevd. 8. Kvalitetssikring og rullering Dette finansreglementet skal rullerast kvart 4.år. Reglementet skal til ei kvar tid vera kvalitetssikra av uavhengig kompetanse Vurdering: Administrasjonen ser ingen grunn til å leggja om finansforvaltninga slik ho vert praktisert i dag. Vi har lange tradisjonar for å ta minimal risiko i ein usikker marknad med svingane valutakursar og fare for store tap. I den grad vi skal gå meir offensivt til verks, vil vi vera avhengig av å henta inn fagleg bistand utanfrå. Store og krevjande utfordringar dei seinare år tyder på at dette vil vera eit krevjande løp for eit liten kommune som Fedje. Det er her lagt vekt på å få til gode rutinar i eit nært samarbeid med kommunestyret og kompetansemiljø utanfor kommunen.
RÅDMANNEN SITT FRAMLEGG TIL VEDTAK: Fedje kommune sluttar seg til anbefalingane frå rådmann om nytt finansreglement for Fedje kommune. 1. Føremål og omfang Dette reglementet skal gje oversikt over Fedje kommune sine grunnleggjande prinsipp for forvaltning av kommunen sine finansielle aktiva og passiva. Reglementet skal innehalda retningsliner, rammer, fullmakter og sentrale rutinar for finansforvaltninga i kommunen. Reglementet skal definera akseptabelt avkastnings- og risikonivå for forvaltning av o Kommunen sine kortsiktige likvide midlar tiltenkt driftsføremål o Kommunen sine meir langsiktige finansielle midlar o Kommunen sin gjeldsportefølgje Finansforvaltninga har som overordna føremål å sikra stabile og lågast mogleg finansieringskostnader innafor ramma av trygge investeringar og låge definerte risikorammer. 2. Lover, forskrifter og overordna retningsliner Fedje kommune skal forvalte kapital og gjeldsportefølje i samsvar med dei lovar og reglar som gjeld for kommunal finansforvaltning og for finansmarknaden: Lov om kommuner og fylkeskommuners finansforvaltning av 25. sept. 1992, 52. Forskrift om kommuners og fylkeskommuners finansforvaltning av 9.juni 2009. Dette reglementet trer i kraft 1. juli 2010 og erstattar følgjande vedtekne reglementet frå Fedje kommunestyre den 9.des. 2003: Reglement for finansforvaltninga I tillegg skal Fedje kommune si finansielle strategi bygga på eit grunnleggjande mål om å sikre at kommunen til ei kvar tid er likvid og lite eksponert for risiko. Finansreglementet skal rullerast minimum ein gong i kvar kommunestyreperiode. Dersom det er trong for vesentlege endringar utanom hovudrulleringa, vert sak om dette fremja fortløpande. 3. Definisjonar på finansiell risiko med kommunen sin risikoprofil Type risiko: Risiko for tap som følgje av: Risikoprofil: Kredittrisiko at låntakar ikkje får attendebetalt sitt tilgodehavande Minimere Marknadsrisiko pris- og kurssvingingar Prøve unngå Renterisiko svingingar i marknadsrenta Moderat Likviditetsrisiko at midlar ikkje er tilgjengeleg innan kort tid Låg
Valutarisiko endringar i valutakursar Ingen Aksjemarknadsrisiko (systematisk) generelt fall i aksjemarknaden Berre etter vedtak Aksjemarknadsrisiko (usystematisk) fall i aksjekursar på einskildaksjar Ingen Administrasjonsrisiko intern rutine- og kompetansesvikt Minimere Innafor den forsiktige risikoprofilen som er skissert i tabellen ovanfor, skal målsetjinga vera å oppnå tilfredsstillande avkastning på plasserte midlar og lågast mogleg kostnad på innlån. Som ei generell rettesnor i vurderinga, skal kravet til låg risiko telja meir enn ynskje om høg avkastning. Illustrasjon: Det er også ein viss risiko forbunde ved forvaltning av ein gjeldsportefølgje. Først og fremst gjeld dette for kommunar som har ein høg gjeldsgrad og ein høg del av gjelda er på flytande rentevilkår. Rentesikringsinstrumentet kan dempa denne risikoen. 4. Overordna mål for finansforvaltninga Skal bidra til å oppretthalda, og om mogleg betra kommunen sitt økonomiske handlingsrom og tenestetilbodet til innbyggjarane Syta for at kommunen til ei kvar tid har likviditet til å dekka løpande plikter; - og syte for at den samla finansportefølgje gjev lågast mogleg likviditetsrisiko Syta for at overskotslikviditet over tid får tilfredsstillande avkastning. Syta for at innlån over tid gjev ein lågast mogleg rentekostnad 5. Avgrensingar / presiseringar i finansforvaltninga: Ledig likviditet og andre midlar nytta til driftsføremål: Fedje kommune skal ikkje plassere heile eller deler av dei likvide midlane i einskildaksjar eller plassera midlar på ein slik måte at kommunen vert utsett for valutarisiko eller usystematisk risiko Innskot kan berre skje i bank.
Langsiktige finansielle plasseringar: Dersom det oppstår ein situasjon der det vert aktuelt med langsiktige plasseringar, skal dette skje etter eige vedtak i kommunestyret og revidert finansreglement Kommunen kan uansett aldri ta større risiko enn ein har kompetanse til å kunna handtere administrativt. Gjeldsportefølgje og andre finansieringsavtalar: Låna vert tekne opp og med flytande rente, inntil Formannskap eller Kommunestyret vedtek ei anna rentespreiing. Valutalån eller andre spekulative låneopptak skal ikkje førekoma Kommunen kan ikkje stille garanti for privatpersonar eller private føretak. Risikospreiing felles: Eventuelle krav om risikospreiing vert avtalt med kommunestyret. 6. Fullmaktar I) Formannskapet vert delegert fullmakt til: å gjera rentebindingar på innlån, innafor dei retningsliner som følgjer av dette reglement. II) Rådmann vert delegert fullmakt til: Gjennomføra opptak av lån og leasingavtalar der det ligg føre godkjenning av kommunestyre gjennom budsjettføringar el. enkeltvedtak og godkjenning gjennom fylkesmann når det er påkravd. Gjennomføra refinansiering av eksisterande låneportefølgje innafor dei rammer som kommunestyret har fastsett. Etter klarsignal frå formannskapet; - avgjere rentebindingar på innlån låneopptak/refinansiering; avgjere finansieringskjelde / långjevar og ta stode til rentevilkår og andre vilkår. Godkjenna nye rentevilkår på lån som er forfalle. Gjennomføra plasseringar av ledig likviditet på ordinære vilkår og på særvilkår i bank Inngå avtalar om kjøp av tenester som sikrar kommunen tilstrekkeleg finanskompetanse til ei kvar tid. 7. Rutinar for rapportering Årsbudsjett og økonomiplan skal til ei kvar tid fortelja kva finansielle instrument som vert nytta for å nå dei mål og rammer som er sett for finansielle inntekter og utgifter i kommunen, herunder forventa rentevilkår på både innskot og innlån, samt samansetnad og løpetid på låneportefølgjen. Ved kvar tertialrapport skal endringar i finansielle virkemiddel og vilkår presenterast. Det skal opplysast om endringar i risikonivå. Vesentlege avvik mellom budsjett vs.
rekneskap og faktisk forvaltning vs. krav i finansreglementet, skal forklarast. Tiltak og frist for å oppretta ev. ubalanse skal opplysast. Årsmeldinga skal syne ei samla oversikt over kommunen sin finansielle status og risikonivå gjennom driftsåret. Likeins skal det her opplysast om dei løpande vilkår og verkemedel som er nytta for å nå dei budsjettmessige måla. Vesentlege avvik mellom budsjett vs. rekneskap og faktisk forvaltning vs. krav i finansreglementet, skal forklarast. Tiltak og frist for å oppretta ev. ubalanse skal opplysast. Kommunestyret til ei kvar tid kunna innhenta dokumentasjon på at retningslinene i dette reglementet vert etterlevd. 8. Kvalitetssikring og rullering Dette finansreglementet skal rullerast kvart 4.år. Reglementet skal til ei kvar tid vera kvalitetssikra av uavhengig kompetanse 07.02.2011 FORMANNSKAP F-014/11 VEDTAK: Fedje kommune sluttar seg til anbefalingane frå rådmann om nytt finansreglement for Fedje kommune. Samrøystes vedteke. 17.02.2011 KOMMUNESTYRET K-005/11 VEDTAK: Fedje kommune sluttar seg til formannskapet si tilråding om nytt finansreglement for Fedje kommune. Samrøystes vedteke.