Mai 2016 Våren kom endeleg for fullt denne månaden og naturen byrja yra av nytt liv, trea fekk nye blader og graset vart endeleg skikkeleg grønt. Små insekt og dyr dukka opp både her og der, noko som har vore spanande. Høve til å gå i lettare klede og vera lenge ute har gjeve mogleikar for barna til undring og utforsking, anten det har vore på barnehagen sitt område, i næmiljøet eller på tur i skog og mark. I tillegg har det vore ein månad prega av 17.mai stemning på gruppa vår. MINNAR OM LETTARE KLEDE, SKO, SOLHATT OG SOLKREM!! I Rammeplanen vår står det nemnd at barna skal få oppleve naturen, og undring kring naturens mangfald, og det har denne månaden gitt rikeleg med høve til. Barna har fått oppleve og fått erfaringar med insekt, fuglar og vekster. Me har hatt fokus på vår, småkryp og 17.mai. Det har og vore høve til foreldresamtalar for dei av dykk som har ynskja dette.
NB! No kan sola vera sterk nok til at sart barnehud kan verta brend, så smør barna med solkrem helst minimum 30 minutt før dei skal ut i sola. Det beste er om foreldre / føresette også kan smørje barna allereie før dei kjem i barnehagen. Solhatt er også lurt å ha tilgjengeleg i barnehagen. Hugs at UV strålane kan vera skadelege for barna si augehelse her og no, men også på sikt. Barnas solvettreglar Ha høve til å leika i skuggen Ha på lette klede og solhatt Bruk solkrem med minst faktor 15
På jakt etter vårteikn Me har flytta relasjonsgruppene ut i naturen denne månaden, me har gått mindre turar i smågrupper utan vogn, då har me vore på jakt etter vårteikn. Det er spanande å sjå kva som rører seg på utsida av gjerdet vårt, og langs med vegen. I tillegg har me blant anna planta solsikkefrø og løk som ei byrjande innføring til / forståing for samanhengen mellom naturen og dens betyding for vår eigen matproduksjon. Det dukkar opp flotte planter, fargar, spirer og bærkart langs vegen. Nye skot på ein stubbe Kvitveis blåbærkart Løvetann Gjøkesyre Nathaniel fann ein liten skogsnegle Litt klissete å ta på Mange små og merkelege skapningar dukkar opp. Nokon litt skumle medan andre er veldig fasinerande Åh høyr..! Fuglane syng så fint om dagen, men dei er ikkje så lette å få auge på alltid.
Me har vore til Andadammen og mata endene...og me har vore på tur i nærområdet utanføre gjerdet. Då har me gått på eigne bein heile vegen. Insekta har det frykteleg travelt og det er mange fine blomar langs vegen.
Kjekke gutar som har mata endene Tur til Andadammen utan vogn 23.mai Kristian, Aksel, Ridwaan og Emil kosar seg på tur.
Uteleik og turar er viktig for barna på mange vis: Styrkar motorikken Byggjer opp balansen Ulik belastning (ulendt terreng) styrkar skjelettet Det er ofte mindre konfliktar (som oftast dreiar seg om leiketøy) og meir samhandling Styrkar kreativiteten Aukar evna til risikovurdering Nye oppdagingar m.m. Som vaksne har me eit ansvar for å gje barna gode opplevingar ute. Vaksne som er gode rollemodellar (både heime og i barnehagen), som syner glede ved uteleik og tur i skog og mark til alle årstider er noko av det viktigaste barna kan ha, og det har stor innverknad på korleis barna sjølv vel å bruka naturen til rekreasjon, opplevingar og aktivitet seinare i livet.
Me har laga eigen bikube Barna fekk male vattkulene med gul maling, så fekk dei rulle dei i svartmaling i ei eske etterpå veldig fin effekt, og spanande å prøve nye teknikkar. Me tømde kompostbingen vår, og der var det mykje meitemark og andre småkryp. Etterpå fekk me god jord til kjøkkenhagen! Utforsking av meitemark og tussalus (skukketroll). Litt usikker på om me ville halda dei sjølv, men det gjorde me!!
Onsdag 4.mai fekk me besøk av raudrussen i barnehagen. Dei hadde med seg is til alle barna, noko som var veldig populært. Stor stas!!! Heile veke 19 har me hatt temaveke der «Flagget vårt» har vore eit overordna tema for alle gruppene i barnehagen.
Temaveka handla jo om flagget vårt, så kvifor ikkje lage eige? Me sette tape i kryss på arket før me byrja; Først litt raud og så litt blå maling, bruk pensel eller handa etter eige val, og vips så vert det..om ikkje heilt det norske flagget, så i alle tilfelle eit eigenkomponert flagg i norske fargar
Temaveka «Flagget vårt» vart avslutta med 17.mai leikar fredag 13.mai: God stemning!
Ein barneflokk i stor utvikling: Me har fine dagar i barnehagen og barna gjer store framsteg. Me har mykje lott og løye saman, tullar, tøysar, dansar, syng og har kjekke samlingar som barna set stor pris på. Ser dei at ein vaksen gjer klar for aktivitet eller samling så sit dei klar lenge før den vaksne er ferdig med førebuinga, og dei gler seg! Kjekkt å sjå!! Nokre av dei eldste barna har no komen i ein alder der grenser skal testast litt ut, og trassen har så smått byrja spira. Dette er heilt normalt, men det kan føre til nokre mindre samanstøyt undervegs. Me avgrensar, støttar og rettleiar barna, men det er diverre slik at det ikkje alltid er mogleg for oss å vera til stades i alle situasjonar, så eit og anna kloremerke kan dette diverre føre med seg. Ei trøyst er det kanskje at denne perioden og dei erfaringane barna no får bidreg til viktige tankeprosessar som modnar tankemønsteret deira. De vil gjerne oppleve at barnet dykkar plutselig vil byrja protestere ved levering til barnehagen sjølv om det har gått roleg og fint føre seg i ein lengre periode ikkje fortvil! Hald fram med levering og henting på same vis som før (det vante er trygt for barna). Me deler barna ofte i mindre grupper for å på best mogleg vis vera tilgjengelege for dei, ha god oversikt, støtta, rettleia, sette grenser for, og trøste dei. Ta gjerne kontakt med oss dersom du opplev at noko kan vera vanskeleg eller ugreit, eller også positivt Minnar om sommarfesten den 15.juni Då er foreldre / føresette, søsken, tanter, onklar og besteforeldre velkomen til sosialt samvære!! ME GLEDAR OSS!! VELKOMEN!!
Nokre av songane me har sunge denne månaden: Alle fuglar Alle fuglar, små de er kommer nå tilbake Gauk og sisik, trast og stær synger alle dage Lerka jublar høgt i sky, bringer våren inn på ny. Frost og snø dei måtte fly Her er sol og glede Ja, vi elsker dette landet Ja, vi elsker dette landet som det stiger frem furet, værbitt over vannet, med de tusen hjem. Elsker, elsker det og tenker på vår far og mor, og den saganatt som senker drømmer på vår jord. Herlege Stordøy Herlege Stordøy, herlege Stordøy! Fager og fin millom fjordane blå stig du av havet, bjart som ei solmøy, toppar og tindar mot skyene nå. Skogen den susar songen so lint: Å her er utifrå fagert og fint. Neste månad vil me halda fram med turar (også heildagsturar) i smågrupper og arbeida med førebuing til sommarfesten. Me avsluttar grupper på tvers med Revahiet, og vil nyta naturen og forhåpentleg vis fint vær.