Årsplan for barnehageåret

Like dokumenter
1 Snøkrystallen småbarnehage

Årsplan for barnehageåret

Årsplan for barnehageåret

Månadsbrev for Rosa september 2014

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 1: September - november2015

Årsplan for Snøkrystallen småbarnehage Spor av kvardagsmagi. S i d e 1 18

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

I APRIL HAR VI: IKT:

Månadsbrev for Februar

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Velkommen til barnehageåret på avdeling Revehiet

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Månadsbrev for juni avdeling Glimmer

Månedsbrev april 2015

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

Månadsbrev for ROSA mars 2015

PERIODEPLAN EVALUERING Avdeling: Blåmeis EVALUERING AV PERIODE 3: januar, februar og mars

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE,

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

JANUAR Tema: vinter og snø

SKULEFRITIDSORDNING ÅHEIM SKULE 2016/2017

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

Månedsbrev Bikuben februar 2017

Veke Fredag Offentleg høgtidsdag. 18 Barnehagen er stengd. Veke Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Månedsbrev Bikuben april 2016

ÅRSPLAN FOR KLARA`s FAMILIEBARNEHAGE 2015

Årsplan 2011/2012 FURUKOLLEN FAMILIEBARNEHAGE

Månedsbrev Bikuben september 2016

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Aktivitetsplan - Vår 2015 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

MÅNADSBREV FOR OKTOBER AVD GLIMMER

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Tilbakeblikk på mars:

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

MÅNEDSPLAN FOR MAI 2016 HJØRNETANNA

MAI I SVEIARVEIEN TILBAKEBLIKK PÅ APRIL

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Høsten kommer, adjø da sommer Takk til lys Takk til sol Ute blåser vinden Stryker deg på kinnet Det er høst, det er høst

INFORMASJON OM HAMANG BARNEHAGE

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Årsplan Hamar gårdsbarnehage 2016/2017 Liljeblomsten

Årsplan for barnehageåret

Månadsplan for juni -Nøtteliten-

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Årsplan for

Hamar gårdsbarnehage 2016/2017

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Periodeplan for revebarna februar og mars 2015.

Kvardagsaktivitetar er noko som skjer kvar dag, og difor noko av det viktigaste innhaldet i barnehagen. Vi har satt oss nokre mål for desse

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

ÅRSPLAN FOR FAGERHOLT FAMILEBARNEHAGE AS 2010/2011

Månedsbrev Bikuben april 2017

INFORMASJON OM VALLER BARNEHAGE, AVD. VALLERSVINGEN

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Kva har me gjort i april?

Aktivitetsplan - Vår 2014 Blindheim barneskole SFO-1. kl. basen

KONTRASTENES ÅRSTID PROSJEKTRAPPORT, BASE 2

Mehamn barnehage Årsplan 2007/2008. Årsplan

DET NÆRMAR SEG VÅR MÅNADSBREV FOR MARS.

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

Årsplan for Ringblomsten familiebarnehage 2017/2018

ÅRSPLAN FOR TIRILTOPPEN BARNEHAGE/SFO

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

PEDAGOGISK TILBAKEBLIKK

EVALUERING NOVEMBER-JANUAR 2017 SMØRBUKK OG BLÅMANN

Årsplan for barnehageåret

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

Månadsplan for Mars 2017 Nøtteliten

MÅNEDSPLAN MARS 2018.

ÅRSPLAN 2012 / 2013 YTTERØY BARNEHAGE SKOGSTJERNA

MÅNEDSBREV NOVEMBER 2010

Månedsbrev for April

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Månadsbrev for Blå, november 2015

Språkstimulering i det fysiske miljøet

Månedsbrev Bikuben mai 2016

Hamar gårdsbarnehage 2016/2017

Gul gruppe månedsbrev for januar og februar

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MÅNEDSPLAN FOR ROMPETROLLENE- FEBRUAR-2016

Transkript:

Årsplan for barnehageåret 2012-2013 Vi vil få presentere årsplanen for Snøkrystallen småbarnehage for barnehageåret 2012-2013. I denne årsplanen vil vi vise planane og visjonane våre for dette nye barnehageåret. Det er så mange ting vi ønskjer å gjere og så mange idear ein har. Her skal vi prøve å lage ein nokså realistisk oversikt for det vi skal jobbe med i år! Vi ønskjer ikkje å låse oss heilt fast, for barns medvirkning er viktig. Og skal våre små få vere medvirkande og medbestemmande er det viktig å kunne vere impulsiv i lag med barna. Ønske vårt er å sjå kvart enkelt barn som unikt og jobbe for å få ein barnehage som gjenspeilar namnet vårt. Unike barn i ein unik barnehage. Der ingen er like nett som snøkrystallen i naturen, unik, skjør og fin. Vi skal vere liten og trygg for små barn, vi skal vere eit så lite miljø at foreldre føler dei kjenner oss og er trygge på å gå frå sine barn hos oss. I årsplanen vil ein finne faste aktivitetar og dagar som er viktige i løpet av året og med små tips for kvar årstid. Det er viktig at ein les og sett seg inn i årsplanen for barnehageåret og at ein les treårsplanen til småbarnehagen. Snøkrystallen småbarnehage er fortsett ein ganske ny barnehage. Vi starta i 2009 som ordinær privat barnehage. Vi ser at vi er på veg til å finne vår plass i barnehagekvardagen. Vi kjenne kva som fungerar med småbarn. Vi veit litt om kva som er flott å gjere i lag med barn i aldersgruppa 0-3 år. Vi ser kva vi er gode på, og vi prøver til ei kvar tid å forbetre det vi ikkje er så gode på. Vi har som mål at vi skal sjå ditt vesle barn som heilt spesielt. Vi lovar å ta vare på barnet ditt så godt vi kan, fordi vi veit at det er det kjæraste du har! Vi skal gje det opplevingar og sette gode spor i livet til barnet. Slik alle dei små set spor i dei vaksne sine liv. Barna set spor i barnehagen, og på korleis barnehagen skal bli. Nordfjordeid 09. september 2012 Mari Henden Nilsen, pedagogsik leiar og eigar og Karina Kjørstad, styrar og eigar. Visjonen vår: Vi er små og unike, som set og finn spor på vår veg.

Kontakt informasjon: Snøkrystallen småbarnehage Holane 12, 6770 Nordfjordeid Tlf 473 95 464 www.snokrystallen.barnehageside.no E-post: snokrystallen@gmail.com Barnehagen har ei side under nettsamfunnet Facebook. Opningstider Måndag-fredag 06.45-17.00. Vi vil ha hovudvekta av personalet frå 07.30-16.30. Det betyr at ein opnar berre tidlig om behovet er der, same gjeld ved stenging. Stengt Barnehagen er stengt mellom jul og nyttår og onsdag før skjærtorsdag. Fellesferie for Snøkrystallen, veke 30, 31 og 32 i 2013. Dette vart bestemt på barnehagemøte for foreldra den 28. august 2012 Planleggingsdagar: 15. august 2012 08. og 09. oktober 2012, 03. januar 2013 18. mai 2013. Desse 5 dagane er sett av til kompetanse og kvalitetsheving for personalet. Personalet har kurs og planleggingsarbeid desse dagane. Barnehagen er stengt. Siste dag i barnehageåret 2012-2013 er 14. august 2013. Barnehageplassar Samansetning av barnegruppa vert gjort om våren, ved opptak til nytt barnehageår i kommunen. Ved oppstart av dette barnehageåret har vi til saman 11 barn fordelt på 10 plassar i alderen 0-2,5 år. Barnehagen har full barnegruppe for barnehageåret 2012-2013 Forsikring Kvart barn er forsikra 24 timar i døgnet så lenge barnet har plass i Snøkrystallen småbarnehage. Avtalen er gjennom Private barnehagers landsforbund. Samarbeidsutval Samarbeidsutvalet sine oppgåver er å vere rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ. Utvalet skal arbeide for eit godt barnehagemiljø for barn, foreldre og personale. Ein skal arbeide for å fremme kontakt mellom barnehagen og lokalsamfunnet. Samarbeidsutvalet skal fastsetje årsplanen i barnehagen. Representant i samarbeidsutvalet dette barnehageåret: Janet Endal, Silje I. Bakke og Karina Kjørstad. Mari H. Nilsen stiller som sekretær. Samarbeidsutvalet har møte kvart år. Foreldrerådsrepresentant Janet Endal vart valt til foreldrerepresentant for barnehageåret 2012-2013. Det vert kalla inn til foreldrerådsmøte viss det dukkar opp saker som skal takast opp. Er det ting ein ønskjer å ta opp med foreldreråds representanten,kan ein ta kontakt med Janet Endal på telefon. Alle foreldra er medlem av foreldrerådet. Oppgåver for foreldrerådet er: Fremme felles interesser. vere med å skape eit godt barnehagemiljø. Styrke samarbeid mellom barnehage og foreldregruppa. Vi sender ut ein brukarundersøking i løpet av barnehageåret slik at vi kan få evaluert arbeidet vi gjer i barnehagen i samarbeid med foreldra.

Personalet Styrar: Karina Kjørstad i 100 % stilling, to kontordagar Pedagogisk leiar: Mari Henden Nilsen i 100 % stilling, ein dag til planlegging. Assistent: Linda Hjelle i om lag 100 % stilling. Assistent: Silje Instanes Bakke i om lag 60 % stilling. Assistent: Line Kathrine Dalsbø i om lag 60 % stilling Vikarar: Else Bjørlo Alle som jobbar i barnehagen har teieplikt, ein har likevel opplysningsplikt ovanfor barnevernet når ein har mistanke om at barnet er utsatt for omsorgssvikt eller mishandling. Personalet går vakter. Barnehagen kan kome til å ta imot skuleelevar og praksisplassar utover året.

Spor frå skriftlandskapet! Årets sportema er eit svevande tema. Vi har valt eit tema som gir våre små ein muligheit til å inspirere oss vaksne, la oss gripe tak i det som fenger små venner. Spor frå skriftlandskapet vil i våre tankar famne om ord som språk, teikn, litteratur, dikt, rim, musikk, song, foto, kunst, teikning, symbol, fantasi og kultur. Språk, vert nok ein viktig del av spor frå skriftlandskapet. Barn erobrar omverda gjennom språket. Ved hjelp av språket skapar, gjenskapar og held vi fast ved det viktige i vår eigen kultur og samfunn. Språket, både munnleg og skrifteleg utviklast og veks på denne måten fram i sosiale situasjonar med leikekameratar og vaksne, i kvardagssituasjonar, tilrettelagte aktivitetar og i leiken. I barnehagen skal barn få anledning til å utvikle eit rikt og nyansert talespråk, evna til å kommunisere med andre, uttrykke tankar, utvikle ordforrådet, kunne leike med ord, få interesse for skriftspråket og symbol. For å gjere det mulig, er det dei vaksne si oppgåve å skape rikeleg med anledningar og utnytte situasjonar der barn kan samtale og utvikle sin språkevne. Kvardagssituasjonar som stell ved bleieskift, måltid, påkledning, småprat ute og inne er slike viktige situasjonar som er den beste måten for dei små å utvikle si språkevne. Det å bli kjent med symbol som bokstavar og tall er også viktig. Det å vite kva bokstav som er sin eigen, kanskje kjenne mamma og pappa sin bokstav, er ein fin måte for å vekke interessa for det som seinare vil vere viktig i leseutvikling. La barn få bli nyfikne og lær og kjenne igjen enkle symbol og forstå at symbola har ein funksjon. Bokstavar blir til ord, som kan bli kjekke forteljingar eller songar. Vi vil jobbe meir med Land Art, eller kunst ute. Land art er ein fin arbeidsform, med tanke på vår barnegruppe. Det er ei arbeidsform som lar oss vere opne for barns impulsar og medverke på sitt nivå. Repetisjon er viktig for dei minste barna, derfor blir bøker, eventyr og songar repetert mange gongar. Typisk for små barns interesse er gjenntaking, men med variasjon over temaet. Vi ser at dei minste må få bruke kroppen kombinert med språk og leik. Det er og viktig at barna har trygge stabile vaksne som er med dei når dei utforskar for å lære og oppdage nye ting. Det å vise barna ein song med ulike utrykk, gjerne som song, som tekst i ord og bokstavar, med musikk, gjennom foto eller formingsaktivitet gjev dei eit spesielt forhold til songen eller forteljinga. Det gjev barn høve til å forstå, og huske gjennom mange sansar. I staden for å jobbe med å lytte og hørselssansen, nyttar ein syn, rørsle, smak, lukt og taktile sansane. Ein får brukt kroppen til bevegelsar eller dans,

ein får kjenne, smake og lukte når ein tek i bruk element som måling og forming i ulike materiale og nytta berøringssansen til å kjenne på det ein arbeider med. Til dei minste er ofte det enkle det beste, korte songar og eventyr. Også brukar vi det mange gongar, men gjerne med ulike måtar å vise det på og med ulike media. Kanskje nyttar ein internett og data, kanskje er ein i skogen og tryllar fram Bukkane bruse eller Mikkel rev. Ein dag er det Lille trille som er med oss opp i ei pannekakerøre. Kanskje pannekaka rett og slett rømmer, frå mor og far og ti skrikarungar! Vi har eit tema som kan la ban og vaksne i Snøkrystallen blomstre, med akkurat det dei er gode på. La seg inspirere, gripe augeblinken og vere kreative! Eit av fokusområda, i kvalitetshevingarbeidet vi har i lag med dei andre barnehagane, var samlinga. Dei tankane vi laga rundt samlinga i Snøkrystallen,var ein arbeidsmåte som falt i smak både hos små og store. Vi gledar oss til arbeidet vidare ut over hausten, med språk, skriftlandskapet, årstider, samlingar og alt det andre barnehagen vår er! Vi kan avslutte med eit sitat frå boka Magiske samlingsstunder: Dersom barnehagefolk blander erfaringar frå tidligare samlingar, kunnskap om barn og litt magisk tankegang, så er de meir enn nok kreative til å skape glitrande samlingar Lille trille vart teikneserie på veggen i Snøkrystallen, til stor glede for små og store. Ungane blanda fargane rødt og gult og fekk oransje, så fekk dei eldste klippe med hjelp. Alle limte på auger og hender der dei skulle vere på sin Lille trille

Barnehageåret. Haust, vinter, vår og sommar. Årstida som påverkar oss, og set spor. Hausten - September, Oktober og November. I år igjen, må vi nok seie at det beste med hausten må vere variasjon! Hausten i barnehagen byr på mange element som skaper variasjon. Kvart år er det typisk for barnehagen med er tilvenning om hausten. Vi får nye venner og det er mange nye både barn og vaksne som skal bli kjende med kvarandre. Og nye venner gir variasjon i leik, songar, idear, utvikling. Ingenting er som før sommaren. Været skiftar fortare, vi kan ha sommar og kalde haustdagar på ei veke, og det gjev variasjon i uteleiken og sanseinntrykk. Vi har vind, sol, regn, tåke, kule, varme og av og til snø på hausten. Denne hausten blir vi kjent med aktivitetar som sangstund, samling inne eller ute til tema frå skriftlandskapet. Kanskje er det ein song, ei regle eller eit eventyr som har latt oss inspirerer. Om hausten gjer vi ulike aktivitetar i barnehagen. Desse kan vere knytt til forskjellige tema som for eksempel tilvenning, spor og årstida hausten. Rammeplanen med sine sju fagområde ligg til grunn i alt arbeid vi gjer i barnehagen.

Om hausten prøver vi å gjere: Vi ser på haustteikn, og spora hausten set på det rundt oss ute Vi snakkar om klede, kva vi må ha på i forhold til været. Vi ser i bøkene til kvart enkelt barn og familiane, og blir kjent med kvarandre Vi målar og lagar haustbilde, som vi dekorerer med inne Vi lærar oss songar om hausten og bli kjent med bøker og regler om hausten. dei eldste får gå på små turar i skogen og på biblioteket. Tur til Silje sin gard for å sjå på dyr og leike. Mot slutten av hausten lagar vi hemmelege ting, som ingen får sjå før dei sitt på julekvelden og opnar gåver får sine små!

Viktige datoar i haustmånadane: 16. august er første dag i årets barnehageår. 30. august har vi informasjonsmøte for foreldra. SEPTEMBER 3. og 17. september lagar vi varm mat. 12. september blir Emma-Louise 2 år! Hurra! OKTOBER 1., 15. og 29. oktober blir det varm mat. 5. oktober blir Malene 2 år! Hipp hurra! 08. og 09. oktober er planleggingsdagar i barnehagen og barnehagen er stengt. 12. oktober blir Liam 1 år! Gratulerer. Veke 42 har vi brannøving i barnehagen. 21. oktober blir Jonah 2 år! Hurra! NOVEMBER 11. november er farsdag. 12. oktober lagar vi varm mat. 20. november blir Tuva Aleksandra 2 år! Hurra! 26. november baker vi til adventskaffi og advent!

Vinter - Desember, januar og februar. Det beste med vinteren må være alle sanseopplevingane i vår barnehage. Vi startar i desember med ein spennande og heilt forandra barnehage. I vår barnehage markerer vi advent, så kan familiane feire jul heime. Vi kosar oss i heile desember med adventsaktivitetar, ulike tradisjonar vi har laga oss, og ein lilla barnehage med mange sanseopplevingar både ute og inne. Vinteren gir oss mange sanseopplevingar frå snø, is og kulde som både kan smakast, sjåast og kjennast i heile kroppen. Barna opplever mørke morgonar og det blir mørkt før ein går heim. Ute sett naturen nye og andre spor med denne årstida. Det vert meir innetid med små barn som gjev seg utslag i meir songstuder. Bøkene vert flittig nytta av små, store, og mange i lag. Når det er kaldt og mørkt ute er det ingenting som er meir kos enn å sitte på eit fang å lese i ei bok, eller høyre eit eventyr bli fortalt. Vinteren har ulike tema som den vert ramma inn av. Vi er opptekne av årstida vinter og gjennom skriftlandskapet kan vi setje spor i vinterlandskapet ut og barnehagen inne. I sporarbeid kan vi nytte formingsaktivitetar både ute og inne og ein kan jobbe med land art ute i vinterlandskapet. HUSK: Viktig å ha varmt tøy i barnehagen. Både til å vere ute i og ekstra varmt tøy til å sove i ute. Små nok vottar og store nok sko. Husk å ta ut skosolen og måle, barnefoten veks fort og treng 12 mm såle fram om stortåa! Husk å merke nye klede før ein kjem etter juleferien Barnehagen har solkrem, men det kan vere godt med solbriller. Lyset blir skarpt når vi har sol og snø ute!

Vinter i barnehagen: Songar, historier, bøker om vinteren, gamle og nye julesongar er spor frå skriftlandskapet. Snø og is byggeprosjekt. Vi lagar kanskje islykter, bygger snødyr og snømenn Sparketurar. Former ute og inne. Sola som kjem tilbake etter nyttår. Advents gudsteneste ein dag i desember. Felles gudsteneste for alle barnehagane i kommunen. Solfest. Vi heng ord om vinteren i treet vårt i hagen. Ake, turne skli i snø! Treet vår blir pynta med lys og adventspynt, og får jobben som juletre i desember! Viktige datoar i vintermånadane: DESEMBER 3. desember er barnehagen lilla! 9. desember er Olav 2 år! Hipp hurra. 10. desember lagar vi til adventskaffi for foreldra ved henting. Vi lagar til ute, så kle deg godt! 13. desember er Luciadagen. Ein av dagane vert det barnehagegudsteneste, dato kjem vi tilbake til. 21. desember er siste dag før jul. Romjula er barnehagen stengt. Vi ønskjer alle ei god jul! Og eit godt nytt år! JANUAR 2. januar er det planleggingsdag. Barnehagen er stengt! 3. januar er første dag etter nyttår! 14. januar blir Ole-Jakob 2 år! Hurra! 7. og 21 januar er det varm mat. I veke 3 eller 4 vert det solfest om vi får fint vær! Da feirar vi med solbollar og gul saft! FEBRUAR 4. og 18 er det planlagt varm mat. 10. februar er morsdag og søndag før faste. 14. februar er alle hjerters dag.

Vår! - Mars, april og mai. Det beste med våren må vere alt liv som vaknar etter vinteren. Vinteren forsvinn, inne blir bøker og songar bytta ut med nye tekstar, songar, rim og regler. No er det våren og nytt lit som er viktig, vi jaktar på vårspor som dukkar opp over alt, både ute og inne. Med våren får vi meir utetid og det vert mange små og lengre turar no på våren. På desse turane ser vi på at naturen vaknar til liv, vi ser blomane som veks opp av marka, livet hos dyra. Vi prøver med dette å lære oss litt om naturen rundt oss, mykje kan lærast med bøker, bilde men vi må også ut! Dei eldste i år, får fleire turar i skog og mark og til biblioteket. Elles nyttar vi tida til å leike og lage land art ute. Om våren startar sesongen for å ete mat ute, både matpakke og mat vi lagar og tar med på tur. Våren er spennande med skiftande vær og skiftande temperatur. Og kva er vel betre den første dagen i barnehagen med lette springesko og lette dressar? Det er noko av høgdepunkta med våren. Når ein endeleg kan bytte ut vintersko og støvlar med lette småsko. HUSK: Det er viktig å ha både varmt tøy, men og litt lettare klede utover våren. Når sola kjem for fult i barnehagen vår, blir det fort varmt i solveggen!

Om våren prøver vi å få til: Tur til Hennebygda. Påskelunsj for barna i barnehagen. Vi lagar påskepynt og pyntar til påske. Vi pyntar treet vårt med fine påske egg! Vi lærer 17. mai songar og vårsongar. Vi ser på vårteikn. Tur til Silje for å sjå på lam og andre vår spor. Tur til våsetra og utsikten. Vi ryddar og gjer klart for våren ute. Plukkar rusk og rakar og kostar. Hoppar i søyler. Ser på snø og is som smeltar. Det blir spennande å sjå kva som skjer med treet vårt no om våren. Viktige datoar i vårmånadane: MARS 4 og 18. mars er det varmmat. 25. og 26. mars er arbeidsdagane i påskeveka, det bindande påmelding desse to dagane. 31. mars stiller vi klokka til sommartid, ein time fram! APRIL 8. og 22. april er det planlagt varmmat. MAI 1. mai er off. høgtidsdag Ein dag før 17. mai feirar alle barnehagane vårfest med barnehage tog i sentrum. 9. mai er kristi himmelfartsdag 10. mai er planleggingsdag for personalet. Barnehagen er stengt 17. mai er grunnlovsdagen. 19. mai er pinsedag. 20. mai er 2. pinsedag. 23. mai planlegg vi tur til vårsetra og tek med oss mat. 30. mai planlegg vi vårtur til Hennebygda.

Sommar Juni, juli og august Det best med sommaren må vere at vi har tid. Meir tid til å kose oss, vi har tid til å vere ute, gå på tur og nyte dei siste månadane i lag, før ferie og overgang til større barnehage. Eller frå å vere minst til størst i barnehagen vår. Vi ser på sommaren som set sitt spor på landskapet rundt oss. Og i barnehagen jobbar vi med å skape, vi skaper minner frå tida ein har vore i barnehagen. Vi lagar både spor til og frå skriftlandskapet. Vi lagar spor til å ta med seg når ein sluttar, eller spor frå året som har gått. Vi lagar spor for å vise alle spora vi har laga og sett, opplevd og lært i løp av barnehageåret som har gått. Og alle spor som vi har samla, i alle tenkelige former. Ja, dei vil vi vise til mamma, pappa og familien vår på sommarfesten. Så utover våren og sommaren jobbar vi mot det, å lage ein kjempefin sporutstilling som ramme for ein familiesommaravslutningsfest HUSK: Barnehagen har solkrem. Husk å ta med solhatt og solbriller på varme dagar. Om sommaren prøver vi å få til: Sentrumsdag med henting ved hærmuseet. Sommarfest med stor sporutstilling ute og inne i heile barnehagen. Småturar i nærområdet og til Silje. Vi får vaske leikane! Vi syng sommarsongar og andre songar. Dei som skal slutte, prøver vi å få til å besøke den nye barnehagen. Vi plukkar blomstrar, lærer namn.

Viktige datoar i sommarmånadane: JUNI 4. juni baker vi til sommarfesten. 21. juni planlegg vi ein sentrumsdag med henting ved hærmuseet. 18. juni blir Storm 2 år! Hurra! 23. juni blir Thomas 3 år! Gratulerer! 23. juni blir Tuva 2 år! Hurra! 24. juni er jonsokdag. JULI 7. juli blir Iver 3 år! Gratulerer! 20. juli er siste dag før tre veker feriestengt barnehage. AUGUST 12. august er første dag etter sommarstenging. 14. august er siste dag i dette barnehageåret. 15. august er planleggingsdag for personalet i alle barnehagane. 16. august er første dag i barnehageåret 2013-2014. Dei som skal endre prosent, eller bytte barnehage begynner med dette no. Ferie stengt i vekene 30, 31 og 32 etter avtale på foreldremøtet 28. august 2012. Vi avsluttar med å seie: LYKKE TIL I NY BARNEHAGE!, til alle dei gode vennane våre som skal slutte hos oss. Også ønskjer vi alle ein fin sommarferie, med mange fine spor. Vi takkar for året som har gått, med mange flotte spor i ulike variantar. Vi gledar oss til nytt år med nye og gamle venner i Snøkrystallen. Då med ny treårsplan og nytt mot igjen!