HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200910148-1 Arkivnr. 831 Saksh. Ådlandsvik, Lise Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 10.02.2010 17.02.2010-18.02.2010 ENDRINGAR I TAKSTREGLEMENTET FOR BUSS OG SNØGGBÅT I HORDALAND SAMANDRAG I samband med innføring av nytt billetteringssystem er det trong for å gå gjennom takst- og rabattreglementet i Hordaland. Det vil i ein overgangsperiode vere to takstreglement i Hordaland. Etterkvart som det nye billetteringssystemet vert innført, vert det gamle reglementet fasa ut. Fylkesrådmannen rår til at forslag til endringane vert godkjent. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Fylkesutvalet godkjenner forslag til nytt reglement for takst og rabattordning for buss og snøggbåt i Hordaland gjeldande frå 01.03.2010 gamalt billettsystem (BUSPOS) 2. Fylkesutvalet godkjenner forslag til nytt reglement for takst og rabattordning for buss og snøggbåt i Hordaland gjeldande frå 01.03.2010 nytt billettsystem Paul M. Nilsen Magnus Vestrheim Vedlegg: Reglement for takstar og rabattordningar for buss og snøggbåt i Hordaland gamalt billettsystem (BUSPOS) Reglement for takstar og rabattordningar for buss og snøggbåt i Hordaland nytt billettsystem 1
FYLKESRÅDMANNEN, 02.02.2010: Innleiing I samband med innføring av nytt billetteringssystem er det trong for å gå gjennom takst- og rabattreglementet, slik at dette vert tilpassa det nye billetteringssystemet. Dette inneber ei endring i produkttypar og rabattordningar. Fleire saker innanfor billetteringsprosjektet har vore handsama i fylkesutvalet tidlegare. Fylkesutvalet handsama i møte 21.06.2007 sak 147/07, om billetteringsprosjektet gjeldande reiseprodukt og utsending av kort, og det vart fatta følgjande vedtak: 1. Fylkesutvalet godkjenner at det vert lagt opp til ei sanering av gjeldande produktspekter i samband med innføring av nytt billetteringssystem, og at dette vert erstatta av eit meir marknadsretta og enklare produktspekter. 2. Fylkesutvalet godkjenner at det vert lagt opp til direkte distribusjon av personifisert fleirbruksskort til alle innbyggarar i Hordaland over 15 år. Når billetteringssystemet er sett i drift, skal slik utsending skje regelbunde til nye potensielle brukarar. 3. Fylkesutvalet godkjenner at fylkesrådmannen får ansvar for å vurdera og setja i verk prisdifferensieringstiltak med sikte på å fremja sal av produkt utanfor transportmiddelet. Slik prisdifferensiering må vera avgrensa til dei områda i fylke der det er eit godt utbygd nett av billetteringsautomatar/kommisjonærar. Sak om dette vert lagt fram for fylkesutvalet før iverksetjing. 4. Fylkesutvalet godkjenner at det blir etablert ei ordning med innlevering av gamle kort for overføring av eventuell restverdi til nytt billettmedium. 5. Fylkesutvalet ber om at det i utarbeidinga av billetteringssystemet vert lagt vekt på omsynet til personvernet slik at personopplysningar ikkje vert henta inn og vert lagra i større omfang enn som er naudsynt. Fylkesutvalet handsama i møte 13.03.2008 sak 77/08, om billetteringsprosjektet gjeldande prisdifferensiering og nytt produkt, og det vart fatta følgjande vedtak: 1. For å oppnå ei meir effektiv drift av kollektivtrafikken vedtek fylkesutvalet eit prispåslag på kr 10,- pr. kjøp av reiseprodukt ombord på bussen. Prisdifferensieringa skal i første omgang gjennomførast for kjøp innanfor Bergen kommune sine grenser, når infrastrukturen for billetteringssystemet er på plass. 2. Fylkesutvalet godkjenner at det vert lagt opp til abonnementsordning som stimulerer til å teikne avtalar over lengre periodar. Eit periodeprodukt gjeldande for 180 dagar, til prisen av 150 dagar skal innførast som nytt abonnementsprodukt. For at også brukarane av dei dyre periodeprodukta skal kunna ta del i ordninga, vert det å innføra ei ordning kor 30 dagar periodeprodukt skal ha eit tak og ikkje kosta meir enn t.d. kr 2.500. Det vil i ein overgangsperiode vere to takstreglement i Hordaland. Eitt reglement som gjeld dei områda der det vert nytta BusPos billetteringssystem, og eitt reglement for områda med nytt billetteringssystem. Etterkvart som det nye billetteringssystemet vert innført, vert det gamle reglementet fasa ut. Definisjonar på ulike produkt EnkeltSkyss gjeld for ei enkeltreise på ei bestemt strekning eller innanfor eitt område. det finst rabattar for barn, honnør og vernepliktige. dersom tre eller fleire reiser saman, kan ein få grupperabatt. 2
Med PeriodeSkyss kan ein reise så mykje ein vil på ei bestemt strekning eller innanfor eit bestemt område. vaksen, barn, student/lærling/lærekandidat berre gyldig på eit personleg Skysskort gjeld i 30 dagar frå første gong PeriodeSkyss blir brukt UngdomSkyss kan kjøpast av ungdom frå og med fylte 16 år til og med den månaden ein fyller 20. UngdomSkyss kan brukast til eit uavgrensa tal reiser på buss, ferjer, NSB Lokaltog og båtruter i Hordaland. gjeld i 30 dagar frå første gong UngdomSkyss blir brukt gjeld ikkje på nattbussruter bare gyldig på eit personleg Skysskort kan brukast som betaling på Trygt heim-ruter pris: 295,- per månad KontantSkyss er kontoen for kjøp av kollektivreiser. Alle reiseprodukt kan betalast med KontantSkyss. gjev 17 prosent rabatt på enkeltreiser for vaksne innskot; minimum kr 200,- maksimum verdi på KontantSkyss kr 1500,- Forslag til endringar i reglementet Endringar i gjeldande reglement Rabatt for barn: I gjeldande reglement må born under 4 år betale om dei ikkje er i følgje med vaksen. Kvar vaksen kan berre ta med eitt barn gratis. Dette vil vidare seie at dersom to barn på 15 år og 3 år reiser saman, så må begge betala barnetakst. Rabattordninga for barn har hatt ulik tolkning og praksis frå sjåfør til sjåfør, både når det gjeld barn i grupper, og barn som reiser med barn. For å få til ein enkel og eins praksis vert det lagt opp til at alle barn under 4 år alltid reiser gratis. Det vil ha små økonomiske konsekvensar å endra dette vilkåret. Barnehagar som reiser med barn under 4 år kan få ein økonomisk vinst av dette. Utviding av studentrabatten: I gjeldande reglement har vaksne skoleelevar fått 17% rabatt når dei reiser minst 7 soner på rute med gjennomgåande takstar. I dag gjeld produktet i heile fylket unnateke Øygarden, Fjell, Sund og Askøy. Det vert lagt opp til ei universell rabattordning for heile fylket, og unnataka vert difor teke vekk. Dette tiltaket vil ha små økonomiske konsekvensar. Familierabatten: I gjeldande reglement kan vaksne og honnørreisande på einskildbillett ta med seg eitt barn gratis på laurdag, sundag, bevegelege helgedagar og julafta/nyårsafta, samt på kvardagar utanom rushtida mellom kl 09:00 og 14:00 og etter kl 17:00. Denne rabattordninga er vanskeleg å gjennomføre ved sal på billettautomatar/internett på grunn av at bruken er tidsavgrensa. Det vert no lagt opp til at ein vaksen- eller honnørreisande på enkeltbillett kan ta med eitt barn (mellom 4-16 år) gratis, og at tidsavgrensinga vert fjerna slik at rabattordninga vert gyldig til ei kvar tid. Det er her lagt til grunn at barn under 4 år alltid reiser gratis, jf Rabatt for barn. Dei økonomiske konsekvensane vert å rekna som små ved ei slik endring. Grupperabatt: Det har synt seg at det er trong for presisering av reglane kring grupperabatten. I gjeldande reglement heiter det at grupper på minst 3 personar som reiser saman har rett på 17% rabatt. Rabatt vert berre gjeve for vaksne reisande på ordinær takst. Betalande barn og honnørreisande tel med i talet på 3
reisande, men får ikkje særskild rabatt. Rabattordninga opnar for ulik tolking i forhold til kor vidt talet på barn tel med i talet på reisande. Dette gjeld særleg regelen om at eitt barn under 4 år reiser gratis i følgje med vaksen. Det er venta at ei endring vil ha marginal økonomisk konsekvens. Det vert difor lagt opp til følgjande presisering: Det er ei gruppe når tre eller fleire reiser saman. Dei vaksne i gruppa får 17% rabatt på ordinær pris, medan barn og honnør ikkje får særskild rabatt. Barn under 4 år skal alltid reise gratis, og tel dermed ikkje med i talet på reisande. Periodekort, honnør: Periodekort gjeld per i dag berre for Bergen. I Stord, Fitjar og Voss vert det i dag gjeve honnørrabatt på miljøkortet. Det vert lagt opp til at periodekort for honnør vert utvida til å gjelde i heile fylket. Rabatten er 50% av periodekort vaksen. Det er vurdert til å ha liten økonomisk konsekvens å utvida tilbodet til heile fylket. Dagskort: I gjeldande reglement gjeld dagskortet for eit uavgrensa tal reiser i 24 timar innafor sonene 110-114, 121 og 142 i Bergen. Produktet er i hovudsak tilrettelagt for tilfeldig reisande og turistar, samstundes som det er eit fleksibelt produkt som kan opne for nye kundegrupper/reisemønster. Det vert lagt opp til eit dagskort som gjeld innanfor området med einstakst i Bergen, utan særskild rabatt for barn/honnør/student/vernep./sivilt. 7 dagarskort: Dette produktet vart innført som særordning for skiftarbeidarar i Stord og Fusa. Produktet vart i starten (90-talet) subsidiert av arbeidsgjevar, og var gjeldande i 5 dagar. Som ei mellombels løysing i område med nytt billettsystem er produktet tilgjengeleg, med gyldig tid på 7 dagar. Prisen er ¼ av prisen for PeriodeSkyss 30 dagar, avrunda til næraste 5-kroner. Produktet er per i dag ikkje marknadsført som eit kommersielt produkt, og hovudvekta av salet skjer i Stord og Fusa. Det vil få merkbare økonomiske fylgjer å opna for eit slikt kort i heile fylket dersom ein ikkje prisar opp den fleksibiliteten som produktet gjev. Det vert difor lagt opp til at kortet vert prisa til ¼ av prisen for PeriodeSkyss 30 dagar + 25%. Produktet vert å marknadsføra i heile fylket som PeriodeSkyss 7 dagar. Fjerning av kort og produkt Me legg opp til å fjerna nokre av billettypane. Dette dels på grunn av lite bruk, endring i vilkåra eller teknisk vanskelege løysingar i det nye billettsystemet. Fritidskortet: I gjeldande reglement er kortet eit tilbod til dei som reiser kollektivt i helgene, og i vekedagane utanom rushtida. Kortet er personuavhengig, og kan nyttast til inntil 4 reiser per dag innanfor kommunane Bergen, Askøy, Os, Fjell, Sund og Øygarden. Kortet kan nyttast av fleire i same reisefylgje. Fritidskortet er gyldig i ein periode på ein månad. Det har synt seg at marknadsdelen på dette kortet er liten, og kortet er i stor grad erstatta av ungdomskortet. Det vert lagt opp til at fritidskortet vert fjerna. PeriodeSkyss Stord/Fitjar og Voss (tidlegare Miljøkortet): Stord, Fitjar og Voss har i mange år hatt eigne periodekort som ikkje er sonebasert; såkalla miljøkort. Prisen på desse korta ligg vesentleg under minsteprisen på eit ordinært periodekort. 4
Tabell over gjeldande pris på miljøkortet samanlikna med PeriodeSkyss vaksen: Soner PeriodeSkyss Voss Vaksen Vaksen Inntil 3 soner 740 455 Inntil 5 soner 900 660 Inntil 9 soner 1250 810 PeriodeSkyss Vaksen Stord/Fitjar Stord el. Fitjar 425 Stord og Fitjar 655 Ettersom det nye billetteringssystemet legg opp til kjøp på billettautomatar/internett, må ein ha universelle takst- og rabattordningar som gjeld i heile fylket. Me finn det vidare vanskeleg å vidareføra ei ordning der tre kommunar i fylket får ein særtakst som ligg vesentleg under ordinær takst. Me legg difor opp til å ta vekk dette kortet og syna brukarane til ordinære periodekort. Sentrumstaksten: I gjeldande reglement kan det innan sone 110 (Bergen sentrum) løysast sentrumsbillett. Sentrumsbilletten gjev ikkje rett til overgang, og kan ikkje nyttast som tilleggsbillett ved periodekortreise. Sentrumstaksten er eit produkt med avgrensing innanfor området med eins takst, og det krevst eit visst kjennskap til sonesystemet for å kunna kjøpa billetten. Det nye billettsystemet legg opp til stor grad av sjølvbetjente kanalar, slik som internett og automatar. Det vil mellom anna ikkje vere billettering om bord på Bybanen. Samstundes er det vedteke at billettar som vert kjøpt ombord på bussen skal få eit påslag på 10,- kr. Dette inneber at når det nye billettsystemet vert i verksett vil det vere svært vanskeleg å handtere korrekt sal av denne billettypen, jf pris, sone og salskanal. Det vert lagt opp til å fjerne sentrumstaksten for Bergen. Fri reise mellom Olav Kyrresgate og Bystasjonen t/r: I gjeldande reglement kan dei reisande nytta bussar merka med 100, gratis mellom Olav Kyrresgate Bystasjonen og Bystasjonen Olav Kyrresgate. Linjenummer 100 tilseier at bussen har endestasjon på Bystasjonen. I den nye rutestrukturen vil bussrutene få ny linjenummerering. Linjenummer 100 vil ikkje lenger verte nytta. Dette fører til at bussane med endestopp på Bystasjonen ikkje lenger vil grupperast med same linjenummer. Det vil dermed ikkje vere klart for dei reisande kva for bussar som går denne strekninga. Det vert lagt opp til å fjerne den frie reisa mellom Olav Kyrresgate og Bystasjonen t/r. Nye billettypar og kort I det nye billetteringssystemet vil billett- og korttypar få nye namn og det vert innført nye billettypar. PeriodeSkyss 180 dagar Det vert lagt opp til eit 180 dagarskort til prisen for 150 dagar. Kortet er tenkt for dei som tek bussen regelmessig. Dette tiltaket kan vonleg gje fleire faste reisande. Erstatningsprodukt Det vert lagt opp til å innføra to typar erstatningsprodukt for personlege Skysskort; eit for PeriodeSkyss/UngdomSkyss, og eit for KontantSkyss. 5
Erstatningsproduktet vert utdelt av sjåfør, kommisjonær eller kundesenter ved feil på Skysskortet. Ved PeriodeSkyss og UngdomSkyss får kunden eit erstatningsprodukt for 7 dagar (14 reiser tur/retur). Ved KontantSkyss får kunden eit erstatningsprodukt for 2 reiser (tur/retur). Begge produkta har uavgrensa tal soner. Ved tap av personleg Skysskort må eigaren venda seg til Skyss kundesenter for refusjon. For å oppnå refusjon må det vere meir enn sju dagar att av perioden, eller meir enn 50 kroner att på KontantSkyss. Det vert ikkje gjeve refusjon ved feil eller tap av anonyme Skysskort. Gjennomgåande billettering Det er opna for gjennomgåande billettering uavhengig av transportmiddel. Uavhengig av operatør og reisestrekning, skal kunden kunne kjøpe billett for heile reisa på første transportmiddel eller på billettautomat/internett. Overgang mellom transportmiddel skjer ved at kunden sjekkar inn elektronisk. Overgangsrettar Det vert i dag ikkje gjeve overgangsrett når det er ei togreise mellom to bussreiser. Dette vert oppfatta som urimeleg då det i dag vert gjeve tilsvarande overgang for båt og ferje. Ein slik overgangsrett påverkar ikkje prisen på togreisa, berre prisen på buss nr. 2. Det vert lagt opp til innføring av overgangsrett mellom buss og tog, når reisa omfattar tog mellom to bussreiser. Endringa vil ikkje ha merkbare økonomiske konsekvensar. Fylkesrådmannen sine kommentarar Innføringa av nytt billetteringssystem i heile fylket krev tilpassingar og endringar i takst- og rabattreglementet. Hovudpremissane for dei endringane som det er lagt opp til i saka er ei forenkling. Nokre rabattordningar er fjerna, og andre er gjort ålmenne. Prispåslaget på kr 10,- per kjøp av reiseprodukt ombord på bussen kjem me tilbake til i samferdselsutvalet og fylkesutvalet når vilkåra for innføring av dette er tilstades. Så langt har me hatt for mange rabattordningar. Når me no legg opp til forenkling vil det føre til at nokre reisande får dyrare billett og andre rimelegare. Det viktigaste omsynet ein har i denne endringa er at det vert lagt opp til at kundane no for det meste skal betjena seg sjølv anten ved kjøp på automat og etterkvart i større og større grad via internett. Det føreset eit universelt system utan spesialordningar for einskilde delar av fylket. 6