Dato: 21.02.11 Prosjektplan Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule i Stord kommune Plan for eit samanhengande og samordna arbeid med språk, språkutvikling, språkmiljø, språkbruk og språklæring i barnehagen og grunnskulen i Stord kommune. Prosjektplan forstudien 1. Mål og rammer 1.1 Bakgrunn Dei siste åra har det vore fokus på språk, språkutvikling, språkmeistring og språklæring. I sterkare grad byggjer ein på tankar og idear som språkfilosofen Ludvig Wittgenstein la til grunn, t.d. i formuleringane om at språk læring går føre seg i sosiale situasjonar, dvs. i naturlege språksituasjonar, der ein bruker språket om noko. Det pedagogiske grunnlaget finn ein hjå den russiske pedagogen Lev Vygotsky som også understrekar at språklæring går føre seg i sosiale situasjonar, eller naturlege språksituasjonar, at ny læring byggjer på barnet og eleven kan og meistrar frå før. Tenkjemåten vert kalla det sosio-kulturelle læringssynet. Fleire stortingsmeldingar om språk og læringsarbeid, Rammeplan for barnehagen (2006) og Læreplan for grunn- og vidaregåande skule (2006) byggjer på dette idegrunnlaget og desse prinsippa. Me finn også dette grunnlaget att i vedtak og planar i Stord kommune, t.d. Styringsdokumentet for oppvekst og i Kommuneplanen (sjå drøftingsnotatet som er vedlegg til denne planen). Som eitt resultat av denne tenkinga vert det t.d. i Læreplan for grunn- og vidaregåande skule nedfelt at --utvikling av grunnleggjande ferdigheter skal inn i alle fag og skal integrerast i kompetansemåla. Dei grunnleggjande dugleikane (ferdighetene) er å: -kunna uttrykkja seg munnleg - kunna uttrykkje seg skriftleg - kunna lesa - kunna rekna - kunna bruka digitale verktøy -kunna meistra sosiale situasjonar 1
Tenkinga og prinsippa er i tråd med internasjonale tilrådingar. 1.2 Prosjektmål for heile prosjektet 1. Laga ein samordna og samanhengande plan for arbeidet med språk, språkutvikling, språkbruk og språklæring i barnehage og skule i Stord kommune. Planen byggjer på idegrunnlaget og prinsippa som er nedfelt i Rammeplan for barnehage og Læreplan for grunn- og vidaregåande skule. 2. Laga plakaten Kvalitet i språkarbeidet, eit rettleiings- og idehefte som fortel korleis ein i barnehagen og i skulen kan arbeida systematisk med å utvikla språkdugleik og språkmeistring integrert i ulike fag, emne og i språksituasjonar elles, og ein informasjonsfaldar for føresette.. 3. Laga eit praktisk sloleringsopplegg for dei som arbeider i barnehagen og i skulen. 1.3 Forstudien 1.3.1 Mål 1. Drøfta grunnlaget og læringsprinsippa i planane for barnehage og skule, og avklara arbeidet i prosjektet. 2. Laga plakaten Kvalitet i språkarbeidet. Plakaten viser døme på kva ein bør gjera i barnehage og skule for å skapa språkmiljø som fremjar ei god og systematisk språkutvikling, god språklæring og språkutfalding for det enkelte barnet og den enkelte eleven. 1.3.2 Effektmål Kvar barnehage og kvar skule i Stord kommune har fått utlevert plakaten. Barnehagar og skular har fått informasjon om prosjektet. 1.3.3 Rammer Ramma for Forstudien er å få på plass arbeidsgrunnlaget, og å laga ein plakat som gjev innspel til kva som kan gjerast i barnehagen og i skulen for å få til eit tenleg språkmiljø og godt språkarbeid. 1.3.4 Omfang og avgrensing Prosjektkoordinator/prosjektleiar samlar kunnskapar frå pågåande prosjekt, skaffar materiale frå andre aktuelle område og saman med prosjektgruppa og vurderer kva som kan gjerast for å få gode språkmiljø og godt språkarbeid. Referansegruppa vert rekt aktivt inn i deler av dette arbeidet. Det vert lagt vekt på å finna metodiske løysingar når det gjeld å integrera systematisk arbeid med dei grunnleggjande dugleikane i ulike aktivitetar, fag, emne og sosiale situasjonar. I forstudien er Tjødnalio barnehage, Furuly barnehage, Sagvåg/Litlabø barnehage, Tjødnalio skule, Rommetveit skule og Litlabø skule med. 1.3.5 Organisering 2
Prosjektet vert organisert som eit PLP-prosjekt, følgjer opp og får kunnskapar og døme frå pågåande prosjekt og hentar aktuelle kunnskapar elles. Prosjektet er m.a. oppfølging av fleire prosjekt som er i sluttfasen. Prosjektleiarane for desse prosjekta er med i prosjekt-/referansegruppa. Det gjeld: Prosjektet språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. Prosjektleiar Ragnhild Storebø Prosjektet Lesedugleik i Stord kommune. Prosjektleiar Liv Gjertrud Koløen Prosjektet Rutinar og utfordringar i samband med spesialundervisninga. Tilpassa opplæring. Prosjektleiar Mari Espeland Prosjekt Vurdering (dialogbasert metode). Prosjektleiar. HSH. Tjødnalio og Sagvåg skular har vore med i dette prosjektet. I 2010 vart det etablert eit eige prosjekt mellom HSH og ungdomsskulane. Alle desse prosjekta kan i større elle mindre grad gje kunnskapar om - og tilfang til - korleis ein kan organisera språklæringa og den sosiale samhandlinga integrert i praktiske og reelle språksituasjonar. I tillegg til kunnskapane frå desse prosjekta må ein sjå språkopplæringa i lys av t.d. kunnskapar om munnleg bruk av språk,, lesing, bildespråk, lydspråk, skriftleg bruk av språket, kunstnarlege aktivitetar, språklege verktøy, språket knytt til arbeid og praktiske situasjonar, analyse og vurdering av språk og språksituasjonar m.m. Resultatet av ein slik prosess og denne planen vert at kommunen får eit praktisk og metodisk grunnlag for språkarbeid i barnehagen og skulen. Tankane, ideane, metodane og arbeidsmåtane skal ein nytta i arbeidet i fag/emne og i praktiske og fysiske aktivitetar (jfr. føringane om arbeidet med språket i Rammeplan for barnehagen, og kravet om at grunnleggjande dugleikar i Læreplan for grunn- og vidaregåande skule skal integrerast i ulike fag/emne og i ulike praktiske, estetiske og fysiske aktivitetar). Barn og unge i Stord får utvikla talenta sine og oppleva meistring i kvardagen. (Styringsdokument for oppvekst Stord kommune 2007-2015, Målsetting, kulepunkt 1.). I forstudien drøftar og vurderer ein idegrunnlag, prinsipp, tenkjemåte. På denne bakgrunnen lagar prosjektgruppa ein plakat som viser døme på kva ein bør gjera i barnehage og skule for å skapa språkmiljø som fremjar ei god og systematisk språkutvikling, språklæring og språkutfalding for det enkelte barnet og den enkelte eleven. I forprosjektet vel ein ut punkt frå plakaten som ein prøver ut, og skaffar seg kunnskapar om organisering, språkutvikling, språk, språklæring m.m. bygd på idegrunnlaget i planane.. I forprosjektet arbeider ein også ut rettleiings- og idehefte, og eit praktisk rettleiings- og øvingsprogram for førskulelærarar og lærarar, og ei informasjonsbrosjyre mynta på føresette.. I hovudprosjektet vert planen implementert i alle barnehagar og alle skular m.a. ved hjelp av ideheftet og læringsprogrammet. 1.3.6 Ansvar. Forstudien Prosjekteigar: Komite for oppvekst og utdanning Prosjektansvarleg: Reidun Myklebust Prosjektleiar/prosjektkoordinator: Atle Bjørn Mæhle Arbeidsutval: Barnehagekonsulent, skulekonsulent og prosjektleiar. 3
Prosjektgruppe: Einingsleiarar frå prosjekteiningane, Skulekonsulent, Utdanningsforbundet Prosjekthospitantar: To lærarar frå Tjødnalio skule 1.3.7 Referansegruppe. Forstudien Barnehagestyrane, rektorane, PPT, Stord folkebibliotek, HSH, Stord Folkemuseum, Leserettleiarane (nettverksgruppe) 2. Avgjerdspunkt, oppfølging og milepelar 2.1. Avgjerdspunkt Forstudien: Februar 2011-31.05.11 Politisk handsaming i Komite for oppvekst og utdanning: 8.mars 2011 og 31.mai 2011. 2.2 Oppfølging Prosjektleiar rapporterer til prosjektansvarleg. Ein gong i månaden og etter behov. Prosjektgruppa har møte ein gong for månaden. Forstudien vert drøfta med barnehagestyrane, rektorane våren 2011 når dei har leiarmøte. Plakaten ferdig til 01.05.11.. Informasjon. Forstudien vert avslutta med frist 31.05.11. 2.3 Milepelar Nr. Dato Milepæl 1. 10.04.11 Plakaten ferdig 2 31.05.11 Komite for oppvekst og utdanning 3. Risikoanalysar og kvalitetssikring 3.1. Kritiske suksessfaktorar Risikofaktor S K RF Tiltak Medlemmene i prosjekt- og referansegruppa prioriterer arbeidet 2 4 8 Reduserer tal møte. Deltakarane vert motivert til å prioritere prosjektet. Manglande økonomi 3 4 12 Reduserer aktiviteten i høve reduksjonen. Utan naudsynte midlar vert prosjektet lagt bort. 4
3.2 Kvalitetssikring 4. Gjennomføring 4.1 Hovudaktivitetar Kva Når Kven Ansvarleg Resultat Møte i prosjektgruppa Februar: Mars: April: Prosjektgruppa Prosjektleiar Møte i referansegruppa Info-/drøfting rektorar/ barnehagestyrarar Mai: Mars: April: Februar - april Referansegruppa, prosjektleiar og ev. prosjektgruppa Rektorar Barnehagestyrarar Utarbeida plakat Februar-april Prosjektgruppa Referansegruppa Andre Prosjektleiar Skulekonsulent Barnehagekonsulent Prosjektleiar 4.2 Tids og ressursplanar 5. Økonomi Prosjektbudsjett Handling Kostnad pr Totalt antal Kostnad time tima r Prosjektleiing 30 000 Møte 1 000 Vikar 10 000 Ymse I alt 41 000 Dato: 5
Prosjektleiar Prosjektansvarleg Vedlegg: Samtalenotat. Vedlegg til prosjektplanen Språkmiljø og språklæring i barnehage og grunnskule i Stord kommune. 6