Fra: Sendt: Til: Emne: Vedlegg: RigmorBjerche<rigmor.bjerche@stfk.no> 5. februar201611:44 PostmottakSTFK;PostmottakNord-TrøndelagFylkeskommune TRØNDELAGSUTREDNING, høyringsvar SLSørTrøndelagHØYRINGSUTTALE om samanslåingav trøndelagsfylka.docx Goddag! Høyringssvartil Trøndelagsutredningenliggved. Vennleg helsing Rigmor Bjerche FylkesleiarSL Sør-Trøndelag Rigmor Bjerche Adjunkt (med tilleggsutdanning) Heimdal videregående skole Postboks 9623 Saupstad, 7478 Trondheim Lync adresse: rigmor.bjerche@stfk.no / 91382984 72 59 27 00 (sentralbord) www.heimdal.vgs.no
Y SZR-TRGNDELAGFVLKE
á
HØYRINGSUTTALE om samanslåing av trøndelagsfylka.: Skolenes landsforbund (SL) Sør-Trøndelag fylkeslag er, med nokre atterhald, positive til ei samanslåing av trøndelagsfylka. Me trur det vil vera gunstig med ein stor trøndelagsregion både for næringsliv, samferdsel og samfunnsplanlegging generelt. Då vert det, etter vårt syn,lettare å få til gode heilskapelege løysingar som sikrar fornuftig bruk av ressursane til beste for heile regionen. Skal samanslåinga ha noko føre seg, vil me likevel presisera at meir mynde og makt må verta flytta frå Osloområdet, og at kommunestrukturen ikkje vert utsett for press om store endringar. Den nye regionen kan då føra ein sjølvstendig politikk på fleire felt enn det fylka har ansvar for i dag, og med det fungera som eit reelt forvaltningsnivå. Vidaregåande skule. Ettersom me er eit skuleforbund, er det sjølvsagt at det er dei vidaregåande skulane me er mest opptekne av. I kapittel 8.2 i Trøndelagsutredningen står det litt om korleis nordfylket og sørfylket organiserer vidaregåande opplæring i dag. Me legg merke til at Nord-Trøndelag i større grad enn Sør-Trøndelag har satsa på å leggja spesielt spissa linjetilbod til nokre bestemte skular, td. Meråker vg. skole og toppidrett, Mære landbruksskole og naturbruk, Ytre Namdal vg. og havbruk, Inderøy vg. skole og musikk, dans, drama. Desse skulane har fått ekstra ressursar frå fylket for å utvikla tilboda sine. I Sør-Trøndelag finn me dei same tilboda, td. naturbruk på Skjetlein vg. skole, havbruk på Frøya vg. skole, musikk og idrett på (mellom anna) Heimdal vg. skole. Desse skulane er likevel ikkje særleg satsa på med ekstra økonomiske ressursar slik det er gjort i Nord-Trøndelag. Med ein venta nedgang i totalt elevtal i dei to fylka og med felles fageining for vg. opplæring i ny regionsadministrasjon, ser me faren for skarp konkurranse om elevane og nedlegging av linjer og skular der det er svak innsøking fram mot 2020. Systemet med ekstra satsing på spesielle utdanningstilbod i den nordlege delen av regionen vil neppe kunne oppretthaldast. I følgje prognosane vil Trondheimsregionen på sikt vera den delen av Trøndelag som får størst auke i elevtalet i vg. opplæring etter 2020. Dermed er dette, naturleg nok, og den regionen som i minst grad kjem til å oppleva negative effektar for dei vidaregåande skulane dersom fylka slår seg saman. I eit "stortrøndelag" vil noverande Sør-Trøndelag i utgangspunktet stå for 2/3 av elevtalet medan nordfylket står for 1/3. Sør-Trøndelag har 22 skular, Nord-Trøndelag har 11. Her ligg det utfordringar, særleg med tanke på nemnde elevtalsvekst. Etter vårt syn bør ein vera i forkant og ha nokre føringar i høve til utfordringane dette fører med seg, og det bør vera på plass før ei eventuell samanslåing vert realisert. I Sør-Trøndelag har ein såkalla nærskuleprinsipp som gjeld når ein søkjer seg inn på vidaregåande skule. I Nord-Trøndelag finn ein ikkje tilsvarande, der gjeld berre dei generelle reglane for inntak som ein finn i opplæringslova. SL Sør-Trøndelag meiner nærskuleprinsippet må halda fram som hovudkriterium for inntak til dei vidaregåande skulane i ein trøndelagsregion. Etter vårt syn er det den beste måten å sikra elevtilgang til dei ulike vidaregåande skulane på, både dei som ligg sentralt og dei som er lokalisert ute i distrikta.
Trondheim kommune har signalisert at dei er opne for å ta over ansvaret for dei vidaregåande skulane i byen. Dersom samanslåing av trønderfylka vert ein realitet, må det liggja som ein premiss at så ikkje skjer. Dei vidaregåande skulane utanfor Trondheim vil verta vanskelege å driva på eit kvalitativt høveleg nivå viss ikkje ansvaret for dei vert liggjande på regionsnivå. Spesielt utkantskulane vil koma i skvis slik at det vidaregåande skuletilbodet kan koma til å verta kraftig sentralisert. Generelt Ulempene ved ein stor trøndelagsregion er store avstandar, fare for meir sentralisering og med det eit svakare demokrati. Særleg distrikta kan risikera å tapa på ei fylkessamanslåing, jamfør det som vart nemnd ovanfor. Regjeringspartia ønskjer ikkje å ha fylkeskommunar, dei vil ha store kommunar og sentral styring. Stortinget har gjort vedtak om at dei vil ha større regionar og tre forvaltningsnivå (jf. Stortingsdokument 8:26 S (2013 2014)) At Trøndelag er i forkant, kan vera er ein stor fordel i prosessen vidare. Hos fleire av innbyggjarane i Trøndelag, særleg dei i nordfylket, har det festa seg eit inntrykk av at samanslåingsideen er elitane sitt prosjekt. Saka var ikkje framme i valkampen, og dei som no promoterer samanslåing motsett seg folkeavstemming. I tillegg prøver kommunalminister Sanner å pressa på for å få til ei rask avgjerd i saka. Slikt vekkjer ikkje åtgaum i folket, og det skal ein ta på alvor. Det er no fleire som prøver å få i stand ei folkeavstemming om fylkessamanslåinga. Dei fleste opplever nok at det er mest demokratisk i ei sak som dette. Å skriva høyringssvar er for folk flest ein høgare terskel enn å gå til valurna. Samanslåing til gigantfylke (region) er i tråd med gjengs tankegang om at store einingar er meir effektive, økonomiske og velfungerande enn små. Dette er ikkje ei allmenngyldig sanning, i fleire tilfelle tvert i mot. Dersom ein trøndelagsregion fører med seg at trongen for færre og større kommunar vert redusert, slik at det vert lågare press på kommunar som ikkje ønskjer å slå seg saman med andre, kan det likevel verta ei lukkeleg løysing som ivaretek folkestyret både i det små og i det store. Skolenes landsforbund Styret i Sør-Trøndelag fylkeslag v/rigmor Bjerche