Omsorg TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM 1. F Ø R E M Å L Sikre heildøgns helsehjelp til brukarar som har eit tidsavgrensa behov for medisinsk behandling, rehabilitering og/ eller sjukepleie. 2. LOVGRUNNLAG Lov om helse- og omsorgstjenester 3-2, pkt. 6c. Lov om pasient- og brukerrettigheter 2-1. Lov om helsepersonell. Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie. Forskrift om kvalitet i pleie og omsorgstjenestene juni -03. Retningslinjer for skjerma eining for demente (skriv frå 2001) Forskrift om en verdig eldreomsorg (Verdighetsgarantien) 3. MÅLGRUPPE Personar med: Tidsavgrensa behov for medisinsk behandling/oppfylging, rehabilitering og/eller sjukepleie. Behov for hjelp og rettleiing til ernæring/kartlegging av ernæringsstatus Behov for lindrande behandling, pleie og omsorg ved livets slutt Behov for tilpassing av hjelpemiddel og opplæring i bruk av desse Behov for kartlegging av fysisk og psykisk funksjonsevne 4. KVALITETSMÅL Korttidsopphald i sjukeheim skal vera målretta og individuelt tilpassa brukar sitt behov for opptrening, behandling, kartlegging og planlegging av vidare tenestebehov.
Gjennom dette skal brukar: Oppleva tryggleik og velvære Oppleva medverknad i behandlinga Få hjelp til naudsynt og målretta trening Få hjelp til å ivareta eigenomsorg Få lindrande behandling og ei verdig avslutning på livet Pårørande skal etter samtykke frå brukar få informasjon og bli tekne med i avgjerder og planar for brukar. 5. TENESTEFORM Korttidsopphald er tidsavgrensa, men kan forlengjast etter behov og/eller på bakgrunn av ny søknad. Korttidsopphald blir primært tildelt ved Sivdamheimen. 6. TENESTETILBOD Korttidsopphald skal medverka til at brukaren får naudsynt behandling, trening og pleie i ein tidsavgrensa periode. Korttidsopphald skal vera målretta og individuelt tilpassa. Korttidsopphald skal nyttast til kartlegging og avklaring av vidare hjelpe- /tenestebehov etter avslutta opphald dersom det ikkje er snakk om avslutning av livet. Tilbodet er for brukarar over 16 år. Dersom brukar sine behov aukar, skal langtidsplass vurderast. Langtidsplass blir tildelt ved Bryneheimen eller i 1 etasje på Sivdamheimen (dersom det er behov for skjerming pga. demenssjukdom). 7. TENESTEOMFANG Heildøgns tilbod. Sikra medisinsk behandling, sjukepleie, kartlegging og trening/rehabilitering. Alle brukarar har sin eigen primærkontakt. 8. EIGE ANSVAR Ved korttidsopphald i sjukeheim har brukaren sjølv ansvar for: Personlege eigedelar/pengar han/ho har med seg Vask av private klede Innkjøp av hygieneartiklar
9. PRIS «Kommunen nyttar maksimum satsar fastsett av sentrale styresmakter i forskrift av 16.12.2011 nr. 1349». Betalingssatsane for omsorgstenestene vert regulert årleg og ligg på kommunen si nettside under «Helse og Omsorg». Prisen inkluderer måltider, medisinar, medisinsk og sjukepleiefagleg oppfylging samt tverrfagleg vurdering og oppfylging. Transport til og frå er ikkje inkludert. Heller ikkje transport til undersøkingar, til døme på SUS, dersom desse er avtalt før korttidsopphaldet tek til. 10. SØKNAD Brukar kan søkja om korttidsopphald i sjukeheim ved å kontakta tenesteområde omsorg ved hjelp av telefon eller eigenhendig søknad. Søknadsskjema finn ein enten på Time kommune si heimeside, www.time.kommune.no, under «søknad om omsorgstenestar eller ved å kontakte Servicetorget på tlf.:51 77 60 00. Ein kan og senda søknadsskjema til post@time.kommune.no.. Søknad sendas til: Time kommune tenesteområde omsorg Postboks 38, 4349 BRYNE. Ein kan og levera søknad ved Servicetorget på Time Rådhus. 11. KLAGE Vedtaket kan etter Lov om pasient- og brukerrettigheter 7-2 påklagast til Fylkesmannen i Rogaland innan 4 fire veker etter at vedtaket er motteke. Ei eventuell klage skal sendast til: TIME KOMMUNE, TENESTEOMRÅDE OMSORG, POSTBOKS 38, 4349 BRYNE I klagen skal du skriva kva du ønskjer å endra i vedtaket, og grunngi dette. Du kan få rettleiing av den som har behandla saka i samband med klagen. Klagen vert fyrst vurdert av tenesteeininga i omsorg som har fatta vedtaket. Dette for å vurdere om det er grunn til å endre på vedtaket. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen
Søkjar har som hovudregel rett til innsyn i dokumenta i saka, jf. Forvaltningslova 18. Vedlegg: Korttidsopphald i sjukeheim
Kvalitetsmål I Brukar opplever tryggleik og livskvalitet Indikator Delindikator Målepunkt Tryggleik Velvære Brukarmedverknad Føreseielegheit Informasjon/kompetanse Medverknad Eg har innverknad på hjelpa eg får. Eg får hjelp til sjølvhjelp Eg opplever å få nok tid i forhold til mine behov Eg har ein kontaktperson i avdelinga Hjelparane brukar namneskilt så eg veit kven dei er Eg får nok informasjon Eg syns hjelpa er tilfredsstillande i forhold til mine behov Det vert teke omsyn til kva eg meinar så langt det lar seg gjera. Eg får hjelp til sjølvhjelp. Høflege hjulpara Tilsette bankar på døra når dei kjem Tilsette presenterer seg når dei kjem Respekt Eg bestemmer på mitt eige rom. Tilsette tek seg ikkje til rette utan å ta meg med på råd. Eg vel sjølv om eg vil ha gjester eller vil ha ro.
Kvalitetsmål II Brukar er sikra hjelp til å ivareta eigenomsorg Indikator Eigenomsorg Delindikator Fysisk Målepunkt Eg får ivareteke mitt behov for personleg hygiene Sosialt Psykisk Eg kan delta i sosiale aktivitetar Eg kan gå/kjøre ut i frisk luft kvar dag dersom eg ønskjer det Eg har høve til å snakka om mine kjensler Kosthald Naturlege funksjonar Åndeleg Måltid Valfridom Toalettbesøk Eg får oppfylt mine behov i høve til åndelege spørsmål Eg får mat når eg ønsker det Eg har god tid ved måltida Eg får hjelp til å tilretteleggja måltid Eg får i meg nok mat og drikke Eg får informasjon om eige kosthald Eg får spesialkost ved behov Eg får hjelp til å gå på toalettet når eg må Rørsle Eg får hjelp til å stå opp/leggja meg. Eg får hjelp og rettleiing i forhold til forflytting. Eg får informasjon om - og hjelp til å skaffa meg personlege hjelpemiddel om eg treng det.
Naturlege funksjonar Temperatur Eg får nok hjelp og rettleiing til påkledning Eg får hjelp til å regulera temperaturen i opphaldsrom Behandling Samtale Medisinar Medisinsk behandling Eg vert høyrd og tatt på alvor Eg får hjelp til å bearbeida mine tankar og følelsar. Eg har innverknad på kor og når samtalen finn stad. Eg får den hjelp eg treng i forhold administrering av medisinar Eg får informasjon om dei medisinane eg brukar Eg er trygg på at eg får den informasjon eg har behov for i høve til sjukdommar
Kvalitetsmål III BRUKAR FÅR EIN VERDIG LIVSAVSLUTNING Indikator Delindikator Målepunkt Verdighet Medverknad Etikk Kompetanse Får bestemme kva eg vil ha hjelp til Høve til å ha pårørande hjå meg/ evt. fastvakt Opplever at ein kan snakka om døden. Har lov å seia nei til behandling. Får tilbod om samtalar om eksistensielle spørsmål Får den informasjon eg har behov for. Eg får lindrande behandling og ein verdig død.