Klynga på Klokkarhaugen. Ei robust og fleksibel sentrumskjerne i Vang Sluttleveranse September 2021

Like dokumenter
Spørjeundersøking om sentrumsområde

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: 614 H3 Arkivsaksnr.: 17/2959-1

2. Å R S B E R E T N I N G O G R E G N S K A P F O R A ) Å r s b e r e t n i n g o g r e g n s k a p f o r

#Norge 2030 Eit annleis OL

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

6-åringar på skuleveg

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Til veljarane i Tysnes

Program for. Årdal Venstre

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

VOSS HERAD Bygd for alle

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Bustadpreferansar og trendar i distriktskommunar. Bustadseminar Sogn Regionråd

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

FØRDE TOMTESELSKAP. Brendeholten

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

RAPPORT FRÅ MEDVIRKNINGSMODELLEN GJESTEBUD

Dialogkonferanse Kviteseid kommune. Vrådal 22. mai 2017

Oversikt Selde tomter i Skielva pr Målestokk 1:1000 Teknisk Drift

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Frivilligpolitisk plattform

Ål Venstre. Ål Venstre

K j æ r e b e b o e r!

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Målfrid Hannisdal Teigen Arkiv: D11 Arkivsaksnr.: 16/414-4

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

K j æ r e b e b o e r!

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Innovasjonsmetoden vår

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

Bustadattraktivitet i Vest-Telemark. -BliBu med deleku?

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

BUSTAD NOTAT. Heilskapleg modell for auka busetjing i Vang i åra fram mot 2020.

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Mellom bakkar og berg. Felles oppsummering

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Til deg som bur i fosterheim år

K j æ r e b e b o e r!

4.) Stedsanalyse. I denne analysen er Fotlandsvåg sentrum undersøkt i tre forskjellige rom : orienteringsrommet, hugsrommet og identifikasjonsrommet.

Trygg og framtidsretta

OK, seier Hilde og låser.

K j æ r e b e b o e r!

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

K j æ r e b e b o e r!

RETNINGSLINJER FOR UTFORMING AV UTANDØRS SERVERING OG SAL I BRYNE SENTRUM

S T Y R E T G J Ø R O P P M E R K S O M P Å A T D Ø R E N E S T E N G E S K L

Reguleringsføresegnene gjeld for området synt med grenseline på reguleringskart.

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

I N N K AL L I N G T I L O R D I N Æ R T S A M E I E R M Ø T E

Prosjektnamn: Fonnesvågen trivsel, identitet og aktivitet

Ad hoc arbeidsgruppe i Arbeidet resulterte i 3 ulike forslag til ombygging av Storstoga. Det som vart vedtatt fekk førehandsgodkjenning som

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Å bli gamal i eigen heim

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Program OSTERØY HØGRE

Lat deg bergta. Bulystprosjektet Bergteken Aurland kommune Prosjektleiar Silje Midttun

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

Status tomter Solfonn-Langedalen Bestilling av UTK til rådmannen Framlagt til UTK-møte

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /61 Plan- og miljøutvalet /85

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Velkome åt bygda vår!

K j æ r e b e b o e r!

Prosjekt Småkraft i Hordaland refleksjoner i etterkant

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Fjordportalen. Møteplass for verdsarven. Sentrum for natur- og kulturbasert næring og aktivitet. v/arve Tokvam

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Teamarbeid og teambuilding

Kommunale næringsfond

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 037/15 Bystyret PS /15 Plan- og Miljøutvalet PS

Elevundersøkinga 2016

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

I N N K A L L I N G T I L O R D I N Æ R T S A M E I E R M Ø T E

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Planstrategi for Balestrand kommune

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

INVITASJON. Kommunikasjonsstrategi. Kva meinar de er viktig? Til alle medarbeidarar i Jølster Kommune

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Transkript:

Klynga på Klokkarhaugen Ei robust og fleksibel sentrumskjerne i Vang Sluttleveranse September 2021

Innhald Teamet 3 Bakteppe 4 Kinderegget; Arbeid, bustad og møteplass 5 Vår målsetjing 7 Premissar for løysingsforslaget 8 Kartlegging 9 Næring og arbeidsplassar 11 Bustader 13 Møteplassar 14 Løysingsforslaget 16 Det store bildet Vang sentrum sett under eitt 17 Det nære bildet Klynga på Klokkarhaugen 18 Funksjonsoversikt 19 Snitt 21 Realisering Korleis får vi til dette i praksis? 28 Organisert fellesskap 29 Næring fyrst, resten etterpå 30 Kort oppsummert Steg for steg 31 2

Teamet bak forslaget Eirik Høyme Rogn (36), teamleiar Grafisk designar og småskala grønsaksbonde Eirik er innfødd vangsgjelding med mange forskjellige prosjekt på samvitet. Han er utdanna grafisk designar, var med på å starte Kontorfellesskapet 1724, og jobbar i desse dagar med å utvikle bustadområdet «Klukkargrende» utanfor Vang sentrum. Trine Grann (59) Tekstforfattar og hotelleigar Trine er stolt osloborgar med stort hjarte for Vang, som mangeårig eigar av Sommerhotellet som ho kjøpte og berga frå forfall for 20 år sidan, og har fylt med liv og røre kvar sommar sidan. Trine er til dagleg tekstforfattar i Allente (tidl. Canal Digital), og har arbeidd med tekst, reklame og kommunikasjon gjennom mange år. Endre Vik (35) Byggingeniør Endre er ein vangsgjelding på heimveg med jobben som prosjekteringsleiar i HENT i bagasjen, etter mange år i byggebransjen i Oslo og utdanning ved NTNU i Trondheim. Han har tidlegare hatt ulike roller i både HENT og Sweco. Sigrid Skjerdal (29) Festivalsjef Sigrid er innflyttar til Vang frå Sogn, og vårt kulturelle alibi som festivalsjef for Vinjerock, som snur Vang på hovudet i juli kvart år (når det ikkje er pandemi, da), og som set farge på bygda med andre arrangement og møteplassar resten av året. Sigrid er utdanna som journalist og innanfor natur- og opplevingsbasert reiseliv. Marius Waagaard (36) Arkitekt MNAL Marius er utflytta valdris med stort engasjement for Vang, med både masteroppgåve og mange teikneprosjekt i bygda på samvitet. Han arbeider for Taktil arkitekter i Oslo. 3

Bakteppe: Ein omstart for Vang sentrum Klynga på Klokkarhaugen ei robust og fleksibel sentrumskjerne for Vang Vårt konsept handlar i korte trekk om å definere eit «nullpunkt» for Vang sentrum eit sentrumsområde som i realiteten strekk seg over fleire kilometer. Den naturlege plassen for nullpunktet er etter vårt syn på Klokkarhaugen, midtvegs mellom skulen og Mjøsvang og det historiske midtpunktet i Vang sentrum sidan midten på 1800-talet. Men vi trur at Vang har alt å vinne på definere eit sterkare sentrumspunkt. Ein plass kor eksisterande og ny næringsaktivitet samlast, og ein plass kor fleire bur, lev og treffast til både kvardags og fest. Får vi til dette blir det også ein plass som endå fleire vil stoppe på og besøke, og dermed er vi eit langt steg nærmare eit levande bygdesentrum. Formålet med dette er absolutt ikkje å sentralisere alle sentrumsfunksjonar til ein plass tvert imot ynskjer vi at heile sentrumsaksen skal dyrkast vidare med dei kvalitetane som finst langs heile aksen frå aust til vest, noko programmeringsforslaget vårt også syner. Eit sterkare sentrum rundt Klokkarhaugen vil aldri kunne løyse alle behov. 4

Kinderegget; Arbeid, bustad og møteplass Eit levande sentrum består etter vår meining av tre komponentar i symbiose; Arbeidsplassar, bustader og møteplassar av både det formelle og uformelle slaget. Arbeidsplassane held sentrum levande på dagtid og gjennom lågsesongane. Dei som bur der held det levande på kveldane og i helgene. Og møteplassane kan ikkje eksistere utan det eine eller andre dette er ei tredelt gjensidig avhengigheit. Vår tilnærming er likevel at næring bør koma på banen fyrst. Det er dei som i størst grad vil definere opplevinga av sentrumsområdet, og det er dei som bør vera motoren i utviklinga av området. Næringsliv i endring Om det er ein ting vi har lært sidan mars 2020, så er det at ting kan endre seg snøgt. Det siste halvanna året har snudd opp ned på mange tradisjonelle føresetnader, og opna heilt nye dører. Hundretusenvis av arbeidstakarar har fått ein heilt annan fleksibilitet ift. val av arbeidsstad, og stadig fleire stillingar blir lyst ut utan fast arbeidsstad. Samstundes ser vi ei gledeleg utvikling i Vang kor mange yngre startar eigne verksemder innanfor eit breitt spekter av fagfelt. Felles for dei fleste av desse er at dei har behov for ein eller annen type infrastruktur rundt seg. I mange tilfelle handlar det om ein kontorplass, fiber, kaffi og eit lukka videomøterom, medan andre treng ein verkstad for å utøve kreative yrker, eller eit produksjonskjøken for foredling av lokale råvarer. Denne utviklinga kjem ikkje til å stogge, og Vang har alt å vinne på å dyrke og styrke sin allereie gode posisjon på dette området ved å både auke kapasiteten for kontorbaserte, fleksible arbeidsplassar, men ikkje 5

minst utvide tankegangen til å også omfavne andre næringar, som lokalmatproduskjon, handverk, kultur og småskala handel og service. Besøksvenlege næringar som gjev sentrum ein ekstra stoppeffekt. Fleksibilitet er nøkkelen. Vi treng næringsareal som er utforma for å kunne utvikle seg i takt med behovet, og som gjev spelerom til å realisere potensialet som ligg framfor oss. Bustader for dei som vil bu i sentrum Det er krevjande å finne seg bustad i Vang. Boligmarknaden er stort sett skrapa, og leigemarknaden knapt eksisterande. Tilgangen på enklare bustader som leilegheiter og småhus er fråverande. Det er liten tvil om at sentrum kan løyse ein del av dette behovet, men vi trur likevel ikkje det er ei rett prioritering å legge opp til at bustadbehov for eit stort mangfald av målgrupper skal løysast innanfor det relativt begrensa arealet rundt Klokkarhaugen. Vi trur risikoen er stor for at ein ikkje treff nokon dersom ein prøver å treffe alle. Bustader i sentrumskjerna må fyrst og fremst utviklast for dei som ynskjer eller treng å bu tettast på der det skjer. Med dette sagt er det likevel liten tvil om at bustadene i sentumskjerna har ein nøkkelfunksjon i målsetjinga om å skape eit levande sentrum. Eit sentrum utan innbyggjarar blir fort eit spøkelsesrom. Det vil vi få merke hardt og brutalt den dagen mottaket lukkar dørene, med mindre vi lukkast med å fylle tomrommet med ny aktivitet. I likskap med tankegangen vi legg til grunn for arbeidsplassane i sentrum er klyngetanken også sentral for bustadene i den forstand at livet i sentrum byr på ein del fordelar som gjer det attraktivt å bu der, som t.d. enkel tilgang på møteplassar og servicefunksjonar som treningssenter o.l. Likevel er det avgjerande å treffe det rette skjæringspunktet mellom det delte og det private for å lykkast med å skape eit bumiljø som framtidas vangsgjeldingar kan trivast i. Kombinasjonen av bustader og næring mogleggjer også at bustadene kan plasserast på dei delane av arealet som gjev den mest attraktive belieggenheita mht. støy, innsyn og utsyn. Å treffast i sentrum I dag finst det knapt nokon grunn til å oppsøke Vang sentrum utover dei naudsynte ærenda du kan få 6

utført. Med unntak av biblioteket og kaffibordet på Coop en er det knapt nokon uformelle møteplassar å oppsøke. Med eit levande næringsliv i kvardagen, og lys i glasa med glade sentrumsbebuarar resten av tida, ligg mykje til rette for at også møteplassane skal få grobunn til å eksistere. Nokon av dei kanskje i sesong, andre på heilårsbasis. Nokon i eksisterande bygg, andre i framtidige bygg. Med ei god blanding av kontorbaserte arbeidsplassar og meir besøksvennlege eller serviceorienterte næringar, så får vi folk til å koma til sentrum. Med gode møteplassar attpå får vi dei til å bli. Og der dei fastbuande trivast trivst også gjestene. Møteplassane, både dei uformelle og formelle, må få stort fokus i planarbeidet. Området mellom banken og Sommerhotellet kan fort bli ei skjerma og litt «utilgjengeleg» sone, gøymt bak høge tak og triste støyskjermar, dersom området og bygningane blir utforma utan dette i fokus. Det er ein avgjerande suksessfaktor at du kjenner deg invitert inn i området. Dette har vi hatt mål om å løyse: 1. «Programmering» av Vang sentrum, med analyse av eventuelle nye bruksmoglegheiter for eksisterande bygningsmasse på båe sider av E16, og behov for ny bygningsmasse basert på kva for kjernebehov vi meiner at bør løysast henhaldsvis innanfor og utanfor den definerte sentrumskjerna. 2. Utarbeiding av eit robust og fleksibelt bustad og næringskonsept, med tilhøyrande møteplassar, for arealet i aksen rundt Klokkarhaugen. Konseptet skal kunnast realiserast etappevis, og vera utforma slik at det blir mest mogleg interessant for potensielle utbyggjarar/investorar. 7

Premissar for vårt løysingsforslag Korleis kan ein løyse buformar i sentrum på ein innovativ, bærekraftig, attraktiv og gjennomførbar måte? 1. Eit konsentrert og veldefinert sentrum i aksen rundt Klokkarhaugen med eit mangfald av bruksområder og aktivitetar er den sentrale suksessfaktoren i vårt konsept. 2. Små, enkle bueiningar og leiliegheiter plasserast i sentrumskjerna. Større og meir fleksible bustader plasserast omvendt proporsjonalt av avstand frå kjerna. 3. Rom for innovativ næringsutvikling i kombinasjon med bustader, med synlegheit ut, kan opne for fleirbruk, meirbruk og nyskaping over tid. 4. Variasjon av bustadtyper, men einheitleg arkitektur, er naudsynt for å sikre heilskapen. 5. Rom for etappevis utbygging, samt moglegheit for kombinert utbygging av næring og bustad, vil gjera prosjektet lettare å få realisert over tid. 6. Robust og fleksibel utforming som kan romme ein variasjon av næringar, aktivitetar og program har stor betydning. Generalitet, fleksibilitet og elastisitet i arkitekturen gjev moglegheit for tilpasning og gjenbruk av bygningsmasse utan store fotavtrykk. 7. Høg butettheit nær høg nærings- og aktivitetstettheit gjev korte gåavstandar og reduserer transportbehov. 8. Bruk av robuste og lokale byggematerialer har lågt CO2-fotavtrykk, eldast med verde og tålar bruk over tid. Høgteknologiske løysingar gjev ikkje alltid den beste klimarekneskapen etter endt levetid. Lokale og naturlege materialer gjev også moglegheit for å spele på lag med lokal byggeskikk. Korleis kan sentrumsutviklinga bygge på stadsidentitet og særeigne kvalitetar? 1. Gjennom bruk av naturlege og lokale materialer. 2. Slektskap i skala (storleik) og form er ofte viktigare enn materialbruk for å knytte ny og eksisterande bygningsmasse saman (t.d. saltak, proporsjonar og høgder). 3. Velproporsjonerte uterom som skalerast for fotgjengarar gjev møteplassar, vindskjerming og intensivering av opplevd bygdeliv og aktivitet. 4. Vi ynskjer å utvikle eit konsept med fleire små bygg med små uteplassar framfor store bygg med store uteplassar. Dette kan gjerast med same tettheit i bustadareal. 5. Innovativ bruk av lokale ressursar byggjer identitet både i arkitekturen og i næringsutvikling. 6. Eksisterande stoppeffekt og naturkvalitetar i og rundt sentrumskjerna skal ivaretakast og om mogleg forsterkast ytterlegare gjennom arkitekturen og utforming av nye uterom. Korleis er samansetjinga av bustader, næringsaktørar og uformelle møteplassar i framtidas Vang sentrum? 1. Både næring og bustader bør ha høgast tettheit rundt eitt punkt (Klokkarhaugen), med små bueiningar og veldefinerte og synlege næringslokaler. Dette gjev aktivitetskonsentrasjon og ei kjensle av levande bygdeliv. 2. Utanfor sentrumspunktet bør intensiteten vera lågare, men med rom for større bustader og fleksibilitet. 3. Blanding av bustader og næring gjev synergieffekter gjennom synlegheit og både uformelle og formelle møteplassar. 8

BUTIKK/UTSALG HOVEDINNGANG PARKERING/ADKOMST Kartlegging minimum takhøyde: 2,7m areal: 20-40m 2 andre krav: Nær hovedadkomst mot E16 og gjesteparkering TOALETT minimum takhøyde: 2,4m areal: 20m 2 andre krav: Dame, Herre og HC SMAK OG SERVERING minimum takhøyde: 2,7m areal: 20-40m 2 inneholder: Stoler og bord andre krav: utsikt mot vannet og til produksjon visuell kontakt PORT minimum høyde: 2,4m bredde: 2,5m andre krav: gulv må tåle 1 tonn punktlast Kven skal bu i sentrum, og kva slags boligar ynskjer dei? Kva tilbod saknar vangsgjeldingane i sentrum? Kva næringar og aktivitetar manglar lokale, og kva må til for BAR OG KJØKKEN minimum takhøyde: 2,4m areal: 20m 2 andre krav:... DESTILLERI minimum takhøyde: 4m areal: 20-40m 2 inneholder: kjel 200liter... andre krav: sluk, gulv må tåle 1 tonn punktlast, kjel synlig fra E16 FLASKETAPPING minimum takhøyde: 2,7m areal: 15-30m 2 inneholder:... andre krav: sluk, gulv må tåle 1 tonn punktlast LAGRING minimum takhøyde: 2,7m areal: 15-30m 2 andre krav: gulv må tåle 1 tonn punktlast at næringslivet i sentrum skal blomstre? Her følger vår analyse, refleksjonar og forslag for de tre hovedkomponentane i vårt forslag; bolig, møteplass og næring. FLYTDIAGRAM - VALDRES HÅNDTVERKSBRENNERI TAKTIL arkitekter Kartleggingsgrunnlag og metodar BAKERI minimum takhøyde: 2,4m areal: 30-50m 2 andre krav: Industrikjøkken, stort, robust, fleksibelt Kan være i kjeller Nærhet til utsalgsdisk UTSALG BAKERVARER MM minimum takhøyde: 2,4m areal: 20m 2 inneholder: Utsalgsdisk for bakervarer, kaffe og eventuell annen lokalprodusert mat og drikke. Kobler seg til oppholds - og spiseareal. andre krav: Synlig fra torg ROMDIAGRAM - 1724 TAKTIL arkitekter KJØKKEN minimum takhøyde: 2,4m areal: 20-30m 2 andre krav: Industrikjøkken, stort, robust, fleksibelt OPPHOLDS- OG SPISEAREAL minimum takhøyde: 2,4m areal: 30-40m 2 inneholder: Åpent fellesareal med spiseplasser. Kaffebar. Sittegrupper som kan settes sammen til langbord. Kjernen i bygget. andre krav: utsikt GARDEROBE OG WC minimum takhøyde: 2,4m areal: 20-40m 2 inneholder: WC, dusj, garderobe og skap WC minimum takhøyde: 2,4m areal: 20m 2 andre krav: HC FOAJE 30-50m 2 AMFI/TRAPP Møtested på kontoret Amfi for presentasjoner og lignende AKTIVITET-/OPPHOLDSSONE minimum takhøyde: 2,4m areal: 15-45m 2 Møtested på kontoret møblert for aktivitet, prat, kaffe, peisfyring ol MØTEROM minimum takhøyde:2,4m antall: 3-4 areal pr rom: 8-15m 2 inneholder: stoler, møtebord, lyd og video. andre krav: utsikt mot vannet FLERBRUKSAREAL minimum takhøyde: 2,4m areal: 40-80m 2 Inneholder: Åpent og flekisbelt areal eksponert mot byromside. tilrettelagt for servicenæring eller annen kreativ bruk visuell kontakt UTEAREAL 70-110m minimum 2 takhøyde 2,7m areal: 70-120m 2 tilrettelagt for å kunne spise/jobbe utendørs urtehage EGNE INNGANGER mot E16 og torg HOVEDINNGANG mot E16 og torg PRINT- OG TEK ROM minimum takhøyde: 2,2m areal: 4-8m 2 ÅPENT KONTORAREAL TELEFONROM/HVILEROM minimum takhøyde: 2,1m antall: 3-4 areal: 1-3m 2 Flyttbare moduler i åpent landskap? inneholder: ligge/sitteplass og pult andre krav: lukket, lydisolert, skjermet, utsikt. STILLESONE - KONTORAREAL minimum takhøyde: 2,4m areal: 30-50m 2 åpent areal ndre krav: lydisolert, skjermet, utsikt PARKERING/ADKOMST Bil og sykkelparkering andre krav: lademuligheter LAGER/VERKSTED/FLEKSIBELT AREAL minimum takhøyde: 2,2m areal: 15-40m 2 TORG CELLEKONTOR minimum takhøyde: 2,4m antall: 2 areal: 20-30m 2 andre krav: lydisolert, skjermet, utsikt (kan kombineres med flerbruksareal/møterom) Romdiagram utarbeida etter workshops med Kontorfellesskapet 1724 og Frimann Fjellbrenneri UTSIKT Grunnmuren i konseptet Klynga på Klokkarhaugen er informasjon frå medverkingsverkstadar og djubdesamtalar med utvalde målgrupper. I desse har vi kartlagt ønsker og behov for møteplassar, næringsliv og bustader i Vang kommune. I tillegg har vi henta inn nøkkelpersonar frå utviklingsprosjekt vi meiner vi kan samanlikne oss med. Framtidas 1724 - ein workshop med leigetakarane på Kontorfellesskapet 1724 Kontorfellesskapet 1724 vart etablert på Vangstunet i 2013. Behovet var ein arena der kreative næringar, teknologi og andre «utradisjonelle» bygdenæringar kunne vekse og få synergi av kvarandre. Kontorfellesskapet har fungert både som ein inspirasjon og døropnar til Vang for nye Vangsgjeldingar, media og andre bygder. Dei siste par åra har kapasiteten vorte fylt opp, og nye behov har meldt seg. Det er difor gjennomført ein ideverkstad med leigetakarane på kontorfellesskapet for å kartlegge behov og draumar for framtidas 1724. Resultatet frå denne er ein av grunnsteinane for konseptet vårt. Framtidsverkstad med Vang kommune, DOGA og LOFT4 DOGA og designbyrået LOFT4 samla innbyggarar, næring, kommune og boligutviklarar til ein samtale om Vang sentrum i framtida. Resultata frå verkstaden 9

vart kort oppsummert i nokre behov; møteplassar, lokal handel og gjenbruk. Det er behov for gode møteplassar i sentrum, og innbyggarane ynskjer å bidra til at dette skal skje. Spesielt manglar det uformelle møteplassar kveldstid, og det kom fram idèar som pub, galleri, pizzeria og kulturscene. Det er eit ynskje at kommunen blir betre på å støtte initiativ frå befolkninga, og legg til rette for aktivitetar som skapar liv. Lavterskel møteplassar vil også gjere det enklare å drive næring i sentrum, og gi både lokale og hyttefolk ein grunn til å reise hit. Alle vil ha lokalmat. Det vart ytra behov frå fleire av fokusgruppene om ein platform for å syne fram lokale spesialitetar og handtverk. Seminar med Pir II, Stokkøya og Krux I oppstarten av prosjektet Klynga på Klokkarhaugen henta vi inn ekstern kompetanse frå referanseprosjekt vi meiner har same kvalitetar og utfordringar som vi har i Vang. Katy Chada og Alise Plavina frå Trondheimsbaserte Pir II delte erfaringar frå prosjekt frå Tingvoll, bærekraftig hytteutbygging og alternative buformer på Mortensrud. Ingrid Langklopp tok oss gjennom historia om Stokkøya, frå dei første hyttene til eit nyskapande samfunn med restaurant, bakeri, hotell og «Bygdeboks» som rommar både kontorfellesskap, verkstad og arrangementslokale. Vi vart inspirerte, og fekk innsikt i at ambisiøs bygdeutvikling kan realiserast på fleire måtar. På Stokkøya løyste dei det med privat initiativ, med støtte frå Innvasjon Norge, kommunen og husbanken. På Oppdal skapte dei eit innovasjonssenter ved hjelp av eit bedriftsnettverk og det statlege føretaket for næringsutvikling, Siva. Andre erfaringar vi tek med oss er viktigheita av innbyggarinvolvering i utviklingsprosessen, og viktigheita av å ta vare på lokal identitet i det ein gjer. Desse erfaringane stemmer godt med teoriane vi hadde før vi byrja med prosjektet Klynga på Klokkarhaugen. Djubdesamtalar med utvalde målgrupper Etter samtale med Innovangsjon valde vi ut tre målgrupper for djubdeintervju. Gruppene vart vald fordi næringsutviklarane i kommunen meiner desse har ein sentral rolle for utviklinga av Vang sentrum. Vi snakka med 3-4 representantar i kvar gruppe, om tema som boligbehov, næringsutvikling i sentrum og møteplassar og tilbod. Gruppene er; Næringsdrivande og grunneigarar. Eit utval aktørar som eig bygg eller driv næring i sentrum av Vang per i dag. Organisasjon og kulturliv. frisklivsentral, frivilligsentral og pokerklubb og kulturaktørar. Lokalmatprodusentar. Dei er ei stor gruppe næringsdrivande i Vang, og er viktige merkevarebyggarar for området. Unge under 25 år. Ei gruppe kommunen ynskjer fleire av, som skal bu her lenge. 10

Kartlegging: Næring og arbeidsplassar Hovudressursane for vår prioritering av næringsareal er workshop med Kontorfellesskapet 1724, resultata frå DOGA-workshop med eit utval næringsdrivande og innbyggarar i forkant av Gnistprosjektet, og djubdesamtalar med ulike næringsaktørar i Vang sentrum. Innadvendte næringar Næringar som er kontor- og skjermbaserte, helsetenester, tannlege og andre som ikkje treng utstillingsvindu for å få kundar inn, kallar vi innadvendte næringar. Desse har likevel eit stort potensiale for å trekke folk til sentrum, og kan bidra til auka kundegrunnlaget for den øvrige handelsstanden. Undersøkingane våre syner at det er eit behov for; Fleire kontorplassar, ambulerande og faste Fleire lukka kontorplassar Makerspace - for handtverk, matproduksjon, reparasjonsverkstad Lokale for treningssenter Open fasade/foaje som gir møteplassar mellom bygda og arbeidsfellesskapet Mat! Tilgang på kantine/kafèareal som kan vera ope for andre Lademoglegheiter for elbil og elsykkel Leigetakarane på 1724 trekk fram kvalitetar som utsikta, å vera tett på naturen, bruk av naturlege materiale, og lavterskel aktivitetar som bryt opp arbeidskvardagen som viktige. Dei ynskjer at 1724 i framtida skal vera ein katalysator for utvikling av sentrum, ein gründerhub og møteplass med aktivitetar for fleire som ikkje har kontorplassen sin der. Utadvente næringar Desse treng synlege fasadar og inviterande løysingar mot publikum. Eksempel kan vera bank, frisør eller servering. Kontorfellesskapet 1724 nemner her ynskjet om å knyttast til utadvendte næringar for å skape møteplassar med lokalbefolkning og besøkande. Frå djubdesamtalane med næringsdrivande og lokalmatprodusentar kan vi trekke ut ; Lokale som knyt saman aktørar som kan løfte kvarandre. T.d. hudpleie og frisør Fleire eksisterande aktørar ynskjer lokale dei kan vekse i og vera meir synlege i behov for stad å selje lokale produkt innan mat og handtverk Behov for stad å syne fram merkevara mat frå Valdres/ Vang, og presentere seg og møte kundane Næringslokale som egnar seg til servering (bakeri, pub, pizzeria) Kulturarena, galleri Det er eit ynskje og behov blant fleire informantar om at eksisterande bygningsmasse blir utnytta. Grindaheim, Ellingbø-bygget og Klokkarhaugen er landemerke i sentrum. Fleire av kjeldene fryktar ei framtid der desse står tomme, og trur det kan påverke anna aktivitet i sentrum negativt. Når det byggast nytt, ynskjer fokusgruppene at ein knyt saman gamle og nye bygg med lokal kulturarv som raud tråd. 11

Fleire av behova er slik at ein ikkje berre treng eit lokale som kan fyllast, men også aktørar som kan fylle lokalet. Men mange av informantane ynskjer seg tenestene, og vil nytte dei om dei kjem. Både eigarar og næringsdrivande syner stort engasjement for å bidra til eit levande sentrum, og ynskjer å delta aktivt i den vidare prosessen med utvikling av sentrumskjerna. Prioriteringar for næringsareal basert på kartlegginga: Utadvendte næringar sentrert kring torget, som inviterer til inkludering og samskaping Fleirbruksbygg og arbeidsfellesskap med moglegheit for bakeri og lokalmatutsal, turistinformasjon og fleksible areal for konsertar og utstillingar Pub/kafè i Klukkarhaugen, det eldste bygget i sentrum Utadvendte næringslokaler i første etasje av boligar mot gågate Fellesverkstad. Gjenbruk og reperasjon er ein grunnstein både i privat og næringsøkonomi. I ein fellesverkstad/ skaparverkstad kan framtidas næringar bli til Sørvisnæringar innan helse og velvære i H.T. Ellingbøbygget Treningssenter i Grindaheim for å fylle bygget med aktivitet Destilleri i samband med Sommerhotellet 12

Kartlegging: Bustader I 2017 gjennomførte Innovangsjon ei bustadsundersøking. Størsteparten av respondentane var i alderen 18-45. Omlag halvparten budde i Vang på tidspunktet for undersøkinga. Blant dei som ikkje budde i Vang allereie, såg ca 80 prosent føre seg å flytte hit innan 0-5 år. Nærleik til naturen er viktig for respondentane når dei Boligundersøkinga tyder også på at det også kan finnast skal finne seg bolig i Vang. I prioritert rekkefølge ynskjer ein marknad for mindre bueiningar. 80 prosent av respondentane følgjande for lokasjon av bolig; respondentane ynskjer bolig i gruppene mellom 40-120 Utsikt og soltilhøve kvm. Nærleik til naturen Lite støy og trafikk I Stortingsmeldinga Leve hele livet frå 2018 blir sambruk Naturtomt, nært sti og samlokalisering trekt fram som eit tiltak for god Barnehage og skule, jobb og butikk livskvalitet for eldre. Omsorgsbustadar og bustadar eigna for heile livsløpet bør byggastslik at dei blir integrert Desse tendensane går også att i djubdesamtalane med i lokalsamfunnet, med felles funksjonar og møtestadar fokusgruppene. Dei fleste ynskjer gard, småbruk eller på tvers av generasjonar. Ein må legge til rette for sambruk av lokale og uformelle møtestadar i samband med einebolig som buform. Informantane under 25 melder også om at nærleik til natur og god plass er viktig når boligane for å gi eit rikare liv for bebuarane og dei øvrige dei til slutt skal kjøpe eller bygge sitt eige. Men før dette innbyggarane i bygda. stadiet er det andre behov som må dekkast; Lettvinte, moderne leiligheiter som kan fungere som mellombustad før einebolig Boligar for korttidsleige Prioriteringar for bustader basert på kartlegginga: Indre sone: Unge før og i etablerarfasen, eldre som kjem frå stor einebolig og ynskjer meir lettvint og sosial bolig, folk med behov for kort- og langtidsleige Klukkarhaugen: Boligar med utsikt over Vangsmjøsa i vest for torg, i gågate med mogleg næringsareal i fyrste etasje. Enkle boligar med lett tilgang til grøntareal, torg og aktivitetar som er lavterskel og alderslause for å sikre god livskvalitet for unge og eldre. Grindaheim: fleksible boligar med moglegheit for kort- og langtidsleige Mellomsone og ytre sone: For barnefamiliar vil vi trekke boligane ut frå indre sone, men framleis i sykkel- og gåavstand til Klynga på Klukkarhaugen. Utsikt, nærleik til natur og plass er viktige drivarar for barnefamiliane som vel Vang, og det lyttar vi til. 13

Kartlegging: Møteplassar «Alderslause, språklause og lågterskel» (sit. Vangsgjelding) Sentrum må vere inkluderande. Biblioteket er eit døme på ein lavterskel møtestad der alle høyrer til. Benkar og bord ute, park og strand samlar menneske, og det er gratis. Andre lavterskel aktivitetar kan vere utandørs sjakkbord, boccia-bane og grøntareal som er innbydande og tilgjengeleg. Forslaget vårt inkluderer flest breie møteplassar for alle. På flankane i vårt forslag vil kunst/atelier/utstillingar, verkstad, scene/utearrangement og destilleri vende seg til eit smalare publikum, men samstundes dekke behov som gir heilskap og som tiltrekk seg besøkande og turistar. «Alle vil møtast meir» (sit. Vangsgjelding) Dette var gjennomgåande frå alle vi intervjua. Folk vil møtast, men dei manglar ein grunn til å reise til sentrum. Folk er også bundne til si grend, og har lite tilknyting til sentrum. Felles for alle, er at dei er stolte av Vang og sin identitet som Vangsgjelding. Sentrum treng ein eller fleire gode attraksjonar for å styrke tilknyting til bygda ut over grenda heime, og gir ein god grunn for å ta turen. Sosiale møtestader med lav terskel er viktig for folk. Eit bakeri har eigenskapar som kan samle alle. Alle treng brød og bakervarer, det er relativt sett billig, er attraktivt for lokale, hyttefolk og forbipasserande. Ein pub eller kafè kan fungere som samlingsstad for organisasjonar og lag, og vere arena for møter mellom nye og gamle vangsgjeldingar. Det er viktig at alt vi gjer får ein djup, lokal identitet. Enkelte ungdommar har gitt uttrykk for at det blir gjort meir for tilflyttarar enn for dei som kjem frå bygda. Forslaget vårt speglar eit ønskje om å gi Vangsgjeldingane ein naturleg møtestad som ivaretek våre behov og ønskjer. Handle, ete, drikke eller berre møtast I vårt konsept søker vi ein god samansetning av dei kommersielle tilboda (kjøpe mat, bakervarer, kaffi, destilleriomvisning osv) - og dei uformelle, frie møteplassane (bord, benkar, torg, gater, park, bibliotek). Vi ønskjer å at sentrum skal vera ein stad som byr på moglegheiter 16/7. Ikkje berre på dagtid. Ikkje berre i helgene. Ikkje berre om sommaren, men frå morgon til kveld kvardag og helg, sommar og vinter. «Vi treng informasjon om tilbod og tenester, både skilting og digitalt» (sit. Vangsgjelding) Det blir viktig å kommunisere Vang sentrum både fysisk (med skilt) og digitalt (Some og nett). Tilbakemeldingar frå våre informantar tyder på at folk saknar betre informasjon om kva som skjer, og betre skilting av kva og kvar. I kartlegginga kom det også fram at Frisklivssentralen og Frivilligsentralen har eit prosjekt om informasjon på gang allereie. 14

Ein møtestad med lokalmat i sentrum Vi har snakka med ei rekke lokalmatprodusentar. Felles for alle er eit sterkt ønskje om ein møtestad. Form og konsept må utviklast i tråd med produsentane sine ambisjonar, moglegheit for samarbeid og økonomi. Det er mange moglegheiter, men ingen enkel veg til eit utsal om dette krever investeringar frå deltakarane/produsentane. Men det alle ønskjer er eit fellesskap og ein møtestad. Eit nettverk og ein stad for å dele kunnskap og erfaringar, treffast, drikke kaffi og kanskje også jobbe. Det er viktig for alle å ha moglegheit til å treffe sluttkunden. Ein møtestad kan bli spira til å utvikle ei løysing for eit fellesskap som også kan selge og levere lokalmat til marknaden, men utan å binde produsentane til kostnadar dei ikkje kan vera med på. Fleirbrukshuset er sentralt i konseptet vårt. Vang er for lite til å bygge eit hus for kvar interessegruppe. Stokkøya har sin «bygdeboks», eit fleirbrukshus som rommar ulike ønskjer og behov. Vi trur eit fleirbrukshus kan vere ei løysing for Vang sentrum. Det betyr ei hus der fasilitetane legges til rette for ulike behov. Kjøken, møterom og møteromsfasilitetar når vi skal treffast med eller utan mat og drikke. Ein stad å øve med koret, møtes i historielaget eller planlegge eit arrangement. Eit lite amfi for mini-kino og film og foredrag. Kafèareal for pop-up-anledningar. Eit hus der mange ulike behov kan imøtekommast utan at alt må riggast om kvar gong. Prioriteringar for møteplassar basert på kartlegginga: Torg og park: Aktivitetar som er alderslause, språklause og lavterskel, og fasilitetar som legg til rette for små og store arrangement utan store tiltak Arbeidsfellesskap og fleirbrukshus: med bakeri og fleirbruksareal for arrangement og anna Fellesverkstad: For reparasjon og innovasjon, for bebuarane i sentrum og innbyggarane ellers Strandpromenade og brygge - bindeledd frå badstova til smia Lokalmatutsal, serveringsstad, pub: Grindaheim, Klukkarhaugen, Sommerhotellet 15

Løysingsforslag På dei neste sidene syner vi korleis vi meiner at Klynga på Klokkarhaugen kan utviklast til eit levande sentrumsområde. 16

Det store bildet Mjøsvang kafé Makkenparken Bøflaten Camping Vang Autoservice Sommerhotellet Park og brygge Verkstader Destilleri Atelier/Utstillingar Utearrangement Klokkarhaugen Arbeidsfellesskap Torg og marknad Servicenæringar Servering og pub Turistinfo Lokalmat Bustader Kommunehus Legekontor Helsehus Fysioterapi Bibliotek Bustader Park og badstue Vang barne- og ungdomsskule Fleirbrukshall Klatrevegg Dagligvare Handel Mogleg areal for ny småhusbebyggelse på kommunale tomter Gåavstand: 5-10 min. Indre sone (mørk blå) Vi reknar området som ligg innanfor 5-10 minutts gange som ein utvida Mellomsone (mellomblå) Randsona har i stor grad spreidd bustadbygging og mykje jordbruksareal. Ytre sone (lys blå) I den ytre sona ligg VBU og Mjøsvang (med ulike funksjonar) som kvart sitt Gåavstand: 10-15 min. del av sentrumskjerna. Innanfor dette Vi ser føre oss at dette området i stor endepunkt på det vi reknar som sen- området kan det utviklast bustad og næring ved Klokkarhaugen, samt nye bustadkonsept på eksisterande areal/ tomter i Lundsmarka bustadfelt. grad består som det er. Området eignar seg utmerka for barnefamilier og andre som vil bu tettare på naturen, men likevel nært sentrumsfunksjonane. trumsområdet i Vang. Sona eignar seg utmerka for bustader tett på natur og fritidstilbod, t.d. godt eigna for familier. Gåavstand: 15-25 min. 17

Det nære bildet: Klynga på Klokkarhaugen Telegrafen: Atelier og galleri Sommerhotellet: Overnatting og servering Strand og badeplass for Sommerhotellet Støyskjerm med uthus og drivhus Frimann Fjellbrenneri Små utleigeeiningar - lager og fellesverkstad på gateplan PARKEN: Utemøblering eigna for arrangement Båt og kajakkbrygge Smia: Pop-up-lokale og arrangement Gøte - sammenhengende grønn parsell Bustader med mulige næringslokaler mot gågate Fleksible næringslokaler og/eller bustader Klokkarhaugen: Pub/servering med uteplasser og spill Strand med bålplass og benker Strandsti H.T. Ellingbø: Servicenæring og utleigebustader TORGET: Møteplassar, utsiktsplassar, benker og marknad Arbeidsfellesskap, bakeri, turistinfo og fleirbruk Grindaheim: Bustader, treningssenter, matforedling og utsal Banken: Kontorlokaler Parkering Dette kartet syner korleis vi ser for oss å utvikle området rundt Klokkarhaugen med ei klynge av næring, bustader og møteplassar. Området innbefattar også dei eksisterande bygga på sørsida av E16, som vi meiner bør sikrast eit vidare liv før utbygging på nordsida av vegen byrjar. På neste side gjer vi kort greie for funksjonane vi ser føre oss at dei ulike bygga og uteområda kan ha. 18

Funksjonsoversikt Sommerhotellet Frimann Fjellbrenneri Gøte + båt-og kajakkbrygge utsiktspunkt mot fjella rundt, og møblerast Beheld dagens funksjon som overnattings- Privateigd destilleri med lokale og Området delast av med ei grønn lunge med benkar og soner for uformelle møter. og serveringsstad i sommarsesongen. Kan oslobaserte eigarar. Selskapet er etablert, og (gøte), som knyttar seg heile vegen ned mot Torget nyttast til dels til parkeringsformål i få utvida både sesong og marknad gjennom ynskjer å arbeide vidare med etablering av vatnet kor den ender i ei lita brygge for kvardagen, men kan ryddast heilt og brukast samarbeid/nyttegjering av funksjonar som destilleri for produksjon av gin og akevitt småbåtar og kajakkar (for bebuarar og til som marknadsplass ved særskilte høve. blir utvikla i nabolaget, m.a. destilleriet, Smia og parken (arrangement). Hotellet har privat strand og badeplass. m.m. så fort reguleringsplanen er ferdigstilt. Parken Parkområde mellom destilleri, Smia og utleige). Næringslokaler og bustader Langs «gata» frå parken og opp mot torget vi Arbeidsfellesskap Dette blir ein utvida versjon av dagens eksisterande kontorfellesskap i Vang, Telegrafen bustad/næring som er rigga og delvis vil legge til rette for kombinerte nærings- og mynta på både kontorbaserte næringar Telegrafen kan eigne seg som galleri skjerma med tanke på bruk til mindre bustadbygg, med næring på gateplan. og andre kreative næringar. Bygget har og atelier, men vil krevja omfattande istandsetjing. Kan også få ein funksjon i samband med Kongevegen, ettersom traseen går like utanfor. Støyskjerm med uthus og drivhus Vi er særs opptekne av at støyskjermen ikkje skal bli eit fysisk hinder for både utsyn og kontakt mellom vegen og området på nedsida av E16. Konseptet vårt legg difor til grunn at støyskjermen blir aktivert og knytta til uthus, drivhus og andre bruksformål, som skapar nysgjerrigheit og opnar utsynet mot Vangsmjøse og fjella frå veg og gangveg. arrangement og konsertar ein funksjon som er sakna i dagens Vang sentrum. Knyttar seg mot gøta og stranda. Smia Den gamle Smia ynskjer vi å gje ein ny funksjon som arrangementslokale og arena for pop-up-tiltak (eventar, restaurant, utstilling, konsertar m.m.) Utleigeeiningar og verkstader På sørsida av parken ser vi føre oss mindre utleigeeiningar i kombinasjon med verkstader for kreative næringar og lagerareal. H.T. Ellingbø Beheld dagens funksjon med utleigebustader i øveretasjane og lokaler for servicenæring i første etasje. Klokkarhaugen Det gamle bygget på Klokkarhaugen nyttast til pub og enkel servering, som knyttar seg mot torget med uteplassar og rom for leik og moro. Torget Torget blir nullpunktet i sentrumskjerna, og møteplassen både i kvardagen og for dei store hendingane. Torget har fleire også fleirbruksområder som kan nyttast til konsertar, foredrag m.m., samt rom for bakeri og turistinformasjon. Funksjonane kan i stor grad dele både areal og bemanning i kvardagen, slik at tenestene kan styrke kvarandres eksistensgrunnlag. Banken Beheld dagens funksjon som banklokaler med lokaler for kontor eller servicenæring i kjellaren. Grindaheim Vi har valgt å innarbeide gamle Grindaheim hotell i planen, ettersom mottaket etter alle solemerker blir nedlagt. Dette bygget 19

må få nytt liv for at Vang sentrum skal bli ein triveleg stad å jobbe, bu og besøke. Vi ser eit betydeleg potensiale for å kunne løyse mange av dei behova vi har funne for Vang sentrum innanfor bygningsmassen på Grindaheim. Bygget vil til dels kunne la seg bygge om til bustader både for sal og utleige, medan dei eksisterande fellesareala i bygget kan få nye funksjonar som produksjonslokaler for lokalmat med utsal/ etestad, treningssenter med behandlingsrom m.m. til dels plasskrevjande funksjonar som det vil vera krevjande å finne plass til andre stader, men som i sum vil gjera sentrum endå meir attraktivt. Gjenbruken av hotellbygget til bustadformål vil også vera avgjerande for å kunne fortette sentrum i det omfanget ein ynskjer, utan at området ned mot vatnet blir altfor tettbygdt og «privatisert». Parkering Vi tilrår etablering av ny parkering på arealet mellom Grindaheim Hotell og Vangsheimen, som knyttar seg til Klokkarhaugen med ny overgang ved eksisterande busstopp. Her kan det gjerast rom for minimum 40 bilar. Våre berekningar syner at det ellers finst totalt ca 230 parkeringsplassar i aksen frå Klokkarhaugen til Drengestøga i dag; Rundt banken: 48 stk Rundt kommunehuset: 45 stk Rundt Vangstunet: 41 stk Ved Vangsheimen: 25 stk Kyrkja/Drengestøga: 70 stk Ny parkering: 40 stk Totalt er vi då oppe i 270 plassar. Vi legg til grunn at parkeringsbehov for nye bustader i planområdet blir dekka i tilknytning til bustaden, og meiner at ein utover dette må sjå parkeringsbehovet for heile sentrum som ein heilskap. Kapasiteten er slik sett veldig god, om ein legg til grunn at storparten av besøkstrafikken til området (eksterne gjester) vil koma på kveld, helg og i ferier kor den øvrige parkeringskapasiteten stort sett er lite pressa. Fleire av dei eksisterande næringsdrivande i sentrum gjev også uttrykk for at deira tilsette gjerne kan parkere litt lengre unna for å frigjere plassar til kundar og besøkande tett på, så lenge dei tilsette er sikra ein plass til bilen ein plass i sentrumskjerna. God skilting i sentrum vil derimot vera ein avgjerande suksessfaktor for at dette skal fungere i praksis, slik at utanforståande forstår kvar dei kan parkere, og korleis dei kjem seg rundt til fots. Dette blir også peika på som eit behov frå dei lokale vi har intervjua. Dersom behovet i praksis syner seg å vera endå større enn dette er det ei moglegheit med parkeringskjellar under Arbeidsfellesskapet, men vi meiner at dette er såpass krevjande å realisere frå eit økonomisk perspektiv, at alle andre løysingar må utgreiast nøye fyrst. 20

Utsnittet Dette snittet syner heile aksen frå gamle Grindaheim hotell, via Klokkarhaugen og ned til vatnet. Formålet er å syne korleis området er tenkt i samanheng, og på kva for nivå dei ulike funksjonane løysast. 21 St ra nd st i St ra nd m Bå ed tbe og nk ka ar ja og kk bå br lp yg la ge ss ND AH EI Sø M rv en dt ut ep G ar la de ss fo ro rb be us rf or Bu ta de tre st ad r ni ng er m ss e en Tr d te en in ro ng in gs g an fe se g lle nt frå sa e r Kj tu re øk n al og en fo rb ut -l ep ok us la al ta ss m de at m r fo ot re sø dl r in g og la Bu ge st r ad er Lo m ed ka lm ba a lko H. t u T: t ng s El lin al o og gb g so se ø ve r -S ve E1 ro 6 e r m i rv ng -m m i c s ed en ot st ad æ sø fo rin r rs -v va g/ en rle h d el St g se t m øy fo næ ot sk tg je je rin torg rm ng Kl g ar m ok kr ed ka y ss gj rh en in au TO g no ge m RG m ot n ga -S Pu au Næ itt ng b st e m so frå pl rin e pn as d gs hø u s i n te lo ar G gd g ka pl,m åg ar e as le,d ø at r t s r e ar -o iv AR e n pl hu og g as e B so m sa Ta EID d m sp og g r, u ot kt SF e ut le lm e E t p g hu es Fo rra LL ot a bu er s aj ss ES rk s ør ve st e SK m e ad ve Ba me m A ed rin o s P g ke d næ t og t t sø r rin Am i og uris r f m o g t a in r s slo fi rk o er fo a na ka M g t vic og rbe d l og ra ea e i d ba s rp p l r Ba eg pe ea ke fel å le b lf lko pa ro r iu s ak n rk m or k ts ka ke Ut g m erin mo on al - pet pl an ep ot gs t u tor sp la ut kj tsik fe ise ss l sik ell le ar t sk e m t ar ot ap al ve ut d i u mo sik be nd t v t ho er es v et t as je RI G

Konseptillustrasjon av utviklingsområdet sett frå Grindaheim hotell

Konseptillustrasjon av utviklingsområdet sett frå vatnet

Konseptillustrsajon av aktivert støyskjerm med praktiske formål

Konseptillustrasjon frå torget ved Klokkarhaugen

Konseptillustrasjon av området ved parken, Smia, destilleriet og Sommerhotellet

Konseptillustrasjon av utsyn frå området ved destilleriet/smia

Realisering: Korleis får vi til dette i praksis? Kommunal eller privat regi? Vårt utgangspunkt er at den framtidige utviklinga av Vang sentrum fortrinnsvis bør skje i regi av private utbyggjarar, men med oppbacking frå kommunen i form av tilrettelagt infrastruktur, samt eventuelt kjøp av leilegheter til kommunale føremål alternativt at kommunen står som garantis for eit visst antal utleigeeiningar. Båe deler kan vera gode incentiv for å få utbygginga i gang. Det er ein viktig suksessfaktor for realiseringa at kommunen som eigar av arealet tidleg legg til rette for at området kan byggjast ut slik den nye reguleringsplanen legg opp til, og at framføring av naudsynt infrastruktur ikkje blir ein forsinkande faktor. «Stamvegane» i planområdet og den grunnleggande infrastrukturen bør leggjast til rette for heile området på likt, slik at realiseringa kan byrje i den enden av området kor konsept og finansiering kjem på plass fyrst. I den grad kommunen sjølv ynskjer å vera utbyggjar for deler av, og/eller aktiv deltakar i, utviklingsløpet framover så er dette sjølvsagt positivt men vi ser altså i utgangspunktet ikkje på dette som ei kommunal oppgåve. 28

Organisert fellesskap Bedriftsnettverk med opsjonsavtale Vårt utgangspunkt er at dei aktørane som har størst interesse av å utvikle Vang sentrum finn saman, og tek det vidare løftet i eit organisert fellesskap. Med ei slik tilnærming kan mykje skje på kort tid, og ein kan få fullt utbytte av synergiane mellom ulike satsingar og ynskjer framfor at alle jobbar på kvar sin kant med sine eigne idear. Dette er også bakteppet for at vi i vårt konsept i stor grad legg opp til fleirbruk av mange bygg og funksjonar i sentrumskjerna. Vang sentrum er for lite til at dei fleste av oss kan bli gode åleine, men som del av ei aktiv klynge kan vi skape eit langt større avtrykk. Vi trur også at dette er den rette tilnærminga for å sikre eit breitt engasjement rundt «nye» Vang sentrum, der alle aktørane som tek aktivt del i utviklinga kjenner eigarskap til heile planen. Eit lagarbeid i dette formatet meiner vi er heilt naudsynt for å evne å få til eit slikt løft, og det å etablere ein felles overordna plan og ambisjon vil vera ein viktig suksessfaktor for å skape både motivasjon og sikkerheit (forankring) på tvers av aktørane. Ei etappevis utvikling er langt lettare å realisere utan konflikter dersom heilskapen er planlagt før det fyrste bygget etablerast. Vi føreslær difor at dei aktørane som har ynskjer om utvikling rundt Klokkarhaugen finn saman i form av eit bedriftsnettverk, og i fellesskap arbeider fram eit solid konsept som kan realiserast etappevis. Denne klynga bør bestå av eksisterande huseigarar i aksen rundt Klokkarhaugen (m.a. Valdres Sparebank, Grindaheim Invest AS, Solemsli AS, Sommerhotellet) og aktørar som har eit klart ynskje om å ta ei aktiv rolle i den vidare utviklinga (t.d. Kontorfellesskapet 1724 SA). Kommunen bør også vera tilknytta nettverket i kraft av si rolle som tomteeigar og potensiell tilretteleggjar, men ikkje nødvendigvis som ein kommersiell partnar på linje med dei øvrige. Brorparten av dei nemnde næringsaktørane har gjennom våre djubdeintervju vore tydelege på at dei ynskjer å ta del i eit slikt nettverk, dersom det blir ein realitet. Dette ser vi på som eit svært godt utgangspunkt. 29

Næring fyrst, resten etterpå Sjølv om behovet vi søker å løyse i sentrum skal dekke tre samansette behov (bustader, næring og møteplassar), så meiner vi at denne klynga bør starte som ei næringsklynge. Bustader, møteplassar og næring heng tett saman i konseptet vårt men vi meiner at næringsdelen må løysast fyrst. Om ein har konkrete behov å løyse for næringsaktørar, så vil bustadene gjerne koma av seg sjølv fordi dei vil vera ein viktig faktor i å finansiere utbygginga i sin heilskap. Samtaler vi har hatt med både eksisterande og potensielt nye huseigarar i sentrum peikar mot at ein kombinasjon av bustad og næring generelt er meir attraktiv å investere i enn kun den eine delen. Ei slik klynge kan ha gode moglegheiter for å reise kapital både internt og eksternt. I utviklingsfasen vil ein kunne søke støtte frå m.a. Innovasjon Norge, og i neste fase kan ordningar frå t.d. Husbanken nyttast for å realisere deler av bustadbygginga i prosjektet - særskilt dersom kommunen er aktuell som disponent/kjøpar av fleire einingar. Styrka moglegheiter i kjølvatnet av Covid-19 Det siste halvanna året har moglegheitene for bygdekommuner som Vang fått eit heilt nytt spelerom. Fjernarbeid har vorte meir regelen enn unntaket innanfor mange yrkesgrupper, og dette har medført at hundretusenvis av potensielle arbeidstakarar no faktisk har ei reell moglegheit til å velje seg Vang og våre kvalitetar utan å måtte gje slepp på arbeidsplassen. Men signala er samstundes tydelege på at dette fordrar god tilrettelegging for desse arbeidstakarane, i form av ulike former for arbeidsfellesskap. I Vang har vi allereie mange døme på folk som har flytta til bygda med jobben i sekken, også før koronaviruset kom på banen men interessa har fått ein markant auka boost det siste året, i følge intervjuet vi gjorde med Innovangsjon. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har varsla lansering av ei ny støtteordning for etablering av nye arbeidsfellesskap i distriktet i statsbudsjettet for 2022 som eit verkemiddel for å få fleire til å ta med seg jobben sin ut frå dei store byane. Dette er eit tydeleg politisk signal som vitnar om at timingen kan vera veldig god for ei utvida klyngesatsing på Klokkarhaugen. 30

Kort oppsummert steg for steg 1. Etablering av bedriftsnettverk (haust/vinter 2021-22) Fyrste steg er etablering og formalisering av eit bedriftsnettverk, beståande av aktørar som ynskjer å ta aktivt del i utviklinga. Aktørane som ligg innanfor planområdet er del av nettverket, og fellesskapet sikrar seg opsjon på utviklingsrett til regulerte, ubebygde areal. Nettverket finansierer sitt arbeid gjennom ein kombinasjon av eigenkapital og tilskot (IN, KMD eller ein kombinasjon). 2. Utvikling av overordna konsept og prospekt for heile arealet (2022) Basert på basiskonseptet utarbeidar nettverket eit overordna konsept og prospekt for heile arealet, som mogleggjer etappevis realisering etter ein heilskapleg plan. 3. Etappevis realisering (frå 2. halvår 2022) Dei ulike om- og utbyggingane i området realiserast etappevis med oppstart i løpet av 2022. Realiseringa skjer anten i regi av aktørane i nettverket sjølve, eller i form av interne eller eksterne samarbeid. 31

2021 Klynga på Klokkarhaugen Marius Waagaard, Eirik Høyme Rogn, Sigrid Skjerdal, Trine Grann, Endre Vik