STUDIEPLAN INSTRUKTØRUTDANNING POLITIETS HUNDETENESTE 20 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012
1. Innleiing Som andre offentlege etatar er politiet prega av endring og utvikling og legg vekt på livslang læring. Det er viktig å ha godkjende instruktørar for å kunne handsame opplæringa som samfunnet og politietaten krev. Dette gjeld for bachelorutdanninga og for undervising og instruksjon i regi av lokale politidistrikt. Politihøgskolen ser på instruktørutdanninga som eit av dei viktigaste bidraga frå høgskolen til å heve kompetansen i etaten. Operativ polititeneste kan innebere svært krevjande oppdrag, der det er viktig å sikre tryggleiken til publikum, gjerningsmenn og tenestemenn/-kvinner. For å kunne halde tryggleik, ro og orden ved lag og kunne løyse alle slags oppdrag, må politiet ha operativt mannskap og leiarar med høg og oppdatert kompetanse. Det finst i hovudsak to tenestehundtypar i politiet: patruljehund og søkshund. Studentane vert utdanna som instruktørar for den tenestehundtypen dei sjølve er godkjende for. Politiets hundeteneste er ein viktig ressurs i politi- og lensmannsetaten. Instruktørar med god hundefagleg, politioperativ og pedagogisk kompetanse er viktig for kvaliteten på hundetenesta. Det er viktig at utdanninga for hundetenesta i politiet er einskapleg og har høg kvalitet. Utdanning av instruktørar for politiets hundeteneste er spesielt utarbeidd og lagt til rette for krava og utfordringane på fagfeltet. Utdanninga gir 20 studiepoeng. 2. Føremål Instruktørutdanninga skal medverke til at den hundefaglege kompetansen i politiog lensmannsetaten vert formidla, halden ved like og utvikla i tråd med gjeldande kunnskap og nye krav til yrkesutøvinga. Utdanninga skal støtte ein einskapleg praksis og medverke til nettverksbygging. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 1
Målgruppa er fagleg kompetente, motiverte og skikka tenestepersonar som har eller er tiltenkt rolla som hundeinstruktør sentralt eller lokalt. Det er ein føresetnad at deltakarane vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. 3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politihøgskole/politiskole vere fast tilsette i politi- og lensmannsetaten ha arbeidd i patrulje- og ordenstenesta i minst 3 år ha arbeidd som hundeførar i minst 5 år ha lokale og/eller sentrale instruktør-/undervisingsoppgåver undervegs i studiet Kravet om minst fem år som hundeførar kan fråvikast. Det vil verte lagt vekt på at søkjaren har hatt fleire godkjende tenestehundar. Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. 4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter gjennomført instruktørutdanning skal studentane kunne: utøve instruktørrolla med auka innsikt og tryggleik arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre for å gjennomføre instruksjonar lokalt og sentralt identifisere og vurdere etiske dilemma i læringssituasjonar forstå at det er viktig med både forskings- og røynslebasert kunnskap forstå, formidle og diskutere faglege problemstillingar medverke til å utvikle fagområdet Studiet er organisert i fire hovudemne som samla skal gi studenten eit heilskapleg læringsutbyte. 4.1 Pedagogikk Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 2
Emnet omfattar reflektert og gjennomtenkt planlegging pluss gjennomføring og evaluering av læringssituasjonar. Tolking av teori og refleksjon over praksis står sentralt. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: Praksisteori og pedagogisk grunnsyn. Ulike læringsperspektiv. Motivasjon. Kompetanse og føresetnader for læring. Læringsstrategiar og arbeidsformer. Didaktikk: o planlegging av læring og undervising o vurdering og rettleiing i læring og undervising Grupper og danning av grupper. Kultur og mangfald. Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for omgrepet praksisteori vurdere det pedagogiske grunnsynet sitt forklare kva læring er og gjere greie for ulike syn på læring gjere greie for sentrale didaktiske modellar og bruke modellane når dei planlegg læring 4.2 Fag Solid fagleg kunnskap er eit naudsynt grunnlag for å forstå faget. Kunnskapen kan vere både forskings- og røynslebasert. Fagleg innsikt er ein føresetnad for ein instruktør. Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 3
Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane utvida kunnskap om: Ferdigheiter regelverk politihundetenesta i Noreg åtferdslære, mellom anna om sansane til hunden, motivasjon og stress stell og pleie av hund, med ernæringslære og førstehjelp mentaltest arbeidstest, med observasjon og analyse godkjenningsprogram grunnleggjande dressurteknikk, vidareutvikling av dressurteknikk, med problemløysing operativ bruk av hund yrkesetikk konflikthandsaming risikovurdering Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: gjere greie for mentaltest for hundar og utføre arbeidstestar for rekruttering av tenestehundar observere og analysere åtferda til en hund med sikte på å utarbeide ein treningsplan demonstrere, forklare, rettleie og vurdere relevante og gjeldande hundefaglege dressurteknikkar gjere ei risikovurdering før relevant undervising 4.3 Fagdidaktikk Fagdidaktikken knyter faget og pedagogikken saman. Det sentrale i fagdidaktikken er kva som skal lærast, kvifor det skal lærast og korleis ein skal leggje til rette for læring i dei einskilde faga. Kunnskapen om faget skal danne grunnlag for både faglege og pedagogiske vurderingar og val. Det vert òg lag vekt på yrkesdidaktikken, samanhengen mellom yrket og faget. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: det som særmerker Politiets hundeteneste yrkesdidaktikk Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 4
Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: velje, forklare, nytte og vurdere metodar og strategiar for god læring på fagområdet «politiets hundeteneste» utnytte dei eksisterande rammene identifisere behovet for og gjennomføre faglege og pedagogiske endringar forstå verdien av fagområdet i politiarbeidet og bruke det som grunnlag for å motivere deltakarane til læring 4.4 Praksis Praksis er ein gjennomgåande komponent i studiet. Det er viktig for det samla læringsutbytet å både praktisere og reflektere over praksis. Planlegging, gjennomføring, tilrettelegging og evaluering er sentrale prosessar knytt til praksis. Studentane skal rettleiast under praksis. Kunnskapar Etter gjennomført utdanning har studentane kunnskap om: læring i praksis evaluering av læring Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: tilpasse instruksjon og undervising til ulike målgrupper og situasjonar motivere deltakarar for læring meistre varierte undervisingsformer bruke ulike pedagogiske og teknologiske hjelpemiddel gi konkret og målretta tilbakemelding vurdere læringsprosessane og læringsresultata til deltakarane vurdere korleis dei kan forbetre og vidareutvikle si eiga og andre si undervising samarbeide med andre instruktørar ta ansvar for langvarige kurs/utdanningar Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 5
5. Organisering og arbeidsmåtar Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med fellessamlingar og studiearbeid under og utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 12 månader. Utdanninga tar om lag 560 timar. Det omfattar undervising, øvingar, praksis, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. Samlingane utgjer inntil 245 timar som kan fordelast over kortare eller lengre tid. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte. Dei skal særleg klargjere samanhengen mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Studentane skal medverke til gjensidig læring, mellom anna ved å rettleie og vurdere undervisinga til medstudentar. Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Ein utviklingsplan for eigen lærarkompetanse som skal vere utgangspunkt for ein samtale midtvegs i studiet. Planleggje, forklare, leggje til rette for og vurdere minst fire læringssituasjonar. Dette omfattar planleggingsdokument før undervisinga tar til, gjennomføring av undervisinga og refleksjonsnotat etterpå. Ein plan for instruksjon/undervising studenten sjølv utfører gjennom utdanningsperioden. Studentane skal òg levere eit avsluttande refleksjonsnotat om eiga læring gjennom heile utdanninga med utgangspunkt i sin eigen utviklingsplan. Notatet skal leverast 14 dagar etter siste samling. Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 6
6. Vurdering Den praktiske lærarkompetansen til studentane vert vurdert under heile utdanninga etter gitte kriterium. Studiet vert avslutta med ei praktisk prøve og ein munnleg eksamen. Studentane skal gjennomføre planlagt undervising i ein autentisk opplæringssituasjon med reelle deltakarar. Etter den praktiske prøva kjem det ein munnleg eksamen. Karakterane er bestått / ikkje bestått. Begge prøvene må vere beståtte. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk litteratur Pedagogikk (605 sider): Bjørke, Gerd (2006): Aktive læringsformer. Oslo: Universitetsforlaget (130 sider) Bjørndal, Cato RP (2011): Det vurderende øyet. Oslo: Gyldendal Akademisk. Pensum: Kapittel 1, 2, 3, 7, 8 (82 sider) Hiim, Hilde og Else Hippe (2009): Undervisningsplanlegging for yrkeslærere. Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: Kapittel 1 8 (117 sider) Strandkleiv, Odd Ivar (2006): Motivasjon i praksis. Oslo: Elevsiden DA (75 sider) Øiestad, Guro (2004): Feedback. Oslo: Gyldendal Akademisk. (100 sider) Kompendium: Andersen, Kjell (2003): Innføring i mesterlære, yrkesdidaktikk og veiledning. Kristiansand: Høyskoleforlaget. Pensum: Teori i didaktikk og Yrkesdidaktikk side 77 102. (25 sider) Boge, Margunn, Markhus, Gunvor, Moe, Randi, Ødegaard, Elin Eriksen (2009): Læring gjennom veiledning. Bergen: Fagbokforlaget. Pensum: Ulike perspektiver på veiledning. (21 sider) Karlsen, Hilde(2011): Klare for arbeidslivet. NIFU rapport 42/2011. Pensum: Side 16 18 (2 sider). Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 7
Lyngsnes, Kitt og Marit Rismark (2007): Didaktisk arbeid 2. utg. Oslo: Gyldendal akademisk. Pensum: Kapittel 4. Teorier om læring (25 sider) NOKUT (2012). Om kvalifikasjonsrammeverket og sentrale begreper. Henta 3. mai 2012 frå http://www.nokut.no/no/nokuts-kunnskapsbase/det-norskeutdanningssystemet/nasjonalt-kvalifikasjonsrammeverk/ (3 s.) Strømsø, HI, Lycke, KH, Lauvås, P(red): Når læring er det viktigste. Oslo: Cappelen akademisk forlag. Pensum: Kap 6: Formativ vurdering i undervisningen (26 sider). Hundefagleg litteratur (583 sider): Inki & Roland Sjøsten (2004): Nya Spårhunden Bruksspår Precisionsspår Frispår. SRI Publication AB (2004), Kapittel 1 13 (169 sider) Sven Jærverud og Gunvor af Klinteberg-Jærverud (2002): Din hund søker. Luleå: GTC Print AB, (2002) (Side 1 164) Sven Jærverud og Gunvor af Klinteberg-Jærverud (1998): Din hund fortsetter. Alf Lannerbäck och Naturia Förlag AB, 2 opplag (1986) (Side 1 269) 7.2 Skal vere kjent Sven Jærverud og Gunvor af Klinteberg-Jærverud (2000): Din hund som valp og unghund. Lund: Wennergren Cappelen A/S, (3.) revidert utgåve. (1990) (Side 1 172) Inki & Roland Sjøsten (2004): Søkshunden Personsøk och føremålssøk. SRI Publication AB (2004), (Side 1 120) Wilson, Erik (2005): Etologi og hundägare, Kristianstads boktryckeri AB, Kristianstad (2005) Kapittel I X, (88 sider) Prosjektoppgave ved Rådet for Arbeidslivsstudier høsten (1988) Universitet i Oslo, Hundepatruljens fotspor en undersøkelse om bruk av politihund ved fotpatruljering. (75 sider) Politihøgskolens kompendium (1998): Hundens atferd- atferdslære Politihøgskolens kompendium (1989): Opplæring og trening av søkshund Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 8
Heggøy, Tor Erik (2002) Politihundens rettslige beskyttelse, Falch AS Kapittel 1 7 (89 sider) Dokument som studentane skal kjenne til: Fagplaner for hundetjenesten (Politihøgskolen) Godkjenningsprogrammet Rundskriv 2011/ 008 Administrative retningslinjer for polititjeneste med politihund Politiets beredskapssystem del I (PBS I) Håndbok i krisehåndtering, Politidirektoratet (2007) Politiets beredskapssystem del II (PBS II) Håndbok for innsatspersonell, Politidirektoratet (2008) Reglementet for våpentjeneste for politiet Studieplan for instruktørutdanning for politiets hundeteneste Side 9