ØKONOMIPLAN 2008-2011



Like dokumenter
Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2008 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Budsjettskjema 1B Rekneskap Rev. Budsjett Budsjett

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Oversyn over økonomiplanperioden

Vedlegg til budsjett for Meland kommune 2015

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

BUDSJETT 2015 FEDJE KOMMUNE

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte 16. desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2016.

ØKONOMISKE HOVUDOVERSIKTER. Tillegg til Rådmannen sitt utkast til budsjett og handlingsprogram

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

FORMANNSKAPET


Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

Heradet er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Økonomiske oversikter budsjett 2016 Meland kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Verdal kommune Regnskap 2015 Budsjett 2016 Budsjett 2017

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Økonomiske oversikter budsjett 2017 Meland kommune Rådmannen sitt framlegg

Regnskap 2014 Budsjett 2015 Budsjett 2016

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Brutto driftsresultat

Kontrollutvalet i Sogndal kommune. Sak 9/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Sogndal kommune

Houvudoversikter Budsjett Flora kommune

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Vedlegg 1 Budsjettskjema 1A - Driftsbudsjettet Opprinnelig budsjett 2014

STATSBUDSJETT Skatt og rammetilskot 2012

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 14.desember 2011.

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining økonomi og personal. Formannskapet Tenesteleiarane. ØP-notat nr 3 Økonomiplan Årsbudsjett 2012

Hovudoversikter Budsjett 2017

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

Budsjett Brutto driftsresultat

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17. desember 2015.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Økonomisk oversikt - drift

Økonomisk oversikt - drift

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Hovudoversikter. Hovudoversikt drift Regnskap Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

REKNESKAPSSAMANDRAG FOR STORD HAMNESTELL 2012

Økonomiske analyser DRIFTSINNTEKTER DRIFTSUTGIFTER INVESTERINGER NETTO FINANSUTGIFTER LÅNEGJELD NETTO DRIFTSRESULTAT OG REGNSKAPSRESULTAT

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

Budsjett Brutto driftsresultat

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 20.november 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2011.

Oversikter/budsjettskjema i sak 063/13 - Budsjett 2014

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneopplegget for 2020

HOVEDOVERSIKTER FORMANNSKAPETS INNSTILLING

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

En gjør oppmerksom på at det kan bli endringer i disse oversiktene i forbindelse med det videre detaljeringsarbeidet.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 12. desember 2011.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Tertialrapport 2 tertial 2015

Budsjett Rådmannen sitt framlegg

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14. desember 2015.

REKNESKAP. Vedteke av Surnadal kommunestyre xx.xx.2014

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 12.desember 2012.

PØ-049/10 VEDTAK: Budsjettet for Samnanger kommune for 2011 vert som fylgjer:

ÅRSREGNSKAP Innholdsfortegnelse. - Balansen Side 1 - Revisjonsberetning for 2014 Side 2-3

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Budsjett 2012, økonomiplan

Forsand kommune Saksframlegg

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneproposisjonen 2020

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Årsbudsjett 2018 og økonomiplan for Vedtatt

Revidert nasjonalbudsjett 2017 og kommuneopplegget for 2018

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Vedlegg 7.1 Økonomiplan drift

Rekneskap. Bokn. kommune. for. Inkl. Noter.

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2018.

Hovedoversikter. Driftsutgifter Lønnsutgifter Sosiale utgifter

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2012, og økonomiplan , vedteke i kommunestyremøte

Økonomiske oversikter

Transkript:

Dato: 06.11.2007 Vår ref.: 2007/3392-23175/2007 Ark.kode: 100 ØKONOMIPLAN 2008-2011 FJELL KOMMUNE Førebels dokument 30. oktober 2007 Rådmannen

DET ØKONOMISKE OPPLEGGET 2008 (2008-2011) FRAMLEGG STATSBUDSJETT 2008 - KOMMUNEOPPLEGGET Det økonomiske opplegget for 2008 Prisindikatoren for 2008 er i framlegget 4,2%. Denne består av pårekna lønsvekst med 5,0% (vekt 0,635) og varekjøp 2,8% (vekt 0,365). Det blir vist til kommentar over om prisindikatoren for 2007. Ein viktig årsak til relativt høg forventa kostnadsvekst for 2008 er høg lønsvekst som følgje av mangel på arbeidskraft og vanskar i kommunane med å behalde personell. For kommunane samla i landet er det lagt opp til ein reell auke (før prisjustering) i dei frie inntektene på kr. 1,0 mrd. frå 2007 til 2008. Veksten er rekna i høve til det inntektsnivået for 2007 som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett i mai, dvs. ikkje medrekna seinare pårekna skattevekst. Denne veksten skal gi rom for å dekka meirutgifter knytt til den demografiske utviklinga som følgje av fleire eldre innbyggarar. Det er lagt opp til 2000 nye årsverk i den kommunale omsorgstenesta i 2008. Veksten i dei frie inntektene skal også dekka meirutgifter knytt til NAV-reform (pårekna meirutgift 100 mill.) og etablering av kommunale råd for funksjonshemma (pårekna meirutgift 50 mill.). I tillegg til veksten i dei frie inntektene på 1,0 mrd. kjem 270 mill. i auka frie inntekter som kompensasjon for auka timetal i grunnskulen. I tillegg til veksten i dei frie inntektene kjem det auka øyremerka tilskot. Dette er for ein stor del knytt til fleire barnehageplassar. I tillegg kjem opptrapping av handlingsplanen for psykisk helse, nytt investeringstilskot for sjukeheimar og omsorgsbustader. Der er også lagt opp til auka øyremerka tilskot med om lag 500 mill. knytt til toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande tenester og omlegginga av denne ordninga. Heile realveksten i dei frie inntektene i 2008 kjem på rammeoverføring. Det er ikkje lenger ei målsetjing at kommunane skal kome opp i ein skatteprosent på 50% av inntektene. Når realveksten kjem på rammeoverføring i staden for skatt gir dette større grad av tryggleik i samband med budsjettering av inntektene. Dei aller fleste kommunane i fylket har eit så lågt skattegrunnlag at det er ein fordel når inntektsveksten blir lagt på rammeoverføring i staden for på skatt. Det er rekna med ein nominell skattevekst (etter prisjustering) for kommunane frå 2007 til 2008 med 2,3%. Dette er rekna i høve til det skattenivået for 2007 som no er lagt til grunn i statsbudsjettet, dvs. pårekna meirskatt i år er rekna med i grunnlaget. Dersom vi tek omsyn til pårekna prisauke frå 2007 til 2008, er dette ein reell reduksjon i skatteinntektene. Dette må bli sett i samanheng med at skatteveksten i 2007 er blitt høgare enn rekna med i revidert nasjonalbudsjett i mai, og at realveksten i dei frie inntektene blir lagt på rammeoverføring. Selskapsskatten er ikkje medrekna i denne skatteveksten då selskapsskatten blir utbetalt som rammeoverføring inntil vidare. Beløp for selskapsskatten er i samsvar med kommuneproposisjonen for 2008 og er vist i vedlagt tabell. Selskapsskatten er med i grunnlaget for utrekning av inntektsutjamning, sjølv om den teknisk blir utbetalt som rammeoverføring. Det er framlegg om å justera skatteøyret frå 12,25% i 2007 til 12,05% i 2008. Det blir vist til kommentar over for pårekna skattevekst i 2008 m.o.t. reduksjonen i skatteøyret. Vedlagt tabell syner rammeoverføring og pårekna frie inntekter for 2008. Pårekna skatt og inntektsutjamning i tabell bygger på kommunane sin reelle skatteinngang i 2006. Til dette grunnlaget er det lagt til pårekna skattevekst i statsbudsjettet for 2008 i høve til 2006. Veksten i høve til 2006 er m.a.o. eit gjennomsnittstal. Det blir ikkje teke omsyn til den lokale skatteutviklinga i 2007 og 2008.

I pårekna frie inntekter er det ikkje teke omsyn til gevinst eller tap som følgje av oppdatering av innbyggartal til 01.01.2008 som grunnlag for innbyggartilskot med utgiftsutjamning og inntektsutjamning. Det er rekna med ein nominell auke i kommunane i landet sine samla frie inntekter (skatt og rammeoverføring) på 3,5%, korrigert for prisauke (4,2%) blir det lagt opp til ein reell nedgang med 0,6 %. For kommunane i fylket er den nominelle veksten rekna til 3,8 %. Dette er rekna i høve til siste skatteoverslaget for 2007. Ressurskrevjande tenester Ordninga med tilskot for ressurskrevjande tenester blir lagt om frå og med 2008. Kompensasjonsgraden vil frå neste år vere den same for kvar kommune, uavhengig av om kommunen har høge eller låge utgifter pr. innbyggjar. Kvar kommune vil få dekka 85% av netto utgiftene utover innslagsnivået pr. tenestemottakar, som for 2008 blir rekna til om lag kr. 800.000. Det blir frå og med 2008 lagt opp til inntektsføring i årsrekneskapen på grunnlag av utgiftene i det same året, men sjølve kompensasjonsutbetalinga vil framleis kome året etter utgiftene. Det er lagt opp til ei overgangsordning for 2008 for å unngå ei dobbel inntektsføring i rekneskapen for det året. Grunnlaget for tilskot er kommunane sine netto utgifter pr. tenestemottakar, dvs. etter fråtrekk for andre tilskot. Det blir frå 2008 lagt opp til å ikkje trekka frå det busetjingsstimulerande tilskotet for flyktningar med alvorlege funksjonshemmingar eller åtferdsvanskar (inntil kr. 700.000,- pr. brukar pr. år i inntil 5 år). Aktuelle kommunar vil med dette oppnå eit høgare tilskot for ressurskrevjande tenester. Ordninga omfattar berre tenestemottakarar under 67 år. Dette blir lagt til grunn også for 2008. I kommuneproposisjonen for 2009 (mai 2008) vil det bli vurdert ei endring i ordninga etter 2008 slik at den eventuelt også vil kunne omfatta personar som er 67 år eller eldre. Barnehagar Kunnskapsdepartementet har rekna at det vil vere behov for å bygga ut barnehageplassar til 3.900 nye barn for å nå målet om full dekning i 2008. Då det framleis er stor grad av omgjering frå korttidsplassar til heiltidsplassar, blir det lagt opp til å etablera 7.700 heiltidsplassar for å nå målsetjinga om full dekning. Ein stor del av veksten i øyremerka tilskot til kommunane i 2008 er knytt til nye barnehageplassar. Samla auke i tilskot frå 2007 til 2008 utgjer om lag 2,7 mrd. Det blir lagt opp til å vidareføra maksimalprisen foreldrebetaling på same nominelle nivå i 2008 som i 2007, dvs. utan prisjustering. Kommunane vil bli kompensert (249 mill. samla) for å dekka inntektstapet som følgje av manglande prisjustering av foreldrebetaling. Kompensasjon blir gitt gjennom det øyremerka driftstilskotet. Foreldrebetaling i 2008 vil vere kr. 2.330,- pr. månad for ein heiltidsplass. Auka timetal i grunnskulen Regjeringa gir framlegg om å utvida timetalet på barnetrinnet med til saman 5 uke timar a 60 min. Dette utgjer i gjennomsnitt for kvar elev ein auke på noko over ein time pr. uke. Auken er frå hausten 2008 (skuleåret 2008/2009). Det blir lagt opp til ein kompensasjon i rammeoverføring for kommunane i 2008 med 269,9 mill. Beløp inngår i vedlagt tabell. Beløp vil i 2008 vere utanfor overgangsordninga i inntektssystemet. For kommunane i fylket utgjer kompensasjon samla 27,4 mill. i 2008, av dette 13,3 mill. til Bergen kommune.

Nytt investeringstilskot til sjukeheimar og omsorgsbustader Det blir lagt opp til ei utbygging av 12 000 nye omsorgsbustader og sjukeheimsplassar (til saman) i perioden fram til 2015, fordelt med 1000 einingar i 2008. Målgruppa er personar som treng heildøgnstenester, uavhengig av alder eller funksjonshemming m.m. Tilskotet er eit eingangstilskot og skal i gjennomsnitt dekka 25% av investeringskostnadene. Høgaste investeringsramme som grunnlag for tilskot i 2008 er 2,0 mill. pr. omsorgsbustad eller sjukeheimsplass. For sjukeheimsplassar blir 30% av kostnadene dekka, medan for omsorgsbustadar blir 20% av kostnadene dekka. Det er framlegg om ei tilsegnsramme for tilskot på 500 mill. for 2008. Løyving til utbetaling av tilskot i 2008 er 100 mill. Ordninga vil bli administrert av Husbanken som vil samarbeide med fylkesmannen, t.d. for å prioritera søknader mellom kommunar innafor tilskotsramma. Kommunane må søkje Husbanken om tilskot. Det skal bli teke omsyn til behovet i kvar kommune og ei målsetjing om utjamning m.o.t. dekningsgrad mellom kommunane. Dersom ein kommune har heildøgns dekningsgrad av institusjonsplassar og omsorgsbustadar over landsgjennomsnittet, vil det i hovudsak berre bli gitt tilskot til nødvendig standardheving (kvalitet i staden for kvantitet). Det blir ikkje lagt opp til eit årleg kompensasjonstilskot for renter og avdrag som i Handlingsplanen for eldre som var vedteke i 1997. Opptrappingsplanen for psykisk helse Det blir lagt opp til ein vekst i det øyremerka tilskotet, kap. 743 post 62, med om lag 434 mill. i 2008. Regjeringa legg opp til ei samla løyving til kommunane i 2008 med 3,5 mrd. til psykisk helsearbeid. Planen blir avslutta i 2008. Det øyremerka tilskotet blir innlemma i rammeoverføring i 2009. Nytt kvalifiseringsprogram Det er framlegg om ei ny ordning med kvalifiseringsprogram for personar med liten kontakt med arbeidslivet. Det vil i stor grad vere personar som har vore avhengig av økonomisk sosialhjelp over ein lang periode. Programmet skal vere eit kommunalt ansvar og administrert av NAVkontoret. Stortinget må vedta lovregulering no i haust, og det må bli fastsett ein dato for iverksetjing. Det blir lagt opp til ei gradvis innføring etter som NAV-kontora blir etablert. Ordninga blir obligatorisk for etablerte NAV-kontor. I direkte tilskot til kommunane er det samla for 2007 gitt 50 mill. Det er lagt opp til å auka løyvinga direkte til kommunane i 2008 med 180 mill., dvs. samla løyving 2008 blir 230 mill. Dette er den delen av løyvinga som går direkte til kommunane. Dei personane som deltek i programmet vil bli omfatta av bustønadsordninga, dvs. det vil bli fleire mottakarar for tilskotsordninga. Det er rekna med auka kostnader i 2008 med 19 mill. til bustønad. Det blir lagt opp til full innføring i 2009, jf. utbygginga av NAV-kontor. Deretter er det planlagt å innlemma løyvinga i rammeoverføring frå og med 2010. Norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar er viktig for å oppnå busetjing og integrering i kommunane. Skjønstilskotet i 2008 er samla 125 mill., fordelt mellom eit basistilskot (95 mill.) og eit tilskot som kommunane etter retningsliner kan søkje på (30 mill.). Framlegget til løyving i 2008 utgjer ei styrking av skjønstilskotet med 95 mill. Nytt basistilskot rekna inn i vekst over utgjer om lag kr 325.000 til kommunar med mellom 4 og 150 personar i målgruppa. Kommunar skal ta med seg tilskotet inn i eit eventuelt interkommunalt samarbeid. Det blei i 2007 gitt ein eingangsløyving til føremålet med 75 mill. Fordelinga i 2008 er forskjellig frå fordelinga av eingangsløyvinga i 2007. Ny fordeling av tilskot til opplæring av minoritetsspråklege elevar Det øyremerka tilskotet til særskilt norskopplæring minoritetsspråklege elevar blei innlemma i rammeoverføring frå 2007 på grunnlag av rekneskaps tal for 2004. Rekneskaps tal for 2006 ligg no føre, og det vil bli gjort ei omfordeling mellom kommunane på grunnlag av 2006 rekneskap. I 2008 vil fordelinga bygge på rekneskaps tal for 2006. For 2009 blir det lagt opp til ein justering av kostnadsnøklane knytt til denne fordelinga.

NAV-reform Det er lagt opp til etablering av 140 nye NAV-kontor i 2008, dvs. samla etablering i perioden 2006-2008 vil vere 275 kontor. Målsetjinga er at resten av NAV-kontora (om lag 180) blir etablert i 2009. Det er lagt til grunn at dei frie inntektene i 2007 skal dekka meirutgifter med etablering i år med 150 mill. Det blir for 2008 lagt opp til at veksten i frie inntekter skal dekka auka meirutgifter med 100 mill. til etablering av 140 kontor. Dette er m.a.o. ikkje ei ekstra tilførsel av midlar frå staten til kommunane, då det blir lagt til grunn at meirutgiftene blir dekka innafor den generelle veksten i dei frie inntektene. Landbruksvikarordning Ei ny landbruksvikarordning blir etablert frå 01.01. 2008. Avløysar lag vil få ansvaret for denne tenesta. Kommunane blir avlasta for desse oppgåvene. Rammetilskotet til kommunane blir som følgje av dette redusert med om lag 26 mill., som ein del av overgangsordninga. Trekket er gjort frå alle kommunane. Oppdatering av innbyggartal i 2008 Det vil for 2008 bli sett av ei ramme på 50 mill. i samla kompensasjon til kommunar som taper på oppdateringa av innbyggartal med aldersfordeling til 01.01.2008 som grunnlag for rammeoverføring. Fordelinga blir gjennomført av Kommunaldepartementet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2008. Momskompensasjon Ny ordning for momskompensasjon (2009) vil kome på høyring i slutten av oktober. Det vil bli lagt fram 2 alternative opplegg. Fordeling av ordinært skjønstilskot Fylkesmannen vil senda som e-post grunngjevinga for fordeling av det ordinære skjønstilskotet mellom kommunane for 2008. Økonomiplanen Kommunen har teke utgangspunkt i revidert årsbudsjett for 2007 og vidareført dette på grunnlag av følgjande premissar: - Avsetjing til løns- og prisvekst er lagt inn med 27,9 mill. i 2009, 31,4 mill. i 2010 og 36,8 mill. i 2011. - Avdrag er 21 mill. i 2009, 23 mill i 2010 og 23 mill i 2011. - Netto renteutgifter er, inkl. aksjeutbytte, 4,7 mill. i 2009, 7,9 mill i 2010 og 9,7 mill i 2011. - Vekst i skatt/rammetilskot: 5,9% i 2009, 4,2% i 2010 og 4,6% i 2011. - Aktivitetsauke: Det er ikkje justert for anna aktivitetsauke i perioden Det er eit krav i Kommunelova at økonomiplanen skal gå i balanse kvart år i planperioden. Det må understrekast at anslaga er usikre og avrunda. Konkrete tal får ein først når Stortinget handsamar budsjettet kvar haust.

Økonomiplanen 2008-2011 2008 2009 2010 2011 Driftsutgifter -863.377.000-891.307.000-922.700.000-959.500.000 Driftsinntekter 276.661.000 284.961.000 293.510.000 302.315.000 NETTO DRIFTSUTGIFTER -586.716.000-606.346.000-629.190.000-657.185.000 Skattar 430.000.000 455.500.000 474.300.000 495.700.000 Rammetilskot 137.264.000 145.500.000 151.800.000 159.200.000 BRUTTO DRIFTSRESULTAT -19.452.000-5.346.000-3.090.000-2.300.000 Netto renteutgifter -5.500.000-4.700.000-7.900.000-9.700.000 Netto avdrag -18.000.000-21.000.000-23.000.000-23.000.000 Motpost avskrivninger 31.000.000 31.000.000 34.000.000 35.000.000 NETTO DRIFTSRESULTAT -11.952.000 - - - Bruk av disposisjonsfond 11.952.000 - - - Sum - - - - Investeringsprogrammet er handsama seinare i dokumentet.

Årsbudsjettet 2008 - hovudtrekka Budsjettopplegget for 2008 er prega av følgjande tilhøve: Vidareføring av driftsnivået i 2007 Det er ei overordna politisk målsetjing at tenestetilbodet skal vidareførast innanfor ei ramme der løpande inntekter og utgifter balanserer. Budsjettet for 2008 er i utgangspunktet ikkje gjort opp i balanse, men er saldert med bruk av fond på kr 11.952.000. Det er også slik at kravet til effektivitet inneber ein viss balanse mellom lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2008 er prosentdelen lønsutgifter 69,1%, 69,1% i revidert budsjett 2007 og 65,4% i rekneskap 2006 (inkl. premieavvik). Netto driftsbudsjett 2008 og revidert budsjett 2007 Budsjett 2008 Rev. budsjett 2007 Endring RÅDMANN -556.468.000-542.015.000-14.453.000 PERSONALSJEFEN 7.341.000 7.199.000 142.000 ØKONOMISJEFEN 7.430.000 7.450.000-20.000 IKT-SJEFEN 8.604.000 8.214.000 390.000 SERVICETORGSJEFEN 38.376.000 37.997.000 379.000 SKULESJEFEN 240.800.000 230.613.500 10.186.500 BARNEHAGESJEFEN 6.996.000 6.970.000 26.000 SOSIALSJEFEN 42.655.000 41.416.000 1.239.000 HELSESJEFEN 26.302.000 26.093.000 209.000 OMSORGSSJEFEN 110.665.000 108.130.000 2.535.000 PLAN- OG UTBYGGINGSSJEFEN 10.772.000 9.771.000 1.001.000 EIGEDOMSSJEFEN 56.527.000 58.161.500-1.634.500 Totale netto driftsutgifter - - - Følgjande føresetnader er lagt til grunn for budsjettet 2008, sett i høve til revidert budsjett for 2007: Lønsbudsjettet Det er samla avsett 16,7 mill til lønsauke i 2008 til venta lønsvekst på 5 % inkl. overheng på 1,4%. Lønsavsetjing skal dekke sentrale og lokale tingingar. Alle faste stillingsheimlar er budsjettert fullt ut, med unnatak av ca 20 årsverk som ikkje er budsjettert. Vikarutgifter er budsjettert med 6% av lønsutgifter til faste stillingar unnateke administrasjon. Til omsorgstenestene er det i tillegg lagt inn utgifter til ferievikarar. Tilsvarande gjeld for reinhaldstenestene i helseinstitusjonar. Sjukepengerefusjon er budsjettert med 4% av fast løn der det er naudsynte vikarutgifter. Sjukepengerefusjon vert først motteke etter 16 dagars sjukefråvær. Vikarutgifter og sjukepengerefusjon må sjåast i samanheng og nettoutgift utgjer såleis 2% til dekking av korttidsfråvær under 16 dagar. Utgifter til pensjonsordning for kommunalt tilsette er budsjettert med 10,25% og premie for avtalefesta pensjon med 2%. Utgifter til pensjonsordning for lærarar er budsjettert med 7% og AFP lærarar med 2%. Samla pensjonskostnad i budsjettet er sett lik netto pensjonskostnad som er oppgitt i prognosane frå aktuarane til dei ulike pensjonsselskapa. Det er netto pensjonskostnad som viser den rekneskapsmessige pensjonsutgifta. Netto pensjonskostnad er ikkje påverka av premieavviket. Betalt pensjonspremie kan såleis verte betydeleg høgare enn utgiftsført pensjonskostnad.

Driftsutgifter Opplæringsmidlar er budsjettert med 1,5% av fast løn for kommunalt tilsette. For lærarar er det budsjettert med 1,2% i opplæringsmidlar, men i tillegg er det budsjettert med 1,2 mill i tilskot til Kunnskapsløftet under skulesjefen. Det er lagt inn kr. 25.000 til kvar sektorsjef i prosjektmidlar. Kostnader til revisjonen er lagt inn i budsjettet med kr 300.000. Samla driftsinntekter Eigedomsskatten er ikkje vidareført i 2008. I 2007 var inntektene frå eigedomsskatt 3 mill. Skatt og statlege rammetilskot er auka frå 530 mill i budsjett 2007 til 567 mill i budsjett 2008, ei auke på 6,9%. Sørheimutvalet presenterte 26.10.2007 forslag til endringar i inntektssystemet til kommunane. Rapporten skal ut på brei høyring der alle kommunar kan komma med innspel. Fristen er 28.01.2008. Gebyr og betalingssatsar er gjort greie for seinare i dokumentet. Meirverdiavgiftskompensasjon er sett til 23 mill. Ny ordning for mva- kompensasjon, for 2009, vil komme på høyring i slutten av oktober 2007. Det vil lagt fram to alternative opplegg. Statlege tilskot til flyktningar er auka frå 9,8 mill til 12,5 mill, ei auke på 21,1%. Finansutgifter og -inntekter I motsetnad til tidlegare år er det i 2008 budsjettert med avkastning frå det langsiktige kapitalfondet med kr 10 mill. Utbyte frå BKK er budsjettert med 13,5 mill, mot 14,1 mill i 2007. Avdrag er budsjettert med 18 mill. i 2008 mot 15 mill i 2007. Avdraga er rekna ut etter absolutte minimumsmetoden. Netto finansutgifter, inkl. avdrag, er rekna til 23,5 mill mot 17,9 mill i 2007. Sotra brannvern Sotra brannvern er organisert som eit interkommunalt selskap med verknad frå 01.01.2006. Det er i 2008 budsjettert med eit tilskot til Sotra brannvern på kr 12,4 mill, mot kr 11,7 mill i 2007, dvs ei auke på 5,9%. Tilskotet inneheld renter og avdrag til betjening av lån i samband med kjøp av ny brannbil. Kyrkja Overføring til kyrkja er auka med ein deflator på 4,2%, frå kr 8.639.000 i 2007 til kr 9.002.000 i 2008 (Deflator er ein vogen indeks for prisvekst i kommunesektoren. Omfattar lønsvekst og prisvekst på varer og tenester, der løn tel 2/3 i indeksen). Soknerådet sitt framlegg til overføring var på kr 10.969.000 Tilskot til Basecamp er auka med kr 40.000, frå kr 210.000 i 2007 til kr 250.000 i 2008. Home-start Tilskot til Home-start er vidareført på same nivå som i 2007, dvs med kr 450.000. Skulesjefen Det er ikkje sett av midlar til å finansiere elev- og klassetalsauke hausten 2008. Det er sett av 1,6 mill til atterhaldne timar og auka timetal 1-4 klasse. Utgifter til undervisningsmateriell er vidareført på om lag same nivå som i 2007 og er sett til kr 5,8 mill. Nettoutgifter til SFO er auka med kr 430.000 knytt til auke i elevtal. Introduksjonsprogrammet for nyankomne flyktningar er innarbeidd med om lag 4,4 mill. Det er budsjettert med kr 300.000 til realfagssatsinga/praksisnær undervisning. Dette er ei vidareføring frå 2007.

Barnehagesjefen Framlegg til økonomiske driftsrammer for barnehagesjefen 2008 er på netto kr 7,0 mill. Driftsbudsjettet for 2008 omhandlar 4 tenesteområde: Drift av 9 kommunale barnehagar Spesialpedagogiske tiltak for førskulebarn Støttetiltak for funksjonshemma barn i barnehage Rettleiarteamet rettleiing for tilsette i private og kommunale barnehagar. Sosialsjefen Nettoutgiftene til barnevern er auka med 15,6% i høve til budsjett 2007. Nettoutgiftene til sosialhjelpskapitlet er auka med om lag 7,5% i høve til budsjett 2007. Støttetiltak til funksjonshemma/straumsfjellet avlastning og Gullfjellbasen er auka med 659.000 i høve til budsjett 2007. Ekstraløyving på kr 300.000 til Utsikten, jfr. budsjettvedtak 2006, er ikkje innarbeid i budsjettet. Kr 250.000 til samordning av lokale kriminalitetsførebyggande tiltak er vidareført i 2008. Helsesjefen Budsjettet til helsesjefen er vidareført på om lag same nivå som 2007, og nettoutgiftene er på kr 26,3 mill. Det er lagt inn auke i psykiatrimidlar frå 2007 til 2008 med om lag 2 mill. Helsestasjon for ungdom er vidareført med kr 200.000 til i 2008. Omsorgssjefen Nettoutgiftene til omsorgssjefen har auka med om lag 2,5 mill, og skuldast i hovudsak heilårsverknad av lønsoppgjeret i 2007, oppjustert omsorgsløn og auke i brukarstyrt personleg assistanse. Servicetorgsjefen Det er budsjettert med netto 6,5 mill til politisk verksemd, ei auke på 0,3 mill i høve 2007. Budsjettet for bibliotektenesta viser ei netto nedgang på kr 287.000. Tilskot til lag og organisasjonar er auka netto med kr 500.000. Plan- og utbyggingssjefen Nettoauken er på om lag 1 mill, og skuldast reduksjon i gebyrinntektene, heilårsverknad av lønsoppgjeret, samt tiltak for å halde på kvalifisert arbeidskraft. Gebyrinntektene er berekna ut frå dei gjeldande kostnadsdekningsprosentane innan tenestene 3010 (153) - plansaksbehandling, 3010 (153)- byggesak og 3020 (154) kart og oppmåling. Det er sett ned eit politisk utval som skal vurdera gebyrsatsane. Eigedomssjefen Energikostnader er justert opp med kr 587.000. Husleigeutgifter er auka med 2,2 mill i høve til utvida og nye areal. Summerjobb for ungdom er budsjettert med kr 308.000 i 2008. Fond Budsjettet for 2008 er ikkje i balanse med omsyn til utgifter og inntekter før bruk av fond. Utgiftsida er kr 11.952.000 større enn inntektssida. For å få budsjettet i balanse er det budsjettert med 11,9 mill i bruk av kommunestyrets sitt disposisjonsfond.

Økonomiske oversikt drift Budsjett Rev. budsjett Rekneskap 2008 2007 2006 Driftsinntekter Brukerbetalinger 33.858.000 31.651.000 28.467.781 Andre salgs- og leieinntekter 26.087.000 23.085.000 24.049.577 Overføringer med krav til motytelse 104.557.000 122.472.000 122.668.599 Rammetilskudd 137.264.000 120.458.000 120.799.816 Andre statlige overføringer 111.964.000 75.823.000 101.671.365 Andre overføringer 195.000 195.000 179.946 Skatt på inntekt og formue 430.000.000 410.026.000 382.241.527 Eiendomsskatt - 3.000.000 2.509.232 Andre direkte og indirekte skatter - - - Sum driftsinntekter 843.925.000 786.710.000 782.587.844 Driftsutgifter Lønnsutgifter 461.971.000 437.904.000 393.862.970 Sosiale utgifter 115.505.000 102.494.000 97.559.784 Kjøp av varer og tj som inngår i tj.produksjon 93.728.000 93.128.000 90.217.481 Kjøp av tjenester som erstatter tj.produksjon 41.742.000 46.838.000 52.603.680 Overføringer 119.431.000 98.503.000 114.377.810 Avskrivninger 31.000.000 25.000.000 24.676.397 Fordelte utgifter - 248.000 - Sum driftsutgifter 863.377.000 804.115.000 773.298.122 Brutto driftsresultat -19.452.000-17.405.000 9.289.722 Finansinntekter Renteinntekter, utbytte og eieruttak 33.500.000 20.600.000 34.734.903 Mottatte avdrag på utlån - Sum eksterne finansinntekter 33.500.000 20.600.000 34.734.903 Finansutgifter Renteutgifter, provisjoner og andre fin.utg. 39.000.000 23.500.000 16.350.757 Avdragsutgifter 18.000.000 15.000.000 15.000.000 Utlån - - - Sum eksterne finansutgifter 57.000.000 38.500.000 31.350.757 Resultat eksterne finanstransaksjoner -23.500.000-17.900.000 3.384.146 Motpost avskrivninger 31.000.000 25.000.000 24.676.397 Netto driftsresultat -11.952.000-10.305.000 37.350.266 Interne finanstransaksjoner Bruk av tidligere års regnsk.m. mindreforbruk - Bruk av disposisjonsfond 11.952.000 10.305.000 1.749.404 Bruk av bundne fond - - 94.320 Bruk av likviditetsreserve - - - Sum bruk av avsetninger 11.952.000 10.305.000 1.843.724 Overført til investeringsregnskapet - - 200.000 Dekning av tidligere års regnsk.m. merforbruk - - - Avsetninger til disposisjonsfond - - 33.440.466 Avsetninger til bundne fond - - 5.553.524 Avsetninger til likviditetsreserven - - - Sum avsetninger - - 39.193.990 Regnskapsmessig mer/mindreforbruk - - -

Tekniske gebyr, eigenbetaling og stønadssatsar a) Tekniske gebyr og tilhøyrande satsar Kommunestyret skal vedta lokal forskrift om kommunale gebyr og tilhøyrande satsar. Kommunestyret har fastsett satsar for følgjande område: FØREMÅL Endring 2007/2008 Vatn 11% auke Avløp 6% auke Renovasjon 5% auke Tømming av slamavskiljar Inga endring Tilknytingsgebyra for vatn og avløp Inga endring Gebyr gjenbruksstasjon Inga endring Feieavgifter Til vurdering Reguleringsgebyr Byggesaksgebyr Oppmålingsgebyr Jfr. arbeid i gebyrgruppa Jfr. arbeid i gebyrgruppa Jfr. arbeid i gebyrgruppa FjellVar fekk mynde til å vedta betalingssatsar for bedriftskundar innanfor renovasjon frå og med 2007. Innkrevjing av kommunale gebyr vart endra frå 2 gonger i pr år til 4 gonger pr år frå og med 2007. b) Eigenbetaling Kommunen kan sjølv fastsetja eigenbetalinga for ymse tenester. I nokre tilfelle er det sett eit øvre tak frå staten si side. Det er ikkje i noko høve tillate å ta ein pris som overstig kostnadene ved tiltaket.

Følgjande satsar for eigenbetaling er vidareført frå 2007 til 2008: Eigenbetaling 2007 2008 Barnehagar (satsar pr. månad) 41 timar og meir 2.330 2.330 Maks 33 timar 2.100 2.100 Maks 25 timar 1.805 1.805 Maks 17 timar 1.500 1.500 Maks 9 timar 660 660 Søskenmoderasjon 30 % barn nr. 2 og 50% barn nr. 3 Skulefritidsordinga (satsar pr. månad) Heil plass 1.850 1.850 Delt plass 1.325 1.325 Søskenmoderasjon 25 % barn nr. 2 og 50% barn nr. 3 Fjell kulturskule (satsar pr. år) Pris pr. elev 2.000 2.000 Søsken 1.622 1.622 Pris pr. elev kor 1.580 1.580 Heimehjelp (satsar pr. månad) Under 2 G - - 2 til 3 G 402 402 3 til 4 G 812 812 4 til 5 G 1.216 1.216 Over 5 G 1.622 1.622 Max timesats 146 146 Husmorvikar (satsar pr. time/dag) Intil 2 G - - 2 til 5 G 22/141 22/141 5 til 6 G 29/203 29/203 6 til 7 G 34/237 34/237 Over 7 G 45/308 45/308 Betaling for ferdigmat (satsar pr. eining) Suppe 10 10 Frossen middag pr. porsjon 42 42 Varm middag pr. prsjon 45 45 Institusjonsopphald (satsar pr. dag) Korttidsopphald 118 118 Dagsopphald 62 62 Tryggleiksalarm (satsar pr. månad) Trygleiksalarm 167 167

c) Stønadssatsar Økonomisk sosialhjelp Kommunestyret har vedteke at satsane skal aukast i samsvar med auken i folketrygda sitt grunnbeløp, med verknad frå 1. mai kvart år. Dei nye satsane frå 01.05.2008 er enno ikkje kjent og nye satsar er rekna ut frå auka grunnbeløp pr. 01.05.2007. Satsar pr. mnd. 2007 01.05.2008 Livsopphald: Einsleg 4.370 4.610 Par 7.200 7.590 Sambuarsats 3.600 3.790 Pr. barn, 0-16 år 1.260 1.330 Pr. barn, 16-18 år (Heimebuande ungdom) 2.370 2.500 Satsar: 2008 Husleige pr. mnd. for einslege 4.000 Husleige pr. mnd. for familie 5.500 Straum pr. mnd. for einslege 700 Straum pr. mnd. for familie 1.000 Stønad til klær pr. person etter 1/2 år 900 Etableringsstøtte einslege 6.000 Etableringsstøtte par 9.500 Etter løpande hjelp i 8 mnd. kan det ytast slik ekstra stønad til jul: Ekstra stønad til jul, familie Ekstra stønad til jul, einsleg Samværstillegg pr. døgn: 1 barn 95 2 barn 170 3 barn 250 4 barn 310

INVESTERINGAR I dette kapitlet vert det gjort greie for finansiering av ymse investeringsføremål og premissar for investeringsprosjekta i perioden 2008-2011. Investeringsbudsjettering Følgjande premissar skal leggjast til grunn for utarbeiding og handsaming av investeringsbudsjettet: Alle kostnader ved eit prosjekt skal takast med. Dette omfattar kostnader knytt til tomt, planlegging/prosjektering, finansiering (byggjelånsrenter), bygging, utsmykking og inventar og utstyr. Det skal bruttobudsjetterast for alle prosjekt. Dette inneber at totalkostnaden ved eit prosjekt kan synleggjerast. Bruttoinvesteringa kjem fram i tabellen investeringsprogram 2008-2011. Finansieringa av prosjekta, herunder statlege og andre tilskot, låneopptak og eigen finansiering, kjem fram i særskilde oversikter i dette kapitlet. Prosjekta skal gjennomførast på beste måte i teknisk/økonomisk forstand. Budsjettert sum i eit år skal dekka forventa utgifter same året, men ein kan akseptera visse forskyvingar i faktiske utgifter mellom år. Endringar i kostnadsoverslag (budsjett) vert innpassa ved justeringar av summane når langtidsprogrammet vert rullert i dei årlege budsjetta. Kommunestyret skal godkjenne alle kjende kostnadsoverskridingar, anten ved budsjettvedtak eller ved handsaming i eiga sak. Overskridingar ved eit prosjekt kan førast opp i budsjettet påfølgjande år, men går då av låneramma for det nye året. Kommunestyret kan delegera til underordna organ å overføra midlar mellom prosjekt dersom utgiftene ved eit prosjekt vert mindre enn forventa og innsparingane vert nytta til å dekka forventa overskridingar ved andre prosjekt. Kommunestyret skal handsama alle investeringsprosjekt. Dette skjer i samband med budsjettopplegget eller ved framlegging av eiga sak. Investeringsramma for Fjell VAR A/S skal avgjerast av kommunestyret, men vil i praksis fastsetjast gjennom avgiftsnivå og garantiordning, sjå eige vedlegg. Prioriteringsgrunnlag Fjell kommunestyre har i samband med førehavinga av førre økonomiplan og i ei rekkje enkeltsaker lagt klåre rammer for prioriteringane i investeringsprogrammet for perioden 2008-2011. Ein del prosjekt er starta opp i 2007 eller tidlegare og treng fullfinansiering i seinare år. Vidare er det naudsynt å endra kostnadsoverslaga for nokre prosjekt på grunnlag av meir detaljert kunnskap. Dette vil verta gjort i samband med dei tertialsvise budsjettrevisjonane.

Investeringsprogram 2007-2010 (2011) Kommunen si totale økonomiske stode set grenser for investeringsvolumet. Investeringar er til vanleg kostnadsdrivande på driftssida, både gjennom auka renter og avdrag ved nye låneopptak og gjennom utgifter til straum, reinhald, vedlikehald o.a. Berre i nokre få tilfelle kan ein påvisa at investeringar i bygg og anlegg verkar direkte effektiviserande på drifta. Utgiftene knytt til nye investeringar kunne alternativt vore nytta til andre tiltak, til dømes nye stillingar i tenesteproduksjonen. Slik sett vil ein auke i investeringstakten redusera kommunen sin økonomiske handlefridom. På den andre sida er trongen for nye bygg og anlegg stor, særleg i ein vekstkommune som Fjell. Når investeringsrammene og finansieringsprofilen skal fastleggjast, må omsynet til totaløkonomien og trongen for nye tenester vegast opp mot kvarandre. I det følgjande vert det gjeve eit oversyn over investeringsprosjekt for perioden 2007-2010 (2011): Investringsbudsjett 2007-2011 Totalt 2007 2008 2009 2010 2011 2007-2010 Etablering og utbetringslån 12.000.000 12.000.000 12.000.000 12.000.000 48.000.000 Orgel Foldnes kyrkje 3.000.000 3.000.000 IT-satsing 5.500.000 5.000.000 5.000.000 5.000.000 20.500.000 Inventar/utstyr 1.000.000 1.000.000 1.000.000 1.000.000 4.000.000 Vestkystfestivalen rente og avdragsfritt lån 300.000 300.000 Sotra Trav og hestelag-stall på Møvik 700.000 700.000 1.400.000 Landro samfunnshus 600.000 600.000 1.200.000 Kobbeleia Grendalag - allakt.hus 100.000 100.000 Instrument til elitekorps 1.300.000 1.300.000 Fjelly Bowling 1.150.000 1.150.000 Bingar 600.000 600.000 600.000 600.000 2.400.000 Kvalitetsforbetringsmidlar skular 5.000.000 5.000.000 5.000.000 15.000.000 Ågotnes nye skule 44.000.000 36.000.000 80.000.000 Ågotnes nye skule- vegdel 5.000.000 5.000.000 Krøllgresbane på Ågotnes 5.000.000 5.000.000 Fleirbrukshall Knappskog 7.200.000 13.200.000 20.400.000 Knappskog-vegdel 2.000.000 2.100.000 4.100.000 Tilbygg for samlokalisering 1.100.000 20.000.000 16.450.000 37.550.000 Fjell ungdomsskule 2.300.000 2.300.000 Algrøy skule 1.000.000 1.000.000 Brattholmen skular, + ny skule Litle Sotra 1.000.000 1.000.000 Planlegging nye prosjekt td. Vegar 1.000.000 1.000.000 1.000.000 1.000.000 4.000.000 Terapibasseng+opplæringsbasseng 15.500.000 15.500.000 Terapiavdeling 10.000.000 4.400.000 14.400.000 Rehab.bygg/byggesteg 2-Terapibygg 2.000.000 2.000.000 Straume helsesenter byggesteg 5 30.000.000 12.500.000 42.500.000 Planl.midlar sjukeheim/omsorgsbustader 500.000 500.000 Storskaret-Brattholmen 8.500.000 1.000.000 9.500.000 Polleidet-Landro 8.000.000 8.000.000 Tomtekjøp-badestr/friluft 500.000 500.000 500.000 500.000 2.000.000 Tomtekjøp 4.000.000 4.000.000 4.000.000 4.000.000 16.000.000 Tomtekjøp "Perler i Nordsjøløypa" 3.800.000 3.800.000 Ombygging/Rehab.bygg 8.000.000 6.000.000 6.000.000 6.000.000 26.000.000 Aksjon inneklima 2.000.000 2.000.000 Brannverntiltak 1.400.000 1.400.000 Vass og avlaupsleidningar Knarrvika 1.500.000 1.500.000 Tomt Ågotnes - Tilrettelegging 4.100.000 4.100.000 Kjøp av parsell Bildøyna 1.000.000 1.000.000 Kommunale kaiar- vedlikehald 200.000 200.000 200.000 200.000 800.000 Trafikksikring/veglys 3.000.000 3.000.000 3.000.000 3.000.000 12.000.000 Rehab vegar 2.000.000 2.000.000 2.000.000 2.000.000 8.000.000 Hjelteryggtunnelen 12.500.000 12.500.000 P-plass Søre-Fjell 1.200.000 1.200.000 P-plass Fjell sjukeheim 5.000.000 5.000.000 Infrastrukturtiltak Knarrvika 2.000.000 2.000.000 Rehab Bildøybakken 3.200.000 3.200.000 Aksjon kommunale busskur 500.000 500.000 250.000 1.250.000 Sikring av uteområde Foldnes skule 400.000 400.000 Sum 182.650.000 100.300.000 101.000.000 71.300.000 455.250.000

Føreliggjande program har ei totalramme på 455.250.000 inkl. etablering og utbetringslån i perioden 2007-2010 (2011). Gjennomføringa av det investeringsbudsjettet som Fjell legg opp til, vil krevja stor innsats ikkje minst på plansida i kommunen. I tråd med retningslinene for investeringsbudsjettering, er det ein føresetnad at utgifter til planlegging/prosjektering vert innarbeidd i kostnadsramma for det einskilde prosjekt. Finansiering Investeringsprogrammet for 2008-2011 byggjer på følgjande føresetnader når det gjeld finansiering: Investeringar i vass- og kloakkverk og renovasjon vert gjennomført av Fjell VAR A/S og er fullt ut finansierte ved avgifter. Investeringar i bustader og nye barnehagar vert gjennomført av Fjell bustadstifting og vert fullt ut finansiert gjennom husleige. Driftsbudsjettet for 2008 er førebels gjort opp i balanse etter bruk av fond på kr 11,9 mill. Det er såleis ikkje rom for å finansiera investeringar frå netto driftsresultat neste år. Finansieringsplanen for perioden 2008-2011 vert slik (eks. formidlingslån): Finansieringsmåte 2008 2009 2010 2011 Generell låneramme 87.700.000 89.000.000 59.300.000 - Sal av eigedom - - - - Bruk av kapitalfond - - - - Driftsmidlar - - - - Bruk av BKK-midlar - - - - Skuleprosjekt, lån - - - - Barnehageprosjekt - - - - SUM 87.700.000 89.000.000 59.300.000 - Fjell kommune betalar 18 mill. i avdrag i 2008. Dette vil auka til ca 21 mill i 2009 og 23 mill i 2010. Med føreliggjande investeringsprogram vil lånegjelda til investerings- (ikkje-avgiftsfinansierte) føremål auka med om lag 174 mill i perioden 2008-2010, til totalt om lag 825 mill. I følgje KOSTRA er netto lånegjeld i 2006 pr. innbyggar kr 19.959 i Fjell kommune. Gjennomsnittet for samanliknbare kommunar er kr 24.696. Postpremissar I det følgjande vert det gjeve eit oversyn over investeringsprosjekt for perioden 2007-2010. ADMINISTRASJON IKT-satsing IKT- strategien vart sist rullert av kommunestyret hausten 2007. Planen inneber investering på 5 mill kvart år i perioden 2008-2010, totalt 15 mill.

SKULAR Knappskog skule - fleirbrukshall Kommunestyret har gjort vedtak om utbygging av ny fleirbrukshall i tilknyting til Knappskog skule. Prosjektet inneheld også ny tilkomstveg, nye parkeringsplassar samt utviding av Fjæreidevegen og ny gang- og sykkelsti ved skulen. Total kostnadsramme er på 72,3 mill (nytt kostnadsoverslag vert fremja i samband med budsjetthandsaminga, sjå rådmannens forslag til investeringsbudsjett 2008-2011). Det er tidlegare sett av 20,5 mill til prosjektet, medan det i perioden 2008-2010 er sett av 51,8 mill. Ny skule på Ågotnes Det er i perioden 2008-2010 lagt inn kr 85 mill til bygging av ny skule på Ågotnes inkl vegdel på kr 5 mill. Totalkostnaden er 95 mill (nytt kostnadsoverslag vert fremja i samband med budsjetthandsaminga, sjå rådmannens forslag til investeringsbudsjett 2008-2011). Investeringsmidlar til skulane Det er i perioden 2008-2009 budsjettert med 5 mill kvart år til standardheving av skulane (kvalitetsforbetringsmidlar). BARNEHAGAR I barnehageplanen vert det lagt opp til ei parallell utbygging av private og kommunale barnehagar for å møta målsetjinga om full barnehagedekning. Det er ein føresetnad at skilnaden i foreldrebetaling vert utjamna. Fjell bustadstifting har stått for utbygging av dei siste kommunale barnehagane. Desse er ikkje oppført i kommunen sitt investeringsprogram. HELSE OG OMSORG Eldreomsorg Terapibasseng/symjebasseng Ein er i gong med anbodsprosess knytt til rehabiliteringsbygg med basseng på Straume. Anbodsprosessen er venta ferdig ved årsskiftet. Det er i budsjettet med 4,4 mill i 2008. Totalkostnaden er 43,9 mill. EIGEDOM, BYGG OG ANLEGG Bygg Det er avsett 4,5 mill. til tomtekjøp kvart år i perioden 2008-2010. Det er budsjettert med 6 mill kvart år i perioden 2008 2010 til generell ombygging/rehabilitering av eksisterande bygg. Vegar og trafikksikring Trafikksikring og veglys I perioden 2008-2010 er det budsjettert med årlege løyvingar på 3 mill til trafikksikring og veglys. Rehabilitering vegar I perioden 2008-2011 er det budsjettert med årlege løyvingar på 2 mill. til rehabilitering vegar.

OVERSYN OVER GJELD, FONDSMIDLAR OG GARANTIAR Gjeld Fjell kommune hadde pr. 31.12.06 ei langsiktig gjeld på kr. 1.245.834.062. Av dette er pensjonsforpliktingar kr. 676.603.567. Lån i bankar og andre finansinstitusjonar som er knytt til investeringar utgjer i alt kr. 511.930.495, medan lån til vidare utlån utgjer kr. 57.300.000. Fondsmidlar Pr. 31.12.06 hadde kommunen følgjande fondsmidlar: Disposisjonsfond 170.906.499 25600000 DISPOSISJONSFOND 66.095.546 25600001 AVSETJING MOT TAP 2.357.280 25600003 DRIFTSFOND NYE TILTAK 20.000.000 25600004 FOND PLANSAK -1.161.296 25600005 OMKLASSIFISERT FRÅ LANGSIKTIG KAPITA 29.854.791 25600006 FOND PROGRAM FOR SKULEUTVIKLING 2.675.500 25600007 KULTURFOND 10.000.000 25600008 FOND BYGGESAK 3.177.806 25600009 FOND KART OG OPPMÅLING 387.854 25600012 FRIKJØP AV TILFLUKTSROM 120.200 25600013 GJELDSAVDRAGSFOND 13.583.879 25600024 PRISREGULERINGSFOND 23.814.940 Bundne driftsfond 4.051.463 25110005 FOND FEIERVESENET -1.481.340 25110015 VILTFOND 152.779 25110016 PROSJEKT RUSOPPFØLGING 115.414 25110017 LIKESTILLING I BARNEHAGAR 150.000 25110018 FOND SKJØNSMIDLAR BARNEHAGAR 5.114.610 Ubundne investeringsfond 152.529.691 25300004 UBUNDE KAPITALFOND 22.469.715 25300011 FOND TERAPIBAD 664.804 25300014 ALLAKTIVITETSHUS 146.206 25300015 LANGSIKTIG KAPITALFOND 120.145.209 25300018 ÅGOTNES BARNEHAGE 3.396.724 25300082 POLLEIDE-LANDRO 6603 5.707.033 Bundne investeringsfond 7.290.417 25500001 AVSETJING TIL TAP HUSBANKMIDLAR 7.290.417 Sum fond 334.778.070