Fagmelding måndag 15.juni 2009 Gode innhaustingsforhold Det blei hausta mykje gras sist veke. Tørre, gode forhold. Mange er godt nøgde med avlingane. Godværet varer til og med tysdag. Onsdag-fredag er det varsla ein god del nedbør. Det er tørrt mange stader, så ei rotbløyte kan passa. Usikker avlings-auke ved svovelgjødsel i år. Kva har ein igjen for å bruka svovel i vårgjødsling? I mange år har rundt 40 kg fullgjødsel NPK 25-2-6 vore standard vårgjødsling i kombinasjon med husdyrgjødsel. Prisforskjellen på denne og rein nitrogen-gjødsel frå YARA har tidlegare vore liten. Ammoniumnitrat 34% N har alltid vore det rimelegaste nitrogenalternativet og ein del har brukt denne gjødsla i mange år. På grunn av høge gjødselprisar i vinter og betydeleg prisforskjell på fullgjødsel og nitrogengjødsel, valgte me i vår å legga ut forsøksfelt der dei mest aktuelle alternativa blei testa mot kvarandre. Fire felt blei lagt ut på ulike jordtypar på Haugalandet. Takk til forsøksvertane. Felta blei lagt i etablert eng og vertane har sjølv kjørt husdyrgjødsel på felta. Tidleg utkjøring, rikeleg husdyrgjødsel. Me målte opp ruter og gjødsla med denne gjødsla i tillegg: 1. Utan mineralgjødsel 2. 37 kgg/daa OPTI-KAS (27 % nitrogen, 0% svovel) = kalkammon 3. 37 kg/daa OPTI-NS (27 % nitrogen, 4 % svovel) 4. 40 kg/daa NPK 25-2-6 (25 % nitrogen, 4 % svovel + litt fosfor og kalium) Ledd 2,3 og 4 har fått tilsvarande 10 kg rein nitrogen pr daa. Ledd 2 er utan svovel. Avlingsregistreringar er gjort om lag samtidig som feltverten har hausta resten av arealet. Tala vil bli bearbeida statistisk. Det vil òg bli sendt inn analysar av mineralinnhald frå dei enkelte ledda og jordprøvar av kvart felt. Forsøka vil bli presentert med alle data seinare. Talmaterialet viser hausta tørrstoff frå dei enkelte ledda: konklusjonen er liten forskjell i avling ved bruk av mineralgjødsel med eller utan svovel i alle fire felta. Dei ugjødsla rutene var tydelege i tre av felta. I det siste feltet som ligg på god myrjord fann ein heller ikkje tydeleg avlingsauke ved bruk av mineralgjødsel i det heile. Frigjering av både nitrogen og svovel er
temperaturavhengig. I varmt vær vil næringsstoffa lettare bli tilgjengelege for plantene. Den gode starten ein hadde i vår har truleg verka positivt. Det er ønskeleg å legga ut tilsvarande forsøk neste vår. Felt i Sveio og Nedre Vats Begge felta ligg på myrjord. Eldre eng med ein del ugras og ujamn grasvekst. Resultata er difor usikre. Me vil koma tilbake etter at tala er statistisk behandla. Kg tørrstoff pr daa er oppgitt for forsøka. NB! Desse avlingsmengdene er betydeleg høgare enn det ein i praksis haustar. Sveio Nedre Vats, kun eit gjentak Ledd 1 utan mineralgjødsel 100 = 610 kg tørrstoff pr daa 100 = 623 kg tørrstoff pr daa Ledd 2 OPTI-KAS 104 108 Ledd 3 OPTI-NS 109 114 Ledd 4 NPK 25-2-6 104 116 Sveio, ugjødsla rute t.v. har tydeleg lysare farge Nedre Vats; ikkje mulig å plukka ut ruter som berre har fått husdyrgjødsel Karmøy fastland Ny jamn eng, ikkje ugras, mineraljord Kg tørrstoff pr daa Tørrstoff; forholdstal Ledd 1 utan mineralgjødsel 573 100 Ledd 2 OPTI-KAS 688 120 Ledd 3 OPTI-NS 696 121 Ledd 4 NPK 25-2-6 698 122
Sør-Karmøy Gammal eng, sandjord Feltet låg på lett sandjord. Enga er gammal og dominert av sjølvsådde rapp-artar, men bestanden er jamn. Ein del kløver. Dei ugjødsla ledda skiller seg tydeleg ut. Ruta til høgre har kun fått husdyrgjødsel. Ruta til venstre har blitt gjødsla med 40 kg NPK 25-2-6 pr daa. Husdyrgjødsel og 40 kg NPK 25-2-6 Husdyrgjødsel Ingen mineralgjødsel Kg tørrstoff pr daa Tørrstoff; forholdstal Snitt av tre gjentak Ledd 1 utan mineralgjødsel 574 100 Ledd 2 OPTI-KAS 672 117 Ledd 3 OPTI-NS 664 116 Ledd 4 NPK 25-2-6 704 123
Gjenlegg Tid for å sjekka gjenlegga for ugras. Me har vore ute og sett på gjenlegg som står fint. Litt regn vil gjera godt. Ta kontakt om du treng hjelp til å vurdera kva ugras som spirer. Har ein stort høymoleproblem er det viktig å vera obs på frøspira høymol i gjenlegget. Dosering: det er dose av middel pr daa som er avgjerande og ikkje kor mykje vatn ein bruker pr daa. Basagran M75 kan verka dårleg ved bruk av for lite mengde pr daa. Plantevern i gjenlegg (Frå Norsk landbruksrådgjeving Rogaland) Husk: tidleg sprøyting (2-4 blad), sjekk temperatur, nokre middel krev høg temperatur. (t.d. Basagran minst 12 gr). Ofte best sprøyteforhold tidleg morgon Ugrasart Middel Dosering Pris, kr/da Gjenlegg m/kløver Ekspress +MCPA 0,1 tab+50 ml 13,5 Allsidig ugrasflora, Gratil + MCPA 2 g + 50 ml 22 ikkje tungras Harmony Pluss + MCPA 0,1 tab + 50 ml 12 Basagran M75 350 ml 68,5 Gjenlegg utan kløver Ekspress + Starane 0,1 tab + 35 ml 18 Ariane S 150-250 ml 19-32 Primus 5-10 ml 13,6-27,3 Ekspress + klebemiddel 0,1 tab 8 Eittårig og toårig raigras Ariane S 200 ml 25,4
Ferietid Ferien startar så smått. Denne veka har Lars Ketil ferie. Ringer du sentralbordnummeret vil du treffa folk heile sommaren. Ringer du direkte til ein som har ferie, vil du anten bli kobla vidare til sentralbordet eller møta ein telefonsvarar alt etter kva den enkelte har lagt inn. HAUGESUND kontor i 2.et på Felleskjøpet Boks 4014, 5506 Haugesund Håkon.Pedersen@lr.no Tlf 948 76 870 Annlaug.Fludal@lr.no Tlf 948 45 427 ØLEN kontor i 2.et. i Ølen senter Boks 38, 5588 Ølen, Torbjørn.Ruud@lr.no Tlf 948 78 567 Lars.Ketil.Flesland@lr.no Tlf 947 81 807 Harald.Hetland@lr.no Tlf 416 32 774 Haugaland@lr.no tlf 94 85 10 10