STRYN KOMMUNE Rådmannsavdelinga



Like dokumenter
Kommunedelplan for oppvekst

Vedlagt følger saksutgreiing og vedtak i levekårutval og formannskap i denne saka.

Dykkar ref. BRUK AV OFFENTLEG TILSKOT OG FORELDREBETALING I IKKJE-KOMMUNALE BARNEHAGAR, HØYRINGSUTTALE FRÅ

Resept for eit sunnare FørdeF

Arkiv FE-140. Kommuneplan Samfunnsdel - Offentleg ettersyn

SAK ORGAN MØTEDATO HS 014/14 Helse- og sosialutvalet FO 050/14 Formannskapet KS 012/14 Kommunestyret

Sel kommune Utskrift av møtebok

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

Melding om vedtak - Framlegg om å fjerne eigedomsskatt på verk og bruk - høyringsuttale

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Høyringsuttale om oppheving av konsesjonslova og buplikt på landbrukseigedomar.

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

Folkehelseloven. Gun Kleve Folkehelsekoordinator Halden kommune

Innkalling til Administrasjonsutvalet

1. Framlegg til årsbudsjett for Time kommune 2016 og langtidsbusjett vert godkjente.

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

Saksbehandler: rådgiver politikk og samfunn Anne Grønvold OVERSIKT OVER HELSTILTSTAND OG FAKTORER SOM PÅVIRKER HELSETILSTANDET (FOLKEHELSELOVEN)

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

Vinje kommune. Vinje sjukeheim. Høyringssvar Forslag til ny Folkehelselov. Vedlagt oversendast høyringssvar f.rå Vinje Kommune.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

STRYN KOMMUNE Rådmannsavdelinga

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemar: Marte Åsmul hadde forfall pgs eksamen. Vararepresentant hadde også forfall.

Hordaland fylkeskommune oppgåver og satsingar

Kommunedelplan for oppvekst

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

F-SAK 137/14: HØRINGSSVAR - PLIKT TIL Å STILLE VILKÅR OM AKTIVITET VED TILDELING AV ØKONOMISK STØNAD

PLANSTRATEGI FOR STORD KOMMUNE OG PLANPROGRAM FOR REVIDERING AV KOMMUNEPLANEN

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Oslo kommune Bydel Østensjø bydelsadministrasjonen. Møteinnkalling 02/13

Deres ref L.nr. Arkivsaknr Arkivkode Avd/Seksj/Saksb Dato 2009/09 08/ SA/PERS/EBR

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

VINJE KOMMUNE MØTEBOK UTVAL STAD DATO KL.

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Rutine for oppfølgingsmøte:

Vår ref: Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2014/752049/2014/ BJBA /

Aurland kommune Rådmannen

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

Vik kommune. Planprogram. Tematisk kommunedelplan for grunnskulen

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Vågå kommune Fellestenester

EID KOMMUNE Møtebok. Objekt: Postlov og postforskrift - høyringsuttale frå Eid kommune

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Møterom 2.etg, Kommunehuset Dato: Tid: 10:

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Kvam herad. Arkiv: N-400 Objekt:

Planutvalet sluttar seg til ny framdriftsplan for arbeidet med planprogrammet for regional plan for folkehelse.

Samarbeid om førebyggjing

Trygg og framtidsretta

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Rådet for eldre og funksjonshemma. Formannskapssalen :00 1/5

Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Arkivkode: Dato: 2014/ Trine Kvalø, F

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Forslag til planprogram

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Granvin herad Sakspapir

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Frivilligpolitisk plattform

Kan lov om fylkeskommuners oppgaver styrke folkehelsen? Røst, 27.mai 2009 Kjetil Drangsholt

HØYRINGSUTTALE: FORSLAG TIL REVIDERT FASTLEGEFORSKRIFT

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Kommunedelplan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

Foreldreundersøking i skule 2006

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Folkehelseloven konsekvenser for kommunene v/daglig leder KS Nordland Elin Bye

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Klikk for å redigere tittelstil i malen

PLANPROGRAM. Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet

Folkehelsedagane

Korleis kan tilsyn bli ein virksom strategi for betre folkehelse? Fylkesdirektør Regional utvikling Bård Sandal

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Samarbeidsmodell med utbyggere for å skaffe kommunen utleieboliger

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

NASJONAL FOLKEHELSEKONFERANSE. Molde, september Kafedialog 1 Kosthald i Helse i plan, Volda kommune

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

Referatsaker: R 01/15 Nummerert brev nr. 47 frå revisor og svarbrev frå kommunen R 02/15 Årsrapport 2014 frå Skatteoppkrevjaren i Bykle kommune

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

HØYRINGSSVAR FORSLAG TIL NY FOLKEHELSELOV dykkar ref /RAGS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Transkript:

STRYN KOMMUNE Rådmannsavdelinga Helse- og omsorgsdepartementet Postboks 8011 Dep 0030 OSLO Vår ref. Dykkar ref. Dato: 09/509-2/ G10 / /ANH 12.02.2009 Høyringsuttale til lovframlegg om fylkeskommunensine oppgåver i folkehelsearbeidet. Eg viser til høyringsbrev dat. 18.12.08. Stryn formannskap gav høyringsuttale til lovframlegget om fylkeskommunen sine oppgåver i folkehelsearbeidet i møte 10.02.09. Vedlagt fylgjer utskrift av formannskapet si møtebok, sak 25/09. Med helsing Anders Heggdal kontorsjef 57 87 48 50 Kopi til: Kari Synnøve Muri Berit Wetlesen Tonningsgata4 Tonningsgata4 6783 6783 STRYN STRYN Postadresse/besøksadresse: Telefon 57 87 4700 Banksamband Tonningsgata 4 Telefaks: 57 87 47 01 Nordea 655705 02802 6783 STRYN Spareb anke n SFJ 379507 00239 e-postadresse: postmottak@stryn.kommune.no Nordea (SKATT) 63450614493 Org.nr: 963 989202 Heimeside: http://www.stryn.kommune.no

STRYN KOMMUNE MØTEBOK SAK ORGAN MØTEDATO FO 025/09 Formannska et 10.02.2009 Ref: 09/509-1 Ark. G10 Sakshandsamar: Berit Wetlesen Høyringsuttale til lovframlegg om fylkeskommunen sine oppgåver i folkehelsearbeidet Presentasjon: Gjeld uttale til helse-og omsorgsdepartement sitt høyringsnotat med lovframlegg om fylkeskommuner sine oppgåver i folkehelsearbeidet Lovgrunnlag, reglar, føresegner, plandokument: St.meld. nr 16 (2002-2003: Resept for et sunnere Norge Ot.prop. nr. 10 (2008-2009): Om lov om endringar i forvaltningslovgivinga Lov om helseteneste i kommunane m.v. Aktuelt sakstilfang: Vedlagt saka: - Høyringsbrev frå HOD av 18.12.08 Ikkje vedlagt: - Høyringsnotat med lovframlegg frå Helse-og omsorgsdepartementet (HOD) Saksopplysningar: St.meld nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge% understreka auka satsing på folkehelse dei neste 10 åra og peika på det som skal vere samfunnet si totale innsats for å oppretthalde, betre og fremme folk si helse i åra som kjem. Innsatsen skal styrke verdiar som gjev det einskilde menneske og grupper høve til å ta ansvar, vere delaktig, vise solidaritet og ha meistring og kontroll over eige liv og situasjon.

I regjeringa si målsetting er det sagt at eit nasjonalt partnarskapsarbeid skal stimulere og styrke samordning av arbeid som har innverknad på innbyggjarane si helse. Arbeidet skal ha tverrsektorielt perspektiv og vere forankra i kommuneplanarbeidet. I samband med gjennomføring av forvaltningsreforma har representantar for fylkesmann/helsetilsyn på fylkesplan, KS, KRD og den statlege sentrale helseforvaltninga delteke i lovutredningsarbeidet under leiing av HOD. Helse- og omsorgsdepartementet har med uttalefrist 27.02.09 ute på høyring eit framlegg til lovendring som inneber: - Fylkeskommunen far eit lovfesta ansvar for ein pådrivar-og samordningsfunksjon for det sektorovergripande folkehelsearbeidet regionalt og lokalt med vekt på å understøtte folkehelsearbeidet i kommunane (overgang frå ei friviljug ordning til ei ordinær oppgåve for fylkeskommunen). - Tydeleggjering av fylkeskommunen sitt ansvar for å ta i vare folkehelse i eigen tenesteyting, forvalting og planlegging, og ansvar for at folkehelse inngår som del av arbeidet med regional utvikling Dette medfører ingen avgrensing eller endring i kommunane, fylkesmannen eller sentrale mynde sitt ansvar på folkehelseområdet. - Fylkeskommunen får heller ingen nye oppgåver Dei kommunane som har inngått avtale med fylkeskommunen er utfordra til å gje høyringsuttale til lovframlegget. om partnarskap for folkehelse, Folkehelsesatsin a i St Kommunestyret fatta i juni 2006 vedtak om å inngå partnarskapsavtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om folkehelsearbeid. Ved hjelp av eit årleg tilskot på kr. 150 000 er det oppretta deltidsstilling som folkehelsekoordinator. I tillegg har kommunen deltidsstilling som ungdomskontakt som jobbar med generell førebygging i høve rus og kriminalitet. Innsatsen er sektorovergripande og det er oppretta folkehelseråd med representasjon frå friviljug sektor og frå ulike kommunale tenesteområde. Kommunen si administrative leiargruppe er styringsgruppe for arbeidet. Kommuneplanen har definert fylgjande målsetting for folkehelsearbeidet i kommunen: Folkehelse og trivsel skal takast vare på gjennom samfunnsmessig tilrettelegging og samhandling. Målsetting for folkehelserådet sitt virke er fastsett til: Arbeide for tryggare og meir helsefremjande miljø og sunnare levevanar hos innbyggjarane gjennom aktivt samarbeid mellom friviljug sektor og offentlege instansar. Tankegangen er at tilrettelegging for og fremming av god folkehelse ikkje primært er helsesektoren sitt ansvarsområde, men ei felles oppgåve for kommunen si forvalting og tenesteyting i tett samarbeid med friviljug sektor. Folkehelseperspektivet må inn i alt planarbeid, anten det gjeld kommuneplan eller arealplanar, eller det gjeld idrett, friluftsliv og kultur, skule-og barnehagar eller innsats innafor helse-og sosialetaten. Folkehelserådet utformer tiltaksplanar for verksemda si som vert handsama politisk. Fokus har så langt vore

Førebyggjande innsats overfor barn og unge ( lokalsamfunn med MOT, ungdomskafeen Telegrafen m.m.) Førebygging av skader og ulukker ( prosjektet "Trygge eldre" og støtte til ulike aktivitetstiltak) Aktivitetstilbod for funksjonshemma Prosjekt på kosthald og ernæring i skular og barnehagar Styrkingstiltak for fysisk aktivitet både for barn og vaksne Styrkingstiltak innafor friluftsliv Etablering av tilbod "Aktiv på dagtid" for personar som slit med helsa og t.d. er i ferd med å falle ut av arbeidslivet Fylkeskommunen yter tilskot til førebyggjande tiltak som vert prioriterte og fordelt i eit partnarskap med kommunane Folkehelserådet engasjerar seg i høve ulikt planarbeid i kommunen for å sjå til at folkehelseperspektivet vert teke i vare. Folkehelsekoordinatoren er sekretær for ei gruppe som skal sjå på status i kommunen når det gjeld universell utforming på ulike område, og som vil kome med framlegg til prinsipp og retningsliner med sikte på god ivaretaking av krav til universell utforming i framtid. Vurdering: Stryn kommune er positive til at fylkeskommunane far eit lovpålagt folkehelseansvar. Ut i frå dagens erfaring, så er fylkeskommunane ein viktig pådrivar i det regionale folkehelsearbeidet m.a. ved å vere ein viktig støttespelar for kommunane. Kommunen har ansvar for det breie folkehelsearbeidet, jf, kommunelova. Kommunen sitt ansvar for folkehelse er elles forankra i kommunehelsetenestelova, jf. 1-2; "Kommunen skal ved sin helseteneste fremme folkehelse og trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold". Kommunane har etter kommunehelsetenestlova 1-4, eit generelt ansvar for å ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og dei faktorar som kan verke inn på dette. Det vil seie at kommunane sitt ansvar stort sett er lovfesta i helsetenesta sitt område. Stryn kommune vil få peike på at høringsnotatet ikkje tek omsyn til det store og viktige folkehelsearbeidet som allereie vert utført i mange kommunar, både lokalt og regionalt i regi av fylkeskommunane. Høringsnotatet, tek heller ikkje omsyn til at mykje av folkehelsearbeidet har sitt utsprang blant friviljuge og der folk lever og bur, og difor bør vere forankra i lokal- og regionaldemokratiet. Å halde fast ved ei snever forankring i helsetenesta, vil ikkje i tilstrekkeleg grad stimulere den friviljuge innsatsen. Oppvekst for barn og unge, kulturtilbod, fritid og fysisk aktivitet, livsstilsjukdomar, utdanning, arbeid og universell tilpassing er store og særs viktige område innafor førebyggande folkehelsearbeid, og seier mykje om at folkehelse bør ha brei forankring. Det store området som folkehelse rettar seg inn mot, tilseier også at ansvaret bør vere fordelt mellom offentleg og privat sektor. Folkehelsearbeidet bør vere eit sjølvstendig innsatsområde, ikkje berre i fylkeskommunen, men også i kommunane. Det sikrar oppbygging av spisskompetanse både regionalt og lokalt. Fylkeskommunen bør sitte med ansvaret som regional pådrivar og ha ansvaret for å kartlegge

befolkninga sin helsetilstand til hjelp i samfunnsplanlegginga, både regionalt og lokalt, og kan då ta ansvar for å gje råd og rettleiing til kommunane. Høyringsutkastet legg opp til at regional planlegging skal vere med å styrke det førebyggande folkehelesarbeidet i regional planstrategi. Ei slik oppgåve vil ikkje vere mogleg for fylkeskommunen åleine. Dersom ein slik strategi skal verte vellukka, så er ein heilt avhengig av eit godt folkehelsearbeid også i kommunane, samt eit tett og koordinert samarbeid mellom kommune og fylke. At folkehelse skal vere ei lovpålagt oppgåve for fylkeskommunane har liten verdi i seg sjølv, så lenge det er opp til den einskilde kommune å prioritere folkehelsearbeidet som ei brei samfunnsmessig oppgåve. Høyringsutkastet legg opp til å halde fast ved stoda i dag med - små overføringar til kommunane og dermed små stillingsheimlar til å jobbe med folkehelse på lokalt plan.. Mykje av dagens innsats er driven på frivillig basis og vert oftast personavhengig og kortvarig. Det vert vidare lagd opp til at stimuleringsmidlane til folkehelsearbeid fr å 2010 skal innlemmast i rammetilskotet til kommunesektoren. Det er då stor fare for at små folkehelsekoordinatorstillingar ikkje klarer overleve i ein hard prioriteringsprosess. I høringsutkaster vert det berre lagt opp til forvaltning av midlar der det er behov for regional tilpassing og utvikling. Stryn kommune vil understreke behovet for styring og styrking av økonomi på eit generelt grunnlag innafor arbeidet med det førebyggande folkehelsearbeidet regionalt og lokalt. Det er berre rundt 60 % av kommunane i landet som i dag har partnarskapsavtale med fylkeskommunane. Det vil seie at dei resterande 40 % av alle landets kommunar står overfor oppstart av omfattande arbeid med organisering av førebyggande folkehelsearbeid, utan å ha den stimuleringa som ligg i øyremerka tilskot til igangsetting. Fylkeskommunane vil difor få store utfordringar med både å halde på " gamle" og samstundes få med nye kommunar, utan å ha økonomiske virkemiddel til rådevelde. Erfaringsmessig må øyremerka midlar til over ein lengre periode dersom ein skal oppnå ønska resultat ved innføring av nye satsingsområde, slik det breie folkehelsearbeidet er. Stryn kommune går difor mot at folkehelsemidlane vert innlemma i rammetilskotet til kommunesektoren etter 2010. Folkehelsearbeid bør etter 2010leggast til fylkeskommunane som i dag, der dei i lag med kommunane fordelar folkehelsemidlar gjennom partnarskapsavtalar. Stryn kommune går inn for at folkehelse ikkje einsidig skal styrast gjennom helsetenesta, men må bli tydeleg og bredt forankra i alt relevant lovverk. Rådmannen sitt framleggtil vedtak:

Stryn kommune gjev sin høyringsuttale i samsvar med det som står under vurdering i saksutgreiinga. Handsaming i Formannskapet10.02.2009. FO-025/09 Vedtak: Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Sign. Utskrift sendt til: Helse- og omsorgsdepartementet