Språkløyper: Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (2016-2019)



Like dokumenter
Språkløyper: Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving ( )

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Vurderingsrettleiing 2012

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

Tiltaksplan

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

HANDLINGSPLAN Side 1

Foreldreundersøking i skule 2006

Kommunedelplan for oppvekst

Minoritetsspråklige elever i første klasse - hva må til for å komme på sporet av lesing og skriving? Åse Kari H. Wagner og Per Henning Uppstad

Studieplan 2013/2014

Studieretning for idrettsfag. 5t Toppidrett fotball (ein kan ha det alle tre åra). 5t Breddeidrett fotball (ein kan ha det alle åra)

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

SAK er språkkommune fra høsten 2017

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Skriveutvikling frå tidleg alder. Kva bruker vi skriving og skrift til?

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

INSTITUTT FOR SPESIALPEDAGOGIKK Det utdanningsvitenskapelige fakultetet Universitetet i Oslo

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

UiT Norges arktiske universitet Institutt for lærerutdanning og pedagogikk STUDIEPLAN LESEOPPLÆRING. Literacy Education 15 STUDIEPOENG

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

AVDELING 27 Gol skule og SFO. ANSVAR: 3111, : Gol skule 3121: SFO (ikkje i bruk)

Kartlegging i 1.klasse. Det som er verdt å gjøre, er det verdt å gjøre godt

Morsmålsaktiviserende læring og muligheter. Espen Egeberg Seniorrådgiver Statped sørøst

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

Kartlegging av barn og unges lese- og skrivevanskar med Arbeidsprøven.

«Tid for lek og læring» Kompetanse for mangfold

ET INKLUDERENDE LÆRINGSMILJØ SOM FORUTSETNING FOR LÆRING FOR ALLE ELEVER

Den grunnleggende ferdigheten å kunne regne. Introduksjon

Påstandar i Ståstedsanalysen nynorsk versjon

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune Handlingsplan 2008

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

3. MÅLEKART FOR BARNEHAGE, GRUNNSKULE, KULTURSKULE OG VAKSENOPPLÆRING

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Språktiltaket. Oppdragsbeskrivelse og organisering

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

Framtidas barnehage og skule. - sett gjennom HAFS sine augo. Åsmund Berthelsen, Utviklingsleiar

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Ei oppdatert og nytenkande førskulelærarutdaning. Barnehagekonferansen 2011

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

VESTNES KOMMUNE Ikkje offentleg Off.lova 13 J.fr. Forvaltningslova 13, nr. 1

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

LEIK, LÆRING OG UTVIKLING BRUNKEBERG OPPVEKSTSENTER

Årsplan for Norsk

Studieplan 2015/2016

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

NASJONALE PRØVER En presentasjon av resultatene til 5.trinn ved Jåtten skole, skoleåret

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kompetanseutvikling - FMHO 2016

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

ÅRSPLAN TRESFJORD BARNEHAGE

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Informasjonsbrosjyre til føresette ved skular som deltek i Two Teachers

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren Oppvekst og utdanningsmøte Skei

Høgtlesing som fokusområde i Skramsmarka barnehage

Bokomtale. Av Åse Lund Høgskolen i Telemark

Svar på én av disse to oppgavene (enten oppgave 1 eller oppgave 2): Oppgave 1: Tidlig innsats og evaluering i spesialpedagogisk arbeid

St.meld. nr. 21 ( )

Læreplan i fremmedspråk - programfag i utdanningsprogram for studiespesialisering

Språkløyper. et løft for språk, lesing og skriving. Unni Fuglestad, Lesesenteret


Minoritetsspråklige barn i barnehagen- regelverk. Seniorrådgiver Solveig Bjørn Regelverksamling 18. november 2014

FELLES STANDARD FOR LESING I LINDESNESSKOLEN

Velkomen til Mork barnehage,- kjekt å sjå deg her igjen!

Læringsmiljø Hadeland. Felles skoleutviklingsprosjekt for Gran, Lunner og Jevnaker. Vurderingsbidrag

Realfagskommuner Sidsel Sparre, Utdanningsdirektoratet Gardermoen, 19. mai 2016

Praksiseksempel - Leseopplæring i samfunnsfag for elever med nynorsk som sidemål

Reviderte læreplaner konsekvenser for undervisningen?

Vår referanse Arkivkode Sted Dato 07/ A00 &13 DRAMMEN HØRING - FORSLAG TIL ENDRINGER I OPPLÆRINGSLOVEN OG PRIVATSKOLELOVEN

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

Easyresearch. FØREHANDSVISING Vis alle spørsmål Skru av vilkår Skru av obligatorisk Facebook Mobilenhet. Velkomen til Studiebarometeret!

Barneskule elevar 35 lærarar eks leiing (Ca 70 barn i SFO) 50 tilsette i alt Utbygging / renovering

Årsplan i norsk, skuleåret

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

«Mestringsforventningar»

I det store og heile vil Hå kommune støtta utvalet sine hovudkonklusjonar. Kommunen vil kome med kommentarar i enkelte av kapitla.

Transkript:

Språkløyper: Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving (20162019) KVIFOR TRENG VI EIN NASJONAL STRATEGI FOR SPRÅK, LESING OG SKRIVING? Gode språklege ferdigheiter er avgjerande for leik og læring i barnehagen, for lesing, skriving og læring i skulealder, og for moglegheitene den enkelte har til å nå måla sine og utvikle potensialet sitt. Regjeringa ønskjer at alle barn og unge skal kunne utvikle gode språk, lese og skriveferdigheiter, slik at dei kan lukkast i utdanning, arbeids og samfunnsliv. Mykje godt arbeid blir gjort for å styrke språk, lese og skrivekompetansen til norske barn og elevar. Internasjonale skuleundersøkingar som PIRLS og PISA 1 viser at norske skuleelevar er blitt betre lesarar dei siste åra. Men vi har framleis ein del utfordringar: Ein betydelig prosent av befolkninga har slite eller slit med å lære seg å lese eller skrive. 2 16 prosent av norske 15åringar ligg på eit lesenivå som i følge PISA er under kritisk grense. Desse elevane går truleg ut av grunnskulen med for dårlege lese og skriveferdigheiter til å meistre krav i utdanning, arbeid og samfunnsliv. På nasjonale prøver i lesing på 8. trinn ligg 42 prosent av norskfødde med innvandrarforeldre og 55 prosent av elevar som sjølve er innvandrarar på lågaste meistringsnivå. Blant andre elevar er talet 24 prosent. I alle gruppene skårar gutane lågare enn jentene. Fråfallet i vidaregåande skule er stabilt. I 2014 hadde 30 prosent av kullet som starta på vidaregåande i 2009 ennå ikkje fullført. 3 Barn og elevar som strevar med språk, lesing og skriving, blir ofte fanga opp for seint, sjølv om forsking viser at effekten av tidleg innsats er vesentleg større enn hjelpetiltak som blir sett inn seinare i utdanningsløpet. 4 For mange barn byrjar på skulen utan tilstrekkeleg gode norskspråklege ferdigheiter til å forstå innhaldet i opplæringa godt nok. Av denne grunnen fekk 8,3 prosent av elevane i første klasse i 2014 særskilt språkopplæring. Seinare i skuleløpet får 4,9 prosent av elevane særskilt språkopplæring. Forsking viser at høgt presterande elevar ikkje får nok stimulans og støtte frå læraren. 5 1 http://lesesenteret.uis.no/getfile.php/lesesenteret/pdffiler/pirls2011_rapport_web.pdf; http://www.uv.uio.no/ils/forskning/prosjektsider/pisa/publikasjoner/publikasjoner/fortsattenveia- ga.pdf 2 12,3 prosent av norske 1665åringar hadde leseferdigheiter på eller under nivå 1 i PIAAC (https://ktl.jyu.fi/julkaisut/julkaisuluettelo/julkaisut/2014/d112.pdf, side 26), og det er vanleg å anta at 36 prosent av befolkninga har dysleksi (Hulme, C. & Snowling, M. J. [2009]. Developmental Disorders of Language Learning and Cognition. Chichester: WileyBlackwell). 3 https://www.ssb.no/vgogjen 4 s. 137138 5 http://www.tandfonline.com/doi/pdf/10.1080/00313830903043174 1

MÅLET MED STRATEGIEN: Regjeringa har ambisiøse mål med strategien: Arbeidet med å styrke språkmiljøet i barnehagen skal forsterkast Det skal vere samanheng mellom språkarbeidet i barnehagen og skulen Kompetansen til lærarar innan språk, lesing og skriving skal styrkast Barn og elevar som strever med språk, lesing og skriving, skal raskt bli identifisert og følgde opp med effektive tiltak Talet på elevar med svake lese og skriveferdigheiter skal reduserast Talet på elevar med svært gode lese og skriveferdigheiter skal aukast Høgt presterande elevar skal få dei utfordringane og den støtta dei treng MÅLGRUPPER FOR STRATEGIEN: Målgruppene for strategien er alle barn og elevar, men med eit særleg fokus på barn og elevar med språkvanskar elevar med lese og skrivevanskar gutar minoritetsspråklege barn og elevar høgt presterande elevar HOVUDGREP OG TILTAK I STRATEGIEN: Det unike ved strategien er at det for første gong blir satsa systematisk og heilskapleg på språk, lesing og skriving i både barnehage og skule, og at det blir utvikla praksisnære og kunnskapsbaserte digitale kompetanseutviklingspakkar som barnehagar og skular kan ta direkte i bruk i det lokale utviklingsarbeidet. Strategien inneheld tre hovudtiltak: Introduksjonssamlingar for barnehagar og skular Gratis nettbaserte kompetanseutviklingspakkar Støtte til lokalt utviklingsarbeid i kommunane Introduksjonssamlingar for barnehagar og skular I denne strategien skal det kvart år bli arrangert introduksjonssamlingar i alle fylka. Her blir arbeidsformer og innhald presentert for eigarar, barnehagemyndigheit, styrarar, leiarar og lærarar. Samlingane blir koordinert og leia av Lesesenteret. Gratis nettbaserte kompetanseutviklingspakkar Innanfor temaområda for strategien utviklar Lesesenteret gratis nettbaserte kompetanseutviklingspakkar, som barnehagane og skulane lett kan ta i bruk i det lokale arbeidet sitt. Innhaldet i pakkane gir rettleiing i barnehage og skuleutviklingsarbeid, fagleg fordjuping innanfor ulike temaområde, verktøy for å reflektere over eigen praksis og rettleiing i nye arbeidsmetodar alt innanfor eit lærande fellesskap. Forsking viser at skular med godt fungerande profesjonsfellesskap ser ut til å ha betre 2

føresetnader for å skape god opplæring for elevane enn skular der lærarane arbeider meir individuelt. 6 I denne strategien legg vi derfor vekt på fagleg lagbygging i barnehage og skule, og kompetanseutviklingspakkane er laga for bruk i fellesskap enten i heile kollegiet eller i faggrupper og team. Ressursane består av fagtekstar, eksempelfilmar, videoforelesingar, refleksjonsspørsmål, eksempel på foreldreinvolvering og oppgåver for utføring i praksis og deling i kollegiet. Støtte til lokalt utviklingsarbeid Frå 2016 kan kommunar truleg søkje om middel til ressurslærarar som kan leie utviklingsarbeid lokalt, og til å etablere lokale faglege nettverk innanfor områda språk, lesing og skriving. Lesesenteret og Skrivesenteret skal drive kompetanseutvikling for ressurslærarar, støtte desse i arbeidet deira samt drifte dei lokale faglege nettverka. TEMAOMRÅDE FOR STRATEGIEN Kompetanseutviklingspakkane som Lesesenteret lagar, fokuserer på sentrale temaområde som barnehagar og skular kan bruke i det lokale utviklings og kompetanseutviklingsarbeidet. Strategien har eit særleg fokus på utvalde målgrupper, med ei solid forankring i utvikling for alle barn og unge: Det som er godt språk, lese og skrivearbeid for alle elevar, er også nyttig for dei som strever, og god tilpassa opplæring i klasserommet vil kunne redusere behovet for spesialundervising. Lærarar i barnehage og skule må også vite noe om normalutvikling for å kunne arbeide med barn som har språk, lese eller skrivevanskar, eller med høgt presterande elevar. Eit for einsidig fokus i kompetanseutviklingspakkane på barn og elevar med vanskar, kan også føre til overrapportering av dei vanskane som blir omtalte. Språkutvikling, lese- og språkstimulerande aktivitetar God språkutvikling er avgjerande for leik, læring og sosiale relasjonar i barnehagealder, men også for lesing, skriving og læring i skulealder. Eit godt utvikla språk i tidleg alder lettar lese og skriveutviklinga i skulen. 7 Barn som kjem til skulen med eit godt språk, er betre lesarar gjennom heile skuleløpet enn dei som startar skulen med eit svakt utvikla språk. Samanhengen blir sterkare i løpet av skuleåra. 8 Studiar viser også at kvaliteten på samtalebidraga til barnehagepersonalet har betyding for ordforrådet til barna i første klasse. 9 Arbeid med språk, bøker, lesing og samtalar i barnehagen er derfor av stor verdi. Skandinavisk forsking viser at det er lite vakseninitiert arbeid med lese og skriveaktivitetar i barnehagen, 10 og at personalet i for liten grad tek omsyn til at barn har med seg ulike erfaringar heimanfrå. 11 Eit styrka fokus på førskriftspråklege aktivitetar og språkaktivitetar generelt, er derfor nødvendig. Dette føreset medvitne vaksne med god kunnskap om språkutviklinga og språkbruken til barn. 6 http://link.springer.com/article/10.1007/s1083300600018 7 Hagtvet, B.E. et.al. (2011). Ordforråd i førskolealder og senere leseferdigheter En metaanalytisk tilnærming. Spesialpedagogikk (1), s. 3449. 8 https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/kilde/ufd/rap/2005/0032/ddd/pdfv/267903 aukrust_sprakstimulering.pdf 9 http://www.sciencedirect.com/science/article/pii/s0193397311000177 10 Svensson, A. K. (2011). Språkstimulerende miljöer i förskolan: en utvärdering av Att läsa och berätta gör förskolan rolig och lärorik. Borås: Högskolan i Borås. 11 Fast, C. (2007). Sju barn lär sig läsa och skriva: Familjeliv och populärkultur i möte med förskola och skola. Uppsala: Acta Universitatis Upsaliensis 3

Barnehagepersonalet skal få auka kunnskap, verktøy og tryggheit i arbeidet sitt med språkutviklinga til barn i ulike kontekstar, som for eksempel leseaktivitetar, språk i kvardagen og språkvanskar. Samanheng mellom språkarbeidet i barnehagen og skulen For å sikre best mogleg kontinuitet og utvikling for barna, er det viktig at barnehage og skule har god informasjon om og innsikt i språkarbeidet til kvarandre. Skal skulen lukkast i å tilpasse byrjaropplæringa i lesing og skriving til behova som det enkelte barnet har, er det avgjerande at lærarar i skulen har grunnleggjande kunnskap om språkutviklinga til barn, og at dei gjer seg kjende med arbeidsformene i barnehagen og kva dei har jobba med, for slik å førebu barnet på skulestart. Likeeins er det viktig at personalet i barnehagen vidareformidlar informasjon om den språklege utviklinga til det enkelte barnet og om eventuelle hjelpetiltak er sett inn i barnehagen etter samtykke frå foreldra. Barnehagepersonalet må også ha kunnskap om kva barnehagen kan gjere for å sikre barn så god lese og skriveutvikling som mogleg i skulen. Barnehagepersonalet og lærarane skal få innsikt i kvarandre sitt arbeid med språk, lesing og skriving gjennom å utveksle informasjon om den språklege og læringsmessige utviklinga til barna. Skule og barnehageeigarar bør også ha innsikt i dette feltet, slik at dei kan leggje til rette for eit formalisert samarbeid. Den første lese- og skriveopplæringa Barn byrjar på skulen med varierte kunnskapar, ferdigheiter og erfaringar med skriftspråk, og opplæringa må derfor vere tilpassa behova til den enkelte eleven. Dei fleste elevane vil lære seg å meistre skriftspråket uavhengig av kva metodar som blir brukt i opplæringa, medan metodar og innhald i byrjaropplæringa kan vere heilt avgjerande for om andre elevar vil oppnå meistring. Desse elevane treng gjerne ei meir eksplisitt undervising for å lære bokstavar og å kome godt i gang med lesing og skriving. Læraren må derfor ha nødvendig kunnskap for å støtte dei som treng det. Førsteklassingane er i den aldersgruppa som er mest motiverte for skule og læring. Dette har truleg den norske skulen utnytta i for liten grad. Forventingane til lese og skriveutviklinga til elevane har vore for låge, og læringstrykket har vore relativt lågt på mange skular. 12 Her er eit potensial for læring som bør utnyttast betre. Lærarane som underviser i byrjaropplæringa skal få auka kunnskap om kva som kjenneteiknar god praksis i den første lese og skriveopplæringa og reflektere over arbeidet sitt. Dei skal ha tilstrekkelege kunnskapar til å gjere kvalifiserte val av opplæringsmetodar og vere i stand til å velje ut gode læremiddel til elevane. Lesing og skriving i alle fag Utvikling av lese og skrivekompetanse er ein kontinuerleg prosess som held fram også etter den første lese og skriveopplæringa. På mellomtrinnet, på ungdomstrinnet og i 12 Lundetræ, K. & Walgermo, B. (2014). Leseopplæring å komme på sporet. Å lykkes med lesing. Tidlig innsats og tilpasset opplæring (red. Lundetræ & Tønnessen). Oslo: Gyldendal akademisk. 148171. 4

vidaregåande opplæring skal elevane vidareutvikle lese og skriveferdigheitene dei har med seg frå barnetrinnet. Dei skal lese og skrive stadig meir komplekse fagtekstar i ulike fag, dei skal utvikle fagspesifikk tekstkompetanse, og krava til ordforråd, bakgrunnskunnskap og sjangerkunnskap stig. Dette gir seg utslag i at elevar med lite utvikla ordforråd og tekstkompetanse får vanskar med leseforståinga, uavhengig av om dei meistrar avkoding. Lese og skriveopplæringa må ta konsekvensen av at kunnskap blir utvikla, kommunisert og brukt på forskjellige måtar i dei enkelte faga. Lærarane skal få auka kunnskap om korleis dei i større grad enn i dag kan integrere arbeidet med lesing og skriving i planlegging og undervising i alle fag, frå første til og med trettande trinn. Digitale teknologiar i lese- og skriveopplæringa Framtidas skule kjem til å vere teknologirik, både når det gjeld måtane elevane lærer på og lærarane underviser på. Digitale teknologiar blir i aukande grad implementert på alle trinn, frå barnehage til vidaregåande opplæring, og i rammeplanar og styringsdokument er det sterkt fokus på auka bruk av IKT. Utviklinga går raskt og stiller nye krav til læraren. Lærarane skal få kunnskapar om digital teknologi og digitale verktøy i lese og skrivearbeid, slik at dei kan bruke dette hensiktsmessig og målretta i opplæringa. MÅLGRUPPER FOR STRATEGIEN Mange barn og elevar strever med språkrelaterte vanskar, samt med lese og skrivevanskar. Strategien har som ambisiøst mål å styrke den kompetansen som skule og barnehagepersonalet treng for å raskt identifisere desse barna og elevane og følgje dei opp med effektive tiltak. Det er også eit mål at høgt presterande elevar skal få dei utfordringane og den støtta dei treng. Minoritetsspråklege barn og elevar Minoritetsspråklege barn og elevar utgjer ei risikogruppe for utvikling av vanskar med lesing, skriving og læring i skulen. 13 Dette trass i at barn kan ha meistra kvardagsspråket godt og snakka norsk med morsmålslik uttale sidan barnehagealder. Barnehage og skule må derfor ha fokus på den norskspråklege utviklinga til minoritetsspråklege barn gjennom heile barnehage og skuleløpet. Barnehagen er ein svært viktig arena for språklæringa til minoritetsbarn. Språklæring skjer når barnet får bruke språket i meiningsfulle situasjonar, gjennom engasjement i språklege aktivitetar, støtta av vaksne som er gode språkmodellar og som veit korleis dei skal leggje til rette for språkstimulerande aktivitetar. Minoritetsspråklege barn i skulen vil ofte vere like gode ordavkodarar på andrespråket som majoritetsspråklege, 14 men likevel ha eit mindre utvikla ordforråd på opplæringsspråket enn dei majoritetsspråklege klassekameratane. Etter kvart som vanskegraden på dei skulefaglege tekstane akar, vil eit magert ordforråd hemme 13 MelbyLervåg, M. & Lervåg, A. (2013). Reading comprehension and its underlying components in second language learners: A Metaanalysis of Studies Comparing First and Second Language Learners. Psychological Bulletin vol 140 (20). 409433. 14 https://www.idunn.no/npt/2011/05/art07 5

leseforståinga. Elevar som forstår det dei lærer, beheld motivasjonen, og færre fell ifrå i vidaregåande opplæring. Skulen må derfor arbeide systematisk med vokabular, og leggje vekt på allsidige lese og skriveaktivitetar. Barnehagepersonalet og lærarane skal auke kunnskap om korleis andrespråket til barn blir utvikla og stimulert, frå tidlege talespråklege ferdigheiter til lese og skriveutvikling i skulen. Barn og elevar med språkvanskar Barn og elevar med språkvanskar utgjer ei risikogruppe for å utvikle lese og skrivevanskar. 15 Tidleg innsats gjennom systematiske språkstimuleringstiltak er det viktigaste pedagogiske verkemiddelet for desse barna. Barnehagen må leggje til rette for både spontane og formelle språkaktivitetar, og må kunne oppdage barn som strever med språk slik at desse tidleg får hjelp til å utvikle språklege ferdigheiter. Systematisk observasjon av språket til barn i barnehagen kan forhindre at språkvanskar ikkje blir oppdaga før langt opp i skulealder. Språkvanskar medfører utfordringar med lesing, skriving og læring i skulen, og elevane står dermed i fare for å falle utanfor i skulen, eller bli taparar i vår tids språksamfunn. Lite kunnskap om språkvanskar blant lærarane gjer at vanskane ofte ikkje blir oppdaga og at tiltak ikkje blir sett inn. 16 Barnehagepersonalet og lærarane skal få auka kunnskap om observasjon og kartlegging av vanskar, slik at dei tidleg kan identifisere barn med vanskar og følgje desse opp med språktiltak innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Personalet skal kunne vurdere når barn skal få oppfølging av PPT, og dei kal kunne gi elevar med språkvanskar tilrettelagd opplæring. Gutar Språkutviklinga til gutar ser ut til å gå noe langsammare i tidleg alder enn hos jenter, 17 og fleire gutar enn jenter har språk, lese og skrivevanskar. 18 Sjølv om forsking kan nyansere bildet, ser vi kjønnsforskjellar også i skulealder, for eksempel i dei store leseundersøkingane PISA, PIRLS og Nasjonale prøver i lesing, der jentene gjennomgåande har betre leseferdigheiter enn gutar. 19 Forskjellane mellom gutar og jenter i lesing kan også skuldast forskjellar i motivasjon, haldningarog interesse for språk og leseaktivitetar. Barnehage og skule må arbeide målretta for at kjønnsforskjellane i språk og leseferdigheit ikkje skal auke etter kvart som elevane blir eldre. 15 http://jslhr.pubs.asha.org/article.aspx?articleid=1782525 16 Bele, I. (2008). To ungdommer med spesifikke språkvansker. Språkvansker. Oslo : Cappelen akademisk. 5599. 17 http://fla.sagepub.com/content/34/1/3.short 18 Se feks http://onlinelibrary.wiley.com/doi/10.1002/dys.389/abstract 19 Solheim, O.J. & Lundetræ, K. (under ferdigstilling, 2015). How can we explain varying gender differences in international reading achievement tests during childhood, adolescent and young adults? Assessment in Education. 6

Barnehagepersonalet og lærarane skal få auka kunnskap om det vi veit om forskjellane i den språklege utviklinga til gutar og jenter for å vere i betre stand til å tilpasse pedagogiske tiltak til barn og elevar med ulike behov. Elevar med lese- og skrivevanskar I Noreg blir det brukt mykje ressursar på spesialundervising på dei høgare klassetrinna, og mindre dei første åra ein situasjon som inneber at norske lærarar i større grad arbeider med vanskane når elevane har strevd med dei i mange år, i staden for å førebyggje og gi tidleg hjelp. Forskarar og utdanningsmyndigheiter har derfor peika på behovet for ei endring frå sein til tidleg innsats i skulesystemet, slik at lese og skrivevanskar kan bli forhindra. 20 Tidleg innsats reduserer også sannsynet for vedvarande vanskar. 21 Lærarane skal få auka kunnskap om vanskar med lesing og skriving, for å kunne identifisere dei elevane det gjeld. Dei skal dessutan få auka kompetanse om korleis godt samarbeid om elevar med vanskar kan fungere, og om korleis dei, ved å sette inn generelle tiltak, kan tilpasse klasseundervisinga si for elevar med allereie etablerte vanskar. Høgt presterande elevar Prinsippet om tilpassa opplæring gjeld også elevar med særlege evner og talent på ulike område, og desse elevane får i dag ikkje alltid nok stimulans og støtte frå lærarane. 22 Høgt presterande lesarar og skrivarar finn vi på alle klassetrinn, og felles for desse kan vere sjølvstendigheit, presisjon og høg kvalitet i refleksjonar rundt form og innhald i tekstar. Dessutan har dei gode språklege ferdigheiter. Noen av dei svært kompetente lesarane har lært seg å lese og skrive sjølv, gjerne før skulestart, og dei trekk med seg dei gode språkferdigheitene sine inn i tekstforståinga når dei les. Det finst også mange elevar som trass i gode ferdigheiter, investerer svært lite i arbeidet på skulen. Desse kan lett byrje å kjede seg, hekte seg av læringsarbeidet og minimere innsatsen dersom dei ikkje møter reelle utfordringar i emne som interesserer dei. Gjennom kompetanseutvikling skal lærarane få auka kunnskap om høgt presterande elevar og korleis undervisinga kan tilpassast for at desse elevane får utfordringar som gjer at dei held oppe motivasjon, engasjement og utnyttar potensialet sitt for læring. 20 http://sig1perspectives.pubs.asha.org/article.aspx?articleid=1767449 21 Fletcher, J. M., Lyon, G. R., Fuchs, L. S., & Barnes, M. A. (2007). Learning Disabilities: From Identification to Intervention. New York: Guilford Press. 22 http://www.tandfonline.com/doi/pdf/10.1080/00313830903043174 7