TEMA
Erfaring frå beredskapsøving i Bømlo kommune vinteren 2014 Odd Petter Habbestad Bømlo Vatn og Avløpsselskap as.
Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS (BVA) BVA er eit AS, har vore i drift frå 2003, BK er 100 % eigar. Me er 18 tilsette (fordelt på omlag 70 / 30 % drift og prosjekt). BVA si oppgåve er å drifta og byggja ut VA i Bømlo kommune. Forsyner ca. 95 % av Bømlingane med vatn og ca. 55 % er tilkopla offentleg avløp. 2 vassverk med 3 Moldeprosess anlegg, prod. 2015: 1,73 mill. m3 vatn. Ca 360 km offentleg vassnett, 11 høgdebasseng og 15 vasspumpestasjonar. På avløp har me 15 stk slamtankar (ca 1600 m3), 46 kloakkpumpestasjoner og ca 110 km offentleg avløpsnett. Sårbare abonnentar er offentlege institusjonar, verftsindustrien og fiskeindustrien (ca. 7 % av laksen i verda blir slakta på Bømlo)
Bakgrunn for øvinga Bestilling av beredskapsøving frå rådmann i BK, der tema skulle vera straumbortfall over lengre tid. Øvings tidspunkt skulle vere ukjent, men skulle utførast i første halvår 2014. Heile den kommunale organisasjonen skulle øve også Finnås kraftlag og Bømlo VA. Øvinga skulle utførast skarp og som papir øving, men skulle ikkje ramma nokon. Mål med øvinga var korleis kommunen takla eit straum brudd over lengre til og korleis samkjøringa var internt og eksternt mellom organisasjonane i kommunen.
Planlegging felles I august 2013 vart det peika ut ei arbeids gruppa som fekk i oppdrag å planlegge og leie øvinga. Det var representantar frå helse, brannvernet, samferdsel, Finnås kraftlag og Bømlo VA. Såg tidleg at me trong ekstern hjelp med planlegging av dreieboka til øvinga og fekk med oss Anne Gro Fiveland frå Sunnhordaland kraftlag. Scenario var at under ein lengre kuldeperiode i slutten av januar 2014 var straumen borte i heile BK frå tysdag kveld til fredag morgon, med alle dei problema det medfører. I tillegg fekk me onsdag kveld snø, vind og stengde vegar. Problem med samband var også eit øvings tema.
Planlegging internt Etatane måte laga sine interne øvings senario som måtte tilpassast den felles dreieboka før øvinga. Heile BVA sin organisasjon fekk melding om at det vart øving 1 halvår 2014. Brukte hausten til å gjennomføra fleire mindre øvingar. Testing av utstyr, t.d. straumaggregata, reservepumper og radiosamband. Gjennomgang internsystem, som IK- Mat, beredskapsplaner og oversikt på sårbare abonnentar.
Øving Tysdag 28 januar kl. 15.30 gjekk straumen i heile kommunen. Alle tilsette i BVA fekk melding via Gemini Melding at straumen var borte i heile BK, Vakta rykka ut og møtte ein mørklagd kontorbygning ( skarp ), og øving og drifts informasjon vart overrekt vakt. Vakta sette i gang tiltak etter varsling og beredskapsplanar til BVA. Kl. 17.00 kom det melding frå KKL at straumen til kommunen kunne bli borte i fleire dagar. Kl. 21.00 vart øvinga avslutta for dagen, i løpet av denne øvingsdagen vart det øvd skarpt på drift av straum aggregat på kontor, reinseanlegg og linkar til radiosamband for å få opp anlegga til DK. Det vart også øvd på å sette opp mannskapsliste, loggføring og forpleiing av mannskap.
Øving Onsdag starta øvinga opp igjen kl. 07.30 med ny drifts- / øvingsinformasjons og ei vær melding neste døgn som viste at det ville bli snø kombinert med sterk vind frå nordvest. Straumsituasjonen var uendra. I løpet av natta oppstod ein stor vasslekkasje på søre Bømlo som måtte lokaliserast før kl. 11.00, visst ikkje den vart funnet før den tid måtte ein prioritera sårbare abonnentar i området, skarp øving. Kl. 11.15 var lekkasjen lokalisert og avstengd. Leiinga i BVA måtte forbereda seg på å halda pressekonferanse saman med BK, FK og KKL Som papir øving vart det øvd på drift av vassreinseanlegg, aggregat drift, mannskapslister og forpleining. Det vart ført logg heile dagen. Kl. 15.00 vart øvinga avslutta for dagen, ca 70 % av BVA sine tilsette hadde vore involvert i øvinga denne dagen.
Øving Torsdag kl. 0730 starta øvinga opp igjen med ny drifts- / øvingsinformasjons, været hadde roa seg men ei rekke mindre vegar var stengde pga snø. Mobilsambandet nede på heile Bømlo Straum situasjonen var uendra. På morgonen stoppa hovudvassrense anlegget av ein feil som ville ta minst 24 timer å retta opp i, skarp / papir øving. BVA måtte få i drift reservekjelda og UV anlegget som ikkje har aggregat, dette takla me ikkje sjølv om det var beskrive i prosedyrane for anlegget. Ei bygd på 300 inbyggarar var utan vatn, skarp øving. Det vart øvd på bruk av samband mellom DK og reinseanlegg, skarp. Som papir øving vart det øvd på drift av vassreinseanlegg, aggregat drift, mannskapslister og forpleining. Kl. 15.00 vart øvinga avslutta for dagen, ca 80 % av BVA sine tilsette hadde vore involvert i øvinga denne dagen.
Øving Fredag kl 07.30 starta øvinga opp igjen med ny drifts- / øvings informasjons, i løpet av natta var straumen kommet tilbake i heile BK. Øving denne dagen var nedrigging av utstyr og lage plan for å komme i normal drift igjen. Papir øving. Kl 12.30 vart det halde felles defusing der alle etatar som hadde vore med på øvinga deltok. Øvinga var no avslutta.
Oppsummering Det krev mykje planlegging for å øve over så mange dagar. Få til å skapa ei øving slik at folk kjem i øvingsmodus. Skulle øvinga stoppe opp er det viktig å få dei som øver på rett spor igjen. Får avdekka svakheitar i organisasjon og på utstyr. Lag rapport etter øvinga som seier kva gjekk bra, kva må bli betre, kven har ansvar for utbetring og frist for utbetring. BVA avdekka fleire manglar under øvinga, kunnskap, system og teknisk utstyr som me måtte retta opp i.
Oppsummering Etter dette har det vore fleire hendingar der me har hatt bruk for beredskap Ekstremvær, Nina, Thor der me har vore utan straum over lengre tid Feil på trafo på Stord i fjor sommar, der straumen var borte i 4-5 timar Det er då bra å ha høvd og ha gode og gjennomtenkte planer. Men det som er viktigast er: Lekkasjekontroll. I dei siste 10 åra har BVA systematisert arbeidet med lekkasjekontroll for å få redusert lekkasjeprosenten
Resultat År Produsert vatn m³ Kundar Målt forbruk m³ 2010 2,45 mill. m³ 5626 0,52 mill. m³ 2011 2,38 mill. m³ 5778 0,57 mill. m³ 2012 2,17 mill. m³ 5951 0,67 mill. m³ 2013 2,09 mill. m³ 6014 0,64 mill. m³ 2014 1,88 mill. m³ 6116 0,64 mill. m³ 2015 1,73 mill. m³ 6159 0,65 mill. m³ 02.03.16
Lekkasje prosent for 2015 Nr. Forbrukar / faktor Mengde i mill. m³ 1 Forbruk etter måler. 0,65 2 Bustad 4783 x 140 m3 / år 0,669 3 Hyblar 142 x 50 m3 / år 0,007 4 Industri etter areal 145 x 200 m3 / år 0,029 5 Hytter / rorbuer/ andre 676 x 40 m3 / år 0,027 6 Naust / vassposter 304 x 30 m3 / år 0,009 7 Forbruksvatn nett ( 10 l pr person pr dag ) 0,04 8 Ikkje betalande kundar, ( frosttapping, bønder, kaiar, andre) 02.03.16 0,05 9 Sum årleg forbruk 1,481 Med ein vassproduksjon på 1,73 mill. m³ i 2015 utgjer dette ein lekkasjeprosent på ca 15 %. I 2010 var den på ca 50 %
Takk for meg.