Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 08.05.2014



Like dokumenter
- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

I UNG - eit alternativt opplæringsløp for elevar med store motivasjonsvanskar i den ordinære skolen

Møteinnkalling. Side1. Utval: Yrkesopplæringsnemnda Møtestad: 102 Fylkeshuset i Molde Dato: Tid: 10:30

Kommunedelplan for oppvekst

Orienteringssak - Aktivitet - Karriere Møre og Romsdal

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

I UNG - eit alternativt opplæringsløp for elevar med store motivasjonsvanskar i den ordinære skolen.

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

F-SAK 137/14: HØRINGSSVAR - PLIKT TIL Å STILLE VILKÅR OM AKTIVITET VED TILDELING AV ØKONOMISK STØNAD

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Møteprotokoll. Møtestad: Molde Fjordstuer, Molde Dato: Tid: Protokoll nr: 1/2015. Faste medlemer som møtte:

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren Oppvekst og utdanningsmøte Skei

Saman eller singel? Informasjonsmøte om kommunereformen: intensjonsavtalen, Giske aleine etter 2020, folkerøysting, framdriftsplan.

Budsjettkap., post og prosjektnr.: Kap. 226, post 21, prosjektnr

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

PPT for Ytre Nordmøre

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Tore Brevik Medlem H Lilly Gunn Nyheim Leiar AP

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

HANDLINGSPLAN FOR OPPFØLGINGSTENESTA

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Fagdag 2. februar 2016, Rogaland

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

HØRINGSSVAR FRA DRAMMEN KOMMUNE OM ET FORSVARLIG SYSTEM I OPPLÆRINGSLOVEN

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Organisering av tenestene i Business Region Bergen

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Geir Løkhaug, Cecilie K. Buaas, Laila T. Nielsen. Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet Yrkesopplæringsnemnda

Vi mistet skolen vår: Gjemnes-skolen.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Arve Hans Otterlei Medlem FRP Målfrid Mogstad Johannes J. Vaag

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

FYLKESMANNEN I ROGALAND UTDANNINGSAVDELINGEN

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Saksnr Utval Møtedato 18/15 Hovudsamarbeidsutvalet

Etter tilsyn og klagebehandling og 5-3

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

NYE OT-STATUSKODER GJELDENDE FRA Oppdatert 13. oktober 2011

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

VESTNES KOMMUNE. Møteprotokoll. Utval: Formannskapet Møtestad: Formannskapssalen, Rådhuset Dato: Tidspunkt: 16:30

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Nettverksmøte for lederne i de kommunale voksenopplæringene

Søknad. RF

Foreldreundersøking i skule 2006

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

PLAN OPPFØLGINGSTJENESTEN FOR VIDEREGÅENDE OPPLÆRING I VEST-AGDER

Samnanger kommune Møteprotokoll

Gratis skulefrukost - til prioriterte skular med fråfall

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2010 Kommunestyret

Årsplan Voksenopplæringen. Årsplanen inneholder noen faktaopplysninger om enheten.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

Guri Bugge Tlf: Saksnr Utval Møtedato Miljøutvalet

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Kommunestyre. Sakliste

Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Torgeir Dahl Medlem H Steinar Reiten Medlem KRF

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret

1 Utgreiing av søknaden

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

Innspel til stortingsmelding om «livslang læring og utenforskap». Stutte utsyn til stortingsmelding sett frå rektor ved Fjell vaksenopplæring

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Vår referanse Arkivkode Sted Dato 12/ DRAMMEN OMSTRUKTURERING AV DAGSENTERTILBUDET VED HJEMMETJENESTEN STRØMSØ

Synnøve Hunnes -einingsleiar Fellestenestene Tove Lilleås -fagleiar arkiv

Utval: Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Fylkesutvalsalen, 3. etg, Fylkeshuset Dato: Tidspunkt: 09:30-12:15

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Sel kommune Utskrift av møtebok

Dersom det er merknader til protokollen, ber vi om at det blir gjord kjent for sekretariatet snarast.

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

PLAN FOR TILSYN MED BARNEHAGANE I VESTNES KOMMUNE

Søknad om tilskot til kompetanse og innovasjon på statsbudsjettets kapittel 0761 post 68

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Velkommen alle sammen

Statusrapportering for reiselivsnæringa i Møre og Romsdal - heile 2015

Utprøving av samarbeidsmodeller for

Arkivsak: 14/12152 Tittel: SAKSPROTOKOLL: VERSJON 2.0 AV NORGES BESTE BARNEHAGE OG NORGES BESTE SKOLE

Saksframlegg. Trondheim kommune. LEKSER OG LEKSEHJELP I TRONDHEIMSSKOLEN Arkivsaksnr.: 10/17294

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 10.04.2014 24329/2014 Berit Brudeseth Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet 08.05.2014 Alternativt opplæringstilbod i Møre og Romsdal Bakgrunn I referatsak 4/13 om «Evaluering av igangsette alternative tilbod for elevar med store motivasjonsvanskar», vidare arbeid mot eit heilskapeleg og optimalt tilbod i Møre og Romsdal, ba utdanningsutvalet om at Broen og Sigurd-prosjektet vart vidareført fram til sak om alternative tilbod for elevar med store motivasjonsvanskar er behandla i Utdanningsutvalet. Det betyr i første omgang vidareføring i skoleåret 2013/14. I sak T- 73/13 om økonomiplanen vart det vedteke å sette av kr. 750 000,- i 2014 til vidareføring av Broen. I sak T- 69/13 om gjennomføring vidaregåande opplæring vart det m.a. vedteke at utdanningsavdelinga i samarbeid med lokale aktørar skal utarbeide ein plan for konkrete tiltak. Dette skal leggast fram som eiga sak for Utdanningsutvalet i løpet av våren 2014. Fylkestinget ser på Oppfølgingstenesta som ein viktig faktor i arbeidet mot fråfall, og ber om at denne vert styrkt både når det gjeld økonomi og verktøykasse. Dei seinare åra har det vore fokusert mykje på fråfall i vidaregåande opplæring, med Ny GIV overgangsprosjekt og oppfølgingsprosjekt som tunge satsingar. I tillegg er det ei elevgruppe som skolen ikkje treff verken med ordinær skolekvardag eller Ny GIV satsing, ei utfordring som ein må finne ei god og haldbar løysing for. I motsett fall står ei elevgruppe i stor fare for å falle heilt ut av skolen, med dei negative konsekvensane dette kan få for dei sjølve, både sosialt og økonomisk. I sak RS 4/13 frå Utdanningsutvalet vart administrasjonen bedt om å utrede og prøve ut tiltak for elevgruppa. Ny GIV og Utdanningsavdelinga v. Oppfølgingstenesta har lenge arbeidd med å finne gode tiltak for denne elevgruppa, og har, gjennom studiebesøk til Arbeidsinstituttet i Drammen, Fjølsmidjan på Island, Produksjonsskolen i Danmark og Produksjonsskolen i Hordaland, hausta erfaringar om kva tilbod elevar med store motivasjonsvanskar får. Dei fleste har prioritert å leggje tilbodet fysisk utanom dei vidaregåande skolane. Dette fordrar leige av lokale, med plass til aktivitetar innan t.d mekanikk, elektroaktivitetar og formgjeving, i tillegg til kantine og fellesrom. Totalt sett vil dette ha store økonomiske utfordringar. Ved produksjonsskolen i Bergen har ein det

første året budsjettert med totalt 10 millionar kroner, medan budsjettet seinare er lagt til 7 millionar kroner pr. år. Arbeidsinstituttet i Drammen er nasjonalt kjent for gode resultat og har same innhald som tiltaka i Møre og Romsdal, men har eit mykje større omfang og er meir ressurskrevjande. Buskerud Fylkeskommune har eit budsjett på 28 millionar i året for dette tiltaket. Når det gjeld produksjonsskulen i Danmark, har dei eit anna vidaregåande opplæringssystem som gjer at dei som ikkje er klar til den ordinære vidaregåande opplæringa må inn i eit opplæringsår som gjer dei klar til opplæring. Då blir blant anna det «11 året» og produksjonskolen alternativ for desse ungdommane. I arbeidet med saka har vi prioritert å legge til rette for tilbod som kan femne alle regionane i fylket (Romsdal, Nordmøre, søre Sunnmøre og nordre Sunnmøre). Eksisterande tilbod for målgruppa i Møre og Romsdal: I UNG: Eit samarbeid med arbeidsmarknadsbedrifta Astero i Molde og NAV. I UNG gir tilbod til OT-ungdom frå Romsdalskommunane. Tilbodet har lokale i Astero i Molde, som og har ansvaret for opplegget kring deltakarane. Målet for deltakarane vil anten vere å kome tilbake til skolen eller komme ut i arbeid. Inntaket skjer gjennom heile året, med utgangspunkt i sluttrutinar utarbeidd av OT tenesta i utdanningsavdelinga. Tiltaket har no vore i gang sidan september 2013, og har vore nesten fulltaleg (15 ungdommar) frå start. Innhald i tiltaket: Oppstart, gruppeaktivitetar, undervisning og rettleiingssamtalar. Intern arbeidspraksis. Individuelle personlege vegkart (visuell form for handlingsplan). Ekstern arbeidspraksis.

I UNG - modell Profesjoner: Psykologer, Politi, Fysioterapauter, Ambulanse, Kultur og språk, Coach/veiledere, Sykepleiere, Ergoterapauter, Fagarbeidere og arbeidsledere, Pedagoger, Sosionomer, Vernepleiere, etc. Rettsungdomm ar Ulike årsakar for tilmeling til I UNG Rus Motivasjon Levevanar Trening Personlig økonomi Skole,kurs,oppl æring Ekstern/intern Arbeidstrening Arbeidslivs- Kunnskap Jobbsøkerprosess Utdanning Arbeid praksisplass Forsterka oppfølging behandling Avklaring Oppkvalifise ring og livsmest -ring Vegen vidare Livsmestrin g og til rettelegging Jobb skole Positiv psykologi Karriereveiledning Nettverk Frå hausten 2014 blir I UNG forska på. Astero har søkt midlar v/ Regionalt Forskingsfond Midt Norge og fått 2.1 millionar til prosjektet (prosjektnr. 235208). Tittel på prosjektet er «I UNG Alternativ opplæring for ungdom i vidaregåande skulealder». Prosjektansvarleg er Astero AS, Molde v/ adm. dir. Per Olav Myrstad. Gjennom prosjektet skal Møreforsking Molde ( Kari Elisabeth Bachmann) finne ut og dokumentere kva tiltak som fungerer og kva langtidseffekten er. Forskingsprosjektet skal gå over tre år. Eit viktig formål med følgeforsking er å sørge for systematisk kunnskapsoppbygging om gjennomføring, resultat og nytteverdi. (sjå vedlagt rapport I UNG)

Broen: Ålesund kommune har i snart 5 år drifta Broen som tilbod til ungdom mellom 16 og 20 som av ulike grunnar ikkje har skoleplass eller ordinært arbeid og som heller ikkje responderer på ordinære tiltak. Broen er eit samarbeid mellom ulike forvaltningsorgan (Nav, Kommune og fylkeskommunen). Skoleåret 2012/13 var 19 ungdommar inne på Broen. Broen har til no kun hatt plassar til ungdom frå Ålesund kommune, mens dei andre kommunane i nordre Sunnmøre måtte kjøpe plassar. Etter at Fylkestinget vedtok ei støtte på kr. 750 000,- i 2104, har Ålesund kommune åpna for ungdom i alle kommunane på nordre - Sunnmøre utanom Stranda og Nordal utan å ta betalt. Innhald i tiltaket: Kartlegging og rettleiing, intensivkurs. Undervisning i forhold til skolefag, emner. Arbeidspraksis (sjå vedlagt rapport Broen) Vurdering: I Møre og Romsdal har det dei siste åra vore gjennomført forsøk med alternative opplæringsløp. Prosjekta har vore sårt tiltrengt og nødvendige for den aktuelle målgruppa. Ikkje alle kommunane har vore med i prosjekta, noko som har vore uheldig for dei som har stått utanfor. I UNG og Broen, saman med dei andre tiltaka vi har hausta erfaringar frå, har gitt oss eit godt grunnlag til å etablere eit bærekraftig alternativt opplæringsløp for målgruppa i heile fylkeskommunen. Ungdommar i alternative opplæringsløp er like forskjellig som ungdommar i den ordinære opplæringa vår. Det krev ei tilrettelegging på lik linje med det ordinære utdanningssystemet vårt. Ved å samarbeide med arbeidsmarknadsbedriftene, kommunane og NAV i fylket, som blir gjort i tiltaket I UNG, sikrar ein den breie og gode kompetansen som krevst for målgruppa. Hovedmål for tiltaket er at ungdom i målgruppa fullfører vidaregåande opplæring, anna alternativt opplæringsløp eller får seg lønna arbeid etter å ha delteke på I UNG. Administrasjonen ønskjer å utvide tiltaket til dei tre andre regionane. Då vil arbeidsmarknadsbedriftene Varde (Kristiansund), Brisk (Ålesund) og Furene (Volda) vere samarbeidspartnarar. Møre og Romsdal Fylkeskommune, Buskerud Fylkeskommune og Finnmark Fylkeskommune er i dialog om å løfte behovet for alternativ opplæring til eit nasjonalt nivå og vil forsøke å få til pilotar i desse tre fylkeskommunane som eit nasjonalt prosjekt. Møre og Romsdal fylkeskommune har i I UNG eit godt utgangspunkt i å etablere ein slik pilot i fylkeskommunen.

Økonomi: Tilsvarande 1 ressurs a 750 000,- for kvar av dei fire regionane kopla til iverksetting og drift av modellen. I 2014 er det sett av midlar til Broen prosjektet, elles er det ikkje sett av midlar til tiltaket i 2015. Skal ein gjennomføre tiltaket må ein difor gjere prioriteringar som kan frigjere økonomiske ressursar. Forslag til vedtak: Utdanningsutvalet tek saka til vitande. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Sverre Hollen fylkesutdanningssjef Vedlegg 1 Statusrapport I UNG 2 Rapport Broen