Aurland fjellstyre Møtedato: 9.12.13 Stad: Holo



Like dokumenter
Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Holo. Budsjettforslaget legg opp til eit årsoverskot på kr

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Åbelheim. Budsjettforslaget for 2017 legg opp til eit årsunderskot på kr

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Tokvam. Budsjettforslaget legg opp til eit årsunderskot på kr

Resultatregnskap AURLAND FJELLSTYRE

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, John Håland, May Britt Martinsen, Bjørn Ebne.

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, May Britt Martinsen, Bente Steine, Bjørn Ebne, John Håland.

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

ÅRSMELDING FOR EIDFJORD FJELLSTYRE 2007

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, May Britt Martinsen, John Håland, Bente Steine.

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, Bjørn Ebne, Bente Steine, May Britt Martinsen, John Håland.

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

NTL Sentralforvaltningens representantskapsmøte mars 2014 Sak 3 Regnskap

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, John Håland, May Britt Martinsen, Bente Steine, Bjørn Ebne.

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Nytt Gebyrregulativ for lokal forskrift for VA-gebyr

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland Fjellstyret Marianne Bakeri og kafè

Styresak. Halfdan Brandtzæg Rapportering frå verksemda per november Arkivsak 2014/805/ Styresak 068/2014 A Styremøte

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: 12.30

Luster kyrkjelege fellesråd, 2. tertialrapport 2016

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordesenteret

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

Tertialrapport 2 tertial 2015

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Note 1 Resultatrekneskap med fordeling

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

DB

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 137/2017 Formannskapet PS Kommunestyret

Møtebok for Ulvik fjellstyre

Sak 15/16. Hjortejakta i Nordheimsdalen utlysing av jaktfelt nr. 1 (nedre felt)

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Innkalling til møte i Ullensvang fjellstyre

10/60-14/N-211//AMS

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:45 18:15. Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

MØTEBOK. Desse møtte: Jarle Nordjordet, Marit Jortveit, Tor Aage Dale, Marit Kåsa

REGLEMENT FOR GODTGJERSLE TIL KOMMUNALE FOLKEVALDE I BØMLO

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Oversyn over økonomiplanperioden

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

BUDSJETT KONTROLLORGAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2011

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

FINANSFORVALTNINGA I 2011

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Verksemdsrapport Kirurgisk klinikk

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Forskrift om bustøtte

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Styresak. Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

FINANSFORVALTNINGA I 2012

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Vedtekter for Fusa Kraftlag

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Desse møtte: Jarle Nordjordet, Marit Jortveit, Halvor Fehn, Marit Kåsa

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Aurland fjellstyret Fjordsenteret

MØTEBOK ODDA FJELLSTYRE

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Statsallmenning. -litt mitt, litt ditt

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Oppsynsrapport for villreinjakta i Setesdal-Ryfylke, Setesdal Austhei og Våmur-Roan villreinområde 2010

Transkript:

Sak 26/13. Fjellstyrebudsjettet for 2014 Budsjettframlegg er utarbeidd. Som samanlikningsgrunnlag er medteke rekneskapstala for 2012, budsjett og prognose for 2013. I prognosen for 2013 er det m.a. teke utgangspunkt i rekneskapstala pr. 31.10.13. Budsjettforslaget legg opp til eit årsunderskot på kr. 21000. Kommentarar til postane i budsjettet: INNTEKTSSIDA: 3011 Utleige arbeidskraft/snøscooter Gjeld avtalen om utleige av ½ årsverk til Aurland Setjefisk BA, ½ årsverk til Lærdal kommune (viltforvalting), inntekter frå SNO til jervregistrering og rovdyrskadedokumentasjon, i tillegg til anna arbeid for SNO og andre. Arbeidsomfang om lag det same som inneverande år, men inntekt justert i samsvar med auka timekostnad. 3012 Villreinutvalet - refusjon oppsyn/sekretær Reknar med omlag tilsvarande arbeidsmengd som i 2013. 3300 Statskog - ref. oppsynsutgifter Etter fjellova skal 50 % refunderast, men statsbudsjettet avgjer reèll refusjon. Eige budsjett for oppsynet er sendt til Statskog SF. Går i budsjettframlegget ut frå at tildelt sum vert noko avkorta i høve til omsøkt tilskot, ut frå kva som har vore normalen dei siste åra. 3302 Erstatningar Eco Vannkraft Desse vert indeksregulerte med visse mellomrom (kvart 4. år) Regulering skjedde sist ved utbetalinga i juli i 2010. Det skal då vera tid for ny oppjustering i juli 2014, men vanskeleg å vita kor mykje (truleg kring 6 %). 3303 Tilskot grunneigarfondet/ Statskog Ingen aktuelle prosjekt i 2014. Tilskot til friluftstiltak for born og unge er teke med her. Dette vert utbetalt av Statskog SF, men vert fordelt av regionalt oppsynsutval. Det er transporten av skuleborn til fiskedagar i fjellet fjellstyret har avtalt med skulane å dekka. Søknadssummen bør aukast, ut frå kostnadsauke dei siste åra. 3304 Oppsynstilskot grunneigarar For oppsyn på privat grunn, 1 øre pr. daa., i følgje avtale med grunneigarlaget.

(Sak 26/13, side 2) INNTEKTER, FRAMHALD: 3306 Fiske Interessa for fiske i Aurland er stor, så eg reknar med at fiskekortinntektene (garnfiske + fjellstyret sin del av Aurlandskortsalet) held seg på det nivået dei har lege på dei siste par åra. Prisane er samordna med kortprisane på dei private sonene i fiskekortordninga, og vart auka før sesongen 2013. 3307 Sal av fellingsløyve rein Går ut frå like stor kvote som i 2013. Prisane vart sist justerte i 2012. 3308 Sal av fellingsløyve hjort/elg Inntekta her avheng litt av om elgen vert skoten eller ikkje. Avtalane om hjort- og elgjakt i Nordheimsdalen vart forhandla på nytt i 2012. Då vart prisane noko oppjusterte. Fellingskvoten for både hjort og elg i Nordheimsdalen vart auka ein dei i fjor, grunna ny arealutrekning av valdet. 3309 Småviltjakt Fjellstyret sitt vedtak om 2 veker utsett jaktstart i fjor haust førde til eit stort fall i inntektene frå sal av jaktkort - salet vart ned mot 20 % av det som har vore vanleg. Det var slik som ein hadde rekna med då vedtaket vart gjort, og ein oppnådde det ein ynskte; redusert jakttrykk. I år har jaktkortsalet teke seg noko opp att, truleg grunna det fine veret i oktober, og at fleire område i nabokommunar er freda. 3310 Festeavgifter Fjellstyret har krav på 50 % av dei festeavgiftene som vert innbetalte til Statskog SF for hytter og overnattingsverksemder. I år måtte fjellstyret betala attende sin del av festeavgifta som Statskog SF hadde kravd inn frå Statsnett for hyttene Berdalsbu og Håbergsholene dei siste 5 åra etter at hyttene var overtekne av fjellstyret. Dette er grunnen til negativt tal på denne posten i prognosen for 2012. Neste år vert fjellstyret sin del av festeavgiftene meir som vanleg. 3311 Overnatting fjellstyrehytter Noko nedgang i overnattingsinntekter i 2012, truleg grunna den seine sommaren. Reknar med at desse inntektene vil halda seg på 2011-nivået framover, eller auka litt, sidan fleire no har vorte kjende med tilbodet. 3312 Sal av trykksaker fjellstyrekontoret Salet av bladet "Villreinen" og valdkartet for Nordfjella. 8070 Renteinntekter Renter av bankinnskot og av lån til Aurland Setjefisk BA. Rentenivået har vore lågt dei siste åra, og vil truleg halda seg lågt.

(Sak 26/13, side 3) UTGIFTSSIDA: 5010 Løner oppsyn (refusjonsgjevande) Omlag 45 % av dei samla lønskostnadene for 2013 gjeld refusjonsgjevande arbeid for fjellstyret reknar med om lag same fordeling av arbeidstida neste år. Det er teke utgangspunkt i tala i oppsynsbudsjettet for 2014 som er vedteke av fjellstyret og sendt Statskog SF til godkjenning. I tillegg til 2,5 årsverk faste tilsette, er det rekna med innleige av ferievikar tilsvarande 1 månadsverk til ettersyn med setjefiskanlegg og anna arbeid. Grunna eit lønshopp i 2014 som me veit ligg i tariffavtalen for den sist tilsette i fjelloppsynet er løønskostnadene auka noko meir enn det som normalt vert lagt inn (3-3,5%) 5410 Arbeidsgjevaravgift 10,6 % av lønsutgiftene ovanfor. 5440 Pensjons- og yrkesskadeforsikring I samsvar med inngåtte avtalar med dei tilsette (4 % av løn). 5450 Bilgodtgjersle Oppdrag frå andre instansar (som t.d. SNO og Aurland Setjefisk) fører til mykje køyring. På den andre sida kjem ein del av dette att på inntektssida, ved at køyringa vert fakturert. Det vert lagt opp til ei halvering av utbetalinga til bilgodtgjersle i 2014, dersom fjellstyret kjøper inn ein fimabil til å ta den tyngste køyringa og dei lengste turane. 5460 Diettgodtgjersle Nivået på denne er nokså stabil. 5600 Oppsyn anna arbeid (ikkje refusjonsgjevande) Lønskostnader i samband med arbeid for andre instansar, som er inntektsgjevande for fjellstyret. Utgjer i 2013 omlag 55 % av arbeidsmengda. 5610 Møtegodtgjersle Kommunestyret vedtok i januar 2009 godtgjersler til fjellstyremedlemane. Eg har lagt desse til grunn i budsjettframlegget. 5660 Arbeidsgjevaravgift 10,6 % av ikkje-refusjonsgjevande lønskostnader (Andre lønsutgifter og Møtegodtgjersle). 6471 Driftsutgifter materiell Drifts- og vedlikehaldsutgifter av snøscooter, tilhengar, båtar m.v. Det er særleg vedlikehald av snøskuter som kan dra opp denne kostnaden.

(sak 26/13, side 4) 6472 Firmabil (ny post i budsjettet) Eingongsinnskot ved inngåing av leasingavtale, månadleg leasingavgift, drivstoff, årsavgift, forsikring og andre utgifter til bilhald. Det er laga eit eige notat med utrekningar av ymse alternativ. 6475 Andre utgifter oppsynsordninga Skal dekka arbeidsklede, pålagt sikringsutstyr og godtgjersle for bruk av eige utstyr i samsvar med tariffavtale, og supplering og fornying av dette. Avgifter for sikringsradio og abonnement mobiltelefon kjem og på denne budsjettposten. 6610 Rekneskap/revisjon Må rekna med ein viss auke, i samsvar med kostnadsnivået elles. 6710 Kontorutgifter Litt oppjustert i høve til 2012-2013. 7000 Reinsjakt (fellingsavg. m.m.) Omlag på same nivå som i 2013. Fellingsavgifta for hjort og elg ligg og inne i denne summen. 7001 Fiske Hovuddelen av summen gjeld betaling av setjefisk kjøpt frå Aurland Setjefisk BA. 7002 Hytter, drift Den oppsette summen skal dekka kostnadene med drift og rutinemessig vedlikehald av fjellstyrehyttene. 7003 Tilskot til tiltak i allmenningen Ingen større planlagde tiltak me veit om no. Kostnaden med planlagde fiskedagar for skuleklassar vert ført her. 7004 Tilskot til allmennyttige føremål Kan løyvast av overskotet i fjellkassa, jfr. 11 i Fjellova. 7010 Møte/kurs/reiser Skal m.a. dekka kurs- og møteutgifter både for fjellstyremedlemar og tilsette. Noko større utgifter enn i 2013, då det vert landsmøte i fjellstyresambandet.

(sak 26/13, side 5) 7020 Hytter, bygningstiltak Det vart i 2011 utført el-sjekk av fjellstyret si hytte i Håbergsholene, og det var budsjettert med utbetring av anlegget i år, berekna å kosta kr. 21.000. Av ulike årsaker vart dette arbidet ikkje utført, og bør difor setjast opp att på budsjettet for 2014. Ein vasslekkasje under hytta vart ordna i år. Det er mogeleg at dette eliminerer problemet ein har hatt med grunnforholda. Viss ikkje, bør det gjerast noko med stabilisering av fundamentet til hytta for å hindra at ho «stig og søkk» etter årstida. Drenering rundt hytta er truleg naudsynt. Maskinarbeid (3 dagar) inkl. transport, grus/pukk og røyr er kostnadsrekna til kr. 30.000, og er føreslege sett opp att på budsjettet. Nedgraving av ny vasslange er medrekna i summen. 7420 Kontingent Norges fjellstyresamband Landsmøtet til fjellstyresambandet i 2012 vidareførde tidlegare nytta kontingentsats, som seier at kontingenten skal vera 4 % av bruttoinntektene til fjellstyret året før (3 % for fjellstyre med bruttoinntekt under 200.000). 7425 Kontingent og tilskot villreinutvalet Fjellstyret betalar fast kontingent. I tillegg er det innført eit oppsynstilskot for å dekka noko av villreinutvalet sitt oppsyn. For fjellstyra er dette på 3 øre pr. daa (2 øre for dei private jaktfelta). 7426 Kontingent Samarbeidsorganet for fjellstyra på Hardangervidda Dette er ein informasjonskontingent" som fjellstyret betalar for å få all informasjon som vert utsend. Fjellstyret har møterett i dette organet. 7510 Forsikring hytter og materiell Går ut frå same nivå på forsikringspremien som det siste året. 7005 Trykkeutgifter og informasjonstiltak Utlegging av informasjon om tilboda i Aurland på Inatur sine sider og på fjellstyret si eiga nettside. Utgifter til trykking av jakt- og fiskekort og anna infomateriell kjem og på denne posten, sameleis annonsering av fjellstyremøta. Kjøp av bladet «Villreinen» til alle som tek ut jaktkort for villrein utgjer ein vesentleg kostnad. 7006 Mobiltelefon/sikringsradio Ny sikringsradio vart kjøpt i år. Ingen planlagde kjøp i 2014, men ein liten sum vert avsett i tilfelle det vert trong for utskifting.

(sak 26/13, side 6) 7007 Båt/naust/motor Den minste påhengsmotoren til fjellstyret, ein Yamaha 6 hk, har fått ein skade på godset som må vølast. Det er lagt inn ein sum til dette. Elles er det ikkje forslag om kjøp av nye båtar dette året. 7008 Kontorutstyr Det er ikkje planlagt særskilde kjøp i 2014, då det meste av datautstyret er rimeleg nytt. 7009 Byte av snøskuter/kjelke/tilhengar Ingen planlagde kjøp i 2014. 7021 Garasje Garasjeleiga til Aurland Setjefisk BA er kr. 11.000 i året. I tillegg er det sett opp ein sum til planering og asfaltering av plassen framfor garasjen. Dette var sett opp på budsjettet for 2013, men vart ikkje gjennomført. Det er rimeleg å gå ut frå at kalkulert kostnad med dette, kr. 35.000, vert delt likt mellom fjellstyret og Aurland Setjefisk SA. 8169 Finansutgifter Gebyr og rentekostnader. Fjellstyrekontoret, den 5.12.13 Harald Skjerdal