Transport til slakteri kan vi bli betre?

Like dokumenter
Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Inntekt i jordbruket 2013

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Bruk av overtredelsesgebyr ved brudd på dyrevelferdsloven

Flytting og opplasting av sau

Avlivning av sau og geit på gården

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Psykologisk Førstehjelp - barneskulen. Hjelpehanda - hjelp til sjølvhjelp i vanskelege situasjonar

2. Stabilitet. Vikahammaren hyttefelt, Boggestranda Nesset Skredfarevurdering

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Kom skal vi klippe sauen

Økonomi i oppdrett av overskotslam

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

FANGST OG SKJELPRØVAR I HJALMA

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

BEDØMMING AV TRANSPORTDYKTIGHET HOS GRIS

Fagsamling tilskotsforvaltning

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Kva kan vi læra av valdeltakinga ved lokalvalet i haust? Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

FANGST OG SKJELPRØVAR I FRØYSETELVA

Leikanger Sau og Geit

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Lammedødelegheit - genetiske parametre

FANGST OG SKJELPRØVAR I RØDNEELVA

Skredproblem i varslingsregion Sunnmøre

tapte årsverk i 2012

BPPV/krystallsykje. BEHANDLINGSTILTAK Behandling med Epleys manøver:

Praksis rundt sanking frå utmarksbeite - resultat av ei spørjeundersøking

Kommunedelplan for oppvekst

Alderspensjon frå folketrygda

Produksjonstilskot i jordbruket - vanleg jordbruksproduksjon. Silje Anette Lyhammer Rådgjevar Landbruksavdelinga Regionale samlingar 2017

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

«All-time-high» for Haugalandsbonden!!!!

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Nokon kjem til å komme (utdrag)

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

FANGST OG SKJELPRØVAR I ERVIKELVA

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Nye regler om farskap og morskap

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Årsplan for Norsk

Eksamen. 1.juni FOT2002 Kommunikasjon og samhandling. Programområde: Fotterapi og ortopediteknikk. Nynorsk/Bokmål

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

Usikker avlings-auke ved svovelgjødsel i år.

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Søknad om støtte for prøvetaking i samband med byllesjuke i sauebesetning.

MAL /VEGVISAR FORRETNINGSPLAN FOR ETABLERARAR Sjå også Bedin Bedriftsinformasjon sitt oppsett og omtale av forretningsplan

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Oslo, 7. april møte i gjetarhundnemnda måndag den 6. april kl på lagskontoret i Parkveien 71.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Geir Skadberg, seniorrådgivar næringsutvikling fylkesmannen i Rogaland

Regional samling april/mai 2014

dyrebilsjåfører på transportkurs hos Animalia i % Deltagere på dyrevelferdskurs i 2011

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Sandeid skule SFO Årsplan

Notat om historie og kulturlandskap

Utbetaling: Månadleg Søknadsfrist: Den 14. i kvar månad Vedtak og utbetaling: Ca. den 10. i månaden etter

Lag riktige setningar

Kvalitetsundersøking våren 2014

GLOPPEN KOMMUNE KOMMUNESTYRET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Kommunestyresalen Møtetid: Kl. 09:00. Gloppen kommune 17.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Storfehelsenytt. Dårlige klauver gjør det vanskeligere å få kalv i kua Av Nina Svendsby, Helsetjenesten for storfe

Bjørnehiet SFO - informasjon

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Matematikk 1, 4MX1 1-7E1

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Transkript:

NSG - Norsk Sau og Geit Transport til slakteri kan vi bli betre? Forfatter Inge Midtvei, spesialveterinær, Animalia Sammendrag Noreg har om lag like låg andel transportdøde sau og lam som Storbritannia, men andelen i vintermånadene er for høg. Årsaka er dårlegare kondisjon og helse hjå dyr som slaktast utanfor sesongen. Sjølv om det berre dør 250-300 sau og lam på veg til slakteri og under oppstalling, så kan talet reduserast med liten innsats. Publisert 2015 Referanse Sau og Geit 6/2015 Utskriftsdato 11.07.2016 www.fag.nsg.no Denne artikkelen finnes i Norsk Sau og Geit sin fagdatabase på Internett, www.fag.nsg.no

Transport til slakteri kan vi bli betre? Noreg har om lag like låg andel transportdøde sau og lam som Storbritannia, men andelen i vintermånadene er for høg. Årsaka er dårlegare kondisjon og helse hjå dyr som slaktast utanfor sesongen. Sjølv om det berre dør 250-300 sau og lam på veg til slakteri og under oppstalling, så kan talet reduserast med liten innsats. Statistikk frå Animalia viser at andelen sau og lam som dør under transport og oppstalling på slakteri over fleire år har vore høgare om vinteren enn om hausten. For å finne meir ut om kva desse dyra dør av, starta Animalia ei undersøking i samarbeid med Veterinærinstituttet. Tre slakteri deltok i undersøkinga. Frå desse slakteria skulle alle sau og lam som døde eller vart avliva av velferdsgrunnar på dyrebil eller slaktefjøs sendast til Veterinærinstituttet for obduksjon. Totalt vart det obdusert 72 sau og lam i prosjektperioden som strekte seg over heile 2013 og fram til og med fyrste kvartal 2014. Stor variasjon i kor mange som dør Det har dei siste fire åra vore 3-5 gonger så høg andel døde i fyrste kvartal som i tredje kvartal. I haust - sesongen, som omfattar delar av tredje og fjerde kvartal, dør det ein mindre andel enn snittet for heile året. Om lag 80% av den norske slaktemengda blir slakta i denne perioden. Tala for 2011 til og med andre kvartal 2015 er vist i figur 1. Figur 1. Prosentandel transportdøde sau og lam av alle slakta per kvartal for åra 2011 til og med andre kvartal 2015. Figur 2. Fordeling av diagnosegrupper per kvartal som andel av slakta per kvartal. Kvifor dør desse dyra? Veterinærinstituttet har kategorisert obduksjonsfunna i tre hovudkate - goriar; akutte tilstandar, underliggande sjukdom og ein kategori der ein ikkje finn noko sikker diagnose. Figur 2 viser fordelinga av desse per kvartal. Ein ser at underliggande sjukdom er den viktigaste dødsårsaken i fyrste kvartal, medan ein for resten av året har om lag like mange som dør av akutte tilstandar som av underliggande sjukdom. Med underliggande sjukdom meiner ein sjukdom som dyret hadde før det vart sendt frå garden. Det omfattar blant anna lungebetennelse, mage- og tarmparasittar og generell avmagring. Med akutte tilstandar reknast kveling av dyr som legg seg og ikkje klarer å reise seg på grunn av for dårleg plass. Vidare er hovudeller nakkeskader på grunn av stanging, samt hjartesvikt og tarmslyng påvist. Sauen friskast om hausten Det dør ein høgare andel sau og lam, i samband med transport og opp - stalling, i fyrste enn i andre halvår. Eit anna uttrykk for helse og kondisjon hjå sau og lam som blir slakta, er Mat - til synets kassasjonar i kjøttkontrollen. 34 Sau og Geit nr. 6/2015

Dette er altså dyr som er godkjent for slakting, men som etter undersøking av slakteskrotten og indre organ ikkje blir funnen eigna til folkemat. Desse tala viser også at det er meir sjukdom i fyrste og andre kvartal enn resten av året. Ved dei tre slakteria som me undersøkte er det faktisk om lag ti gonger så høg andel totalkasserte sau og lam i andre kvartal som i tredje kvartal. Figur 3 viser tal frå Mattilsynet over totalkasserte sau og lam ved dei tre slakteria som var med i under - søkinga. Andelen dyr som var avmagra eller magre var høgast blant dei dyra som døde av underliggande sjukdom. Ingen av dyra som døde utan nokon underliggande sjukdom var avmagra. Figur 4 viser fordeling av dyra etter hald med og utan underliggande sjukdom. Transportkvalitet og transportlengde Gjennomsnittleg transporttid inn til dei tre slakteria var 2,4, 2,8 og 3,9 timar. Det er kjent, både frå forsking og praktisk erfaring, at sau og lam toler godt å bli transportert utan fare for dyras velferd. Transport i åtte timar, som er det maksimale ein har lov til i Noreg, er ikkje noko stor belastning for sau og lam dersom dei er friske og i god kondisjon og krava til ventilasjon og plass er oppfylt. Det er avgjerande at arealkrava blir overhaldne, noko som inneber minst 0,30 m 2 for eit gjennomsnittleg slaktelam med ull på 45 kg. Figur 3. Prosentandel totalkasserte sau og lam i kjøttkontrollen ved tre slakteri, kjelde: Mattilsynet. Figur 4. Ernæringstilstand hjå dyr med og utan underliggande sjukdom. Konklusjon og tiltak Det dør ein vesentleg høgare andel sau og lam vinter og vår. Ein del av desse døde som følgje av sjukdom som oppsto før transporten. Slik sjukdom kan vera uråd å oppdage for sauebonden eller den kan ha oppstått eller blitt akutt verre under transport eller oppstalling. Likevel er det grunn til å tru at ein del av dyra hadde sjukdom som produsenten visste om, men som han eller ho ikkje tok omsyn til når dyret vart bestemt slakta. Dersom alle desse dyra vart tatt ut av statistikken, så hadde dødelegheit under transport vore lågast i verda. Sjå også eiga sak om sauebondens vurdering av sine dyr før transport. Av Inge Midtveit spesialveterinær, Animalia Sau og Geit nr. 6/2015 35

Kan sauen transporterast? Sauebonden har den viktigaste jobben for å sikre sauens velferd i samband med transport til slakt. Sauens helse og kondisjon er heilt avgjerande for velferden under transport. Transporttida i Noreg er lite relevant for dyras velferd, samanlikna med helse og kondisjon, så lenge arealog ventilasjonskrav er oppfylt. Difor bør sauebonden før transport vurdere tilstanden til dyra sine. Han eller ho kjenner sine dyr og veit om det er noko som kan påverke deira evne til å tole transporten, og dette skal formidlast til dyrebilsjåføren. Sjåføren kan aldri sjekke grundig alle dyr i løpet av den korte tida som pålessinga varer. Han er difor heilt avhengig av rett informasjon frå dyreeigar. Saue - bondens underskrift på transport - seddel er ei erklæring på at ein har vurdert dyra som egna til folkemat, friske og transportdyktige. Dersom ein ikkje har gjort ei slik vurdering av dyra eller har oppgjeve feil eller mangelfulle opplysningar til sjåfør, så er det eit brot på forskrift om næringsmessig transport av dyr. Kva skal ein sjå etter? Alle tilstandar som har påverka sauens helse og kondisjon er viktige i forhold til transport. Oftast er det lett å plukke ut dei som tydeleg ikkje er transportdyktige, dette kan til dømes vera - Dyr med feber - Dyr som et lite eller ingenting - Dyr som er sløve og uoppmerk same, som står og heng - Dyr som ikkje følgjer flokken under flytting og handtering - Dyr som ikkje tek støtte på ein fot på grunn av smerter i bein eller klauv - Dyr med alvorlege, opne sår til dømes på grunn av jurbetennelse, bittskader og liknande. - Dyr i svært dårleg hald (haldpoeng 1) - Sau siste to veker før og ei veke etter lamming (unntak innafor garden) Det er likevel dei dyra som ikkje er tydeleg sjuke, men som heller ikkje er heilt friske som er ei utfordring å vurdere om ein kan sende med dyrebilen. I vurderinga må ein ta med kva for transport dei skal sendast med. Ein ordinær dyretransport med 20-25 dyr i rommet og 140-180 lam på heile bilen, har ikkje fleksibilitet til å ta med dyr med spesielle behov. Difor må alle vera fullt transportdyktige. Dersom dyrebilen derimot har eit ledig rom eller ein sjølv kan transportere sauen inn på ein god måte, så kan sau som kanskje ikkje vil tåle ordinær transport likevel kunne transporterast på ein forsvarleg måte. Dette føreset at dyret har god plass, har egna selskap og rikeleg strø. Dette kan til dømes gjelde: - Dyr som avvik frå flokken pga. ull, hårlag eller generell trivsel - Noko magre dyr som trass i god apetitt og fôring eller beite ikkje legg på seg - Søyer med brokk (vomiskinn) - Dyr som haltar litt (tek støtte på foten, men legg ikkje full vekt på den) Sjølv om det blir brukt strø, så blir golvet på dyrebilen vått og grisete dersom dyra ikkje er fasta dei siste 6-12 timar før transporten. Det er viktig at dyra er fasta 6-12 t før transport for at golvet skal halde seg tørt og fint. Biletet viser dyr som er tatt på bil rett frå full fôring. 36 Sau og Geit nr. 6/2015

Sauebonden bør ta med i vurderinga om det kan vera best å avlive dyret på garden, dette gjeld særleg små og tynne lam og magre søyer som truleg ikkje er egna til folkemat. Når det gjeld eigentransport, så kan sauebonden transportere egne dyr under 50 km utan kompetansebevis. Beitekøyring er unntatt frå dette kravet. Dersom ein er i tvil om dyret kan transporterast, skal ein konferere med dyrebilsjåfør eller veterinær ofte er tilsynsveterinær på slakteriet den som er mest naturleg å kontakte. Gjer transporten best mogleg for dyra Dyra skal stå klar i eigen binge og grinder og drivgangar skal vera klart til dyrebilen kjem. Du bør ta dyra av beite eller stoppe all fôring 6-12 timar før transport. Då blir transporten meir komfortabel for dyra og det blir reinare og trivelegare på dyrebilen. For slaktehygienen er fasting også viktig. Tekst og foto: Inge Midtveit spesialveterinær, Animalia Sau og Geit nr. 6/2015 37