Saksnr. Arkivkode Journalnr. Sakshandsamar Dato 08/564 FE-440 08/903 DRI 04.04.2008



Like dokumenter
Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Rutine for oppfølgingsmøte:

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Oppfølging av sjukemelde og arbeidstakarar som slit. Tillitsvalde si rolle, og i eit førebyggjande perspektiv Modul

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

NAV Arbeidslivssenter. Hjelp til å redusere sjukefråværet, styrkje jobbnærværet og betre arbeidsmiljøet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

PERSONALHANDBOKA ARBEIDSREGLEMENT FOR FØRDE KOMMUNE

Kommunedelplan for oppvekst

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

IA-funksjonsvurdering Revidert februar En samtale om arbeidsmuligheter

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

MØTEPROTOKOLL Arbeidsmiljøutvalet AM U

Føremål. Grunnlag Arbeidsmiljølova Retningsliner for bedriftsintern attføring IA-avtalen Sjukemelding frå lege Eigenmeldingar

IA-Webinar Slik søkjer du : «Forebyggings- og tilretteleggingstilskudd for IA virksomheter og BHT-honorar»

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

HÅNDBOK I OPPFØLGING AV SYKMELDTE. Meldal kommune

Tilretteleggingsplikt og medverknadsplikt

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014

Innkalling til Administrasjonsutvalet

Oppfølging av sjukmelde arbeidstakarar

Oppfølging av ungdom med lovfesta rett til vidaregåande opplæring utanfor arbeid og opplæring

F-SAK 137/14: HØRINGSSVAR - PLIKT TIL Å STILLE VILKÅR OM AKTIVITET VED TILDELING AV ØKONOMISK STØNAD

BARNEVERNET. Til beste for barnet

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

OPPFØLGING AV SJUKEFRÅVÆRE

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Alderspensjon frå folketrygda

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Vedtakssaker. 14/15 15/ Godkjenning av innkalling og referat etter møte Endringar i AM U - samansetning

Inkluderende Arbeidsliv

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Informasjon og medvirkning

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

MELAND KOMMUNE SAKSPAPIR

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Nedbemanning/ omstilling. Stranda kommune

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 12:00

Kurs i livsstilsendring Er det mogleg å hjelpe nokon til å endre livsstil??

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Ullensvang herad. Møteinnkalling Administrasjonsutvalet

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

Melding om arbeidsrelatert sjukdom - eller skade (vert ikkje omfatta av meldeplikta, og vert ikkje honorert)

Prosjektplan prosjekt nærvær

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

1. FØREMÅL Sikre heildøgns helsehjelp til dei som ikkje får ivareteke eigenomsorg i eigen heim.

Forsand kommune Personalkontoret

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

Reviderte retningsliner for seniorpolitikk, vedtekne i administrasjonsutvalet

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MELDING OM VEDTAK. Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: «REF» 2016/147-3 Roger Andersen,

Satsingar hausten 2015 og framover Tore Thorsnes Direktør NAV Sogn og Fjordane

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

Prosedyre for oppfølging av sykefravær i Tingvoll kommune del av IA inkluderende arbeidsliv

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret Kommunestyret

Retningsliner for AKAN-arbeid

Mål og tiltak for eit meir inkluderande arbeidsliv i sentraladministrasjonen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

SAKSDOKUMENT MØTEINNKALLING. Administrasjonsutvalget har møte. den kl. 12:00. i Formannskapssalen

MEDARBEIDERSAMTALEN INNLEDNING. GJENNOMFØRING Obligatorisk. Planlegging og forberedelse. Systematisk. Godkjent August 2010 Evaluert/revidert: 06/12,

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Plan for forvaltningsrevisjon

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

tapte årsverk i 2012

Oppfølgingssamtalen og individuell oppfølgingsplan

Søknad om tilskot til kompetanse og innovasjon på statsbudsjettets kapittel 0761 post 68

ANBOD SKOGRYDDING BAKNESET, VIKEBUKT

PROTOKOLL. Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem Organisasjon Per Are Sørheim medlem H

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Foreldreundersøking i skule 2006

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Helse Fonna HF Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Transkript:

Gaular kommune «Soa_Navn» Notat Til: Saksnr. Arkivkode Journalnr. Sakshandsamar Dato 08/564 FE-440 08/903 DRI 04.04.2008 Notat om: Informasjonshefte om Inkluderande arbeidsliv - revidert den 13.mars 2008. Postadresse Telefon: «Sse_Tlf» Bankgiro: 37600700279 «Soa_Adr» Telefaks: «Sse_Fax» Org.nr: 963 923 988 «Soa_Postnr» «Soa_Poststed» E-post: «Soa_Email»

INKLUDERANDE ARBEIDSLIV I GAULAR KOMMUNE (IA-AVTALEN) INFORMASJONSBROSJYRE TIL ALLE TILSETTE FOKUS PÅ TILRETTELEGGING OG INKLUDERING AV ARBEIDSTAKARANE I GAULAR KOMMUNE MED SIKTE PÅ Å REDUSERE SJUKEFRÅVÆRET! TEMA I HEFTE: KORLEIS DU SOM ARBEIDSTAKAR SKAL FORHOLDE DEG NÅR DU VERT SJUK I GAULAR KOMMUNE Ytterlegare informasjon vedr. IA-avtalen: Dag Ripe 57 71 85 00 Magne Straumstein 46 62 80 80 (ny kontaktperson frå 25. februar 2008) Terje Svalheim 95 89 90 28 (vararepr. frå NAV) NAV-Gaular 57 71 60 80 Sande den 13. mars 2008.

SAMARBEIDSAVTALE OM EIT INKLUDERANDE ARBEIDSLIV Generelt IA-avtalen er ein intensjonsavtale som vart inngått 03.10.2001 mellom regjeringa og partane i arbeidslivet LO,NHO, m.fl. Avtalen gjeld førebels fram til 31.12.2009. Gaular kommune signerte samarbeidsavtale med Trygdeetaten om eit inkluderande arbeidsliv i august -03. Saman med verksemda har HTV; Fagforbundet signert avtalen. Dette i etterkant av at saka om å inngå avtale var på høyring hos samtlege arbeidstakarorganisasjonar i Gaular kommune, før endeleg kommunestyrevedtak i juni 03. Intensjonsavtalen har som mål å redusere sjukefråværet og bruken av uføretrygd, og i tillegg ta betre i bruk eldre arbeidstakarar sine ressursar og arbeidskraft i arbeidslivet. Intensjonsavtalen føreset at arbeidsgjevar og arbeidstakar er samde om eit forpliktande samarbeid for å nå måla om eit meir inkluderande arbeidsliv. Føremålet for dette samarbeidet er at både leiing og tilsette i verksemda skal arbeide for eit betre arbeidsmiljø. Arbeidet for eit meir inkluderande arbeidsliv er ein integrert del av Gaular kommune sitt systematiske helse- miljø og tryggleiksarbeid. Dei ulike avdelingane i kommunen har utarbeidd eigne målsettingar og handlingsplanar, i tillegg til Gaular kommune sine overordna mål. I tillegg vil vi med dette heftet sørgje for at innhaldet i avtalen vert gjort kjent ved å dele ut denne informasjonsbrosjyren til alle tilsette. Husk! Å redusere sjukefråvere er lønsamt for kommunen, eks: Kommunal finansiering ved 1 års sjukefråvere: Årsløn 350.000: ca. 26% = nettoutgift ca. kr. 119.000,- Årsløn 450.000: ca. 37% = nettoutgift ca. kr. 222.000,- Kvar fråværsdag er rekna å koste kommunen 1900 kroner.

VISJON: Tilrettelegge arbeidssituasjonen for arbeidstakarane slik at dei kan være i arbeid til pensjonsalder med minimalt sjukefråvære. Mål for Gaular kommune 2008 1. Redusere sjukefråveret til den opphavelege målsettinga på under 6%. Revidere målsettingar og handlingsplanar på dei ulike avdelingane. Forbetre / Vidareutvikle IA- arbeidet gjennom desse planverka. Vidareutvikle og oppretthalde det gode tilretteleggings- / og oppfølgingsarbeidet innan inkluderande arbeidsliv. a. Vidareutvikle/ forbetre sjukefråversarbeidet i kommunen. b. Få betre oversikt over korttidsfråværet c. Ha godt samarbeid med legane d. Revidere handlingsplanar lokalt e. Alle avdelingar skal tilby medarbeidarsamtale f. Gjeninnføre internkontrollveke i mai 2008. Overordna Få ned sjukefråvære i kommunen samla. Oppgåve: Mål Totalt sjukefråvær i Gaular kommune i 2008 skal ikkje vere over 6%. Tiltak Nytte rutinar for oppfølging av sjukemelde og bruke aktuelle verkemiddel Gje naudsynt opplæring til alle leiarar med oppfølgingsansvar i å skrive søknader om tilretteleggingstilskot og individuell oppfølgingsplan. Sjå til at nye leiarar i organisasjonen frå naudsynt opplæring. Gjennomtenkte og gjennomgåande rutinar som vert følgt opp og praktisert over tid. Vi må ha tydelege leiarar som følgjer opp den einskilde medarbeidar. Klart ansvarforhold og ryddig opptreden frå leiarar og andre støttesepelarar. Tidleg kontakt med tilsette som er vekke frå arbeidet er avgjerande for suksess. Sette inn tiltak for å unngå at leiarane/ mellomleiarane vert sjukmelde grunna stort arbeidspress. I kommunen er det mange jobber der arbeidsbelastninga er stor. Dette påverker sjølvsagt sjukefråværet. Men det er vårt ansvar som arbeidsgjevar dersom vi let tilsette gå for lenge med så store arbeidsbelastningar at dei til slutt vert langtidssjukmelde. Vi må ta tak i dette mykje tidlegare og sørgje for at dei tilsette får høve til å skifte til mindre belastande stillingar (der dette let seg gjere). Leiar skal sende kopi av individuelle oppfølgingsplanar og referat frå dialogmøter til NAV-Gaular. Status på tiltak skal også rapporterast. (AMU skal på kvart møte få framlagt ein rapport over status på arbeidet innafor kvar avdeling i kommunen.

Leiarar på einingar med høgt fråvere kan be om møte med AMU for å be om støtte. AMU vil også i framtida invitere leiarar på einingar med stor auke i sjukefråveret/ høgt sjukefråvere, og be om status. Tid Ansvar Kontinuerleg Alle leiarar med personalansvar Resultatkrav 100% av sjukmelde utover 14 dg skal ha samtale. 100% av sjukmelde utover 6 veker skal ha Individuell oppfølgingsplan (unntak når det er openbart unødvendig, (for eksempel i tilfeller der det er klart at arbeidstakar kan komme attende i arbeid utan tilrettelegging, eller når arbeidstakar høgst sannsynleg ikkje vil vere i stand til å komme attende i arbeid) Sende minimum 5 søknader om tilretteleggingstilskot. Tilsette / leiarar må komme i dialog om arbeidsbelastninga før vedkomande endar opp i langtidssjukmelding. Det må innarbeidast ein kultur for open kommunikasjon om dette. Overordna Få oversikt over korttidsfråværet Oppgåve: Mål Ha oversikt over hyppig korttidsfråvær og ha god oppfølging. Tiltak Lage skjema for rapportering av hyppig korttidsfråvær. Leiarar må då utarbeide system for å halde oversikt over korttidsfråveret til tilsette. Tilby samtale. Tid Innan utgangen av 2007, skal takast i bruk frå 13.03.2008. Ansvar Personalsjef har ansvar for å få utforma skjema. Alle leiarar med personalansvar. Resultat- 100% av alt korttidsfråvær skal rapporterast krav Overordna Oppretthalde / vidareutvikle samarbeidet med legane Oppgåve: Mål Samarbeide med legane for å finne gode løysingar Tiltak Samarbeide med legane i enkeltsaker for å finne gode løysingar, t.d trekantmøte i enkeltsaker. Informere legane om kva rutinar Gaular Kommune har i høve bruk av eigenmelding kontra sjukmelding. Møte med legane. Gjennom drøftingar/ møte med legane skal ein sjå på korleis legen kan bidra til at Gaular kommune skal nå sine mål. Tid Oppfølgingsmøte med legane den 11. mars 2008. Ansvar Alle leiarar med personalansvar. IA-gruppa i Gaular Kommune. Resultat- Betre kommunikasjon/ samarbeid mellom legane og leiarane skal føre til redusert krav fråvere og mindre bruk av sjukmeldingar ved korttidsfråvere. Det skal gjennomførast erfaringssamling for leiarar, tillitsvalte og verneombod der legane deltek. Erfaringssamlingane skal gjennomførast årleg i nov. eller des. Det skal gjennomførast erfaringssamling i fyrste halvår 2008.

Overordna Skrive handlingsplanar lokalt Oppgåve: Mål Vidareutvikle det systematiske HMT- og IA-arbeidet i dei ulike einingane Tiltak Utarbeiding av handlingsplanar der det ikkje er gjort. Rullere handlingsplanar som var skrivne i 2007 Tid Frist 31.01.08 (kontinuerleg med same frist kvart år). Ansvar Einingsleiarar i samarbeid med tillitsvalte og verneombod Resultat- Alle einingar skal ha eigne målsettingar og handlingsplanar der samtlege krav avdelingar årleg evaluerer og reviderer. IA er berre ein del av HMT-arbeidet, det skal settast krav om at dei einskilde avdelingar årleg planlegger ulike kartleggingar som er hensiktsmessige/ tilpasse dei einskilde avdelingar. Avvikshandsaming og rapportar skal følgjast opp. Dette føreset at ansvar/ roller er klarlagde, samt at infoflyten fungerer slik det er hensiktsmessig. Det skal i tillegg gjennomførast årlege internkontrollveke med tema som AMU vel å sette på dagsorden (gjeld for alle avd.). Målsettingane skal vere strukturerte, målbare, aksepterte, realistiske, tidsbestemte og essensielle. Tett oppfølging av måloppnåing. Vi må verte flinkare til å synleggjere utviklinga i høve til måloppnåing. Overordna Medarbeidarsamtale for tilsette i Gaular kommune Oppgåve: Mål Tilby medarbeidarsamtale til alle tilsette i kommunen. Tiltak Utarbeide mal for samtale. Gjennomføre samtale Tid Medarbeidersamtale skal gjennomførast for alle tilsette innan 1. april 2008. (Einingar der det er gode rutinar på å gjennomføre systematiske medarbeidersamtaler, kan sjå bort frå denne fristen, dersom dei har planlagt gjennomføring seinare). I etter kant skal leiarane sjølve planlegge gjennomføring av medarbeidarsamtale systematis (årleg) på sin arbeidsplass. Ansvar Leiarar. Resultat- Alle tilsette i Gaular kommune skal få tilbod om medarbeidarsamtale krav

2. Styrkje leiarane i Gaular kommune på arbeidet med å skape eit inkluderande Arbeidsliv. a. Vere aktiv med tilrettelegging for personar med redusert funksjonsevne (mellombels eller varig og vere open for at Gaular kommune er ein arbeidsplass mht tilrettelegging, omplassering og utprøving. b. Ingen personar under 50 år skal bli uføretrygda i år 2008. c. Tilsette minst ein arbeidstakar som ynskjer tilbake til arbeid frå ein uførepensjon. Vere open for samarbeid med NAV. Overordna Oppgåve: Mål Tiltak Tid Ansvar Resultatkrav Vere aktiv med tilrettelegging for personar med redusert funksjonsevne (mellombels eller varig) og vere open for tilrettelegging, omplassering og utprøving i heile kommunen. Tilrettelegging og tidleg avklaring Trekantmøte (lege, leiar, sjukmeld). Løfte saka (attføringsutval) for å få vurdert arbeid annan stad i kommunen Det må registrerast og utarbeidast statistikk over utviklinga i ant. personar med redusert funksjonsevne. Kontinuerleg Leiarar som opplever utfordring i å legge til rette for tilsett 100% av saker der det er fare for at tilsette ikkje meistrar å komme attende i stillinga si, skal drøftast av fleire enn næraste leiar og den saka gjeld, innan 6 mnd. Dette gjeld også graderte sjukmeldingar. Overordna Ingen tilsette under 50 år skal bli uføretrygda i år 2008 Oppgåve: Mål Ingen tilsette under 50 år skal bli uføretrygda i år 2007 Tiltak Trekantmøte (lege, leiar, sjukmeld). Løfte saka (til attføringsutval?) for å få vurdert arbeid annan stad i kommunen Samarbeide med NAV Tid Kontinuerleg Ansvar Leiarar som opplever utfordring i å legge til rette for tilsett Resultat- 100% av saker der det er fare for at tilsette ikkje meistrar å komme attende i krav stillinga si, skal drøftast av fleire enn næraste leiar og den saka gjeld, innan 6 mnd. Overordna Oppgåve: Mål Tiltak Tid Ansvar Resultatkrav Vere ei verksemd som er open for at personar som står utanfor arbeidslivet skal få prøve seg i arbeid Rekruttere arbeidstakar som står utanfor arbeidslivet Samarbeide med NAV i høve til aktuelle personar, i høve til arbeidstrening, arbeid med trygd Kontinuerleg. Kontor- og personalsjef og IA-gruppa Tilsette minst ein arbeidstakar som ynskjer tilbake til arbeid frå ein uførepensjon

3. Gaular kommune skal verte ein betre arbeidsplass å arbeide i a. Ta vare på seniormedarbeidarar som ynskjer å stå i arbeid Overordna Oppgåve: Mål Tiltak Tid Ansvar Resultat- Ta vare på seniormedarbeidarar som ynskjer å stå i arbeid Tilby medarbeidarsamtale m/livsfaseperspektiv til tilsette. Utarbeide mal for samtale. Gjennomføre samtale Utarbeide retningslinjer for livsfasepolitikk. Det må registrerast og utarbeidast statestikkar over utviklinga av pensjoneringsalderen i kommunen. Retnignslinjer for livsfasepolitikk skal innførast våren-08. Leiarar. Alle tilsette over 50 år skal få tilbod om medarbeidarsamtale m/livsfaseperspektiv. (Når retningslinjer for livsfasepolitikk er vedtekne). Sjå også dei lokale målsettingar og handlingsplan for Dykkar arbeidsplass.

Aktiv/ gradert sjukmelding og funksjonsevne Funksjon er eit begrep som det skal setjast fokus på. Dersom du som arbeidstakar ikkje har helse til å møte på arbeid i det heile, kan du ta dette opp med din næraste overordna. Dersom det er slik at du kan utføre delar av arbeidet ditt arbeide i eit saktare tempo, utføre andre oppgåver på arbeidsplassen din, kan det vere aktuelt å gå inn i ein aktiv sjukmelding/ gradert sjukmelding. Aktiv sjukmelding kan no aktiverast frå fyrste fråversdag. Aktiv sjukmelding føreset dialog om tilrettelegging. Det betyr at når du tek kontakt med næraste overordna for å melde frå om fråværet, skal du seie noko om forventa lengde på fråværet. Dersom situasjonen tilseier det, vil næraste overordna ta kontakt innan 6 dagar og spørje om det kan vere aktuelt å komme attende på arbeid, delvis gjennom ordninga aktiv sjukmelding. Dykk kan diskutere reduksjon i arbeidstid eller om det er moglegheit å utføre andre typar arbeid. Dette skal avtalast mellom dykk og næraste overordna, og det er dykk i lag som utløyser den aktive sjukmeldinga.

Arbeidsgjevar sitt ansvar Arbeidsgjevar har hovudansvaret for tilrettelegging og oppfølging av sjukmelde på arbeidsplassen. Endringar i arbeidsmiljølova og folketrygdlova frå 1. mars 2007 forsterkar dette ansvaret. Gaular kommune vil som følgje av dette, stille auka krav til meir aktivitetsorienterte tiltak tidlegare i sjukmeldingsperioden. Moglegheita for kontroll og sanksjonar har som følgje av lovendringane også vorte større. Arbeidstakar og lege har også fått større medverknadsplikt. Arbeidsgjevar og arbeidstakar skal tidlegast mogleg leite etter løysingar som gjer det mogleg å vere heilt eller delvis i arbeid. Dersom det er nødvendig med sjukmelding, skal lege / sjukmeldar alltid vurdere deltidssjukmelding framfor fulltidssjukmelding. Den einskilde leiar skal følgje opp den einskilde sjukmelde på eit tidleg tidspunkt. Ved å halde tidleg og god kontakt, veit vi at det i einskilde høve vil vere lettare for den som er sjukmeld å komme attende i arbeid. Kontinuerleg oppfølging er viktig. Næraste overordna skal ta initiativ til å bidra positivt til dialog og samarbeid med arbeidstakaren. Dialogen er grunnlag for oppfølging av den einskilde sjukmelde og iverksetting av tiltak for at vedkommande skal vere i eller komme attende til arbeid. Saman med den sjukmelde skal leiaren utarbeide ein individuell oppfølgingsplan. Leiaren skal i samarbeid med eldre arbeidstakarar freiste å finne fram til tiltak slik at dei ønskjer å fortsette i arbeid framføre tidleg pensjon. Leiaren skal sjå etter løysingar både i eigen avdeling og undersøke moglegheiter i andre avdelingar før det vert teke kontakt med etatsjef/ kontor- og personalsjef for vidare handsaming. Verksemda skal føre fråværsstatistikk og ha rutiner som gjev oversikt antal personar innan ulike tiltak i høve til samarbeidsavtalen sine mål, samt kommunen sine eigne mål. Leiaren må vere omsorgsfull ynksje å hjelpe den tilsette. Han må legge til rette for tidleg kontakt med den tilsette og at det vert opplevd som meiningsfult å vere i dialog. Leiar må vere tydeleg på at IA-avtalen også forpliktar den tilsette. Leiar må vise i handling at rutinane vert etterlevd, for det er berre då IA-avtalen har effekt.

Dette betyr at arbeidsgjevar skal: Arbeide systematisk for å forebygge sjukdom og skade og tilrettelegge arbeidet for den sjukmelde, eventuelt finne nye oppgåver. Følgje opp tilsette i løpet av og i etterkant av ein sjukdomsperiode. I samarbeid med arbeidstakar utarbeide ein oppfølgingsplan for tilbakeføring til arbeid, som skal vere ferdig seinast når arbeidstakar har heilt eller delvis vore borte frå arbeid i 6 veker. Kopi av denne skal arbeidsgjevar sende til NAV- Gaular. Kalle inn arbeidstakar til dialogmøte om innhaldet i oppfølgingsplanen, seinast innan 12 veker etter at arbeidstakar har vore heilt sjukmeldt frå arbeidet. Lege / sjukmeld kan delta dersom arbeidstakar ønskjer det. Dialogmøtet skal haldast på arbeidsplassen, eventuelt på legekontoret. Innkalling må sendast i god tid. Skriftleg melding frå møtet skal sendast til NAV-kontoret. Melde frå om eventuelle behov for virkemidlar og tenester frå Arbeids- og velferdsetaten. Delta på dialogmøtet NAV-kontoret kallar inn til, dersom sjukefråveret varer i 6 månader. Både arbeidstakar og arbeidsgjevar er pliktig til å delta, lege/ sjukmeldar og anna helsepersonell skal delta dersom det er hensiktsmessig. Leiar må dele æra for måloppnåing med dei tilsette. Målretta arbeid må gje gevinst. Eit minimum må vere at måloppnåing vert kommunisert til dei tilsette.

Leiar må sørge for tett oppfølging av måloppnåing. Sørge for kvartalsvis rapportering av målbare resultat (same målemetode over tid samanliknbare tal) og at rapporteringa vert følgd opp, også av toppleiinga.

Arbeidstakaren sitt ansvar Arbeidstakaren skal bidra aktivt og positivt til dialog med næraste overordna om eigen funksjonsevne og nødvendige tiltak for å vere i eller komme attende i arbeid. Ved fråvære skal vedkommande: Tidlegast mogleg samarbeide med arbeidsgjevar om å finne løysingar som hindrar full sjukmelding Straks melde frå til næraste overordna Opplyse om forventa lengd på fråværet Opplyse om det praktiske ting på arbeidsplassen som må ordnast i høve til at ein kan møte på arbeid Levere eigenmelding eller sjukmelding snarast råd Opplyse om fråværet er relatert til arbeidssituasjonen Opplyse om eigen funksjonsevne og moglege tiltak for å komme attende i heil- eller deltidsstilling Dersom delvis arbeidsevne, vere innstilt på å gjere andre oppgåver/ vurdere positivt om det er andre oppgåver på arbeidsplassen som det er mogleg å gå inn i medan den vert nytta aktiv sjukmelding/ gradert sjukmelding Delta på bedriftsinterne tiltak som kan bidra til heil eller delvis tilbakeføring til arbeid Delta på dialogmøter Vere aktivt med i utarbeiding av eigen oppfølgingsplan

Gaular kommune sin kontaktperson sitt ansvar Verksemda har ein fast kontaktperson i Trygdeetatens Arbeidslivssenter; Reni Herland. Kontaktpersonen skal: Gje rettleiing når verksemda opplever ei sak som vanskeleg Sørge for at økonomiske verkemiddel vert utløyst raskt og effektivt på bakgrunn av skriftleg dokumentasjon Bistå verksemda med utviklingstiltak som støttar opp om samarbeidsavtalen Tilby statistikk over sjukefråvære frå sentral sjukefråværsstatistikk Samarbeide med verksemda si bedrifthelseteneste gjennom verksemda sin kontaktperson.

NAV-Gaular sitt ansvar: Skal innhente oppfølgingsplanen seinast etter 12 veker, dersom arbeidstakaren framleis er sjukmeld. NAV-kontoret skal be om oppfølgingsplanen etter 6 veker, dersom ikkje arbeidsgjevar har sendt kopi av denne. Tidlegast mogleg vurdere behov for virkemidlar frå Arbeids- og velferdsetaten, også yrkesretta attføring dersom det ikkje er moglegheit for bedriftsintern attføring. Denne moglegheita skal vurderast på nytt seinast ved utløpet av sjukepengeperioden, som er 1 år. Sørgje for dialogmøte mellom den sjukmelde arbeidstakar og arbeidsgjevar seinast etter 6 månaders sjukmelding, med unntak når det er openbart unødvendig. Lege eller anna helsepersonell skal delta dersom det er hensiktsmessig.

Lege / sjukmeldar sine oppgåver: Motivere, stimulere og gje tryggleik for aktivitet på arbeidsplassen når det er medisinsk forsvarleg. Vurdere gradert (dvs. deltids) sjukmelding før full sjukmelding. Vurdere om det er tungtvegande, medisinske grunnar til at arbeidsrelatert aktivitet ikkje er mogleg. Delta på dialogmøtet som, skal foregå seinast etter 12 veker, dersom arbeidstakar ønskjer det. Dersom det er hensiktsmessig, delta på dialogmøtet som NAV-kontoret kallar inn til dersom sjukefråværet har vart i 6 månader. Uttale seg innafor dei rammene som teieplikta legg. Tillitsvalde og verneombod skal: Bidra til å gjere sjukefråversarbeidet til ein integrert del av HMT-arbeidet. Når det er hensiktsmessig, gje arbeidstakarane råd og rettleiing og hjelpe arbeidstakar i dialogen med arbeidsgjevar og andre. Kan delta på dialogmøtet når arbeidstakaren ønskjer det.

Arbeidstilsynet skal: Rettleie og føre tilsyn med at verksemder driv eit systematisk helse- miljø- og tryggleiksarbeid som hindrar at tilhøva ved arbeidet eller arbeidsplassen fører til sjukdom eller skade. Føre tilsyn med at arbeidsgjevar har ein plan for oppfølging og tilrettelegging for langtidssjukmelde og kontrollere at dei faktisk gjennomfører dette. Føre tilsyn med at dei verksemder som er pålagt bedriftshelseteneste har dette og nyttar denne på ein hensiktsmessig måte (i Gaular: tilsette ved reinhald og teknisk uteseksjon). Føre tilsyn med at verksemder tilrettelegg arbeidstilhøvet etter den einskilde arbeidstakar sin alder, arbeidsevne osv, slik at sjukdom og skade kan forebyggast lenge før det vert behov for fråvere.

Fråvære og bruk av eigenmelding Frå 01.04.2004 vart det høve til å nytte inntil 8 kalenderdagar pr. fråværstilhøve med eit samla øvre tak på 24 kalenderdagar pr. 12 månaders periode. Denne fleksibiliteten inneber at eigenmelding for eksempel kan nyttast 24 gongar. Ved nytt fråvære innan arbeidsgjevarperioden (16 dagar) reknast tidlegare fråvær med i fråværstilhøve. Oppfølginga vil gå på antall kalenderdagar og ikkje på antall tilhøve. Døme: Sjuk 3 dagar, på arbeid 4 dagar, sjuk 2 dagar = 5 dagar eigenmelding innafor perioden på 16 dagar. Sjuk torsdag, tilbake på arbeid tysdag = 5 dagar eigenmelding (av 24 dagar). Eigenmelding i 4 dagar + direkte over i sjukmelding; alt vart tidlegare då rekna som sjukmeldingsdagar, dvs. ikkje bruk av eigenmeldingsdagar. Dette er no endra slik at dei evt. 4 dagar eigenmelding vert ståande. Eigenmelding i 5 dagar, attende på arbeid, ut i sjukmelding etter perioden på 16 dagar; har nytta 5 eigenmeldingsdagar. For å få rett til å nytte eigenmelding må ein ha vore tilsett i minst 2 månader før ein vert arbeidsufør. Har arbeidstilhøvet vore avbrote, for eksempel ved permittering eller permisjon, i meir enn 14 dagar, kan eigenmelding først nyttast etter at arbeidstakaren igjen har vore i arbeid i to månader.

Eigenmelding kan likevel nyttast når vedk. har vore i arbeid i 4 veker etter avbrotet dersom avbrotet skuldast: a) Bedriftspermittering b) Permisjon etter AML 12-2, 12-3, 12-4, 12-5, 12-9 og 12-10 (svangeskap-, omsorgs-, fødsels-, foreldre-, barn/barnepassars-, pleie av pårørandepermisjon). c) Permisjon etter sjømannslova 13, eller d) Militærteneste- eller sivilteneste. Den einskilde kan lese av på lønsslippen kor mange eigenmeldingsdagar han/ hun har nytta dei siste 12 månader.

VIKTIG TILLEGGSINFORMASJON Etter totalt 52 veker: Løna vert stogga, men du er framleis rekna som tilsett. OBS! Ver merksam på at når du har vore sjukmeld i eitt år, må du vere i arbeid i 6 månader for å opparbeide rett løn under sjukdom. Rehabiliteringspengar må du sjølv søkje om. NAV avgjer om, og innhentar opplysningar, uttale frå lege dersom det er nødvendig. Stønaden vert utbetalt av Folketrygda når du er under medisinsk behandling og det er utsikt til betring av arbeidsevna. Rehabiliteringspengar kan og utbetalast når du får arbeidstrening. Rehabiliteringspengar utgjer ca. 66% av løna. Ved omskulering må det søkjast om yrkesretta attføring, og vurderast attføringspengar. Uførepensjon vert utbetalt frå KLP og vert samordna med ytingar frå Folketrygda. Tilsette i grunnskulen får utbetalt uførepensjon frå Statens Pensjonskasse. Du får tilsendt søknadsskjema frå arbeidsgjevar. For å få uførepensjon frå Statens Pensjonskasse må du ha vore fast tilsett i 2 år. OBS! Søknad om uførepensjon må sendast 4 månader før sjukmeldingsperioden går ut. Du vil få tilsendt søknadsskjema frå arbeidsgjevar. Uførepensjonen frå Folketrygda kan ein få når arbeidsevna er varig nedsett med minst 50%. Arbeidstakar må sjølv søkje. NAV innhentar evt. opplysningar frå legen. Kva bør vi gjere saman? Det er viktig for den som er sjukmeld å vite at han eller ho framleis er ein del av fellesskapet. Har du tenkt på kva du kan gjere i ein slik samanheng? Det er ikkje så mykje som skal til vi kan ta ein telefon, sende ei blomsterhelsing, eller kva med eit besøk

Rutinar for oppfølging av sjukmelde i Gaular kommune: Når Kva skal gjerast Kven har ansvaret Første fråværsdag Innan 6. fråværsdag Innan 8 dagar fråvær Melde ifrå til næraste leiar om Forventa fråværslengde Praktiske ting som må ordnast Samtale mellom næraste leiar og arbeidstakar Korleis går det? Behov for tilrettelegging? Aktuelt med aktiv sjukmelding 1? Praktisk bistand? Levere eigenmelding 2 til næraste leiar Arbeidstakar Næraste leiar Arbeidstakar Innan 14 dagar fråvær Sjukefråværssamtale med fokus på funksjonen til den sjukmelde. Innan 6 veker fråvær Utarbeide individuell oppfølgingsplan 3 Bortsett frå i dei høve der det er åpenbart unødvendig (for eksempel i tilfeller der det er klart at arbeidstakar kan komme attende i arbeid utan tilrettelegging, eller når arbeidstakar høgst sannsynleg ikkje vil vere i stand til å komme attende i arbeid). Innan 8 veker fråvær Det skal fyllast ut utvida legeerklæring. Det må dokumenterast dersom det føreligg tungtvegande, medisinske grunnar som hindrar aktivitet. Etter seinast 12 veker fråvær Det skal kallast inn til dialogmøte, der også lege eller anna helsepersonell skal delta dersom arbeidstakar ønskjer det. Bedrifthelsetenesta ska vere med( for dei dette gjeld, reinhald, teknisk uteseksjon). Nav-kontoret skal innhente (evt. revidert) oppfølgingsplan og motta skriftleg melding frå møtet. Innan 6 månaders sjukmelding Dialogmøte med fokus på tilretteleggings- og omplasseringsmoglegheiter i kommunen. Næraste leiar Er det kryssa av for yrkesrelatert sjukdom på sjukmeldinga, skal dette rapporterast til AMU. Næraste leiar og arbeidstakar Kopi av oppfølgingsplan skal sendast til AMU gjennom NAV-Gaular. Den tilsette sin lege Arbeidsgjevar. Kopi av oppfølgingsplan skal sendast til AMU gjennom NAV-Gaular. NAV- Gaular kallar inn arbeidstakar og arbeidsgjevar til nytt dialogmøte. Alle partar har møteplikt. Lege elle anna helsepersonell skal delta dersom det er 1 Sjå vedlegget; Utkast til Aktiv sjukmelding for Gaular kommune 2 Sjå vedlegget; Utkast til Eigenmelding for Gaular kommune 3 Sjå vedlegget; Utkast til Individuell oppfølgingsplan for Gaular kommune

Etter seinast 1 år fråvere (maxtid for sjukmelding/ sjukepengar) NAV-kontoret skal vurdere om det kan vere aktuelt med yrkesretta attføring. Ny vurdering av rettar og behov for tiltak, for eksempel yrkesretta attføring. hensiktsmessig. Andre aktuelle møtedeltakarar: Lege Trygdeetaten Aetat Bedriftshelseteneste Verneombod Tillitsvald Andre støttespelarar for den sjukmelde (familie, etc.) NAV-Gaular Oppfølging av korttidsfråvære ved eigenmelding: Etter 12 kalenderdagar med eigenmelding i ein periode på Vurdere om det skal innkallast til samtale med den tilsette og ta opp: 12 månader. Skuldast fråværet forhold på arbeidsplassen? Kan arbeidsplassen gjere noko for hjelpe den tilsette? Er det aktuelt å søkje om fritak for arbeidsgjevarperioden (kronisk / varig sjukdom) Næraste leiar Arbeidstakar har plikt til å levere sjukmelding frå lege til næraste leiar så raskt som råd, og helst same dag sjukmeldinga gjeld frå. Presisering i høve tidsfristar, roller og oppgåver leiar- lege - tilsett : * 6 veker: Arbeidsgjevar og arbeidstakar skal utarbeide individuell oppfølgingsplan. Arbeidet bør/må starte før. * 8 veker: Krav til aktivitet (krav at legen vurderer) * 12 veker: Dialogmøte mellom arb.gj og arb.takar, lege og Nav bistår ved behov. * 26 veker: Dialogmøte mellom arb.gj. og arb.takar, NAV er ansvarleg for innkalling, lege bør vere med. Retningslinjer for dialogmøte der legane deltek: * Legane treng 2-3 veker varsel før møtet skal haldast * Det kan nyttast e-post for å avtale møtet (e-postadresser fylgjer som vedlegg) * Møtet skal fortrinnsvis haldast på møterommet i GBS, 3. etg. Legane bookar møterommet. * Tidsramma for møte er sett til ½ time, kan utvidast til 1 time ved særskilte behov. * Legane må gjerne nytte open gradering på sjukmeldingane. Det vert då meir opp til arbeidstakar og arbeidsgjevar å gjere konkrete og tilpassa avtaler. * Legane må i størst mogeleg grad skildre funksjonsevne på vurderingsblanketten. *Legane må ta konkret stilling til om det er tungtvegande medisinske eller behandlingsmesige årsaker til at arbeidstakar ikkje kan vere i arbeidsrelatert aktivitet (pkt 2.11.1 på vurderinga) * Sjukmelde skal oppfordrast til å ta oppfølgingsplanen med til legen, og legen skal i større grad etterspørje denne ved konsultasjon.

Sjukefråversoppføling Virkemidlar og Tiltak. Gradert sjukmelding: Skal nyttast dersom den sjukmelde kan utføre delar av sine vanlege arbeidsoppgåver, enten ved å arbeide redusert tid eller ved å bruke lenger tid på å utføre arbeidsoppgåvene. Aktiv sjukmelding: Inneber at den sjukmelde er i aktivisering/ arbeidstrening på arbeidsplassen. Gaular kommune har høve til å starte aktiv sjukmelding utan førehandsgodkjenning frå NAV. Tilretteleggingstilskot: kan gjevast til arbeidsgjevar som kompensasjon for meirutgifter / meirinnsats i samband med nødvendig tilrettelegging, utprøving og opplæring i nye arbeidsoppgåver, eller praktisk hjelp som arbeidstakaren har behov for. Honorar til Bedriftshelseteneste: Gaular kommune kan heilt eller delvis få refundert utgiftene til bruk av bedrifthelsetenestene frå NAV. Dette forutset at BHT sitt arbeid bidreg til at arbeidstakarar kan unngå sjukmelding eller dersom sjukmelde eller personar med redusert arbeidsevne tilbakeførast i arbeid. Reisetilskot: kan gjevast til tilsette som har behov for transport til/ frå arbeidsstaden på grunn av helseplager. Reisetilskot kan gjevast i staden for sjukepengar eller rehabiliteringspengar. Arbeidsplassvurdering: kan gjerast av fysioterapeut eller ergoterapeut som ved besøk på den einskilde arbeidsplass vurderer moglege tilretteleggingstiltak som kan føre til at sjukmelding kan unngåast eller at den til sette kan ta til i arbeidet igjen heilt eller delvis. Hjelpemidlar på arbeidsplassen: Dersom arbeidstakaren treng spesielle hjelpemidlar for å meistre arbeidet sitt, kan han/ho søkje NAV om økonomisk støtte til dette. Unntak frå arbeidsgjevarperioden: Ein arbeidsgjevar kan søkje om unntak frå ansvaret for å betale sjukepengar i arbeidsgjevarperioden. Dette gjeld ved svangerskapsrelatert sjukefråvere eller langvarig / kronisk sjukdom hos arbeidstakar.

Yrkesretta attføring: Kan gjevast i samband med skule, kurs, hospitering, arbeidstrening m.m. for at arbeidstakaren skal kunne komme i arbeid. Virkemidlet kan nyttast allereie i sjukepengeperioden. Svangerskapspengar: Kan gjevast til gravide arbeidstakarar som har ein arbeidssituasjon som kan medføre risiko for fosterskader og kor omplassering til anna arbeid ikkje er mogleg. Frå og med 1. mars 2007 kan tilretteleggingstilskot nyttast også til kjøp av gjenstander eller arbeidshjelpemidlar dersom gjenstader/ arbeidshjelpemidlar ikkje kan dekkjast etter folketrygdlova 10-5. Dermed vil også arbeidstakarar som ikkje fyller vilkår om varig sjukdom, skade eller lyte få tilgang på hensiktsmessig utstyr og arbeidshjelpemidlane vil kunne nyttast førebyggande. Stønaden er avgrensa til utstyr som den einskilde arbeidstakar kan ta med seg i samband med flytting til andre arbeidsoppgåer i verksemda, og kan også innvilgast til ombygging av maskiner eller tilpasning av arbeidsstasjonen (løfte/ heve bord m.v.). Tilskotet kan ikkje nyttast til større bygningsmessige endringar. Utviklingstiltak: Tilretteleggingstilskotet kan også ytast til arbeidsgjevarar som ønskjer å utføre særskilte utviklingstiltak i verksemder/ einingar for å førebygge sjukefråvere og som underbyggjer delmåla i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv. Konkrete eksemplar kan vere kurs, som opplæring av aktuelle tilsette i korleis utstyr på arbeidsplassen skal nyttast for å unngå belastningar ved tunge løft. I dette konkrete tilfelle vil det vere aktuelt å støtte kursdeltakinga. Dersom 20 arbeidstakarar deltek på kurs i 1 dag, vil dette kunne gje støtte med 20xordinær dagsats (kr. 290,-)= kr. 5800,- Det vil også kunne gje tilskot til å skaffe hjelpemidlar som kan nyttast av fleire arbeidstakarar. Maks beløp kr. 34.800,- (tilsv. stønadsperiode på 12 veker ganger forhøga dagsats til hjelpemiddeltilskotet, dvs. kr. 580,- x 60. Kjøp av tenester ved lettare psykiske lidingar: NAV kan kjøpe utgreiing og behandling for tilsette som er sjukmelde for ovannemnde lidingar. Målet er rask behandling og kome raskare tilbake i arbeid. Tilbodet gjeld poliklinisk utgreiing og korttidsbehandling hjå psykolog eller psykiater. For samansette lidingar vil behandling ofte vere knytt til meir tverrfaglege behandlingsteam. Raskare tilbake kjøp av helsetenester: Det er viktig at legane og leiarar informerer sine tilsette om dette. Kontakt NAV ved spørsmål og behov.