Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE



Like dokumenter
JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 2/13 12/824 DELEGERINGSREGLEMENT FOR BALESTRAND KOMMUNE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Kommunen sin lønspolitikk må vere konkurransedyktig, og ta omsyn til den arbeidsmarknaden og dei behov kommunen til ei kvar tid har.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Innkalling til Administrasjonsutvalet

Arbeidsreglement Sund kommune

STILLINGSSTRUKTUR - RULLERING

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Selje kommune. Møtebok. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunehuset 3. etasje Dato: Tid: Kl. 09:00-10:45

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

RULLERING AV STILLINGSSTRUKTUR

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12:00 13:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

AVTALE MELLOM SPELEREGLAR FOR PROSESS FOR DRIFTSTILPASSING

Selje kommune. Innkalling. Sakliste. Møteleiar: Jan Vidar Smenes

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

SOGNDAL KOMMUNE. Tilsetjingsreglement. Revidert i administrasjonsutvalet den , skal 2/12

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Administrasjonsutvalet Møtestad Gloppen heradshus Dato Tid Kl. 08:30-09:40

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SELJE KOMMUNE Administrasjonsutvalet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 12: Møtested: Kommunehuset, 3 etg. Saksnr.

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Lillian Levang Medlem FAG

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Formannskapet. Sakliste

Fylgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerer Olav Gisle Noraberg Leiar AP Tone Irgens Veum Medlem SP Anne Mette Hjort-Jensen Medlem

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Arbeidsreglement. Tilsetjing. Arbeidsavtale. Legeattest

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Side 2 av 10 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 004/ /1272 Faste saker 005/ /1210 Arbeidstid og sp

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn.

Vedteke i kommunestyret som sak 74/16.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ADMINISTRASJONSUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET MØTEBOK

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

Kapittel 1: Overordnede mål og prinsipper

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Odd Arne Folkestad Medlem FRP Sirikit Vågen Medlem Utdanningsforbundet

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

A R B E I D S REGLEMENT

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Forfall: Namn Funksjon Representerer Arne Prestbø Medlem H. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Terje Træet Arne Prestbø H

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Ullensvang herad. Møteinnkalling Administrasjonsutvalet

Ullensvang herad. Møteinnkalling Administrasjonsutvalet

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

SENIORPOLITISK PLAN SAMNANGER KOMMUNE. Vedteken av kommunestyret Ajourført

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKSLISTE

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset - formannskapssalen Møtedato:

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 19/12 26/12

2 av 9 kartleggja arbeidsmiljøet for tilsette i alle einingar i kommunen. Ramsli bad om at dei tillitsvalde prøver å oppmoda tilsette til å svara på u

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Austevoll kommune. Innkalling Råd for menneske med nedsett funksjonsevne. Sakliste

Samnanger kommune Møteprotokoll

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Reglement for administrasjonsutvalet. Vedteke av kommunestyret , sak K-13/110

2 of 12 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 008/ /1175 Faste saker 009/ /1152 Statistikk over sjuke

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Aurland kommune Rådmannen

Transkript:

Austevoll kommune MØTEINNKALLING Utval: ADMINISTRASJONSUTVAL Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Møtedato: 12.02.2013 Kl. 14.30 Eventuelt forfall skal meldast til tlf. 55 08 10 00 Offentleg servicekontor. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling frå administrasjonen. Møte er ope for tilhøyrarar. Saksdokument er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Offentleg servicekontor. SAKLISTE Sak nr. Saktittel 001/13 Godkjenning møtebok administrasjonsutvalet 18.01.2012 002/13 Revisjon av lønspolitiske retningsliner - lokal lønspolitikk for Austevoll kommune 003/13 Reglement for påskjøning/gåver til tilsette 004/13 Rapport for sjukefråvær 3. kvartal 2012 Storebø, 5. februar 2013 Helge Andre Njåstad Leiar Side 1 av1

SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 001/13 ADMINISTRASJONSUTV 12.02.2013 Astrid Norunn AL Fagerbakke Arkivsaknr. 13/185 Arkiv: FE-033 Godkjenning møtebok administrasjonsutvalet 18.01.2012 Tilråding frå rådmannen: Møteboka frå møte i administrasjonsutvalet 18.01.2012 vert godkjent slik ho ligg føre. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 23.01.2012 Møteprotokoll administrasjonsutvalet 18.01.2012 Bakgrunn for saka: Møteboka er lagt ut på heimesida www.austevoll.kommune.no. Vurdering:

Austevoll kommune Møteprotokoll ADMINISTRASJONSUTVAL Møtedato: 18.01.2012 Møtetid: Kl. 15:00 17.00 Møtestad: KOMMUNESTYRESALEN Saksnr.: 001/12-004/12 Følgjande medlemmer møtte Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Helge Andre Njåstad Frp Edvard Johs. Stangeland Sp Frå arbeidstakarorganisasjonane: Ove Fagerbakke og Karen Kvinge Forfall Julie Eide Solbakken Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Merknader: Innkalling Parti H Helge Andre Njåstad Rådmann Rolf Nøstdal og spesialrådgjevar Arve E. Sunde Skriv frå Fagforbundet nytt pkt. under referatsakene Ingen merknader Ingen merknader Helge Andre Njåstad Edvard Johs. Stangeland Ove Fagerbakke Leiar Karen Kvinge

Sakliste Sak nr. Saktittel 001/12 Referatsaker 002/12 Administrasjonsutvalet - ansvar/oppgåver 003/12 Tariffoppgjøret 2012 - debattnotat frå KS 004/12 Rapport for sjukefråvær 3. kvartal 2011

001/12: Referatsaker Handsaming i møtet: Det vart lagt fram melding frå Fagforbundet Austevoll om val av varamedlemer for arbeidstakarrepresentantar i administrasjonsutvalet: Sissel Evy Fondenes, Norsk sykepleierforbund - varamedlem for Karen Kvinge, Fagforbundet Tomas Reikvam, Skolenes landsforbund - varamedlem for Ove Fagerbakke, Utdanningsforbundet Vedtak: Vert lagt ved møteboka. 002/12: Administrasjonsutvalet - ansvar/oppgåver Handsaming i møtet: Administrasjonsutvalet drøfta saka. Ønskjeleg med ope punkt ymse, fast sak på innkalling/saksliste til administrasjonsutvalet. Vedtak: Vert lagt ved møteboka. 003/12: Tariffoppgjøret 2012 - debattnotat frå KS Vedtak: Austevoll kommunestyre har drøfta KS sitt debattnotat for tariffoppgjøret 2012, og vil peika på følgjande område som ein bør ha fokus på:! Den økonomiske ramma i tariffoppgjeret 2012 må ikkje gå utover det som Regjeringa har lagt til grunn.! Minstelønssystemet bør endrast. Det bør vurderast å innføra ei lønsstige/ramme for fagarbeidarar med relevant spesialutdanning/vidareutdanning. Det bør også vera ein jamnare progresjon i lønsrammene etter ansiennitet.! Det bør gjevast auka kompensasjon for helgearbeid som må vera målretta mot endra organisering av helgearbeidet, dvs at det vert stimulert til at fleire påtek seg fleire helgevakter.! Pensjonsordningane for privat og offentleg sektor bør samordnast slik at det vert like konkurransevilkår. Vidare bør det leggjast til rette for at pensjonsordningane for kommunalt tilsette kan ivaretakast gjennom avtale med eitt pensjonsforsikringsselskap. 004/12: Rapport for sjukefråvær 3. kvartal 2011 Vedtak: Rapport for sjukefråvær i 3. kvartal 2011 vert teke til orientering.

SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 002/13 ADMINISTRASJONSUTV 12.02.2013 Arve E. Sunde AL Arkivsaknr. 11/1177 Arkiv: FE- Revisjon av lønspolitiske retningsliner - lokal lønspolitikk for Austevoll kommune Tilråding frå rådmannen: Administrasjonsutvalet legg til grunn at rådmannen føretek mindre justeringar i retningslinene som nemnt i saksutgreiinga. Dei prinsipielle spørsmåla vert å oversenda til einingsleiarane og arbeidstakarorganisasjonane for uttale. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 07.07.2011 Lønspolitiske retningsliner - vedteke i kommunestyret i møte 06.09.2011, sak nr 101/11 Bakgrunn for saka: Gjeldande lønspolitiske retningsliner for Austevoll kommune vart sist vedteke av kommunestyret i september 2011 (sjå vedlegg).

I samband med dei lokale forhandlingane i 2012, vart det i lønspolitisk drøftingsmøte 17.09.2012 m.a. trekt slik konklusjon: Etter drøftingar vart det semje om at det skal setjast i gong ein prosess for revisjon av dei lønspolitiske retningslinene. Noverande retningsliner gjeld inntil vidare. Vurdering: Rådmannen meinar at dei vedtekne lønspolitiske retningslinene har fungert rimeleg godt som styringsverktøy nokre år no. Det vil derfor kanskje ikkje vera behov for dei store endringane. Men nokre justeringar bør gjerast, og det kan sjølvsagt koma innspel frå organisasjonane på andre område enn det rådmannen i utgangspunktet ar festa seg ved. Mindre/redaksjonelle endringar. Mindre justeringar av retningslinene kan gjerast av rådmannen etter drøftingar med dei tillitsvalde. Det som er aktuelt å gjera i så måte er følgjande:! Lønsstruktur for leiargruppene og andre på side 2 må ajourførast fortløpande i forhold til dei organisasjonsendringane/stillingsendringane som vert føreteke.! Funksjonstillegga må justerast slik at dei er i samsvar med resultat av siste lokale forhandlingar. (t.d. nytt funksjonstillegg for dagleg leiar v/sfo) Prinsipielle spørsmål/endringar. I første omgang ønskjer rådmannen ei førebuande diskusjon i administrasjonsutvalet ut frå m.a. desse problemstillingane:! Bør ein av rekrutteringsomsyn stå friare til å forhandle om og fastsetja løn i samband med tilsetjingar, og bør dette i større grad enn no delegerast til rådmannen? I samband med tilsetjingar kjem det frå tid til anna fram spørsmål og krav om høgare løn enn det nivået stillinga i utgangspunktet er plassert på. Spørsmålet kan koma frå søkjarar, den som er tilsett og har fått jobbtilbodet, eller frå einingsleiar som skal tilsetja. Grunngjevinga for slike krav er forskjellig, men det som går igjen er m.a. at ein ikkje ønskjer å gå ned i løn i forhold til det ein har i noverande stilling, eller at ein ønskjer å få noko meir att for særskilt kompetanse. I tillegg kjem det gjerne spørsmål om rekrutteringstillegg i dei tilfella der det er få søkjarar eller vanskeleg å få kvalifiserte søkjarar til ei stilling. I tilsetjingssaker kan det vera nødvendig å føretake raske avgjerder, enten det no vert ja eller nei til eit lønskrav. Erfaring tilseier at en bør klårgjera kva fullmakter rådmannen skal ha i så måte sett i forhold til forhandlingsutvalet sitt mandat. Ei slik klårgjering kan innarbeidast på side 9 under siste avsnitt ved å tilføya ei setning som Rådmannen fastset i slike saker lønsplassering i samband med tilsetting! Bør ein leggja større vekt på at relevant etter/vidareutdanning automatisk skal gje lønsopprykk utover det sentralt fastsette rammelønssystemet (minsteløn)? I dei lønspolitiske retningslinene er det lagt opp til eit system der det etter forhandling kan gjevast lønstillegg for kompetansegjevande etterutdanning som ikkje gjev seg utslag i automatisk endring av lønsramme. Det kan t.d. vera ein spesialsjukepleiar som ligg i lønsramme D (3+1 års utd), og som i tillegg gjerne på eige initiativ har teke ytterlegare 1 år spesialutdanning, og som er høgst relevant for den stillinga ein har eller skal gå inn i. I dag har vi innarbeidd som praksis at ein ufaglært som tek relevant fagutdanning får fagarbeidarløn i lønsramme B. Ein fagarbeidar som tek tilleggsutdanning får ikkje automatisk opprykk til ny lønsramme. Men vi har praktisert at ein fagarbeidar som t.d. tek høgskuleutdanning som sjukepleiar innan pleie- og

omsorg vert tilsett som sjukepleiar med sjukepleiarløn. Ein sjukepleiar som tek 1. års relevant spesialutdanning får også automatisk opprykk til lønsramme D. Ved dei siste lokale forhandlingane hausten 2012, vart det gjeve ein del kompetansetillegg (realkompetanse/formalkompetanse) som personlege lønstillegg både for fagarbeidarar og tilsette med høgare utdanning.! Bør prinsippet om kompetanseløn slik ein har for undervisningspersonalet i større grad gjennomførast for andre kommunalt tilsette? Undervisningspersonale har som kjent eit gjennomført kompetanselønsprinsipp der ein får løn etter formell utdanning. For anna kommunalt personale er det i utgangspunktet kompetansekravet til stillinga som er avgjerande, og her vil både realkompetanse og formalkompetanse ha innverknad. Det betyr at ein person utan høgskuleutdanning, men med realkompetanse (praksis), kan få løn etter høgskuleramme C. Men det kan og i teorien skje at ein person med mastergrad eller tilsvarande vert løna i lønsramme C eller D, fordi det ikkje er stilt krav om mastergrad i utlysinga. Eller også at ein sjukepleiar/spesialsjukepleiar i legesekretærstilling vert løna som fagarbeidar i lønsramme B, slik vi har praktisert det i Austevoll.! Er bruken av funksjonstillegg hensiktsmessig? Funksjonstillegg vert som kjent gjeve som lønskompensasjon til tilsette som tek på seg (vert pålagt) meiransvar/meiroppgåver utover det andre tilsette i tilsvarande stillingar til vanleg har. Nokre funksjonstillegg er avtalt sentralt. Nokre er lokale, og nokre er ein kombinasjon. Undervisningspersonale har i ei sentral forbundsvis særavtale SFS 2213 avtale om godtgjering for ansvar/oppgåve som kontaktlærar (min kr 10.000 pr år), og for oppgåva som rådgjevar/sosiallærar (min kr 12.000 pr år). Godtgjøring for lokalt oppretta funksjoner, herunder samlingsstyrar, IKT - rettleiar, teamleiar mv vert fastsett lokalt. I utgangspunktet ligg det til arbeidsgjevar sin styringsrett å fordela ansvar og arbeidsoppgåver, og det kan ofte vera rimeleg å knyta noko av dette til ein slik lønskompensasjon som funksjonstillegga representerar. Men det har også vore situasjonar der det kan sjå ut som om slike tillegg verkar mot si hensikt og svekkar fleksibiliteten m.o.t. endringar. Det er også eit spørsmål om ein tilsett einsidig kan sei frå seg ein funksjon - dvs ein arbeidsoppgåve - fordi ein meinar at funksjonstillegget ikkje er stort nok. Eller at ein ikkje vil ta på seg ei anna oppgåve fordi funksjonstillegget er lågare enn det ein har, - eller ein mister det tilegget ein har.! Resultatløn skal ein opna for større grad av individuell lønsfastsetting for leiarar og ev andre tilsette, ut frå oppsette resultatkrav og ev ei skjønsmessig vurdering av dugleik? I samband med nytilsettingar har det frå tid til anna vore fastsett ein begynnarløn, men med lovnad om eit lønsopprykk i løpet av 6 12 månader, dersom ein nytilsett viser at ein fyller stillinga på ein god måte. Dette gjeld i hovudsak leiarstillingar og andre spesielle stillingar med direkte/personleg lønsplassering. Dette prinsippet ønskjer rådmannen å få innarbeidd i retningslinene som ein del av den lokale lønspolitikken for denne type stillingar.

Austevoll kommune Lønspolitiske retningsliner Ajourført/vedteke av kommunestyret i møte 06.09.2011 sak nr 101/11 Innleiing: Dei siste åra har det vore ei utvikling i retning av at lokal lønsdanning i kommunane får auka betydning. Lønssystemet er avhengig av at dei lokale partane har ein eigen lønspolitikk. Den enkelte kommune skal med utgangspunkt i oppgåver, personalsituasjon og budsjett utarbeide ein gjeldande lønspolitikk. Partane lokalt skal bli einige om korleis lønssystemet skal brukast, og kva lønsmessige tiltak som er naudsynte for å nå verksemda sine mål. Partane er einige om at føremålet med å utarbeide ein lønspolitisk plan må vere at prosessen fører fram til løysingar ein er samde om, og som seinare kan vere til nytte ved lokale lønsfastsetjingar. Når planen vert rullert, skal partane verte einige om ei felles retning/hovudprioritering for lønsjusteringar. Planen skal vise vei for lønsutviklinga i kommunen, samstundes vil kommunen sin økonomiske situasjon avgjera når me er i mål med planen. Tidlegare framforhandla funksjonstillegg er og teke med i planen, desse er tydeleg markert i teksten. Målsetjing: Planen skal gjere kommunen betre i stand til å nytte løn som virkemiddel for å nå vedtekne mål. Den skal gje føringar for den lokale lønsfastsetting, inkludert dei lokale forhandlingane. Den skal føre til auka forståing og aksept mellom partane. Planen skal vere eit verkemiddel for å rekruttera og behalde nødvendig kompetanse i alle delar av verksemda. Syta for at me har ein lønspolitikk som gjer det attraktivt å søkja stillingar i kommunen og motivera til kompetanseutvikling. Den skal og sikre lik løn for likt arbeid uavhengig av kjønn eller andre utanforliggande forhold. Planen skal fremje kommunen som serviceinstitusjon og ivareta følgjande verdiar:! Fokus på brukaren! Service! Samarbeid! Openheit Austevoll kommune sin overordna lønspolitikk gjeld alle tilsette i faste stillingar og engasjement utover 6 månader.

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 2 av 9 Lønsstruktur i ulike leiargrupper: LEIARGRUPPE 1 Rådmann Skulesjef Helse- og sosialsjef Økonomisjef LEIARGRUPPE 2! Rektorar (6)! Pleie- og omsorgsleiar! Avdelingssjukepleiarar (3)! Avdelingsleiar Eidsbøen bufellesskap! Leiande helsesøster! Leiar offentleg servicekontor! Bibliotekssjef! Brannsjef! Barnevernsleiar! NAV-leiar! Leiande kommunefysioterapeut! Leiar PPT! Kommunelege/ kontorleiar legekontor (2)! Leiar for psykiatrisk sjukepleiarteneste LEIARGRUPPE 3/ANDRE (Leiarfunksjonar knytt til fagansvar m.v.) Gruppe 3A: Jordmor Spesialrådgjevarar (3) Rådgjevar (helse- og sosial) Kommunelege (2) Gruppe 3B Kjøkkensjef PO Pedagogisk konsulent Ass.avd.leiar Eidsbøen bufellesskap Nestleiar OSK Undervisningsinspektørar (2) Leiar SFO Kommunefysioterapeut IKT-medarbeidar/sakshandsamar Kontaktsjukepleiarar PO (6) Leiar stab/fagutviklar PO FORHANDLINGSREGIME Forhandlingar etter HTA 3.4.1 FORHANDLINGSREGIME Forhandlingar etter HTA 3.4.2 FORHANDLINGSREGIME Stillingar under gruppe 3 A: Forhandlingar etter HTA kap. 5, pkt. 5.2 Stillingar under gruppe 3 B: Forhandlingar etter HTA kap. 4, pkt. 4.A.1/ Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 3 av 9 LEIARGRUPPE 1: Rådmannen skal som hovudregel vere høgast løna i kommunen. Etatssjefane skal som hovudregel vere høgare løna enn leiarar i gruppe 2. LEIARGRUPPE 2 & 3: Leiarar på same nivå og med same ansvar skal i utgangspunktet lønast likt. Leiarar skal som hovudregel lønast høgare enn tilsette dei er leiar for. Det kan likevel oppstå tilfelle der den underordna er høgare løna enn leiaren, for eksempel på grunn av spesialutdanning/spesialkompetanse eller rekrutteringsmessige forhold. Lønsplasseringa kan og variere utifrå følgjande: 1) Tal tilsette 5) Rekrutteringssituasjon for stillinga 2) Budsjett 6) Attraktiv kompetanse 3) Kompleksitet 7) Andre særlege forhold 4) Driftsform Arbeidstakargrupper som i periodar er vanskeleg å rekruttere, eller der kommunen har behov for spesiell kompetanse, kan gis ei anna avlønning enn det som ligger til grunn for den lokale lønspolitikken. Hovudprinsipp for lønsoppbygginga i Austevoll kommune: Funksjonslønn Tillegg for ansvar og andre særlege forhold Basislønn etter kompetanse og ansiennitet Generell ramme for minsteløn (stillingar i kap.4b og 4C) A - B - C - D E Z1 Z2 Z3 Z4 Z5 Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 4 av 9 Stillingar utan særskilt fagutdanning STILLINGSKATEGORI: Assistent Heimehjelpar Servicemedarbeidar Kokkemedarbeidar Reinhaldar Vaktmeister Feiar Andre gjennomgåande stillingar Minstelønsramme A Fagarbeidarstillingar / tilsvarande fagarbeidarstillingar STILLINGSKATEGORI: Hjelpepleiar Omsorgsarbeidar Barne og ungdomsarbeidar Helsefagarbeidar Sekretær Helsesekretær Reinhaldar Vaktmeister Feiar Andre gjennomgåande stillingar Minstelønsramme B Lokale rammer (= B + tillegg) Relevant etter- og vidareutdanning som ikkje kvalifiserer til opprykk til ny lønsramme, kan etter dokumentasjon og forhandlingar kompenserast for under fylgjande rammer: 3 mnd/ 15 studiepoeng: 5.000,- 6mnd/ 30 studiepoeng: 10.000,- 9mnd/ 45 studiepoeng: 15.000,- 12mnd/ 60 studiepoeng: 20.000,- Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 5 av 9 Stillingar med krav om høgskuleutdanning (3 år) STILLINGSKATEGORI: Sjukepleiar Vernepleiar Sosionom Fysioterapeut Barnevernspedagog Førskulelærar Spesialpedagog Ingeniør Andre gjennomgåande stillingar Minstelønsramme C *Tilsette som er i stillingar der ein ved nytilsetjing vil krevje kompetanse på høgskulenivå, kan etter særskilt vurdering plasserast i ramme C. Lokale rammer (= C + tillegg) Relevant etter og vidareutdanning som ikkje kvalifiserer til opprykk til ny lønsramme, kan etter dokumentasjon og forhandlingar kompenserast for under fylgjande rammer: 3 mnd/ 15 studiepoeng: 5.000,- 6mnd/ 30 studiepoeng: 10.000,- 9mnd/ 45 studiepoeng: 15.000,- 12mnd/ 60 studiepoeng: 20.000,- Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 6 av 9 Stillingar med krav om høgskuleutdanning med ytterlegare spesialutdanning (3 +1 år) Minstelønsramme STILLINGSKATEGORI: D Jordmor Helsesøster Sjukepleiar med relevant tilleggsutdanning Spesialpedagog Lokale rammer (= D + tillegg) Relevant etter og vidareutdanning som ikkje kvalifiserer til opprykk til ny lønsramme, kan etter dokumentasjon og forhandlingar kompenserast for under fylgjande rammer: 3 mnd/ 15 studiepoeng: 5.000,- 6mnd/ 30 studiepoeng: 10.000,- 9mnd/ 45 studiepoeng: 15.000,- 12mnd/ 60 studiepoeng: 20.000,- Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 7 av 9 Stillingar med krav om mastergrad (5 år) STILLINGSKATEGORI: Minstelønsramme E Lokale rammer (= E + tillegg) Relevant etter- og vidareutdanning som ikkje kvalifiserer til opprykk til ny lønsramme, kan etter dokumentasjon og forhandlingar kompenserast for under fylgjande rammer: 3 mnd/ 15 studiepoeng: 5.000,- 6mnd/ 30 studiepoeng: 10.000,- 9mnd/ 45 studiepoeng: 15.000,- 12mnd/ 60 studiepoeng: 20.000,- Funksjonstillegg som er vedtatt lokalt: Funksjon Årlege tillegg Aleineansvar natt Eidsbøen BF kr. 5.000,- Protokoll, 28.10.2004 Aleineansvar heimetenesta natt Hj.pl kr 10.000,- Protokoll 2006 Primærkontakt med rekneskapsansvar kr. 4.000,- Protokoll, 13.10.2006 Funksjonsløna følgjer personen så lenge han/ho har funksjonen. Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 8 av 9 Undervisningspersonale STILLING: MINSTELØNSRAMME: Lærar Z1 Adjunkt Z2 Adjunkt m/tillegg Z3 Lektor Z4 Lektor m/tillegg Z5 Lokale rammer: (Z+ tillegg) Relevant etter- og vidare- utdanning som ikkje kvalifiserer til opprykk til ny lønsramme, kan etter dokumentasjon og forhandlingar kompenserast for under fylgjande rammer: 3 mnd/ 15 studiepoeng: 5.000,- 6mnd/ 30 studiepoeng: 10.000,- 9mnd/ 45 studiepoeng: 15.000,- 12mnd/ 60 studiepoeng: 20.000,- Årlege tillegg (pr 01.01.2011) Funksjonstillegg som er vedtatt lokalt: Kontaktlærar 22.000 (inklusive sentralt tillegg kr 10.000) IKT Austevoll Ungdomskule 15.000,- IKT Storebø skule 15.000,- IKT Trolandshamar skule 11.500,- IKT Kolbeinsvik og Vinnes 7.500,- Teamleiarar 3.600,- Samlingsstyrar* 4.000,- Arbeidsplasstillitsvald (ATV) 2.300,- Rådgjevar (ungdomskulen) 22.000,- * Samlingsstyrar er knytt til ekstra ansvar t.d. for: gymsal, kjøkken, bibliotek, kunst- og handverk, media/data Funksjonsløna følgjer personen så lenge han/ho har funksjonen. Arkivsak: 02/01238-013

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 9 av 9 Studentløner Denne ordninga gjeld alle studentar, der leiar vurderer utdanninga som relevant for vikariatet/stillinga. Dei nye satsane gjeld frå den lokale lønspolitiske planen vert vedtatt. Etter 1. studieår: Etter 2. studieår: Etter 3. studieår: direkte plassert i ramme B, 0 års ans. direkte plassert i ramme B, 4 års ans. direkte plassert i ramme B, 8 års ans. Årlege forhandlingar Det skal avhaldast eit drøftingsmøte innan 20.06 kvart år. Det skal og avhaldast eit drøftingsmøte i løpet av kvar haust. Ein vil altså gå inn for to drøftingsmøtar mellom partane årleg. Forhandlingar etter hovedtariffavtalen 4.A.2 og 5.3 skal gjerast innan utgangen av mars og september kvart år. Rullering og ajourhald Revideringar vert gjort etter lokale forhandlingar. Revisjon av lokale lønspoliske retningslinjer skal gjerast av administrasjonsutvalet og kommunestyret. Mindre justeringar kan gjerast av rådmannen, etter drøftingar med dei tillitsvalde. Rekruttering/særskild kompetanse Arbeidstakargrupper som i periodar er vanskeleg å rekruttere, eller der kommunen har behov for særskild kompetanse, kan gjevast ei anna avlønning enn det som ligger til grunn for den lokale lønspolitikken. Arkivsak: 02/01238-013

SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 003/13 ADMINISTRASJONSUTV 12.02.2013 Arve E. Sunde AL Arkivsaknr. 13/111 Arkiv: FE- Reglement for påskjøning/gåver til tilsette Tilråding frå rådmannen: Administrasjonsutvalet vedtek følgjande endringar i reglement for påskjøning av kommunalt tilsette: 2.1: Ny sum kr 4.300 2.2: Ny sum kr 3.000 Kap 4 a) Ny sum kr 1.100 b) Ny sum kr 2.100 c) Ny sum kr 1.100 d) Ny sum kr 1.100 e) Ny sum kr 1.100 Kap 5: til ein pris av kr 200 går ut i første setning/avsnitt. Kap 6: Siste setning i siste avsnitt utgår. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 23.01.2013 Reglement - påskjøning.doc

Bakgrunn for saka: Det er behov for å føretaka nokre mindre endringar i reglementet for påskjøning av kommunalt tilsette, og det ligg innafor administrasjonsutvalet sine fullmakter etter delegasjonsreglementet å gjera desse endringane. Vurdering: Summane i reglementet har ikkje vore justert sidan 1996, med unntak av at ein dei siste åra har praktisert å gje kr 900,- i dei tilfella som inngår under kap. 4 der det står kr 800,-. Rådmannen gjer no framlegg om ei justering av alle summane - avrunda til næraste 100 kroner - basert på gjennomsnittleg auke i konsumprisindeksen frå 1996 til 2012 (37,9%). Under kap 5 og 6 gjer ein framlegg om å sløyfa prisgrensa på blomehelsing.

REGLEMENT FOR PÅSKJØNING AV LANG KOMMUNAL TENESTE OG MARKERING AV SÆRLIGE HØVE Vedteke av Austevoll kommunestyre den 12.03.87, sak 0049/87. Revidert den 01.02.96, sak 0009/96.

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 2 av 3 Nyutsending februar 2002. Kapittel 1. 1.2. Reglane i dette reglementet gjeld for arbeidstakarar som kjem inn under reglane om fast forpliktande arbeidsforhold i kommunen, herunder også undervisningspersonell i eit fast forpliktande arbeidsforhold. Jfr. elles Hovedtariffavtale kap. 1, 1. 1.2.All teneste i kommunen vert rekna med, uansett om tenesta har vore ved ulike avdelingar / etatar, og om det har vore avbrot i tenesta. Eventuell tvil om tenestetid vert avgjort av rådmannen. 1.3. Likskapsprinsippet gjeld. Det vil seie at alle arbeidstakarar blir handsama likt uavhengig av stillingsnivå, stillingsstorleik etc. Kapittel 2. 2.1. Etter 40 års teneste i kommunen får arbeidstakaren ei standard heidersgåve til ein pris på om lag kr. 3.100,-, påmontert kommunen sitt våpen (merke) og med følgjande inskripsjon: AUSTEVOLL KOMMUNE N.N. (arbeidstakaren sitt namn) 40 års teneste. 2.2. Etter 25 års teneste i kommunen, det same som under pkt. 2.1., men til ein pris på om lag kr. 2.200,- og endring av 40 års teneste til 25 års teneste. 2.3. Ved oppnådd pensjonsalder og minst 20 års teneste i kommunen, det same som under pkt. 2.2., endring av 25 års teneste til 20 år. 2.4. For arbeidstakarar som fyller vilkåra, søkjer Austevoll kommune, etter gjeldande reglar, om at vedkomande vert tildelt Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn eller heidersmerke. Kapittel 3. Etatsjefen skal gje rådmannen / ordføraren melding om arbeidstakarar som fyller vilkåra for påskjøning. Ordføraren, eller den han peikar ut, skal stå for overrekkjinga av påskjøninga. Det er etatsjefen som har det heile og fulle ansvar for at arbeidstakarar som fyller vilkåra etter kapittel 1, får den påskjøninga dei skal ha. Arkivsak: 02/00092-001

AUSTEVOLL KOMMUNE Side 3 av 3 Kapittel 4. I andre særlige høve kan rådmannen godkjenne at det vert gjeven gåve på inntil a) kr. 800,- når ein arbeidstakar sluttar etter minst 10 års teneste. b) kr. 1.550,- når ein arbeidstakar sluttar etter minst 20 års teneste. c) kr. 800,- når ein arbeidstakar inngår ekteskap. d) kr. 800,- når ein arbeidstakar fyller 50 eller 60 år. Arbeidstakaren får i tillegg permisjon med løn på åremålsdagen. e) kr. 800,- når ein arbeidstakar sluttar ved oppnådd pensjonsalder. (Sjå også kapittel 2 pkt. 2.3.). Etter at rådmannen si godkjenning er innhenta, står etaten som vedkomande høyrer inn under, sjølv for innkjøp og overrekkjing av gåva, eventuelt blir rådmannen eller ordføraren beden om dette. Kapittel 5. Ved langvarig sjukdom hjå ein arbeidstakar, får administrasjonen, dvs den etat vedkomande høyrer inn under, fullmakt til å senda blomehelsing til ein pris på opptil kr. 200,-. Dersom ein arbeidstakar døyr, har administrasjonen, dvs den etat vedkomande høyrer inn under, fullmakt til å sende blomehelsing eller krans. Kapittel 6. Kommunale etatar kan om det er ønskjeleg skipe til ei enkel tilstelling i samband med påskjøninga av arbeidstakar. Om to eller fleire arbeidstakarar innanfor same etat får påskjøning same året, bør utdelinga så langt råd er skje under ei tilstelling. Utgiftene ved tilstellinga bør ikkje overstige kr. 100,- pr. deltakar. Arkivsak: 02/00092-001

SAKSFRAMLEGG Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar ARBEIDSMILJØUTVAL Arve E. Sunde 013/13 KOMMUNESTYRE 07.02.2013 Arve E. Sunde 004/13 ADMINISTRASJONSUTV AL 12.02.2013 Arve E. Sunde Arkivsaknr. 12/1689 Arkiv: FE-461 Rapport for sjukefråvær 3. kvartal 2012 Tilråding frå rådmannen: Kommunestyret tek rapport om sjukefråvær for 3. kvartal 2012 til orientering. Vedlagte saksdokument: Dok.dato Tittel 09.01.2013 Sjukefråværstatistikk.xls 09.01.2013 Legemeldt sjukefråvær 3. kv 2007-2012.xls 09.01.2013 Fråværsstatistikk etatsvis 3. kv 2012.rtf Bakgrunn for saka: Ein syner til vedlagte tabellar og diagram som syner utviklinga i sjukefråværet. Vurdering: Det samla sjukefråværet for kommunalt tilsette gjekk ned frå 1. til 2. kvartal 2012, og gjekk ytterlegare ned i 3. kvartal. Sjukefråværet var i 3. kvartal 5,6%, og det er det lågaste som er registrert dei siste 4 åra.

Samanlikna med nasjonale tal for kommunal forvaltning for legemeldt sjukefråvær i 3. kvartal, så ser ein at fråværet i Austevoll kommune ligg godt under desse. I Austevoll kommune sitt internkontrollsystem for helse, miljø og tryggleik (HMT) og i IA - avtalen er det ei målsetjing at sjukefråværet i kommunen skal liggja under landsgjennomsnittet for kommunesektoren.

Austevoll kommune - kvartalsvis sjukefråvær. 1. kvartal 2.kvartal 3. kvartal 4. kvartal 2009 12,5 % 10,7 % 9,8 % 9,0 % 2010 8,3 % 8,6 % 6,3 % 9,3 % 2011 9,8 % 7,1 % 6,3 % 8,3 % 2012 10,3 % 7,9 % 5,6 % Austevoll kommune - kvartalsvis sjukefråvær 14,0 % 12,0 % 10,0 % 8,0 % 6,0 % 4,0 % 2,0 % 0,0 % 1. kvartal 2.kvartal 3. kvartal 4. kvartal 2009 2010 2011 2012

Legemeldt sjukefråvær 3. kvartal 2007-2012* 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Kommunal forvaltning 7,5 % 7,6 % 8,3 % 7,6 % 7,5 % 7,2 % Austevoll - fråvær over 3 dagar 6,5 % 6,2 % 9,2 % 5,7 % 5,7 % 5,2 % Austevoll - fråvær over 12 dagar 5,8 % 4,9 % 7,5 % 4,4 % 4,4 % 4,4 % Merknad: Kjelde for kommunal forvaltning er NAV/SSB. Legemeldt sjukefråvær 3. kvartal 10,0 % 8,0 % 6,0 % 4,0 % 2,0 % 0,0 % 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Kommunal forvaltning Austevoll - fråvær over 12 dagar Austevoll - fråvær over 3 dagar

Fraværsstatistikk 09.01.2013 Austevoll kommune Fråværsstatistikk 3. kvartal 2012 Orgledd Ant.ans. Dagsverk Dagsverk Dagsverk Dagsverk Dagsverk Mulige dgv. 1-3 dager 4-12 dager 13-40 dager >=41 dgr total Ant. Ant. Ant. Pros. Ant. Pros. Ant. Pros. Ant. Pros. Ant. Pros. Orgledd 974767732 Skule og kulturetaten Kvinner 129,0 6209,3 19,4 0,3 43,8 0,7 104,0 1,7 93,8 1,5 261,0 4,2 Menn 25,0 1320,4 0,0 0,0 8,5 0,6 5,0 0,4 32,5 2,5 46,0 3,5 Orgledd 974767732 Skule og kultur 154,0 7529,7 19,4 0,3 52,3 0,7 109,0 1,4 126,3 1,7 307,0 4,1 Orgledd 974774488 Helse og sosialetaten Kvinner 223,0 7854,2 56,8 0,7 85,4 1,1 313,6 4,0 153,5 2,0 609,4 7,8 Menn 15,0 538,2 0,0 0,0 6,0 1,1 0,0 0,0 0,0 0,0 6,0 1,1 Orgledd 974774488 Helse og sosial 238,0 8392,4 56,8 0,7 91,4 1,1 313,6 3,7 153,5 1,8 615,4 7,3 Orgledd 974781328 Sentraladministrasjonen Kvinner 20,0 788,0 2,7 0,3 0,0 0,0 15,5 2,0 20,0 2,5 38,2 4,8 Menn 33,0 835,8 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 0,0 17,6 2,1 17,6 2,1 Orgledd 974781328 Sentraladminist 53,0 1623,8 2,7 0,2 0,0 0,0 15,5 1,0 37,6 2,3 55,8 3,4 Sum utvalg 445,0 17545,9 78,9 0,4 143,6 0,8 438,2 2,5 317,5 1,8 978,2 5,6 Fordeling på kjønn Kvinner 372,0 14851,5 78,9 0,5 129,1 0,9 433,2 2,9 267,4 1,8 908,6 6,1 Menn 73,0 2694,4 0,0 0,0 14,5 0,5 5,0 0,2 50,1 1,9 69,6 2,6 Side: 1