Fyresdal kommune Møteinnkalling Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen Kommunehuset Dato: 10.11.2015 Tid: 09:00 Forfall meldast til sentralbordet på tlf. 35 06 71 00. Varamedlemmer møter bare etter nærare varsel. Side1
Saksliste Utvalssaksnr PS 13/15 RS 10/15 RS 11/15 RS 12/15 RS 13/15 RS 14/15 PS 14/15 Innhald Referatsaker Orienteringar og meldingar Presentasjon frå Fylkeslegen i Telemark Presentasjoner fra eldrerådskonferansen i Morgedal 16-17.april 2015 Kommunens ansvar og oppgåver for rådet for personar med nedsett funksjonsevne Råd for funksjonshemma - uttale om - Vern retten til hjelpemiddel Ein ny start - eit folkehelseprosjekt i Fyresdal kommune PS 15/15 Handlingsprogram plan for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2016-2019 Fyresdal 3. november 2015 Torleiv O. Veum utvalsleiar Fellestenesta utvalssekretær Side2
PS13/15Referatsaker RS10/15Orienteringarogmeldingar RS11/15PresentasjonfråFylkeslegeniTelemark RS12/15PresentasjonerfraeldrerådskonferanseniMorgedal16-17.april 2015 RS13/15Kommunensansvarogoppgåverforrådetforpersonarmednedsett funksjonsevne RS14/15Rådforfunksjonshemma-uttaleom-Vernrettentilhjelpemiddel Side3
Fyresdal kommune Arkiv: Saksmappe: 2015/1322-1 Saksbeh.: Ketil O. Kiland Dato: 17.09.2015 Saksframlegg Ein ny start - eit folkehelseprosjekt i Fyresdal kommune Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 16/15 06.11.2015 Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne 14/15 10.11.2015 Arbeidsmiljøutvalet Kommunestyret Endeleg vedtaksrett i saka har: Kommunestyret. Vedlegg: - Prosjektnotat frå Audun Mysja Bakgrunn for saka: I folkehelseplanen til kommunen heiter det m.a.: "Fyresdal kommune har i mange år halde fram visjonen om å tenke utradisjonelt. Kommunen ynskjer å bruke tradisjonelle og utradisjonelle metodar i sitt arbeid med folkehelse. Fysioterapeutar, og andre tilsette i kommunen ynskjer å utvikle kreative og utradisjonelle vegar til ei betre folkehelse". Vurdering: Saka er vurdert ut frå følgjande mål i økonomiplanen for 2015 2018 der det heiter; Fyresdal kommune skal vere blant dei beste i landet på folkehelse. Audun Mysja er fagleg leiar for Senter for Livshjelp, overlege, spesialist i allmennmedisin, fellow i nevrologisk musikkterapi, sertifisert tomatiskonsulent, forfattar og musikar, med utstrakt foredrags- og kursverksemd i inn- og utland. Mysja var på folkehelsefestivalen i Fyresdal nå i vår. Mange høyrde på foredraget han hadde, men han nytta og tida til å vere på omsorgssenteret og i skule/barnehage. Folehelseteamet hadde i sitt første møte etter folkehelsefestivalen ein gjennomgang av festivalen og oppmoda ordføraren til å ta kontakt med Mysja for at han kunne kome med forslag til eit program for Fyresdal kommune. Mysja har laga eit programnotat som her er lagt ved saka. Kostnadane med programmet er sett til kr 250.000,- og inkluderer diett, overnatting og reiser i tillegg til det faglege programmet som kjem fram av notatet. Mysja vil sjølv engasjere seg mykje i gjennomføringa og sikre god start for prosjektet. Prosjektet inneheld også ei fellesopplæring/basisopplæring av tilsette og rådmannen meiner at både, helse, omsorg, barnehage og skule bør delta med to personar kvar seg. I tillegg får Telemark Lys AS tilbod om å delta i opplæringa for å kunne bruke kompetansen i arbeidet med integrering av flyktningar. Folkehelseteamet føreset at kommunestyret held fram med å løyve kr 400.000 til folkehelsearbeid som teamet kan disponere. Teamet er da inneforstått med at kr 250.000 av Side4
desse midlane skal disponerast i samarbeidsprosjektet med Mysja og at mykje av dei resterande midlane vil gå med til løn for folkehelsekoordinator. Folkehelseteamet meiner det bør søkjast om eksterne midlar for gjennomføring av prosjektet og det blir nå undersøkt kven slike søknader kan rettast mot. Ordføraren har alt søkt fylkeskommunen om folkehelsemidlar og om kommunen kan bli ein nasjonal føregangskommune innan dette feltet for folkehelsearbeid kan det bli aktuelt å søkje andre kjelder som t.d. helsedirektoratet om meir midlar. Sjølv om ein føreset at prosjektet vil føre til innsparing av andre lønsmidlar meiner rådmannen at eksterne midlar også bør avsetjast til lønn for tilsette som deltek i prosjektet utover ordinær arbeidstid. Kommunestyret må ta stilling til om eksterne midlar skal brukast til å finansiere opp kommunal del av prosjektet eller om midlane skal stillast til disposisjon for folkehelseteamet som kan bruke dei til t.d. eit utvida tilbod om matservering til elevane i skulen eller andre tiltak som teamet ynskjer å gjennomføre. Rådmannen ser det som naturleg at folkehelseteamet kan vere styringsgruppe for prosjektet. Folkehelseteamet er i dag samansett av: To politikarar som har vore Erik Skjervagen og Tone I. Veum Kommunelege. Helsesyster/folkehelsekoordinator. Kommunalsjef kultur og oppvekst. Fysioterapeut Tillitsvalde med representant frå sjukepleieforbundet. Kommunalsjef oppvekst og kultur er sekretær for utvalet. Kommunestyret må ta stilling til om dette er ei høveleg styringsgruppe, om gruppa skal vere samansett som oppstilt ovanfor og velgje sine politiske representantar. Kommunestyret bør vurdere om ikkje ein av dei politiske representantane bør kome frå det nye fagutvalet for oppvekst/kultur og omsorg. For å sikre den daglege drifta av prosjektet føreset rådmannen at det blir sett ned i arbeidsgruppe samansett av kommunalsjefane for kultur og oppvekst, helse og omsorg saman med hovudtillitsvald for Fagforbundet og Audun Mysja. På denne måten skil ein klarare mellom kva som er administrasjon og oppfølging av dagleg drift og styring av prosjektet som utøvast av folkehelseteamet med brei politisk deltaking. Representantar frå folkehelseteamet saman med kommunalsjefane kultur og oppvekst, helse og omsorg, rektor, tillitsvalde, rådmann og kommunalsjef for felles og økonomi har gjennomført eit orienteringsmøte med Mysja. Det er vidare viktig at arbeidsgruppa rapporterer til folkehelseteamet som styringsgruppe og at involvering av tilsette blir gjort i tett dialog med kommunalsjefane for kultur og oppvekst, helse og omsorg og tillitsvalde. Der er også viktig at god informasjon om prosjektet heile tida blir gitt både til tilsette, politisk nivå og innbyggjarane. Dette er svært viktig i startfasa, noko Mysja også har innarbeida i prosjektnotatet sitt. Mysja-prosjektet vil ta ein god del tid og folkehelseteamet er difor opptatt av å ikkje ha for store forventningar for gjennomføring av andre satsingsområde i folkehelseplanen. Folkehelseteamet må avklare dette nærare med folkehelsekoordinatoren kva som kan vere høveleg arbeidsmenge og oppgåver som kan prioriterast ut frå det. Folkehelseteamet har difor bestemt seg for ikkje å ha folkehelsefestival i 2016. Kommunestyret har gjort vedtak om at folkehelseteamet har ansvar for at tiltaksdelen i folkehelseplanen rullerast innan 15. september kvart år. Folkehelseteamet bør difor lage eit årshjul for 2016. Konklusjon: Fyresdal kommune går inn i eit samarbeid med Audun Mysja for 2016 for gjennomføring av folkehelseprosjekt i samsvar med vedlagte prosjektnotat. Side5
Innstilling frå rådmannen: - Folkehelseteamet utarbeider snarast årshjul for 2016. - Kommunestyret er positive til gjennomføring av "Mysja-prosjektet" - ein ny start - eit folkehelseprosjekt i Fyresdal kommune og stiller seg bak at kr 250.000 av løyvde midlar til folkehelseteamet kan nyttast til å leige prosjektleiar etc. i 2016. - Samarbeidet med Mysja regulerast i eiga avtale. - Ein føreset at søknad om eksterne midlar fører fram og at folkehelseteamet prioriterer bruk av desse midlane til løn for tilsette som blir involvert i prosjektet utover ordinær arbeidstid før andre folkehelsetiltak med tilhøyrande kostnad blir sett i gang. - Folkehelseteamet er styringsgruppe for prosjektet og fagutval for oppvekst/kultur og omsorg peikar ut ein frå utvalet som er ein av to politisk representantar i styringsgruppa/folkehelseteamet. - Ordføraren held fram som leiar og er den andre politiske representanten i folkehelseteamet/styringsgruppa. - Mysja går inn i ei arbeidsgruppe saman med kommunalsjefane kultur og oppvekst, helse og omsorg og hovudtillitsvald for Fagforbundet. - Arbeidsgruppa møter til oppstartmøte i folkehelseteamet/styringsgruppa og legg deretter fram midtvegsrapport og i oktober ei evaluering av prosjektet for folkehelseteamet/styringsgruppa. Folkehelseteamet/styringsgruppa rapporterer til kommunestyret medio november 2016 med forslag til årshjul for 2017. Ketil O. Kiland rådmann Ketil O. Kiland Rådmann Side6
En ny start Et folkehelseprosjekt i Fyresdal kommune Fra 2015 er det innledet et samarbeid mellom Fyresdal kommune og overlege Audun Myskja. Fyresdal kommune ønsker å være en foregangskommune og gå nye veier innen folkehelse. Dr. Audun Myskja har arbeidet med utvikling av integrert medisin og mestringsmedisin siden 70-tallet, og har ledet og veiledet et dusin nasjonale og internasjonale kvalitetsfremmede prosjekter i helsevesenet. Etter første trinn i samarbeidet under folkehelseuka i mai 2015, er det startet en dialog med tanke på å utvikle et prosjekt for å øke fremme mestring og bygge folkehelse i kommunen som en videreutvikling av erfaringer gjort med kommunale helsefremmende prosjekter i Levanger, Tysvær, Bærum og Lillehammer kommuner med utgangspunkt i eldreomsorgen, men med populasjonsperspektiv. Implementeringsopplegget vil bygge på dr. Audun Myskjas implementeringsarbeid med miljøtiltak i eldreomsorgen i over 20 norske kommuner, et tiltak som har lyktes så godt at Helsedirektoratet fra august 2015 har satt i gang et 5-årig landsomfattende implementeringsarbeid med miljøbehandling i eldreomsorg i norske kommuner, basert på Audun Myskjas metoder i regi av Høgskolen i Nord-Trøndelag, Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg, Helseundersøkelsen i Nord- Trøndelag og Nasjonalt kompetansesenter for demens (Aldring og helse). Metodene vil bygge på internasjonal forskning, og hente erfaringer fra Audun Myskjas samarbeid med Norges Parkinsonforbund gjennom prosjektene Å finne rytmen, Rytmisk trening og Parkinson hva kan jeg gjøre selv? alle støttet av Stiftelsen Helse og rehabilitering. Følgende prinsipper vil bli fulgt: Individuelt tilpasset, gjennomførbart, vedvarende oppfølging, enkelt og tydelig, fleksibelt. Side7
Folkehelseopplegget vil hvile på noen grunnpilarer: 1. Trening Ut fra folkehelseforskningen i Nord-Trøndelag, som er internasjonalt anerkjent, er det nye klasseskillet i Norge mellom aktive og inaktive. Den største trusselen mot folkehelsen er inaktivitet, som tidligere ikke har vært en reell valgmulighet. Visjonen er å innføre et aktivitetsprinsipp i Fyresdal ut fra en forståelse om helsefremmende aktivitet, i motsetning til muskulært stress, monotoni og gjensidig arbeid. En vil søke å nå alle befolkningsgrupper. Tilbudet vil konsentrere seg om eldreomsorg, sykehjem, seniorsentre, barnehager, skoler, arbeidsplasser i Fyresdal kommune, kartlegging av voksne arbeidsføre og voksne trygdede, som vil få et tilpasset treningsopplegg. Følgende valgmuligheter vil eksistere: Treningsopplegget Use it, don t lose it Tilpasning av treningsopplegg på Fyresdal treningssenter Friluftsgrupper med naturbasert trening Qi gong-grupper i regi av sertifiserte lærere Prosjektledelsen vil kartlegge motivasjon hos voksne og gjennomføre et generelt treningsinitiativ med målsetting om mobilisering til aktivitet på tilpasset nivå for samtlige innbyggere i kommunen, med utgangspunkt i lokale arbeidsplasser, foreninger og opplegg for hjemmeboende/trygdede. Treningsoppsettet vil legge vekt på både strukturert trening og på opplæring i daglig aktivitet, riktig bruk av kroppen, generell bevegelsestrening, diagonalgang, rytmisk-auditiv stimulering og andre generelle prinsipper for bevegelse og helse. Implementeringen vil skje i samarbeid med ordfører, kommunestyre, folkehelsekoordinator og fastleger, ledelse og ansatte på sykehjem, skoler og barnehager samt ledere på treningssentre. Dr. Audun Myskja med medarbeidere og fysioterapiveiledere, Jan Arne Haug og Gunn Stusvik Haug, vil gjennomføre opplegget, med månedlige folkehelsedager fra 01.01.2016. Høsten 2015 vil det tilbys innledende orienteringsmøter og foredrag i kommunestyret, på institusjoner og som åpent foredrag for befolkningen. Side8
2. Kosthold Det vil bli gitt regelmessig opplæring i riktig kosthold tilpasset de ulike brukergruppene og deres behov. En vil ha et ernæringsprosjekt på sykehjemmet, i barnehager og på skoler, i samarbeid medernæringsveileder. 3. Stressmestring Det vil bli gitt kurs for ansatte i kommunen og åpne kurs for befolkningen i avspenning, pust og dr. Audun Myskjas stressmestringsprogram, basert på tilpasning av et froskningsbasert opplegg for stressmestring. Det vil bli gitt tilbud om månedlig oppfølging. 4. Kultur og helse En vil gi musikkbasert miljøbehandling som tilbud i eldreomsorgen. Det vil bli gitt et opplæringstilbud i sang, dans og utøving i regi av musiker og nevrologisk musikkterapeut Helene Waage. I samarbeid med kommunen vil Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg bygge et kultur- og helseprosjekt i flere norske kommuner, med Fyresdal som en av fokuskommunene for Helsedirektoratets femårige implementeringsopplegg for musikkbasert miljøbehandling i eldreomsorgen i norske kommuner. Ski, 07.09.15 Audun Myskja Overlege, PhD, spesialist i allmennmedisin Fagveileder, Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg Leder for Helsedirektoratets implementeringsprogram for integrert musikk 2015-20 Faglig leder, Senter for livshjelp Side9
Fyresdal kommune Arkiv: 140 Saksmappe: 2015/1445-1 Saksbeh.: Hilde Martini Momrak Dato: 07.10.2015 Saksframlegg Handlingsprogram 2016-2019 Utval Utvalssak Møtedato Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne 15/15 10.11.2015 Kommunestyret Endeleg vedtaksrett i saka har kommunestyret Dokument i saka: Plan for kulturbygg, idrett og friluftsliv, 2015-2022 Vedlegg: 1 Handlingsprogram, vedtak idrettsrådet 2 Vedtak handlingsprogram ungdomsrådet Bakgrunn for saka: Plan for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2015-2022 vart revidert i 2015, og det er den årlege rulleringa av handlingsprogrammet som skal handsamast no. Handlingsprogrammet er ein del av planen og den skal rullerast kvart år. Dersom ein skal søkje om spelemidlar til eit anlegg, er det eit krav at anlegget er med i handlingsprogrammet som er ein del av vedteken plan for kulturbygg, idrett- og friluftsliv. Saka vart handsama i Fyresdal idrettsråd 21.09.2015 og Fyresdal Ungdomsråd 27.10.2015. Deira vedtak ligg som vedlegg i saka, men der er idrettsrådet sitt framlegg som vert lagt fram og kommentert i saka. REMNF skal gjere sin prioritering. Det er kommunestyret sin prioritering som blir endeleg vedtak i saka. Dei seiste åra har det vore sendt mange søknadar frå Fyresdal kommune, til dømes uteareal på Gimle, ridebane Hugljufur og seist i 2015 Hamaren Aktivitetspark og rehabilitering av skytebanen på Hagedalshavet. Alle søknadane vart godkjende, men grunna stort etterslep på tippemidlar får vi bare tildelt nokre av midlane år for år. Det vil sei at dei andre søknadene vert fornya søknadar for neste år, og så lenge søknadane er godkjent, vil pengane kome før eller seinare. Fyresdal kommune har hatt ein rutine på å fortskottere tippemidlar til lag og organisasjonar dersom søknaden er godkjent, noko som er svært viktig for laga, som elles må take opp lån når dei startar byggjeprosessar. Det er ynskjeleg å presisere fylgjande i denne samanheng: Det er mogleg for lag og organisasjonar som søkjer spelemidlar, å få forskot frå kommunen når søknaden er godkjent i spelemiddelordninga. Laget kan søkje å få 50% av godkjent søknadssum når arbeidet kan dokumenterast igangsett. Ytterlegare 25% kan utbetalast når søkjar er innvilga tilsagn. Side10
Eg vil kort kommentere kvart prioriterte punkt i handlingsprogrammet. 1 Hamaren Aktivitetspark, Fyresdal kommune: Fornya søknad. Søknaden er godkjent, og den kommunale delen er finansiert i økonomiplanen i 2015-2018. Arbeidet er godt i gang, her er det som tidlegare nemnt etterslep, og søknaden bør stå på 1. prioritet fordi arbeidet er i gang no. 2 Skytebane Hagedalshavet, Fyresdal skyttarlag: Fornya søknad. Søknaden er godkjent, ingen kommunal finansiering. Arbeidet er sluttført, søknaden bør stå på 2. prioritet fordi arbeidet er avslutta. 3 Fleirbrukshus/samfunnshus, Fyresdal kommune: Dette er heilt klart 1 prioritet frå idrettsrådet framover. Det same gjeld ungdomsrådet. Arbeidet med eit skisseprosjekt for fleirbrukshallen er godt i gang, og ein ventar eit kostnadsoverslag på fleirbrukshallen. Ein bør merke seg at fleirbrukshall og tilpassing av samfunnshus til eit kulturhus er slått saman fordi ein ynskjer like høg prioritet på både tiltaka. I plan for kulturbygg idrett og friluftsliv kom det klart fram at det bør prioriterast likt og sjåast i samanheng.ein ser for seg å søkje spelemidlar i 2017 for fleirbrukshall, kor ein kan vente om lag ein trejedel finansiert via spelemiddelordninga. 4. Snokanon, Veum skiskytterarena, Fyresdal skiskyttarlag Skiskyttarlaget er tydelege på at dei må ha snokanon, snotilhøva på Veum er meir og meir uforutsigbare. Søknad i 2017. 5. Motorsportanlegg, Flyplassen, Fyresdal Motorsportklubb Det har lenge vore planlagd ein utvikling på motorsportanlegget, men det har vore litt lite ressursar i klubben og ein del uklarheter om korleis det er lurt å løyse. Klubben er i tett dialog med kommunen. Søknad i 2017. 6. Utbetring av løypenett, Birtedalen, Birtedalen sti- og løypelag. Birtedalen sti- og løypelag har i lengre tid jobba for å betre løypenettet. De ynskjer å stå oppført i handlingsprogrammet som framtidig mogleg søkjar til spelemiddelordninga for slik å finansiere utbetringa. Slik stoda er pr. i dag er dei ikkje berettiga til å søkje spelemidlar. Handlingsprogrammet for perioden 2016-2019 er bindande, og bør implementerast i økonomiplanen for same perioden. Vurdering: Spørsmålet/saka er vurdert ut frå følgjande mål i økonomiplanen for 2015-2018/måla i budsjettet for 2015 i sektor for kultur og oppvekst: "Vi stimulerer til høg aktivitet i lag og organisasjonar". Handlingsprogrammet er handsama av idrettsråd og ungdomsråd. Deira prioriteringar bør vektleggjast når kommunen skal prioritere handlingsprogrammet. Handlingsprogrammet for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2016-20189, blir vedtatt slik det ligg føre. Konklusjon: Handlingsprogrammet er handsama av idrettsråd og ungdomsråd. Deira prioriteringar bør vektleggjast når kommunen skal prioritere handlingsprogrammet. Side11
Handlingsprogrammet for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2016-20189, blir vedtatt slik det ligg føre. Innstilling frå rådmannen: Handlingsprogrammet for kulturbygg, idrett og friluftsliv 2016-20189, blir vedtatt slik det ligg føre. Ketil O. Kiland rådmann Hilde Martini Momrak kulturkonsulent Side12
Prioritert handlingsprogram 2016-2019 Vedtak idrettsrådet 21.09.2015 Drift pr. år Finansiering (i 1000 kr) Pri- Byggje- Kostnad 2016 2017 2018 2019 Anleggstype Eigar Stad oritet start km pm Anlegg km sm pm km sm pm km sm pm km sm pm Hamaren Aktivitetspark FK Hamaren 1 2015 75 2000 1000 1000 Fornyast Skytebane Skyttarlaget Hagedalshavet 2 2015 552 184 368 Fornyast Fleirbrukshus/samfunnsh. FK Sentrum 3 2017 500 24900 150 1250 1250 1250 4850 3000 1150 6150 4000 1850 Snokanon Skiskyttarlaget Veum 4 2017 1900 633 1267 Motorsportanlegg FMSK Flyplassen 5 2017 2400 400 800 400 800 Birtedalen løypelag Birtedalen LP Birterdalen 6 2017 6200 1600 1600 1500 1500 Sum 37952 150 1184 1368 1250 3883 4917 4850 4900 3450 6150 4000 1850 Uprioritert handlingsprogram 2020-2023 Finansiering (i 1000 kr) Drift pr. år Byggje- Kostnad 2019 2020 2021 2022 Anleggstype Eigar Stad start km pm Anlegg km sm pm km sm pm km sm pm km sm pm km= kommunale midlar pm= private midlar sm= spelemidlar N= nærmiljøanlegg Alle beløp i 1000 kr Side13
Side14
Prioritert handlingsprogram 2016-2019 Vedtak ungdomsrådet 27.10.2015 Drift pr. år Finansiering (i 1000 kr) Pri- Byggje- Kostnad 2016 2017 2018 2019 Anleggstype Eigar Stad oritet start km pm Anlegg km sm pm km sm pm km sm pm km sm pm Fleirbrukshus/samfunnsh. FK Sentrum 1 2017 500 24900 150 1250 1250 1250 4850 3000 1150 6150 4000 1850 Hamaren Aktivitetspark FK Hamaren 2 2015 75 2000 1000 1000 Fornyast Skytebane Skyttarlaget Hagedalshavet 3 2015 552 184 368 Fornyast Snokanon Skiskyttarlaget Veum 4 2017 1900 633 1267 Motorsportanlegg FMSK Flyplassen 5 2017 2400 400 800 400 800 Birtedalen løypelag Birtedalen LP Birterdalen 6 2017 6200 1600 1600 1500 1500 Sum 13052 0 1184 1368 0 2633 3667 0 1900 2300 0 0 0 Uprioritert handlingsprogram 2020-2023 Finansiering (i 1000 kr) Drift pr. år Byggje- Kostnad 2019 2020 2021 2022 Anleggstype Eigar Stad start km pm Anlegg km sm pm km sm pm km sm pm km sm pm km= kommunale midlar pm= private midlar sm= spelemidlar N= nærmiljøanlegg Alle beløp i 1000 kr Side15
Side16