Registrering av villreinen sin områdebruk innan observasjonsområdet i Nord-Fron og Sør-Fron Årsrapport 2013 Bukk i nærleiken av Purkelykkja, Gråhøområdet. Foto: Bjørn Sæta. 1
Mål og gjennomføring Målet med registreringa er særleg å få haldepunkt om korleis reinen nyttar Tjønnseterfjellet og randsonen innan leveområdet i Fron-kommunene. Dette notatet syner resultata frå registreringane i 2013. Frå Sel fjellstyre ligg det føre ein eigen årsrapport om arbeidet (sjå vedlegg 1). Bakgrunn Tjønnseterfjellet er kategorisert som eit "observasjonsområde" i gjeldande fylkesdelplan for Rondane. Det betyr at det er eit mål å kartlegge villreinen sin arealbruk nærare for bruk i vidare arealplanlegging, forvalting og vurdering av ferdsle. Dette prosjektet er ein direkte oppfylgjing av planen sin handlingsdel. Fylkesdelplanen er nå til revisjon, og ny kunnskap er difor viktig i den samanhengen også. Som supplement til pågåande prosjekt med data frå GPS-merka simler i Rondane er det viktig med slike kartfesta observasjonar av bukkeflokkar, då ein ikkje har merka bukkar i GPS-prosjektet. Såleis vil ein få nokre haldepunkt om korleis bukkeflokkane utnyttar området i høve til simlene. Tjønnseterfjellet/Gråhø er ein randsone som utgjer viktige habitat for reinen i Rondane. Det vart lagt opp ein plan for observasjonsprogram der ein frå faste punkt og utvalgte trasear skulle avsøka terrenget ved hjelp av kikkert og teleskop. Så langt mogleg skulle eit få oversyn over flokkane sin lokalisering, tal og struktur (kjønns- og aldersfordeling). Om våren og forsommaren søkjer bukkeflokkane ned mot fjellbandet for å finna tidleg groe/beite med mykje råprotein, som er avgjerande for oppbygging av muskelmasse og gevir. På grunn av stort energiforbruk under brunsten kan bukkane ofte vere i dårleg kondisjon når dei møter vinteren. Samstundes er dei fortrengt frå dei beste vinterbeita av dei no dominante simlene. Trongen til slikt beite er så sterk om våren at bukkane kan trekkja langt ned i fjellskogen, der slike beiteemne er tidleg tilgjengelege. Resultata viste at heile Tjønnseterfjellet/Gråhø i større eller mindre grad vart nytta av rein, mest bukk. Det ser ut som området Nåsåberget Gravdalsfjellet - Rundkollen Brattfjellet samt Veslefjellet, var dei mest sentrale områda i. I tillegg nytta reinen områder nede i skogen ved t.d. Tjønnsetra. Det var også ein del beiting inne på ulike kveer i vårsesongen. I 2012 vart for fyrste gong observert ein fostringsflokk i området. Ein hadde i prosjektperioden 2007-2013 også registrert kjente fangstgroper i Tjønnseterfjellet. 4 i Framre Fiskedalen og 4 i Gravdalsmunningen, samt 1 grop ved Skarven og 2 ved Fjelltjønn. I tilgrensande område har ein kartlagt fangstgropanlegg langs Store-Ula og fangstruse på Bløyvangen. Anlegga viser at det har vore stor trafikk av rein i desse områda i tidlegare tider. Det kom ikkje melding om nye fangstgroper i 2013. Det er viktig å sjå reinen sin bruk av leveområda over lang tid, da den er svært dynamisk og vekslar i takt med ulike påverknader både naturgjevne og menneskeskipa. Såleis får ein også betre kunnskap om kva slike øyfjell betyr for bestanden. Meir data frå dette området vil difor kunne gje meir kunnskap om dette og flokkane sin arealbruk generelt. Ein vil difor halda fram med å registrera reinsflokkar i området, etter same opplegg som tidlegare. I tillegg er det ynskje om å få opplysningar om strukturen (kjønns- og alderssamansetjing) i den einskilde flokken. Sjå elles rapport om desse registreringane i Jordhøy (2010). Opplegg, prosedyre og resultat Det vart lagt opp ein plan for observasjonsprogram der ein frå faste punkt og utvalgte trasear skulle avsøka terrenget ved hjelp av kikkert og teleskop. Så langt mogleg skulle eit få 2
oversyn over flokkane sin lokalisering, tal og struktur (kjønns- og aldersfordeling). Ein skulle på turar i terrenget også registrera gamle fangstminner som har vore nytta til villreinfangst, då desse er ein viktig referanse for reinen sin arealbruk i tidlegare tider. Frå og med 2013 vart også Grimsdalen med som observasjonsområde i prosjektet. Data herfrå vil inngå i rapporteringa frå og med 2014. Feltarbeidet vart gjort av Villreinutvalet for Rondane Nord i samarbeid med lokale jegrar. Registratorar: Arne Røssummoen, Magne Fjellseth, Ivar Sletten, Svein Dalseghagen. Prosjektet har ei faggruppe som består av Geir Johan Groven (Nord-Fron kommune - prosjektleiar), Morten Liebe (Villreinnemnda i Rondane-Sølnkletten), Per-Erik Sannes (Sel fjellstyre), Trond Toldnes (Dovre fjellstyre), Per Jordhøy (NINA) og Hans M. Ulberg (Sør-Fron kommune). Det er eit årleg kontaktmøte med representantar for grunneigarane. Observasjonspunkt/ruter Gråhø/Tjønnseterfjellet 1. Peer Gynt seterveg, Kvam Vinstra. Oversyn nord (Sukkertoppen), heile vestsida av området og nordsida av Veslfjell og Krøkla. Denne ruta blir mest nytta. 2. Skjerelhøa Skjerelfjellet. Godt oversyn, med kikkert og teleskop dekker ein nesten heile området i nord aust (t.o.m. Brattfonna og Gravdalsfjellet). 3. Gravdalsvegen parkeringsplass på toppen ved Kneppa. Oversyn ovar vestsida, frå Gravdalsfjell i nord til Veslfjell i sør. 4. Tjønnsetervegen. Oversyn frå nordlegaste delen av området(sukkertoppen) til Gravdalsfjellet i sør, samt vestsida. 5. Kvarvet/Østkjølen seterveg. Oversyn over sørlege delen, Veslfjell, Krøkla og Grønfjell. I tillegg er det gått til fots ein del, særleg på våren da det har kome melding om spor (området mellom Sulseter og Tjønnseterfjellet), og under reinsjakta (lokale registratorar). Frå 2013 vart også Kuva og Veslefjellet i Rondane nord med i observasjonsprogrammet. Her har Trond Toldnes, Dovre fjellstyre, vore kontaktperson. Data frå dette området vert rapportert fyrst i årsrapporten for 2014. Flokkdata og inntrykk frå 2013 Totalt vart det observert 30 reinsflokkar og sporteikn etter 2 flokker. Det vart registrert nøyaktig flokkstorleik på 24 flokkar og desse talte til saman 170. Ein fekk ca tal på 8 flokkar. Alle observerte flokkane unntatt ein bestod av bukk (tabell 1). Lokaliseringa av flokkane framgår i figur 1. Inntrykka i 2013-sesongen: Ein del dyr kom over sørfrå og har vore mykje på SørFron-sida av området. Det vart på det meste observert 26 dyr samstundes. Flokkane er i området heilt til brunsten kjem, dvs. til starten av september. Det var også i 2013 ein blandaflokk i området nokre dagar. Det er berre jegerar med fridyrkort som kan jakte i området, og to dyr vart felt her hausten 2013. 3
Obstype Observatør Dato Ca. flokk str. Nøyaktig flokk str. Bukkeflokk Fostringsflokk Blandaflokk Ferske sportegn Sporretning Lokalitet Kommune Sonebelte UTM ØST UTM NORD UTM kart/gps Ca. obs. avst. M Bevegelse Tabell 1. Stadfesta observasjonsdata frå feltmannskapet i 2013, fordelt på flokkstorleik, flokktype, observasjonslokalitet m.v. Feltregistrering rein i Rondane nord Gråhø 2013 * * kryss av * * * 1 is 20.06.2013 8 x brattfonna nord-fron 32v 546407 6840641 1 1 is 19.08.2013 3 x brattfonna nord-fron 32v 546364 6840305 1 1 mf 30.06.2013 1 x brattfonna nord-fron 32v 546724 6839924 1 250 1 1 jf 03.07.2013 15 x seterlysa nord-fron 32v 544925 6841119 1 2 1 jf 07.07.2013 5 x rundkollen nord-fron 32v 544781 6841909 1 1 1 mf 30.07.2013 15-20 x gravdalsfjellet nord-fron 32v 543622 6840461 1 1500 2 1 mf 30.07.2013 1 x lystjønna nord-fron 32v 545104 6839277 1 300 2 1 mf 02.08.2013 5 x brattfonna nord-fron 32v 546318 6840302 1 200 1 1 mf 04.08.2013 2 x brattfonna nord-fron 32v 546129 6840496 1 300 1 1 mf 14.08.2013 5 x brattfonna nord-fron 32v 546462 6840775 1 150 1 mf 19.08.2013 5 x nåsåberget nord-fron 32v 544089 6842451 1 600 4 mf 10.09.2013 15-20 bergimmellom nord-fron 32v 542746 6845122 1 2 sd 19.05.2013 8 x 1 torvmyra sør-fron 32v 548576 6831470 1 2 1 sd 19.05.2013 12 x gråsteinssletta sør-fron 32v 548520 6832954 1 250 1 1 sd 26.05.2013 26 x kollbergbekken sør-fron 32v 547979 6830959 1 200 2 2 sd 15.06.2013 8 x 1 krøkla sør-fron 32v 548259 6836098 1 1 sd 04.09.2013 2 x hovdtjern sør-fron 32v 549871 6840463 1 50 2 1 sd 07.09.2013 7 x reiptjønn nord-fron 32v 548329 6840068 1 800 2 1 sd 09.09.2013 16 x krøkla sør-fron 32v 549426 6836316 1 200 2 1 sd 13.09.2013 30-35 x reiptjønn nord-fron 32v 548424 6839810 1 700 2 1 pes 11.06.2013 2 x veslfjell nord-fron 32v 546482 6833484 1 1300 1 1 pes 01.08.2013 6 x gravdalsfjellet nord-fron 32v 543372 6840490 1 1000 1 1 pes 27.08.2013 2 x gravdalsfjellet nord-fron 32v 542451 6840770 1 1000 2 4 pes 28.07.2013 1 x purkjelykkja nord-fron 32v 537574 6841483 1 100 1 4 pes 30.07.2013 1 x purkjelykkja nord-fron 32v 537690 6841665 1 50 1 1 gh 19.05.2013 25 x dyrka mark sør-fron 32v 547286 6831900 2 800 1 1 gh 21.05.2013 25 x dyrka mark sør-fron 32v 548404 6832808 2 150 2 1 gh 25.05.2013 25 x dyrka mark sør-fron 32v 547553 6831962 2 1000 1 1 gh 26.05.2013 20-30 x seterkve sør-fron 32v 547362 6832953 2 3100 1 1 gh 24.06.2013 7 x grønfjell sør-fron 32v 546638 6833007 2 2100 1 1 ar 14.07.2013 5 x gravdalsfjellet nord-fron 32v 543099 6840607 1 1 1 gh 25.06.2013 8 x torvmyra sør-fron 32v 548404 6832808 2 500 2 FORKLARING: Observasjonstype: 1) observasjon 2) spor 3) kadaver 4) melding Sporretning: Angi himmelretning; 1:nord, 2:nordøst, 3:øst, 4:sørøst, 5:sør, 6:sørvest, 7:vest, 8:nordvest Flokkstørrelse: Dersom ikke faktisk antall ble registrert: Angi i kategorier, f eks: 1-10 dyr 11-30 dyr 31-100 dyr, 101-300 dyr og > 300 dyr UTM: anngi om 1) lest fra kart, eller 2) eksakt GPS posisjon for observasjonen Bevegelse: 1) beiter/står stille, 2) naturlig forflytning, 3) skremt og påflukt 4
Figur 1. Utbreiing av flokkobservasjonane i Tjønnseterfjellet i perioden 2007-2013. Kommentarar Det er viktig for forvaltinga å få slike data som blir samla inn i dette prosjektet, både for Rondane og generelt sett. Det ville vera ein styrke om ein i tillegg kunne få meir data om aldersfordelinga i bukkeflokkane. 5
Referansar Jordhøy, P. 2010. Registrering av villreinen sin områdebruk i Tjønnseterfjellet - Gråhø, Nord- Fron og Sør-Fron kommunar 2007-2009. NINA Rapport 558. 17 s.+ vedlegg. 6
VEDLEGG 1. NOTAT GRÅHØPROSJEKTET 2013. Metode Foruten regelmessig registrering av undertegnede har det vært gjort en stor innsats fra lokale jegere. Dette gjør at vi har god oversikt over flokkene som har vært i området. Registreringene har vært prioritert til den perioden det er rein i området, fra våren til høst. Registrert arealbruk Hele området brukes i større eller mindre grad av rein. Det ser ut som området lengst sør som grønfjell og kvarvet ble mer benyttet enn tidligere år. Området Nåsåberget Lystjønna Brattfonna - Gravdalsfjellet var også benyttet mye i 2013. Reinen har benyttet området nord for Gravdalsfjellet i mindre og mindre grad de to siste årene. Økende ferdsel fra hyttene i området samt et tett turstinett kan være årsaken til dette. Antallet observasjoner Det er 32 observasjoner av rein, eller spor etter rein.. I 2013 ble det foretatt minimum 44 observasjonsturer i perioden 2.5. - 17.9. Mange av de lokale registratorene er fortsatt for dårlige til å notere når de ikke observerer rein, slik at dette tallet er noe høyere. Første observasjon i Gråhøa ble gjort 19.5. siste observasjon ble gjort 13.9. Struktur i flokkene/total antall. Det er struktur tellet 6 flokker til sammen 14 dyr(mange enkeltdyr). I år kom tydeligvis bukkene over i mindre flokker, største tellet flokk var 26. Dette er sannsynligvis ikke totaltallet. I tillegg er vi usikre på om all bukken fra Vulufjell trakk fram på Tjønnseterfjellet i år. Antallet bukk på minimumstellingen i Vulufjell som ble gjort i mars var 58(37 + 19) samt at det gikk noe bukk i fostringsflokkene. År Antall bukker Merknad 2013 (26) Største antallet tellet samtidig. Dette er sannsynligvis ikke totalantallet. 2012 60 2011 56(37) 37 kom over fra Vulufjell, de resterende antas å være bukk fra Rondane sør. 2010 52 2009 44(22) Usikkert antall, antagelig var det 2 flokker som trakk over fra Vulufjell på omtrent samme antall, uten at disse ble sett samtidig 2008 63 2007 34 Flokktyper. Hovedsakelig er det bukkeflokkene som bruker Tjønnseterfjellet fra april/mai til august/september. Det er bukker i alle alderskategorier(1, 2 og 3 år og eldre) 7
Det ble også i år registrert en blanda flokk i selve Tjønnseterfjellet den 13.9 ved Reiptjønna. Dette var 30-35 dyr (simler, kalver og bukk). Simler og kalver er fredet i området, som et ledd i å få fostringsflokkene til å benytte området til beite. Dette bør videreføres. Kulturminner Det var ikke registrert nye kulturminner i 2013. Graver. Det er ikke registrert nye graver i området i 2013. Otta 21.11.2013 Per-Erik Sannes 8