OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 18.03.03 Tid: 08.30 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298 Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 13.03.03 Ordførar Rådmann
MØTEBOK SKATEANLEGG, KUVENTRÆ Saksbehandler: Karl Ole Midtbø Arkiv: Arkivsaksnr.: 03/00292 Saksnr.: Utval Møtedato 0039/03 Os Formannskap 18.03.03 0004/03 Ungdommens kommunestyre 17.03.03 Framlegg til vedtak: Os formannskap rår til at Os kommune legg til rette for etablering av eit skateanlegg på Kuventræ i tråd med framlegg til løysing som kjem fram i saksutgreiinga. Styret peikar på at dette vil kunna gje rom for mykje og positiv aktivitet for ei stor gruppe ungdom, og at eit slikt fleirbruksanlegg vil vera eit viktig tillegg til dei andre idretts- og nærmiljøanlegga som det vert satsa på. Forvaltingsstyret ynskjer at tilrettelegginga skal kunne gjerast snarast råd, og ber administrasjonen vurdera om det kan finnast eigne midlar til tiltaket. Dersom slike midlar kan finnast rår ein til at naudsynt, positivt vedtak vert gjort. Os, 10.03.03 Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann
Vedlegg: Kart over det aktuelle området Notat frå Os idrettsråd, dagsett 5. desember 2002 Kartskisse, der Os turn har teikna inn framlegg til plassering av skaterampe Ideskisse frå arkitekt Alice Bigom (repr. for foreldre) Bilete som syner døme på aktuelle installasjonar i skateanlegg Saksopplysningar: Skatemiljøet i Os har tidvis vore rimeleg aktivt, og trongen for å leggja tilhøva til rette for skatarane har lenge vore kjend i administrasjonen og blant politikarane. Det er i dag etablert eit utandørs skateanlegg på Søfteland, sjølv om dette enno ikkje er ferdig utbygd. Skatarane på Søfteland er vorten ein del av Søfteland Turn og i drettslag, og laget har fått tilsegn om tippemidlar til bygging av skaterampe på anlegget. I Os sentrum har skatinga stort sett gått føre seg utandørs, på vegar og fortau, og tidvis under leskuret ved Os ungdomsskule. Os skateklubb (m/foreldre) gjorde ein stor innsats med å laga seg eit innandørs alternativ i Vognhallen for ein del år sidan, men det er godt kjend korleis lagnaden til dette alternativet vart. Etter at vognhallen brann har ein frå kulturkontoret freista å finna alternative lokale til aktiviteten, utan å lukkast. Ei tid såg det for at ein kunne få til noko i tilfluktsromma ved Flåten senter, ei tid var det aktuelt å leiga lokale til føremålet saman med Alternativ skule, då det framleis var snakk om å plassera denne i Os næringspark. Denne løysinga måtte ein går bort frå av økonomiske grunnar. Hallen som no vert nytta som saltlager i Kolskogen vart vurdert som aktuell, men plasseringa var ikkje god, og det vart vurdert som dårleg økonomi å evt måtta byggja ny hall til saltlagring. Ein har vidare undersøkt m det finst ledige lokale i Kolskogen, og ein har henta inn tilbod på bygging av ein enkel, liten hall på Kuventræ, på vestesida av grusbanen. I samband med desse planane kom det reaksjonar frå naboar, og Os turnforening har seinare etablert 7arbane på dette området. Felles for dei løysingane som har vore aktuelle er at dei fleste av dei ville vorte halvgode naudløysingar. Mogeleg løysing Det er framleis mogeleg å plassera ein skatehall på Kuventræ, men plassen som no peikar seg ut som mest ideell er på den motsette sida av grusbanen, mellom idrettshallen og Kuventræ skule. Her er det allereie bygd sandvolleyballbane, og Os turn skal plassera ballbingen sin i same området. Vi har vore i kontakt med Os turn om saka, og både klubben og Os idrettsråd uttalar seg svært positivt til tanken om å få plassert eit skateanlegg i tilknyting til dei andre aktivitetane. Dette vil utvilsamt kunna gje positive vekselverknader mellom dei ulike idrettsmiljøa, og løysinga kan vera ei effektiv utnytting av eit området som i dag ligg unytta (sjå vedlagte kartskisse). Naudsynte tiltak Ein vesentleg del av det aktuelle området er myrland, og for at det skal vera mogeleg å plassera skateanlegget der må det fyrst gjennomførast masseutskifting i ein del av området. Det vert her snakk om å masseutskifta eit område på inntil 2000 kvm med ei gjennomsnittleg djupna på Side 3 av 5
2 2,5 m. Før ei gjer tiltak må det gjerast nøyare vurdering av omfanget, og førebels vurdering stadfestar at dette kan gjerast utan kostnad, ved bruk av armeringsjern. Massar til å fylle i myra kan finnast ved å sprengja vekk det som står att av knausen sør om idrettshallen, då dette høver godt med ynskje om vidare planering av dette området. Dersom dette ikkje er nok kan ein vurdera å ta noko av haugen ved inngangen til idrettshallen. Dette vil då kunna utløysa fleire parkeringsplassar for området. Eit anna alternativ, som sjølvsagt vil ta mykje lengre tid, kan vera å sjå saka i samband med saka om badeanlegg. Dersom dette vert plassert på Kuventræ kan ein løysa trongen for massar i samband med anleggsarbeidet som då vil koma. Det er ikkje svært mykje massar som skal til, så det kan difor også vurderast om det kan hentast noko frå private tiltak. Kostnaden med masseutskifting og planering/asfaltering av det aktuelle området er berekna til om lag kr 500.000,-. I denne kostnaden ligg det utgraving, transport av myrmassane, sprenging av stein, transport av stein, planering, avretting og berelag. Dersom den aktuelle summen ikkje strekk til kan det vurderast å masseutskifta eit mindre område. For å få utnytta området, enten det er til skating eller andre aktivitetar, er dei omtala tiltaka det fyrste som må gjerast. Kva skal ein byggja? Då vi gjekk med tankar om bygging av ein hall vest om grusbanen fekk vi eit tilbod om bygging av ein 12 x 20m stor, uisolert hall. Storleiken var bestemt etter råd frå BASE i Bergen, og ville venteleg kunna romma aktiviteten knytt til skaterampen (halfpipe) som Os skateklubb fekk i gåve frå Terje Håkonsen-fondet (no lagra i Fossen ). Sidan den gong er ynskje om aktivitetsområde formulert på ein litt annan måte, der fleksibiliteten er større og anlegget kan verta til glede for endå fleire. Den nye løysinga gjev også rom for endringar i bruken etter korleis trendaktivitetane vil endra seg i tida som kjem. Etter å ha vedteke kor stor del området ein vil kunna nytta til dette føremålet vil det kunna lagast ein plan der halfpipen står innandørs, og er sikra, medan mykje av aktiviteten kan drivast utandørs. Sjølve hallen treng ikkje vera stort større enn 10 x 10 m, men dette bør sjølvsagt vurderast opp mot at trendane kan endra seg. Det kan lagast humpar, bogar (donuts) og asfaltbølgjer som skatarane kan nytta til kunstane sine, og som også kan vera til stor glede for skuleborna, til dømes i samband med vinteraktivitetar. Denne todelte løysinga vil også gje høve til å trekkja innandørs når veret er dårleg. Det aktuelle området ligg svært lageleg til i høve til resten av idrettsanlegget. Opparbeiding av området vil gje betra tilkomst til fleire av fotballbanane, det vil liggja nær inntil ballbingen og sandvolleybanen, og det ligg fint til i høve til hovudanlegget. Alt som skal byggast oppå den planerta flata bør kunna realiserast gjennom dugnad og tilskot frå tippemidlar. Den kommunale innsatsen bør i denne samanhengen kunna avgrensast til tilrettelegging av arealet. Organisering av aktiviteten I arbeidet med denne saka har det vore ein utfordring at skatemiljøet, naturleg nok, har vore varierande med omsyn til aktivitet og organisering. Mange vil hevda at skatarane tilhøyrer det vi kallar uorganisert ungdom, men dette er ikkje rett. M.a. gjennom arbeidet som vart gjort i samband med etableringa i vognhallen synte klubben stor evne til å organisera seg. Dersom ein skal satsa på eit kostnadskrevjande anlegg kan det likevel vera ynskjeleg at organiseringa vert strama opp, og at engasjerte foreldre tek ein del ansvar for drifta. Eit alternativ er at Side 4 av 5
skateklubben søkjer om å få verta ein eigen del av t.d. Os turnforening. Ein fastare organisering vil t.d. vera ei føremon i samband med søking om tippemidlar. Kultursjefen har heilt nyleg vore i kontakt med foreldra til nokre av skatarane, og det er no klart at m.a. Sam Arnesen og Alice Bigom vil ta del i ei evt. vidare utvikling av planane. Dei har mellom anna gjort avtale med leiaren for Os skateklubb om å hjelpa til med økonomistyringa i klubben. Klubben har ein del midlar som ein vonar skal kunna gå til innkjøp av utstyr til eit anlegg. Konklusjon/alternative innhald i vedtak Det vil vera ei stor føremon om ein kan få tilrettelagt området i løpet av året, i samband med at Os turn likevel skal leggja til rette for ballbingen. Dette vil då kunna gje skatarane eit alternativ til å driva aktiviteten på vegar og fortau i sentrum, sjølv om ein ikkje har fått på plass alt som skal byggjast. Det kan vidare vurderast om ein kan få til mellombels løysingar for overbygg fram til ein får tippemidlar. Med ei slik løysing vert det ein føresetnad at det kan løyvast ei økonomisk ramme for tilrettelegging på kr 500.000,-. Eit alternativ er å sjå heile prosjektet i heilskap og venta med å gjera noko før ein kjem i posisjon for søking om tippemidlar. Dette kan tidlegast gjerast i 2004, og anlegget kan venteleg ikkje nyttast før hausten same året. Dette betyr også at det må leggjast til rette for ballbinge og skateanlegg i to operasjonar. Eit tredje alternativ er venta med vidare vurdering til etter at det er vedteke om det skal byggjast badeanlegg på Kuventræ, og så prosjektera begge anlegga under eitt. Dette vil venteleg ta såpass lang tid at det vil vera til liten glede for dei som driv skating i dag. Eit siste alternativ vil vera å be administrasjonen å vurdera løysingar andre stader enn på Kuventræ. Til no verkar slike løysingar vanskeleg å få til. Løysing på kort sikt Kultursjefen vil ta opp med Os kulturutvikling og Os skateklubb om Vognhallen framleis kan tena som eit alternativ på kort sikt. Her må skateklubben vurdera om underlaget/golvet kan brukast utan at det vert stor fare for skadar, og Os kulturutvikling må vurdera korleis dette evt kan høva med framdriftsplanen for legging av nytt tak på hallen. Os, 9. mars 2003 Karl Ole Midtbø Kultursjef Side 5 av 5