Nynorsk 2012 kmål Vaksine for førebygging av livmorhalskreft tilbod til jenter i 7. klasse Informasjon til barn og foreldre Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet 1
Frå hausten 2009 får alle jenter i 7. klasse tilbod om vaksine mot humant papillomavirus (HPV). Som for alle vaksinar i barne vaksinasjonsprogrammet er dette eit tilbod de kan velje om de vil ta imot. Jentene bør vere godt informerte om vaksinen, og foreldra skal leggje vekt på meiningane deira. Gå gjerne gjennom denne brosjyren saman. Her finn du informasjon om livmorhalskreft og om korleis HPV-vaksinen kan verne unge jenter mot sjukdommen seinare i livet. Det blir forklart korleis vaksinasjonen blir gjennomført og opplyst om moglege biverknader av vaksinen. Vil du vite meir om HPV og HPV-vaksinen, kan du snakke med helsesyster på skolen eller lese meir på nettsidene til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no/hpv-vaksine EIT VIRUS ER ÅRSAK TIL LIVMORHALSKREFT Livmorhalskreft er forårsaka av eit virus som er kalla humant papillomavirus (HPV). Det finst mange typar HPV-virus. Kvar type har sitt eige nummer. Minst 12 HPV-typar kan gi livmorhalskreft. Dei to vanlegaste er HPV 16 og HPV 18. I Noreg er desse to virustypane årsak til ca. 70 prosent av alle tilfelle av livmorhalskreft. HPV smittar svært lett ved seksuell kontakt og gir vanlegvis ikkje symptom. Dei fleste får ein HPV-infeksjon i løpet av livet. Det er vanlegast å bli smitta i ung alder. HPV-infeksjonar forsvinn i dei fleste tilfelle av seg sjølv. Dersom ein infeksjon med kreftframkallande HPV blir langvarig, kan det utvikle seg forstadium til livmorhalskreft (celleforandringar). Slike forstadium kan utvikle seg vidare til livmorhalskreft. (Sjå figuren av livmorhalsen på neste side.) 2
OM LIVMORHALSKREFT Livmorhalskreft er ein alvorleg sjukdom. I Noreg får 250 300 kvinner sjukdommen kvart år. 75 100 kvinner døyr årleg av denne kreft forma. Utvikling av livmorhalskreft tek vanlegvis 10 30 år. Somme får sjukdommen i ung alder, og i underkant av 40 % av dei som får diagnosen, er under 45 år. Kvart år blir rundt 3 000 kvinner opererte for alvorlege forstadium til livmorhalskreft, for å unngå vidare utvikling til kreft. Gravide som tidlegare har gjennomgått ein slik operasjon, vil ha større risiko for å abortere eller for at barnet blir født for tidleg. Eggstokk Livmor Livmorhalsen er nedste delen av livmora Skjede OM KJØNNSVORTER Somme typar HPV kan gi vorter i og rundt kjønnsorgan/endetarmsopning, men desse typane er ikkje kreftframkallande. Kjønnsvorter forsvinn ofte av seg sjølv. Det finst også behandling. Nesten alle tilfelle av kjønnsvorter kjem av HPV 6 eller 11. 3
SLIK VERNAR HPV-VAKSINEN HPV-vaksinen verkar førebyggjande og bør takast før ein blir utsett for smitte. I vaksinasjonsprogrammet blir HPVvaksine derfor tilbydd til jenter i god tid før det som er gjennomsnittleg seksuell debutalder i Noreg. HPV-vaksinen vernar mot HPV 16 og 18 og dei forstadia til livmorhalskreft som desse to HPV-typane er årsak til. Vaksinen dekkjer ikkje andre kreftframkallande HPV-typar. Forstadium til kreft er ein føresetnad for at livmorhalskreft kan oppstå. Sidan kreftutvikling tek mange år, kan det ta 10 30 år før den førebyggjande effekten av HPV-vaksinen mot livmorhalskreft endeleg kan stadfestast. HPV-vaksinen som blir gitt i barnevaksinasjons programmet (Gardasil ), vernar i tillegg mot kjønnsvorter som kjem av HPV 6 og 11. Vaksinen gir over 95 % vern mot HPV 6, 11, 16 og 18. Erfaring viser at vaksinen framleis har vernande effekt i meir enn 7 år etter vaksinasjon. Kor lenge vernet varer, blir nøye overvaka av legemiddelmyndigheitene. Dersom det blir behov for det, vil det bli tilrådd å ta ein oppfriskingsdose. 4
SLIK GÅR VAKSINASJONEN FØRE SEG Vaksinen blir sett med ei tynn nål i overarmen. For å bli fullvaksinert må du få 3 dosar i løpet av 6 12 månader. Vanlegvis blir andre dose gitt 2 månader etter den første, og siste dose blir gitt 6 månader etter første dose. Før vaksinasjonen vil helsesyster spørje deg om du er frisk, og om du har hatt reaksjonar etter tidlegare vaksinar. Hugs å informere dersom du bruker medisinar eller har allergi eller andre helseproblem. Det er trygt å bli vaksinert sjølv om du er forkjølt eller litt ute av form. Det er likevel vanleg å utsetje vaksinasjonen ved akutt sjukdom og ved feber over 38 grader. Somme tykkjer det er litt vondt og ubehageleg å få vaksine, og enkelte kan svime av. Er du engsteleg for dette, eller tidlegare har opplevd å bli uvel ved vaksinering, kan du be om å få liggje når vaksinen blir sett. Som ved alle andre vaksinar må du vente i ca. 20 minutt hos helsesyster etter at vaksinen er sett. 5
BIVERKNADER OG TRYGGLEIK HPV-vaksinen er utprøvd i store internasjonale undersøkingar og er godkjend av Statens legemiddelverk. Slik godkjenning byggjer på ei grundig vurdering av effekt og risiko ved vaksinane. Dei vanlegaste biverknadene av HPV-vaksine er hevelse og ømheit i armen der vaksinen er sett. Dette blir borte etter få dagar. Kortvarig feber, hovudpine, kvalme, oppkast, diaré og magesmerter er også rapportert. Alle vaksinar kan i sjeldne tilfelle utløyse ein allergisk reaksjon i form av utslett og kløe straks etter at vaksinen er gitt. I svært sjeldne tilfelle kan meir alvorlege allergiske reaksjonar oppstå. Helsepersonell som vaksinerer er førebudde på å handtere slike situasjonar. Bortsett frå nokre svært sjeldne allergiske reaksjonar er det ikkje dokumentert at HPV-vaksine har vore årsak til alvorleg sjukdom. Svært sjeldne biverknader kan ein aldri sjå heilt bort frå; slike kan opptre først etter at svært mange personar har fått eit nytt legemiddel. Derfor overvaker legemiddelmyndigheitene dette kontinuerleg. Alle alvorlege og uventa symptom som skjer etter vaksinasjon, skal rapporterast til legemiddelmyndigheitene. Rapportane blir grundig undersøkte for å finne ut om symptoma kom av vaksinen eller av ein sjukdom som tilfeldigvis oppstod samtidig med vaksinasjonen. Symptom som oppstår etter vaksinasjon, treng ikkje vere ein reaksjon på vaksinen, men kan vere teikn på sjukdom som bør behandlast. Kontakt lege om du er uroa. 6
REGELMESSIG LIVMORHALSUNDERSØKING (SCREENINGPROGRAMMET) Alle kvinner i Noreg får tilbod om undersøking av livmorhalsen kvart 3. år frå 25-års alder. Formålet er å redusere dødelegheita av livmorhalskreft gjennom tidleg å oppdage kreft eller forstadium til kreft. Screeningprogrammet har ført til markant nedgang i talet på tilfelle av livmorhalskreft. Det er viktig at også HPV-vaksinerte deltek i screeningprogrammet. Dei viktigaste grunnane til dette er at vaksinane ikkje dekkjer alle kreftframkallande HPV-typar, og at det foreløpig ikkje er kjent kor lenge vaksinane vil ha vernande effekt. Det kan heller ikkje utelukkast at andre kreftframkallande HPVtypar kan bli ei viktigare årsak til kreft enn dei to som vaksinen vernar mot. Målet er at vaksinasjon og regelmessig undersøking saman skal gi best mogleg vern mot livmorhalskreft. Gjennom forsking skal det undersøkjast korleis vaksinasjonsprogrammet påverkar utviklinga av HPV-infeksjonar og livmor halskreft. Folkehelseinstituttet, i samarbeid med Kreft registeret og HPV-referanselaboratoriet ved Akershus universitets sjukehus, er ansvarlege for dette forskingsprogrammet. REGISTRERING I SYSVAK Som all annan vaksinasjon i barnevaksinasjonsprogrammet skal HPV-vaksinasjon registrerast i det nasjonale vaksinasjonsregisteret SYSVAK. I SYSVAK blir namn, fødselsnummer, bustad, vaksine og vaksinasjonsdato registrert. 7
GREITT Å VITE n Tilbodet om HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet gjeld jenter i 7. klasse. Dersom ein ønskjer vaksinen til eldre jenter, eller vil utsetje vaksinasjonen, må ein ta kontakt med fastlegen og dekkje utgiftene sjølv. n Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår at HPV-vaksine blir inkludert i nasjonale barnevaksinasjonsprogram. HPV-vaksine er innført i barnevaksinasjonsprogram i mange land. n 95 millionar dosar av HPV-vaksinen Gardasil er distribuerte over heile verda (april 2012). n HPV-vaksine består av kunstig framstilte partiklar som liknar delar av overflata på HPV-virus. Vaksinen er ikkje levande, inneheld ikkje virusarvestoff og kan ikkje gi HPV-infeksjon. n Ingen vaksinar i barnevaksinasjonsprogrammet inneheld kvikksølv som konserveringsmiddel, heller ikkje HPV-vaksinen. n Kondom gir ikkje godt nok vern mot HPV-smitte fordi viruset også finst på hudområde i underlivet som kondom ikkje dekkjer/vernar. n HPV-vaksine vernar ikkje mot andre seksuelt overførbare sjukdommar. Kondom er viktig også for dei som har fått HPV-vaksine. n Vaksinering av gutar vil bli vurdert etter kvart som nye data blir tilgjengelege. www.fhi.no/hpv-vaksine utgitt av nasjonalt folkehelseinstitutt postboks 4404 nydalen 0403 oslo første ugåve august 2009 4. revisjon september 2012 bestilling av brosjyrar (oppgi målform: bokmål/nynorsk): publikasjon@fhi.no telefon: 21 07 82 00, telefaks: 21 07 81 05 andre omsetjingar for nedlasting : www.fhi.no/infoletters grafisk design: per kristian svendsen opplag: 10 000 oktober 2012 trykk: wittusen & jensen illustrasjonsfoto: lene solbakken illustrasjon s. 3: kari toverud 8