Årsmelding for 2014 - Læringssenteret Gol



Like dokumenter
Årsmelding for Læringssenteret Gol Vaksenopplæring

Årsmelding for Læringssenteret Gol

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Tertialrapport 2 tertial 2015

Gol ungdomsskule (Utval for Kultur og Levekår)

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Til: Arne Fredriksen/Økonomiavdelinga Dato: Fra: Britt Vikane Referanse: 15/ Kopi:

Rutinar for overgangen frå. barnehage til skule

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Dato: Fredriksen/Økonomiavdelinga Fra: Ingebjørg By Teigen Referanse: 15/ Kopi:

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

STATUSRAPPORT OM FLYKTNINGARBEIDET I BØ Vedlegg: Ingen

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Anne Tove Sjøthun Nyheim Arkivsaksnr.: 13/392

SAK 49/15 ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Sak ÅRSBUDSJETT 2016 OG ØKONOMIPLAN

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Plan for overgangar. for barn og unge

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

BUDSJETTNOTAT - Vedlegg 2 MOTTAK AV FLYKTNINGAR I 2018

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

NAV- tenester over grenser PROSJEKTPLAN EIT ARBEIDSRETTA INTRODUKSJONSPROGRAM

Flyktningplan for Balestrand kommune

Hornindal kommune. Innkalling. Sakliste. Utval: Utval for Oppvekst og Helse Møtestad: Smia Dato: Tid: Kl. 14:00-16:00

Frå dikt til teikneserie

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Kva har desse tre med integrering å gjere? Paris 1919

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 026/14 Formannskapet PS /2014 Kommunestyret PS

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Sandeid skule SFO Årsplan

Utviklingsplan for Vigrestad skule. Dagfrid Bekkeheien Skrettingland

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Spesielle forhold knytte til spørsmål i skjema RA 0604 Partifinansiering 2014 («Ofte stilte spørsmål»)

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Korleis lukkast med busetting?

Tertialrapport

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Øystese barneskule April - 08

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

Nasjonal dugnad. Alle gode krefter lokalt og nasjonalt dreg i same retning for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring

Framlegg til statsbudsjett og andre satsingar i 2014

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) skjema. nynorsk

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Innst. 109 S. ( ) Innstilling til Stortinget frå familie- og kulturkomiteen. 1. Samandrag

Varsel om felles nasjonalt tilsyn med Lindås kommune - kommunen si forvaltning av introduksjonslova - krav om individuell plan

Høle Barne- og Ungdomsskule Skulebasert praksisplan for Høle Barne- og Ungdomsskule 2016

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

ÅRSMELDING VIGRESTAD SKULE

Inntak til vidaregåande skule for søkjarar med fortrinnsrett, søkjarar med rett til individuell handsaming og minoritetsspråklege søkjarar.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Videregående opplæring. Unntatt offentlighet jf. Forvaltningsloven 13

GODKJENNING AV MØTEBOKA Det vart merka at språket i møteboka vekslar mellom nynorsk og bokmål. Dette må verte betre.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

Minoritetsspråklige elever i grunnskole og videregående opplæring. Christian Øhren Nordset, Fylkesmannen i Buskerud

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Kulturavdelinga (Utval for Kultur og Levekår)

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Saksprotokoll. Kommunestyret Sak: 106/12. Tittel: :: Kommunale avgifter og betalingssatsar 2013 Arkivsak: 12/3133

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar 2016

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Vidaregåande opplæring for voksne i Møre og Romsdal fylkeskommune Ansvar og omfang

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Strategiplan for Apoteka Vest HF

3.2.4 Døme for vidaregåande opplæring: Religiøs, etnisk og kulturell variasjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2014/2206 Løpenr.: 12633/2014

Transkript:

Årsmelding for 2014 - Læringssenteret Gol OPPGÅVER OG AKTIVITETAR Læringssenteret Gol har i 2013 gitt opplæring på 3 område: opplæring i norsk og samfunnskunnskap, grunnskule for vaksne og spesialundervisning. Vi har også hatt 2 elevar frå ungdomsskulen med vedtak om forlenga skuleløp - eit 11.skuleår. 1. Opplæring for vaksne på grunnskulens område - Opplæringslova 4A-1 Læringssenteret Gol gir grunnskuleopplæring for vaksne til dei som melder behov for slik opplæring. Det er inngått avtale om eit formalisert samarbeid med alle dei andre Hallingdals-kommunane om eit standardisert løp på 2 år som fører fram til avslutta grunnskole. Alle kommunane er likestilte partnerar i dette samarbeidet og deler kostnadene. Den eksisterande avtalen blir automatisk vidareført inntil ein av partane seier opp avtalen. Vedtak om opplæring etter 4A-1 kan også gjelde tiltak av mindre omfang, for eksempel forkurs til det ordinære grunnskoleløpet og opplæring i grunnleggjande ferdigheiter. Ved utgangen av 2014 var det 24 deltakarar i grunnskule for vaksne, det høgaste talet nokon sinne. Talet var delt på 3 grupper 4 deltakarar i innføringsgruppa (forkurset til grunnskuleløpet), 13 deltakarar i år 1-gruppa (G1) og 7 deltakarar i år 2-gruppa (G2). To deltakarar, ein i G1 og ein i G2, er elevar frå ungdomsskulen med vedtak om 11.skuleår. Ein deltakar har slutta i løpet av hausten, og 4 andre søkjarar begynte aldri av ulike grunnar. Timeforbruket ved utgangen av 2014 var 74 t/u = ca. 3,7 lærarstillingar. 2. Spesialundervisning - Opplæringslova 4A-2. Læringssenteret Gol gir tilbod om spesialundervisning for vaksne individuelt eller i gruppe, i samsvar med individuell opplæringsplan for den einskilde. Når ein deltakar ikkje kan gjøre seg nytte av den ordinære opplæringa som gis etter 4A-1, kan vedkommande ha rett til spesialundervisning etter 4A-2. Vedtak om slik opplæring fattast etter sakkunnig vurdering frå PPT. I 2014 er det gjort bare fire vedtak etter 4A-2 for deltakarar frå Gol. Tre av vedtaka er for 3 deltakarar som er saman i ei gruppe. Eit vedtak er for ein einskild deltakar. I alt brukte Gol kommune bare 6 lærartimer (0,3 lærarstilling) ved årsskiftet på eigne deltakarar. I tillegg kjøper Nes kommune tenester til opplæring av ein deltakar, og Drammen kommune betaler for spesialundervisning til ein deltakar som går i den ordinære grunnskuleopplæringa. Totalt ein halv stilling blir brukt på spesialundervisning. Læringssenteret Gol administrerer logopedi og afasibehandling for vaksne og gjer avtale med HELFO om refusjon av utgiftene til behandling. 3. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap - Lov om Norskopplæring for nyleg komne innvandrarar medrekna asylsøkjarar Alle innvandrarar i dei 4 nedre Hallingdals-kommunane får si opplæring i norsk på Læringssenteret etter avtale om eit formalisert samarbeid mellom Gol, Flå, Nes og Hemsedal. Læringssenteret søkjer om alle tilskot til dei 4 kommunane. Kommunane mottar tilskota og Læringssenteret sender refusjonskrav til kommunane på tilskotsbeløpa. Den eksisterande avtalen er frå 2010, og den blir automatisk fornya inntil ein av partane seier opp avtalen. Avtalen trenger å fornyast. Læringssenteret Gol gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap for alle innvandrarar, både til dei som har rett og plikt til 600 timer (busette flyktningar og familiesameinte) og dei som må betale (arbeidsinnvandrarar) samt bebuarane i mottaka i Nes og Hemsedal.

For dei busette og arbeidsinnvandrarar tar tilbodet sikte på at deltakarane kan gå opp til og bestå Norskprøven på rett nivå. Læringssenteret gir og tilbod om nettbasert opplæring for deltakarar på høgare nivå. Asylsøkjarar i mottak har og rett til norskopplæring inntil 250 timar. Mange av mottaksbebuarane skifter status frå å være asylsøkjar til å få opphaldsløyve. Dei får då dei same rettane som busette, rett og plikt til 600 timar. Ved utgangen av 2014 var det ca. 150 deltakarar i opplæring i norsk samfunnskunnskap delt på 13 ulike grupper. Nokre av dei er tatt inn i nye grupper etter ei omorganisering i januar. Mange namn står framleis på venteliste. Timeforbruket var 205 t/u = ca. 10,3 lærarstillingar. 4. Introduksjonsprogram for innvandrarar - Lov om introduksjonsordning Alle busette flyktningar deltar på introduksjonsprogram. Dei skal ved avslutninga av programmet ha nådd mål om norskopplæring. Elles skal dei vera i løna arbeid eller i kvalifiseringstiltak i regi av NAV-arbeid, eller ha byrja på vidare skulegang. Norskopplæringa er sjølvsagt den viktigaste delen av programmet, og ved inngangen av 2015 vart ein avtale med NAV signert. Læringssenteret og NAV har i mange år samarbeidd om innhaldet i programmet, men den nye avtalen regulerer betre ansvarsfordelinga mellom NAV og Læringssenteret. Det er tilsett ein koordinator i 60% stilling til formålet. Koordinatoren samarbeider med flyktningkonsulentane. Alle deltakarar på program mottar introduksjonsstønad, og dette blir dekt av integreringstilskotet. 5. Oppsummering oppgåver og aktivitetar Elevtalet i norskopplæringa har auka det siste året. Mykje av auken skuldast at det no er mange einslige menn i mottaka. Med talet deltakarar på venteliste er det totale deltakartalet ved Læringssenteret i slutten av januar 2015 ca. 200-210. Talet har aldri tidlegare vært så høgt. Talet sprenger tilgangen på rom ved Læringssenteret, og ved inngangen av 2015 er alle grupper med deltakarar frå mottaka gjort om frå 4-dagars grupper til 2-dagars grupper. Slik kan det ikkje fortsette. Deltakarane har rettar som skal oppfyllast, og frå hausten blir det naudsynt å leie rom utanfor Læringssenteret for å gi det tilbodet dei har krav på. Det store talet har og gjort det naudsynt å sjå nærare på korleis vi organiserer kartlegginga av nye deltakarar, og korleis vi deler inn gruppene gjennom året. Lærarane arbeider med det spørsmålet for tida, og om kort tid skal vi diskutere ulike framlegg til det. Læringssenteret har og ein administrativ ressurs på 180% som er fordelt med 100% på rektor og 80% på inspektør. Talet stillingsheimlar totalt til både administrasjon, flyktningkoordinator og undervisning, er 15,1. Dette talet er for lågt. Like før årsskiftet hadde vi eit forbruk på 18,24 stillingar. Etter årsskiftet auka vi til 18,47 grunna omgjeringa frå 4-dagers til 2-dagers grupper. I tillegg har vi ein assistent i 80% stilling. I denne stillingsmassen er det både uheimla og midlertidige stillingar. I 2015 vil det bli førebudd ei sak som tar sikte på å justere talet på stillingsheimlar. Med auke i talet deltakarar fylgjer og auke i tilskota, og Gol kommunes kostnader har ikkje auka. Det vil tala på neste side syne.

ØKONOMI Fordeling - rekneskapsartar (heile 1.000 kr) R 2013 Just B 2014 R 2014 Sum driftsutgifter 12816 13948 14894 Sum driftsinntekter -10642-12154 -12114 Netto finansutg. 757 906-150 NETTOUTG. 2 931 2 700 2 630 Tabellen ovanfor syner ein reduksjon i nettoutgifter frå 2013 til 2014. Driftsinntektene har auka frå 10,6 mill. til 12,1 mill. Netto finansutgifter er nulla ut. Inntekta i 2014 på 150.000 er ikkje ein reell inntekt for Gol kommune, men ei tilbakeføring av tilskot til kompetanseutvikling for VO-sentra i Buskerud, som ved eit feiltak gikk inn i rekneskapen for 2013. Ved å samanlikne dei to tabellane ser ein at 81% av nettoutgiftene til Læringssenteret høyrer til 3151 Introduksjonsprogram som kommunen får integreringstilskot til. Med andre ord: dei reelle utgiftene til Læringssenterets primære oppgåve, som er opplæring og undervisning, er i underkant av kr. 500.000, og det er Gol kommunes del av grunnskoletilbodet for vaksne og spesialundervisning. Det er lovpålagte oppgåver. Statstilskota til norskopplæring aleine syner i rekneskapen ein auke frå 8.515.162 i 2013 til 10.506.636 i 2014. Rekneskapen for norskopplæringa går dermed ut i null for 2014. Ingen nettoutgifter. Dei låga tala for 3156 Asylsøkjaropplæring skuldast at opplæring av asylsøkjarar ikkje lenger er skild ut som eige ansvar. Det går også fram av tittelen på punkt 3 på fyrste side i denne årsmeldinga. Alle tala for dette ansvaret ligg no på 3150 Gol Vaksenopplæring. I 2015 skal det ikkje lenger være tal på 3156. Utvikling løn og sosiale utgifter korrigert for refusjonar sjukefråvær (alle tal i heile 1.000 kr): 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 Netto-løn: 5.045 5.413 6.095 8.412 10.117 10.986 9.869 11.017 Ingen særskilte kommentarar. Det er berekna ei mindre reduksjon i bemanninga frå hausten 2015. Tilgang på fleire rom gjør det mulig å ha større grupper og kanskje færre grupper. Asylsøkjer-opplæringa vil framover være bare i 2-dagers grupper. Frå 2014 er kostnaden til løn i introduksjonsprogram flytta til NAV sitt budsjett. Vedtak om introduksjonsprogram blir fatta av NAV og høyrer naturleg heime der og er ikkje lenger å finne i Læringssenterets lønsbudsjett. Alle Læringssenterets kostnader, med unntak av grunnskuleopplæring og spesialundervisning, blir dekte av tilskot og refusjonskrav. Berre det overskytande etter kostnadsdekninga blir sett av til fond. I 2014 er ingen beløp satt av til fond. Det er heller ingen inntekt frå fond. Gjennom budsjettarbeidet for 2013 og 2014 har

det vært viktig å skape eit mest mulig rett bilde av kostnadene på alle postar. Vi er i mål med det arbeidet no, og vi er særs nøgd med rekneskapen for 2014. FRÅVÆR Ansvar Ansvarsbegrep Ev. endringer Fråvær 2014 3150 Gol voksenopplæring 1,1 % 3151 Introduksjonsprogram 0,0 % 3156 Asylsøkeropplæring Flytta til 3150 0,0 % Totalt 1,1 % Her synest tala på ein annan måte: TOTALT FRAVÆR ÅR FOR ÅR: 2011 2012 2013 2014 Læringssenteret 6,0 % 7,3 % 3,2 % 1,0 % KORTTIDSFRAVÆR ÅR FOR ÅR: 2011 2012 2013 2014 Læringssenteret 1,1 % 2,0 % 2,0 % 0,9 % Ingen særskilte kommentarar. Eit langtidsfråvær som vi hadde tidlegare er no borte. Vedkommande er blitt pensjonist. Elles syner tala veldig lågt fråvær på Læringssenteret. MÅL OG MÅLOPPNÅING 2014 Ulike mål for 2014 blei oppfylt slik: Ny avtale om norskopplæring. Den gamle avtalen er frå 2010, og den er utdatert. Skisse til ny oppdatert avtale blei skriven, men ikkje fullført og sendt på høyring. Den må omskrivast på nytt. Mellom anna er rutinane for overføring av statstilskota frå våre samarbeidande kommunar og Gol kommune endra. Og IMDI skal i 2015 innføre ein ny versjon av NIR (Nasjonalt Introduksjonsregister), og da må det forhandlast med dei 3 andre kommunane om bruken av tenestene til Læringssenterets flyktningkoordinator. Han samarbeider med dei andre kommunane om både introduksjonsprogrammet og føring i NIR. Utfallet av desse forhandlingane vil påverke innhaldet i avtalen om norskopplæring. Alle avtalene skal ferdigstillast i løpet av våren 2015. Utarbeiding av nye lokale læreplaner for grunnskuletilbodet blei avslutta i 2014, men resultatet må det arbeidast vidare med og fullførast i 2015. Grunnskulemodellen blei utvida med ei innføringsgruppe skuleåret 2013-2014. Timetalet til denne gruppa blei utvida for inneverande skuleår. Den bør utvidast vidare i 2015. Vi gjorde ei realkompetansevurdering i to fag våren 2014. I mellomtida har nye malar og rutinar kome. Arbeidet med å utvikle våre ferdigheiter i realkompetansevurdering må fortsette. Avtale mellom Læringssenteret og NAV Gol/Hemsedal som regulerer ansvarsfordelinga i arbeidet med introduksjonsprogrammet blei utarbeidd og signert. Norskprøvene. VOX har no innført nye digitale norskprøver. Læringssenteret har tatt både dei nye norskprøvene og det nye prøveadministrasjonssystemet i bruk. Vi har hatt skolering av 2 lærarar på dei nye munnlege prøvene, og den opplæringa er blitt gitt vidare til resten av personalet. Læringssenteret har arbeidd med å auke vår kompetanse på Vurdering for læring. Dette arbeidet er ikkje i mål.

NYE UTFORDRINGAR I 2015 Nye erfaringar med å oppfylle rettane til mottaksbebuarar med opphaldsløyve, og å organisere opplæring for asylsøkjarane har ført til at vi frå 2015 skil dei tre målgruppene frå kvarandre. Det er for det meste praktiske grunnar til det, men all norskopplæring vil fortsatt ligge på ansvarsområdet 3150. Ny avtale om norskopplæring. Avtaler med flyktningtenesta i Nes og Flå. Innføring av ny versjon av NIR. Ny versjon av NIR aktualiserer å ta i bruk nytt fagsystem for vaksenopplæring. Dette blei vurdert i 2014, men ikkje gjennomført. No blir det meir aktuelt, og ein bør prøve å få til ei demonstrasjon i løpet av våren. Dersom det skal takast i bruk, må det vere på plass ved skulestart hausten 2015. Fullføring av nye læreplanar for fag. Ny modell for organisering av kartlegginga. Oppretting av eit kartleggingsteam. Ny inndeling av skuleåret. Noverande inndeling med å starte nye grupper bare ein gong i året er ikkje smidig nok med tanke på at det heile tida kommer nye søkjarar. Det er behov for å utvide grunnskoletilbodet til eit fulldelt 3-årig løp. Det må finansierast. Det er foreslått for rådmennene i Hallingdal at Ål Vaksenopplæring og Læringssenteret Gol blir ein skule. Då kan overskot frå tilskota til norskopplæringa finansiere delar av eller heile grunnskuletilbodet. Ikkje aktuelt før hausten 2016. Arbeidet med vurdering for læring fortsetter. Kompetanse på å gjennomføre opplæring i grunnleggjande ferdigheiter, spesielt digitale ferdigheiter, må utviklast vidare. Eit spesielt utviklingsprosjekt frå hausten vil vere å utvikle kompetanse på korleis ein kan bruke Ipad i arbeidet med å bygge opp lese- og skriveferdigheitene til svake elevar/analfabetar. Ny kompetanse på vurdering av munnlege ferdigheiter på nivå B1-B2 må spreiast i kollegiet. Det er behov for individuell styrking på einskilde elevar i norskopplæringa. Dei har ikkje rett til spesialundervisning, men Læringssenteret prøver å sette av ein liten flytande ressurs som kan brukast til dette. Auken i talet på tilsette gjør det naudsynt å opprette ei plangruppe Læringssenteret har hatt elevar frå ungdomsskulen med vedtak om 11.skuleår. Det har gitt ein del erfaringar som gjør det naudsynt med ei tilleggsavtale mellom kommunane i Hallingdal dersom Læringssenteret skal være samarbeidspartner i arbeidet med slike elevar. I samarbeid med NAV er det søkt om prosjektmiddel til eit prosjekt som heiter «Arbeidsrette introduksjonsprogrammet og norskopplæringa». Dersom vi får middel til dette, vil det bli skilt ut ei eigen gruppe med ca. 5 deltakarar som får ein eigen opplæringsplan som inneber opplæring og praksis i butikk-arbeid. Målet er å sluse deltakarane ut i fast arbeid i butikk. Bernt Fredus Kristiansen Rektor, Læringssenteret Gol Gol, 3. mars 2015