Møteprotokoll Formannskapet Møtedato: 10.03.2010 Tid: 12:00-15:45 Møtestad: Kommunestyresalen Møte leiar: Liv Kari Eskeland Faste medlemer som møtte: Namn Funksjon Representerer Liv Kari Eskeland Leder H Aud Berit Alsaker Haynes Medlem AP Ugild i sak 6/10 Jan Leivestad Medlem AP Leif-Steinar Alfsvåg til 15:15, Nestleder KRF ikkje sak 11-12/10 Jakob Bjelland Medlem SP Nils Magne Blålid Medlem SV Kåre Løkhammer Medlem V Varamedlemer som møtte: Namn Møtte for Representerer Dag Vidar Nordhus til kl. 14:45 Kristoffer Valland H Jan Arild Nesse frå 14:45, sak 11 12/10 Per Otto Årland Thor Gunnar Bjelland FRP Henny Førland Berger sak 6/10 Aud Berit Alsaker Haynes AP Me stadfester med våre underskrifter at møteprotokollen er ført i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Frå administrasjonen møtte: Namn Magnus Mjør Jarle Nakken Åsmund Storebø Stilling Rådmann Økonomisjef Kommunelege delar av møtet Det var ingen merknader til innkalling og sakliste. Stord, 10.03.2010 Marit Annie Åkra møtesekretær
ORIENTERING v/rådmann Rekneskap 2009 og rapport mars 2010 ORIENTERING v/ordførar Det vert budsjettkonferanse for formannskapet 7. april. side 2 av 8
5/10 - REFERAT OG MELDINGAR - FSK 2010 1. Godkjenning av møteboka frå 3. og 17.02.10 Ny melding: Frå fylkesmannen Stord kommune budsjett og økonomiplan Møteboka vart samrøystes godkjent 6/10 - HØYRINGSUTTALE TIL PLAN FOR SOMATISKE SPESIALISTHELSETENESTER I HELSE FONNA HF 2010-2020 Stord formannskap gjev følgjande uttale: Bakgrunn faktiske opplysningar - generelt Styret i Helse Fonna HF vedtok i november 2008 revidert strategiplan 2009-2013 for helseføretaket med hovudfokusområde og prioriterte satsingar. Oppfølging av strategiplanen er bakgrunn for etablering av programmet Plan somatikk tid for endring. Tilsette fagfolk har i omfattande grad teke del i arbeidet med planutkastet, som no vert følgd av ein brei intern og ekstern høyringsprosess. I planen presenterer Helse Fonna framlegg til framtidig somatisk tenestetilbod og lokalisering fram mot 2020. Stord kommune har fått Plan for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Fonna HF 2010 2020 til høyring med frist for uttale sett til 24.3.2010. Stord kommune har sett fram til denne planen og kva den inneheld av planar for sjukehuset på Stord spesielt. Politikarane på Stord ser det som si oppgåve å arbeide for eit best mogeleg helsetilbod til innbyggarane som soknar til Stord sjukehus og at dette vert vedlikehalde og vidareutvikla i takt med auka krav og endringar. For Stord Sjukehus, som har tradisjon for å ha nær tilknyting til eit universitetssjukehus (Bergen), ser kommunen det som ynskjeleg at ein framleis har sterke band til dette miljøet. Dette gjev ei fagleg breidde som sjukehuset nyt godt av. Me er kjente med at mange har uttala misnøye med utviklinga etter 2002 då Stord sjukehus vart lagt inn i Helse Fonna og at fleire politiske parti nyleg har gjeve signal om at dei ønskjer organisatoriske endringar i føretaket. Stord kommune registrerer og vil streke under behovet for å arbeide med organisatoriske utfordringar til beste for brukarar og tilsette inn i den vidare prosessen med Plan for somatikk tid for endring. Me set vår lit til at denne planen kan kommuniserast og gjennomførast på ein slik måte at tilliten i alle ledd, knytte til utviklinga og dei helsetenester som pasientane skal få ved Stord sjukehus vert gjennomført på ein god måte. Stord Kommune meiner det må utarbeidast ei konsekvensutgreiing før Plan somatikk vert realisert. Denne må syne kva følgjer gjennomføring av planen, heilt eller delvis, vil få for dei einskilde helsetenester som vert gitt ved Stord Sjukehus og for helseføretaket. Realisering av planen, heilt eller delvis, må ikkje gjennomførast før planen er avklara, koordinert og sikra opp mot nasjonale og overordna føringar og ev. endringar i desse for eksempel Samhandlingsreforma. side 3 av 8
Planutkastet er meint å gje eit utgangspunkt for å møte utfordringane helseføretaket står overfor. Men på dei fleste område må det likevel gjerast vidare utgreiingar, og det grunnlaget (dokumentasjonen) planen byggjer på må i større grad synleggjerast. Stord kommune vil i sin høyringsuttale til planen fokusere på desse områda: Tilgjenge på generell- eller gastrokirurg i vakt er ein viktig del av akuttfunksjonen til eit sjukehus. Denne tenesta er naudsynt både i behandling av traumepasientar og ved fødeavdelinga. Plan somatikk legg opp til at den operative delen av denne tenesta i stor grad skal møtast frå Haugesund sjukehus. Dersom dette blir gjennomført kan Stord Sjukehus ikkje lenger oppretthalde akuttberedskapen ein i dag tilbyr befolkninga i Sunnhordland. Stord kommune ser seg nøydd til å be om ei klargjering av dette. Styrking av samarbeidet med primærhelsetenesta er eit sentralt mål i planen. Helse Fonna og kommunane har gode erfaringar kring dette og avtalane bør utviklast vidare. Stord kommune er innstilt på å gå aktivt inn i Helsetorgmodellen og vurdere andre aktuelle samhandlingsprosjekt utover dei som kjem fram i Plan somatikk. Fastlegane må vere ein sentral samhandlingspart i dette arbeidet både på systemnivå og i einskildsaker. Dette for å sikre at det medisinsk faglege vert teke i vare. Oppsummeringa i kapittel 3 viser til at innan medisinsk klinikk ynskjer ein å styrkje tilbodet til lungesjuke, hjartesjuke, pasientar med fordøyelsessjukdomar, nevrologi og rehabilitering. Det kjem lite fram av planen kva dette inneber og korleis ein konkret skal gjennomføre planane. Eit vesentleg spørsmål er til dømes om ein auke i rehabiliteringssenger skal koma på kostnad av dei eksisterande sengeplassane ein har på sjukehuset. Stord kommune vil presisere at satsing på geriatri og rehabilitering ikkje må skje på bekostning av akuttfunksjonar, inkluderer medisinske og kirurgiske senger. Kommunane treng trygge og nære spesialiserte helsetenester til folk for dei vanlege lidingane, ved akutte tilstandar og hendingar som krev rask hjelp. Kombinert med auka grad av ambulante tenester vil dette kunna gje eit tilfredsstillande tilbod frå lokalsjukehuset til folk i området. Stord kommune vil presisere at dei akutte funksjonane er grunnleggjande viktige for lokalbefolkninga på Stord og elles i Sunnhordland. Kommunen ser på styrking av indremedisinske fag, inklusive geriatri, og spesialisert rehabilitering ved Stord sjukehus som eit godt strategisk val. Samhandling og samordning sjukehusa imellom for best mogeleg pasientbehandling på rett plass og utan unødig opphald er krevjande prosessar. Dette gjeld og for samhandling mellom helseføretaket og primærhelsetenesta. Planen er ikkje tydeleg på korleis helseføretaket skal oppnå dette. Her saknar ein konkrete handlingsplanar for korleis ein skal oppnå måla, både økonomisk, praktisk og arealmessig. Planen kan lett lesast som at kritiske funksjonar ved einskildsjukehus skal byggjast ned heller enn tilpassast behov og medisinsk utvikling. Stord kommune meiner dette må klargjerast i det endelege plandokumentet. Små sjukehus med akuttfunksjonar er svært viktige i utdanninga av turnuslegar. Dei får ei allsidig utdanning som m.a. gjev eit godt grunnlag for vidare spesialisering i allmennmedisin. Dette tilbodet er såleis viktig for rekruttering av primærlegar til Sunnhordlandskommunane. Det er vel kjent at dersom turnuslegar og legar i spesialisering forsvinn vil dette gjere rekrutteringa ytterlegare problematisk. Stord kommune føreset at utdanninga av turnuslegar og praksisarena for sjukepleiarstudentar ved Stord sjukehus ikkje vert svekka. Planen legg opp til at barn under 12 år skal direkte i barneavdeling. Stord kommune meinar at fleire barn bør få eit akuttilbod ved Stord sjukehus sjølv om barn fortrinnsvis, jf. forskrifta, bør leggjast inn i sjukehus med barneavdeling. Ei rekkje sjukdomstilhøve hjå barn kan avklarast ved 1-2 døger observasjon i generell medisinsk-, kirurgisk- eller observasjonsavdeling heller enn overflytting til sjukehus med barneavdeling. Stord kommune reknar med at Helse Fonna legg til rette for at det biletdiagnostiske tilbodet vert tilfredsstillande for dei som skal arbeide i dei kliniske faga på Stord og at kommunikasjon mot fagmiljøa i Helse Bergen ikkje møter vanskar, der det er trong for overføring av informasjon. Fullverdige side 4 av 8
radiologiske tenester ved eit sjukehus er vesentleg ikkje berre for god pasientbehandling, men også for utdanning og rekruttering av fagfolk til sjukehusa. Kommunen meinar at det må vere røntgenlege tilgjengeleg lokalt. Planane om eit kirurgisk ryggsenter lokalisert til Stord sjukehus kan gje utvida aktivitet og større breidde ved sjukehuset på Stord. Eit slikt senter vil etter kommunen sitt syn ikkje styrke akuttfunksjonen, og ein vurderer behovet for slike operasjonar i framtida som usikker. M.a. er fleire private spesialistinstitusjonar i dag godt utbygde og har gode resultat på dette området. Stord kommune ber difor om ei nærare vurdering av kor realistisk ei slik satsing er. Helse Fonna står utan tvil overfor store utfordringar i åra som kjem. Stord kommune merkar seg, og vil streka under verdien av, at Helse Fonna i etterkant av planarbeidet skal arbeide vidare med arealmessige og organisatoriske utfordringar. Plan somatikk er ikkje tilstrekkeleg nok gjennomarbeida og i dokumentet saknar ein konsekvensanalysar av planlagde endringar. Desse må syne driftsmessige og økonomiske konsekvensar, og kva ulemper og føremonar endringane fører med seg. Til slutt vil me be om at leiinga i Helse Fonna er lydhøre for innspela frå Stord kommune i det vidare arbeidet med Plan somatikk tid for endring. Habilitet: Aud Berit A. Haynes, Ap stilte spørsmål om eigen habilitet og forlèt plassen. Haynes vart samrøystes kjen ugild i saka etter fvl. 6. Vara tok plass. Røysting: Samrøystes vedtek **************** Formannskapet kom med felles framlegg til uttale slik det ligg før. *************** Brev frå Stord Idrettsråd vart lagt fram i møtet. 7/10 - CNG/NATURGASS SOM DRIVSTOFF - INTENSJONSAVTALE MELLOM SKL OG STORD KOMMUNE Stord formannskap vedtek intensjonsavtalen med SKL om bruk av CNG med følgjande endring: Nytt pkt 6 i avtalen Avtalen skal reforhandlast etter 5 år. Røsyting: Intensjonsavtalen utan endring Endringsframlegget vedteke med 7 mot 2 røyster (Kåre Løkhammer, V og Nils Magne Blålid, Sv) samrøystes vedteke *************** side 5 av 8
Nils Magne Blålid, Sv kom med framlegg til endringa, slik det ligg føre i vedtaket: **************** Nils Magne Blålid, Sv kom med følgjande framlegg: 1. Intensjonsavtalen med SKL omfattar bilar over 3500 kg. 2. Personbilar under 3500kg skal vera el-bilar (syner til tidlegare vedtak i NMK-komiteen) Framlegga fekk 1 røyst Kåre Løkhammer, V kom med følgjande framlegg: Intensjonsavtale pkt 1 -.80% av små- og mellomstore bilar med forbrenningsmotor skal bruka naturgass. Framlegget fekk 2 røyster (Kåre Løkhammer, V og Per Otto Årland, Frp) 8/10 - STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND 2010-2013 - HØYRINGSUTTALE Formannskapet sluttar seg til framlegg til Strategisk plan for Samarbeidsrådet for Sunnhordland 2010-2013 med følgjande endring: Andre viktige oppgåver for Samarbeidsrådet nytt kulepunkt Bidra til å fremja debatten om kommunesamanslåing i Sunnhordland. Samrøystes vedteke *************** Jan Leivestad, Ap kom med framlegg til endringa, slik det ligg føre i vedtaket. 9/10 - DELTAKING I EARTH HOUR 27. MARS 2010 Stord kommune støttar markeringa av Earth Hour og sluttar seg til aksjonen. Laurdag 27.03. klokka 20:30 til 21:30 skal lyset vera sløkt på Rådhuset og alle andre kommunale bygg der lys ikkje er nødvendig for å oppretthalde drifta. Stord kommune oppmodar næringslivet og privatpersonar til å støtte aksjonen ved å slokke lyset laurdag 27.mars kl. 2030-2130. Samrøystes vedteke side 6 av 8
10/10 - FORSKRIFT OM POLITIVEDTEKTENE FOR STORD KOMMUNE - REVISJON Innstilling: Kommunestyret vedtek revidert forskrift om politivedtektene for Stord kommune med følgjande endring: Til kap 7-22 Husdyr m.m. Stryk siste setning Det er pålagt bandtvang på hund på offentleg stad. Samrøystes tilrådd ************* Dag Vidar Nordhus, H kom med endringsframlegget slik det ligg føre i innstillinga. 11/10 FINANSREGLEMENT FOR STORD KOMMUNE Framlegg til innstilling: Kommunestyret vedtek revidert forskrift om politivedtektene for Stord kommune. Reglementet vart samrøystes vedteke sendt attende til administrasjonen saman med innspel lagt fram av Høgre for ny vurdering: Innspel: 1. Stord kommune skal kun investere i verdipapirfond som oppfyller UCITS direktivene 2. Stord kommune skal ikke geare investeringene 3. Stord kommune sine eksisterende aktiva skal inkluderes i vurderingen av portefølgjesammensetningen. 4. Stord kommune skal ikke plassere midler i banker med forvaltningskapital 5. Stord kommune skal søke å spre kommunens likviditetstid på flere banker for å avlaste risiko. Det skal ikke plasseres mer enn NOK 50 mill i en enkelt bank. 6. Kommunestyret skal godkjenne låneform og nedbetalingstid på alle lån større enn 10 mill. 7. Fullmaktene til administrasjonen må konkretiseres, spesielt gjeld dette FRA og SWAP. 8. Finansutvalget skal godkjenne alle investeringer i fonds- og aksjemarkedet. Finansutvalget skal være representert med et flertall av politisk valte medlemmer. 9. Stord kommune skal bruke minimum 2 forvaltere av formuen som plasseres i verdipapir. 10. Stord kommune kan plassere midler i enkeltaksjer notert på Oslo Børs. Dette flyttes til RK 5. 11. Risikoklasse 4 skal bare unntaksvis benyttes, og det skal da utøves særskilt forsiktighet. Stord kommune skal ikke plassere midler i instrument som inneholde ansvarlig lån, hybridkapital, konvertible obligasjoner eller hedgefond. 12/10 - SØKNAD OM TILSKOT TIL UTGREIING AV DRIFT AV IDRETTS- OG KULTURANLEGG, STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF Formannskapet løyver inntil kr 110 000 til Stord kommunale eigedom KF til prosjektleiing i samband med arbeidet med nye organisasjons- og driftsformer for idretts- og kulturanlegg i kommunen. side 7 av 8
Løyvinga skal finansierast over formannskapet sin tilleggsløyvingskonto, utbetaling skal skje mot dokumenterte utgifter. Samrøystes vedteke (8 røyster) side 8 av 8