Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam eldreråd 03.09.04 013/04 SILA Kvam formannskap 07.09.04 178/04 SILA Kvam heradsstyre 21.09.04 100/04 SILA Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Sigrid Laupsa Arkiv: N-031 Objekt: Arkivsaknr 2004001512 SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031 Samandrag: I 2002 publiserte samarbeidsregjeringa sin visjon om offentleg sektor vedkomande modernisering, effektivisering og forenkling. Prioriterte område var utdanning, kommunal sektor og brukarretting innan arbeid, trygd og sosiale tenester. Som direkte følgje vart Samordningsforsøket SATS starta. Det er i dag 17 aktive forsøksprosjekt som prøver ut ulike modeller for samordning. Parallelt med forsøksordningane vart det oppnemnt eit utval, leia av Jon Rattsø, som skulle utgreia og tilrå ein ny arbeids- og velferdsforvaltning (jfr. NOU 2004:13). Tilrådinga vart lagt fram 29.juni 2004, og skal ut på høyring før handsaming i Stortinget våren 2005. Måla for samordning av A-etat, trygdeetaten og sosialtenesta er: Ei velferdsforvaltning med brukaren i sentrum Fleire i arbeid og aktivitet færre på trygd og sosialhjelp Ei effektiv velferdsforvaltning Uavhengig av organisatorisk modell for samordning, er det uttalt at fysisk samlokalisering av tenestene ein føresetnad for å lukkast. På administrativt nivå i Kvam er det ein god dialog mellom Trygd, A-etat og Kvam herad, og alle har eit uttrykt ønskje om samordning og samlokalisering i tråd med intensjonane i SATS prosjektet sentralt. Samordning og samlokalisering av dei tre etatane er i samsvar med kommuneplanen, jfr strategi 27 strategiar for servicesenter og 33 strategi for etablering av offentlege arbeidsplassar. SATS tanken er og i trå med ny administrativ organisering, der målet er tilpassa tenestene etter brukarane sine behov. Skal Norheimsund behalda status som regionsenter er det ein føresetnad å oppretthalda dei offentlege tenesteområda, kommunar som tilrettelegg for SATS vil vera dei som vinn i konkurransen om desse tenestene. For å koma vidare med arbeidet lokalt må vi ha eit politisk vedtak som gjev mandat og ressursar.
Rådmannen tilrår at det Kvam herad startar arbeidet med tilpassing til ny velferdsetat, og at det vert oppretta ei administrativ prosjektgruppe. Gruppa får i oppdrag å utarbeida eit forprosjekt som er forankra i dei tre samarbeidspartane, og i samsvar med overordna mål for SATS - prosjektet. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 1. Kvam heradsstyre er positive til at arbeidet med å førebu ny arbeids- og velferdsetat i Kvam startar. 2. Heradsstyret godkjenner at det vert oppretta ein administrativ prosjektorganisasjon som får i oppdra å utarbeida eit forprosjekt innan 1.juni 2005. 3. Forprosjektet vert organisert etter følgjande modell Styringsgruppe Prosjektgruppe Prosjektleiar Trygdesjef i Kvam a-etat v/. Kvam Herad strategisk leiargruppe Trygdeetaten 2 personar ( oppnemnt av etaten) A-etat 2 personar ( oppnemnt av etaten) Kvam herad 3 personar ( vert oppnemnt av rådmannen) Bør veljast blant medlemmene i prosjektgruppa Arbeidsgrupper vert oppretta etter behov. Som td Referansegrupper: (Brukararrelaterte, arbeidstakarorg, evt. Politisk referansegruppe) Lokalisering (nybygg, eksisterande bygg, arealbehov, samlokalisering, delvis samlokalisering) Organisering - Praktisk tilrettelegging osv Prosjektgruppa i samarbeid med styringsgruppa har fullmakt til å oppnemna relevante referansegrupper 4. Mandatet til forprosjektet er: SATS- kontor i Kvam. Utgreia kostnaden med tilrettelegging og drift av kontoret. Utgreia eventuell samlokalisering av kommunalt/offentleg sevicekontor og SATSkontor. 5. Den økonomiske ramma for forprosjektet er kr. 500 000,-. Styringsgruppa har fullmakt til å godkjenna budsjett for prosjektet innan denne ramma. Kostnaden vert dekka av prosjektet P19031. Eventuelle tilskot frå A-etat og Trygdeetat går til reduksjon av Kvam herad sin del av kostnaden. 6. Forprosjektet skal vera klart til politisk handsaming i junimøtet 2005. I løpet av prosjektperioden skal heradsstyret få minst 2 statusrapportar til orientring.
07.09.04 Kvam formannskap Røysting: Rådmannen sitt framlegg til vedtak fekk 9 røyster og vart samrøystes tilrådd. FSK-178/04 Tilråding: 1. Kvam heradsstyre er positive til at arbeidet med å førebu ny arbeids- og velferdsetat i Kvam startar. 2. Heradsstyret godkjenner at det vert oppretta ein administrativ prosjektorganisasjon som får i oppdra å utarbeida eit forprosjekt innan 1.juni 2005. 3. Forprosjektet vert organisert etter følgjande modell Styringsgruppe Prosjektgruppe Prosjektleiar Trygdesjef i Kvam a-etat v/. Kvam Herad strategisk leiargruppe Trygdeetaten 2 personar ( oppnemnt av etaten) A-etat 2 personar ( oppnemnt av etaten) Kvam herad 3 personar ( vert oppnemnt av rådmannen) Bør veljast blant medlemmene i prosjektgruppa Arbeidsgrupper vert oppretta etter behov. Som td Referansegrupper: (Brukararrelaterte, arbeidstakarorg, evt. Politisk referansegruppe) Lokalisering (nybygg, eksisterande bygg, arealbehov, samlokalisering, delvis samlokalisering) Organisering - Praktisk tilrettelegging osv Prosjektgruppa i samarbeid med styringsgruppa har fullmakt til å oppnemna relevante referansegrupper 4. Mandatet til forprosjektet er: SATS- kontor i Kvam. Utgreia kostnaden med tilrettelegging og drift av kontoret. Utgreia eventuell samlokalisering av kommunalt/offentleg sevicekontor og SATSkontor. 5. Den økonomiske ramma for forprosjektet er kr. 500 000,-. Styringsgruppa har fullmakt til å godkjenna budsjett for prosjektet innan denne ramma. Kostnaden vert dekka av prosjektet P19031. Eventuelle tilskot frå A-etat og Trygdeetat går til reduksjon av
Kvam herad sin del av kostnaden. 6. Forprosjektet skal vera klart til politisk handsaming i junimøtet 2005. I løpet av prosjektperioden skal heradsstyret få minst 2 statusrapportar til orientring. Saksordførar: Vigdis Håland, Ap. 03.09.2004 Kvam eldreråd Røysting: Framlegg til vedtak vart samrøystes vedteke med 6 røyster. KER-013/04 Tilråding: 1. Kvam heradsstyre er positive til at arbeidet med å førebu ny arbeids- og velferdsetat i Kvam startar. 2. Heradsstyret godkjenner at det vert oppretta ein administrativ prosjektorganisasjon som får i oppdra å utarbeida eit forprosjekt innan 1.juni 2005. 3. Forprosjektet vert organisert etter følgjande modell Styringsgruppe Prosjektgruppe Prosjektleiar Trygdesjef i Kvam a-etat v/. Kvam Herad strategisk leiargruppe Trygdeetaten 2 personar ( oppnemnt av etaten) A-etat 2 personar ( oppnemnt av etaten) Kvam herad 3 personar ( vert oppnemnt av rådmannen) Bør veljast blant medlemmene i prosjektgruppa Arbeidsgrupper vert oppretta etter behov. Som td Lokalisering (nybygg, eksisterande bygg, arealbehov, samlokalisering, delvis samlokalisering) Organisering - Praktisk tilrettelegging osv Referansegrupper: (Brukararrelaterte, arbeidstakarorg, evt. Politisk referansegruppe) Prosjektgruppa i samarbeid med styringsgruppa har fullmakt til å oppnemna relevante referansegrupper 4. Mandatet til forprosjektet er: SATS- kontor i Kvam. Utgreia kostnaden med tilrettelegging og drift av kontoret. Utgreia eventuell samlokalisering av kommunalt/offentleg sevicekontor og SATS- kontor. 5.
Den økonomiske ramma for forprosjektet er kr. 500 000,-. Styringsgruppa har fullmakt til å godkjenna budsjett for prosjektet innan denne ramma. Kostnaden vert dekka av prosjektet P19031. Eventuelle tilskot frå A-etat og Trygdeetat går til reduksjon av Kvam herad sin del av kostnaden. 6. Forprosjektet skal vera klart til politisk handsaming i junimøtet 2005. I løpet av prosjektperioden skal heradsstyret få minst 2 statusrapportar til orientring. 21.09.04 Kvam heradsstyre Framlegg frå Høgre: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak med følgjande endring: Nytt pkt. 4 SATS-kontor i Kvam. Utgreia eventuell salokalisering av kommunalt/offentleg servicekontor og SATS-kontor. Kvam heradsstyrre viser til senterstrukturen i kommunesenteret, med blanding av offentleg og privat virksomheit. Kvam heradsstyre ber om at forprosjektet inneheld ei analyse av konsekvensar ved evt. endringar av denne strukturen. Nytt pkt. 5 Forprosjektet skal gjennomførast innanfor eksisterande budsjett. Eventuelle tilskot frå A-etat og Trygdeetat går til reduksjon av Kvam herad sin del av kostnaden. Framlegg frå Martin Vik, Sp: Som rådmannen sitt framlegg til vedtak med følgjande tillegg: Nytt pkt. 7 Forprosjektet skal gjennomførast til lågast mogeleg pris. Røysting: Det vart røysta punktvis over tilråding og nye framlegg slik: Tilrådinga frå Kvam formannskap, pkt. 1, 2 og 3,fekk 27 røyster og vart samrøystes vedteke. Framlegget frå Høgre, pkt. 4, fekk 27 røyster og vart vedteke. Tilrådinga frå Kvam formannskap, pkt. 5, fekk 22 røyster og vart vedteke. Framlegget frå Høgre, pkt. 5, fekk 5 røyster. Framlegget frå Martin Vik, Sp, fekk 23 røyster og vart vedteke. 4 røyster mot. Tilrådinga frå Kvam formannskap, pkt. 6, fekk 27 røyster og vart vedteke. HST-100/04 Vedtak:
1. Kvam heradsstyre er positive til at arbeidet med å førebu ny arbeids- og velferdsetat i Kvam startar. 2. Heradsstyret godkjenner at det vert oppretta ein administrativ prosjektorganisasjon som får i oppdra å utarbeida eit forprosjekt innan 1.juni 2005. 3. Forprosjektet vert organisert etter følgjande modell Styringsgruppe Prosjektgruppe Prosjektleiar Trygdesjef i Kvam a-etat v/. Kvam Herad strategisk leiargruppe Trygdeetaten 2 personar ( oppnemnt av etaten) A-etat 2 personar ( oppnemnt av etaten) Kvam herad 3 personar ( vert oppnemnt av rådmannen) Bør veljast blant medlemmene i prosjektgruppa Arbeidsgrupper vert oppretta etter behov. Som td Referansegrupper: (Brukararrelaterte, arbeidstakarorg, evt. Politisk referansegruppe) Lokalisering (nybygg, eksisterande bygg, arealbehov, samlokalisering, delvis samlokalisering) Organisering - Praktisk tilrettelegging osv Prosjektgruppa i samarbeid med styringsgruppa har fullmakt til å oppnemna relevante referansegrupper 4. SATS-kontor i Kvam. Utgreia eventuell salokalisering av kommunalt/offentleg servicekontor og SATS-kontor. Kvam heradsstyrre viser til senterstrukturen i kommunesenteret, med blanding av offentleg og privat virksomheit. Kvam heradsstyre ber om at forprosjektet inneheld ei analyse av konsekvensar ved evt. endringar av denne strukturen. 5. Den økonomiske ramma for forprosjektet er kr. 500 000,-. Styringsgruppa har fullmakt til å godkjenna budsjett for prosjektet innan denne ramma. Kostnaden vert dekka av prosjektet P19031. Eventuelle tilskot frå A-etat og Trygdeetat går til reduksjon av Kvam herad sin del av kostnaden. 6. Forprosjektet skal vera klart til politisk handsaming i junimøtet 2005. I løpet av prosjektperioden skal heradsstyret få minst 2 statusrapportar til orientring. 7. Forprosjektet skal gjennomførast til lågast mogeleg pris.
Saksopplysningar: SATS står for Samordning av A-etat, Trygd og Sosialkontor, og er ein del av det omfattande programmet fornying av offentleg sektor som vart initiert i år 2000, av dåverande arbeidsog administrasjonsminister Jørgen Kosmo.. Programmet er utvikla og ført vidare av seinare regjeringar og statsrådar. Fundamentet i programmet fornying av offentleg sektor er: Organisasjon og tenesteproduksjon skal vera basert på behova til brukaren Ressursar skal overførast frå administrasjon til tenesteproduksjon, og frå sektorar med reduksjon i behova til sektorar med aukande behov. Effektivisering av ressursbruken og auka handlingsrom på alle nivå Strategiske verkemiddel i prosessen er: Informasjonsteknologi, organisering og medverknad for brukarar og tilsette. Det vil og vera naturleg at vi i forprosjektet vurderer samlokalisering av eit offentleg servicekontor og SATS. Kvam herad har førebels avsett kr 1.3 mill til prosjektet jfr. Prosjekt P19031 Ei dør (SATS). Vi har fått tilbakemelding frå staten /sosial departementet om at det ikkje vert løyvd meir prosjektmidlar no. Om det vert avsett statlege midlar til å iverksetja reforma er ikkje avklara enno. Det lokale trygdekontoret og arbeidskontoret har ei utfordring å skaffa midlar gjennom sine organ.. Vi må i alle høve rekna med at det er kommunen som må ta hovudansvaret for økonomien i forprosjektet. Forprosjektet bør ha ei økonomisk ramme på opp til kr. 500 000, som kan gå til evt. frikjøp av personell, kjøp av tenester og drift av prosjektet osv. Forprosjektet er tenkt som rein administrativ jobb med rapportering til heradsstyret. Vi ønskjer no politisk godkjenning på å prioritera arbeidet og den økonomiske ramma.