1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga



Like dokumenter
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Forslag frå fylkesrådmannen

Kvalitetsplan mot mobbing

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Rapport om marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Aurland kommune Rådmannen

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Les for livet - del 2 (Ref # )

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

«Ny Giv» med gjetarhund

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Politisk program for Jølster KrF

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Ei god framtid for alle!

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Granvin herad Sakspapir

Transkript:

Sak Fråsegner Ei fråsegn kan ha ulike funksjonar i ein organisasjon. Det kan t.d. ha form som ei pressemelding eller ein politisk uttale i ei sak, som blir sendt til ulike instansar. Ei fråsegn kan også ha funksjon som politikkutforming, for å utforme eller stadfeste politikk i ulike saker. Ei fråsegn kan vere retta både eksternt ut av organisasjonen, eller internt i organisasjonen, for å gje styret ei politisk plattform i ulike saker. Under denne saka blir landsmøtet bedne om å ta stilling til ulike fråsegner. Styret i Noregs Ungdomslag ønskjer å fremje ulike fråsegner, og desse ligg vedlagt sakspapira slik at utsendingane får høve til å drøfte desse i eige lag, før landsmøtet skal ta stilling til om dei skal vedtakast. Vidare har alle utsendingane rett til å levere forslag under landsmøtet, etter nærare fristar som blir gitt av ordstyrarane. Det er redaksjonskomiteen som innstiller på vedtak av dei ulike fråsegnene.

0 0. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ønskjer ein konstruktiv debatt om sidemål, og nye grep for å styrke nynorsk over heile landet. Tidlegare i år var det konfrontasjonar mellom styresmakter og målrørsla, etter at det vart kjent at Kristin Halvorsen, statsråd i Kunnskapsdepartementet for SV, ønskjer å prioritere hovudmålet sterkare i norskundervisninga. Mellom anna vil ho fjerne standpunktkarakteren i sidemål og droppe sidemålseksamen i ungdomsskolen. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag meiner målrørsla generelt må opptre på ein sakleg og konstruktiv tone i høve til denne saka. Vi vil ikkje stille oss bak den aggressive og panikkarta reaksjonen frå resten av målrørsla etter dette framlegget. Noregs Ungdomslag er positive til å snu steinar og til å sjå på nye former for undervisning slik at ein sikrar at nynorsk vert styrka. Me treng saman å gjere grep for å få nynorsk til å bli ein like naturleg del av vår felles nasjonale identitet som bokmål. Det klarar me ikkje om me samlar oss i skyttargrava.

0. Kulturskulen rektor sin leikebinge I vart det lovfesta at alle kommunar skal ha eit kulturskuletilbod. Sidan den gang har kulturskulen hatt stor vekst, og er no eit svært viktig kulturtilbod over heile landet. Det gjer at kulturskulen har eit stort ansvar i samfunnet for å gje eit likt og rettferdig tilbod. Innhaldet i kulturskulen er rektor sitt ansvar. Ein stor del av undervisningstilbodet i kulturskulane er aktivitetar som tidlegare har vore drive av frivillige organisasjonar og lag. Som til dømes korpsopplæring eller feleundervisning. Det er problematisk om kulturskulen overkøyrer lokalsamfunnet, i staden for å spele på lag. Kulturskulen er pliktig til å samarbeide med lokale krefter, men innanfor regelverket er det stort skjønn, og det meste er lov. Kulturskoleutvalget la fram ein rapport i 00 med tittelen "Kulturskoleløftet Kulturskole for alle". Der diskuterte dei så vidt problemstillingar rundt samarbeid med frivillige lag og organsisasjonar. Utvalet kunne gått mykje lenger i diskusjonane og synleggjort endå meir viktigheita av slikt samarbeid. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag meiner det er for tilfeldig korleis den enkelte rektor styrer kulturskulen overfor frivillige organisasjonar. Tida er overmoden for at Kulturskoleutvalget ser på denne problemstillingane. Landsmøtet vil ta initiativet overfor kulturskuleutvalet, om at dei aktivt jobbar for at kulturskulane finn betre og breiare samarbeidsformer med frivillige lag.

0. Ei klimamelding for ungdomshusa I juni legg regjeringa frem Klimameldinga. Gjennom meldinga skal ein nå måla frå klimaforliket i Stortinget i 00. Klimautsleppa skal kuttast med 0 prosent innan 00, og to tredjedelar av utsleppsreduksjonen skal skje nasjonalt. Om 0 ungdomshus tilknytt Noregs Ungdomslag blir meir energieffektive og vel klimavenlege løysningar, medverker ein til å nå måla i klimaforliket. Enova er etablert av Olje- og Energidepartementet for å fremje ei miljøvennlig omlegging av energibruk og energiproduksjon i Noreg. Enova sine viktigaste verkemidel er rådgjeving og finansiering. Stønadsordningane er derimot tilpassa hushaldingar, næringsliv og offentlig verksemd, og ungdomshusa fell dermed utanfor. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag krev at Enova sine støtteordningar blir utvida til også å gjelde frivillig drivne hus.

0 0. Harry Potter på nynorsk? Satsing på omsett barne og ungdomslitteratur Interesse, glede og kunnskap om språk og litteratur blir for mange danna igjennom lesing i barne- og ungdomstida. God barne- og ungdomslitteratur bør vere eit viktig satsingsområde for alle forlaga og for skriftspråka ein har her i landet. Litteratur kan i større grad vere eit reelt alternativ til visuelle og lett tilgjengelege medium som TV og data. Det er i dag mykje god barne- og ungdomslitteratur å finne på nynorsk. Dette gjeld både nye utgjevingar og klassikarar, og av både norske og utanlandske forfattarar. Likevel er ikkje alle barn og unge like glad i å lese. Dei siste 0- åra er det gjeve ut ungdomsbøker som har vorte store internasjonale suksessar. Gode døme på dette er bøkene om trollmannlærlingen Harry Potter og soga om vampyrane i Twilight. Desse bøkene er gjevne ut i millionopplag og fått ei fan-skare over heile verda, også her i Noreg. Mykje truleg har populære utgjevingar som dette auka leselysten hjå barn og unge. Harry Potter- og Twilight-bøkene er i dag berre å finne på engelsk og omsett til bokmål. Desse og andre internasjonalt populære barne- og ungdomsbøker bør vere tilgjengelege også på nynorsk og samisk i gode, moderne og lettfattelige omsetjingar. Dette gjeld også andre barne- og ungdomsklassikarar. Gode omsetjingar på nynorsk bør vera eit reelt alternativ til bokmålsversjonen. Slik vil barn og ungdom ikkje berre få lese god litteratur på morsmålet sitt eller sitt eige skriftspråk, men også forhåpentlegvis opne auga for at god litteratur på alle norske språk kan vere eit godt alternativ. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ønskjer å oppmode alle forlag til å halde fram satsinga på god barne- og ungdomslitteratur. Vidare blir Samlaget og samiske forlag oppmoda om å gje ut omsette utgåver av Harry Potter og Twilight- soga utan at dette blir ein kuriositet.

0 0. Kulturhus for lokalkultur! Det finst mykje kultur i dette landet, og mange hus som skal vere spesielt tilrettelagte for kultur. Men det er dyrt å drive kulturhus, og difor dyrt å drive med kultur. Om ein søkjer på dyrt å leie kulturhus på Internett, kjem det opp alt for mange døme. Lokalt kulturliv er ofte bekymra når det skal byggjast nye kulturhus, og seier kva var det me sa der husa står tomme og går med underskot etter få år med drift. Lokale lag og foreiningar som ønskjer å halde framsyningane sine på offentleg eigde kulturhus, må ha svært god økonomi for å sleppe inn. Over heile landet finst det døme på store musikkforeiningar som er avhengige av kronerulling for å ha ei einaste framsyning om året. Det vert bygd mange nye hus, men brukarane er ikkje med i planlegginga. Frivillige grupper med amatørteatergrupper, konsertarrangørar, danseskular og musikkorps vert ikkje teke med i reknestykket til økonomane som får i oppdrag å rekne ut kor profitten skal takast frå. Kommunane må leggje til rette for at kulturhusa er tilgjengeleg for heile floraen av kulturliv i lokalsamfunna. Alle kommunar som bygg og driftar kulturhus lovar det same lokale aktørar skal sleppe til, og ein skal ha eit dynamisk kulturliv og opne dører i kulturhuset. Ein ser gong på gong at løfta vert brotne, at små lag og foreiningar ikkje kjem seg inn i kulturhusa og ut til eit breiare publikum enn kva dei får i ein sliten gymsal. Landsmøtet til Noregs Ungdomslag er òg bekymra. Vi støtter dei små, lokale aktørane sin rett til levelege leigepriser hos kulturhusa, og krev utleige til ein pris dei små korpsa, danseskulane, amatørteatergruppene og frivillige konsertarrangørar kan leve med!

0. Introduksjon til kva? Introduksjonsprogrammet for flyktningar i offentleg regi skal gjennom undervisning i norsk og samfunnsfag gje flyktningar ei moglegheit til mellom anna å skaffa seg arbeid og husvære. Dette skal ein oppnå gjennom meistring av det norske språket og få kunnskap om norske samfunnstilhøve. Hjelp til å knekke norske kulturkodar er derimot ikkje noko ein får gjennom å gå på kurs i offentleg regi. Dei frivillige organisasjonane og omfanget av dei er noko som særmerker landet vårt. Her finst store moglegheiter til å skaffe seg vener, nettverk og gode kontaktar for den som er ny i eit lokalsamfunn. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag krev at denne rike floraen av lag i større grad må trekkjast inn i flyktningarbeidet. Vi vil utfordre opplæringssektoren til å nytte dei moglegheitene som finst innafor det frivillige arbeidet norske lag driv.

0. Gje ungdommen ein samlingsplass Gode, rusfrie samlingsplassar for ungdom er diverre mangelvare i ei rekkje norske kommunar. Sjølv om initiativet til ungdommen er til stades, vert det ikkje lagt godt nok til rette for at tilbod som ungdomsklubbar kjem i gong eller oppretthaldast. Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som mellom anna driv gode ungdomsklubbar fleire stader i Noreg, og vi ser nytta av å ha ein fast møteplass der ungdom kan drive aktivitet og ha det sosialt. Ungdomsklubbar skapar trivsel og samhøyre, og medverkar til å gje ungdom positive fritidsaktivitetar. Landsmøtet i Noregs Ungdomslag ønskjer å sjå slike tilbod i alle kommunar i Noreg, og krev difor at alle kommunar skal kvalitetssikre eksisterande tilbod, samarbeide med aktuelle frivillige lag som driv ungdomsaktivitet, og sørgje for å opprette ungdomsklubbar der dette ikkje finst. Prioriter ungdommen!