Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/658-1 Sakshand.: Kari Gro Espeland Direkte tlf.: 35065106 Dato: 29.03.2016 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskap/økonomiutval 21.04.2016 Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin Saksdokument: Vedlegg: 1 Forskrift_akuttmedisinforskriften_200315 (1) Saksutgreiing: Samhandlingskoordinator i Vest-Telemark, Sissel Bitustøyl har skrive saksutgreiinga til denne saka, som skal til politisk handsmaning i kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid og Seljord. Dokumenter i saka: - Forskrift om akuttmedisin av 1. mai 2015 - Nou 17 - "Først og fremst - Et helhetlig system for håndtering av akutte sykdommer og skader utenfor sykehus". - SFS 2305 Sentrale forbundsvis særavtale mellom KS og Den Norske legeforening om vilkår for leger og turnusleger i kommunehelsetjenesten.. Bakgrunn: I Vest-Telemark er det 2 legevakter, ei i Seljord i eit samarbeid med Kviteseid og ei i Vinje i samarbeid med Tokke. Fyresdal og Nissedal er ein del av legevaktsamarbeidet i Arendal. Tokke og Vinje Legevakta ligg på helsesenteret i Vinje (legeavdelinga). Legane har vakt 24 timar i døgnet 7 dagar i veka, mens hjelpepersonell (sjukepleiar) har vakt frå 08 til 22, 7 dagar i veka. På natt (22.00-08.00) er svartenesta i Tinn, mens legane har vakt i Vinje. Kviteseid og Seljord Legevakta ligg på helsesenteret i Seljord. Legane og hjelpepersonell (sjukepleiar) har vakt 08.00-22.00, 7 dagar i veka. Legevakt på natt er i Notodden. Ny forskrift om akuttmedisin:
Side 2/5 Den nye forskrifta om akuttmedisin, gjeldande frå 1. mai 2015, set nye krav til kompetanse for å delta i legevakt. Forskrifta gir kommunane ein overgangsordning fram til 1. mai 2018, før kompetansen må vera på plass. Bakgrunn for forskrifta er utfordringar knytt til tenesta i dag med for dårleg kompetanse blant legane og hjelpepersonell som arbeider på legevaktene. Mange fastlegar deltek ikkje i legevakt, så bruken av vikarar utan tilstrekkeleg kompetanse er for høg. Akuttforskriften 7 Kompetansekrav til lege i vakt mv. (frå 1. mai 2015) Ein lege kan ha legevakt aleine, utan kvalifisert bakvakt når: "a) Legen har godkjenning som spesialist i allmennmedisin og har gjennomført kurs i volds- og overgrepshåndtering". eller "b) Legen har godkjenning som allmennlege etter 3 første ledd bokstav a, jf. 8 eller 11 fjerde ledd, i forskrift 19. desember 2005 nr. 1653 om veiledet tjeneste for allmennleger, eller 10 i forskrift 8. oktober 2008 nr. 1130 om autorisasjon, lisens og spesialistgodkjenning for helsepersonell med yrkeskvalifikasjoner fra andre EØS-land eller fra Sveits. Legen må ha gjennomført 40 legevakter, eller ha arbeidet ett år som allmennlege i den kommunale helseog omsorgstjenesten. Legen må i tillegg ha gjennomført kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshåndtering". Kommunen pliktar å etablere bakvaktsordningar for legar i vakt som ikkje oppfyller krava. Kompetansekrava gjeld tilsvarande for legar som skal ha bakvakt. Bakvaktslege må kunne rykkje ut når det er naudsynt. I tillegg kjem krav om kurs i volds- og overgrepshandtering for hjelpepersonellet på legevakt. man fre lør søn helg - høytid 150 200 230 Takstar for bakvakt Hvis bakvaktlegen må rykke ut for å bistå lege på vakt, må kommunen utbetale eit beløp tilsvarande trygderefusjon(-er) og eigenandel(-er). Bistand per telefon blir godtgjort i henhold til takster. Akuttmottak på Sykehuset Telemark HF STHF har i dag etablert ein ordning der det berre er LIS-legar (legar spesialisering) som er i front på akuttmottaka. I STHFs strategiplan for 2016 er eit av satsingsområda akuttmedisin. Delavtala om akuttmedisin mellom STHF og kommunane i Telemark har ført til ein kartlegging av behov for samarbeid innan den akuttmedisinske kjede i heile fylket - og det vil bli lagt fram ein plan for dette. Statistikkar legevakt i dei 4 kommunane Statistikkane er henta frå Helsedirektoratet sitt takstsystem
Side 3/5 Statistikkar legevakt på natt i Tokke og Vinje 2014 Notodden kan ikkje framskaffe statistikk for bruk av legevakt på natt for Seljord og Kviteseid. Ein kan difor berre leggje fram statistikkar for Tokke/Vinje samarbeidet.
Side 4/5 NOU- «Først og fremst Et helhetlig system for håndtering av akutte sykdommer og skader utenfor sykehus» er for tida ute på høyring. Når det gjeld legevakter seier utvalet at ein bør innføre nasjonale krav som har til siktemål å gi ei retning for framtidig styrking og dimensjonering av legevakttenesta. Dei meiner krava bør bli fastsatt nærare i forskrift eller i retningsliner frå Helsedirektoratet. Vurderingar Krav om kompetanse for personell som arbeider i akuttmedisin i og utanfor sjukehus har lenge vore eit tema. I akuttsituasjonar er det særs viktig at legar og hjelpepersonell har kompetanse og erfaring. Skjerpa krav til kompetanse kjem no i heile den akuttmedisinske kjede (legevakt, ambulanse, AMK og i akuttmottak i spesialisthelsetenesta). Ein må sjå på dette som ein positiv endring, men som vil få store økonomiske konsekvensar for kommunane, med tanke på bakvakter for legar som ikkje har godkjend kompetanse. Forskrifta trådde i kraft frå 1. mai 2015, men kommunane får ein overgangsordning på 3 år til å skaffe seg kompetansen (1.mai 2018) Tokke/Vinje Ein har utarbeidd eit kostnadsoverslag basert på 10 delt vakt som no, der ein reknar at det vil i snitt vera 6 legar med godkjent kompetanse og 4 legar (inkl. turnus) som treng bakvakt. Legar med godkjent kompetanse vil få ein auka vaktbelastning med 2 vakter i løpet av 10 dagar (en sjølvstendig vakt og ein bakvakt) - mot 1 vakt i same perioden i dag. Ekstra kostnader pr år ca. 600 000 (her er det ikkje teke med takster for utrykning på bakvakt) Seljord /Kviteseid Ein har utarbeidd eit kostnadsoverslag basert på 9 delt vakt som no, der ein reknar at det i snitt vil vera 5 legar med godkjent kompetanse og 4 legar (inkl. turnus) som treng bakvakt. Legar med godkjent kompetanse vil få ein auka vaktbelastning med 2 vakter i løpet av 9 dagar (ein sjølvstendig vakt og ein bakvakt) - mot 1 vakt i same perioden i dag Ekstra kostnader pr år ca. 350 000. Ein har ikkje rekna inn ekstra kostnad til Notodden for bakvakt på legevakt natt og heller ikkje takstar for utrykking på bakvakt. Vedtak i styringsgruppa for samhandling: Samhandlingskoordinator skriv ei sak til utval/formannskap i kommunane Sette ned ei arbeidsgruppe Får fram faktatal/utfordringar Arbeidsgruppa lager ulike modellar for samarbeid inkludert økonomisk oversikt
Side 5/5 Arbeidsgruppe: - Leiarar for legevaktane: Hilde Haukom, Vinje, Aud Jonskås, Seljord - Legar Kine Jordbakke, Seljord, Lars Erik Eriksen, Tokke, Anne Ruth Mikalsen, Kviteseid, Rune Aaasbø Lystad, Vinje - Kommuneleiing: Rolf Henning Jensen, Seljord, Ann Wraa, Tokke, Olav Kaasa, Kviteseid, Kari Dalen, Vinje - Samhandlingskoordinator Sissel J Bitustøyl Tillitsvalde og brukarrepresentantane får innkalling og referat og møter etter behov Konklusjon Det er viktig å sjå på om ein i fellesskap, for kommunane som har eigen legevakt, om det er mogleg med eit tettare samarbeid om einskilde vakter, nattevakter eller felles bakvakt m.v. Det er viktig å nytte god tid på prosessen der ein kan leggje fram ulike modeller for samarbeid. Rådmannen si tilråding: Arbeidsgruppa ser på ulike modeller for eit utvida samarbeid om legevakt og legg fram ei sak til handsaming i kommunane i løpet av 2016 Utskrift til: Samhandlingskoordinator Sissel Bitustøyl sissel.bitustoyl@vinje.kommune.no