Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran?



Like dokumenter
KLAGE LØYVE TIL UTSETTING AV UTANLANDSKE TRESLAG TIL JULETREPRODUKSJON PÅ EIGEDOMEN GNR. 110, BNR 49 I KRISTIANSAND KOMMUNE

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Plommedyrking og plantehelse i plomme. Gaute Myren

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kva er økologisk matproduksjon?

Skadegjerarar og næringsmangel i norske edelgranfelt til bar- og juletreproduksjon

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Kartlegging av Neonectria

Kom skal vi klippe sauen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brødsbrytelsen - Nattverden

mmm...med SMAK på timeplanen

TEMA Nr. 6 - April 2011

«Ny Giv» med gjetarhund

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vurdering av allianse og alternativ

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Kulturhistoriske registreringar

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

SJUKE BARN I BARNEHAGEN

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Den nye seksjon for applikasjonar

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

1 BAKGRUNN 2 GJENNOMFØRING 3 FORSØKSOPPLEGG

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Risingskurs Luster 2012

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

TEMA Nr oktober 2010

TEMA Nr. 3 - Februar 2008 Vol.3 Nr

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Brukarrettleiing E-post lesar

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Rettleiing. - utfylling av refusjonsskjema for faste praksisskular

Bustadområde i sentrum. Vurdering

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

TEMA Nr. 1 - Januar 2012

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Lønnsundersøkinga for 2014

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

Les for livet - del 2 (Ref # )

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Konsekvensar for plantehelse ved opnare import. Arne Stensvand Bioforsk Plantehelse

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Storåna, Sandnes kommune

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Torkjell Ljone Torgeir Døssland Torgeir Døssland 1. BAKGRUNN OG SYNFARING TILHØVE OG STABILITET TILTAK... 2

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Transkript:

93 Er soppsjukdomar nokon trussel for juletreproduksjonen av edelgran? Venche Talgø, Arne Stensvand / venche.talgo@planteforsk.no Planteforsk Plantevernet Innleiing På landsbasis kjem berre 50-60 % av alle tre som vert planta til juletre, ut på marknaden. Noko av svinnet skuldast bruk av planteartar eller proveniensar som ikkje er tilpassa klimaet på veksestaden, men hovudårsaka til utgang/utsortering har synt seg å vera ulike soppsjukdomar. Nokre soppar er så aggressive at dei kan infisera plantene på eiga hand. Andre soppar kan berre koma inn gjennom vev som er skadd av til dømes vind, frost, insekt og midd. I denne artikkelen er det fyrst eit avsnitt om soppsjukdomar som angrip nåler og skot. Deretter vert sjukdomar som går på rothals og røter, omtala. Under omtalen av kvar skadegjerar er det vist til artiklar/faktaark som er utarbeidde ved Plantevernet og publiserte i Grønn kunnskap e (http://www.planteforsk.no/dokumenter/gronn_kunnskap_e/2004.html). Her vil ein finna symptombilete og meir utfyllande tekst om vertplanter, biologi og tiltak. Før konklusjonen er det med eit avsnitt om generelle tiltak for å få høgast mogleg avkasting frå felta. Edelgran (Abies spp.) utgjer i dag 80 % av alle trea som vert planta til juletre. Denne artikkelen fokuserar difor mest på soppsjukdomar som er funne på ulike edelgranartar, men der desse soppane også angrip ulike granartar (Picea spp.), vil det vera nemnt. Soppsjukdomar på nåler og skot luftborne sjukdomar I motsetnad til ved skogsdrift, vert det ikkje tolerert skada eller misfarga nåler på juletre. Soppar som angrip bark og bar, har luftborne sporar som spreier seg når det er fuktig. Fleire av soppane kan angripa gjennom heile vekstsesongen, men generelt er det nye nåler og unge skot (før lignifisering) som er mest utsette. Rhizosphaera kalkoffii R. kalkoffii kan gi alvorleg nålefall på ulike edelgran- og granartar (Talgø & Stensvand 2003h). Også skot og greiner kan dauda. Spesielt store skadar har ein sett i juletrefelt på nordmannsedelgran (A. nordmanniana). Soppen er også funnen på småplanter direkte frå planteskular. Dersom det gjennom flei-

94 V. Talgø og A. Stensvand / Grønn kunnskap 9 (2) re vekstsesongar på rad er store angrep av soppen, kan unge tre gå ut. Nålefallet startar som regel på dei nedste greinkransane. Det er særleg dei nye, mjuke nålene som får angrep, men også eldre nåler er utsette når treet er svekka. Thysanophora penicillioides Denne soppen vert ofte funnen på ulike edelgran- og granartar der grøne nåler dryss av både før og like etter hogst. Sporeberarane til soppen dekkar spalteopningane på nålene og hindrar dermed truleg fotosyntesen (gassvekslinga). I litteraturen er soppen berre omtala som saprofytt (bryt ned daude nåler som ligg på bakken), men det stemmer ikkje med det vi har observert (Talgø & Stensvand 2003j). Det skal arbeidast vidare ved Plantevernet for å freista avklara kva rolle denne soppen spelar når det gjeld nålefall. Sclerophoma spp. Sclerophoma vert i litteraturen omtala som ein svak parasitt som kjem inn etter til dømes skade av frost, tørke, insekt, midd eller andre soppar. Infeksjon gir daude nåler og årsskot. Det vert danna kreftsår, og skota vert ringa. Skadar på nordmannsedelgran og vanleg gran i juletrefelt, både i Noreg og Austerrike, tilseier at denne soppen er meir patogen enn det ein tidlegare har trudd (Talgø & Stensvand 2003i). Phaeocryptopus nudus Her i landet er denne soppen funnen på korkedelgran (A. lasiocarpa var. arizonica) på Vestlandet og fjelledelgran (A. lasiocarpa) på Austlandet (Talgø & Stensvand 2003d). Fjorårsnålene heng stort sett på, men er brune. Sjølv om årsskota kan vera smitta, ser dei friske ut, fordi det kan ta over eit år frå infeksjonsstart til symptomutvikling. Kabatina spp. Ulike artar av Kabatina er velkjende skadegjerarar på einer (Juniperus spp.) og tuja (Thuja spp.) her i landet (Talgø & Stensvand 2003b). Nyleg vart Kabatina funnen på nåler av nobeledelgran (A. procera). Nobeledelgran vert lite planta til juletre her i landet, men er mykje brukt til barproduksjon. Etter angrep vert det utvikla raudbrune flekkar på nålene. Ved sterke angrep flyt flekkane saman, og heile nåler eller berre ytre halvdel av nålene vert brune. Phomopsis spp. Phomopsis er fyrst og fremst eit problem på småplanter. I 2001 gjekk tusenvis av relativt nyplanta fjelledelgran og vanleg gran ut på grunn av at barken vart ringa av Phomopsis. På større tre ser ein til tider at nåler, topp- og sideskot vert brune på grunn av Phomopsis-angrep (Talgø & Stensvand 2003e).

95 Edelgranrust (Pucciniastrum epilobii) Denne rustsoppen gjer omfattande skade i nokre område her i landet (Talgø & Stensvand 2003g). Ein vil kunna sjå tett i tett med kvite utvekstar (aecidium) under nålene på sommaren. Nålene vert etter kvart brune, krøllar seg og fell av. Ved sterke angrep kan skot dauda. Denne rustsoppen har vertskifte med geitrams (Epilobium angustifolium) og mjølke (Epilobium spp.). Dersom ein kan halda desse ugrasa nede i felta ved hjelp av herbicid, mekanisk fjerning eller beiting, vil ikkje edelgranrust vera noko problem. Pestalotiopsis spp. Denne soppen er vanleg på mange bartre i grøntanlegg (Talgø & Stensvand 2003c). Den fins ofte i store mengder på daude nåler og skot på ulike artar av edelgran. Det er uvisst om soppen er ein primær eller sekundær skadegjerar på juletre. Vi vil gjennomføra smitteforsøk for å fastslå dette. Cytospora spp. Cytospora vert ofte funnen på brune nåler av både gran- og edelgran. Dessutan er det observert at Cytospora dannar kreftsår og ringar greiner og toppar på fjelledelgran (Talgø & Stensvand 2003a). Gråskimmel (Botrytis cinerea) I einskilde område der det er relativt kaldt og fuktig i skytingsfasen, ser ein år om anna at gråskimmel drep nye skot på gran og edelgran. Symptoma kan minna om frostskade (Talgø et al. 2003a). Soppsjukdomar i rot og rothals jordbuande sjukdomar Når planterøter vert øydelagde på grunn av sopp, vert opptaksapparatet for vatn og næring redusert. Plantene kan få tørkeskadar, næringsmangel, redusert vekst eller i verste fall dauda heilt ned. Phytophthora spp. Phytophthora spp. går til vanleg under namnet algesoppar, men eigentleg er dei korkje algar eller soppar. I systematikken høyrer dei heime i eit eige rike (Chromista) på linje med soppriket, planteriket, dyreriket, etc. Som namnet algesoppar indikerar, trivest desse organismane best i eit fuktig miljø. I område med mykje nedbør, tung jord og/eller dårleg drenering vil Phytophthora kunna gjera stor skade (Talgø & Stensvand 2003f). Inntil våren 2004 var det ikkje rapportert om Phytophthora-skade i juletrefelt her i landet, men det har lenge vore eit velkjent problem i juletreproduksjonen i mange andre land. I Noreg er det no funne omfatande skade i felt med både nordmanns-, fjell- (Fig. 1) og nobeledelgran (Talgø et al. 2004). Heile trea får ein blass grønfarge før dei vert brune. I rothalsen og på stamma vert det ein brunraud misfarge med skarpt skilje mellom friskt og sjukt vev.

96 V. Talgø og A. Stensvand / Grønn kunnskap 9 (2) Figur 1. Angrep av Phytophthora i eit fjelledelgran-felt i Buskerud. Foto: V. Talgø Honningsopp (Armillaria spp.) Honningsopp er eit stort problem i juletreplantingar i USA. Her i landet vart det hausten 2004 for fyrste gong rapportert til Plantevernet om skade på grunn av honningsopp i juletrefelt. Fig. 2 syner fjelledelgran frå eit felt på Austlandet der rothalsen er gjennomvoven av kvitt mycel. Soppen dannar også tjukkvegga sopptrådar (rhizomorfar) som er viktige spreiingsorgan i jorda. Rhizomorfane (Fig. 3) kan forvekslast med røter. Dei er fyrst lyse, men vert etter kvart brunraude og så svarte. Honningsopp dannar sporar i sopphattar rundt gamle infiserte stubbar (Talgø et al. 2003b). Figur 2. Rothals av fjelledelgran med omfattande angrep av honningsopp. Foto: V. Talgø Figur 3. Rhizomorfar av honningsopp. Foto: V. Talgø

97 Rotkjuke (Heterobasidium annosum) Rotkjukeròte gjer stor skade i juletrefelt i USA (Talgø 2004). Spesielt ille kan det vera dersom ein har fleire omløp med juletre utan vekstskifte. Sjukdomen opptrer i runde flekkar/roser i felta og breier seg utover år for år, først og fremst ved hjelp av rotkontakt mellom sjuke og friske tre. Dei fyrste symptoma er dårleg toppskotvekst. Seinare vert nålene gule. Det vert utvikla ein karakteristisk mørk ròte inni stammen, og trea vil etter kvart dauda. I Noreg gjer denne soppen skade i skogsbestand (særleg barskog) og kan difor verta eit problem i juletrefelt. Tiltak Plant berre tre som har friske, velutvikla røter og friskt bar. Sørg for god lufting i feltet ved å fjerna ugras og skjera av dei nedste greinene ( stamma opp trea). Det bør heller ikkje plantast for tett. Unngå planting i skuggefulle område der ein veit det vert dårleg opptørking etter nedbør og doggfall og der fuktig, kald luft vert ståande. Det skal vera god drenering i jorda. Eventuell spreiarvatning bør gjerast om morgonen eller midt på dagen, slik at baret tørkar opp før kvelden. Då vil tida med fuktig bar vera så kort at soppsporane ikkje rekk å infisera. Ikkje set att greiner på stubben etter hausting av tre og fjern eldre, infiserte tre i god tid før eventuell gjenplanting. Sidan sporar kan bli dregne over på friske tre, bør ein unngå formskjering i periodar med sporespreiing, det vil seia i fuktig vær gjennom vekstsesongen. Eventuelt kan formskjering føregå om vinteren når temperaturen er for låg til sporedanning og infeksjon. Skjer alltid dei trea som ser friske ut fyrst. Eventuelt kan saksa desinfiserast mellom kvart tre (med til dømes raudsprit eller klorin). Dersom det er stadfesta ein alvorleg soppsjukdom på bar eller greiner, bør ein skjera av 5-10 cm nedanfor infeksjonspunktet og brenna sjuke greiner eller heile tre. Dette vil redusera smittepresset. Dersom det er stadfesta Phytophthora, må ein vera svært nøye med reingjering av maskinar, reiskap og fottøy for å unngå og dra infisert jord med seg til nye felt på garden eller til andre dyrkarar. Kvilesporar av Phytophthora kan overleva uten vertplante i mange år i jorda. Juletrefelt på nyrydda skogsmark er svært utsett for honningsopp. Det er difor viktig at det vert gjort eit grundig ryddearbeid før planting. Infiserte stubbar og røter som til dømes vert lagde som fyllmasse i søkk i terrenget, utgjer ein stor smittefare. Ved angrep bør den sjuke planta og mest mogleg av røtene og rhizomorfane gravast opp og fjernast. Planter som er tørkestressa, eller svekka av andre grunnar, er mest mottakelege for honning-

98 V. Talgø og A. Stensvand / Grønn kunnskap 9 (2) sopp. Det er difor viktig å halda plantene i jamn, god vekst. I juletrefelt i USA er det vanleg å grava inntil 1 meter djupe grøfter rundt infiserte tre/område for å hindra smittespreiing. Grøftene gjer at korkje røter eller rhizomorfar får kontakt med nabotrea. Dersom det ikkje er ynskjeleg med opne grøfter, set dei ned ein skiljevegg av plast og fyller attende jorda. Den same metoden vert nytta mot rotkjuke i juletrefelt i USA, men då er det berre for å hindra rotkontakt (rotkjuke har ingen rhizomorfar som spreiar soppen i jorda). Soppmiddel er det mest aktuelt å nytta i planteskular, men det kan til dømes vera aktuelt å sprøyta med koparpreparat i juletrefelt ved sterke angrep av nålefallsoppen Rhizosphaera. Konklusjon Mange problem kan avgrensast ved å ha sjukdomsfrie utplantingsplanter. I 2005 startar eit nytt prosjekt på planterskulehygiene (samarbeid mellom Norsk Pyntegrønt Forsøksring, Norsk Gartnerforbund og Planteforsk). Vi vonar at dette prosjektet vil vera med og heva kvaliteten på småplanter som går til juletreplanting. Spesielt viktig er det å unngå Phytophthora-infiserte småplanter, fordi det nærast er uråd å verta kvitt denne organismen dersom eit felt har vorte nedsmitta. Erfaringar frå USA tilseier at ein bør unngå og planta juletre på tidlegare skogsjord der ein har observert symptom på honningsopp og/eller rotkjuke. Då må i tilfelle stubbar og røter fjernast fyrst. Dei jordbuande sjukdomane fører som regel til at trea daudar heilt ned. Dersom angrep av desse sjukdomane aukar i omfang, vil dei verta ein alvorleg trussel for juletreproduksjonen. Slik stoda er i dag er det mest luftborne sjukdomar som forringar kvaliteten. Referansar Talgø, V. 2004. Skadegjerarar under oppal og produksjon av bartre i USA. Norsk Pyntegrønt 11(1):13-16. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003a. Cytospora sp. Grønn kunnskap e 7(101P). 3 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003b. Kabatina spp. Grønn kunnskap e 7(101Q). 2 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003c. Pestalotiopsis spp. Grønn kunnskap e 7(101J). 3 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003d. Phaeocryptopus nudus. Grønn kunnskap e 7(101C). 3 s.

99 Talgø, V. & Stensvand, A. 2003e. Phomopsis spp. Grønn kunnskap e 7(101A). 4 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003f. Phytophthora spp. Grønn kunnskap e 7(101G). 4 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003g. Pucciniastrum epilobii (edelgranrust). Grønn kunnskap e 7(101U). 2 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003h. Rhizosphaera spp. Grønn kunnskap e 7(101H). 3 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003i. Sclerophoma sp. Grønn kunnskap e 7(101V). 2 s. Talgø, V. & Stensvand, A. 2003j. Thysanophora penicillioides. Grønn kunnskap e 7(101L). 2 s. Talgø, V., Andersen, M. & Stensvand, A. 2003a. Botrytis cinerea (gråskimmel). Grønn kunnskap e 7(101I). 3 s. Talgø, V., Singh, H. M. & Stensvand, A. 2003b. Armillaria spp. (honningsopp). Grønn kunnskap e 7(101Å). 3 s. Talgø, V., Stensvand, A., Herrero, M. & Pundsnes, T. 2004. Omfattande skade av algesoppen Phytophthora i edelgranfelt. Norsk Pyntegrønt 11(2):11-13.