Helse og rehabilitering Miljøretta helsevern Verksemd for Tekniske tenester v/ Grete Nesheim Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad Saksbehandlar Knut Evjen Tlf. direkte innval 53483236 Vår ref. 2012/1046-13 Dykkar ref. Dato 31.01.2013 VARSEL OM VEDTAK - PÅLEGG OM UTBETRING AV INNEKLIMA I ROM 1 VED TRÅ SKULE ETTER FORSKRIFT OM MILJØRETTET HELSEVERN I BARNEHAGER OG SKOLER M.V. I har kommuneoverlegen fått delegert myndigheit til å føre tilsyn med verksemder som blir omfatta av Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. Formålet med forskrifta er å bidra til at miljøet i barnehagar og skular fremjar helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold, samt førebygge sjukdom og skade. Saksopplysningar Kommuneoverlegen ved miljøretta helsevern fører systematisk tilsyn med skular. Det vart gjennomført tilsyn ved Trå skule den 24.04.12. Tilstades ved synfaringa var verksemdsleiar Edvard Jarle Tveit, driftsleiar bygg Terje Hellingsrud, Tekniske tenester og ingeniør Knut Evjen frå Miljøretta helsevern. Vi viser til vårt varsel om vedtak om retting av forhold på Trå skule datert 31.05.12 og vårt vedtak om retting datert 18.07.12: Trå skule vart pålagt: 1. Å utføra tiltak slik at skulen får eit tilfredsstillande inneklima. 2. Å utføre radonreduserande tiltak dersom radonkonsentrasjon er over tiltaksgrensa på 100 Bq/m 3. Tiltak må gjennomførast snarast og innan 12.10.12. Inneklimamålingar er utført av Tekniske tenester bygg og vedlikehald i utvalte klasserom ved skulane/oppvekstsentra i perioden 02.10.12-07.12.12 (sak 2012/2534). Det vart målt CO 2 - innhald, temperatur og relativ luftfuktigheit med eit loggintervall på 1 sekund. Opplysningar om vêrforhold i perioden målingane vart gjennomført manglar. Inneklimamåling ved Trå skule vart utført 14.11.12 i: Rom 1. Det var 14 elevar og 1 lærar i klasserommet i måleperioden.
Side 2 Retningslinjer for inneklimaet Folkehelseinstituttet har på oppdrag frå Sosial- og helsedepartementet utgitt rapporten Anbefalte faglige normer for inneklima. Normene er ikkje formelt fastsatt av departementet. Ved at normene er fastlagt av Folkehelsa har dei fagleg tyngde og vil ved tilsyn og kontroll av skular eller andre lokale ligge til grunn for vurdering av både tilstand og tiltak. Inneklimaparameter Karbondioksid CO 2 Relativ luftfuktigheit 19 26 C* Maks. 1800 mg/m 3 = 0,10 vol% = 1000 ppm Ingen generelle krav (men bør haldast så låg som mogleg)** * En anbefaler at temperaturen så langt som mulig holdes under 22 C, spesielt når det er oppvarmingsbehov (i vinterhalvåret). Overskridinger av den høyeste verdien kan aksepteres i varme sommerperioder, men overskridinger bør ikke utgjøre mer enn høyst to uker i et normalår. Solskjerming bør uansett finnes. ** Luftfuktigheten bør holdes så lav som mulig. En anbefaler ikke høyere verdier enn RF 70% sommerstid, og en bør prøve å holde luftfuktigheten ned mot RF 40% vinterstid. Dette for å hindre kondens og gode vekstvilkår for mugg og bakterier. Ulike inneklimafaktorer Karbondioksid CO 2 dannes ved forbrenning og produseres ved stoffskiftet i organismen og finnes derfor i menneskets utåndingsluft. CO 2 gir i seg selv ikke helseskader i de konsentrasjoner som vanligvis finnes i skoler og barnehager. I rom der det er høy personbelastning, vil et høyt CO 2 -nivå indikere at luftskiftet (ventilasjonen) er for dårlig i forhold til antall personer i rommet. Dette betyr at andre forurensninger kan hope seg opp i inneluften. Et høyt CO 2 nivå følges ofte av følelse av tung og ufrisk luft og vond lukt, og CO 2 brukes derfor som indikator for dårlig luftkvalitet. Inneklimaet har betydning for kroppens varmebalanse. Viktige begreper foruten romtemperatur blir her lufthastighet, relativ fuktighet, aktivitetsnivå og bekledning. Såvel høy som lav lufttemperatur kan forårsake helse- og trivselsproblemer. Lav lufttemperatur og trekk kan øke risikoen for reumatiske lidelser. Både for lav og for høy lufttemperatur reduserer arbeidsprestasjoner og øker ulykkesrisiko. Ubehag ved at luften føles tørr, henger ofte sammen med høg innetemperatur og/eller støv i innelufta. Sammen med høy fuktighet vil høy temperatur dessuten fremme vekst av husstøvmidd og mikroorganismer samt bidra til å øke avgassingen fra overflatematerialene i rommet. Relativ luftfuktighet Relativ luftfuktighet angis i prosent, og sier hvor mye vanndamp luften inneholder i forhold til det den maksimalt kan inneholde ved den aktuelle temperaturen. Når den relative luftfuktigheten er 0 %, er luften fullstendig tørr, og ved 100 % er den mettet med vanndamp. Luftfuktigheten inne avhenger i stor grad av luftfuktigheten utendørs, samt faktorer i rommet som antall personer, tilstedeværelsen av andre fuktkilder, temperatur og ventilasjon. Luftens absolutte innhold av fuktighet/vann varierer i løpet av året. På grunn av oppvarming, er den relative fuktigheten innendørs, ofte lav om vinteren. Luftfuktigheten kan justeres opp ved å senke temperaturen inne. Viser også til Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. 19 Inneklima/luftkvalitet: Virksomheten skal ha tilfredsstillende inneklima, herunder luftkvalitet.
Side 3 regulering og ventilasjon skal være tilpasset bruksområdet og årstidsvariasjoner. Den relative luftfuktighet i rommene må ligge på et slikt nivå at fare for muggdannelser ikke forekommer. Miljøretta helsevern si oppsummering av resultata av inneklimamålingane utført av Tekniske tenester Inneklimamålingane er utført med måleutstyret ZyAura ZG 1683R CO 2 monitor og inneklimamåler. Målaren vart plassert i arbeidshøgde i dei lokala målingane vart føretatt. Målaren er plassert vekk frå ventilar, omnar, personar og opne vindauge. Målaren sto ein heil skuledag og samla inn data om CO 2 nivå, temperatur og luftfuktigheit. Instrumenta var kalibrert i 2012. Målingane vart gjennomført over ein skuledag. Det har i ulik grad vore lufta ved hjelp av dører eller vindauger i pausane. Rom 1 Ved ein belastning på 14 elevar og 1 lærar i rommet ligg CO 2 nivået opp mot 1500 ppm i undervisningstida. en varier mellom 20-24 0 C. Den relative luftfuktigheita ligg mellom 27-30 %.
Side 4 Karbondioksid Målinga som vart gjort viser at CO 2 innhaldet i innelufta raskt overstig helsenorma på 1000 ppm i rommet. Målinga viser også at CO 2 innhaldet i rom 1 er over norma i deler av undervisningstida med den personbelastninga om var gjeldande i det tidsrommet målinga vart utført. Når det vart lufta i friminutta og elevane er ute fell nivået noko, men straks timane byrjar at stig nivået igjen. I rom der det er høg personbelastning vil eit høgt CO 2 nivå indikere at luftskiftet er for dårleg i forhold til tal personar i rommet. Dette betyr at andre forureiningar kan hope seg opp i innelufta og blir ofte fylgt av ein følelse av tung, ufrisk luft og vond lukt. en varierte mellom 20 C og 24 C i den tida det var aktivitet/undervisning i romma. Relativ luftfuktigheit Den relative luftfuktigheita låg mellom RF 27 % og RF 30 % i den tida det var aktivitet/undervisning i romma. Vurdering Skulen har ikkje tilfredsstillande ventilasjon i det målte klasserommet. Det må gjerast tiltak slik at skulen får eit tilfredsstillande inneklima, herunder luftkvalitet. Kommuneoverlegen ved miljøretta helsevern vurderer inneklimaforholda i klasserommet slik at dersom ventilasjonen ikkje blir utbetra, må det setjast begrensning på tal personar (elev og lærar) i rommet. Rom 1 kan maksimalt ha 10 personar samtidig. Dette er basert på vurderingar med den personbelastning og dei lufterutinar som er gjennomført. For å vurdere om CO 2 -konsentrasjonen kjem under norma på 1000 ppm ved reduksjon av tal personar, må det utførast ny inneklimamåling. Det må også bli lufta i kvart friminutt og elevane må forlate klasserommet i friminutta, samt unngå doble undervisningstimar.
Side 5 Kommuneoverlegen ved miljøretta helsevern krev også at det blir gjennomført inneklimamålingar i alle klasserom ved skulen. Varsel om vedtak: Med delegert myndigheit og med heimel i Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler m.v. 26 og Lov om Folkehelsearbeid av 01. januar 2012 14 blir Trå skule pålagt å: 1. Sørgja for tilfredstillande inneklima/luftkvalitet for elevane på skulen ved å: a. utbetra ventilasjonen eller b. redusere tal personar i rom 1. I rom 1 til 10 personar. Reduksjon av tal personar i klasserommet må følgjast opp med nye inneklimamåling for å kontrollera om tiltaka er tilstrekkelege. 2. Utføra inneklimamålingar i alle klasserom ved skulen. Frist for å gjennomføre punkt 1 setjast til skulestart 2013. Punkt 2 må gjennomførast innan 19.04.13. Dette skrivet må reknast som eit førehandsvarsel jf. forvaltningslova 16 om seinare vedtak vedkommande retting av forhold ved Trå skule. Dersom verksemda har kommentarar eller tilføying til pålegget, ber ein om at desse blir tilbakemeldt til kommuneoverlegen ved miljøretta helsevern seinast 15.02.13, slik at saka vert så godt opplyst som mogleg før vedtak vert fatta. Med helsing Oddvar Larsen kommuneoverlege Knut Evjen ingeniør Kopi til: Asbjørn Skår Edvard Jarle Tveit