Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet?

Like dokumenter
ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005

Brødsbrytelsen - Nattverden

ÅRSRAPPORT FOR OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Eit friminutt frå sorga

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vår grøne. kyrkjelyd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

mmm...med SMAK på timeplanen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Velkomen til soknerådskurs

Seljord kommune Arkiv: G21 Saksnr.: 2016/ Legevaktene i Vest-Telemark og ny forskrift om akuttmedisin

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Valdres vidaregåande skule

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006

Strategidokument Varhaug Misjonshus

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU!

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

5. Soknerådsmøte mai Referat

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

«Ny Giv» med gjetarhund

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Møteprotokoll for møte i

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Stemnehandboka for NKSF

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Eilev Erikstein Mobil / e-post heimeside: ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Transkript:

ÅRSRAPPORT FOR 2012 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 5 VANDRINGSTANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2012 FEKK NOKON MEIR HÅP I 2012? Det er ei plage og skulle rapportere og telje alt. Talet seier lite om innhaldet; kva skjedde i i samtala? Førte det til noko endring? Er det nokon som har fått eit betre liv i møte med diakonien? Er det blitt meir fellesskap i kyrkjelydane? Fekk nokon meir håp i 2012? Talet på køyrte kilometer er konkret og greitt. Siste år har eg køyrt 31 106 i den leasa Toyuta Aurisen. Så får ein håpe at denne rapporten fortel litt om kva som skjuler seg i dei køyrte kilometer? Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet? Med evidens forstår vi det som viser seg på en slik måte at det er gyldig, at det er til å stole på, og for å gi grunner til det må det kles i ord..(kari Martinsen). Så får ein håpe at det innimellom alle tal og oppramsingar av diakonal tiltak fins nokon som har kjent seg elska av Gud. 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING VEST-TELEMARK MODELLEN i diakoni vert det snakka om i kyrkje-noreg. Ei lite bidrag til norsk diakon- og kyrkjehistorie frå Vest-Telemark. Modellen bygger på eit utvida samarbeid over kommune og soknegrenser. Ein samarbeider om ei leiande diakonstilling. Ei stilling spesielt retta inn på å bygge diakonalt samarbeid innan i regionen. Difor er satsinga dei siste åra gått meir mot regionale institusjonar og tiltak som har verdi for heile Vest-Telemark, og kanskje helst slik ting som ingen andre ville hatt høve til å gjere. Frå 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane, kyrkjedepartement og Agder og Telemark bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Oscar.J. Garnes, Vinje. Tokke kyrkjelege Fellesråd fører rekneskapen. Dalen er kontorstad. Meir på www.prostidiakon.no og Facebook.

Så som Verdiseminar, Pilegrimsvandringa Å vandre med håp, vandring for etterlatne etter sjølvmord, diakonarbeid ved DPS i Seljord, deltakar i Felles ungdomsklubb i VT, fengselsdiakonien i Fyresdal og dei årlege Krisegruppeseminara for heile Vest-Telemark. Så er det er viktig at kyrkje og diakoni har ein plass i det offentleg rom, sjølv om ho ikkje lenger har så mykje reell makt. Prostidiakonstillinga i Vest-Telemark har som mål på å vera eit viktig samarbeidslekkje mellom kyrkje og samfunn. Men grasrotarbeidet, i sorg og kriser, den direkte kontakten er framleis det viktigaste i prostidiakontenesta. Sist år er det gjennomført fem hundre samtaler. 2. ARBEIDSOMRÅDE OPPRETTING OG OPPFYLGING AV DIAKONIORGANA I KYRKJELYDANE. Det er diakoniutval i Kviteseid, Nissedal/, Grunge og Fyresdal. Utvala har ansvar for blomehelsingar, helgemesse og diakonidagar. FORKYNNING OG UNDERVISNING OM DIAKONI. Dette skjer gjennom gudstenester (21),diakoniundervisning for alle konfirmantane, kursverksemd, soknerådsmøte og diakonispalta i Vest Telemark Blad OPPLÆRING OG UTDANNING AV FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR. Så godt som råd vert det prøvd å følgje opp dei friviljuge. Om ikkje anna er målet at dei ein eller annan gong gjennom året, får ei rose. Diakonisamlinga for Vest-Telemark er eit årleg samlingspunk. SAMARBEID MED SOKNERÅD OG KYRKJELEGE TILSETTE I PROSTIET. Samarbeidet skjer på mange felt. M. a gjennom å møte med sokneråd og diakoniutval. Elles deltek eg fast på møta i preste- og diakonfelleskapet i Vest-Telemark, og samlingar som prosten kallar inn til. ARBEID MED Å STYRKE FELLESSKAP OG OPPRETTEOMSORGSGRUPPER. Sist år har det vore to Leva-Vidare grupper i sving. (Åmot og Dalen).Elles er det tilbod om Livssynsgruppe på Distrikts- psykiatrisk Senter i Seljord og Guys- Group på Kvitsund. ARBEID MELLOM DEI INNSETTE I SKOGSLEIREN I FYRESDAL Det er månadlege visitørbesøk. Kvar gong er det mellom 1-12 innsette som drikk kaffi og et kake med oss (Statistikken seier 87 i alt ).Tre visitørar deler på denne tenesta. Oppslutninga om kyrkjeskyssen varierar noko. GJE HJELP TIL MENNESKE I AKUTTE, VANSKELEG LIVSSITUASJONAR. Jamt over annan - tredje kvar veke kjem det nye kontaktar. Elles er det utrykkingar i samband med arbeid i krisegruppene. I april var eg med å arrangerte eit kurs for alle krisegruppene i Vest-Telemark. Det vart delt ut fire oppmuntringspakkar til jol.

STOFF TIL KYRKJELYDSBLAD, AVISER OG RADIO. Kyrkjelydsblada i prostiet får jamlege stoff. Etter kvart er kommunane sine heimesider ein fin plass å få ut ting. Diakonispalta i Vest Telemark Blad er ein fin måte å få ut diakonale drypp på. (49). I Telemark Tidende i Telemarksavisa har eg ei spalte kalla Påfyll. I samband med innsamlinga til Kirkens Nødhjelpaksjonen får me disponere to avissider i VTB. Eg er òg inn med livssynskronikkar i Varden. Nytt av året er Facebook-sida til Prostidiakonen og deltaking i NRK-Telemark sitt Fredagspanel. HA KONTAKT MED OFFENTLEG SOSIALTENESTE OG HUMANITÆRE ORGAN. Prostidiakonen er med i dei kommunale krisetema i Nissedal, Vinje, Tokke og Kviteseid og Fyresdal. Kontakten med skular, sosialkontor, barnevern og arbeidsmarknadsbedriftene er god. Samarbeidet med Vest-Telemark psykiatrien om Å vandre med håp, vart gjennomført for femte gong. Elles er eg også i jamnleg kontakt med sekretariatet i VT Rådet. MÅLA SOM VART VEDTEKE PÅ ÅRSMØTET PÅ DALEN 15.04.12 FOR 2012/13: 1. Diakoni i Vest-Telemark Kyrkjemøtet vedtok i 2007 ein overordna plan for diakoni i kyrkjelydane. Dei fire overskriftene som planen er knytt opp mot er: o Nestekjærleik o Inkluderande fellesskap o Vern om skaparverket o Kamp for rettferd Diakonen og styret for diakonatet i Vest-Telemark vil arbeide for at denne planen skal bli kjent i kyrkjelydane i Vest-Telemark og føre til lokale diakoniplanar og diakonale tiltak. Målgruppe: * sokneråda - som har ansvar for diakonien i kyrkjelydane * dei tilsette på alle plan i kyrkja 2. Verdiar i Vest-Telemark Diakonatet ser det som viktig i perioden å halde fokus på verdispørsmål, inkludert verdiane som styrer utviklinga i Vest-Telemark. Diakonatet har gjort avtale med Vinje kommune / Kulturårshjulet om å arrangere verdiseminar kvart år. Målgruppe: * fagseminar for tilsette - også for tilsette utanfor kyrkje * dels seminar opne for alle. RESULTATVURDERING: Dei fire områda i Diakoniplanen er styrande for arbeidet. Nestekjærleik blir ikkje minst uttrykt innan

samtaler/husebesøk. Inkluderande fellesskap skjer på mange område: Skogsleirarbeidet, Verdiseminaret, pilegrimsvandringar, Leva - Vidare- grupper. Vern om Skaparverket og Kampen for rettferd vert ikkje minst trekt fram under konfirmantsamlinga for Vest-Telemark, og i samband med den årleg Fasteaksjonen til inntekt for Kirkens Nødhjelp. 3. STATISTIKK SAMTALER/ HUSBESØK I DEI EINSKILDE FELLESRÅDSOMRÅDA Tala gjeld om lag 200 ulike saker. Dei fleste samtalene går over to til tre gonger. Målet mitt å gje folk tilbod innan ei veke. 4. AKTIVITET VINJE To stabsmøte og deltaking på Stabstur til N.Norge/ Fire konfirmanttimar i Rauland og seks i Vinje / Medansvarleg for Diakoniens Dag på Møsstrond og Nesland og Solidaritetsgudsteneste i Nesland og Grunge / ansvarleg for Verdiseminaret : Foreldreansvar og unges val på Vinjehuset og Jonny-Cash-messe i Nesland i samband med Vinje-visitasen / preika på Snøformingsfestivalmessa i Åmot/ delteke på konfirmantfest i Rauland/ to Krisegruppemøte/to soknebod/ pilegrimsgudsteneste i Vinje kyrkje / to visitasplanleggingsmøte/ eitt eldretreff på Grungom/ forretta ei gravferd i Rauland og deltek på ei i Grunge/ medlem i arbeidsgruppe for Vinje Litteraturpark / ei pilegrimsvandring med konfirmantar i Vinje/ deltek på Helgemesse for Vinje/ leia ei liturgisk samling i Møsstrond kyrkje på Olsok/ undervist: Om å ta vare på seg sjølv og andre for Vinje Helsesenter / leia ei Leva-Vidare gruppe/ leia ei Pilegrimsvandring for staben i Vinje ( Breihjor-Vinje kyrkje)

KVITESEID Eitt felles soknerådsmøte for heile Kviteseid /to konfirmanttimar / andakt på to føremiddagstreff på Misjonshuset/ forretta i ei gravferd/ medansvarleg for Diakoniens Dag i Kviteseid/ to krisegruppemøte/ to vegleiingsamtaler med Lagsdiakon på Kvitesund/ delteke på VIP- undervisning på Kvitsund/ saman miljøarbeidar på Kvitsund Gymnas leia seks Guys - Group og to undervisningstimar saman med innsette frå Skogsleiren/ delteke på inspirasjonskveld for Lagsteam i Vest-Telemark/pilegrimsvandring for konfirmantane til Kviteseid gm kyrkje/ organisera pilegrimsvandring for Telemark Blindeforbund til Brunkeberg kyrkje/ halde andakt på Betel/ undervist på KOS om Kvardagsetikk/ delteke p på Juleavslutning på Krodokk/ kåsert om Å bli vaksen på avslutningsfest for 10.klasse Kviteseid Skule/ FYRESDAL Ti samlingar i skogsleiren.(m. a juleavslutning i skogsleirlavoen og Jonny Cash-konsert før sommaren) /medansvarleg for Diakoniens Dag/ organiserer kyrkjeskyss og besøk i skogsleiren / eitt soknebod NISSEDAL Leia konfirmantleir på Fjone/ ansvarleg for Diakoniens Dag/ delteke på avskil for Ingeborg Matre/ innleia på leiarsamling for barne- og ungdomarbeidet/ to konfirmanttimar/leia markering av Verdsdagen for psykisk helse på Mila/ kåsert Om å vera menneske på storforeldremøte i Treungen TOKKE Seks stabsmøte/ eit soknerådsmøte for Eidsborg/Mo/ Skafså /preika på Diakoniens Dag/ på Kulturhuset på Dalen / to krisegruppemøte/ ansvarleg for Kirkens Nødhjelp-aksjonen i Eidsborg/Mo/Skafså/to soknebod/leiar ei undergruppe i Bulystprosjektet Dalen + ( arbeid med inkludering av nye ibuarar på Dalen) Spist julemiddag med Psykisk Helse/ tente julegrana på Dalen/ medleiar i Gute-gruppe på Høydalsmo skule/ delteke på undervisningstimar i RLE på Tokke Skule/ undervist om Sorg for konfirmantane/undervist på Tokke Helsesenter Om å ta vare på seg sjølv og andre. / leia ei Leva-Vidare gruppe/ delteke i biskop Olav Skjevesland sin avskil på Dalen og i gravferda til organist Zbysjek./ organisert pilegrimsvandring i samband med Misjonssundag for Vest- Telemark i Skafså/ tre vegleiingsamtaler med sjukeheimsdiakonen TAL OG ARRANGEMENT FELLES FOR TOKKE, VINJE, NISSEDAL, FYRESDAL OG KVITESEID. Fire styremøte i Diakonatet pluss årsmøtet/ansvarleg for Diakonisamlinga for Vest-Telemark i år på Dalen med tema Å leva vidare. Elles utdeling av Diakoniprisen for 2012 til Gunstein Seltveit frå Tokke / med på konfirmanttreff på Vinjehuset/ delteke på seks preste- og diakonmøte i Vest-Telemark prosti/

distrikskontakt for Kirkens Nødhjelp/ansvarleg for Diakonispalta og laga Fasteaksjonsida i Vest-Telemark Blad/ kyrkjeleg representant i styret for Pilegrimsvegen til Røldal og vandringsleiar Seljord-Røldal ( ni dagars vandring) / prosjektansvarleg for pilegrimspsykiatrivandring frå Grungedal til Røldal med namnet Å vandre med håp / medansvarleg for seminar om vandringa / delteke i fagdag for Vest-Telemark prosti og Truopplæringsmøte for alle sokneråda i VT/ delteke på Yrkesmessa på Vest-Telemark Vidaregåande Skule/ delteke på tre styremøte og årsmøtet for Pilegrimsvegen frå Vest- Telemark til Røldal/ Saman med Øyvind Dåsvatn frå RVTS- Sør leia Vandring for forandring frå Ulevå til Røldal./ delteke på to Felles Ungdomsklubbar for Vest-Telemark/ teke initiativ til felles julebord for alle som køyrer på kryss og tvers i Vest-Telemark/ Etter å ha leia pilegrimsvandringar frå VT til Røldal sidan 2005 var dette siste gonga eg gjekk den ordinære vandringa. Heretter vert fokus på andre vandringar. - OG UTANOM VEST-TELEMARK: Mentor for trusopplæringa i Sauherad/ saman med Ivar Solbu halde temakveldar knytt til bokprosjektet Med Andre Ord i Langesund, Elverum og Andøya / varamedlem av sentralstyret i Det Norske Diakonforbund/ delteke på Vest-Telemark Treff i Oslo/ Delteke på Diakoniens Dag på Diakonhjemmet og Landstyremøte for DNDF i Oslo/ delteke på Fagdag for diakonane i Agder/Telemark/ vore på studietur med Kirkens Nødhjelp til Israel og Palistina( 12 dagar ) og inspirasjonssamling for KN-kontakter på Sundvollen/ leia gruppesamling for pårørande etter Utøya på helgesamling i Sandefjord/ delteke på samling for trusopplæringsmentorar på MF/ delteke på tre møter i Øvre Telemark Diakonforum/ ein andakt og eit Eldretreff på Bø Bedehus / halde innlegg på Krisekurs i regi av Agder/Telemark bispedømme i Gulset kirke/delteke på Låveseminar på Notodden/ DIAKONALE VANDRINGSTANKAR ( Frå Å vandre med håp 2012) Dag 1; Ein pilegrim går angsten i møte. Gjeng de verkeleg over heile Haukelifjell, seier folk med respekt i stemma. Er ikkje det tungt. Det er vel greitt så lenge det er godt ver? Men ingen er jamt lova godt ver. På vandringa kan det kome skodde eller glitrande sol. Sluddbyer eller milde fønvindar. Slik er det berre. Eg vil no heller ha eit skikkeleg ein skikkeleg Haukelistorm enn angsten som rasar i mitt eige sinn, sa ei. Så länge solen den glittrar på böljorna blå, Så tag med glädje ditt jobb fast du lider, Snart får du vila för eviga tider! Men inte hindrar det alls Att du är glad och ger hals, Så kläm nu I men en verkligt sju-sjungande vals! Det är en rasande tur att du lever, min vän

Och kan valsa omkring uti Havanna! Om pengarna tagit slut, gå till sjöss omigen Med karibiens passadvind kring pannan. (Evert Taube) Dag 2. Ein pilegrim ser nye ting Eg har vore med på mange pilegrimsvandringar frå Vest-Telemark til Røldal. Men er som ein heimføding å rekne i den store pilegrimssamanhengen. Santiago de Compostela og Trondheim er framleis fjerne pilegrimsmål for meg. Pilegrims cv` en min er med andre ord ikkje imponerande. Det er framleis mange kvite område på kartet. Enno er det mykje ukjend land og fare over. Med åra har eg vorte meir og meir klar over at det aller minst utforska landskap er mitt eige sinn? Det er mangt eg ikkje skjønar hjå meg sjølv, og det skulle lære meg å ikkje felle lettvinne domar over andre. Vi skulle begynt på nytt, skulle øvd oss litt før livet ble alvorlig. Skulle visst ka som gjør ondt, og ka som gjør nesten usårlig. Hvor vi skal hente ei tru, ka som e blindvei og ka som e bru, ka vi ska drepe og ka vi ska beskytte. Vi skulle begynt på nytt. Være hos hverandre ganske stille, være den du innerst inne ville. Ikkje snakke, ikkje flire, ikkje gråte. Være bare gåte ved gåte Være bare gåte ved gåte ( Kari Bremnes) Dag 3: Ein pilegrim har alltid ein fot på bakken Eg likar å sjå fjellet nærme seg. Puster tungt, fritt oppe på Haukelifjell. Fjellet er trygt og godt å kvile augo på. Men ikkje minst likar eg prosessen. Vandringa frå lågland mot dei høge nutar. Frå det enkle og kvardagslege, på stigar og i heftig trafikk på E 134, mest nedkøyrt av tunge trailerar. Midt gjennom verda går me. Er i verda og utanom? Somme gonger til lått på bygdevegane? Desse pilegrimane, kva fer dei etter her hjå oss? Vil dei ikkje heller ligge på ei strand i Spania eller i det minste gå Caminoen? Her på vår eigen Caminio tenkjer eg på ei vandring for to tusen år sida. Jesus hadde stått opp. Sprengt grensene mellom liv og

død. No var han ute og gjekk mot Emmaus. Her trefte han to av disiplane, gav seg i prat med dei. Han lytte og spurte, trøysta sikkert, men dei kjente han ikkje att. Ikkje før han sette seg ned ved bordet og braut brød. Gud openberre i det alminnelege, i nærveret mellom menneskjer, i diakoni og enkle daglege handlingar og fellesskapet kring eit bord. For jeg regner med jeg skal røre ved hans hånd, guttær Jeg regner med jeg skal røre ved hans hånd, guttær Ja, jeg regner med jeg skal røre ved hans hånd, guttær Og jeg legger inn et godt ord hvis jeg kan (Steve Earle/ Henning Kvitnes) Dag 4: Ein pilegrim er alltid undervegs I tidlegare tider var det gjerne syndeforlating og helbrede ein gjekk pilegrim for.i dag er det heller fridom og sinnsro som er grunngjevinga. Så er det som om det eksistensiell og kvardagslege smeltar saman i pilegrimsvsndringa. Som Hans Børli seier ein stad: Om de store ting, må man bruke de minste ord. Slik Gud kan bli eit for stort ord å ta I munnen, sjølv på ei pilegrimsvandring. Gud som ikkje let plassere i formlar eller båsar. Som ikkje ber om å bli trudd, men heller bli følgd. Slik Van Morison syng i ei gamal salme. High King of Heaven, my Treasure Thou art. High King of Heaven, my victory won, May I reach Heaven s joys, O bright Heaven s Sun! Heart of my own heart, whatever befall, Still be my Vision, O Ruler of all. (Van Morrison) Dag 5: Ein pilegrim ber håp med seg Eg veit nesten ikkje noko større nåde enn god svevn. Legge hovudet på puta, søvne utan vidare og vakna opp til skinande morgonljos gjennom gardina.

Men det skjer ikkje jamt. Regelen er heller at eg vert liggande vaken og tenke. Tenker på slikt eg ikkje kan gjera noko med der i nattemørke. Det er då eg må snakke hardt til meg sjølv eller helst tenke i andre banar. I nattemørket driv eg med håpsarbeid, eg bygger bru,i bru over til morgondagen. Ho er høg og fin som Bruhølbrua. Ei bru av alle vakre pilegrimsminner. Utsynet ned Tarjeibudalen og Austmannali, det grøne, grøne håpsfarga landskapet. Og endeleg målet. Ei lita kyrkja. Ikkje imponerande i seg sjølv, men for meg eit rom tru og tvil, håp og alle andre kjensler som fyller meg. Somtid med knytta hender, andre gonger i trygg tru. Jeg ravet rundt i gatene i de franske havnestrøk sanseløs av rom og sorg og savnet. I et bakrom i en bar holdt han til, jeg sa; Kan du svi vekk og erstatte dette navnet? Og skriv - Håp Bare - Håp Håp ( Jo Nesbø) Mobil 91113580 www. prostidiakon.no epost: eilever@online.no Takk til alle gode samarbeidpartar, både i og utanfor kyrkja i Vest-Telemark. Takk til Styret for Diakonatet ved leiar Oscar J. Garnes fordi de legg så godt til rett for at eg kan ha Vest-Telemarks beste jobb. Takk til alle som vil snakke med meg. Utan dykk ville det blitt grueleg kjedeleg på jobb! Dalen 4.01.13 Eilev Erikstein Protstidiakon i Vest-Telemark Elles sjå Facebook: Prostidiakonen i Vest-Telemark ( Ved årsskiftet stod at 207 lika sida.)