Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane



Like dokumenter
Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

10/ /K2-L32//AEM

Lokal forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Aurland Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Vik Kommune

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning i Sogndal kommune

Adresseføresegner, Sund kommune

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, Sogn og Fjordane

Namning av vegar i Fræna Kommune

Forskrift for adressetildeling og adresseforvaltning for Hadsel Kommune Innhold 1. Formål og omfang 2. Adressemyndighet 3.

Denne orienteringa vert berre sendt grunneigar, og de må sjølv orientera eventuelle leigetakarar.

LOKAL FORSKRIFT FOR ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING

LOKAL FORSKRIFT OM ADRESSETILDELING OG ADRESSEFORVALTNING Midtre Gauldal kommune, Sør-Trøndelag

MIDSUND KOMMUNE. Adresseplan Adresseringsområder i Midsund

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Adresseplan for Nord-Odal kommune

ADRESSEPARSELLERING, VEGADRESSER OG VEGNAMN I NISSEDAL KOMMUNE

Offi si el le adresser. Anita Høie

Vegadresse er oppbygd av tre elementer Adressenavnet Adressekoden Adressenummeret

Endring av adresseparseller og vegnavn som tidligere er navnet - Høring

Vedtatt i Vågsøy kommunestyre , K-sak 076/13

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

HALSA KOMMUNE ADRESSEPLAN

SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Formannskap /15

Adresseprosjektet Bernt Audun Strømsli Kartverket Kristiansand Matrikkeldager høsten 2013

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg oppvekst og kultur

1/27/2014. Formålet med adresser og skilt. Kommunen er adressestyresmakt. Matrikkelforskrifta 49. Heimel, matrikkellova 21 Fastset offisiell adresse

ADRESSEPLAN FOR LEBESBY KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Forsand kommune Politisk

SAKSFREMLEGG. Saksbehandler: Bengt Richardsen Arkivsaksnr.: 13/ Sett inn saksutredningen under denne linja IKKE RØR LINJA

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Fosnes kommune. Adresseplan

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Adresseprosessen 10/18/2013 ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL ADRESSEPROSESSEN - HEIMEL. Formålet med adresser og skilt Matrikkelforskrifta 49

Saksnr Utval Møtedato 004/15 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Espen Holen K2 - L32 13/995

SMØLA KOMMUNE SAKSNR.:

LOM KOMMUNE SKILTVEDTEKTER

MODUM KOMMUNE ADRESSEPLAN

Fjell kommune Arkiv: 566 Saksmappe: 2017/ /2018 Sakshandsamar: Janne Byrkjeland Dato: SAKSDOKUMENT

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Smøla kommune. Saksframlegg. Vegadressering i Smøla kommune

Informasjon om offisiell vegadresse

SAKSFRAMLEGG. 1. Plan og utviklingsutvalget tilrår kommunestyret å fatte følgende vedtak:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Informasjon om tildeling av vegadresser

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Adresseplan. Overgang fra matrikkeladresser til veiadresser. Vedtatt av Skaun kommunestyre

Reglar for kommunale tilskot til. næringslivet. i Åseral.

namnsetjing. av gater og vegar Språkrådets stadnamnteneste

Møteinnkalling TYDAL KOMMUNE. Utvalg for areal, miljø og teknikk. Dato: Utvalg for areal, miljø og teknikks medlemmer og varamedlemmer

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

REGULERINGSPLAN FOR LUTELANDET ENERGIPARK

MØTEBOK Tysnes kommune

Granvin herad Sakspapir

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Kurs i matrikkelføring. Offisielle adresser

MØTEINNKALLING FORMANNSKAPET SAKLISTE 45/09 09/854 VEGADRESSERINGSPLAN FOR FOLLDAL KOMMUNE

Forfall meldast snarest på tlf eller til Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Vegadresseprosjektet VARDØ 2015

Varsel om oppmålingsforretning

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

Aurland kommune Rådmannen

10/60-14/N-211//AMS

Utvalg Utvalgssak Møtedato Livsløpsutvalget 3/ Adresseprosjektet - Framlegg for godkjenning av navn på 23 adresseparseller

HEMNE KOMMUNE ADRESSEPLAN

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

VIKTIG: HOLD AVSTAND FRÅ KLIPPEMASKIN, DET KAN SPRUTA KVIST OG ANNA UT FRA KLIPPEAGGREGATET.

FORSKRIFT OM VASS- OG AVLAUPSGEBYR I MELAND KOMMUNE

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Vår ref. 2010/ Særutskrift - BS - 151/15 - bustadhus - Sunde - Gaute Våge

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SAKSFRAMLEGG. Arkivsaksnummer.: Arkivnummer: Saksbehandler: 10/742 L32 &00 Rune Klevstad REVIDERING AV NYE REGLER FOR HUSNUMMERSKILT I MODUM KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Endring av reguleringsplan for Kubbedalen gnr 41/756 m.fl. - Arefjord. Slutthandsaming. Tiltakshavar: Kubbedalen AS

Deanu gielda - Tana kommune

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Matrikkelopplæring. Adresseprosessen

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

EIGEDOMSSKATTE- VEDTEKTER

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /06 RUVI

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

VASS- OG AVLØPSAVGIFTER

Finansiering av søknaden

Transkript:

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane Heimel: Fastsett av Bremanger kommunestyre 12.03.15, KST-sak 007/15, med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) 59 og 22, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn. 1.Føremål og omfang Føremålet med forskrifta er å legge til rette for rask og eintydig lokalisering av offisiell adresse i kommunen. Dette er viktig for verksemder som yter tenester mot bustadmarknaden, og kan vere avgjerande for naudetatar som politi, brannvern og helse. Det er ei målsetjing at alle eigedommar skal ha ei offisiell adresse i form av vegadresse med adressenummer og eventuell bokstav. Til offisiell adresse kan og eit bustadnummer og/eller eit adressetilleggsnamn høyre med. 2.Mynde 2.1 Adressemynde Rådmannen er kommunen sitt adressemynde og har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen. Rådmannen tildeler offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrifter, saksførebuande arbeid knytt til namnsetting og skrivemåte av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Rådmannen tildeler også adressetilleggsnamn etter oppmoding frå registert eigar, jf. matrikkelforskrifta 54. 2.2 Namnemynde Formannskapet er kommunen sitt namnemynde og har ansvar for namnsetting og gjer vedtak om skrivemåten av stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn. Namnemyndet er ansvarleg for å gje uttale på kommunen sine vegne om skrivemåten av stadnamn/adressenamn som kommunen ikkje har vedtaksretten for. Namnemynde tek avgjerd om namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellar. Aktuelle lag/foreiningar, verksemder og privatpersoner i kommunen skal ha anledning til å kome med forslag til namn. Kryssar vegar kommunegrenser skal nabokommunen ha høve til til å kome med uttale. 2.3 Namnenemnda Sogenemnda er namnenemnd, og fungerer som kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett.

Døme på dette er namn på vegar, kommunale og private utbyggingsområde, offentlege bygningar, offentlege plassar, kommunale bruer og landemerke. 3.Offisiell adresse Med offisiell adresse meiner ein: a) Vegadresse gjeven med vegnamn, adressenummer (husnummer) og eventuell bokstav, eller b) Matrikkeladresse, gjeven med gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer og/eller under nummer, med tilhøyrande matrikkeladressenamn. Til offisiell adresse kan og eit brukseiningsnummer (bustadnummer) og/eller adressetilleggsnamn høyre til. I område utan klart vegsystem kan områdenamn nyttast som vegadresse (til dømes namn på hyttefelt med tilhøyrande adressenummer). 4.Ansvarsfordeling 4.1 Adressemyndet lagar kartoversikt som viser dei enkelte adresseparsellar (vegar) med fastsett start- og endepunkt, og tildelte adressenummer (husnummer) etter reglane slik dei går fram av matrikkelforskrifta kapittel 12 og adresserettleiaren utgjeve av Statens kartverk. Dersom det er bygg, byggjefelt, plassar eller offentlege landemerke som skal ha namn, skal desse også merkast på kartet, med eventuell avgrensing. 4.2 Adressemyndet kallar inn namnenemnda til møte og har sekretærfunksjon under møta. 4.3 Namnenemnda har framlegg til namn på dei enkelte adresseparsellane og/eller område/bygg. Forslag til namn skal sendast på høyring og offentleggjerast i lokalavisa og på kommunen sine heimesider, slik at aktuelle organisasjonar og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknadar. Stadnamntenesta for Vestlandet skal også ha forslaga til høyring. 4.4 Namnemyndet vedtek namn og skrivemåte for dei enkelte adresseparsellane. Namnemyndet kan ikkje endre adresseparsellane som adressemyndet har sett. Ved eventuelle nye framlegg til namn, må framlegga sendast Stadnamntenesta for Vestlandet til ny høyring før endeleg vedtak. 4.5 For nye område/bustadfelt der vegadresse skal nyttast, bør adressering og namnsetting skje samtidig med handsaming av reguleringsplan, slik at ikkje tilfeldige namn kjem i varig bruk. 4.6 Adressemyndet kan endre tidlegare tildelte adressenummer der det er naudsynt for å oppnå klarare og meir eintydig adresse i samsvar med føreskriftene. 4.7 Adressemyndet skal sende melding til heimelshavar og eventuell festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for, få høve til å uttale seg. Sakshandsaminga fylgjer reglane i forvaltningslova.

5.Retningsliner for val og skrivemåte for adressenamn 5.1 Adressenamn skal følgje reglane i stadnamnlova. 5.2 Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Dei skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og ålment kjende stadnamn i adresseområdet. 5.3 Adressenamnet bør høve staden, verke lokaliserande og bygge på lokal namnetradisjon. 5.4 Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk. 5.5 Gjennom namnsetjinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv. 5.6 Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er spesielle grunnar for dette. 5.7 Skrivemåten skal vere i samsvar med det lokale målføret og elles følgje normer for rettskriving av stadnamn. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til talemåten på staden der adresseparsellen ligg. 5.8 Unngå i størst mulig grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområder». 6.Retningsliner for utforming av adressesystem og nummerering av adressene 6.1 Startpunkt for nummertildeling av adresser til veg eller område med eigne adressenamn, er normalt der vegen, eller tilkomst til området, tek av frå overordna veg. Der ein adresseparsell (veg/område) har to eller fleire tilknytingspunkt til overordna veg, skal utgangspunktet for nummereringa til vanleg vere det som ligg nærast utgangspunktet rekna etter ferdselsåra (i hovudsak frå sentrum og ut). Hovudparsellen går til høgre etter siste vegkryss. 6.2 Hovudregelen for at ein veg skal få eige namn er at det må vere minst 5 adresseobjekt (bygningar) langs vegstrekninga som skal adresserast eller at vegen må vere over 2 km lang. Sidevegar til ein overordna veg bør gjevast eige adressenamn dersom sidevegen har minst 5 adresseobjekt. 6.3 Områder utan eit vegsystem, for eksempel støls- og hytteområder, vil som hovudregel få områdeadressering. Spreidde hytter/buer vil ikkje få tildelt offisiell adresse. 6.4 Det skal nyttast oddetal på høgre og partal på venstre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen i heile kommunen med unntak av Svelgen. Ved tidlegare adressering i Bremanger kommune (Svelgen) vart det nytta oddetal på venstre og partal på høgre sida av vegen sett frå startpunktet av vegen. 6.5 For å gjera det lettare å finne fram, kan kommunen gjere unntak frå grensene som

er sette i punkt 6.2 og 6.3. Unntak kan ein og gjere for å unngå større endringar i det etablerte adressesystemet. 6.6 Nummereringa langs sidene til ein veg skal gå mest mogeleg parallelt og det bør reserverast ledige nummer i tilfelle utbygging. 6.7 Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd busetnad. Her vert nummertildelinga rekna ut frå startpunktet til vegen rekna i 10-meter, for eksempel ei adresseeining som ligg på venstre side 400 m frå der vegen startar, gjev nummer 40. 6.8 Ein kan også nytte seg av kombinert tradisjonell adressering og adressering ut frå avstandsprinsippet. 7.Skilting 7.1 For adresser med tilkomst frå fellesvegar, og som ikkje har eige adressenamn, skal adressemynde setje opp og vedlikehalde tilvisingskilt. Adressemynde set ikkje opp tilvisingskilt til områder med områdeadressering, sjå punkt 6.3. I tillegg skal adressemynde i nødvendig omfang sette opp og halde ved like kryssorienteringsskilt og andre opplysnings- og tilvisingsskilt som skal hjelpe ukjende fram til rett adresse. Kommunen er ansvarleg for oppsetting og vedlikehald av vegskilt og andre adressenamnskilt for kommunale og private veger. For riks- og fylkesveger har Statens vegvesen dette ansvaret. 7.2 Eigar/festar av eigedom som har fått tildelt offisiell adresse av kommunen, pliktar å koste, sette opp og halde ved like husnummerskilt i samsvar med 57 (2) i matrikkelforskriften, og etter nærmare regler angitt i 8. Eigar/festar av eigedom/bygg som har fått tildelt områdeadresse blir oppmoda til å nytte skilt både med områdeadresse og husnummer. Eigar/festar av bygg som ikkje får tildelt offisiell adresse blir oppmoda til å nytte naudplakat. 7.3 For eksisterande bygg/eigedomar som får tildelt adressenummer i vegadresse, skal nummerskilt vere sett opp innan 6 mnd. etter at adressetildelinga er gjort kjend. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk. 7.4 Adressemynda skal føre kontroll med at reglane over vert fylgt, og gi dei nødvendige pålegg. 7.5 Dersom det er hensiktsmessig med omadressering for å få eit einsarta adressesystem i kommunen, vil kommunen ta kostnaden med innkjøp og utlevering av nye husnummerskilt. 7.6 Manglande skilt, i samsvar med disse reglane, kan krevjast sett opp innan rimeleg frist. Er dette ikkje utført innan fristens utløp, skal kommunen sjå til at skiltet blir sett opp. Eigar vil då bli fakturert for arbeidet, og eventuelle nye skilt.

8.Plassering, materiale og utforming av skilta 8.1 Husnummerskilta skal plasserast slik at dei tydleg viser kva bygning/eigedom dei er knytte til, og vere plassert slik at dei er lett synlege frå gate/veg. Der huset ikkje er synleg frå vegen kan ein også setja opp eit skilt ved innkøyringa, t.d. på søppelskur eller portstolpe. Nummerskilt skal som hovudregel stå ca. 2,5 m over bakken, og så vidt mulig til høgre for alle inngangsdører og innkøyrsler frå veg. Skilta skal haldast heile og reine, med tydelege tal og eventuell bokstav (stor). Der skilt vanskeleg kan sjåast frå vegen, skal nummerskiltet plasserast i høveleg høgd på port, inngjerding, stolpe eller anna eigna stad, og som regel til høgre for inngåing/innkøyrsla. Samtidig bør skilta plasserast slik at dei er lesbare i mørket. 8.2 Eigar/festar skal syte for at nummerskilt er godt synlige, og ikkje er skjult av tre, busker, andre skilt mv. 8.3 Materiale og utforming for skilt skal vere slik: a) Vegnamnskilt og tilvisingsskilt iht. skiltforskrifta kap. II skilt 729. b) Husnummerskilt skal vere av aluminium eller anna rustfritt og haldbart materiale. Dei skal festast solid og haldbart. c) Skilta skal ha svarte tal og ev. bokstaver, samt svart kantbord på kvit eller lys reflekterande botn. d) Storleiken på skilta skal vere i samsvar med skiltrettleiaren gitt i adresserettleiaren utgitt av Statens kartverk. Skilthøgde 150 mm og teksthøgde 105 mm. e) Andre skilttypar kan, etter godkjenning av adressemyndigheita, nyttast for eksempel i område med områdeadressering. Slike skilt må også vere av varig materiale, ha tydelige skrift og ha god kontrast mot bakgrunnen. 9.Klagerett Ved klage over tildeling eller endring av offisiell adresse, er klageretten avgrensa til: a) Kva gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal adresserast til b) Kva adressetilleggsnamn eller matrikkeladressenamn som er tildelt adressa c) Feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer. Vedtekne vegnamn kan ikkje påklagast. Klage skal sendast skriftleg til Bremanger kommune innan 3 veker etter tildeling. 10.Iverksetjing Forskrifta gjeld frå den dato kommunestyret har gjort vedtak.