MØTEINNKALLING. Råd for likestilling av funksjonshemma - arbeidsnemnda Møtestad: Hjørundfjord Dato: 14.01.2014 Tid: 14:30



Like dokumenter
ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

PROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Øyvind Sandvik medlem organisasjon

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap

VOLDA KOMMUNE Samordnings- og utviklingsstaben

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Adresseføresegner, Sund kommune

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Protokoll frå møte i Ottadalen Villreinnemnd

HORDALAND FYLKESKOMMUNE MØTEREFERAT. Kultur- og idrettsavdelinga. Styremøte 29. april 2011: Godkjenning av referat frå sist møte. Møteinnkalling.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

2. gongs handsaming av framlegg til reguleringsplan for gang- og sykkelveg - Ungdomsheimen - NAF

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: rådhuset Møtedato: Tid: Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Granvin herad Sakspapir

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

2/12 Søknad om motorferdsel på og vedlikehald av vegar i Traudalen Rygg og Grov sameige

Kulturhistoriske registreringar

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Osterøy kommune Reguleringsplan Bruvik sentrum, del aust REGULERINGSFØRESEGNER

Kommunedelplan for kulturminne

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

BERGEN KOMMUNE, FANA BYDEL, REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES, MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/11 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

10/ /K2-L32//AEM

Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Kommunestyret Møtedato: Møtetid: - Møtestad: Kommunehuset

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Finansiering av søknaden

Forslag frå fylkesrådmannen

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

MØTEBOK Tysnes kommune

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.

TILSKOT TIL TILTAK FOR FRILUFTSLIV 2010

Aurland kommune Rådmannen

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Transkript:

ØRSTA KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval: Råd for likestilling av funksjonshemma - arbeidsnemnda Møtestad: Hjørundfjord Dato: 14.01.2014 Tid: 14:30 Vi ber om at forfall vert meldt til Toril Langlo på telefon 700 49794 eller per e-post toril.langlo@orsta.kommune.no Dette møtet gjeld ei sak som skal til formannskapet 04.02.14. Det første ordinære møte i rådet er 27. januar 2014 og gir for knapp tid til å halde frist for utsending til formannskapet. Arbeidsnemnda vert med dette kalla inn til møte. Karen Høydal -leiar i råd for likestilling av funksjonshemma- Side1

SAKLISTE Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 1/14 Retningsline for merking og skilting i friluftsområde 2013/1754 Side2

Side3

ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2013/1754 Løpenr.: 13399/2013 Utvalsaksnr. Utval Møtedato 1/14 Råd for likestilling av funksjonshemma 14.01.2014 RETNINGSLINE FOR MERKING OG SKILTING I FRILUFTSOMRÅDE TILRÅDING TIL VEDTAK: Råd for likestilling av funksjonshemma (RFF) viser til framlegg til retningsline for skilting og merking sist revidert 02.12.2013. RFF meiner retningslina er eit godt verkty for å bidra til ei god og heilskapleg skilting og merking i friluftsområda. Vidare at den er eit godt grunnlag for å kunne stimulere til tilrettelegging for friluftsliv både i regi av kommunen sjølv og av frivillige, jf. kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet. Det er positivt at retningslina fangar opp behovet for merking og skilting i ulike typar friluftsområde og for ulike brukargrupper med ulike føresetnader og ferdigheiter. RFF rår til at rådmannen kan gjere mindre justeringar i retningslina om slike behov oppstår. Meir omfattande eller prinsipielle endringar må handsamast av formannskapet. RFF rår til at retningslina vert vedteken slik den ligg føre. Side4

Saksvedlegg: Retningsline for merking og skilting, tekstdel Retningsline for merking og skilting, kartdel Saksopplysningar: Kommunen tok initiativ til utgjeving av turkartet Sunnmørsalpane i 1997 og oppdatert utgåve i 1999. Som ei vidareføring av kartprosjektet vart det oppstarta eit prosjekt for å utarbeide retningsliner for merking og skilting av turstiar, ein merkemal. Dette arbeidet vart prioritert i forrige utgåve av plan for idrett og friluftsliv. Arbeidet vart oppstarta og delvis gjennomført i planperioden. I den nye utgåva av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, som vart vedteken tidlegare i 2013, vart arbeidet prioritert på nytt. I løpet av hausten har arbeidet vorte fullført slik det no ligg føre. Arbeidet har vore gjennomført i samarbeid med reiselivslaget, Hjørundfjord bygdemobilisering og trimgruppene. I siste fase har arbeidet vorte samordna med Volda kommune, slik at retningslina som no ligg føre er utforma som ei felles retningsline for begge kommunane. Møre og Romsdal fylke sin sakshandsamar for friluftslivssaker og ÅST har også vorte nytta som uformelle høyringspartar. Internt har arbeidet vorte gjennomført av Plan- og miljøavdelinga i samarbeid med folkehelsekoordinatoren. Saka vert lagt fram for Samfunnsutvalet, Levekårsutvalet, råd for likestilling av funksjonshemma og Eldrerådet til uttale før den vert lagt fram for Formannskapet til endeleg handsaming. Vurdering og konklusjon: Føremålet med å lage slike retningsliner er å stimulere til god og einsarta skilting og merking av friluftsområda i kommunen. Retningslina fastset altså ikkje rammer for den fysiske utforminga av stiar og turvegar, men gjev altså retningsliner for skilting og merking. Friluftsområda har stor variasjon, der det i nokre område er aktuelt med høg fysisk tilretteleggingsgrad slik at ulike brukargrupper med ulike ferdigheiter og føresetnader kan nytte dei. I desse områda er det også naturleg å ha høg grad av informasjonsskilting og merking. I andre område, slik som fjellturområda, er det som hovudregel ønskjeleg med lite eller inga tilrettelegging, og der også merkinga bør avgrensast slik at ein tek vare på verdien av å kunne ferdast i og oppleve urøyvd natur. I retningslina er derfor områda i kommunane del opp i fire soner med tilhøyrande føringar for korleis det bør merkast og skiltast. I kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er det lagt opp til at denne retningslina bør følgjast opp gjennom å stimulere til merking i samsvar med malen ved hjelp av økonomiske verkemiddel. I kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet går det fram at det kan nyttast midlar frå god helse-folkehelsefondet (frå stiftinga Ørsta Volda Bedriftshelseteneste) til økonomisk stimulering til merking i samsvar med denne retningslina. Det er vist til ei ramme på kr. 250 000 over ei tre-års-periode. Dette kan også sjåast i samanheng med dei såkalla SMIL-midlane (Særskilde Miljøtiltak I Landbruket), som delvis har vore nytta til å gje tilskot til rydding og vedlikehald av turstiar. I samband med kommunedelplan for Ørsta sentrum og Hovdebygda vil det verte prioritert å legge til rette for eit mest mogleg samanhengande nett av turstiar og turvegar omkring sentrumsområda, og slik at tilgangen til dei ulike friluftsområda vert sikra. Retningslina vil gje vegleiing for merking og skilting også i slike tettstadsnære område. Side5

Volda kommune har utarbeidd eit lokalt nærturkart for områda omkring tettstaden Volda. Det vil kunne vere eit aktuelt prosjekt også for Ørsta å utarbeide liknande turkart, i første omgang er det naturleg å prioritere tettstaden Ørsta. Dette vil ein måtte kome attende til, men det vil vere eit langsiktig arbeid å samle grunnlag for eit slikt kartprodukt gjennom å oppmode turgåarar til å samle digitale gps-data. Dette er eit lite kostnadskrevjande tiltak som ein ser føre seg å kunne starte med raskt, sjølv om eit slikt kartprosjekt vil ha eit meir langsiktig perspektiv. Elles vil ein kome attende til ei slik sak seinare. I fleire av bygdene i kommunen har det vore gjort mykje godt tilretteleggingsarbeid for nærturområde og andre turløyper. Gode døme på dette finnast m.a. på Sæbø, Urke og på Liadal. Denne retningslina og oppfølging av den voner ein vil bidra til også å stimulere til vidare frivillig innsats og slik at denne vert gjennomført heilskapleg og etter eit felles system. Det har vore eit stort arbeid å utforme retningslina, og ikkje minst å dele opp kommunane sitt areal i dei fire sonene. Det er likevel eit enkelt dokument som består av ein tekstdel på to sider og ein kartdel. Det kan alltid vere ulike synspunkt på korleis dette bør gjerast, men gruppa som har arbeidd ut framlegget meiner den er eit godt utgangspunkt der det vil kunne gjerast revisjonar om det seinare viser seg å vere ønskjeleg. I løpet av prosessen med retningslina, har det også vore arbeidd med ei nasjonal merkehandbok. Denne er utarbeidd i eit samarbeid mellom Den norske Turistforening (DNT), Friluftsrådenes Landsforbund (FL), Forbundet Kysten (KYSTEN) og Innovativ Fjellturisme AS (IFT). Merkehandboka vil verte endeleg fastsett i løpet av året. Vår retningsline er godt tilpassa denne, og vert eit lokalt supplement som samla gjev eit godt grunnlag for å gjennomføre ei heilskapleg og einsarta merking og skilting. Gradering av dei ulike turrutene skal skje etter den nasjonale merkehandboka. Slik rådmannen ser det, vil denne retningslina ha positive effektar for likestillingsarbeidet, då den tek omsyn til ulike brukargrupper med ulike ferdigheiter og føresetnader. Den vil også kunne få svært positiv verknad i folkehelsearbeidet då den kan bidra til å stimulert til auke fysisk aktivitet og bruk av ulike friluftsområde av alle typar. Dette vil også i stor grad verke positiv inn på barn og unge. Den vil også ha ein positiv miljøeffekt ved at ein får stimulert til ein heilskapleg og differensiert bruk av merking og skilting. Det betyr at ein legg opp til høg grad av skilting og merking i tettstadsnære og tilrettelagde område, medan høgareliggande fjellturområde og område utan eller med berre få spor av menneskelege inngrep får ei naturtilpassa merking. Retningslina i seg sjølv vil ikkje ha økonomiske konsekvensar. Oppfølging av den i samsvar med målsetjingane i kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet er omtala ovanfor. Rådmannen rår til at retningslina vert tilrådd vedteken av formannskapet. Vidare bør rådmannen kunne gjere mindre justeringar som ikkje endrar prinsippa i retningslina, om slike behov skulle vise seg. Ved større revisjonar bør den leggast fram for formannskapet for ny handsaming. Eldar Øye leiar plan- og utviklingsstaben Gunnar Wangen avdelingsleiar plan og miljø Side6

ØRSTA KOMMUNE Plan- og miljøavdelinga VOLDA KOMMUNE Utvikling Side7 RETNINGSLINE FOR MERKING OG SKILTING I FRILUFTSOMRÅDE Denne retningslina har som føremål at kommunane Ørsta og Volda skal få ei god og heilskapleg skilting og merking av turområda. I kartdelen av retningslina er kommunane delt inn i fire soner. Tabellen på neste side gjev eit oversyn over soner og terrengkategoriar, og gjev føringar for bruk av skilt, informasjon og merking i dei ulike sonene. Retningslina definerer ikkje vanskegrad på turløypene, slik gradering skal skje i samsvar med Merkehandboka (sjå www.merkehandboka.no ). Skilting og merking skal gje kunnskap om natur og kultur og formidle naudsynt informasjon til turgåarane for å kunne ferdast trygt. I nærfriluftsområde og tettstadsnære område (sone 1 og 2): - behov for å legge til rette stiar og turvegar for fleire brukargrupper med ulike ferdigheiter og føresetnader. - stor grad av fysisk tilrettelegging og høg grad av informasjon og merking. I fjellturområde (sone 3 og 4): - liten eller ingen grad av tilrettelegging og merking for å ta vare på verdien av å kunne ferdast i og oppleve urøyvd natur. Retningslina er i hovudsak utforma for barmarksesongen. Det er lite aktuelt med vintermerking av ruter på grunn av klimaet og krevjande topografi med raskt vekslande føre og rasfare i store delar av fjellområda. I nærområda til skisenter og nokre liknande område i sone 1 og 2 er det likevel aktuelt med preparerte løyper og noko vintermerking. MERKING Den mest naturtilpassa måten å merke ruter og stiar på er å nytte varding. I uoversiktleg terreng bør det vere sikt frå ein varde til den neste. Elles treng vardinga og merkinga først og fremst gje turgåaren stadfesting på at han framleis er på rett veg. Malingsmerke kan også nyttast, dei bør vere raude eller blå i samsvar med merkehandboka. Merkinga bør vere einsarta frå start til slutt. Bruk av malingsmerke bør ikkje overdrivast. Merking bør skje av erfarne, og i samsvar med prinsipp t.d. slik dei er tilrådd av DNT. Hugs, det er berre DNT som kan nytte T-merking. Stadnamnskilt, retningsskilt og peikarar utførast med grøn farge (NCS S7020B70G) med kvit skrift. Font: Arial. INFORMASJONSSKILTING Informasjonstavle: - ved startpunkt på turruter eller turområde som kan innehalde informasjon om turruter, naturtilhøve, kulturminne m.m. Informasjonsskilt: - eit mindre skilt som er retta mot avgrensa tema om kultur eller natur undervegs på ei turrute. Informasjonstavler og skilt bør utformast i samsvar med Merkehandboka og DN-handbok nr.27/2006. For merking av den einskilde turrute skal skilt, standardiserte symbol (vanskegrad, farge, piktogram), malingsmerking m.m. utformast i samsvar med Merkehandboka, som du finn her: www.merkehandboka.no

ØRSTA KOMMUNE Plan- og miljøavdelinga VOLDA KOMMUNE Utvikling Soneinndeling med retningsliner for skilting og merking Side8 Soner Terrengkategoriar Omtale Bruk av skilt, informasjon og merking 1 * Strandområde * Kulturlandskap * Skogsområde Stiar, turvegar, skogsvegar. Turvegar tilrettelagt for ulike brukargrupper og med stor * Fiskeplassar ved sjø ferdsel. Område tilrettelagt med Nærfriluftsområde og vatn rasteplassar og kvilebenkar. * Nærturområde malingsmerke. 2 Tettstadsnære turområde 3 Fjellturområde 4 Alpine fjellområde og krevjande terreng * Skogsområde * Kulturlandskap * Lågareliggande fjelldalar * Tettstadsnære byfjell og turområde * Øvre skogsbelte * Høgareliggande fjelldalar * Fjellområde * Fjelltoppar * Overgangsruter * Fjelltoppar og tindar * Alpine landskap * Brear * Snaufjell og ur Vedlegg: Kart med oversyn over soneinndeling Gamle ferdselsårer, setrevegar, skogsvegar, stiar som kan vere noko tilrettelagt. Enkel tilrettelegging av kvileplassar med bruk av naturmaterialar. Stiar til høgareliggande fjelldalar og setrar, overgangsruter mellom dalføre. Nokre fjellområde og fjelltoppar. Fjellområde over skoggrensa. Fjellterreng i område med få eller ingen spor etter ferdsel eller menneskeleg aktivitet. Krevjande terreng som føreset høg turkompetanse. Høg grad av informasjon på startpunkt med informasjonstavle, stadnamnskilt og retningsskilt. Undervegsmerking med informasjonsskilt om natur- og kulturtema, kulturminne m.m, bruk av stadnamnskilt, retningsskilt og peikarar. Sikteskiver kan nyttast på utsiktspunkt. Tydeleg sti- og rutemerking med varding og Høg grad av informasjon på startpunkt med informasjonstavle, stadnamnskilt og retningsskilt. Noko bruk av undervegsmerking med stadnamnskilt, retningsskilt og peikarar. Sikteskiver kan nyttast på utsiktspunkt. Sti- og rutemerking med varding og malingsmerke. Informasjon på startpunkt med informasjonstavle, stadnamnskilt og retningsskilt. Stadnamnskilt og retningsskilt kan også nyttast ved turisthytter og setrar. Sti- og rutemerking med varding og malingsmerke. I denne sona bør det ikkje skiltast eller rutemerkast. Varding er unntaksvis aktuelt t.d. der det på eit parti av ei rute er behov for å gi retningsgjevande informasjon av tryggleiksomsyn. Sist revidert 02.12.2013 k:\planar\friluftsliv\merkemal\...

Y 390000 Y 385000 Y 380000 Y 375000 Y 370000 Y 365000 Y 360000 Y 355000 Y 350000 Y 345000 Y 340000 Y 335000 Y 330000 Y 325000 X 6915000 X 6910000 X 6905000 X 6900000 X 6890000 Teiknforklaring Sone 1 - Nærfriluftsområde Sone 2 - Tettstadsnære turområde X 6885000 Sone 3 - Fjellturområde Sone 4 - Alpine fjellområde og krevjande terreng Stiar eller ruter, sone 3 Retningsline for merking og skilting - kartdel med soneinndeling Denne retningslina omfattar denne kartdelen og ein tilhøyrande tekstdel. X 6880000 Kommunen er delt inn i fire soner, sjå teiknforklaringa ovanfor. Innanfor kvar sone er det gitt retningsliner for kva type informasjon og merking som skal kunne gjennomførast, sjå tekstdelen av retningslina. Denne inndelinga er ikkje eit regelsett for gradering av turløyper. Til dette skal Merkehandboka nyttast, sjå www.merkehandboka.no Der det er stiar eller turruter som kan merkast som sone 3 innanfor sone 4, er desse vist med raud stipla linesymbol. Det kan vere stiar til setrar innanfor sone 3 eller 4 som ikkje er fanga opp i kartet, desse kan likevel skiltast og merkast slik tekstdelen av retningslina omtalar for sone 2 ev. sone 3. Ruter bør ha einsarta merking frå start til slutt, sjølv om enkelte ruter kan starte i ei sone og gå vidare i ei anna. NB! Særlege reglar gjeld i område som er verna etter Naturvernlova/Naturmangfaldlova eller etter Plan- og bygningslova. Retningsline for: X 6875000 Merking og skilting Ørsta Volda kommune kommune Kartopplysningar Kjelde for basiskart: FKB Ørsta Papirkvalitet Høgdegrunnlag: NGO 1954 Kartmålestokk Koordinatsystem: UTM sone 32 / Euref89 STP-90 1:60000 0 Teikningsdato: A B C D E 02.12.2013 GW Revisjonar Side 9 X 6895000 Utarbeidd av: Ørsta kommune v/ plan- og miljøavdelinga, Dalevegen 6, 6153 Ørsta Volda kommune v/ Utvikling, Stormyra 2, 6100 Volda 500 1000 dato 1500 2000 2500 m signatur