Surnadal kommune. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Surnadal kommune



Like dokumenter
Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Kvar står vi og kvar går vi når det gjeld idrett og fysisk aktivitet i Fjell?

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Søknad om stønad til etablering og drift av nærmiljøanlegg for skiaktivitet

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Framlegg til: Kvinnherad Kommune. Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv: Rullert handlingsprogram

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Forslag frå fylkesrådmannen

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Friluftslivets år 2015

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

VINDAFJORD KOMMUNE SAKSPAPIR

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Surnadal kommune Plan for idrett og friluftsliv PLAN FOR IDRETT OG FRILUFTSLIV Foto: Nordmøre Folkehøgskole

Strategiplan

Idrett og fysisk aktivitet

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Politisk program for Jølster KrF

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

- Offentleg planarbeid

Forslag til nytt handlingsprogram for anleggsinvesteringar

Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0039/03 03/00292 SKATEANLEGG, KUVENTRÆ 298

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Granvin herad Sakspapir

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Barnehageplan for Vinje kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LEIRVÅGEN - TILKOMST PARKERINGSAREAL - FRILUFTSOMRÅDE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Utval Utvalssak Møtedato Hovudutval for teknikk og miljø 39/ Kommunestyret 25/

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Årsmelding for O-gruppa 2015

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Øystre Slidre kommune Sektor for kultur utvikling og næring 2940 Heggenes

Hovedrullering av Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Planprogram

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 2/

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

Transkript:

Surnadal kommune Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Surnadal kommune Vedteke av kommunestyret 16.oktober 2008

Innhald 1 Innleiing 2 Planprosessen 3 Tilhøvet til andre planer 4 Mål for idrett og fysisk aktivitet 5 Resultatvurdering av forrige plan 6 Nosituasjonen for idretten 7 Behovsanalyse 8 Handlingsprogram 9 Verkemiddel 10 Kart 1

1. Innleiing Det faktum at fysisk aktivitet forebyggjer både fysiske og psykiske sjukdomar har fått stor fokus dei siste åra. Fysisk aktivitet er også ei betydeleg kjelde til glede, livsutfalding og positive meistringsopplevingar. I Surnadal har vi frå naturen si side gode føresetnadar for å være fysisk aktive utandørs, og vi har mange sterke idrettslag som med svært stor frivillig innsats legg til rette for organisert idrettsaktivitet, særleg for barn og unge. Dei siste åra har også private kommersielle initiativ gitt særleg dei vaksne gode treningstilbod. Den enkelte av oss er ansvarleg for eiga helse og er ansvarleg for eigne val. Helsa vår er likevel også ein konsekvens av generelle utviklingstrekk i samfunnet, fysisk miljø og politiske prioriteringar utanfor enkeltindividet si rekkjevidde. Kommunane har derfor eit klart ansvar for at tilhøva blir lagt til rette for at innbyggjarane kan vere fysisk aktive. Tilskot frå spelemidlane er ein svært viktig føresetnad for vidare utbygging av idretts- og nærmiljøanlegg. For at slike tiltak skal få støtte frå spelemiddelordninga må dei være med i denne kommunedelplana. Planen er derfor både økonomisk og helsemessig ei viktig plan. Statlege myndigheiter krev at planprosessen skal organiserast i samsvar med reglane i planog bygningsloven (PBL). 1.1 Klargjering av begrep Idrett: Med idrett meiner ein aktivitet i form av konkurranse eller trening i den organiserte idretten. Fysisk aktivitet: All kroppsleg bevegelse produsert av skjelletmuskulatur som resulterer i ei vesentleg auke i energiforbruket utover kvilenivå. I dette inngår mange termar knytt til fysisk utfolding, til dømes mosjon, friluftsliv, leik, trening, trim, arbeid, idrett osv. Friluftsliv: Friluftsliv er opphald og aktivitet i friluft, i fritida, med sikte på naturopplevingar og miljøforandringar. Kulturdepartementet meiner at friluftsliv skal inngå i omgrepet fysisk aktivitet. Arbeidsgruppa for kommunedelplana har hatt følgjande motto for arbeidet: IDRETT OG FYSISK AKTIVITET FOR ALLE I VAKKER OG UTFORDRANDE NATUR, OG I GODT TILRETTELAGTE ANLEGG 2. Planprosessen Surnadal formannskap vedtok i sak 0027/07 å sette i gang hovudrevisjon av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet for perioden 2008-2011. Ei arbeidsgruppe på fem medlemmar vart nedsett. Desse har vore: Ingebrigt G. Moen, leiar av gruppa Miljøvernkonsulent Bodil Gjeldnes Kulturleiar Mons Otnes (frå februar 2008: Tor Helge Solli) Vebjørn Knarrum frå Surnadal Idrettsråd (frå mars 2008: Svein Dalen) Anders Magne Ormset frå Surnadal jeger- og fiskerforening 2

Vedtaket gjekk også ut på at plana skulle leggast fram for vedtak i kommunestyret innan utgangen av 2007. Lag og organisasjonar har vore inviterte til å delta i planprosessen. Forutan møter i arbeidsgruppa har prosessen vore slik: Oppstart av planarbeidet vart annonsert i lokalpressa. Idedugnad leia av Siri Ask Fredriksen frå Møre og Romsdal idrettskrets. 14 personar som representerte cirka elleve organisasjonar deltok på dugnaden saman med arbeidsgruppa. Om lag 100 organisasjonar var inviterte. Tema var Idrett og fysisk aktivitet i Surnadal sterke og svake sider. Dette vart ein fin oppstart av planarbeidet. Over 100 organisasjonar har motteke brev frå kommunen med oppfordring om å melde inn eigne planer innafor dei tema plana omhandlar, eventuelt kome med forslag til tiltak på feltet. Det kom inn forslag frå om lag 20 lag. Planen har vore utlagt til offentleg ettersyn før endeleg vedtak. Mellom anna på grunn av vakanse i stillinga som einingsleiar, kom prosessen med kommunedelplanen noko tregt avgårde, med det resultat at planen ikkje vart ferdig innan fristen formannskapet ga. Arbeidsgruppa vart i februar 2008 reorganisert, med einingsleiar Tor Helge Solli som nytt medlem i staden for Mons Otnes, som i mellomtida hadde blitt ordførar i kommunen. Samtidig kom Svein Dalen inn som medlem i staden for Vebjørn Knarrum som representant frå Surnadal Idrettsråd. 3. Tilhøvet til andre planer I den overordna kommuneplana i Surnadal kommune heiter det: Hovedmålsettinga for det kommunale arbeidet er å sikre gode og likeverdige levekår for alle grupper av folkesetnaden. Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet vil måtte brukast aktivt ved utarbeiding av årsbudsjett og økonomiplan. Der det er nødvendig må arealbehova til idrett og friluftslivtiltak takast inn i kommuneplanas arealdel. I nokre tilfelle må det også utarbeidast reguleringsplan før utbygging. Realisering av tiltaka i denne kommunedelplanen vil svært ofte både økonomisk og praktisk vere eit samarbeid mellom lokale organisasjonar, kommunen og Møre og Romsdal fylke (spelemidlar). I dette samarbeidet spelar kommuneadministrasjonen ei viktig rolle som bindeledd mellom partane. God dialog både mellom kommuneadministrasjonen og laga, og kommuneadministrasjonen og fylket, er vesentleg for å få tiltaka i plana realisert. Det er ikkje utarbeidd noko fylkesdelplan for idrett og fysisk aktivitet. 3.1 Helse i plan Faktorane som påverkar helsa til befolkninga ligg i dag i hovudsak utanfor helsesektoren. Helse i plan er eit samarbeidsprosjekt på departementsnivå der målet er å styrke folkehelsa ved å: - forankre eller planfeste folkehelsetiltak i ordinære plan og styringsdokument 3

- bygge opp kompetansetiltak på plan og prosess innan helsesektoren Surnadal kommune deltek i pilotprosjektet som partnerskapskommune saman med fylket og tre andre kommunar i Møre og Romsdal. Gjennom å delta i dette prosjektet ønskjer kommunen å forankre tiltak for betre folkehelse i kommuneplana og anna planverk etter Plan- og bygningslova. Dei mest aktuelle tema/oppgåver i denne samanheng er fysisk aktivitet, universell utforming av bygningar/ plassar/ gangvegar/ fortau, ernæring, tryggheitsskapande arbeid, ulikskapar i helse, helse i konsekvensutgreiingar og liknande. Når vi utarbeider reguleringsplaner og andre planer som sektorplaner og kommunedelplaner er det viktig at folkehelsetenkinga blir ei rettesnor gjennom arbeidet. Helseetatar og aktuelle lag og interesseorganisasjonar må bli gjeve høve til å ta del i planprosessen. 3.2 Partnarskap for folkehelse Førebyggande arbeid må basere seg på å byggje gode og robuste nærmiljø og lokalsamfunn. Det er både menneskeleg og økonomisk betre lønsemd i å førebyggje enn å reparere. Kommunane kan venteleg spare mykje på omsorgstiltak, til dømes innan rusomsorg, sosialhjelp og barnevern, dersom ein lukkast i førebygging. Surnadal kommune er med i eit regionalt partnarskap for folkehelsearbeid, som i planperioden har som satsingsområde: fysisk aktivitet, rus, kosthald og psykisk helse. Det ligg eit potensial i å utnytte naturen i kommunen i det førebyggande arbeidet. Ei kopling mellom å tilrettelegge naturaktivitetar, kosthaldet og fysisk aktivitet kan gi store helsegevinstar. Utfordringar: Sikre at folkehelsearbeidet blir teke vare på i planverket vårt. Målretta satsing på førebyggande tiltak, med særskild fokus på gode oppvekstkår og helsetilbod for ungdom Legge til rette for fysisk fostring, knytt til friluftsliv, kosthald, natur og identitetsbygging. Ansvarleg rusmiddelkultur i nærmiljøet Fokus på psykisk helse Inkluderande arbeidsliv På nasjonalt nivå står åtte departement bak Handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009: Saman for fysisk aktivitet. Planen skal dempe faktorar som skaper fysisk inaktivitet og fremje fysisk aktivitet i befolkninga. For å oppnå dette er tiltak innan følgjande område nødvendig: Tilrettelegging av fysiske omgivnadar med vekt på tilgjenge for alle. Bidra til at det fins lokale lågterskeltilbod og gode høve til fysisk aktivitet på fritida og på viktige arenaer som barnehagar, skular og arbeidsplassar. Motivere til ein aktiv livsstil. Statlege fagmyndigheiter, kommunar, fylke og frivillig sektor vil vere sentrale aktørar i gjennomføringa av tiltak. 4

4. Mål for idrett og fysisk aktivitet i Surnadal kommune Arbeidet med tilrettelegging for idrett og fysisk aktivitet bør vere forankra i den nasjonale politikken innafor desse områda. Våre eigne prioriteringar er sjølvsagt like viktige. 4.1 Mål i nasjonal handlingsplan for fysisk aktivitet 2005-2009 Visjon Betre folkehelse gjennom auka fysisk aktivitet i befolkninga. Hovudmål 1: Auke andelen barn og ungdom som er moderat fysisk aktive i minst 60 minutt kvar dag. Hovudmål 2: Auke andelen vaksne og eldre som er moderat fysisk aktive i minst 30 minutt kvar dag. 4.2 Nasjonale mål for friluftslivet Nasjonale mål for friluftslivet frå St.melding nr. 39 (2000-2001): Hovudmål: Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles. Vidare: Friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd i alle lag av befolkninga. Barn og unge skal få høve til å utvikle dugleik i friluftsliv. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at det fremjar miljøvennleg ferdsel, opphald og hausting, og at naturgrunnlaget blir teke vare på. Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grøntstruktur med gode samband til omkringliggjande naturområde. 4.3 Nasjonale mål for idretten Staten framhevar at idrett og fysisk aktivitet både har ein eigen- og ein nytteverdi. Verdien for den enkelte kjem fram gjennom glede og meistring ved utøving av idrett. Deltaking i fellesskap er også viktig for den enkelte, og for samfunnet, gjennom etablering av nettverk og organisasjonar. Idretten sin nytteverdi er frå staten si side særleg knytt til helseperspektivet. Bedra fysisk og psykisk overskot som følgje av trening er viktig, ikkje berre for den enkelte, men også i form av ein samla helsegevinst for samfunnet. Det overordna målet for statleg idrettspolitikk er: Idrett og fysisk aktivitet for alle. Nokre grupper framstår likevel som meir sentrale for statleg engasjement. Dette er barn (6-12 år) og unge (13-19 år). 5

4.4 Idrett- og friluftslivpolitikk i planperioden Hovudmål for perioden 2008-2011: Det bør leggjast til rette for fysisk aktivitet i heile livsløpet til innbyggjarane. Desse gruppene bør likevel prioriterast: Barn og unge Funksjonshemma Eldre Dette skal realiserast gjennom satsing på: Tiltak ved skulane og i nærmiljøa der barn og unge er. Gjere friluftsmål tilgjengeleg for funksjonshemma. Leggje opp til turmål / turalternativ for eldre i nærmiljøet. Leggje til rette for at innbyggjarane kan driva fysisk aktivitet i skog og fjell. Utbygging og rehabilitering av eksisterande anlegg, til dømes uteområda ved skulane. Enkel tilrettelegging for turmål / turalternativ. Sikring av areal der dette krevst. 5. Resultatvurdering av forrige plan 2004-2007 Status over anlegg som er gjennomført eller vart sett i gang i forrige periode: 5.1 Status nærmiljøanlegg planlagt utbygd 2004-2007: Anlegg Status Merknader Nærmiljøanlegg v/ Øye skule Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. Villmarkscamp på Vaulen Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. Hinderløype på Søyabanen Ferdigstilt Ballplass Midtigrenda Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. Nærmiljøanlegg ved Bøfjorden Ferdigstilt oppvekstsenter Skileikanlegg i Bøfjorden Ikkje gjennomført. Lysløype i Sæterlia Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast kombinert med rundløype for sykling. 6

5.2 Status ordinære anlegg (idrett og friluftsliv) planlagt utbygd 2004-2007: Anlegg Status Merknader Rehabilitering av Surnadal Ferdigstilt idrettshall Restaurering av Vaulen Ferdigstilt Erverv og tilrettelegging på Arbeid pågår. Arbeidet videreførast Glæremstranda Ferdigstilling 2008. Tilrettelegging langs Toåa. Ved Ferdigstilt Bruset. Friidrettsanlegg Øye stadion Påbegynt. Arbeidet videreførast Kunstgrasbane Øye stadion Påbegynt. Arbeidet videreførast Fiskebrygge for handicappa i Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast Glønavatnet Sanitæranlegg Bæverdalen Ferdigstilt Spelemidlar ikkje utbetalt. skytebane Skitrasear Nordmarka skisenter Delvis ferdigstilt Spelemidlar delvis utbetalt. Arbeid pågår. Rehabilitering Surnadal Ferdigstilt Spelemidlar utbetalt. svømmehall 9-hols golfbane på Kvanne Arbeid ferdig. Spelemidlar utbetalt, tilsagn for siste del er gjeve. Skytehall Angråmyra Ferdigstilt Spelemidlar ikkje utbetalt. Plan for skjøtsel og tilrettelegging i Grantrøin Tilrettelegging av friluftsområde v/ småbåthamna i Todalen Tilrettelegging langs Toåa. Ved Kårvatn. Tilrettelegging langs Surna Gjennomføring av skjøtsel og tilrettelegging i Grantrøin Natur- og kulturguide med kart for Nordmarka Snøkanonanlegg i Sæterlia Luftsportanlegg Gangveg langs Surna mellom Øye og Grimsmo Fiskeplass for funksjonshemma ved gangveg Øye-Grimsmo Ikkje gjennomført. Ikkje gjennomført. Ikkje gjennomført. Ikkje gjennomført. Gjennomført Ikkje gjennomført. Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. Ikkje gjennomført. Arbeidet videreførast. 7

5.3 Nærare om tiltaka gjennomført i forrige planperiode Som det kjem fram av tabellane 5.1 og 5.2 vart desse tiltaka gjennomførte: Hinderløype ved Søyabanen IL Søya har etablert ei hinderløype som kan nyttast av mindre ungar som er med på trening / kampar. Nærmiljøanlegg ved Bøfjorden oppvekstsenter Bøfjorden oppvekstsenter har fått eit fint uteområde kor ein klatrejungel utgjer det viktigaste elementet. Rehabilitering av Surnadal idrettshall Inngangspartiet er restaurert etter eit branntilløp i desember 2006. Etter raset i oktober 2003, vart det utført omfattande arbeid med sikring av bakveggen i hallen, samt delvis nytt golv som vart øydelagd då fjellet bak hallen rasa ut. Restaurering av Vaulen Utmarkseigedomen Vaulen på Nordmarka er eigd av Surnadal kommune. Den engelske laksefiskaren John Musters bygde hus på staden rundt førre århundreskifte. I åra 2002-2004 vart det, hovudsakleg på dugnad, utført eit omfattande restaureringsarbeid av bygningane som resulterte i høgtideleg opning i september 2004. Anlegget har motteke spelemidlar. På Vaulen er det gode høve til friluftsliv, jakt og fiske og staden blir leigd ut til privatpersonar, skuleklassar, firma. Både surnadalinger og tilreisande nyttar tilbodet. Erverv og tilrettelegging på Glæremstranda Glæremstranda i nedre Surnadal er no sikra til friluftsformål ved servituttavtale med 100 prosent tilskott frå staten. Kommunen har til no mellom anna utbetra parkeringtilhøva vesentleg, mura opp og sådd i grasbakker samt bygd sandvolleyballbane. I 2008 vil det bli etablert sanitærhus og avløpsanlegg. I tillegg til at stranda blir mykje bruka av surnadalingar er den også eit viktig ansikt utad ovanfor turistar om sommaren. Tilrettelegging langs Toåa Med tilskott frå kommunen har Todalen elveeigarlag etablert fleire gapahukar, benkar og skilt langs Toåa. Moglegheita til å ferdast og opphalde seg langs ei vakker nordmørselv er no til stades. Sanitæranlegg Bæverdalen skytebane Det er bygd eige sanitæranlegg ved skyttarbanen i Bæverdalen. Skitrasear Nordmarka skisenter Arenaflaten er drenert og dermed tørrlagt. Trase for 5 kilometer klassisk er ferdig, tilsvarande for 5 kilometer fristil blir ferdig i løpet av 2008. Rehabilitering Surnadal svømmehall Svømmehallen er totalrenovert, inkludert nytt renseanlegg. 8

Golfbanen Golfbanen på Kvanne åpna dei seks første hola 19. august 2006, og Surnadal Golfpark fråmstår no som ein komplett 9-hols golfbane. Det er stor aktivitet på banen, der dugnadsinnsats frå mange medlemmar utbetrar banen heile tida. Skytehall Angråmyra Elektronisk skyteskiver innandørshallen er installert. Tilrettelegging i Grantrøin Grantrøin er eit om lag 50 dekar stort areal som Surnadal kommune eig i Stangvik. Her veks gedigne edellauvtre og sjeldne bartre. Trea skapar ein spesiell atmosfære som inviterer til leik og spenning. I 2006 vart det bygd ei tradisjonell høyløe som gir ly ved dårleg vær. Benkar og bålplass er også på plass. Oppsummert kan det seiast at tilrettelegginga for friluftsliv som vart utført i forrige planperiode, særleg på Vaulen og Glæremstranda, var arbeid det var på høg tid å få gjennomført. Vaulen var prega av forfall, og trafikk- og parkeringssituasjonen på Glæremstranda var uhaldbar. Moglegheit for alle til på ein enkel måte å kome ned til og ferdast langs ei av dei fire store elvene i kommunen, har vore eit sakn. Med tilrettelegginga i Grantrøin er potensialet til leik og opphald her utnytta betre. Det kan synast som om tiltak på kommunal eigedom, eventuelt i regi av kommunen har dominert. I tillegg til dei omtala tiltaka under punkt 5.3, er det utført utberingar på andre anlegg rundt om i kommunen i løpet av siste planperiode. Fotball Surnadal IL har opparbeid ein kunstgrasbane på Syltøran gjennom eit aksjeselskap der kommunen er største eigar. Private og bedrifter er medeigarar. Kommunen har tradisjonelt hatt ein god situasjon når det gjeld gras- og grusbanar, og med denne kunstgrasbanen og den planlagde på Øye stadion, er kommunen i ferd med å kome etter også på denne type anlegg. Alpint Anlegget i Sæterlia har hatt noko mindre utbetringar med planering av grunnen samt noko drenering. Hoppbakke, Sagatun Øvre Surnadal idrettslag har utført ein del rydding av bakken, slik at nokre av dei minste bakkane kan brukast av dei yngre utøvarane. 9

5.4 Har planen fungert? Plan for idrett og fysisk aktivitet for perioden 2004-2007 var nok på dei fleste vis ei god plan. Manglande gjennomføring av tiltaka skyldast nok først og fremst: Fleire tiltak meldt inn til plana av private lag og organisasjonar har ikkje blitt realiserte. Planlegging og søknad om spelemidlar har kanskje vist seg for krevjande. Dette kan delvis skyldast for dårleg kontakt med mellom desse organisasjonane og kommuneadministrasjonen. Manglande økonomiske løyvingar. Manglande personalressursar i kommuneadministrasjonen. 6. Nosituasjonen for fysisk aktivitet og idrett Tidleg i arbeidet med kommunedelplana vart det arrangert ein idedugnad for å fange opp innspel til arbeidet vidare på feltet, både for kommunen og i idrettslaga. Dugnaden vart leia av Siri Ask Fredriksen frå Møre og Romsdal idrettskrets. Slik blir også kravet i plan- og bygningslova til samråd med og informasjon til berørte grupper oppfylt. Idedugnaden starta med ein gjennomgang av kva som i dag er bra og dårleg innafor feltet idrett og fysisk aktivitet i Surnadal. Her er resultata: Positivt Barneidrett, både organisert og uorganisert. Skyteaktivitet og skyttarlaga Breddetilbodet Friluftsliv Samarbeid Anlegg Idrettsrådet Informasjon Negativt/Manglar Anlegg Aktivitet (også nye aktivitetar ekstremsport) Rekruttering: Aktive barn og vaksne, trenarar og leiarar Samarbeid: frivillig offentleg Informasjon Topp fotball Kommunal prioritering 10

Ei syntese mellom sterke og svake sider, og sider ein ønskjer å bli sterkare på ga følgjande arbeidsområde: 1. Anlegg 2. Aktivitet: Barneidrett, skyting, nye aktivitetar 3. Informasjon 4. Rekruttering 5. Samarbeid: På lagsplan og mellom frivillig og offentleg sektor, kommunal prioritering 6. Friluftsliv Resultata frå idedugnaden vil bli vektlagt i kapittel 7 og 8 der tiltak i planperioden 2008-2011 skal konkretiserast. 6.1 Friluftslivaktivitet Frå naturen si side er Surnadal ein av dei mest varierte kommunane i landet. Tilhøva ligg derfor svært godt til rette for mange ulike former for friluftsliv, og vi veit at mange nyttar seg av desse. Store og varierte skogs- og utmarksområde gir svært gode høve til fot- og skiturar, bærog soppturar og jakt. Surna, Toåa, Søya og Bøvra gir høve til fiske etter laks og sjøaure I fjella finst oppimot 200 vatn som er eigna for fiske etter innlandsfisk. Fjordane innbyr til båtliv, bading, fisking og dykking. Av organiserte aktivitetar i naturen finn ein i Surnadal kommune i dag desse: Trimgruppa i Surnadal IL legg kvart år ut nye trimpostar i fjell og skog i heile kommunen som kan besøkast i løpet av sommarsesongen. Deltakarane er med i trekking av premiar. I Surnadal Ils trimgruppe inngår barneidrettens Ut på tur for barn og barnefamiliar. Her inngår fem turar i skog og mark. Alle idrettslaga i kommunen har fleire trimpostar med bøker på ulike stader i sine nedslagsfelt. Fleire av idrettslaga arrangerer også fellesturar. Surnadal idrettslag kjører opp skispor til Løålikjølen gjennom heile vintersesongen. IL Søya kjører opp skispor i Strengenområdet. Begge laga har motteke støtte frå kommunen til dette. Todalen idrottslag kjører opp skispor på sørsida av Todalen. Laget har i 2008 fått tilskott til innkjøp av ny snøskuter til dette formålet. Øvre Surnadal IL og Vindøladalen Utmarkslag kjører opp skiløyper på Nordmarka og i Vindøladalen, og har fått økonomisk støtte frå kommunen til dette. Kristiansund og Nordmøre turistforeining arrangerer fellesturar i kommunen. Dette er både ordinære turar og turar i regi av Barnas turlag. Surnadal jeger- og fiskerforening har fleire arrangement kvart år. Kvar tysdag er det mellom anna jeger- og fiskecamp, der det foregår skyting, jakt og fiske for dei yngste. Camp Nordmøre er eit prosjekt i regi Noregs jeger- og fiskerforening som er retta mot denne type aktivitet for unge i alderen 14-17 år i regionen. Surnadal jeger- og fiskerforening gjennomfører prosjektet, der ungdom skal tas med for å visast det beste Nordmøre har å by på av fjell, fjord, vatn og elv. Det er lagt opp til fem helgasamlinger i løpet av 2008. Gjennom prosjektet God helse har det vore ei lang rekkje med aktivitetar dei siste åra. Tema har vore fysisk aktivitet (2006), kosthald og rus (2007) og i 2008 er tema betre 11

psykisk helse. Hausten 2007 var det til dømes aktivitetar på Åsen retta mot barn og unge frå 0-20 år, ei heil veke til ende. Der var det fokus både på frisk mat og fysisk aktivitet. I størstedelen av kommunen er det fiskekortsal eller fritt fiske i innlandsvatna. Berre nokre få grunneigarar vil ha fisket heilt privat eller tillet fiske etter avtale. Dette kjem fram i kommunen sitt friluftslivskart. Fiskekorta i kommunen er rimelege. Innbyggjarane har derfor god tilgang til fiskevatna i kommunen. I dei fire laks- og sjøaureførande elvene, Surna, Bævra, Søya og Toåa blir det selt rimelege fiskekort langs størstedelen av strekningane. Strand- og sjøområda blir mykje bruka til dagsturar og bading. 6.2 Friluftslivanlegg Glæremstranda i nedre Surnadal er sikra til friluftsformål ved servituttavtale med 100 prosent tilskot frå staten. Kommunen tek ansvar for til rettelegging på staden og har til no mellom anna utbetra parkeringtilhøva vesentleg og bygd sandvolleyballbane. I 2008 har det vorte utført ein del reperasjonar etter at stormen herja med anlegget tidlegare på vinteren. Det er planer om å etablere sanitærhus og avløpsanlegg i 2008. Med støtte frå kommunen blir eit stupetårn lagt ut kvar sommar. Svissholmen i Stangvik er regulert og sikra med statlege midlar til friluftsformål. Stangvik grendalag har ansvar for dagleg tilsyn mot økonomisk støtte frå Surnadal kommune. Her er det gapahuk med grillar, bord og benkar, fotballbane, toalett og dusj, leikeplass og badestrand. Kommunen er grunneigar på Svissholmen. På Søysetøran er strandområdet delvis opparbeidd og lagt til rette i regi av Kvanne grendalag. Her er det no laga overbygd grillhus. Badestranda på Søysetøran inngår i Søysetøran naturreservat som er verna som elveoslandskap. Utbetringa på staden har grendalaget gjort i dialog med Statens naturoppsyn. Kvanne grendalag mottek årleg støtte frå kommunen for vedlikehald av stranda og nærområdet. Ved småbåthamna i Todalen blir ei badestrand og tilliggande område halde vedlike av planog tiltaksutvalet. Dei mottek ikkje kommunal støtte til dette. Også på Flessastranda finst det noko tilrettelegging for dei som brukar området til bading og dagsturar. Kommunen har i alt cirka 300 kilometer med merka turstigar. Løypenetta til Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) og Trondheim turistforening (TT) utgjer størstedelen av dette. Søya IL held vedlike og merkar stigen frå Vang til Strengen mot årleg godtgjersle frå kommunen, og Telstadvegen velforening har ansvar for å merke og halde vedlike den gamle kløvvegen over Telstadfjellet. Kommunen eig husa som den engelske familien Musters bygde tidleg på 1900-talet på Vaulen på Nordmarka. Den tilhøyrande utmarkseigedomen på 7000 dekar er sikra som friluftsområde med statlege midlar, og blir i dag forvalta av Surnadal kommune. I åra 2002-2004 vart det, hovudsakleg på dugnad, utført eit omfattande restaureringsarbeid av bygningane som resulterte i høgtideleg opning i september 2004. Anlegget har mottatt 12

spelemidlar. På Vaulen er det gode høve til friluftsliv, jakt og fiske og staden blir leigd ut til privatpersonar, skuleklassar, firma. Både surnadalinger og tilreisande nyttar tilbodet. Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) eig Todalshytta som er utgangspunkt for fotturar til Innerdalen og Trollheimen. På Kårvatn har Trondhjems turistforening (TT) sjølbetjeningskvarter og i Folldalen ligg Trollheimshytta, også dreve av TT. Desse to hyttene ligg i Trollheimen. Av hyttene i Fjordruta ligg Grytbakksetra, Hardbakkhytta og Tverrlihytta og Jutulbu i Surnadal kommune. Fjordruta består av merka stigar og sjølbetjeningshytter i Kristiansund, Tustna, Aure, Hemne, Rindal og Surnadal kommunar, eigd og dreve av KNT. KNT har også Hermannhytta på Nordmarka i Surnadal som er eit bindeledd mellom Fjordruta og løypenettet i Trollheimen. Hyttene langs Fjordruta er også fine dagsturmål via merka stigar frå fleire stader i kommunen. Gamlevegen mellom Svinvik og Hjellnes er rusta opp til turveg. Fleire stader langs Toåa i Todalen er det sett opp gapahukar og benkar for fiskarar og turgåarar. I Grantrøin i Stangvik er det også lagt til rette for meir aktivitet. 6.3 Idrettsaktivitet Gjennom idretts- og skyttarlaga blir det kvar dag gjennom heile året skapa betydeleg aktivitet for store grupper av kommunens innbyggarar. Alle idrettslaga har eit godt tilbod til barn og unge, med fleire hundre i aktivitet på fotballbanane i kommunen, idrettshallen på Nordmarka, i Sæterlia og andre plassar. Kommunen bidreg med tilskott til fleire aktørar for å sikre aktivitet innan både idrett og friluftsliv. Dette gjeld mellom anna tilskott til idrettslaget for drift på Nordmarka, tilskott til aktørar som kjører opp skiløyper rundt om i kommunen og til Sæterlia Alpinsenter for drift av alpinbakken. Det er for øvrig vedteke at kommunen i løpet av forsommaren 2008 skal kjøpe ut den delen av bygningsmassen som eigast av Sæterlia Alpinsenter. Etter mange år i dvale vart det i 2007 igjen eige fotballag i Bæverfjord, da klubben slo seg saman med Bøfjorden og stilte lag i 5. divisjon. Det er også full rulle i idrettshallen med mange aldersbestemte utøvarar i handball. Kvar sommar inntas dessutan bygda av kvite hordar av barn og ungdom som deltek på den årlege leiren i taekwondo. Leige av idrettshallen er gjort gratis for aldersgruppa opp til og med 20 år. Sidan forrige planperiode har kommunen fått ei velfungerande sykkelgruppe i Trollheimen Sykkelklubb. Mange ivrige medlemmar har kome saman og deltek på fleire ritt gjennom året, samtidig som klubben saman med andre klubbar arrangerar Surnadalstrippelen: Markatråkket på sykkel, Nordmarksrunden på ski og Knykløpet til fots. Barneidretten (underlagt trimgruppa i Surnadal IL) står kvart år bak det populære Ut på tur, som samlar unge og vaksne til ein på førehand planlagt tur ut i skog og mark. Det er dessutan stor deltaking (100 i 2007) på aktiviteten i idrettshallen i regi barneidretten. På Kvanne har både motocrossbanen og golfparken bidrege til stor aktivitet. Skyttarlaga i kommunen har mange gode tilbod til sine aktive medlemmar innafor fleire ulike typar skyting. Det er kvart år mange surnadalingar med på stemner landet 13

rundt, fleire med resultat heilt i landstoppen i sine klassar. Det kan og nemnast at ei gruppe med bogeskyttarar er starta opp som undergruppe av Surnadal idrettslag. Desse held til i gymsalen på ungdomsskolen, og har allereie markert seg med gode resultat. Trimgruppa i Surnadal er aktiv, og deltek mellom anna på arrangørsida av Surnadalstrippelen. Gruppa ordnar dessutan med eit utval fjellturar med utlagde trimpostar rundt om i heile kommunen. I hoppbakkane ved Sagatun har det i regi Øvre Surnadal idrettslag dei siste vintrane vore organisert hopptrening for mange ivrige yngre utøvarar. Travklubben i Surnadal har mange til dels særs aktive, og fleire av hestane har hevda seg godt både i rammeløp og hovedløp rundt om på dei norske travbanane. Trollheimen ride- og kjørelag er svært aktive med konkurransar, kurs, turar, temakveldar og mykje meir. Det fins tilbod om aktivitet på hest i Øvre Surnadal i regi Hege Moen. Jopilen Telemarkklubb er ikkje aktiv lenger, men utøvarar frå kommunen markerar seg heilt i landstoppen i denne greina. Det er også i gang trening for yngre utøvarar i Surnadal. Vintersportsleikane for utviklingshemma er kvart år eit populært og godt arrangement i regi Nordmøre Folkehøgskule. Tiltaket støttas økonomisk av kommunen. Barn i løypa trekkjer kvar vinter cirka 300 barn til Nordmarka for å gå på ski. Mange unge markerar seg med særs gode resultat i sine idrettar, og det gror godt i rekrutteringsarbeidet i idrettane som satsar på dette. Skal noko på minussida noterast, må det vere at spesielt lagidrettane fotball og handball slit noko med å hevda seg med sine seniorlag. Trass stor aktivitet blant dei yngste, viser det seg at kampen om å hevda seg oppover i divisjonane tilspissar seg, og at det derfor trengs enda sterkare satsing for å lukkast dersom det er eit mål i seg sjølv. 6.4 Status idrettsanlegg i kommunen Todalen. Bordholmen er staden for dei sommarlege idrettane, og inneheld både fotballbane, friidrettsanlegg, handballbane, klubbhus og lagerbygg. I Todalen finnes det dessutan lysløype for ski, ein mindre alpinbakke samt skihytte. Stangvik/Kvanne Med eit godt anlegg på Søyabanane for fotball, eit bra anlegg for ski på Vang, ein mykje bruka crossbane, eit skitrekk for alpint, skytebane samt ein flott golfpark på Kvanne, har denne kretsen etter kvart fått gode anlegg i sitt nærområde. I tillegg er det balløkker både på Nordvik, Lykkjebygda og i Stangvik (ved Svissholmen). Nedre Surnadal. I denne kretsen er det rundt hovudsakleg fem områder at anlegga finnes: Angråmyra, Nordmarka idrettssenter, Sæterlia, Øye og Syltøran. På Syltøran er det no to grasbanar og ein flott kunstgrasbane. I tillegg er det eit klubbhus/garderobeanlegg. 14

På Øye er det vedteke bygging av eit friidrettsanlegg, kunstgrasbane og eit nærmiljøanlegg. Arbeidet kom i gang på slutten av 2007. Frå før er det idrettshall ved skulane, og det er planer om fleire mindre nærmiljøanlegg i kretsen. Alpinanlegget i Sæterlia har grunna mangel på snø hatt fleire relativt korte sesongar dei siste åra, men sesongen 2007-08 enda som den beste når ein ser på talet på selde årskort. Planer om snøkanonanlegg kan bli løysinga for å få stabilitet i drifta. Det innbydande anlegget trekkjer i alle fall mykje folk til bakken når tilhøva tillet det. På Nordmarka idrettssenter er det dei siste åra laga nye trasear, både for klassisk og fri stil. Anlegget er no i ein slik stand at Surnadal saman med Rindals-Troll søkjer om å få arrangere NM for senior. Øvre Surnadal. Hoppbakken i Sagatun forfell, men Øvre Surnadal idrettslag har teke tak og rydda og lagt til rette for aktivitet i dei minste bakkane. Ski går føre seg ved Holtamoan, og det er gymsal ved Mo skule. Det er mykje aktivitet ved uteområdet ved skulen og ein grasbane, som brukast flittig om sommaren. Øvre Surnadal skyttarlag har bane ved Ellingsmyra. Bæverfjord. Etter fleire år i dvale, vart det i 2007 igjen eit aktivt seniorlag i fotball (saman med Bøfjord), og det vart igjen seniorfotball på grasbanen i Bæverfjord. Skyttarbanen i regi Bæverdalen skyttarlag er utbygd med sanitæranlegg. Ved skulen i Bæverdalen er det anlagt nærmiljøanlegg med mellom anna klatrevegg, hinderløype og ake/skibakke. Bøfjorden. Leikarvollen har fotballbane, utandørs handballbane, skytebane og grendehus med storsal/gymsal og innandørs skytebane. I Settemsdalssletta er det lysløype for ski. Skulen har i siste planperiode fått eit flott nærmiljøanlegg. 6.5 Uteområda ved skulane Gjennom eit felles prosjekt har alle skulane og oppvekstsentra i kommunen unnateke Stangvik oppvekstsenter fått gjort mykje med uteområda dei siste åra. Nokre av sentra har så å seie ferdigstilt anlegga, medan arbeidet ved Øye skule er kome i gang vinteren 2007-08. Tek ein i betraktning alle dei timane ungane oppheld seg i barnehage / skule / SFO har situasjonen ved uteområda stor betyding for høvet til fysisk aktivitet i kvardagen. Øye Det er utført betydeleg oppgradering av uteområdet ved ungdomsskulen, etter at sjølve skulebygga fikk sine løft først. Det er utført arbeid på dugnad, og enno gjenstår ein del før uteområdet ved kommunens ungdomsskule er ferdig. Dette må dessutan sjåast i samanheng med det omfattande arbeidet som er starta med Øye stadion. Status ved utgangen av førre planperiode (2007) er eit til dels sværs elendig uteanlegg med preg av å vere nedslite og utgått på dato. Kommunen har vedteke betydelege utbetringar, med eige friidrettsanlegg, kunstgrasbane og ikkje minst eit godt nærmiljøanlegg. 15

Bøfjorden oppvekstsenter Bøfjordingane har eit flott uteområde ved oppvekstsenteret sitt. Her er det diverse leikeapparat, fotballbane, akebakke, sklie, sjørøvarbåt, leikestuer, klatrejungel, kltrestativ, klatrevegg, stor sandkasse, gapahuk mm. Har ein uteplass med gapahuk og bålplass i nærleiken til skulen, men brukar også nærområdet til turar til sjøen, elva, skogen og fjellet. Ny volleyballbane vil bli etablert våren 2008. Bæverfjord oppvekstsenter Her er eit variert nærmiljøanlegg under etablering og ein satsar på ferdigstilling i løpet av 2008. Anlegget vil innehalde ballbanar, hinderløype, disser, klatrevegg, amfi med bålplass og diverse leikeapparat. I skogen ved skulen er det ein stor gapahuk og ved Bævra vil det bli etablert lavvo og klatretau. Mo oppvekstsenter Mo oppvekstsenter er i sluttfasen med etablering av nærmiljøanlegg på uteområdet ved skulen. I dag finst dette: klatrejungel, diverse leikeapparat, basketballstativ, ulike disser, leikestue, sklier, stor sandkasse, akebakke, fotballbane, hoppgrop og løpebane for 60m. I skogen bak skulen er ein uteplass med gapahuk, bålplass og amfi. I løpet av 2008 vil ei hinderløype bli etablert. Stangvik oppvekstsenter Stangvik oppvekstsenter består av skule med om lag 80 ungar på 1.-7. trinn og barnehage med om lag 30 ungar. Barnehagen har ulike leikeapparat på uteområdet. Skulen har ein fotballbane, nokre disser og sandkasse. Både skulen og barnehagen nyttar tilrettelagt område i skogen ved skulen i undervisninga. Nærmiljøanlegg med klatrejungel er under planlegging. Todalen oppvekstsenter Senteret har ballbinge for fotball og anna ballspel, asfaltert plass med fotballmål, akebakke. Uteområde for barnehagen med forskjellig utstyr. Vinterstid blir innmark i nærleiken av skulen bruka til ski, skøyter og anna leik. Har også gapahuk / leirplass i nærområdet til bruk ved turar og uteskule. Planlegg bygging av amfi i tilknyting til akebakken, hinderløype og diverse oppmerking på asfaltert område. 7. Analyse av behov for aktivitet og anlegg. Frå nasjonalt hald er det klare mål innafor idrett og fysisk aktivitet. Generelt for begge desse felta er at dei legg vekt på at alle skal ha høve til å drive desse aktivitetane. Utover dette blir behovet for å sette særleg fokus på barn og unge framheva innafor begge felta. Barn og unge er ei gruppe som det også bør satsast særleg på i vår eiga plan for dette området. I tillegg skal funksjonshemma og eldre sine behov prioriterast. Ein viktig veg å gå for å oppnå auka fysisk aktivitet blant barn og unge er utvikling av gode uteområde ved skulane. Tida ungane tilbringer på skulen og skulefritidsordning (SFO) utgjer i dag ein stor del av kvardagen. 16

Under idédugnaden kom desse tema fram som område med forbetringspotensial: Anlegg Aktivitet: Barneidrett, skyting, nye aktivitetar Informasjon Rekruttering Samarbeid: på lagsplan og mellom frivillig og offentleg sektor, kommunal prioritering Friluftsliv 7.1 Kva vil kommunen prioritera i komande planperiode? Det har skjedd til dels svært mykje positivt på anleggsfronten i Surnadal kommune dei siste åra. Det har blitt bygd nye anlegg og eldre anlegg er oppgradert. Dei fleste grendeskulane har no gode uteområde, og om kort tid vil også uteområdet ved Øye framstå i ein vesentleg betre tilstand enn tilfellet har vore. Ein skulle kanskje tru at den betydelege anleggsutbygginga dei siste åra snart ville føre til at behovet for ytterlegare utbygging ville gå ned. Utifrå talet på innkomne ønske om tiltak frå idrettslag, kommune, lag og foreiningar kan mykje tyde på at lysta på nye anlegg både bygg og nærmiljøanlegg - er minst like stor som tidlegare, kanskje enda større. Dette harmoniserar dessutan godt med ein visjon om at Surnadal skal bli ein kommune der både anlegg og natur legg til rette for brei og stor fysisk aktivitet. Kommunen skal ha ei offensiv og i utgangspunktet positiv haldning til aktørar som har ønske om ytterlegare tilrettelegging av anlegg. I ein slik samanheng blir det enda viktigare å få på plass eit samspel mellom private aktørar, kommunen og ikkje minst eit næringsliv som i åra framover skal kjempe om sårt tiltrengt arbeidskraft. Potensielle tilflyttarar etterspør ikkje lenger berre arbeid, barnehage og skule. Dei spør like ofte om korleis nettopp tilhøva for idrett og fysisk aktivitet er lagt til rette for i den aktuelle kommunen. Kommunar som vil vinne kampen om arbeidskraft må derfor tørre å satse på utbygging av anlegg samt tilrettelegging av aktivitetar i dei naturgitte anlegga rundt oss. Det er derfor i næringslivets eige interesse å bidra til realisering av slike anlegg, for å kunne halde på og skaffe ny kompetanse til si verksemd. I ein slik situasjon er det likevel viktig at kommunen har klare mål for denne type utbygging, både på kort sikt (innafor planperioden) og på lang sikt. Det må dessutan ikkje bli slik at berre dei med ein rik onkel får fram sine anlegg. Sjølv om det er lett å stille seg positiv til nær sagt alle innkomne tiltak, er det derfor særs viktig at kommunen gjennom handlingsprogrammets prioriterte liste klart seier kva for mål som skal nås i planperioden, og kva for tiltak som kan setjast ut i tid og derfor plasserast på den langsiktige og uprioriterte handlingsplanen. Dette vil igjen påverke kommunens prioriteringar både når det gjeld eigne løyvingar samt prioriteringa i samband med søknader på spelemidlar. Det er spesielt i høve til spelemidlar at kommunen kan oppnå meir dersom det ligg klare prioriteringar etter behovsanalysen for kva for anlegg vi ønskjer oss, og som samstundes er realiserbare innafor den aktuelle planperioden. I analysen av behova innafor idrett og fysisk aktivitet i Surnadal i perioden 2008-2011 må ein mellom anna leggje vekt på følgjande: 17

Nasjonale mål. Eigne mål. Resultata frå idédugnaden tidleg i planprosessen. Tiltak som bør overførast frå forrige plan. No-situasjonen på anlegg Lokalisering: Både i høve til geografi i kommunen samt i høve til plassering av allereie etablerte anlegg. Kostnad ved utbygging. Ressursbehov for drift og vedlikehald. Nokre av desse punkta kan det vere lett og einast om. Det er først og fremst når det kjem til spørsmål om behov for nye anlegg at striden kan oppstå. Vi ser klare teikn på at utbygging av ein viss type anlegg ein plass i kommunen fører til same kravet i andre delar av kommunen. Slik sett er Surnadal ein både krevjande, men ikkje minst spanande kommune å utvikle på dette området. Det er stor idrettslig og annen fysisk, sunn aktivitet i alle aldersklassar i kommunens grender, inkludert dei sentrumsnære områda i nedre Surnadal. Heldigvis er det også slik at anlegga i Surnadal er rimeleg bra fordelt geografisk, der vi til dømes med nokre få hundre meters avstand har både skitrekk, golfbane, skistadion, motocrossbane og fotballanlegg på Kvanne. I tillegg har vi ubegrensa med gratisanlegg i form av vakker og utfordrande natur for fysisk aktivitet. Spørsmålet som både må stillast og svarast på er likevel om alle kan forvente fullt utbygde anlegg akkurat der dei bur, om anlegga må vere i full størrelse og så vidare. I ein ideell verden kunne det kanskje vore slik. Både økonomi og ikkje minst ei realistisk vurdering av behovet tilseier likevel at kommunestyret må leggje føringar for anleggsutbygginga i kommunen. Det betyr at nokre anlegg ikkje kan prioriterast, mens andre løftes opp med tydeleg støtte i kommunen. Her må mellom anna avstand for brukarane til dei enkelte anlegg vurderast. I ei tid der dei aller fleste har minst ein bil i hushaldinga, er dette med kjøring til og frå trening og aktivitet ei mindre utfordring i dag enn for nokre tiår sidan. Det vil uansett ikkje vere realisme å tru at alle delar av kommunen kan ha kvart sitt av nær sagt alle typar anlegg, det vere seg kunstgrasbaner, idrettshallar, skianlegg, alpinanlegg eller andre større anlegg. Eit anna klart signal frå fylket er at det er god politikk å samle anlegg. Det vil i praksis bety at nye anlegg bør lokaliseras der det allereie er anlegg frå før, dersom dette let seg praktisk utføre. Til sist må det bli sagt at det vil føre heilt feil i veg dersom kommunen roper halleluja til alle søkjarar og nye prosjekt. Dette vil vere å narre lag, organisasjonar og innbyggjarane til å få urealistiske forventningar om at nettopp deira anlegg vil få støtte, både økonomisk og anna. I det store og heile vil aktørane i kommunen oppnå mest dersom vi alle opptrer som surnadalingar og kjempar saman for å realisere anlegg vi både ønskjer og som det er reelt behov for. Oppsummert vil derfor Surnadal kommune prøve å etablere nye, større hovudanlegg til dei sentrumsnære områda, til dømes på Øye eller Syltøran. Mindre anlegg, som til dømes treningsfelt i kunstgras, ballbinger og nærmiljøanlegg, kan med fordel plasserast ved skulane og byggefelta rundt om i kommunen. På denne bakgrunn er denne planens handlingsprogram, del 8, laga. Det skal i den samanheng understrekast at tiltak som er foreslått oppført på planens langsiktige og uprioriterte del, utan forutgåande planprosess kan takast inn på den prioriterte delen. I løpet 18

av planperioden vil det dessutan kunne dukke opp nye tiltak som kan takast inn i planen ved årleg rullering, dersom tiltaket har ein kostnad på opptil 400 000 kroner. Større anlegg som ikkje er med i denne planen, kan med andre ord ikkje rullerast inn før neste planperiode (2012-2015). Tillegg i forbindelse med behandling i kommunestyret: Tilrettelegging langs Toåa. Ved Bruset. Adkomsten fram til gapahuken som er bygd i Fosstrøa må utbetrast slik at gammalt folk og funksjonshemma kan ta seg fram til eit særs idyllisk elveparti. Restaurering av Bæverhall. Arbeidet med innsetting av nye vindu er godt i gang. Det er og planlagt restaurering av uthus. Eldrerådet ser svært positivt på at det blir arbeidd med fiskebrygge for handikappa ved Glønavatnet. Fiskeplassar tilrettelagt for funksjonshemma må prioriterast høgare. Symjehallen: Tilgjengelighet rampe/heis. Tersklar på gulv vanskeleg tilgjengelighet for rullestolbrukarar. Tiltak og tilrettelegging for grupper med spesielle behov. Dette for at dei kan bruke eksisterande tilbud. Opparbeiding av plassar med ei enkel tilrettelegging for fysisk aktivitet. Fleire grupper kan da bruke desse anlegga for å få eit meir aktivt friluftsliv. 8. Handlingsprogrammet for anlegg og tiltak A1. Ordinære anlegg for idrett og utbygging i perioden 2008-2011 prioritert del Anleggsstart finansiering Km = kommunale midlar Sm = Spelemidlar Pr = privat del (eigne midlar) St= Statleg tilskot km= kulturbudsj Anlegg/ Stad Kostnad i 2008 2009 2010 2011 tilrettelegging 1000 kr Km Sm Pr St Km Sm Pr St Km Sm Pr St Km Sm Pr St 1. Surnadal Golfpark Kvanne 2802 425 2.Bæverdalen Bæverdalen 340 114 skyttaranlegg, sanitærbu 3. Surnadal IL, Nordmarka Nordmarka 600 71 idrettssenter 4.Surnadal svømmehall Øye 7854 495 5.Innandørs skytebane, Surnadal 387 129 Angråmyra 6.Surnadal alpinsenter, Sæterlia 400 134 flomlys 7.Snøkanonanlegg Sæterlia 6000 2000 2000 2000 8.Fleirbrukshall Surnadal 6-20000 55 3000 3000 9. Ride- og kjøreanlegg ved Surnadal 600 55 150 100 350 Syltmoen, trinn 1 10.Surnadal IL, tidtakarbu Nordmarka 482 100 150 161 Nordmarka 11. Øye stadion Surnadal 17000 4000 4000 4000 2000 3000 12.Syltøran stadion, Surnadal 4882 1216 kunsgrasbane 13.Kompaktanlegg for Surnadal 764 20 237 116 248 132 leirduesti, Angråmyra 14. Utviding Kvanne 400 20 134 133 133 motocrossbanen 15.Uthus/nødbu Vaulen Nordmarka 391 131 16. Sanitærhus Kalkstranda Glærum 650 650 217 19

17. Kunstgrasbane ved Søyabanen 18.Oppgradering skytebane i Bøfjorden Kvanne 5000 Bøfjorden 500 Tiltaka 1-6 i den prioriterte delen er nokre av anlegga i handlingsprogrammet som anten har fått delar av spelemidlane utbetalt, eller er tiltak som er ferdigstilt eller delvis ferdigstilt og derfor ventar på utbetaling av spelemidlar. Arbeidsgruppa meiner det er rett med denne prioriteringa å synleggjera at kommunen ønskjer at desse tiltaka får utbetalt spelemidlar så fort som muleg, og er derfor satt opp øvst. Både golfbanen på Kvanne og symjehallen på Øye fekk ved tildeling våren 2008 siste delutbetaling. Tiltaka bør likevel fortsatt vere med i handlingsprogrammet sidan det enno ikkje er heilt avklart om det blir aktuelt med tilleggssøknadar dersom tiltaka vart vesentleg dyrare enn opprinneleg søknadssum. Av dei nye tiltaka er det ei blanding av private og kommunale tiltak: 7.Snøkanonanlegg i Sæterlia Kommunen eig alpinanlegget i Sæterlia, og har vedteke utbygging av snøkanonanlegg for å sikre tilgang på snø ein lengre periode av sesongen enn det tilfellet er i dag. Ei arbeidsgruppe leia av Palmer Vikan skal ta dette prosjektet vidare. 8.Fleirbrukshall/storhall Surnadal idrettslag har lansert planer om å byggje ein storhall, enten på Syltøran, Øye eller anna egna område i kommunen. Forarbeidet til prosjektet er per juni 2008 så vidt kome i gang, med ei etablert arbeidsgruppe. Kostnaden på prosjektet er derfor vanskeleg å konkretisere. Ein enkel treningshall kan koste seks-sju millionar kroner, ein meir avansert hall kan koste oppimot tjue millionar kroner, og eit fleirbrukshus med ei lang rekkje fasilitetar kan koste 60-100 millionar kroner. 9.Ride- og kjøreanlegg, trinn 1 Trollheimen ride- og kjørelag planlegg nytt ride- og kjøreanlegg i kommunen. Det fins per i dag ikkje eit stort nok baneanlegg for å kunne arrangere konkurransar i kjøring og riding. Det er planer om å byggje eit ride- og kjøreanlegg ved tråvbanen på Syltmoen. Anlegget er tenkt utbygd i to trinn der trinn 1 er ein bane på 40x80 meter med mellom anna kiosk, sanitæranlegg og lager i tillegg. Eksakt pris på trinn 1 er enno ikkje klar. 10.Tidtaker- og speakerbu på Nordmarka idrettssenter Surnadal idrettslag har planer om bygging av tidtaker- og speakerbu ved skianlegget på Nordmarka. Saman med naboklubben i Rindal søker Surnadal idrettslag om å få arrangere NM på ski, og da må dette prosjektet være på plass. I 2013 er Surnadal IL 100 år, og eit NM på ski for senior dette året, kan bli ein flott måte å markere jubileet på. 11.Øye stadion 20

Surnadal kommune har vedteke utbygging av friidrettsbane og kunstgrasbane på uteområdet ved skulane på Øye. Saman med eit vedteke nærmiljøanlegg skal dette gje dei om lag tusen elevane eit flott uteområde som vil generere stor fysisk aktivitet. Kostnaden på prosjektet har gått både opp og ned, og er for friidrettsanlegg og kunstgrasbane no berekna til 18,5 millionar kroner. 12.Kunstgrasbanen på Syltøran Surnadal idrettslag har bygd ferdig ein kunstrgrasbane på Syltøran. Det er planer om flomlysanlegg ved denne banen. 13.Kompaktanlegg for leirduesti Surnadal jeger- og fiskerforening planlegg bygging av eit kompaktanlegg for leirduesti samt lagerplass for mellom anna ammunisjon ved Angråmyra. Det dreier seg om seks frittståande små trebuer for kastemaskiner, fem frittståande skytebuer, skrivebu med overbygd venteareal for skyttarane samt det nemnte lagerbygget. 14.Utviding av motocrossbanen Surnadal motocrossbane ønskjer å utvide motocrossbanen på Kvanne. Dette for å få B- godkjenning av banen, som mellom anna betyr at klubben kan arrangere Norgescup og NM. Planlagt utviding er på cirka 300 meter, samt utviding av startgrinda frå 15 til 30 plassar. 15. Uthus/Nødbu Vaulen Tiltaket er utført. 16.Sanitærhus på Kalkstranda Surnadal kommune, eining for bygg og miljø har planer for å byggje sanitæranlegg på Kalkstranda. Anlegget er eit prefabrikert sanitærhus med tre toalett inkludert handikapptoalett. 17.Kunstgrasbane ved Søyabanen Idrettslaget Søya ønskjer seg kunstgrasbane lagt ved Søyabanen på Kvanne. Det er snakk om å byggje om ein grusbane til kunstgrasbane. 18.Oppgradering skytebane i Bøfjorden Hjelmen skyttarlag har planer om ombygging og oppgradering til elektroniske skiver på anlegget ved Leikarvollen. A2. Ordinære anlegg for idrett og utbygging uprioritert del Anleggsstart finansiering Km = kommunale midlar Sm = Spelemidlar Pr = privat del (eigne midlar) St= Statleg tilskot km= kulturbudsj Anlegg/ Stad Kostnad i 2008 2009 2010 2011 tilrettelegging 1000 kr Km Sm Pr St Km Sm Pr St Km Sm Pr St Km Sm Pr St Fiskeplass for Surnadal 400 funksjonshemma ved Surna Luftsportsanlegg Surnadal 1200 21

Ride og kjøreanlegg ved Surnadal 3000 Syltmoen, trinn 2 Fire ballbingar Surnadal 400x4 Fleirbruksanlegg for luftsportsaktivitetar Surnadal luftsportsklubb ønskjer å byggje eit fleirbruksanlegg for mellom anna luftsportsaktivitetar på det regulerte området for flyplass på Syltøran. Hovedanlegget vil bli ei flystripe for mikro- og småfly, men det skal utformast slik at det kan brukast til andre føremål også. Det tenkjast mellom anna på ei samorganisering av beslekta motorsportsaktivitetar. Ride- og kjøreanlegg, trinn 2 Trollheimen ride- og kjørelag planlegg nytt ride- og kjøreanlegg i kommunen. Trinn to i dette tiltaket er planer om ein ridehall på 20x60 meter. Ein liknande hall i Sunndal kosta cirka tre millionar kroner. Fire ballbingar To bingar skal prioriterast i kommunale bustadfelt. Anlegga blir i utgangspunktet finansiert privat med sponsormidlar og dugnadsarbeid. B. Utbygging av nærmiljøanlegg i perioden 2008-2011 Anleggsstart finansiering Km = kommunale midlar Sm = Spelemidlar Pr = privat del (eigne midlar) St= Statleg tilskot km= kulturbudsj Anlegg/ Stad Kostnad 2008 2009 2010 2011 i tilrettelegging 1000 kr Km Sm Pr St Km Sm Pr St Km Sm Pr St Km Sm Pr St 1.Stangvik oppvekstsenter, Kvanne 400 200 200 nærmiljøanlegg 2.Nærmiljøanlegg Bæverfjord 400 200 Bæverfjord oppvekstsenter 3.Øye, nærmiljøanlegg Surnadal 1500 375 375 375 375 4.Sykkeltrase, Sæterlia Sæterlia 900 65 100 450 350 5.Aktivitetsareal/ballbinge, Surnadal 400 65 100 200 100 Midtigrenda 6.Rullestolløype, Vindøladalen 250 125 125 Vindøladalen 7.Todalen, nærmiljøanlegg Todalen 200 50 100 50 8.Ballbinge, Søya Kvanne 400 9.Gangveg langs Surna Surnadal 2000 1300 700 mellom Øye og Grimsmo 10.Ball- og leikeplass i Surnadal 135 68 67 Grytåfeltet 11.Fiskebrygge, Glønavatnet Nordmarka 200 100 100 Nærmiljøanlegg Stangvik oppvekstsenter Uteområdet ved skulen har få aktivitetsmulegheiter, og no har Stangvik oppvekstsenter og FAU ved skulen planer om betre tilrettelegging for dette gjennom opparbeiding av nærmiljøanlegg på skulens uteområde. 22