Til Sogn og Fjordane fylkeskommune V/ samferdsleavdelinga. Att.: Dina Lefdal Frå Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane Dato: 18.5.2016 v/ Audun Heggestad Innspel til stortingsmelding om Nasjonal transportplan (NTP) 2018-2029 Vi syner til transportetatane og Avinor sitt plangrunnlag til ny NTP som er på høyring med frist 1. juli 2016 1. Plangrunnlaget dannar, saman med høyringssvara, eit viktig grunnlag for stortingsmeldinga om NTP 2018-2029 som skal fremjast av Regjeringa våren 2017. Trygg Trafikk vurderer plangrunnlaget som svakt i omtalen av trafikktryggleik, særleg det som vedkjem verkemiddel og tiltak som ikkje er av fysisk karakter. Vi har derfor utforma følgjande innspel, som vi ber fylkeskommunen vurdere i samband med eige høyringssvar til Samferdselsdepartementet. Bakgrunn Trafikktryggleik på veg er i all hovudsak omtala i følgjande kapittel i plangrunnlaget: Kap. 2 Mål Kap. 8.2 Trafikksikkerhet på veg Kap. 19.3 Trafikant og kjøretøy 1 http://www.ntp.dep.no/nasjonale+transportplaner/2018-2029/plangrunnlag 1
Kap. 18.1 Kvalitet på (fylkes)veinettet Fylkeskommunen har eit viktig ansvar for trafikktryggleiken i fylket, jf. vegtrafikklova 40a. Ansvaret er todelt; investeringar og vedlikehald av fylkesvegnettet og regional samordning- og tilrådingsfunksjon, m.a. gjennom Fylkestrafikksikringsutvalet (FTU). Ansvaret inkluderer både fysiske tiltak og haldningsskapande arbeid. Trygg Trafikk sine vurderingar av utvalde forslag i plandokumentet Nytt etappemål Forslag i plandokumentet: Nullvisjonen skal framleis vere førande. Transportsikkerheit skal halde fram å vere eitt av tre hovudmål for NTP. Det innførast eit nytt etappemål mot nullvisjonen om maks. 350 drepne og hardt skadde innan 2030 (s. 25). Gjeldande etappemål om maks. 500 drepne og hardt skadde i 2024 blir eit delmål. Forslaget til nytt etappemål mot nullvisjonen er svært ambisiøst, og det er bra. Dessverre er ikkje plangrunnlaget like kraftfullt når det gjeld føringar og verkemiddel for auka trafikktryggleik, utover tiltak av fysisk karakter. Det er godt dokumentert at dei viktigaste medverkande faktorane til dødsulukker kan knytast til trafikantane: Manglande førardugleik, høg fart, rus, trøyttleik og sjukdom (jf. UAG-rapportane). Stortingsmeldinga bør derfor innehalde tydelege føringar og verkemiddel retta mot trafikantar (trafikkopplæring, informasjons- og haldningsarbeid og kontrollar) og køyretøy (førarstøttesystem). Grunngjeving: Etter ein gledeleg nedgang i tal på drepne og hardt skadde i trafikken dei seinare år, har vi no hatt ein urovekkjande start på 2016 med 38 drepne for landet som heilskap så langt i år (jan-april, førebelse tall). Dette er nesten ein auke på 40% samanlikna med same månader i fjor. Framleis nedgang i ulukkestala må derfor ikkje takast som noko sjølvsagt. Fleire utfordringar står dessutan på vent, t.d. 2
fleire mjuke trafikantar på vegane (jf. nasjonalt mål om at fleire skal sykle og gå), ny teknologi som distraherer bilførar og fleire innvandrarar med annan trafikkultur. Fornying av fylkesvegane Forslag plandokumentet: Prioritere ivaretakelse av infrastruktur foran investeringer. Vurdere et eget program for fornyelse av fylkesveger (s. 150). Forslaga støttast. Drift og vedlikehald på fylkesvegnettet har over tid vore underfinansiert. Fylkeskommunane må tilførast tilstrekkeleg med midlar frå KRD til å kunne utbetre farlege strekningar, og sjølv prioritere dette arbeidet. Grunngjeving: Sikringsstandarden på fylkesvegnettet er mange stader låg, og ulukkesrisikoen markant høgare enn på riksvegnettet. Tiltak med dokumentert trafikksikringseffekt omfattar møtefrie vegar, t.d. ved vidare utbygging av midtrekkverk, samt forsterka midtoppmerking. På trafikkfarlege strekningar der høg fart er eit problem, må også streknings-atk vurderast etablert. I tillegg etterlyser Trygg Trafikk eit breiare perspektiv i trafikksikringsarbeidet, dvs. omtale av føringar og verkemiddel som ligg hjå andre myndigheiter og sektorar enn samferdsle. F.eks. er politiet sine trafikkontrollar eit av dei mest (kostnads)effektive trafikksikringstiltaka vi har. Ein rapport frå Transportøkonomisk institutt viser at dersom omfanget av politikontroller hadde vore på same nivå som i 2000, kunne vi spart 49 liv i 2012. Oppdagingsrisikoen har medverkar klart til i kva grad trafikantane held seg til regelverket, f.eks. å overhalde fartsgrenser og køyring ruspåverka. Det er derfor naudsynt med meir politi på vegane og fleire kontrollar. Utviding av nullvekstmålet Forslag i plandokumentet: Utvide nullvekstmålet (dvs. at veksten i transportpolitikk tas med kollektivtrafikk, sykling og gåing) til alle byregioner med miljø- og kapasitetsutfordringer, og som minimum til alle byer der det er aktuelt med bypakker (s. 41). 3
Nullvekstmålet er positivt både for miljøet og folkehelsa, men må følgjast opp med auka grad av trafikktryggleik for mjuke trafikantar. Naudsynte tiltak inkluderer både fysiske tiltak, trafikkopplæring og haldnings- og informasjonsarbeid. Grunngjeving: Mjuke trafikantar har høgare skaderisiko enn f.eks. bilførarar. Det er derfor truleg at fleire mjuke trafikantar på vegane vil føre til fleire trafikkulukker som involverer mjuke trafikantar. Trygg Trafikk etterlyser politisk fokus og satsing på trafikktryggleik for mjuke trafikantar. Viktige fysiske tiltak er auka utbygging av gang- og sykkelvegar, betre vedlikehald, betre lyssetjing, utbetring av trafikkfarlege kryss, rydding av sideterreng, omregulering av areal der mjuke trafikantar blir prioritert, og 30 km/tfartsgrense i byområde med blanda trafikk og rundt skular. Det er også behov for å styrkje det trafikantretta arbeidet, t.d. gjennom trafikkopplæring i barnehage og skule, samt haldnings- og informasjonsarbeid på tema som merksemd, samspel mellom trafikantar og bruk av sikringsutstyr (hjelm, ringeklokke, brems, refleks). Sykkelsatsing Forslag plandokumentet: Vil vise vei i sykkelsatsningen gjennom å bygge ut sykkelekspressveier langs riksvei i de ni største byområdene. Vil gjøre el-sykkel til et mer aktuelt transportalternativ. Utbygging av sykkelekspressvegar langs riksvei er eit positivt, men smalt tiltak, som i hovudsak handlar om framkomst. Trygg Trafikk etterlyser auka utbygging og betre vedlikehald av eigne sykkelvegar, samt gang- og sykkelvegar der folk bur, og særleg langs skulevegane (jf. pkt. om utviding av nullvekstmålet) El-syklar kan få fleire til å velje sykkel som transportmiddel, det er positivt. Myndigheitene må gjere meir for å hindre sal eller marknadsføring av el-syklar som inspirerer til ulovleg bruk. Grunngjeving: Det er eit nasjonalt mål at flest mogleg barn skal sykle eller gå til skolen. Foreldre avgjer når barn kan sykle ålene til skulen, jf. forskrift til opplæringslova 12. Dessverre har mange barn ein utrygg skuleveg. Kanskje må dei dele vegen med bilar i høg fart eller krysse farlege overgangar. Å sykle eller gå til skulen gir trafikktrening, reduserer biltrafikken rundt skulane og er bra for helse og miljø. Skulevegen må derimot ikkje gi barna større utfordringar enn dei kan takle. Mjuke trafikantar, særleg 4
barn, har høgare skaderisiko i trafikken enn andre. Målet om å få fleire barn til å sykle og gå til skulen må derfor vere tett kopla til betre trafikktryggleik for barn og unge. El-sykkel er et framkomstmiddel med aukande popularitet. Køyretøyet har potensial til høg fart og det set krav til auka medvitenheit om tryggleik for både førar og vis-à-vis andre trafikantar. Med omsyn til reglane skal motoren sin effekt opphøyre når køyretøyet oppnår ein hastigheit på 25 km/t. Utfordringa er at det blir selt produkt på den norske marknaden som feller inn under skildringa el-sykkel, men som har utsjånad og oppbygning som ein moped. Produktet kan med enkle grep gjennomgå effektauke slik at det nærmar seg mopeden i toppfart. Slike el-syklar kan dermed brukast som «forkledde» mopedar utan at føraren tileignar seg naudsynt opplæring og førarkort for moped. Oppsummering Avslutningsvis meiner vi at stortingsmeldinga om NTP bør styrkjast på følgjande område: Meir nytenking i trafikktryggleiksarbeidet Tydelegare føringar og verkemiddel retta mot trafikantane (trafikkopplæring, informasjons- og haldningsarbeid og kontrollar). Tydelegare føringar og verkemiddel retta mot køyretøy (auka utbreiing av førarstøttesystem) Eit breiare perspektiv i trafikktryggleiksarbeidet Tydelegare omtale av verkemiddel som ligg hjå andre myndigheiter/sektorar enn samferdsle, særleg justis, helse og kunnskap (trafikkopplæring, politikontroller). Fylkeskommunane er også ein viktig aktør og må tilførast tilstrekkeleg med midlar til å kunne utbetre farlege strekningar, og sjølv prioritere dette arbeidet Med venleg helsing Audun Heggestad Distriktsleiar for Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane Tel: (+47) 95 23 74 38 E-post: heggestad@tryggtrafikk.no 5