SEMINSTASJON FOR FJORDHEST PÅ NORDFJORDEID



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

DB

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Brukarrettleiing E-post lesar

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Lønnsundersøkinga for 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

8. Museum og samlingar

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

«Ny Giv» med gjetarhund

Internasjonal vidaregåande skule

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Informasjonshefte Tuv barnehage

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Finnøy og Rennesøy kommunar

10/60-14/N-211//AMS

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Farleg avfall i Nordhordland

Rektorforum 15. april

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Bruk av reiserekning i Agresso

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Søking til skuleåret

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Kontrollutvalet i Suldal kommune

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Norges Fjordhestlag Myroldhaug N-6770 Nordfjordeid

Langvad, Guro Hagen, Otto-Arne Schau Kjell Horten, Åge Øibakken, Linn Waaler Rønning, Olav Stormorken, Trude Langvad

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

6. trinn. Veke 24 Navn:

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Referat frå tur til USA januar 2010.

Brukarrettleiing. epolitiker

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto


LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

IKT-kompetanse for øvingsskular

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vurdering av allianse og alternativ

Transkript:

RAPPORT FRÅ EIT FORPROSJEKT SEMINSTASJON FOR FJORDHEST PÅ NORDFJORDEID Prosjektgruppe Magne Hus, leiar Tore Kvam Jørgen Langeland Jostein Vonheim Hans Kolbein Dahle, sekretær / koordinator Norges Fjordhestlag 2003 1

1. INNLEIING Det vert stadig meir interesse for hest både i Noreg og i elles i Europa. Dei som vil kjøpe hest har i dag mykje å velje mellom. Berre i Noreg er det no registrert meir enn 25 ulike rasar av hestar. Det er altså ikkje berre dei gamle norske hesterasane, fjordhest, dølahest og nordlandshest / lyngshest, som er aktuelle. Konkurransen i marknaden er stor, og vi som har ansvar for dei norske hestane har fått ei utfordring som krev nye tiltak, dersom vi skal kunna være med i framtida. Når det gjeld fjordhest er det dei siste åra registrert ein tilbakegang når det gjeld talet på bedekte hopper, i Noreg. Medan det i 1997 vart bedekka ca. 700 hopper av fjordhest i landet var talet heilt nede i 410 for året 2002. Dette er alvorleg med tanke på framtida til fjordhesten og med tanke på innavl. Verre er det at det kan føre til spørsmål om vi kan oppretthalde ansvaret for rasen. Dette vil vi gjere noko med, og vi trur at satsing på semin på fjordhest er ei av dei rådene vi vil setje i verk. Semin på hest blir meir og meir vanleg no. Heldigvis er det slik, at medan konkurransen mellom hesterasane er hard i Noreg, så er fjordhesten svært populær i Europa og i Amerika. Medan det i dag er knapt 6 000 fjordhestar i Noreg, så er det kring 60 000 fjordhestar elles i Europa og ca 5 000 i Amerika. Til hingsteutstillangane på Nordfjordeid kjem det kvart år oppkjøparar frå andre land. I tillegg til at dei kjøpar hest, spør dei meir og meir etter hingstesæd frå premierte hingstar i Noreg. Det same spørsmålet møter våre folk når dei vitjar andre land. 1.1 Bakgrunn Den internasjonale organisasjonen Fjord Horse International, som har adresse og administrasjon på Nordfjordeid, og der Norges Fjordhestlag er medlem, fekk for 5 år sidan tappa 2 norske hingstar for sæd som vart frosen ned under flytande nitrogen. Nokre få dosar vart selde til Amerika, før dei 2 hingstane vart uaktuelle å selje meir frå, idet den eina vart slakta og den andre kastrert. No er det heller fersk sæd som er i vinden. Resultata synest å verte mykje betre med fersk sæd enn med frosen sæd, seier dei som driv hestesemin i dag. Likevel må ein bu seg på begge delar for framtida. I Noreg er det no fleire stasjonar for tapping av hingst og bedekking av hopper med kunstig sædoverføring. Dei fleste arbeider med travhestar og varmblods ridehestar, medan ingen av stasjonane har noko særleg erfaring med fjordhest. Norges Fjordhestlag vil ta ansvar for utvikling av ei seminteneste for fjordhesten ved at vi er pådrivar for å etablera ein seminstasjon. Det er eit ynskje at stasjonen skal væra leveringsdyktig til kundar over heile Europa. I den internasjonale verda spissar tankane seg til om kven som har opphavsrett og marknadsrett til dei genressursar som finst i verda. Rio-konvensjonen for biologisk mangfald seier noko om ansvaret for dei einskilde landa til å take vare på husdyrrasane sine. Noreg har ratifisert denne avtalen. Med det er det klart at Noreg må væra med å ta ansvar for bevaring av Fjordhesten.. I dag ser det ut til at utvikling av ei seminteneste for fjordhesten er viktig òg i den samanhengen. 1.2 Forprosjektet Norges Fjordhestlag har uttrykt ynskje om å væra pådrivar for å etablere ein seminstasjon for fjordhest på Nordfjordeid. Men for å greie ut kva dette vil kome til å innebera, måtte det skaffast midlar til eit forprosjekt. Gjennom forprosjektet skulle ein få svar på kva som må satsast for ei realisering av dette, avdekke mogelege finansieringskjelder og finne ut kva slags 2

eigedomstilhøve som egnar seg for å realisera desse tankane. Det var sett som eit mål at forprosjektet kunne fullførast innan utgangen av 2003. 1.3 Prosjektgruppa Ei styringsgruppe på 4 personar har teke hand om forprosjektet, og i tillegg vart det leigd inn ein prosjektleiar på timebasis for delar av det praktiske arbeidet og for sekretærfunksjonane. I styringsgruppa var desse med: styreformann i Norges Fjordhestlag, Magne Hus (leiar), avlsleiar ved Norsk Hestesenter på Starum, Tore Kvam, dagleg leiar ved Norsk Fjorhestsenter / sekretær i Norges Fjordhestlag, Jostein Vonheim og veterinær Jørgen Langeland, Nordfjordeid. Tidlegare professor /landbruksdirektør Hans Kolbein Dahle, som no driv eige rådgjevingsfirma, vart leigd inn som prosjektleiar / sekreter. 1.4 Finansiering av forprosjektet Eit kostnadsoverslaget viste at forprosjektet ville kome på kr.156 900. Ut frå det vart det send ein søknad til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga, og forprosjektet vart òg teke med i søknaden til Norsk Hestesenter. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane stilte kr. 78 450 til disposisjon for delfinansiering av forprosjektet, og frå Norsk Hestesenter kom det kr.25 000. Resten er finansiert ved eigeninnsats frå prosjektgruppa og Norges Fjordhestlag. 2. AVLSARBEID, GENAR, LOVVERK OG SEMIN Fjordhesten er norsk, seier vi. Kva meiner vi med det? Fjordhesten har frå gammal tid hatt sitt bruksområde i vestlandsjordbruket, og derfor har det vore lagt stor vekt på å avle fram ein hest som passa for dette jordbruket. Gardsarbeidet var variert, og i tillegg vart det kløvjing til fjells, kyrkjekøyring til fest og sorg og nokon stader òg litt skysskøyring. Dette varierte bruksopplegget førte til at oppdrettarane har hatt ulike mål for oppdrettet sitt, og vi har derfor fått behalde mangfaldet i denne hesterasen. Lokale fjordhestlag har sidan det organiserte oppdrettet starta, driver reinrasa avl på fjordhest. Etter Rimfaksestriden frå 1900 til 1907, vart det slått fast at det berre skulle være reinrasa avl på fjordhest. Frå 1949 er det Norges Fjordhestlag som har teke over det organiserte arbeidet med den reinavla fjordhesten. I løpet av dei siste 80-90 åra er det dessutan seld ein god del fjordhestar til andre land, og der har det også vore drive avl, om enn ikkje alltid etter heilt den same mal som i Noreg. Men det meste av fjordhesten sitt preg er tydeleg å sjå i alle dei landa som i dag har fjordhest. Det var likevel eit stort framskritt då medlemslanda i organisasjonen Fjord Horse International i 2003 samla seg om The Official Handbook for Fjord Horse Judges, ei internasjonal domarhandbok, der den norske raseskildringa er den som gir retninga på avlen. I Noreg er det Norsk Hestesenter som har ansvaret for å godkjenne avlsplanar for alle hesterasar / typar som det er organisert avl på i landet. Dette skjer etter framlegg frå raseorganisasjonane, for fjordhesten sin del etter framlegg frå Norges Fjordhestlag. 2.1 Internasjonale konvensjonar og anna som omhandlar genressursar Kven er det som eig genane til fjordhesten? Ja, det kan ein lure på, men det finst knapt noko svar. Derimot er det mange tankar om slikt i verda i vår tid. 3

Konvensjonen om biologisk mangfald (The Convention on Biological Diversity) Denne konvensjonen vart forhandla fram som ein del av FN sitt miljøprogram, og den vart lagd fram for godkjenning på den store verdskonferansen i Rio de Janeiro i mai 1992. Konvensjonen vart gjort gjeldande frå november 1993, etter at 30 land hadde ratifisert han, og no har meir enn 180 land ratifisert konvensjonen. Om rettane til dei einskilde landa seier paragraf 3 i konvensjonen: Landa har den suverene rett til å utnytte deira eigne ressursar i tråd med deira eigen miljøpolitikk, og dei må ta ansvar for å sikre at aktivitetar innanfor deira myndigheits- og kontrollområde ikkje øydelegg miljøet for andre statar eller stader utanfor dei områda dei sjølve rår over. Når det gjeld retten til genetiske ressursar spesifiserar paragraf 15 det slik: Retten til å bestemme over tilgangen til dei genetiske ressursane ligg til dei nasjonale regjeringane og er såleis ein del av den nasjonale lovgjevinga. Altså, dei genetiske ressursane er under den suverene retten til kvar einskild nasjon. På den andre sida; land i ein region råder ofte over det same biologiske mangfald. Difor vil det være naturleg å adressere saker som vedkjem ivaretaking av og tilgang til genetiske ressursar til alle landa i regionen, og ikkje til dei einskilde landa. Bonndeklarasjonen Korleis landa skal organisera tilgang til dei genetiske ressursane er omtala i detaljer i dei såkalla Bonn retningslinene ( Bonn Guidelines). Ord og uttrykk som går igjen i tekstane er rimeleg og rettferdig fordeling av godane (fair and equitable benefit sharing). Det finst altså inga absolutte utsegner om kva dei einskilde landa kan føreta seg med dei genetiske ressursane dei rår over. Nordisk tilnærming til spørsmåla om tilgang og rettar til dei genetiske ressursane. Då spørsmåla om tilgang og rettar til dei genetiske ressursane er blitt eit heitt internasjonalt tema, var det naturleg at Nordisk Ministerråd tok opp tråden og tolka kva dei internasjonale konvensjonane og deklarasjonane har å seie for dei nordiske landa. Det har dei gjort i rapporten A Nordic Approach to Access and Rights to Genetic Resources, Nordic Council of Ministers, Copenhagen 2003, som vart lagt fram på ministerrådsmøtet i Kalmar, Sverige, juni 2003. Mykje er enno uavklara, men dei nordiske ministrane er no aktive i debatten om den vidare utforming av retningsliner for bevaring av genressursane i verda. Nordiske genbankar Den Nordiske Genbank, for planter til mat og jordbruk, blei etablera i 1979. Den tek vare på plantar og frø på friland og i nedfrosen tilstand. Nordisk Genbank Husdyr blei etablera i 1984. Den spreier opplysningar om dei tradisjonelle husdyrrasane i Norden og oppmoder til å ta vare på desse i levande besetningar. Dei samarbeidar med husdyrorganisasjonane om å ta vare på frosne, egg, spermiar og embryo av husdyr. Det er og eit nordisk samarbeid for ivaretaking av dei nordiske skogressursane. Når det gjeld fisk og marine genetiske ressursar er det enno ikkje noko nordisk arbeid i gang. Kva har dette å seie for fjordhesten? Det kan seiast heilt sikkert at dei landa som har fjordhest har ei plikt til å ta vare på dei genetiske ressursane som denne hesterasa ber. Det gjeld ikkje berre for Noreg. På den andre sida er det ikkje noko land som kan gjere krav på eineretten til dei genetiske ressursane til 4

fjordhesten. Det vil krevjast rimeleg og rettferdig fordeling av godane (Bonndeklarasjonen). Mellom hestefolk er det i dag ei rimeleg sams internasjonal forståing for at Noreg er opphavslandet til fjordhesten. Det kjem fram gjennom den internasjonale fjordhestorganisasjonen Fjord Horse International (FHI) og gjennom forpliktinga til å følgje The official Handbook for Fjord Horse Judges, der det er den norske raseskildringa av fjordhesten som skal gje retninga for avlen. I sum skulle dette tyde at Noreg har ei særskild plikt til å være førande i arbeidet med å ta vare på dei genetiske ressursane til fjordhesten. Det er eit ansvar som Noregs Fjordhestlag må ta på seg. I avlsarbeidet må det kome fram på den måten at samstundes som ein utviklar og tilpassar hesten for framtidig bruk, må ein syte for at mangfaldet av genressursar vert teke med i avlen. 2.2 Lover og føresegner som styrer avlsarbeid for hest i Noreg Det er snart 150 år sidan det systematiske avlsarbeidet for husdyr starta i Noreg. Hesten var naturlegvis med frå byrjinga. Etter kvart vart det naudsynt med retningsliner for avlen, og dei har utvikla seg fram til dei lover og føresegner som gjeld i dag. Gjennom dei siste åra er alt lovverk på dette feltet harmonisera med lovverket innan EU. Lov om husdyravl Føremålet til lova er å sikre forsvarleg husdyrhald, og det vedkjem også kunstig overføring av sæd, egg og embryo. I paragraf 2 kjem det fram at enhver virksomhet eller person som skal samle inn, behandle eller oppbevare sæd, egg eller embryo skal være godkjent av departementet. Forskrift om godkjente (reinavla / registrerte) dyr av hestefamilien Føremålet med forskrifta er som sagt i lova. Her kjem deretter alle detaljer som vedkjem offentleg godkjenning av instansar etc, godkjenning og registrering av dyr, avstammings-og identifikasjonsdokument, krav til registerføring i tredjeland, krav til avlsmateriale ved innførsel frå tredjeland, kåring av hingstar, krav til hingsten, bruk av eigen hingst, kåringsnemnder, protokoll, bruk av kåra hingstar, sjukdom, kontroll, straff, dispensasjon og om klager. Der er tre viktige vedlegg til føresegnene, og dei gjeld vilkår for offentleg godkjenning av instansar som fører stambøker, krav til hest ved innføring i stambøker og krav til opplysingar i identifikasjonsdokumenta. Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for innførsel og utførsel av sæd, eggceller og embryo av visse dyrearter Denne omhandlar også hest, og føremålet er å sikre dyrehelsa ved å førebygga spreiing av smittsame sjukdomar i samband med innførsel og utførsel av sæd, egg og embryo. Her er det krav til helsesertifikat, krav til sædstasjon og innsamlingsgruppe, tilsyn med sædstasjon, krav til hingst som setjast inn på sædstasjon og forhold som vedkjem tilsyn og kontrollar. Forskrift om dyrehelsemessige vilkår for innførsel og utførsel av dyr av hestefamilien Føremålet er å førebyggje spreiing av smittsame sjukdomar i samband med innførsel og utførsel av smittsame sjukdomar. Med dyra skal det følgje eit helsesertifikat som er skrive innan dei siste 48 timar før sendinga tek til, og det har gyldigheit i 10 dagar. Forskrifta spesifiserar krav som må oppfyllast før helsesertifikat kan utskrivast, og den gjer unnatak, på 5

visse vilkår, for ein del av krava ved tilbakeføring av konkurransehest som har vore borte mindre enn 30 dagar. Forskrift om avlsstasjoner Med avlsstasjon meiner ein drift av dyrehald som har til føremål å distribuera sæd og / eller embryonar til bruk i andre besetninger. Her kjem retningsliner for godkjenning av lokale, kontrollar av dyr som skal inn på stasjonen, tilsetjing av stasjonsveterinær, oppgåvene til stasjonsveterinæren med meir. Forskrift om tilsyn og kontroll ved innførsel og utførsel av levende dyr, annet avfallsmateriale og animalsk avfall innen EØS, og ved innførsel av levende dyr fra land utanfor EØS Her kommer detaljer om alle forhold ved inn- og utførsel som vedkjem instansar som står bak handlingane, mottakars plikter, Statens dyrehelsetilsyn, kontroll ved veterinære grensestasjonar etc. 2.3 Godkjenning av seminstasjonar i Noreg Det er slik i 2003 at det er Fylkesveterinæren som godkjenner vanlege seminstasjonar medan det er Statens dyrehelsetilsyn som kan gje EU-godkjenning for heile stasjonen eller delar av han. Når Mattilsynet kjem i drift frå 2004 kan ein rekne med at det vert distriktsnivået som kan godkjenne sjølve stasjonen medan ein framleis må rekne med at det vert Staten dyrehelsetilsyn som kan gje EU-godkjenning. 2.4 Organisering av semintenesta for husdyr i Noreg Semintenesta for husdyr i Noreg er organisert, og vert drive, av husdyrorganisasjonane sjølve. For storfe er det GENO, for svin er det Norsvin, for sau og geit er det Norsk sau- og geitalslag, for pelsdyr er det Norges Pelsdyralslag og for fisk er det Aqua Gen. Saman har desse organisasjonane skapt selskapet Team Semin, som driv forsking og utvikling i nært samarbeid med universiteta og høgskulane våre. Det finst enno ikkje nokon landsdekkande organisasjon som tek seg av semin på hest i Noreg., men der er nokre einskilde avlsstasjonar eller seminstasjonar for hest. Til no har dei for det meste ytt teneste til varmblods- og kaldblodstravarhestar og varmblods ridehest. GENO er ein organisasjon for norske storfeprodusentar, og den er eigd og vert driven av norske storfebønder i samvirke. Administrasjonen ligg på Hamar, og dei har seminstasjonar på Store Ree i Stange og på Halsteingård oksestasjon ved Trondheim. GENO har nær 20 000 medlemar. Hovudoppgåva ligg innanfor avl, semin og tenester knytt til dette. GENO er landsdekkande, og på distrikts- og lokalplanet har dei felles tillitsvalde med dei samvirkebaserte meieriselskapa. I tillegg til semintenesta driv dei kurs for bønder, og dei har ein eigen Storfeskole. Semintenesta vert utførd av seminteknikarar og veterinærar, og arbeidet skjer i fjøset hjå den einskilde bonde. Frosen sæd er einerådande for semin på storfe, og utkøyring av sæd og flytande nitrogen til inseminørane skjer med eigen GENO-transport. GENO har ein solid logistikk for flyt av varer og tenester mellom seminstasjonane og bonden. Norsvin er det nye namnet på Norsk Svineavlslag, og dei har administrasjon og seminstasjon i Norsvinsenteret på Stensby i Hamar. Dei har elles depot på Halsteingård oksestasjon i Trondheim, i Oslo, Bergen og Stavanger. Semin på svin har utvikla seg frå ein beskjeden start 6

på sekstitalet til no å være den økonomiske basis for heile verksemda i Norsvin. Det meste av insemineringa vert no utførd av eigaren på bruket ((80%), elles av seminteknikar / veterinær. Fersk sæd er einerådande på marknaden, og den vert distribuera frå stasjonane og depota til eigar via post, buss og jarnbane. Norsk sau- og geitalslag har gjennom dei siste åra utvikla ei seminteneste for sau og geit. Dei har administrasjonen i Oslo og seminstasjonar på Staur i Stange, på Særheim i Rogaland og på Nyborg ved Bergen. No er det frosen sæd som dominerar marknaden, men enno finst det fersk sæd å få i nærleiken av stasjonane. NSG-semin held årleg kurs for utdanning av seminteknikarar og eigarar. Utviklinga går raskt mot eigarinseminering både i sauehaldet og i geithaldet. Noregs Pelsdyralslag held til på Skinnsenteret, Økern i Oslo. Kvart år held dei kurs for pelsdyroppdrettarar i semin på rev. Det vert oppretta seminstasjonar på pelsdyrfarmar i distrikta, og frå desse stasjonane inseminerer dei revetisper i eigen farm og hjå nabofarmar med fersk sæd. Frosen sæd frå rev er lagd ned i ein eigen genbank. Det er vel hundre seminteknikarar i sving kvar sesong frå omkring halvdelen så mange seminstasjonar i farmane. Semin på rev har utvikla seg frå byrjinga av 70- talet, fyrst sakte, men seinare meir og meir. Aqua Gen har administrasjon og salsavdeling i Trondheim, fleire stamfiskanlegg og forskingsstasjonar. Dei driv ikkje med semin slik som på husdyr, men deira forskingsaktivitetar på sperma, egg og embryo har så mykje til felles med det som skjer hjå husdyra, at dei er med i FoU-arbeidet innanfor Team Semin. Norsk Kennelklubb har ansvaret for semin på hund i Noreg. Dei har administrasjon i Oslo og eigen genbank for frosen sæd i Oslo. Frå ein forsiktig start på byrjinga av 70-talet har semin på hund utvikla seg til big business i dag. No ligg det, til dømes, sæd frå ca. 500 ettertrakta hundar til bruk frå sædbanken. Bruken av forsen og fersk sæd er i dag ca 50/50. Noregs Birøktarlag driv eigen Dronningavlsstasjon på Billingstad i Asker. Frå denne sendar dei befrukta dronningar til birøktarar over heile landet. Nær alle birøktarar fornyar frå tid til annan, sine bifolk med inseminerte dronningar. På ei liste frå Europakommisjonen, Directorate General Health & Consumer Protection (SANCO- Veterinary Web site) går det fram at følgjande seminstasjonar for hest i Noreg er godkjende: Nes Hingstestasjon, avd. Kokshus Gård 2350 Nes Spangberg Gård 2335 Stange Stall Blindheim 5131 Nyborg Bjørnstad Stutteri 1925 Blaker Holter Gård 1900 Fetsund FK Hingst 4352 Kleppe I tillegg til desse finst der minst like mange avlsstasjonar som driv semin på hest på nasjonalt nivå og med ei nasjonal godkjenning av drifta. Det er Statens dyrehelsetilsyn som følgjer opp krava for avlsstasjonar som er sett i forskrifta om avlsstasjonar. Men det finst ikkje nokon landsdekkande organisasjon for semin på hest i Noreg. 7

2.5 Prosjektgruppa konkluderar: Det er naturleg at Norges Fjordhestlag er med på å utvikle ei nasjonal og internasjonal seminteneste for fjordhest. Vi kan ikkje gjere krav på å eige genressursane for fjordhest i verda, men det er internasjonal forståing for at Noreg tek eit særskild ansvar for å take vare på og vidareutvikle fjordhesten som ei rase. Lovverket som regulerar hesteavl og semin på hest er oversiktleg, detaljert og oppdatera for internasjonale forhold. Medan semin er godt organiset for dei fleste artar av husdyr i Noreg, er det enno ikkje noko landsdekkande system for semin på hest. 3. INTERESSA FOR SEMIN (KS) HOS MEDLEMAR I NORGES FJORDHESTLAG Det blei laga eit spørjeskjema for å lodde stemninga for ein seminstasjon (hingstestasjon) for fjordhest på Nordfjordeid. Dette vart trykt i nummer 1 av Fjordhesten i 2003, og det blei presentera på heimesidene til Fjordhestlaget på Internet. Det blei understreka at ein slik seminstasjon, sjølvsagd ikkje kunne ha noko framtid, dersom ikkje hoppeigarar og hingstehaldarar synte interesse for saka. På den andre sida kunne det bli eit nytt og viktig steg i avlsarbeidet for fjordhest innanlands og internasjonalt, dersom noko slikt kunne realiserast. Lesarane blei oppmoda til å sende inn svara på spørjeskjemaet og gje sitt bidrag til realismen i ein eventuell seminstasjon for fjordhest. Spørjeskjemaet med påførde svar ligg som Vedlegg 1 til denne rapporten. Det gjekk fram av spørjeskjemaet at KS på hest kan skje på 3 måtar:1) KS med fersk sæd på sjølve hingstestasjonen, 2) KS med nedkjøla sæd på ein mottakarstasjon og 3) KS med frosen sæd til dømes etter sending til andre land eller utanom den vanlege sesongen. Det er veterinærar som utfører KS på hingstestasjonar, mottakarstasjonar og andre stader som til dømes i stallen til hoppeeigaren. 3.1 Analyse av spørjeundersøkinga Prosjektgruppa har analysert resultata av spørjeundersøkinga. Der kom det inn 137 svar, som må reknast som ein høg svarprosent, ca. 10 % av medlemane. Dei fleste svara kom som E- post. Til dei einskilde spørsmåla er det desse merknadane: 1. Hopper. Vil du som hoppeigar vere interessert i å bruke KS neste sesong? 92 svara ja 45 svara nei 67 % var interessert 2. Hingstar. Vil du som hingsteeigar vere interessert i at hingst som er stilt på Nordfjordeid og kåra i byrjinga av mai vert halden attende i opp til 2 månader for tapping av sæd for KS. Du kan ikkje rekne med at hingsten kan brukast til naturleg paring denne sesongen. 75 svara ja 43 svara nei 63 % var interessert 3. Praktisk bruk av KS på hoppe. Bruk av KS på hoppe krev tilgang til veterinær som kan utføre insemineringa. Nokre veterinærar har tilgang til ultralydapparat for slik teneste. Kjenner du til om det finns veterinærteneste for KS i ditt nærområde? 75 svara ja 61 svara nei 55% hadde kunnskapar om dette Kan du væra interessert i å reise til ein annan kant av landet for å få utførd slik teneste? 8

32 svara ja 103 svara nei 23 % kunne tenkje seg å reise langt 4. Betaling for KS. Betaling for bruk av KS på hoppe inneheld desse elementa: springpengar / følpengar, sæddose / kostnader med sending og honorar til veterinær / hingstestasjon / mottakarstasjon. Innkrevjing av springpengar / følpengar står hingstehalda for som no. Kor mykje kan du vere viljug til å betale for 1 stk fersk sæd på hingstestasjon ( ein dose er nok til ei inseminering) 35 kryssa for 400 kr. 60 kryssa for 500 kr. 34 kryssa for 700 kr. 1 stk nedkjøla sæd som er send til ein mottakarstasjon (med buss, fly eller anna) 49 kryssa for 500 kr. 52 kryssa for 800 kr. 29 kryssa for 1 000kr Til veterinær / hingstestasjon / mottakarstasjon. Her vil prisane variere mykje alt etter om veterinæren gir pakkepris for alle eventualitetar og om det ligg inne oppstalling av hoppa. 47 kryssa for 500 kr. 58 kryssa for 1 200 kr. 24 kryssa for 2 000 kr. Prosjektgruppa er klar over fleire av dei svake punkta i ei slik spørjeundersøking. Til dømes var det ingen spørsmål som gjekk på sjukdomar eller andre uhell som kan råka hingstane. Frå dei siste åra er det fleire som har erfara at lagshingstar har måtte få permisjon i periodar grunna beskjelarsjuke eller slag frå hopper, til dømes. 3.2 Prosjektgruppa konkluderar det er interesse for semin på fjordhest hos medlemane i Norges Fjordhestlag spørjeundersøkinga var viktig for å sette fokus på kva semin på fjordhest inneber svara som kom inn gav grunn til å fullføra forprosjektet 4. SEMIN PÅ FJORDHEST STUDIEBESØK PÅ 3 SEMINSTASJONER Besøk hos: 1) Dag Gihle, Billerud gård. Østre Toten, Norge, 2) Margaretha og Lennart Peterson-Brodda, Brodda stutteri, Skåne. Sverige, 3) Flyinge Avels Hästsportcentrum (Birgitta Bentzen og Lars Gånheim), Skåne, Sverige. Deltakere: Magne Hus (leder av prosjektgruppa), Tore Kvam, Jørgen Langeland, Jostein Vonheim og Hans Kolbein Dahle (koordinator/ sekretær). Hensikt: Studere aktivitetene ved 3 ulike seminstasjoner, bygningsmessige og praktiske løsninger, eierforhold, økonomi, logistikk og godkjenning i forhold til nasjonale og EUmyndigheter. 4.1 Billerud gård, Østre Toten, Norge Dag Gihle driver en enkel hingstestasjon på Billerud gård. I tillegg driver han og samboer Anne Gulbrandsen med sau og dyrking av korn. Hingstestasjonen holder til i en ordinær driftsbygning der det er en 180 kvadratmeter stor hall med plass til 7 bokser for hopper, tvangsboks for undersøkelser og fantom for sædtapping. I tilstøtende rom er det 2 bokser. En avlshingst var stasjonert der nå. Gihle legger vekt på å 9

legge forholdene til rette slik at dersom han skal ha 2 avlshingster samtidig, så vil disse bli oppstallet i hvert sitt rom for å dempe stresspåkjenningene. Et enkelt rom for laboratorium / rekvisita finnes også. Dette inneholder skrivebord for kontorhold, vask med varmt og kaldt vann, varmeskap, mikroskop og hyller /skap for oppbevaring av utstyr for sædtapping og sædbehandling. Hovedvekten av virksomheten ligger på norsk kaldblods traverhest, men de betjener også noen varmblods travere og litt varmblods ridehest med fersk eller frossen transportsperma. Fra egen hingst leveres sæd til mottatte hopper på stedet, og det er en del forsendelser innenlands med buss og fly fra Gardermoen. Forsøkskvis har en foretatt innfrysing av sæd fra stasjonens hingst med Hannovermetoden for strå som rommer 2,5ml. Stasjonen mottar sæd fra innland og utland avhengig av ønsker fra eiere av hopper som skal insemineres. Hingsten tappes for sæd ved hjelp av fantom og kunstig skjede montert sentralt i fantomet (dette så vi ingen andre steder). Skjeden er av Coloradotypen, med engangs plastpose og påmontert plastfalske for oppsamling av sæd. Ritualet ved tapping av sæd er viktig. Alle prosedyrer gjøres helt likt hver gang. Forberedelser, stemmebruk, fremleiing av hingsten følger alltid samme prosedyre. Viktig med god plass og tilstrekkelig takhøyde i rommet der hingsten skal ri på fantomet. Tvangsboksen for undersøkelser av hopper var utstyrt med egen plass til føllet i forkant av mora. Praktisk inngang i boksen ved at sideveggen var svingbar. Når hoppa er på plass er det greit å foreta rektalisering og bruk av vaginoskop. Ultralydapparat føres frem etter behov og brukes fortrinnsvis til drektighetsdiagnostikk. Minimumsutstyret i laboratoriet er tilgang på vaskemuligheter, benk og mikroskop, varmeskap, skuffer til rekvisita, skriveplass og nitrogendunk til oppbevaring av frossen sæd. Hingst som brukes til semintjeneste skal ikke samtidig brukes til naturlig bedekning. Det er i henhold til bestemmelser fastsatt av Det Norske Travselskap. Stasjonen er godkjent som avlsstasjon av Statens dyrehelsetilsyn. Den er ikke EU-godkjent. 4.2 Brodda stutteri, Skåne, Sverige Margaretha og Lennart Peterson-Brodda driver i dag Sveriges eldste og Nord-Europas største private travstutteri. Der finnes både privat eide hester og hester som står der for så vel trening som avl. I tillegg til rikelige arealer for fôrprodukjson og beiter har stutteriet gode treningsbaner og skogsveier for trening. Unghestene vokser opp i ordnet løsdrift, der hver aldersgruppe deles opp i grupper på 8 hester i hver gruppe.. Hver gruppe stelles og fôres for seg. På Brodda er det 4 staller med plass til 80 bokser. I løsdrift er det plass til 40 hester. Karantenestallen har plass til 4 bokser, og avstanden fra denne til hovedgården er 1,5 km. Stutteriet har i dag ingen egne hingster, men de som står der blir der gjerne fra 1 til 3 år. Insemineringen står de selv for, idet Margaretha er utdannet inseminør. Stutteriveterinæren er tilgjengelig døgnet rundt og yter god service. 10

Brodda tilbyr inseminering med fersk og frossen sæd. Seminaktivitetene foregår i den tradisjonelle driftsbygningen. Der blir hoppene undersøkt rektalt og med ultralyd og der blir insemineringene foretatt. Det er bred kontakt med utlandet. Det er reist en egen liten bygning til den EU-godkjente hingstestasjonen. Den inneholder hall for fantomtapping, hoppebokser, laboratorium og rekvisitarom. Total størrelse ca. 200 kvadratmeter. Tradisjonell tapping med Coloradoskjede ved siden av fantomet. Laboratoriet var enkelt og praktisk innredet med de nødvendige hjelpemidler som vask, benk og mikroskop, varmeskap, skuffer for rekvisita, og nitrogendunker for oppbevaring av sæd. For EU-godkjenning var det først krav om 35 meters avstand til andre staller på området. Nå synes kravet å være lempet til fysisk atskillelse, altså en tett vegg og egne innganger. På Brodda valgte de å bygge nytt av arkitektoniske årsaker. For nedfrysing av sæd sender de hingstene til Flyinge for tapping og nedfrysing. Brodda ligger sentralt til med under 1 time med bil til flyplass for forsendelser til utlandet. All forsendelse og mottak av sæd innenlands skjer med posten etter et uniformert system for all fersksperma som sirkuleres i Sverige. Alle stasjoner undersøker hoppene mandag, onsdag og fredag. Bestilling av sæd fra andre stasjoner skjer innen et definert klokkeslett disse dager. Stasjonene pakker så sæddosene i frigolit-bokser (spesialkonstruerte isopor-esker) og leverer disse på postkontoret man-, ons- eller fredag ettermiddag før stengetid (16-17). Mottaksstasjonen henter de så ut ved sitt postkontor morgenen etter og aktuelle hopper insemineres tirs-, tors- eller lørdag formiddag. Stasjonen er godkjent av Jordbruksverket og Statens Veterinærmedisinska Anstalt (SVA), og den er godkjent i henhold til EU direktiv for forsendelse av fersk sperma ut av Sverige. 4.3 Flyinge Avels- og Hästsportcentrum, Skåne, Sverige Birgitta Bentzen ga en kort orientering om forholdene på Flyinge og viste deretter rundt i stallene. Omkring 200 hester fra føll til ferdige sportshester finnes på Flyinge, og blant disse finnes noen av Sveriges og verdens beste avlshingster for varmblods ridehest. Flyinges veterinærklinikk har spesialisert seg på reproduksjon og hoppegynekologi. Veterinær Anders Gånheim viste rundt i veterinærklinikken. Planløsningen og aktivitetene var svært parallelle til det som var vist på Brodda. På Flyinge er det en tradisjonell avlstasjon med hall for tapping av sæd fra hingst ved fantom. I hallen er også en hoppeboks, men den er lite i bruk. Hingstene rir like gjerne på fantomet uten at det er hopper tilstede. I tilstøtende rom er det tvangsbokser for hopper som skal undersøkes og insemineres. Der er det nødvendig utstyr med ultralydapparat og det som trengs. Et enkelt laboratorium finnes også. Dette er en integrert del av veterinærklinikken på Flyinge. I et annet hus har de den EU-godkjente stasjonen. Det var også her av hensiktsmessighetsgrunner at EU-stasjonen ble plassert i et eget hus. Den innholdt hall med fantom for tapping av sæd, hoppeboks, laboratorium og rekvisitarom. Jorbruksverket har retningslinjer for krav til bygninger ( inga stora krav ) og SVA godkjenner anlegget for EUsamarbeid. På Flyinge var det et praktisk og godt innredet laboratorium (ca. 6 kvadratmeter). I tillegg til standard utstyr med Coloradoskjede, vask, benk, mikroskop, varmeskap og rekvisitaskuffer var det der frysemaskin for frossen sæd, stråpakkemaskin og merkemaskin for sædstrå. De små stråene (0,5ml) er mest etterspurt, men de store (2,5ml) er også greie. Merkesmaskinen 11

var av fabrikat MINITÜB (http://www.minitube.com/catalog/equine/equine.html), og det var stråpakkemaskinen også. Hver av dem koster ca. 25 000 EUR. Et komplett laboratorium vil havne på en pris av ca. 80 000 EUR. 4.4 Prosjektruppa konkluderer Skal en satse på KS for fjordhest i Norge må avlsstasjonen ha EU-godkjenning Kravene for EU-godkjenning synes for Sveriges vedkommende å være hensiktsmessige og tilpasset praktiske løsninger Det kreves en stasjon som er fysisk skilt fra andre hester og med egne innganger. Det må være plass til hall for tapping av hingst ved fantom, hoppeboks, laboratorium og rekvisitarom. Det kan være praktisk å ha tvangsbokser for hopper i samme hus, men dette er ikke nødvendig. Hoppene kan betjenes i andre staller. Normalt vil det være nok med 2 hingster på en hingstestasjon, men det synes bra å ha plass til 4 hingster. Et total flate på 180 til 200 kvadratmeter synes å kunne tilfredsstille de krav og ønsker som kan dukke opp. Prosjektgruppa kan på basis av studiereisen lage en skisse for videre utredning av en seminstasjon for fjordhest i Norge. Logistikken med forsendelse og mottak av sæd er avgjørende og må analyseres grundig. 5. SEMINSTASJON FOR FJORDHEST PÅ NORSK FJORDHESTSENTER 5.1 Tilhøva ved Norsk Fjordhestsenter i dag Norsk Fjordhestsenter held til på Myroldhaug på Nordfjordeid. Det vart skipa som eit aksjeselskap i 198?. Eigarar er Sogn og Fjordane fylkeskommune, Eid kommune og Norges Fjordhestlag. Senteret har 52 stallplassar, innandørs ridehall, kontorlokale og rom for lager og rekvisita, alt under eitt tak. Utanfor er det ride-og køyrebanar samt lufteinnhegningar for hestane. Ovanfor anlegget har senteret 6 tømmerhytter for utleige. Ei situasjonsskisse for Norsk Fjordhestsenter er vist i Vedlegg 2. Senteret har ein samarbeidsavtale med Fjordane Folkehøgskule som har eiga hestelinje med inntil 60 elevar for året, og den lokale ride- og køyreklubben leigar også anlegget for sine aktivitetar. Norsk Hestesenter inngår årlege avtalar med senteret om oppstalling og gjennomføring av utvida bruksprøver for hingstar. Norges Fjordhestlag leigar kontorlokale i senteret og dei har avtale om kontorhjelp frå dei tilsette på senteret. Fjord Horse International nyttar Norsk Fjordhestsenter som internasjonal adresse for sine aktivitetar. Lokal veterinær og hovslagar har nær kontakt med senteret, og dei gjennomfører fleire av sine oppdrag i bygningane på senteret. Personalet ved Norsk Fjordhestsenter er i dag: 1) dagleg leiar i 50% stilling, 2) stallansvarleg i 50% stilling, kontorfagleg i 100% stilling. I tillegg har dei ein praktikant i hestefaget. I 12

sesongen for utvida bruksprøvar for hingstar er det 2 tilsette i 100% stilling. For dei aktivitetane som folkehøgskulen har i senteret kjem det eigne instruktørar med elevane. Den største oppgåva for senteret er samarbeidet med Fjordane Folkehøgskule, der inntil 60 elevar dagleg har undervisning i 8 månader av året. Så kjem utvida bruksprøvar som går dagleg i inntil 2 månadar. Elles er det jamt over tilbod om ridekurs, rideleirar og opplegg for turistar som kjem til utleigehyttene. Omsettinga til Norsk Fjordhestsenter ligg på ca. 2, 35 millionar kronar i året. Av dette har staten til no ytt tilskott på nærare ein million kroner i året. Økonomien har vore vanskeleg for Norsk Fjordhestsenter i mange år, men den synest no å vere i eit betre spor. Siste året var det eit positivt resultat for senteret, noko som truleg har samanheng med betre internkontroll, innføring av nye rutinar og fornying av gamle avtalar. Ved Norsk Fjordhestsenter har dei, i samarbeid med lokal veterinær, tileigna seg noko erfaring med semin på hest. Inseminering har vore prøvd sidan 1999, og i 2000 tappa dei for fyrste gong 2 hingstar for sæd. I 2003 tappa dei i alt 3 hingstar og sende i alt 15 dosar med sæd til andre stader i landet. Dette året vart det inseminert 2 fjordhesthopper og 10 hopper av andre raser. I tillegg har veterinæren erfaring frå fleire år med inseminering av kaldblods travarhest på ein privat mottakarstasjon for sæd i nærområdet til senteret (godkjend av Det Norske Travselskap). 5.2 Ny bygning, personell, sesong med meir Ein seminstasjon for fjordhest på Norsk Fjordhestsenter vil krevje meir plass enn det i dag er rå å finne på senteret. Den må derfor plasserast i ein eigen bygning, og då må det bli i eit nybygg. Bygning og innreiing av bygningen må vere i samsvar med dei offentlege føresegner på området, og den bør ha funksjonsinndeling som liknar på dei beste løysingane prosjektgruppa har sett andre stader. Ei løysing der sjølve seminstasjonen vert godkjend etter EU-standard, og med nokre tilstøytande rom for praktisk inseminering, som ikkje treng å halde EU-standard, peikar seg ut som den beste løysinga. Ei skisse for ei slik løysing er vist i Vedlegg 3. Skissa viser eit tilbygg, på knapt 180 kvadratmeter, mot nord på den vestre fløya av stallbygget, altså nord for noverande fôrlager. Det startar med berre eit tak over ein svalgang som vil verte mellom noverande bygg og tilbygget. Denne svalgangen får to funksjonar, 1) å syte for 3 meter avstand mellom bygningane av omsyn til isolasjon av stasjonen samt 2) å framleis kunne gi tilgang for traktor til å utføre funksjonar i fôrlageret. Eit slikt tilbygg vil kunne tilpassast arronderinga ved fjordhestsenteret på ein fin måte. På fjordhestsenteret finns det tankar om ny plassering av dei luftegardane som i dag ligg på området for tilbygg. Sjølve bygningen har 3 hingsteboksar og ein hoppeboks for ei hoppe som skal kunna stimulera hingstane før tapping av sæd. Vidare må det vere eit vaskepilt / hingsteboks, eit laboratorium, rom for rekvisita samt garderobe med toalett som også kan fungera som sluse for folk inn og ut. I enden av bygningen vil det vere eit romsleg Fantomrom for sædtapping av hingstar, og eit rom med 3 tvangsboksar for inseminering av hopper. Romet med tvangsboksar treng ikkje vere EU-godkjend, og må i så fall berre ha tilkomst utanfrå. Når nye føresegner for Hald av hest vert gjort gjeldande, vil Norsk Fjordhestsenter måtte skaffe seg ein boks for isolasjon av hest. Her vil seminstasjonen kunne kome fjordhestsenteret i møte, idet hoppeboksen i seminstasjonen vil kunna ha ein slik funksjon som isolat. 13

Sesongen for ein hingstestasjon på Eid vil truleg vere frå like etter Hingsteutsillinga og til i midten av august, altså nær på 3 og ein halv månad. Det må reknast nokre veker framføre sesongen til reingjering, gjennomgang av rutinar med meir. Bygningen vil såleis vere i bruk 4 månader i året. Det er realistisk å rekne med at dei 4 boksane i seminstasjonen skal kunne leigast ut utanom sesongen. Likeeins er det realistisk å tru at veterinærane i området vil sjå seg tente med, utanom sesongen, å kunne bruke fantomromet og inseminasjonsromet med tvangsboksar til nokre av sine oppgåver innanfor hestepraksis. I den fyrste tida vil det bli satsa mest på tapping og bruk og sending av fersk sæd. Frysing av sæd er mest vanleg å gjere mot slutten av sesongen. Det er fersk sæd som er mest brukt. Derfor er det naturleg at stasjonen vert utstyrt for fersk sæd i fyrste omgang. Det vil då likevel vere mogeleg å få til nokre innfrysingar av sæd på store strå. I ei seinare fase kan ein koste på seg laboratorieutstyr for automatisk påfylling av dei vanlege små stråa, automatisk merking av stråa og frysing av desse. Naturleg bedekning bør ikkje skje ved Norsk Fjordhestsenter når seminstasjonen vert teken i bruk. Det skal tilsetjast ein stasjonsveterinær for seminstasjonen, og denne tilsetjinga må godkjennast av Statens dyrehelsetilsyn. Det går fram av dei offentlege føresegnene kva stasjonsveterinæren har for oppgåver. Til vanleg vert stasjonsveterinæren tilsett med ein kontrakt der betalinga går på pris pr. sædtapping og laboratoriekontroll av sæddosane. Det må vere ein assistent for veterinæren, og denne må også syte for det daglege arbeidet i seminstasjonen. Dimensjonen på dette arbeidet er rekna til ei 50% stilling for ein assistent i sesongen. Denne assistenten kan godt ha anna arbeid i nærleiken, men i sesongen må det vere to heilt uavhengige arbeidsforhold. 5.3 Sterke og svake sider ved ein seminstasjon på Norsk fjordhestsenter Prosjektgruppa har tenkt gjennom alternative plasseringar for ein seminstasjon på Eid, men det er ikkje arbeid konkret med dette. Det som har vore tenkt på er stallane ved utstillingsplassen i Øyane, ledige industrilokale i Eid, slik som delar av Gilde-anlegget og andre industrilokale som har blitt ledige i Eid, etter dei store omstillingane kommunen har måtta ta i det siste. Det er heller ikkje arbeid med alternative stader i landet for ein eigen seminstasjon for fjordhest. Då går tankane heller til alternative løysingar for fjordhest på eksisterande seminstasjonar for hest i Noreg. Prosjektgruppa har heller analysert sterke og svake sider ved ein seminstasjon for fjordhest på Norsk Fjordhestsenter. Sterke sider: - grei plassering i høve til staden for utvida bruksprøvar av hingstar og hingsteutstillinga - god organisatorisk tilknyting til Norges Fjordhestlag og Fjord Horse International - fjordhestfolket får enno sterkare kjensle av identitet når det sterke fagmiljøet på Eid vert styrka - tilhøva på Norsk Fjordhestsenter ligg vel til rette for bygging og utvikling av ein seminstasjon for fjordhest - sendingar til og frå Nordfjordeid har god regularitet både med tanke på innlandet og utlandet - for å svare for økonomien i prosjektet vil ein seminstasjon for fjordhest på Eid kunne vere ei god løysing - styret for Norsk Fjordhestsenter er positive til eit slikt tiltak 14

Svake sider: - fjordhestpopulasjonen i Noreg er faretruande liten, og bedekningsprosenten hjå hopper er låg - ein eigen avlsstasjon berre for fjordhest kan gje for lite aktivitet til nødvendig inntening for å greie utgiftene - semintenesta for hest i Noreg har ingen landsdekkande organisasjon som arbeider for saka - det må svært god økonomistyring til for å greie kostnadane med å byggje og drive ein seminstasjon for fjordhest på Eid. 5.4 Kven skal eige og kven skal drive seminstasjonen for fjordhest på Eid Eigarane til Norsk Fjordhestsenter er Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Eid Kommune og Norges Fjordhestlag. Dei er i teksta nedanfor kalla Senteret. Andre tenkelege kandidatar på eigar /driftssida er Norges Fjordhestlag og private føretak. Prosjektgruppa ser desse mogelege konstellasjonar for eigar / driftar av seminstasjonen: 1. Senteret eig byggjer og driv seminstasjonen. Noregs Fjordhestlag har avtale om innsetjing av hingstar og om kor mange hopper som kan inseminerast frå kvar hingst 2. Senteret eig og byggjer seminstasjonen. Noregs Fjordhestlag driv stasjonen etter avtale med senteret. 3. Noregs Fjordhestlag får langsiktig leigeavtale med Senteret ( 20 år) og byggjer og driv seminstasjonen 4. Private får leigeavtale med Senteret, byggjer og driv seminstasjonen etter avtale med Norges Fjordhestlag 5.5 Prosjektgruppa konkluderar Det ligg vel til rette for bygging av ein seminstasjon for fjordhest på Norsk Fjordhestsenter på Eid Seminstasjonen må fylle dei krav som er sett i offentlege føresegner, og den må få EU-godkjenning for dei nødvendige roma i stasjonen Lokal veterinær har kompetanse til å oppnå godkjenning som stasjonsveterinær Driftskostnadene gjennom sesongen vil for ein del kunne balanserast mot inntening av sal og gjennom utleige utanom sesongen Når ein vektar sterke sider mot svake sider for ein slik seminstasjon, vippar det i retning av sterke sider Dersom det ikkje let seg gjere å få til ein seminstasjon for fjordhest på Eid, vil eit strategisk samarbeid mellom Noregs Fjordhestlag og ein privat seminstasjon i Noreg kunne vere eit alternativ Før start på eit realistisk prosjekt for seminstasjon på Eid, må det klårgjerast kven som skal eige og kven som skal drive stasjonen. Alle avtalar må vere klåre, og Norges Fjordhestlag må ha hand om korleis den nasjonale og den internasjonale avlspolitikken kan dra nytte av tilboda frå stasjonen. 15

6. LOGISTIKK Sesongen vil vere frå byrjinga av mai til midten av august. Dersom bygning og innreiing er slik som skissa i Vedlegg 3 viser, så vil stasjonsveterinæren og assistenten kunne drifte aktivitetane i stasjonen gjennom sesongen. Rutinane for det daglege arbeid vil måtta rette seg etter når på dagen sæd må sendast ut frå stasjonen og når framand sæd måtte kome inn til stasjonen. Fersk sæd er ei vare med kort levetid, og anten vara skal ut frå stasjonen eller inn så vil det vere berre ca. 30 timar å gjere det på frå hingsten er tappa og til sæden er deponera i ei brunsteg hoppe. 6.1 I stasjonen Det vil vere slik at 2-3 fjordhesthingstar er valde ut for semin for sesongen. Dei vil ha fast plass i stasjonen heile tida. Kan hende vil det også frå tid til annan kunne stå ein hingst frå ei anna rase i stasjonen, til dømes ein kaldblodstravar. Det må då være etter særskild avtale. Slikt kan være nødvendig for å få økonomien til å gå i hop. Ei stimuleringshoppe vil også stå i stasjonen. Hopper som skal til inseminering kjem til stasjonen slik dei før kom til hingsten. Dei vert inseminerte og sende heim att. Stasjonsveterinæren og assistenten skal gjere jobben for dagen. Tapping av hingstar vil gå føre seg på bestemte dagar, og ikkje oftare enn 3 gonger for veka. Dagane blir valde etter korleis og til kva tid på dagen sendingane går ut frå stasjonen. Pakkane skal ikkje kome fram til mottakar på uhøvelige tider i helga, men til greie tider på yrkedagar. Slik vil dei også arbeide på dei stasjonane som sender sæd til Eid for inseminering av hopper som står der. Nokre gonger vil det vere hopper av andre raser som stasjonsveterinæren kan inseminere. Det er viktig at det vert innøvd gode rutinar for tapping av hingstane. Dei vil helst ha akkurat same prosedyre kvar gong. Når dei har lært seg å springe på fantom vil dei oftast like det betre enn å springe på ei hoppe. Det vert ikkje aktuelt å alternera mellom fantom og naturleg bedekning. Det er berre stasjonsveterinæren og assistenten som har tilgang til den EU-godkjende stasjonen. Dersom andre har ærend inn der må dei slusast gjennom garderobeinngangen. Der hoppene skal inseminerast, vil eigar eller andre som følgjer hoppa kunne vere med. Persontrafikk i stasjonen skal vere på eit minimum. 6.2 Sending og mottak av sæd Prosjektgruppa har undersøkt fleire transportmåtar frå Eid og til stader i Noreg og til utlandet. Det ser ut til at det er greitt å nå fram til heile Noreg og til det meste av Europa innan 25 timar etter sending frå Nordfjordeid. Dersom hingstane vert tappa innan kl. 1400 på tappingsdagane blir desse sendingsmåtane mogeleg: 1) Med Posten sitt tilbod Pakke over natt vil sendingane kome i lågaste vektklasse, og prisen vil vere om lag kr. 200 pr. sending. Med innlevering på Nordfjordeid innan kl. 1530 vil ei slik pakke vere framme dei fleste stader i Sør-Noreg innan kl. 0900 neste morgon og dei fleste stader i Noreg innan kl. 1600 neste dag. Pakkene vert køyrt ut til adressatane. 2) Etter kl. 1400 går det eit fly frå Nordfjord til Bergen og til Gardemoen (begge kl. 1725) og med landing Gardermoen / Bergen ca. kl. 1830. Flypakke vil då kunne kome fram til dei fleste flyplassar i Noreg og Europa same kveld eller tidleg neste dag. Med tapping om morgonen vil ein kunna sende med direkte fly til Oslo kl. 1100 som er framme kl. 1200. Då kan flypakke nå dei fleste destinasjonar same ettermiddag eller kveld. 16

3) Med ekspressbuss frå Nordfjordeid om ettermiddagen vil busspakke kunna nå Gardermoen / Bergen same kveld, og vegen vidare kan vere henting eller vidare som flypakke. Det ser ut til at det vil gå greitt med sending av sæd frå Nordfjordeid til dei fleste stader i Noreg og til internasjonale flyplassar i Europa. Det same kan seiast om det å få tilsend sædpakker frå andre stader, for bruk på hopper på Nordfjordeid. 6.3 Prosjektgruppa konkluderar Det er viktig med gode rutinar for alt arbeid i ein seminstasjon for hest Tappingsdagar og tappingstidspunkt må rette seg etter den sendingsmåten som vert vald for sending av sæd ut frå stasjonen Tilbodet frå Posten med såkalla Pakke over natt synest å vere brukande for ein seminstasjon på Nordfjordeid 7. ØKONOMI Prosjektgruppa har lagd til grunn at det må byggjast eit tilbygg til Norsk Fjordhestsenter for ein seminstasjon for fjordhest på Nordfjordeid. Den må ha slike dimensjonar og slik innreiing som det går fram av den skissa som er i Vedlegg 3. Utan at stasjonen vert EU-godkjend vil den ikkje tene dei interesser som Norges Fjordhestlag skal arbeide for. Prosjektet må føre fram til ein stasjon som får ein økonomi som det er til å leva med. 7.1 Investeringar Investeringskostnadane går fram av Vedlegg 4. Bygningen blir på 178.6 kvadratmeter og med eit tak over svalgang i tillegg på 38 kvadratmeter. Bygningen vil verte sett opp på støypt plate på grunn, med isolerte elementvegger av betong og med stålplater på taket. Investeringskostnadane for bygningen og innreiing vil kome på vel 1,3 millionar kroner. Etter kvart kan det kome meir avansert laboratorieutstyr, men det trengs ikkje frå starten av. 7.2 Driftskostnadar og inntekter Driftskostnadane består i løn og avgifter for assistent (50%) i 4 månader, fôrkostnader, strø og anna, alt rekna til om lag kr. 100 000. I tillegg kjem leige av hingstar, sei 3 stk à kr. 15 000 og leige av ei stimuleringshoppe, sei kr. 5 000. Utbetaling av avgift til hingsteeigar ved levande fødd føl må også reknast, sei 85 føl à kr. 200, vil gje kr. 17 000. Sjå detaljer i Vedlegg 5. Stasjonsveterinæren arbeider etter takst pr. tapping inklusiv laboratoriekontroll av prøvane, sei kr. 500 pr. tapping. Med 3 tappingar for veka pr. hingst i 12 veker vil det bli kr. 54 000 for sesongen. Så må det reknast for rekvisita, frysing, reinhald og porto /ekspedering for heile sesongen. Totale driftskostnader kan då reknast til ca. kr. 230 000 for sesongen (Vedlegg 5). På inntektssida kjem sal av dosar med fersk (kjøla), sei kr. 750 pr. dose, som for 150 dosar vil gje kr. 112 000. Avgift pr. levande fødd føl ( sei 85 stk) på kr. 1 500, vil gje kr. 127 000 for sesongen. Utsending av dosar (150 stk) vil gje kr. 3 750 og utleige av 4 boksar à kr.900 for månaden i 8 månader vil gje kr. 30 400 utanom sesongen. Altså samla inntekter på kr. 274 000 for året (Vedlegg 5). Dette kan gje eit driftsresultat på kr. 45 000 for året. Talet 150 dosar svarer til ca. 1/3 av dei bedekningar vi har på fjordhest i Noreg i dag. Prosjektgruppa reknar at ein del av dei 150 dosane vil gå til utlandet. 17

Finanskostnadane er det ikkje heilt greitt å seie noko om før finansieringa er i orden, men kr. 50 000 i renter og kr. 62 000 i avskrivingar for året vil venteleg ikkje bli så langt frå det ein kan rekne med. Med dei tal prosjektgruppa har lagd til grunn vil resultatet for året kunne bli om lag minus kr. 67 000. For å kome i balanse må underskotet skaffast inn frå anna hald inntil salet av sæddosar og talet på levande fødde føl tek seg opp såpass at det dekkjer utgiftene. Prosjektgruppa vil understreka at ein liten auke i salet av dosar vil slå kraftig ut i positiv retning for resultatet. Utgiftene vil då auke svært lite i høve til inntektene. 7.3 Finansiering Prosjektgruppa reknar med totale investeringar på kr. 1 301 009 eksklusiv mva. Finansieringa er tenkt ordna gjennom tilskot av BU midlar, svarande til 20% av kostnaden, altså kr. 260 202. Ordninga gjer òg høve til å oppnå rentestøttelån med 5% rentestøtte. Tek ein kr. 800 000 på slike vilkår må det reknast eigenkapital på kr. 240 807, for å få finansieringa i orden. ( Vedlegg 5). Eigenkapitalen er tenkt ordna gjennom eigeninnsats i byggjeperioden. 7.4 Prosjektgruppa konkluderar Investeringskostnadene for ein seminstasjon på Nordfjordeid vil vere omlag 1,3 millionar kroner Driftsinntektene og driftskostnadane kan føre til eit driftsresultat på kr.45 000 dei fyrste åra. Finanskostnadane er berekna til kr. 112 00 for året. Driftsresultat og finanskostnadar sett under eitt vil gje eit underskot på kr.67 000 dei fyrste åra. Resultatet må balanserast frå det fyrste året med om lag 67 000 kroner som må hentast inn frå andre kjelder enn sal av sæd, avgift frå levande fødde føl og utleige av boksar. 8. PROSJEKTGRUPPA TILRÅR Denne rapporten viser at det har vore arbeid med mange sider av dei spørsmål som er naturleg å reise i samband med det å etablera ein seminstasjon for hest i Noreg. Prosjektgruppa har gitt sine konklusjonar for kvart av dei tema som har vore drøfta. Etter dette meiner prosjektgruppa at den, samla sett, kan gje desse tilrådingar til oppdraggjevar: Ein seminstasjon for fjordhest på Nordfjordeid bør byggjast, og den bør vere klar til bruk for sesongen 2005 Norsk Fjordhestsenter bør byggje og eige stasjonen. Norges Fjordhestlag bør drive stasjonen etter at nødvendige avtaler er på plass med Norsk Fjordhestsenter. Norsk Fjordhestsenter må få dekt dei reelle kostnadane med å byggje stasjonen, slik at seminstasjonen ikkje blir ei belastning for senteret. Norges Fjordhestlag leiger arbeidshjelp frå senteret og inngår avtale med lokal kompetant veterinær for veterinærtenesta. Hingstane som skal inn på stasjonen bør leigast frå lokale fjordhestlag eller frå private hingstehaldarar. Det bør betalast ei avgift til hingsteeigar for kvart levande fødd føl. 18

Det bør kunne nyttast avslmidlar, som Noregs Fjordhestlag rår over, til å få balanse i drifta av stasjonen dei fyrste åra. VEDLEGG 1. Spørjeskjema 2. Skisse over situasjonen på Norsk Fjordhestsenter i dag 3. Skisse over ny bygning for seminstasjon ved Norsk Fjordhestsenter 4. Investeringskostnader for bygg til seminstasjon på Norsk Fjordhestsenter 5. Kalkyle over driftskostnadar, finanskostnadar og inntekter ved seminstasjon På Nordfjordeid 19

VEDLEGG 1 SPØRJESKJEMA FOR UNDERSØKING AV MARKNADSTILHØVA FOR BRUK AV KUNSTIG SÆDOVERFØRING (KS) PÅ FJORDHEST I NOREG Dett er ein del av eit forprosjekt i regi av Norges Fjordhestlag som vil greie ut om det er mogeleg å få til ein EUgodkjend sædstasjon for fjordhest på Nordfjordeid. Du svarar både for hopper og hingstar sjølv om du nett no ikkje har aktuell hoppe eller hingst. Sett eit kryss der det høver best. Skjemaet må være i retur til Norges Fjordhestlag seinast 15 mai 2003 dersom det skal være med å påverke resultatet av undersøkinga. KS på hest kan skje på 3 måtar: KS med fersk sæd på den sjølve hingstestasjonen, KS med nedkjøla sæd på ein mottakarstasjon og KS med frosen sæd til dømes med sending til andre land eller KS utanom sesongen. Det er veterinærar som utførar KS på hingstestasjonar, mottakarstasjonar og andre stader som til dømes på stallen din. Resultata med frosen sæd er enno ikkje så gode som med fersk sæd og nedkjøla sæd. Svar frå 137 spørjeskjema er sett inn ved spørsmåla og ja-prosenten er utrekna 1. Hopper Vil du som hoppeeigar vere interessert i å bruke KS neste sesong? 2. Hingstar Ja, 92 nei, 45 67% ja Vil du som hingsteeigar vere interessert i at hingst som er stilt på Nordfjordeid og kåra i byrjinga av mai vert halden attende på stasjonen i opp til 2 månader for tapping av sæd for KS. Du kan ikkje rekne med at hingsten kan brukast til naturleg paring denne sesongen. Ja, 75 nei, 43 63% ja 3. Praktisk bruk av KS på hoppe Bruk av KS på hoppe krev tilgang til veterinær som kan utføre insemineringa. Nokre veterinærar vil ha tilgang til ultralydapparat for å utføre slik teneste. 3.3 Kjenner du til om det finns veterinærteneste for KS i ditt nærområde? Ja, 75 nei, 61 55% ja 3.2 Kan du vere interessert i å reise til ein annan kant av landet for å få utførd slik teneste? Ja, 32 nei, 103 23% ja 4. Betaling for KS på hoppe Betalinga for bruk av KS på hoppe inneheld minst desse elementa : springpengar / følpengar, sæddose / kostnader med sending og honorar til veterinær og hingstestasjon / mottakarstasjon. Innkrevjing av springpengar / følpengar står hingstehaldar for som no. Kor mykje kan du vere viljug til å betale for 4.1 1 stk fersk sæd på hingstestasjon ( ein dose er nok til ei inseminering) 35 400kr 34 60 500 kr 34 700 kr 4.2 1 stk nedkjøla sæd som er send til ein mottakarstasjon (med buss, fly eller anna) 49 500kr 52 800kr 29 1 000kr 4.3 Til veterinær /hingstestasjon /mottakarstasjon Her vil prisane variere mykje alt etter om veterinæren gir pakkepris for alle eventualitetar og om det ligg inne oppstalling av hoppa. 47 500kr 58 1 200 kr. 24 2 000kr. Takk for at du tok bryet med å svare. Likevel, jobben er ikkje gjort før skjemaet er returnert. Skjemaet kan du laste ned frå www.fjordhest.no og sende E-postsvar til post@fjordhest.no 20