Fiske Fiskaravgifta Ved fiske etter anadrom fisk,må alle over 18 år betala fiskaravgift til staten. Inntektene av fiskaravgifta skal mellom anna nyttast til ulike fiskestelltiltak. I tillegg må ein kjøpa lokalt fiskekort dersom ein er over 18 år både for inlandsfiske og fiske etter laks og sjøaure. Av dei anadrome artane er det på Voss for tida (2015) berre opna for fiske etter sjøaure i Teigdalseva i bestemte område til bestemte tider. Villaksen i Vossavassdraget er freda. Regelen med fiskaravgift gjeld berre fiske i vassdrag som fører anadrom fisk, eller ved fangst av kreps. Fiskarvgift for inlandsfiske er teken vekk Fiskekortordningar for innlandsfiske Storparten av arealet i Voss kommune ligg på privat grunn. Retten til å fiska fylgjer som hovudregel den som har eigedomsretten til grunnen. Grunneigarlag som er organiserte i Voss Grunneigarsamskipnad har gått saman om ei felles fiskekortordning; "Vossakortet". Ordninga femner om dei fleste vatn og elvestrekningar i kommunen. Lakseførande vatn og vassdrag er ikkje med i denne fiskekortordninga, bortsett frå Vangsvatnet. Moensvatnet, elvar og vatn som høyrer til Myrkdalen grunneigarlag, elvar og vatn i Aldalen (Evanger Vest grunneigarlag) og Kalvatjørni i Bordalen er heller ikkje med. Myrkdalen grunneigarlag og Evanger Vest grunneigarlag har eigne fiskekort for sal. I Vangsvatnet gjeld særskilde reglar for fiske.born og ungdom under 16 år treng ikkje kjøpe Vossakortet dei fiskar gratis. Fiskekortordningar for anadromt fiske Fadnes- Mestad elveeigarlag og Øvre Teigdalen grunneigarlag sel fiskekort for fiske etter sjøaure. I tillegg har Voss kommune rettar i den anadrome delen av vassdraget. Fiskekortet i Teigdalselva tillet i tillegg til sjøaure fangst av brunaure, røyr, oppdrettslaks og regnbogeaure Det er opna for fiskekort sal i samband med forskingsfiske etter laks i Vosso og Bolstadelva etter spesielle reglar. Sjå heimesider til desse elveigarlaga for info. www.vosso.no/,og www.bolstadelva. Com/ Fiskereglar etc. i Vossavassdraget Fiskekortet tillet fangst av sjøaure brunaure, røyr, oppdrettslaks og regnbogeaure. Villaksen i Vossavassdraget er freda, og skal setjast tilbake i elva så uskadd som råd. Frå 1994 har det meste av settefisken frå Voss klekkeri blitt merkt. Sjøaure og laks har blitt merka ved at feittfinnen er fjerna. Frå år 2000 er det sett ut mykje laksesmolt i samarbeid med forskinga og Vossolauget, desse er i tilegg snutemerkte (individnr.) Dersom det døyr villaks skal den straks leverast til elvevakt eller den som er ansvarleg for oppsyn. Det er ikkje lov å ta heim avliva villaks. Det er viktig at dei som fiskar ser etter om fisken er utan feittfinne, også når det gjeld sjøaure. Noter dette på skjelkonvolutten! Fangstrapportering Det skal takast skjellprøve og lengdemål av all oppdrettslaks og sjøaure (fisk
som vert avliva). Det er viktig at ein rapporterer om all fangst, også om det har vorte avliva villaks. Fangstrapport og skjelprøvar skal leggjast på tilvist stad. Sportsfiskereglar etter innlandsfisk i Vangsvatnet Det er lov å fiske etter innlandsfisk med stong og handsnøre frå land, frå is og frå båt heile året. Laks og sjøaure skal setjast ut igjen i vatnet mest mogleg uskadd. NB! Fiske med stong og handsnøre skal ikkje skje nærare enn 200 meter frå inn- og utløpsos av Vosso, innløpsos frå Dyrvo og Bordalselvi. Unntatt frå dette forbodet er perioden frå 15.04.-15.06. då fiske i desse sonene er lov. Det er ikkje lov å dorge eller fiske med oter. Garnfiske etter eigne reglar. Desinfisering av utstyr HUGS! All transport av vatn og fisk mellom vassdrag fører til risiko for smitte. Tørk nøye, frys eller desinfiser (virkon-s, klorin) alt utstyr som har vore brukt i ei elv før du nyttar det i andre vassdrag. For siste nytt om fiskereglar på Voss og i Hordland syner eg til fylkesmannen i Hordaland. www.fylkesmannen.no/hordaland/miljø-og-klima/fiskeforvaltning. Sal av fiskekort/kontaktpersonar Teigdalselva: Heine Mestad, Mestad Camping - Tlf: 56 52 17 54-41 47 47 50 Atle Brunborg, Fadnes - Tlf: 56 52 17 75 Øvre Teigdalselva: Ingar Fasteland, Sevalstad - Tlf: 56 52 19 24 Steinar Århus, Brekkhus - Tlf: 56 52 19 42-94 50 74 24 Birger Langeland, Langeland - Tlf: 56 52 19 33 Heine Mestad, Mestad Camping - Tlf: 56 52 17 54-41 47 47 50 Bolstadelva: Bolstadelva.com Vosso, Bulken-Evanger: Vosso.no Vangsvatnet: NB! Fiskekortet her gjeld berre innlandsfisk. Endeve Sport (Vangsgata) Voss Turistinformasjon (Tinghuset) Inatur Denne brosjyra er laga av Fagråd for anadrom laksefisk i Vossavassdraget /Voss Klekkeri Tlf: 56 51 03 51.
Fiskerettar Voss kommune sine fiskerettar i den anadrome delen av vassdraget Administrasjon og bruk av kommunen sine rettar i den anadrome delen av vassdraget går fram av det fylgjande. Frå Rognsfossen til innosen av Vangsvatnet Elvestrekninga omhandlar fleire fiskerettar. Rettane, som ligg på nordsida av elva, har omlag 1,5 km strandline. Fiskerettane vert administrerte av Voss Grunneigarsamskipnad, som igjen har eit samarbeid med Voss Jeger- og fiskarlag om sal av fiskekort på området. Vangsvatnet Sportsfiske etter røye og innlandsaure på Voss kommune sine rettar i Vangsvatn fylgjer fiskekortordninga til Vangsvatnet grunneigarlag. Vidare har kommunen gjeve Voss jeger- og fiskarlag løyve til å fiska med garn på dei same rettane. Unnataket er rettane til gnr. 42, bnr. 2. Avtalen med jeger- og fiskarlaget gjeld fram til 2004. Nedre del av Vosso (til innløp i Evangervatnet) Fiskeretten ligg på nordsida av elva og har omlag 1 km strandline. Evanger Sportsfiskarlag leigar retten. Vilkåret er at fiskeretten vert forvalta i samsvar med Lov om laks og innlandsfisk m.v., jfr. 23. Evanger Sportsfiskarlag er ope for ålmenta. Evangervatnet Voss kommune sin fiskerett gjeld gbnr. 401/7 Ytrebø, ved forsamlingshuset Vassvøretun på sørsida av Evangervatnet. To lokale fiskarar har fått løyve av kommunen til å disponera garnretten til utfisking av røyr. Nedre del av Bolstadelva Fiskeretten ligg på nordsida av Bolstadelva og har omlag 25 m strandline. Voss kommune er som grunneigar og partshavar i elva medlem av Bolstadelva grunneigarlag. Utleige av fiskeretten skjer gjennom grunneigarlaget. Laks Historikk Vosso har lenge vore vidgjeten som sportsfiskeelv langt utover Noreg sine grenser. Frå midten av 1800-talet og heilt fram mot fredninga i 1992 var elva hyppig vitja av sportsfiskarar frå England. Fleire område vart leigde ut til pengesterke utlendingar i store delar av sesongen. Men laksen har vore eit viktig næringsgrunnlag for busetnaden i området mykje lenger attende i tid. I Skipshellaren ved Straume har ein funne fiskereiskapar som stammar heilt attende frå 3000 år f. Kr. Frå nyare tid har ein fagststatistikkar som syner kor viktig laksen har vore som matressurs og handelsvare. Det finst fangsstatistikkar for laksefisket i Vosso heilt attende til 1876 og desse syner ein gjennomsnittleg fangst på kring 4 tonn i året fram til slutten av 1980 åra. Ein veit at dette er eit minimumsestimat då mykje av fangstane frå not og garnfiske ikkje er innlemma i desse tala.
Statistikken syner at fangstane av laks varierar mykje. Dette er naturleg for dei fleste fiskebestandar. Frå 1960 og fram til 1990 går fangstane nedover til eit botnnivå. I 1992 vart fiske etter Vossolaksen stogga inntil bestanden tek seg opp att. I perioden etter 1990 har det vore gjennomført fiske etter stamfisk i regi av Voss Klekkeri. Dette for å halde auga med utviklinga av laks i elva. Stamfisket synte at laksebestanden var svært låg gjennom heile 1990-talet. Men Voss klekkeri klarte å få tak i nok ekte Vossolaks til å oppretthalde laksestammen i levande genbank. Stamfiske om haustane var og viktig for å redusere inslaget av oppdrettslaks. Rømt oppdrettslaks var dominerande i gytebestanden frå 1993 til 2009. Dette stamfiske la grunnlag for å sikre at Vossolaksen vart innlagt i nasjonal genbank og teken vare på. Og dei siste 10åra har genbanken tilbakeført om lag 500 000 rogn årleg til Voss klekkeri og ulike kultiveringsformål Stamfisk - Foto: Gunnar Bergo Biologi Vossolaksen gyt normalt frå midten av november til midten av desember. Gytinga skjer i grus og steinbotn der hoa grev gytegroper med sporden. Nedi desse vert egga gytt samstundes med at ein hanfisk befruktar dei. Etter gytinga grev hoa att gytegropa slik at egga ligg skjult nede i grusen. Der ligg dei heilt fram til mai når dei vert klekte.
Den fyrste tida lever yngelen av næring i ein plommesekk på buken. Når denne er brukt opp kjem yngelen opp av grusen og byrjar å ta til seg næring. Denne fasen er spesielt kritisk for fisken og ein stor del av yngelen bukkar under i denne perioden. Dei som klarar å etablera eit leveområde vil livnæra seg på insektdriv. Alt etter kor godt fisken veks vil den leva i elva som par i 2 til 4 år. Den smoltifiserar så og vandrar ut med vårflaumen i mai-juni kring 14 cm lang. Smolten vandrar raskt ut i ope hav og lever der 1-5 år. I havet veks fisken svært raskt og di lenger den lever i havet di større vert den. Det er særleg her Vossolaksen skil seg frå andre laksestammer. Den lever altså ei lengre tid i havet enn andre laksestammer. I tillegg til dette veks Vossolaksen også svært godt samanlikna med andre laksestammer. Det syner seg at dei største og minste laksane som returnerar til Vosso ofte er hannfisk. Hofisken har tradisjonelt ein storleik rundt 10 kg. Laks vandrar attende til si fødeelv for å gyta. Fisken finn vegen heim att mellom anna ved hjelp av havstraumar og luktesans og ofte vil fisken vandre attende til den hølen der den sjølv vart klekt. I Vosso finn ein dei viktigaste gyteplassane i utløpa av Seimsvatnet, Evangervatnet og Keilo. Totalt har ein lokalisert over 20 ulike gyteplassar frå utløpet av Vangsvatnet og ned til Bolstadfjorden. Gyteplassane ligg relativt jamnt fordelt oppover elva noko som gjer at yngelen vert fordelt nedover elva når dei klekkar og kjem opp av grusen. Ein god gyteplass har grov grus, vert ikkje turrlagt eller utsett for frost, og har lite begroing. Truslar Truslane mot vossolaksen er mange. Laksestamma har gjennom dei siste 40 åra vore utsett for fleire trugande miljøendringar: Senking av Vangsvatnet I perioden 1989 til 1991 vart det utført arbeid i utløpet av Vangsvatnet. Målsetnaden var bygging av ny E16 og å hindra overfløyming av strandsonene i Vangsvatnet. vårflaumen. Store mengder skotmasse vart dumpa i utløpsosen, noko som gav ei stor tilslamming av vatnet. Grunna manglande undersøkingar i forkant av arbeidet kan ein ikkje slå fast dei eksakte konsekvensane av dette, men inngrepet hadde nok negativ effekt på dei årsklassane som stod i elva denne perioden. Ein veit også at restar av sprengstoff kan gi giftige konsentrasjonar av ammonium og nitritt og at det vart nytta store mengder sprengstoff i arbeidet med senkinga. Lilandsosen var og ein viktig gyteplass som vart sterkt negativt påvirka av senkingsingrepet. Vinteren 2014 vart det i regi av Voss kommune lagt ut nye gytemassar og gyteplassen på utløpet av Vangsvatnet er no godt restituert. Det vart sett bra med laks her sist haust i gytesesongen. Vassregulering frå kraftutbygging Det er bygd kraftstasjonar ved Palmafossen og Rognsfossen samt ved Evanger. Dei to fyrstnemnde har truleg liten effekt på laksestamma då dei nyttar vatn frå hovudlaupet i elva og fører dette ut att i elva etter nokre hundre meter. Evanger kraftstasjon hentar vatn frå store fjellområde og fører dette ut i Evangervatnet. Vatnet har ein lågare ph enn naturleg i Vosso og det har difor vorte kalka. I tillegg til forsuring har denne utbygginga hatt negativ effekt på temperaturtilhøva i Bolstadelva. Lågare sumartemperatur gjer at fisken veks seinare og dermed smoltifiserar seinare. I tillegg til dette har Teigdalselva som kraftstasjonen hentar vatn frå, fått redusert vassføring.
Forsuring Forsuring har sannsynlegvis redusert bestanden av Vossolaks. Tidleg på 1990-talet synte ph-målingar verdiar ned mot 5,7 som er under vasskvalitetsgrensene for laks. I tillegg til dette var det relativt høge verdiar av aluminium. Vasskvaliteten var også ustabil med relativt store fluktuasjonar. I 1994 vart det sett i gang kalking ved kraftstasjonen på Evanger for å motvirka den låge ph'en. Mot slutten av 1990-talet vart vasskvaliteten betre og ein reknar ikkje dette lenger som ein trussel mot laksen. Kalkinga på Evanger vart difor avslutta i 2004 Akkumulering av aluminium på gjellene Gjellealuminium er ein konsekvens av endringar i ph i vatnet. Fleire av sideelvene i Vosso har relativt høgt innhald av aluminium. Når desse blandar seg med vatnet i hovudelva får ein soner der ein kan få utfelling av aluminium på gjellane til fisken. Dette problemet kan vera særleg stort i brakkvassona der elva renn ut i fjorden. Ureining frå landbruk og industri Ureining frå landbruk og kloakk har tidlegare påverka vassdraget. Det er særleg mindre sideelver som har vore råka av dette. Slike utslepp kan gje algeoppblomstring og oksygenmangel i vatnet. Det ligg få industriverksemder langs vassdraget, men nokre problem har vore registrert i samband med vaskeriverksemd på Evanger. Lakselus Generelt har lakselus vore eit relativt stort problem for mange laksestammer på vestlandet. Forskning viser at dette truleg også har vore eit hovudproblem for Vossolaksen. Oppdrettsfisk Frå 1980 og fram til i dag har oppdrettsnæringa hatt ein enorm vekst. I den same perioden har store mengder laks rømt ut i fjordsystema. I Vosso har ein i den same perioden som villaksbestanden gjekk ned opplevd ein auke i andelen oppdrettslaks som vandrar opp. Undersøkingar frå Havforskingsinstituttet indikerar at den genetiske samansetnaden av Vossolaksen er endra som ei fylge av krysning med oppdrettslaks. Ein veit enno ikkje kva konsekvensar dette har for laksen, men trusselen frå genetisk innblanding av oppdrettslaks vert rekna som ein av dei største truslane mot laksestamma i Vosso. Fiske Utviklinga av drivgarnsfiske i havet og fjordane frå midten av 1900-talet kan ha påverka laksebestanden i Vosso. Dette fisket auka i omfang utover 1970 og 1980-talet, men vart underlagt strenge restriksjonar etterkvart og tilslutt forbode i 1989. Redningsaksjon for Vossolaksen Pga av at laksestamma har nasjonal verneverdi og at den er akutt trua har Direktoratet for naturforvaltning, Fylkesmannen i Hordaland og Voss kommune
gått saman for å prøve å redda laksestamma. Det er utarbeida ein konkret redingsaksjon over 10 år, med ei rekkje tiltak for å redde laksestamma.. Voss kommune leiar tiltaksutvalet som m.a skal skaffe finasiering og gjennomføre ein del av tiltaka i planen. Oppdrettsnæringa har teke initiativ til det såkalla Vossolauget som m.a. har produsert store mengder laksesmolt for slep ut fjordsystemet til havbeite. Resultata frå dette tiltaket har sålangt vore lovande. Geir Ove Henden - Foto: Gunnar Bergo Voss klekkeri På grunn av nedgang i laksebestanden utover 80 åra, og frykt for negative konsekvensar av dei planlagde anleggsarbeida med ny stamveg og senking av Vangsvatnet, tok Voss Jeger- og Fiskarlag (VJF) initiativ til nytt klekkeri. I konsesjonsvilkåra til BKK er det teke med at kraftutbyggjar kan bli pålagt å byggja og driva klekkeri i vassdraget. Dette var bakgrunnen for at planlegging av klekkeri kom i gang. Finansieringa til klekkeriet kom på plass i 1989. Direktoratet for naturforvaltning, Bolstadøyri Elvefond, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Landbrukets Utbyggingsfond, BKK og Voss kommune bidrog med midlar. Voss Energiverk utførte det meste av grunnarbeidet på tomta. Tømrarlinja ved Voss yrkesskule stod for snikkararbeidet. I tillegg kom mykje dugnadsarbeid. Klekkeriet vart etter ein hektisk byggeperiode klart til fyrste stamfiske og rogninnlegg hausten 1989 (Voss Jeger- og Fiskarlag 1989).
Stiftelsen Voss klekkeri Stiftelsen Voss klekkeri vart skipa i mai 1990. Fylgjande lag og organisasjonar vart med i stiftelsen; Bolstadelva grunneigarlag, Bulken og Evanger elveeigarlag, Fadnes og Mestad elveeigarlag, VJF, Voss kommune og BKK. I 2001 vart stiftelsen utvida med Voss Grunneigarsamskipnad og Evanger Sportsfiskarlag. Voss klekkeri har som føremål å arbeida til beste for laks- og sjøaurebestandane i Vossavassdraget. I tillegg skal dei arbeida for å fremja innlandsfiskeressursane. Konsesjon Konsesjon til drift av klekkeriet er gjeven av fylkesmannen og fylkesveterinæren. Stiftelsen Voss klekkeri har løyve til drift av klekkeri, settefiskproduksjon og oppbevaring av stamfisk i Voss kommune (Vossovassdraget). Stamfiske og Levande genbank Voss klekkeri har levert stamfiskmateriale til Levande genbank i Eidfjord i perioden 1991 til 1998 og i 2001, i alt 78 familiar. Det er og frose inn mjølke frå 77 laksar (oppbevart i sædbank).vossolaksen vart og flytt til genbanken på Haukvik i 2007. Det vart då lagt inn nokon nye (ca 10 familiar) gentesta stamlaksar i tilegg vart det overført vossolaks frå genbanken i Eidfjord I dag er nesten all produksjon av setjefisk av laks i Voss klekkeri, basert på tilbakeført genbankmateriale frå Eidfjord og Haukvik. Produksjonen i Genbanken har etterkvart vorte så stor at kapasiteten på klekkeriet vert godt utnytta. Årleg får vi 500 000 rogn. Desse vert nytta til ulike kultiverigs tiltak, som rognplanting, startfora settefisk og til smolt poduksjon i samarbeid med forskinga. Utfisking av oppdrettslaks Rømt oppdrettslaks har i mange år vore eit stort problem i Vosso. Frå 1993 har andelen oppdrettslaks utgjort 60-70 % av den årlege totalfangsten under stamfiske. Det er svært viktig å få redusert omfanget av oppdrettslaks i gytebestanden, og dei åra det ikkje har vore ordinært stamfiske har det difor vore gjennomført eit overvakingsfiske for å ta ut oppdrettslaks og registrera villaks i vassdraget. I takt med at villaksen kom tilbake til vassdraget frå 2010 har andelen oppdrettsfisk i bestanden gått kraftig tilbake.
Produksjon av settefisk Det viktigaste arbeidet ved Voss klekkeri har heile tida vore å produsere god settefisk av laks. Undersøkingar av ungfisk i hovudvassdraget og i Teigdalsvassdraget syner gode resultat av utsetjingane av 1-somrig settefisk. Dei siste åra er det produsert 1-årig laksesmolt. Fleire prøvefiska innsjøar syner også godt tilslag på utsett brunaure produsert på Voss klekkeri. Merking av settefisk Voss klekkeri har sidan 1994 merka settefisk av laks og sjøaure med feittfinneklipping. Smolten har i tillegg blitt snutemerka (coded wire tag). Dette arbeidet er eit viktig grunnlag for å evaluera utsetjingane på ein meir sikker måte. Frå 2010 er det berre smolt som feittfinneklypt. Rogn og startfora settefisk er otolittmerkt med fargebad. I 2001 til 2003 gav Fylkesmannen løyve til å sette ut einsomrig laks i Strandavassdraget, oppom lakseførande strekning. Fisken vart sett ut i Holbygda og Vossestrand grunneigarlag sine område. Resultat av elektrofiske-undersøkingane som er gjort på denne strekninga viser ei god overleving og tilvekst på lakseyngelen.