C:\Users\Geir Snøva\Documents\GeirDok\DUS\Moodle 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 1 av 8



Like dokumenter
UTDANNINGSVAL NORDBYGDO UNGDOMSSKULE.

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

UTDANNINGSVAL. Lokal læreplan FORUM FOR OPPVEKST I SUNNHORDLAND. Planen er revidert og oppdatert i samsvar med ny sentral læreplan.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Mål: Elevane skal bli medvitne mulegheitene og bli kompetente til å ta eigne val i forhold til utdanning og yrkeskarriere.

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

PROGRAMFAG TIL VALG ASKER OG BÆRUM

Dokumentasjon etter tilbakemelding frå programkomiteen!

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Styrke samarbeidet mellom stat, fylkeskommune og kommune. Prosjektkoordinator Ny Giv Sissel Espe

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Inntak på særskilt grunnlag

Giske kommune. Ord blir handling. Kvalitetsplan for skule, barnehage og SFO

PROGRAMFAG. TIL VAL PÅ UNGDOMSTRINNET (PTV) Utkast til lokal læreplan i utprøvingsperioden 2007/2008. Dette er FOS kommunane:

KVALITETSUTVIKLINGSPLAN FOR BLINDHEIM BARNESKOLE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Programfag til valg Karrieremappe

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Ottar Bjørkedal Eid vgs

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

LOKALT UTARBEIDET FAGPLAN FOR. Programfag til valg TRINN

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Programfag til valg / PTV

Plan for overgangar. for barn og unge

NORSKLÆRAR? lese, skrive, tenkje, fortelje

LOKALT UTARBEIDET FAGPLAN FOR. Programfag til valg TRINN

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Sandeid skule SFO Årsplan

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Orientering til skolane OM INNTAK PÅ SÆRSKILT GRUNNLAG

MÅL- OG TILTAKSPLAN FOR HERØY VIDAREGÅANDE SKULE

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

Vegvisar til vilbli.no

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Utdanningsvalg og Olweus Lokal læreplan for Breimyra skole 8., 9. og 10.trinn

Utdanningfag Lokal læreplan for Vadsø kommune og Vadsø videregående skole

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Driftsstyret REVIDERING AV SKYSSREGLEMENTET I MØRE OG ROMSDAL FYLKE - HØYRINGSUTTALE

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Tiltaksplan

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

UTDANNINGSVALG klassetrinn

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Revidert mål og aktivitetsplan for prosjektet Ny start felles grunnlag aktive elevar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Skule - OPPL AVD. Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet

Plan for Liabygda SFO

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunehuset Møtedato: Tid:

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Handlingsplan for skule Fokusområde Formulert som målbare mål Tiltak Ansvar og tid BRUKARAR

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kvalitetsplan mot mobbing

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Programfag til valg Karrieremappe

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Konferanse om samarbeid mellom skole og arbeidsliv. 13. september 2012 UTDANNINGSVALG?

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Stemnehandboka for NKSF

Plan for karriereveiledning

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage

UTVIKLINGSPLAN FOR NESSE OPPVEKSTSENTER

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Lærande nettverk. Motivasjon, leiing og arbeidsmåtar. Ungdomstrinn i utvikling - UDIR. Claus Røynesdal. Sogn regionråd

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

Om videregående opplæring og arbeidsliv 20 % Utprøving av utdanningsprogram 60 % Om egne valg 20 %

Utviklingsplan 2015 Meling skule. "Det har jeg aldri prøvd før, så det tror jeg sikkert jeg kan klare."

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Plan Frå førskulealder til vidaregåande skulegang. for alle overgangane i opplæringsløpet. i Nissedal kommune

Transkript:

Utdanningsval Læreplan for region Nord-Gudbrandsdal Felles retningsgjevande læreplan for alle grunnskolar med elevar på ungdomstrinnet i regionen Dovre ungdomsskole 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 1 av 8

Forord Oppdraget med å utarbeide denne læreplanen er definert av prosjektleiar for prosjektet Regional koordinering av yrkes- og utdanningsvegleiing i Nord-Gudbrandsdalen, og er utleia av målsettingane for dette prosjektet slik dei går fram av prosjektplanen. Følgjande mandat for arbeidet har tilslutning frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule v/ rektor og frå 6-kommunesamarbeidet i norddalen v/ oppvekstsjef Kjell Nyhus: Arbeidsgruppa skal utarbeide ein felles regional handlingsplan for informasjon frå vidaregåande skule til grunnskule, tiltak innafor Utdanningsval og andre samhandlingstiltak. Handlingsplanen skal kunne fungere som eit reiskap for forenkling, deling og frigjering av ressursar, regional samhandling og kvalitetsbetring og sikring av YOU-arbeidet, og vera eit hjelpemiddel for å oppfylle visjonen NORDDALEN SOM ÉIN OPPLÆRINGSARENA. Ei arbeidsgruppe med følgjande samansetting laga fyrste utkastet til den læreplanen du nå held i handa: Terje Bekken (nestleiar, NGvgs) Tove Dybvad (rådgjevar, Lom ungdomsskule Torunn Enstad (rådgjevar, Lesjaskog skule) Anne-Berit Brun (rådgjevar, NGvgs avd. Otta) Torill Utgård (rådgjevar, NGvgs, avd. Hjerleid) Erling Gjul (rektor, Vågå ungdomsskule) Knut Berg (prosjektleiar) Utkastet var på høring ved ungdomsskulane og vg-avdelingane i Norddalen, og vart justert av arbeidsgruppa i forhold til ein del av innspela i denne høringa. Som det går fram av mandatet, er denne læreplanen eit eksempel på at regional samhandling kan gje mange positive effektar. For det fyrste er det ein openberr ressursgevinst knytt til å gjera ting saman og for kvarandre, når oppgåvene og utfordringane som her er heilt samanfallande. For det andre vil denne situasjonen bidra til større fokus på kvalitet. Og til slutt: Samhandling på tvers mellom grunnskular og avdelingar og mellom skuleslaga er med på å skape den samanhengen i det 13-årige skuleløpet som Kunnskapsløftet føreset. Arbeidsgruppa hadde i sitt arbeid som éitt siktemål å lage ein plan som ikkje er detaljert, men som likevel gjev eit tydeleg bidrag til arbeidet med å sikre ei felles plattform for all opplærings-verksemd i Nord-Gudbrandsdalen. Vi håpar at pedagogar generelt og skuleleiarar, rådgjevarar og kontaktlærarar spesielt ser verdien av fellestenkinga som ligg til grunn for dette arbeidet. Våren 2007 etter eitt års bruk var planen gjennom ein brei evalueringsprosess blant alle brukarar. Prosessen førte til nokre endringar som er innarbeidde i denne oppdaterte versjonen. Presiseringar mm som kom fram under evalueringa, er kommunisert til brukarane, og går også fram av vedlegg til denne planen. Denne reviderte planen har, etter godkjenning i 6K og Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, status som læreplan for faget Utdanningsval i alle kommunane i regionen f.o.m. skuleåret 2007/2008. 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 2 av 8

LÆREPLAN I UTDANNINGSVAL for region Nord-Gudbrandsdal Oversikt over element i planen Samanheng mellom dokumenta Læreplan i Utdanningsval (UTV) 1. Mål 2. Timetal 3. Organisering 4. Plan for fordjuping i utdanningsprogram Læreplaner for dei enkelte utdanningsprogram 5. Vurdering Karrieremapper / -perm 6. Tiltakskjeder Regional tiltaksplan, info.tiltak for 8.-10.trinn 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 3 av 8

LÆREPLAN I UTDANNINGSVAL for region Nord-Gudbrandsdal 1. Mål Formål med faget UTV skal gje elevane moglegheiter for val som kan bidra til auka engasjement og betre føresetnader for seinare bevisste utdanningsval la elevane påverke innhaldet i eiga opplæring og gje moglegheit for meir praktisk aktivitet og fordjuping gje elevane erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring lære elevane å sjå samanhengen mellom utdanning og arbeid knyte grunnskule og vidaregåande skule tettare saman innan det 13-årige løpet. 1.2 Mål for dei tre årsstega 1.2.1. Mål for 8. steget Eleven skal bli kjent med faget UTV bli kjent med karrieremappa og vurderingskriteria for faget starte dokumentasjon i karrieremappa lære å kjenne det lokale næringslivet 1.2.2 Mål for 9. steget Eleven skal reflektere over eigne mål og framtidstankar ta i mot opplæring i arbeidslivskunnskap delta i opplegg innan entreprenørskap (tidsressurs henta frå andre fag i tillegg til UTV) lære å kjenne det regionale næringslivet lære å kjenne utdanningstilboda i vidaregåande skule oppdatere karrieremappe i forhold til eigne refleksjonar 1.2.3. Mål for 10. steget Eleven skal reflektere over sin eigne sterke og svake sider velja 2 programområde frå vidaregåande skule, fordjupe seg i fagplanar og hospitere i aktuelle klassar på vidaregåande i minst 1 av dei (sjå pkt. 3 nedanfor) delta i informasjonsopplegg om tilbod i vidaregåande skule gjera karrieremappa klar for vurdering søke vidaregåande skule 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 4 av 8

2 Timetal for faget Ramma for tidsbruk er 150 undervisningstimar (45min.) fordelt på dei tre siste åra på ungdomssteget. Tilrådd fordeling: 8. steget 25 timar, 9. steget 65 timar, 10. steget 60 timar. I perioden fram til 2008/09, da faget blir obligatorisk for alle, skjer gjennomføringa som systematisk utprøving innafor timeramma for skolens og elevens val. 3 Skulens organisering av faget Fagets karakter tilseier at gjennomføringa berre delvis kan skje innafor tradisjonell timeplan. Organiseringa elles vil bli prosjektarbeid, periodisert lesing, elevbedrift, besøk og utplassering i næringslivet, hospitering i vidaregåande skule, obligatorisk ettermiddags-/kveldstid med avspasering mm. Dette vil særleg gjelde 10. steget. Når timane til UTV blir lagt på timeplanen, bør dette difor skje med tanke på at ein i periodar kan bruke av desse timane til styrking av fag som blir skadelidande i tidsrom når aktivitetane skjer frikopla frå timeplanen. Ansvaret for faget UTV bør leggast til kontaktlærar, som gjennomfører aktivitetane i samarbeid med YOU-rådgjevaren (karrièrerettleiaren) ved skulen. UTV vil vera sterkt tverrfagleg, og det vil vera naturleg å planlegge faget i klasseteam for å organisere samordning med dei fleste fag på timeplanen. 4 Plan for fordjuping i utdanningsprogram i vidaregåande skule Alle elevar på ungdomssteget skal gjera seg ekstra godt kjent med 2 utdanningsprogram etter eige val. Gjennomføringa skjer dels ved den enkelte grunnskule og i samarbeid med lokalt næringsliv, dels som erfaring av smakebitar frå minst 1 av desse programma ved hospitering i vidaregåande skule. Slik hospitering skjer i regelen ved næraste avdeling som har tilbodet, evt. ved Vinstra vidaregåande skule for utfyllande tilbod som ikkje finst i norddalen. All hospitering skjer på 10. steget. Plan for denne delen er utvikla i samarbeid mellom ungdomsskulane i regionen, avdelingane i NG vdg. og Vinstra vdg. skule, og justert våren 2007. Det er laga éin læreplan for kvart utdanningsprogram, bygt over følgjande felles mal: førebuingsfasen gjennomføringsfasen: hovudemne, kompetansemål og arbeidsmåtar, tilpassa elevar på ungdomssteget hospiteringsdagen etterarbeid Desse læreplanane i enkeltfag ligg som vedlegg til og er ein integrert del av denne læreplanen. 5 Vurdering Viser til Læreplan for utdanningsvalg, endeleg plan for faget(grep: http://www.udir.no/templates/udir/tm_læreplan.aspx?id=2100&laereplanid=6943 54.) 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 5 av 8

6 Tiltakskjeder Av omsyn til samordningsgevinst ved samhandling mellom grunnskulane i regionen og mellom grunnskulane og avdelingane i vidaregåande, er obligatoriske og tilrådde tiltak lagt inn i ein årsplan for UTV, inkludert hovudinformasjonstiltak frå vidaregåande til grunnskule. Årsplanen er ein integrert del av denne læreplanen. Sjå følgjande sider. REGIONAL TILTAKSPLAN FOR INFORMASJONSTILTAK OG UTDANNINGSVAL Periode Felles regionale / Tilrådde tiltak Kommentar samordna tiltak 8. steget Aug / sept. Presentere karrieremappa Korleis bruke mappa, grunnlag for evaluering / vurdering Des - feb Arbeidslivskunnskap: Arbeid og næring i XX kommune Bedriftsbesøk, foreldre fortel om sitt yrke, vera med ein vaksen på jobb 1 dag, mm Apr / mai PRYO i lokal bedrift / primærnæring Mai/juni Gjennomføre interessetest. Eksempel: NAV http://www.nav.no/veiledningweb/interessetest. do Juni Gjennomgang / oppsummering av karrieremappa 9. steget Sept / okt Elevbedrift / entreprenørskap Idéproduksjon; etablere, drive og avvikle bedrift. Nov / des Generell yrkesorientering Nov Presentere vidaregåande opplæringstilbod Opplæringskatalog for Oppland, www.vilbli.no Jan / feb Arbeidslivskunnskap: Arbeid og næring i Nord-Gudbrandsdalen Lære å kjenne regionalt næringsliv og arbeidsmarknad Mars / juni April Mars / juni Okt - mrs September Primo nov (Koordineringsansvar: regionalt rådgjevarnettverk) PRYO med for- og etterarbeid 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 6 av 8 Forarbeid: jobbsøknad, CV. Etterarbeid: rapport. Utplassering kan erstattast med skulebesøk. Opne dagar ved avdelingane under NGvgs Invitasjon til alle 9. klassingar. Jfr. nærare omtale side 8 (Koordineringsansvar: regionalt rådgjevarnettverk) Bransjebesøk Gjennomgang / oppsummering av karrieremappa 10. steget Individuelt prosjekt om utdanning og yrke Desentralisert informasjonsdag på kvar u-skule Jfr. nærare omtale side 8 Kvar elev vel 2 utd.program til fordjuping (eigne læreplanar, sjå vedlegg). 1 dag avsett i perioden til besøk på arb.plass. Jfr. elles hospitering i januar. Utdannings- og yrkesmesse Obligatorisk mot avspasering. Jfr. nærare omtale side 8 1 dag x 1 eller 2 valde utdanningsprogram pr. elev. Jfr. eigne læreplanar. Del av individuelt prosjekt Hospitering i vidg. Januar skule Des - juni Individuell karriere-rettleiing Ansvar: Kontaktlærar og YOU-rådgjevar Jan Gjennomføre testen "Veivalg" e.l Jan - feb Søke vidaregåande opplæring Mrs Info om studiefinanisering Apr Info om universitet og høgskular. Korleis lage ein karrièreplan? Mai Klårgjera karrièremappa for vurdering og medsending til vidg.

Generelt Dei ymse tiltaka blir gjennomført dels i timar avsett til Utdanningsval, dels innunder andre fag der temaet innbyr til tverrfagleg undervisning, dels ved ymse slag periodiserte opplegg som prosjektarbeid, periodelesing, elevbedrift, besøk og utplassering i næringslivet, hospitering i vidaregåande skule, pålagt ettermiddags- /kveldstid m. avspasering, mm. Det siste vil særleg gjelde 10. steget. Tilrådd fordeling av dei 150 timane a 45 minutt: 8. steget 25 timar, 9. steget 65 timar, 10. steget 60 timar. Timane kan eksempelvis timeplanleggast som "UTV" med kontaktlærar. I enkelte veker kan timen/-ane nyttast til å styrke basisfag som kompensasjon for timebortfall under periodiserte opplegg, jfr. ovafor. Nærare om organisering av Individuelt prosjekt om utdanning og yrke på 10. steget Alle elevane skal her velja to utdanningsprogram i vidaregåande skule for nærare fordjuping. Dette valget bør skje før haustferien. Elevane skal velja å hospitere i mist eitt av desse programma. Skulane melder valget til den/dei som har ansvaret for å koordinere opplegget. Denne lagar oppsett og samordnar opplegget for hospitering med dei aktuelle vidaregåande skulane / avdelingane. Ein må ta atterhald om evt. omvalg dersom belastninga på enkelte program blir urimeleg stor. Denne individuelle fordjupinga skal altså gå i perioden oktober mars, der 1 2 dagar hospitering inngår som ein integrert del. Nærare omtale av 3 informasjonstiltak frå tiltaksplanen framfor OPNE DAGAR VED AVDELINGANE Kvar skule arrangerer sin dag (dagtid) der invitasjon går til alle elevar på 9. steget i regionen. Formålet er å bli kjent med skuleanlegget, og smake på undervisninga i 2 3 fag, valt på førehand. (Tiltaket kan ikkje erstatte obligatorisk hospitering, jfr. læreplanen pkt. 4.) Tilbodet blir spreidd i tid for å unngå konkurranse mellom avdelingane, og bør gjennomførast i perioden like før og like etter jul / årsskiftet på 9. steg. DESENTRALISERT INFORMASJONSDAG Dei 4 avdelingane (+ evt. Vinstra vidaregåande skule) reiser samla (evt. ved at 2 3 personar representerer N-G vidaregåande samla) ut til ungdomsskulane, og har 1 dag på kvar skule. Opplegg: Frå matfri og ut elevdagen: Møte med elevane på 10. steget I møtetid etter siste time: Møte med lærarane ved skulen På kveldstid: Foreldremøte Skulane kan t.d. nytte fyrste del av denne dagen til andre YOU-tiltak. Dette tiltaket bør gjennomførast dei to siste vekene i november i 10. klasse. Når det gjeld møtet med lærarane, bør ungdomsskulane bestille innhald i forhold til behovet personalet har for informasjon, dette for å unngå gjentaking år for år. UTDANNINGS- OG YRKESMESSE På kveldstid, fyrst i november (10. klasse); målgruppe 10. steg-elevar og deira føresette. Det må vera møteplikt for alle elevar på 10. steget mot avspasering av 1 skuledag, og oppsett buss til/frå Otta. Alle fire avdelingane og Vinstra vg. skule presenterer sine tilbod med stands og aktivitetar. Det blir opna for deltaking frå opplæringskontor / lærebedrifter. Ungdomsskulane bør lage oppgåver knytt til informasjonen, og kontrollere frammøtet til elevane. 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 7 av 8

Ansvaret for arrangementet ligg på NGvgs. 2.0\Utdanningsval_Regional_plan.docx Side 8 av 8