Pressemelding 11.06.2013



Like dokumenter
- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 10. april 2013 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 8/13-14/13 MØTELEIAR. Vebenstad, Torill (A)

Pressemelding

Utlånet finansieres ved bruk av bykassens disposisjonsfond. Ved innfrielse av lånet tilbakeføres midlene til disposisjonsfondet.

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

FAGSKOLETILBOD PÅ STORD - FJERNUNDERVISNING INNAN MASKINTEKNIKK OG ELKRAFT

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Resterande val til styre, råd og utval valperioden

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Austevoll kommune. Møteprotokoll FORMANNSKAPET

STIFTINGSPROTOKOLL FOR. Helse Vest Innkjøp HF

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

VOSSAPAKKO UTVIDING AV BOMPENGESØKNAD RV 13 JOBERGTUNNELEN

FYLKESVEGAR - PLAN- OG BYGGEPROGRAM FOR 2012

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Pressemelding

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Innkalling av Kraftfondsstyret

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

MØTEPROTOKOLL. Kommunestyret SAKLISTE: 72/12 12/1226 Endring av selskapsavtale for Alarmsentralen Sogn og Fjordane IKS

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Finansiering av søknaden

Fylkestinget Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Bompengepakken Stord vestside - søknad om forlenga innkrevingsperiode

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Formannskapet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2012

VEDTEKT av februar 2007

Statens vegvesen. Sakshandsamar/lnnvalsnr Per Sttffen Mybrcn

Åste Råmundalen Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Knut Kristian Vadder Medlem SP Kjetil Fulsås Leiar AP

Forslag frå fylkesrådmannen

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Bompengesøknad for Nordhordlandspakken justert opplegg

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks. Bergen 15. okt. 2008

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonstenesta 5020 Bergen Telefon Telefaks. Bergen 22. mai 2008

Vedtekter for Fusa Kraftlag

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

FYLKESKOMMUNEN SITT ENGASJEMENT I OG ORGANISERING AV HORDALAND OLJE OG GASS

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

TILLEGGSAK KUP-LØYVING 2013

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Kommunestyresalen Saknr.: 34/11 42/11

Handlingsplan EKSTERN TENESTE Gol kyrkjelege fellesråd

Oppdragsansvarleg revisor finansiell revisjon

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Budsjett Økonomiplan Revidert budsjettgrunnlag 1. november 2013

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3

Fylkestinget Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Kompensasjonsmidlar TILSEGN OM TILSKOT PÅ INNTIL KR TIL PROSJEKT ETABLERING AV REGIONAL NÆRINGSHAGE. TILSEGN Komp

Pressemelding. Forskotterer for Bybanen til Flesland. Startar revisjon av plan for senterstruktur

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Aurland kommune Rådmannen

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.

Tertialrapport 2 tertial 2015

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

ORGANISASJONSAVDELINGA INFORMASJONSSEKSJONEN Pressemelding 11.06.2013 Hordaland fylkesting sitt møte på Lofthus 11. juni 2013: Overskot til arrangement og investeringar 15 mill. kr til sykkel-vm i Bergen i 2017, 1 mill. kr til Tall Ships Race i Bergen i 2014, 2 mill. kr til investeringar ved musea, 0,5 mill. kr til Kongshaug musikkgymnas og 37,2 mill. kr til investeringar. Slik har fylkestinget vedteke å bruka storparten av sitt overskot frå 2012. Fylkeskommunen sitt overskot i 2012 var på 71,4 mill. kr. Pensjonskostnadene for 2012 viser seg i ettertid å vera bokført 11,7 mill. kr for lågt. Dette vert no retta opp ved at fylkestinget disponerer same sum for å dekka kostnaden. Storparten av overskotet 55,7 mill. kr vert sett på disposisjonsfond. 37,2 mill. kr vert sett av til finansiering av investeringar, slik at ein kan redusera nye låneopptak. 15,0 mill. kr vert sett på fond for å dekka tilskot frå fylkeskommunen til sykkel-vm i 2017 dersom dette vert lagt til Bergen. 1,0 mill. kr vert sett av til å dekka tilskot frå fylkeskommunen til The Tall Ships Races 2014. Midlane skal gå til planlegging og gjennomføring av arrangement. 2,0 mill. kr er løyvd til investeringstiltak ved musea i fylket, som oppfølging av museumsplanen. 0,5 mill. kr vert løyvd som tilskot til Kongshaug musikkgymnas som har fått endra tilskot frå staten. Dersom tilskotet frå staten vert auka til tidlegare nivå i samband med revidert nasjonalbudsjett, fell det fylkeskommunale tilskotet vekk. Til profilering, i hovudsak skilting av fylkeskommunale bygningar, er det løyvd 4 mill. kr. Lånegjeld på 6,7 milliardar kroner si lånegjeld passerte ved utgangen av april i år 6,7 milliardar kroner. Låna er i hovudsak nytta til investeringar i vidaregåande skular, kollektivtrafikk og fylkesvegar. Ved utgangen av 2012, då gjelda var på knappe 6,5 milliardar kroner, utgjorde ho 81,7 % av fylkeskommunen sine driftsinntekter. Dette høgast av alle fylkeskommunane i landet. Nest høgast

Side 2/13 er Sør-Trøndelag med 80 %. Gjennomsnittet for fylkeskommunane er 50,8 %. Lågast er Akershus med 2,8 %. Vel 55 % av sine lån er med fast rente og 45 % er lån med flytande rente. Gjennomsnittleg rentesats for alle låna er 2,98 %. 15 millionar kroner til Sykkel-VM i Bergen Hordaland fylkesting er positiv til at Bergen vert vertskapsby i ein norsk søknad om Sykkel-VM 2017. Fylkestinget løyver 15 millionar kroner til arrangementet. Fylkestinget ser på sykkel-vm som ein svært attraktivt meisterskap å få til bergensregionen. Fylkestinget føreset at meisterskapen vert finansiert gjennom eit spleiselag mellom idrett, næringsliv og offentlege styresmakter. Fylkestinget legg til grunn at statleg medverknad til arrangementet står i høve til nivået på regionale styresmakter sine tilskot og at Bergen kommune og dei andre kommunane medverkar. Hordaland fylkesting er positiv til å støtte arrangementet med 15 mill. kr. Denne summen dekkjer direkte arrangementsstøtte, tilretteleggingskostnader for kollektivtransport og støtte til folkehelsetiltak. Det er midlar frå fylkeskommunen sitt overskot i 2012 som er nytta til avsetjinga. Fylkestinget sluttar seg til at det vert arbeidd med å opprette eit arrangementsselskap for Sykkel- VM 2017. Fylkesutvalet får fullmakt til å ta avgjerd om fylkeskommunen skal ta del i eit slikt selskap. et vart gjort med 54 mot tre røyster (2 KrF, 1 MDG). Ja til vegforskottering på Askøy Fylkestinget har godkjent at Askøy kommune får forskottera inntil 65 mill. kr til utbetring av veg, og bygging av gang- og sykkelveg langs Fv 562 frå Fromreide til Kjerrgarden. Refusjon av midlane kjem til fråtrekk i sitt samla bidrag til Askøypakken på totalt 200 mill. kr. Fylkestinget har også godkjent at Askøy kommune får forskottera inntil 2,9 mill. kr til bygging av gang- og sykkelveg langs Fv 223 frå Mjølkeviksvarden til Skansen (Herdla bru). Refusjon vert fastsett i samband med handsaminga av Regional transportplan 2018-2027.

Side 3/13 Fv 562 frå Fromreide til Kjerrgarden er eit prosjekt i Askøypakken. I kostnadsoverslaget på 65 mill kr ligg gang- og sykkelveg og utbetring av vegen på strekninga. Tiltaket er eit av dei prioriterte prosjekta i Askøypakken. Fv 223 frå Mjølkeviksvarden til Herdla bru. Det er tidlegare lagt kabel og vassleidning på denne strekninga, og klargjort fundament for gang- og sykkelveg. Det som står att no er å fullføra gangog sykkelvegen med drenering, skilje mot køyrebana og vegdekke. 425 mill. kr til bybanevogner Åtte nye vogner skal kjøpast og 20 bybanevogner skal forlengast til 42 m i samband med at Bybanen vert forlenga til Flesland. Fylkestinget har godkjent kjøpet som kostar 425 mill. kr. 30 % v kjøpesummen må betalast ved kontraktinngåinga i år. Fylkestinget har løyvd 127,5 mill. kr over investeringsbudsjettet for 2013 for å dekka denne utbetalinga. Resten av kostnaden, 297,5 mill. kr, vil verta innarbeidd i økonomiplanperioden 2014-17. Kontrakten vert inngått no for at fylkeskommunen skal ha tilstrekkeleg med 42 meter alnge vogner i drift til byggjesteg 3 til Flesland vert opna sommaren 2016. 1 mill. kr til Tall Ships Races Bergen skal gje tilskot på 1 mill. kr til Tall Ships Races i Bergen 2014, har Hordaland fylkesting vedteke. 24. til 27. juli 2014 skal Bergen vera vertskapshamn for det internasjonale arrangementet. Nærmare 100 seglskip kjem til Bergen. Og Statsraad Lehmkuhl fyller 100 år. Fylkestinget har sett av 1 mill. kr av overskotet frå 2012 til å dekkja tilskotet. Næringsplan for Hordaland 2013-2017 Fylkestinget har vedteke Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017. Hovudstrategiane i planen er: «Meir entreprenørskap og innovasjon» «Fleire med meir relevant kompetanse» «Ein velfungerande bergensregion og attraktive regionale senter».

Side 4/13 Visjonen for næringsplanen er «Saman om verdiskaping i ein av Europas innovative regionar!» Blant dei overordna måla finn me til dømes at Hordaland skal få fleire innovative verksemder, ein større del av gründerar som etablerer vekstverksemder, fleire innovative næringsmiljø og betre verkemiddelaktørar. I planen vert det trekt fram at Hordaland har ein sterk olje- og gassektor, ein stor maritim sektor, samt høg verdiskaping innan kultur og marin sektor. Utfordringar er mellom anna ein ustabil verdsøkonomi, mangel på relevant kompetanse og behov for meir næringsareal. Styrkane Styrkane til Hordaland er i planen summert opp slik: Hordaland har sterke forskings- og utdanningsinstitusjonar som med si forsking og sine nettverk, er viktige for næringsutviklinga i Hordaland. Kunnskap og kompetanse frå, utvikling av, og integrasjon mellom eksisterande næringar, kan leg- gje grunnlaget for nye berekraftige næringar. Næringar med særskild merksemd i Hordaland er energi medrekna olje og gass, maritim sektor, marin sektor, reiseliv og opplevingar og media og kulturbasert næringsliv. I tillegg er landbruk ei viktig næring for fylket, då denne har store positive ringverknadar for mange område i fylket. Retning Regional næringsplan skal gje retning for, og andre regionale aktørar, sin bruk av økonomiske verkemiddel for å fremja innovasjon og næringsutvikling i heile fylket. Planen er utarbeidd og skal gjennomførast i nært samarbeid med verksemder, bransjeorganisasjonar, næringsforeiningar, kommunar, regionråd og regionale og statlege verkemiddelaktørar. I år vil den regionale næringsplanen for 2013-17 verta følgd opp gjennom dei prioriterte innsatsområda i Regionalt utviklingsprogram 2013 (RUP). Fylkesrådmannen vil setja i verk ein meir omfattande prosess for å utarbeida ein ny RUP for 2014, tilpassa Regional næringsplan for Hordaland 2013-2017. Nytt billettutstyr til snøggbåtar Fylkestinget i Hordaland har løyvd 4 mill. kr til kjøp av nytt billeteringsutstyr til snøggbåtar. Nye snøggbåtanbod startar i 2014 og nytt billeteringsutstyr skal vera på plass når dei vert sett i gang frå komande årsskifte.

Side 5/13 Kaiopprusting i Knarvik Frå 2014 startar snøggbåtruta på strekninga Knarvik Bergen. Før oppstart av den nye ruta må det gjerast oppgraderingsarbeid ved Knarvik kai. Fylkestinget har løyvd 1 mill. kr til dette arbeidet. Forserer utbygging ved Årstad vgs. Fylkestinget har vedteke å forsera det pågåande utbyggingsarbeidet ved Årstad videregående skole. Investeringsramma for 2013 vert auka frå 50 mill. kr til 95 mill. kr. Ved handsaming av første del av skulebruksplanen i desember 2012 vart det vedteke å overføra elevar som ikkje har studieførebuande programfag frå Bjørgvin videregående skole og Bergens Handelsgymnas til Årstad vidergående skole. Ut frå dette må arbeidet ved Årstad videregående skole forserast slik at kapasitet og tilbod er på plass til skulestart i 2014. Dette inkluderer mellom anna bygging av mellombygg og fullføring av rehabilitering av B-bygget. Rask framdrift av Tyssetunellen Fylkestinget meir enn doblar løyvinga til Fv 48 Tyssetunellen i år. Framdrifta i prosjekta går raskare enn tidlegare rekna med. Fylkestinget plussar på 115 mill. kr, slik at samla løyving for 2013 vert 213,5 mill. kr. Tunnelen vil verta driven ferdig i år. Bygging av ny Frøland bru i samband med gang- og sykkelveg langs Fv.7 Frølandsvatnet vert starta og nesten ferdigstilt i løpet av året. Prosjekteringa av elektroarbeida vert også gjort i 2013. Fylkeskommunen inn på eigarsida i Grieghallen Fylkestinget har vedteke at skal gå inn på eigarsida i Grieghallen. Fylkeskommunen saman med Bergen kommune skipar Grieghallen IKS. Føremålet med opprettinga av Grieghallen IKS er å få gjennomført ei opprusting og fornying av Grieghallen både bygnings- og utstyrsmessig. Bergen kommune og fylkeskommunen skal kvar hefta for 50 % av selskapet sine plikter.

Side 6/13 Grieghallen er eit sentralt kulturbygg og tilhaldsstad og arbeidsplass for Bergen Filharmoniske Orkester og hovudarena for Festspillene i Bergen og Bergen Nasjonale Opera. Fornyingsprosjektet er kostnadsrekna til 234,6 mill. kr. Planen er at Grieghallen skal stå fram i ny prakt til Bergen Filharmoniske Orkester sitt 250-årsjubileum i 2015. Fylkestinget har godkjent at øvre låneramme for selskapet vert sett til 250 mill. kr med tillegg av eksisterande pantegjeld i Grieghallen AS på 55 mill. kr. Planen har vore at Grieghallen AS skulle stå for fornyinga med finansieringstilskot frå Bergen kommune, staten og. Det viste seg at denne måten å finansiera opprustinga på vart kostbar, og fylkeskommunen tok kontakt med Bergen kommune for å få til rimelegare ordningar. Ut frå dette er det forslag om å oppretta Grieghallen IKS som kjøper bygget frå Grieghallen AS for så å leiga bygget ut til det same selskapet. Grieghallen IKS vil på denne måten stå for opprustinga av bygget, medan Grieghallen AS må betala husleige til Grieghallen IKS. Interkommunale selskap får lån til offentlege vilkår. Overslag tyder på at denne måten å gjennomføra fornyingsprosjektet på vil redusera rentekostnaden med vel 6 mill. kr første året. Samla innsparing i låneperioden vert i alle høve meir enn 50 mill. kr, heiter det i saksutgreiinga. Fylkestinget sitt vedtak: 1. Fylkestinget vedtek å delta i Grieghallen IKS og godkjenner selskapsavtalen som ligg ved saka. Selskapet vert skipa saman med Bergen kommune. Kvar av deltakarane hefter for 50% av selskapet sine plikter. Øvre låneramme for selskapet vert sett til 250 mill. kr med tillegg av eksisterande pantegjeld i Grieghallen AS på 55 mill. kr. 2. Fylkestinget godkjenner at fylkeskommunen sin del av selskapskapitalen er kr 500 000. Summen vert finansiert ved overføring frå kapitalfondet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å delta i stiftinga av selskapet på fylkeskommunen sine vegne og gjera budsjettendringar som følgje av overføringa. 3. Fylkestinget legg til grunn at Grieghallen IKS kjøper bygning, naglefast inventar og teknisk infrastruktur for 71 mill. kr av Grieghallen AS. I tillegg kjem dokumentavgift. 55 mill. kr av kjøpesummen vert gjort opp ved at Grieghallen IKS overtek pantegjeld i Grieghallen AS. 4. Grieghallen AS har rett, men ikkje plikt til å kjøpa Grieghallen attende til skattemessig bokført verdi når låna er nedbetalte. Bokført verdi skal reknast ut frå dagens avskrivingsreglar og anna regelverk som kan påverka skattemessig verdi. Gjenkjøpsopsjonen må utøvast innan eit år etter eigedommen er nedbetalt og har som vilkår semje mellom alle aksjonærane i Grieghallen AS. 5. Fylkestinget føreset for gjennomføring at alle avtalar knytt til prosjektet og festekontrakten vert transportert til det nye selskapet Grieghallen IKS på uendra vilkår. 6. Fylkestinget legg til grunn at fylkesrådmannen kjem attende til framtidige økonomiske konsekvensar av finansieringsopplegget i budsjettet for 2014. 7. Fylkesordføraren vert valt som medlem i representantskapet i Grieghallen IKS med fylkesvaraordføraren som personleg varamedlem.

Side 7/13 8. Fylkesordføraren får fullmakt til i samråd med Bergen kommune å utpeika eitt styremedlem med varamedlem. 9. Fylkesrådmannen får fullmakt til å nemna opp to kandidatar med varamedlemer til styret for Grieghallen IKS. i fylkestinget 11. juni 2013: SAKNR. 20/13 FORVALTNINGSREVISJON AV PERSONALFORVALTNINGA I HORDALAND FYLKESKOMMUNE - REVISJONSRAPPORT På bakgrunn av forvaltningsrevisjonsrapport Personalforvaltning i, ber fylkestinget fylkesrådmannen syta for å: 1. Forbetre operative rutinar og prosedyrar knytt til personalforvaltninga, under dette klargjere kva konkrete oppgåver som er tillagt leiarar med personalansvar, sikre konsekvent bruk av omgrep og samsvar mellom ulike dokument. 2. Vurdere korleis samhandlinga mellom personalseksjonen og linja kan strukturerast og forbetrast for å sikre eit godt og effektivt samarbeid. 3. Halde fram med å følgje opp implementeringa av Personalportalen og kvalitetssystemet, og utvikle systema i samsvar med tilbakemeldingar frå brukarane. 4. Vurdere om verktøya for oppfølging av medarbeidarsamtalar i Personalportalen er føremålstenleg utforma, og gje leiarar med personalansvar tilstrekkeleg opplæring i korleis dei skal bruke desse verktøya. 5. Kommunisere tydeleg til leiarane kva retningsliner på personalområdet som til ei kvar tid er gjeldande, og korleis dei er forventa å bruke kvalitetssystemet. 6. Sikre at tillitsvalte frå alle relevante arbeidstakarorganisasjonar får tilbod om å bli inkludert i rekrutteringsprosessar og prosessar kring handtering av overtaligheit, i samsvar med fylkeskommunen sine retningsliner. 7. Sikre at arbeidsmiljølova og fylkeskommunen sine retningsliner for førerett blir tydeleg kommunisert og etterlevd av alle delar av organisasjonen. 8. Sikre at skulane handterer overtaligheit i samsvar med fylkeskommunen sitt rundskriv, under dette vurdere å innføre kontrollar knytt til korleis overtalige blir identifisert ved dei vidaregåande skulane. 9. Sikre at informasjon om tilsette sin ansiennitet i Personalportalen er korrekt. 10. Sikre at medarbeidarar blir følgt opp på ein tilstrekkeleg måte i prøvetida, i samsvar med fylkeskommunen sine retningsliner. 11. Sikre at alle medarbeidarar får tilbod om årleg medarbeidarsamtale, i samsvar med fylkeskommunen sine retningsliner. 12. Klårgjere retningslinene for formell irettesetting/åtvaringar til tilsette, og vurdere behovet for å utarbeide ytterlegare prosedyrar for handtering av vanskelege personalsaker. 13. Følgje opp vedtak om ufrivillig deltid i sak 110/12 i fylkesutvalet, under dette setje i verk kartlegging av ufrivillig deltid, og rapportere kvart halvår i samsvar med vedtaket. 14. Sikre at regelverket om offentlege anskaffingar, vikarbyrådirektivet og forskrift om lønns og arbeidsvilkår blir følgt ved inn leige av vikarar frå vikarbyrå.

Side 8/13 15. Laga ein handlingsplan innan 1.10.2013 som viser kva tiltak som skal setjast i verk for å følgja opp tilrådingane i rapporten, når tiltaka skal setjast i verk og kven som skal ha ansvaret for iverksettinga. 16. Fylkestinget ber om at 14-4a Rett til stilling for deltidstilsette tilsvarande faktisk arbeidstid vert innarbeidd og implementert. 21/13 ÅRSMELDING FOR KONTROLLUTVALET FOR 2012 : Fylkestinget godkjenner årsmelding 2012 for kontrollutvalet. 22/13 ÅRSMELDING 2012 HORDALAND FYLKESKOMMUNE : Fylkestinget tek «Årsmelding 2012» til orientering. 24/13 FINANSRAPPORT FOR 1. TERTIAL 2013 Fylkestinget tek finansrapporten for 1. tertial til orientering. 25/13 REVISJON AV OVERORDNA KRISEBEREDSKAPSPLAN Fylkestinget vedtek revidert utgåve av «Overordna plan for kriseberedskap i». 26/13 GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE - JUSTERING AV SATSANE 2013 Fylkestinget godkjenner at godtgjerslene for politisk arbeid vert auka med 2,3 % pr. 1. mai 2013 og at utrekningsgrunnlaget for politiske verv vert fastsett til kr 819 100,- Satsane for tapt arbeidsforteneste og møtegodtgjersle vert justert tilsvarande. 27/13 EIGARSKAPSMELDING 2013 1. Fylkestinget viser til den framlagde eigarskapsmeldinga og sluttar seg til prinsippet om differensiert eigarstrategi. 2. Fylkestinget viser til vedtak i fylkestingssak 17/2013 Selskapskontroll eigarskapsforvaltning i. Fylkestinget er samd i at vedtakspunkta 5, 6 og 8 vert å kome attende til i to eigne saker. Punkta 5 og 6 vert å fremje i ei sams sak og punkt 8 i ei eiga sak. 3. Fylkestinget godkjenner følgjande forslag om vedtektsendring: Bystasjonen AS

Side 9/13 3:«Selskapet har til formål planlegging og bygging av ny kollektivterminal Bystasjonen i Bergen sentrum, samt drift av kollektivterminal og virksomhet som står i forbindelse med dette. Selskapet er av allmennyttig karakter og skal ikke dele ut utbytte.» 7: «På den ordinære generalforsamling skal følgende spørsmål behandles og avgjøres: - Godkjennelse av årsregnskapet og årsberetningen. - Andre saker som etter loven eller vedtektene hører inn under generalforsamlingen.» Kvam bompengeselskap AS 3: «Føremålet til selskapet er å stå for bompengefinansiering/oppkrevjing til finansiering av aktuelle vegprosjekt i Kvam herad i samsvar med vedtak i Stortinget og avtale med Statens vegvesen.» Hardangerbrua AS 3: «Føremålet til selskapet er å stå for bompengefinansiering/oppkrevjing til finansiering av Hardangerbrua med tilførselsvegar i samsvar med vedtak i Stortinget og avtale med Statens vegvesen.» AS Austevoll bruselskap 2:«Føremålet til selskapet er å stå for bompengefinansiering/oppkrevjing til finansiering av bru-, tunnel- og vegprosjekt i Austevoll kommune i samsvar med vedtak i Stortinget og avtale med Statens vegvesen.» Forslaga vert å sende til selskapa for handsaming i styre og generalforsamling. 28/13 SAKSHANDSAMING BYGGJEPROSJEKT Fylkestinget vedtek å endre rutinane for politisk handsaming av byggjeprosjekt i samsvar med samandraget i denne saka. 29/13 REGIONALT FORSKINGSFOND VESTLANDET - ÅRSRAPPORT 2012 Fylkestinget godkjenner årsrapporten frå styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet for 2012. Fylkestinget ber regionalt forskingsfond vurdere eit nytt tema for utlysing: Berekraftig industri og teneste med vekt på grøn teknologi. 30/13 SØKNAD OM Å ARRANGERE SYKKEL - VM I 2017 I BERGEN OG BERGENSREGIONEN Fylkesutvalet 24.05.13 : 1. Hordaland fylkesting er positiv til at Bergen vert vertskapsby i ein norsk søknad om Sykkel-VM 2017, og ser på dette som ein svært attraktivt meisterskap å få til bergensregionen. 2. Fylkestinget føreset at meisterskapen vert finansiert gjennom eit spleiselag mellom idrett, næringsliv og offentlege styresmakter. 3. Fylkestinget legg til grunn at statleg medverknad til arrangementet står i høve til nivået på regionale styresmakter sine tilskot og at Bergen kommune og dei andre kommunane medverkar.

Side 10/13 regionale styresmakter sine tilskot og at Bergen kommune og dei andre kommunane medverkar. 4. Hordaland fylkesting er positiv til å støtte arrangementet med kr 15 mill. i samsvar med saksutgreiinga. Summen vert sett av på disposisjonsfond i samband med avsluttinga av rekneskapen for 2012. 5. Fylkestinget sluttar seg til at det vert arbeidd med å opprette eit arrangementsselskap for Sykkel- VM 2017. Fylkesutvalet får fullmakt til å ta avgjerd om fylkeskommunen skal ta del i eit slikt selskap. 32/13 FORSKOTTERINGSSAKER I ASKØY KOMMUNE - FV 562 FROMREIDE - KJERRGARDEN OG FV 223 MJØKEVIKSVARDEN - HERDLA BRU 1. Fylkestinget godkjenner at Askøy kommune får forskottera inntil 65 millionar kroner til utbetring av veg, og bygging av gang- og sykkelveg langs Fv 562 frå Fromreide til Kjerrgarden. Refusjon av midlane kjem til fråtrekk i sitt samla bidrag til Askøypakken på totalt 200 mill. kr. 2. Fylkestinget godkjenner at Askøy kommune får forskottera inntil 2,9 millionar kroner til bygging av gang- og sykkelveg langs Fv 223 frå Mjølkeviksvarden til Skansen (Herdla bru). Refusjon vert fastsett i samband med handsaminga av Regional transportplan 2018-2027. 3. Forskotteringane skjer på vanlege vilkår, utan kompensasjon for renter og prisauke. 33/13 TERTIALRAPPORT PR. 30. APRIL 2013 - REKNESKAPSPROGNOSE Fylkestinget tek tertialrapporten til orientering. Investeringsbudsjettet for 2013 vert endra slik: Meirutg./ Mindreutg./ Stad Art Prosjekt Tekst mindreinnt. meirinnt. 10 639 020 00 02301 00 06020 Årstad vgs. 45 000 000 10 614 020 00 02301 00 06026 Nye Voss gymnas 15 000 000 10 659 020 00 02301 00 06028 Nye Voss vgs. 12 000 000 10 638 020 00 02301 00 06029 Åsane vgs. 14 000 000 10 310 225 00 02000 00 07801 Billetteringsutstyr 4 000 000 10 300 225 00 02301 00 00009 Knarvik kai 1 000 000 10 300 420 00 02301 00 07602 Fylkesveginvesteringar 77 700 000 10 790 100 00 09100 00 09976 Bruk av lån 52 200 000 10 790 100 00 09400 00 09976 Bruk av disposisjonsfond 34 500 000 127 700 000 127 700 000

Side 11/13 34/13 GRIEGHALLEN IKS - SKIPING AV SELSKAP, KJØP OG UTLEIGE AV EIGEDOM 1. Fylkestinget vedtek å delta i Grieghallen IKS og godkjenner selskapsavtalen som ligg ved saka. Selskapet vert skipa saman med Bergen kommune. Kvar av deltakarane hefter for 50 % av selskapet sine plikter. Øvre låneramme for selskapet vert sett til 250 mill. kr med tillegg av eksisterande pantegjeld i Grieghallen AS på 55 mill. kr. 2. Fylkestinget godkjenner at fylkeskommunen sin del av selskapskapitalen er kr 500 000. Summen vert finansiert ved overføring frå kapitalfondet. Fylkesrådmannen får fullmakt til å delta i stiftinga av selskapet på fylkeskommunen sine vegne og gjera budsjettendringar som følgje av overføringa. 3. Fylkestinget legg til grunn at Grieghallen IKS kjøper bygning, naglefast inventar og teknisk infrastruktur for 71 mill. kr av Grieghallen AS. I tillegg kjem dokumentavgift. 55 mill. kr av kjøpesummen vert gjort opp ved at Grieghallen IKS overtek pantegjeld i Grieghallen AS. 4. Grieghallen AS har rett, men ikkje plikt til å kjøpa Grieghallen attende til skattemessig bokført verdi når låna er nedbetalte. Bokført verdi skal reknast ut frå dagens avskrivingsreglar og anna regelverk som kan påverka skattemessig verdi. Gjenkjøpsopsjonen må utøvast innan eit år etter eigedommen er nedbetalt og har som vilkår semje mellom alle aksjonærane i Grieghallen AS. 5. Fylkestinget føreset for gjennomføring at alle avtalar knytt til prosjektet og festekontrakten vert transportert til det nye selskapet Grieghallen IKS på uendra vilkår. 6. Fylkestinget legg til grunn at fylkesrådmannen kjem attende til framtidige økonomiske konsekvensar av finansieringsopplegget i budsjettet for 2014. 7. Fylkesordføraren vert valt som medlem i representantskapet i Grieghallen IKS med fylkesvaraordføraren som personleg varamedlem. 8. Fylkesordføraren får fullmakt til i samråd med Bergen kommune å utpeika eitt styremedlem med varamedlem. 9. Fylkesrådmannen får fullmakt til å nemna opp to kandidatar med varamedlemer til styret for Grieghallen IKS. 35/13 INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND FYLKESKOMMUNE, 2013-2016 1. Fylkestinget vedtek «Strategi for det internasjonale arbeidet 2013-2016» slik det ligg føre. 2. Fylkestinget gjev si støtte til den overordna tiltaksplanen for det internasjonale arbeidet i, slik den ligg føre. 3. For å sikre god rekruttering til utanlandsklassane er det viktig med god dialog med rådgivarar og språklærar i ungdomsskulane i Hordaland, slik at elevane får god informasjon om dei aktuelle tilboda.

Side 12/13 4. Tillegg i tekst: Samarbeidsregionar; etter nest siste avsnitt: Det er i 2012 vedteke å opprette en linje innanfor ST-program i Erfurt». 36/13 ÅRSMELDING FOR KLAGENEMNDA -2012 Fylkestinget tek klagenemnda si årsmeldinga for 2012 til orientering. 37/13 STØTTE TIL TALL SHIPS RACES BERGEN 2014 1. Fylkestinget viser til sitt vedtak i saka om godkjenning av rekneskapen for 2012 der det vart sett av 1 mill. kr til disposisjonsfond til Tall Ships Race-arrangementet i Bergen i 2014. 2. Tilskotet på 1 mill. kr vert å innarbeida i budsjettet for 2014. 38/13 UTFLYTTING OG FRITAK FRÅ VERV - SUPPLERINGSVAL 1. Representanten Vegard Ask får frå 01.09.13 og resten av valperioden 2011 2015 fritak frå verva som styremedlem i Sunnhordland museum, styremedlem i Hordaland Teater LL, varamedlem til rådet for Norsk Kulturarv, varamedlem til nasjonalparkstyret i Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde og varamedlem til fylkesmøtet i KS. 2. For resten av valperioden 2011 2015 vert det gjort slike val med verknad frå 01.09.13: a. Medlem i fylkestinget etter opprykk: Elisabeth Næverlid Sævig b. Medlem i kultur- og ressursutvalet: Kristian Helland c. Varamedlem i fylkesutvalet: Kristian Helland d. Varamedlem i fylkesvalstyret: Kristian Helland e. Sunnhordland museum, styremedlem: Harald Rydland f. Hordaland Teater LL, styremedlem: Kristian Helland f. Norsk Kulturarv, varamedlem til rådet: Kristian Helland g. Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde, varamedlem til nasjonalparkstyret: Aslaug Hellesøy h. Fylkesmøtet i KS, varamedlem: Torill Selsvold Nyborg

Side 13/13 39/13 ANSKAFFING AV BYBANEVOGNER OG FORLENGING AV EKSISTERANDE VOGNER - BYGGETRINN 3 1. Fylkestinget godkjenner kjøp av 8 nye bybanevogner og forlenging av 20 vogner til 42 meter i samband med at Bybanen vert forlenga til Flesland (byggetrinn 3) 2. Fylkestinget godkjenner at ein nyttar opsjonar i avtalen med leverandøren Stadler i samband med innkjøpet, og at fylkesrådmannen får fullmakt til å inngå kontrakt med vognleverandøren 3. Fylkestinget godkjenner at investeringsbudsjettet for 2013 vert auka med NOK 127,5 mill for førehandsutbetaling ved kontraktsinngåinga. Restfinansiering vil bli innarbeidd i økonomiplanperioden 2014-2017 4 Budsjettet vert endra slik: Stad Art Prosjekt Tekst Meirutg. Meirinnt. 10 310 235 00 02100 00 07803 Bybanen vognm. 127 500 000 10 790 100 00 09100 00 09976 Bruk av lån 127 500 000 127 500 000 127 500 000 For vedtak i andre saker enn dei som er med her, vert det vist til møtebok som vert klar seinare denne veka.