Kommuneplan samfunn. Midsund 2020 - på veg mot toppen

Like dokumenter
Kommunal planstrategi for Midsund kommune

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Kommunal planstrategi for Midsund kommune

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Kommuneplan. Midsund 2020

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Politisk program for Jølster KrF

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Barnehageplan for Vinje kommune

Program OSTERØY HØGRE

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Midsund kommune Arkivsak: - Arkiv: 144 Saksbeh: Dato:

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

«Nordhordland kommune»

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Sandeid skule SFO Årsplan

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Kommunedelplan for oppvekst

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Fylkesmannen si rolle i kommunale plansaker - med søkelys på plansamordning hos FMMR

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Planstrategi for Ullensvang herad

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Program for. Sykkylven Venstre

Ei god framtid for alle!

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

ROS-analyse i kommuneplan

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Avdeling for regional planlegging

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Forfall meldast snarast til Pia Rørby Ruud ( ) eller tenestetorget ( ). Saker til behandling

SOGN driftig raus ekte

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Kommuneplanens samfunnsdel Med glød og go fot

Kommunedelplan for oppvekst

Framtidige behov for hjelpemiddel

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Utval Saksnummer Møtedato Time formannskap Time kommunestyre

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Den nye seksjon for applikasjonar

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Frivilligpolitisk plattform

Referat frå folkemøta:

Strategiplan for Apoteka Vest HF

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Frivilligpolitisk plattform

Til veljarane i Tysnes

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Ørskog kommune - Sunnmørsperla ved Storfjorden -

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Ål Venstre. Ål Venstre

Kommuneplan Samfunnsdel

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Søknad. RF

Rullering av kommunetemaplan for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv, kulturbygg og kulturminne for 2015

Folkehelse: Nye lover og reformer som er påp

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Transkript:

Kommuneplan samfunn Midsund 2020 - på veg mot toppen Kommunestyrevedtak av 1. september 2011, sak 11/62 1 av 25

Forord Ei rullering av kommuneplanen har vore etterlengta då samfunnet har endra seg i stor grad sidan førre plan vart vedteken. No når eit utkast til ein plan ligg føre, er det med ønske om at lokalsamfunnet skal finne støtte til sine utviklings- og endringsprosessar i åra som ligg framfor oss. Det verste som kan skje er at planen vert lagt i ein skuff og gløymd. I prosessen med denne planen har vi invitert til mange ulike møteplassar der innbyggjarane, tilsette, politikarar og næringsliv kunne uttale seg om kvar vi er i dag, og korleis vi saman skal utvikle oss til ei felles ønska framtid. Skal vi kome dit, blir det ei utfordring for oss alle å disiplinere oss til å finne løysingar og svar i tråd med kommuneplanen, og ta denne sine mål og visjonar inn i det vi gjer i kvardagen. I planen er det foreslått ein visjon; Midsund på veg mot toppen. Visjonen skal både vise kva vi er og kva vi ønskjer å strekke oss mot å bli. Det er søkt å finne eit innhald som flest mogleg kan kjenne seg att i; både næringsliv, innbyggjarar, tilsette og innflyttarar. Visjonen tek utgangspunkt i kommunevåpenet, fjell i hav, vårt unike friluftsliv der mange oppsøkjer toppane i kommunen, ambisjonane til både kommunale tenester og næringsliv som uttrykker eit høgare ambisjonsnivå enn dagens situasjon. Vår visjon viser retning og gir energi mot noko som vi meiner vil vere ei styrt og ønska kvalitetsutvikling av lokalsamfunnet. Eg ønskjer at du som lesar gir tilbakemelding på om du kan identifisere deg med denne visjonen. For at verdiane, visjonen og måla i dette dokumentet skal få liv og meining, må mange nok gjere dei til sine og agere i samsvar med desse. Vi må lage konkrete handlingsplanar som kan bidra til at vi når dei måla vi set oss. Saman og kvar for oss vil vi då utvikle Midsund til ein endå betre plass å bu. Eg rettar ein særskild takk til dei fire kommunestyrerepresentantane Eva Tangen, Odd Helge Gangstad, Hallstein Solvang og Aslaug Jenset Sanden som i planen er brukte som ambassadørar for dei mål og verdiar vi ønsker heile lokalsamfunnet skal kunne kjenne seg igjen i og slutte opp om. Midsund, 15.04.2011 Helge Orten Ordførar Vedtak i Midsund kommunestyre, 1.september 2011, sak 2011/.. 2 av 25

Innhald Kva er kommuneplanen?...4 Medverknad/prosess...4 Rammer for planen...5 Utfordringar...7 1. Busettingsmønster...7 2. Berekraftig utvikling...10 3. Arealforvaltning...11 4. Infrastruktur...12 5. Folkehelse...12 6. Styrke verdiskapinga...13 7. Sysselsetting...14 8. Stå fram som attraktiv med godt omdømme...14 9. Kommunestruktur...15 10. Oppvekstmiljø...15 Gjennomgåande tema i planen...17 Folkehelse...17 Likestilling...17 Integrering...17 Berekraftig utvikling...17 Frivillig innsats...18 Samfunnstryggleik og beredskap...18 Visjon og overordna mål...19 Hovudmål 1...20 Hovudmål 2...21 Hovudmål 3...22 Hovudmål 4:...23 Hovudsatsingsområde...24 3 av 25

PLANOMTALE Bakgrunn og formål Gjeldande kommuneplan for Midsund vart vedteken i 1994, og skulle gjelde for perioden fram til år 2000. Sidan 1994 har endringar i samfunns- og næringsutviklinga lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt gitt lokalsamfunnet nye og endra utfordringar som til dømes innvandring, eldre befolkning, skifte i lokal ressursforvaltning og næringsliv, endra rammevilkår og samferdsel. Det er difor på tide å oppdatere planen i lys av den utviklinga som har skjedd og dei utfordringar ein står over for i komande planperiode. Den nye planen har ein 10 års planhorisont, og tek for seg perioden 2010-2020. Planen skal sette mål for ønska samfunnsutvikling og vise korleis ein skal nå måla. I kommuneplanen er det presentert utfordringar, mål og strategiar for nokre gjennomgåande tema som får konsekvensar for mange samfunnsområde. Desse er: berekraftig utvikling og klimautfordringar befolkningsutvikling og busettingsmønster utfordringar i folkehelsearbeidet samfunnstryggleik og beredskap eit inkluderande samfunn Kva er kommuneplanen? Det formelle grunnlaget for utarbeiding av ein kommuneplan er heimla i Plan- og bygningslova, der det m.a. heiter i 11-1. Kommunen skal ha en samlet kommuneplan som omfatter samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgaver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgaver i kommunen. Den skal ta utgangspunkt i den kommunale planstrategien og legge retningslinjer og pålegg fra statlige og regionale myndigheter til grunn. Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringer, mål og strategier for kommunesamfunnet som helhet og kommunen som organisasjon. Kommuneplanens samfunnsdel skal være grunnlag for sektorenes planer og virksomhet i kommunen. Den skal gi retningslinjer for hvordan kommunens egne mål og strategier skal gjennomføres i kommunal virksomhet og ved medvirkning fra andre offentlige organer og private. Pbl 11-3. seier at samfunnsdelen i kommuneplanen skal leggjast til grunn for kommunens eiga verksemd og for verksemda til statlege og regionale styresmakter i kommunen. Minst ein gong i løpet av kvar valperiode bør/skal kommunestyret vurdere kommuneplanen samla. Dersom det er nødvendig, skal planen endrast. Medverknad/prosess Til grunn for gjennomføringa av kommuneplanen ligg planprogram, vedtatt av kommunestyret i k-sak 09/ 29 30.04.2009. Det er gjennomført følgjande tiltak for å sikre medverknad og dialog: - Framtidsbilete utvikla av det skotske firmaet Gillespies etter samtalar med representantar frå lokalt næringsliv, ungdom, politikarar og rådmann. - Presentasjon av framtidsbilete i folkemøte på Bygdheim 11.06.2009 - Grendamøte i alle skulekrinsane, 7., 8. og 9.september 2009 - Gruppearbeid ved Midsund Vaksenopplæring for innvandrarar, juni 2009 4 av 25

- Spørjeundersøking blant dei tilsette i Midsund kommune Spørjeundersøking blant utflyttarane, frå april til juni 2009, samt møte med utflyttarar under Midsundfestivalen på Midsund Kro 11.07.2009 Dialogmøte for kommunestyret, einingsleiarar og hovudtillitsvalde med val av visjon og mål, 19.11.2009. Verkstad på leiarmmøte og hovudtillitsvaldmøter i Midsund kommune februar/ mars 2011 Verkstad i planutvalet 7.3.2011 med representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommmune, plan- og utviklingsavdelinga Samanheng i plansystemet For at kommuneplanen sin samfunnsdel skal bli eit godt overordna styringsverktøy, vert det forutsett at planar på lågare nivå i plansystemet vert utarbeidd i samsvar med styringssignala i samfunnsdelen. Det er spesielt viktig å etablere ein nær samanheng mellom kommuneplanen og budsjett- og økonomiplanen og tilsvarande ein nær samanheng mellom dei langsiktige måla i kommuneplanen og dei meir handlingsorienterte måla i økonomiplanen. Det er lagt vekt på å etablere god samanheng mellom overordna målsettingar og målsettingar og strategival knytt til ulike enkelttema. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vere eit langsiktig styringsdokument som bør brukast aktivt i kommunen si totale planlegging. Planen legg grunnleggande premissar for prioriteringar innanfor kommunen si mangfaldige verksemd. Rammer for planen Gjennom lover, nasjonale retningslinjer og regionale planar legg nasjonale styresmakter føringar for korleis kommunane utfører oppgåvene sine og pålegg dei å gjennomføre langsiktig og forutsigbar planlegging. Plan og bygningslova Plan- og bygningslova er utgangspunktet for den langsiktige kommunale planlegginga. Alle norske kommunar blir pålagt gjennom Plan- og bygningslova å «utføre en løpende kommuneplanlegging med sikte på å samordne den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utvikling innenfor sine områder». Nasjonale føringar Forskrifter, rikspolitiske retningslinjer, rundskriv og rettleiarar gir nasjonale føringar og anbefalingar for kommunal planlegging nokre viktige blir nemt her. Rikspolitiske retningslinjer for å styrke barn og unge sine interesser i planlegginga Rikspolitiske retningslinjer for samordna areal og transportplanlegging Stortingsmeldingar og andre dokument Regionale planer Fylkesplan for Møre og Romsdal 2013-2016 med satsingsområda kultur, kompetanse, verdiskaping og samferdsel. Dei regional delplanane for senterstruktur, for bibliotek, for kulturminne av regional og nasjonal verdi, for samfunnstryggleik og beredskap, for folkehelse, for tannhelse, for kystsona, for Klima og energi, samt forvaltingsplan for vassregion Møre og 5 av 25

Romsdal og fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområde viktige grunnlagsdokument som gjev føringar for lokal politikk innan dei omtalte områda. I vårt arbeid med lokal planstrategi vil vi byggje vidare på fylkeskommunen sin planstrategi så langt dette er naturleg. Kommunale planer reguleringsplan sentrum kommuneplanen sin arealdel 6 av 25

Utfordringar Det er lagt vekt på å vurdere nokre vesentlege trekk ved samfunnsutviklinga, å sei noko om korleis slike trekk kan påverke Midsund som samfunn, og å fremje mål og strategiar som prioriterar slike utfordringar. Utviklinga utfordrar kommunen og andre til å tenke nytt, heilheitleg og framtidsretta. 1. Busettingsmønster Folketalsprognosen frå Statistisk sentralbyrå viser at ein i framtida kan vente nedgang i folketalet i Midsund. Likevel har vi dei siste åra hatt vekst i folketalet, noko som kan forklarast med fødselsoverskot, tilflytting og innvandring frå utlandet, spesielt tidligare Aust-Europa og Asia. Talet på vaksne og eldre i befolkninga aukar. Auken gjeld både forventa leveår og relativ del av folketalet. Dette gir fleire pleietrengande og auke i leveår med omsorgsintensiv pleie. Ungdom flyttar bort vi manglar tilgang på den mest arbeidsproduktive populasjonen i alderen 25-49 år. Mindre del av dei med høgare utdanning blir igjen, eller flyttar tilbake etter avslutta utdanning. Kvinneunderskotet blir til ein viss grad kompensert med innvandring frå land utanfor Europa. Med auka integrering stig utfordringane. Det blir krav til nye offentlege tenester, nye arenaer for borgardialog og tilrettelegging for aktiv og informert samfunnsmedverknad. Utan innvandrarane hadde kommunen hatt tilbakegang og lokalt næringsliv hadde hatt mindre nødvendig arbeidskraft. Utfordringa må møtast positivt og aktivt frå alle tenester og lokalsamfunnet rundt. Større kjøpekraft og forventning til kvalitet på tenester til eldre befolkning aukar presset på å få fleire hender i arbeid, kvalitet og kostnader i offentlege omsorgstenester. Statlege signal seier at helse- og omsorgstenestene må utviklast og ha stort fokus på førebygging og folkehelseutvikling(samhandlingsreforma). Statlege, fylkeskommunale og kommunale helseog omsorgstenester skal samordnast fagleg og ressursmessig. Med ein prognosemodell basert på middels nasjonal vekst, vil ein sjå følgande utvikling for dei ulike aldersgruppene. Figur 1; Yngre del av befolkninga 0-5 år 250 6-12 år 200 13-15 år 16-19 år 150 100 50 0 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2025 2030 7 av 25 Del born i alderen 05 er relativ konstant i planperioden, mens delen eldre born og ungdom minkar. Dette tyder på at barnefamiliar flyttar ut av kommunen gjennom skuleåra, samt at befolkinga vert gjennomsnittleg eldre.

Figur 2; Eldre i del av befolkninga 300 250 200 150 100 67-79 år 80 år og eldre 50 0 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2025 2030 80+ stabilt i planperioden. Det er først og fremst etter år 2020 at ein vil møte den verkelege store eldrebølga. Her er det grunn til å merke seg at det er den eldste gruppa som vekst relativt mest. Figur 3; Yrkesaktive Om sysselsettingsbehovet held seg konstant framover, vil dei som i dag er rundt 45 år halde seg i arbeid lokalt. 560 540 520 500 480 Dei unge reiser ut, og for få reetablerar seg i kommunen i vaksen alder. 20-44 år 45-66 år 460 440 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2025 2030 Befolkningsutvikling Demografi 8 av 25

Pr. 1. januar 2010 budde det 1952 innbyggjarar i Midsund kommune, og per 1.1.2011 hadde dette talet auka med 16 personar til 1968 innbyggjarar. Gjennom året vart 25 born født og 18 personar døydde. Gjennom året flytta totalt 81 personar inn og 71 personar ut frå kommunen. Av desse flytta 28 inn frå utlandet og 7 til utlandet gjennom året. Midsund Begge kjønn Menn Kvinner I alt Alder 0 1 968 24 1 015 13 953 11 1-4 5 6-12 13-15 16-19 20-39 40-54 55-66 67-79 80-89 9095 20 202 94 101 416 376 290 215 115 20 54 15 94 49 55 217 200 162 103 49 4 41 5 108 45 46 199 176 128 112 66 16 Folkemengd, etter kjønn, alder og kommune. 1. januar 2011. Folketalsutvikling perioden 2006-2011; Befolkning pr 1.1 2006 2007 SUM 1923 1910 2008 1901 2009 1922 2010 2011 1952 1968 0,89 0,81 0,52 0,71 0,63 0,86 0,84 0,81 0,71 0,63 0,71 0,66 0,928 0,894 0,92 0,95 0,886 0,926 0,69 0,56 0,64 0,51 0,48 0,6 0,4 0,22 0,26 0,21 0,18 0,29 0,66 0,47 0,57 0,67 0,54 0,56 0,62 0,49 0,47 0,41 0,4 0,44 0,61 0,44 0,48 0,38 0,43 0,38 0,69 0,67 0,59 0,55 0,57 0,58 0,62 0,43 0,62 0,54 0,5 0,68 0,68 0,57 0,62 0,6 0,49 0,59 0,73 0,62 0,62 0,62 0,59 0,65 Fræna 0,85 0,58 0,55 0,917 0,63 0,3 0,58 0,48 0,38 0,65 0,59 0,57 0,61 Likestillingsindeks 2010 Grad av kjønnsbalanse i privat sektor 0,96 0,87 0,88 0,96 0,99 0,84 Grad av kjønnsbalansert utdanningsprogram Grad av kjønnsbalanse i offentlig forvaltning Molde Haram Vestnes Midsund Sandøy Aukra Andel kvinnelige ledere Grad av kjønnsbalansert næringsstruktur Andel fedre 2006 og 2007 med fedrekvote eller mer Utdanningsnivå blant kvinner og menn Andel sysselsatte i deltid, kvinner og menn, 20-66 år Kvinneandel Kommunestyrerepr 2007 Gjennomsnittlig bruttoinntekt, kvinner og menn Andel barn 1-5 år i barnehage Deltaking i arbeidsstyrken, og menn 2-66år Utdanning, likestilling og næringsstruktur: Midsund er i liten grad reelt busettingsalternativ for høgt utdanna, og då i mindre grad for kvinner enn menn. Dette fører til negative konsekvensar for den sosiale, økonomiske og reproduktive utviklinga lokalt og regionalt. Dette blir i nokon grad kompensert med giftemål ut over landegrensene og særskilt med kvinner frå austen. Likestillingsindeksar 2010; jo høgare tal og nærare 1 jo betre likestilt er kommunen. Det mest framtredande for dei kommunane som skårar lågt på indeksen, og som hamner i gruppa lav grad av likestilling, er at verdiane på indikatorane for fordeling av høvesvis inntekt, deltidsarbeid, leiarar i kommunen og kommunestyrerepresentantar er vesentleg lågare enn for landsgjennomsnittet. Dei minst likestilte kommunane skil seg også ut ved å ha ein ulik fordeling av kvinner og menn i offentleg og privat sektor. Utdanningsnivå 2009 i prosent (16 år og eldre) Grunnskulenivå Vidaregående Universitet og 9 av 25 Universitet og Uoppgitt/ ingen

skule Midsund M&R Noreg 35,6 30,2 28,3 44,9 44,7 40,7 høgskule kort høgskule lang utdanning 11,9 1,7 17,8 3,3 19,7 6,2 6,0 4,0 6,2 Del av befolkninga med høgaste nivå utdanning vil påverke utviklingsmulegheitane til lokalt næringsliv og attraktiviteten til lokalsamfunnet for ungdom og særskilt utdanna kvinner. Inntekt Begge kjønn Midsund M&R Noreg 321 400 330 600 345 300 Menn Kvinner 418 000 411 600 423 000 Relativ Bruttoinntekt kjønnsforskjell median mann/ kvinne 221 500-47,0 273 900 249 300-39,4 290 800 269 000-36,4 299 600 Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år eller eldre i 2008 for Midsund viste at 16,3 % av befolkninga hadde inntekt over kr 500 000.(192 personar). 2. Berekraftig utvikling I berekraftbegrepet om samfunn inngår tema som kan kategoriserast som biologisk, sosial og økonomisk berekraft. Biologisk berekraft Menneskeskapte klimaendringar gir grunn til å forvente meir ekstremvêr av alle vêrtypar. I eit lengre tidsperspektiv enn kommuneplanen sin samfunnsdel, må vi allereie no planlegge for følgjer av klima i form av arealrestriksjonar for bygging i strandlinja og byggehøgde ved hav, td ved regulering av Midsund sentrum. Ved stigning av havnivået vil vi få mindre landareal. Miljø som no ligg ved havnivå, vil kunne stå i vatn om 50 år. Endringar i saltnivå og for stort haustingstempo vil gi endringar i rammevilkåra for fiskerinæringa. Ei evt svekking av ozonlaget gir meir strålingsskadar og kan ha verknad på det biologiske artsmangfaldet i området. Gjengroing av kulturlandskap grunna mindre beitetrykk gir tap av artar. Tilvekst av nye artar, endra biologisk mangfald, tap av verdifullt landbruksareal og endra/ tap av kulturlandskap kan bli resultatet dersom denne utviklinga held fram. På denne måten kan grunnlaget for reiseliv/ turisme falle bort. I ei tid då færre ønsker å nytte jorda til aktivt jord- og skogbruk, er det konfliktar om bruk av areal. Det er og liten forståing for kommunen sitt ansvar etter lov om jordvern for å sikre framtidig bruk av arealet til mat- og næringsproduksjon. Ein ROSanalyse på arealbruken må prioriterast innan få år. Det er og ei utfordring å tilpasse viltbestanden til næringsgrunnlaget og eit akseptabelt skadeomfang. Dette for å redusere sjukdom gjennom flåttsmitte, sjukdomsutvikling på dyra, skade på dyrka mark og kollisjonsfare etter vegane. Det er ei utfordring å ha ei langsiktig, berekraftig forvalting av areal- og naturressursane. Mangfaldet i naturen er grunnlaget for at vi skal overleve, skape verdiar og trivast. Midsund har unike naturverdiar som må vernast og forvaltast berekraftig. Vi har ei lokal utfordring med etterslep i investeringar på naudvassforsyning og overvatnanlegg/ avløp i store delar av kommunen 10 av 25

Sosial berekraft: Overgangen frå eit relativt homogent og oversikteleg øysamfunn med nære slektsband, felles tradisjon og språk til eit fleirkulturelt samfunn med pt 300 innvandrarar med bakgrunn frå heile verda av ei total befolkning på ca 2000 menneske gjev integreringsutfordringar på alle samfunnsområde. Mykje lokalsamfunnsutvikling og lokalsamfunnsdrift er gjort på dugnad gjennom åra. Det er ei utfordring i ei tid med auka lovstyring av minimumsnivå på offentlege tenester, auka innvandring og mindre homogen forventning til nivå og form på offentlege tenester, å halde denne verdiskapinga oppe. Utan ei auka integrering, aktiv rekruttering, opplæring og medverknad av nye generasjonar midsundingar, med og utan opphav i Midsund vil denne verdiskapinga kunne forvitre og falle bort. Økonomisk berekraft: Små kommunar på Midsund sin storleik kan møte framtidige store utfordringar. Med innføring av samhandlingsreforma, vil kommunen sin evne til å gje tilstrekkelege kvalitative tenester etter lov og lokale forventningar bli ytterlegare utfordra. I dag er kommunen ein del av nærare 30 ulike interkommunale selskap/ partnarskap for å sikre eit breidt og godt nok fagleg tilbod. Denne utviklinga vil fortsette om vi ikkje går saman i ein større kommune. 3. Arealforvaltning Det er grunn til å vente større press på bruk av areal. Det er mange politiske vegval å ta; skal ein prioritere jordbruk, tillate bygging i strandsona, legge til rette for fritidsbustader i fjellområda, fritidsbustader som heilårsbustad og sesongbustad, tilgang til båtplassar, naust, tilrettelagde turløyper og sikra friluftslivsområde? Det er og konfliktar og spenningar mellom forventningane til urørte og utbygde areal. Utflyttarar med arva eigendommar og forventingar til fritidsbustad har andre krav enn dei fastbuande. Det har vore og er framleis for få bustader tilgjengeleg. Vi må bestemme om vi ønsker ein politikk som tillett folk å bygge der dei sjølv ønsker, eller om utbygginga skal vere i regulerte område. Det er ulike forventningar til lokalisering av næringsareal, for bruk av nære kystareal til industriformål kontra bustader/friluftsformål for allmenta. Det vil vere behov for tilgjengeleg areal for nyetableringar, for små einskildføretak og for store industrisatsingar. Det er ønske om tomter med tilleggskvalitetar i form av nærleik til sjø/ båtplassar, sentrumsbustader, tilrettelagde friluftslivsanlegg i form av løyper og dagsturmål ut i frå dei einskilde bustadfelt, nærmiljømøteplassar/ integreringspunkt. Samstundes skal kommunen legge vekt på ei berekraftig utvikling som gjev lågare forbruk av energi, klimagassar osv. Kommunen pliktar også å ivareta oldtidsminne og kulturminne. Det er ønske om ungdomsbustader og ungdommelege bustadmiljø, med bustader tilpassa storleik til ulike livsfasar og privatøkonomi. Mange, og spesielt ungdom, ønsker seg nye bustadområde med meir spanande arkitektur enn i noverande bumiljø. Det er ei stor utfordring å skape eit spanande og levande sentrum med møteplassar og tilstrekkelege sørvisfunksjonar for å demme opp for handelslekkasjen til kommunane rundt. 11 av 25

Utfordringa er å ha oppdaterte arealplanar med tilstrekkeleg politisk forankring som tek høgde for alle desse ønska, og tilstrekkeleg fagkompetanse og kapasitet innan kommuneadministrasjonen til å leie ei styrt og ønska utvikling. Det er også viktig med investorar som har tilgjengeleg kapital og risikovilje til å investere lokalt. 4. Infrastruktur Midsund er ein øykommune der samferdselsløysingar er av vesentleg interesse for utvikling og busetting. Vesentlege utfordringar framover er fastlandssamband gjennom Møreaksen, samt betra buss- og ferjetilbod. Utviklinga i Midsund framover vil henge nøye saman med regionsutviklinga rundt oss, og særskilt til utviklinga av regionsentra i Molde og Ålesund. Utbygging av gangvegar, sykkelstiar og veglys vil gje ein gevinst både til folkehelsa og miljøet. Slik utbygging vil minske bilbruken og føre til at folk går og syklar til skule, arbeid og ulike aktivitetar. For friluftsliv og turisme er det behov for oppgradering av parkeringstilhøve ved start og stoppunkt for turstiar og dagsturmål. Skilting og merking er også ei viktig oppgåve. Det er viktig å prioritere vedlikehald av eksisterande kommunalt vegnett. Vi får ei utfordring innan år 2016 med å lage veg- og gatenamn i heile kommunen. Det er og auka krav og forventningar til IKT investeringar som breiband- kapasitet, tilgjenge og kunnskap. Kommunen har i liten grad alternative vasskjelder i naudsituasjonar og ved akutt forureining av drikkevasskjeldene i kommunen. Dette må utbetrast. Den lokale trafikktryggleikplanen er gamal og treng oppdatering og omprioritering for å stette dagen situasjon. Midsund sentrum må utviklast til eit lokalt attraktivt sentrum med ønska fasilitetar både for næringsliv, sosiale og kulturelle funksjonar. 5. Folkehelse Midsund kommune har tradisjon for eit breidt og inkluderande idrett- og friluftsliv for alle aldersgrupper. Dette må takast vare på og vidareutviklast, spesielt med omsyn til nye utfordringar og krav til universell utforming av anlegg og tilbod. Både nasjonalt og lokalt har ein store folkehelseutfordringar knytt til inaktivitet, feil kosthald, røyking, rus, psykiske problem og manglande tilknyting i lokalsamfunnet. Dette er helseproblem som i stor grad har med sosial status å gjere, og problemet er aukande. Det er ei stor utfordring å endre tiltaka frå reparasjon når skade er skjedd til å identifisere og setje inn målretta, kostnadseffektive førebyggingstiltak til riktig tidspunkt. Samhandlingsreforma tvingar fram meir fokus på førebygging og endrar kommunen si rolle, særskilt innan arbeidet med inaktivitet, psykisk helse og rus. 6. Styrke verdiskapinga Sysselsatte personar etter arbeidsstad, 4.kvartal 2009 i % 12 av 25

Jordbruk, skogbruk og fiske Bergverksdrift og utvinning Industri Elektrisitet, vatn og renovasjon Bygge- og anleggsverksemd Varehandel, motorvognreparasjon Transport og lagring Overnattings- og serveringsverksemd Informasjon- og kommunikasjonverksemd Finansiering og forsikring Teknisk tenesteyting, eigendomsdrift Forretningsmessig tenesteyting Offentleg administrasjon Undervisning Helse og sosialtenester Personleg tenesteyting Uoppgitt 13,5 0,1 17,1 0,0 11,3 6,4 8,6 1,4 0,4 1,0 2,3 2,2 2,5 7,0 24,3 1,4 0,5 Det er lokalt, regionalt og nasjonalt identifisert eit stort potensiale knytt til reiseliv/ turisme. Det er lokale ønske om at dette skal bli ei vekstnæring i Midsund, nært knytt til lokale kulturminne, natur og fysisk aktivitet. Møre og Romsdal fylke har sett fokus på dette og ønsker å prioritere produktutvikling, marknadsføring og kompetanseauke. Næringsaktørane i Midsund er små, og dei treng nettverk og kompetansestøtte for å ta del i utviklinga. Jordbruksareala i Midsund er nokre av dei mest produktive per m2 i Møre og Romsdal, men færre ønsker å drive med husdyrhald og jordbruk. Villsauhald er einaste vekstnæringa, men det er framleis mykje meir areal enn det er dyr. I eit langsiktig miljøperspektiv kan lokal/ regional sjølvforsyning bli eit tema. Gjengroing av landskap og avvikling av gardsbruk gir tap av kompetanse og framtidige arbeidsplassar, slik at det heller ikkje skjer nyrekruttering. Tilrettelegging av betre driftsmetodar som gir betre arbeidstidsordningar, mindre einsame arbeidsplassar, styrking av tryggleik og meir oversiktelege driftsrammer for den enkelte, kan medverke til å oppretthalde næringa. Fiske og marine fag, spesielt knytt til oppdrett, er ei framtidig vekstnæring. Geografisk ligg Midsund gunstig til for utvikling av slik næring. Når det gjeld arealplanlegging, må ein ta omsyn til dette. Møre og Romsdal fylke og kommunane rundt ønsker å vidareutvikle næringar som leverer til gass, olje, offshore- og energiteknologi. Dette er ei muleg vekstnæring for kommunen. Aker Solution representerer ein viktig funksjon i midsundsamfunnet, og bedrifta er ein viktig identitetsfaktor. Bedrifta har ambisjonar om å opparbeide endå meir kompetanse innanfor sitt spesialområde/ kompetanse på spesialsveis og konstruksjon av avanserte offshore installasjonar. Ei sentral målsetting er å få til eit sterkare engineeringsmiljø i Midsund. Midsund kommune er største arbeidsgjevaren i kommunen. Her er mange kvinner sysselsette. Mange har deltidsstillingar innan administrasjon og oppvekst, pleie og omsorg. Økonomiske krisetider med nedskjeringar i det offentlige forbruk, rammar i stor grad kvinnearbeidsplassar i form av mindre stillingar, meir oppsplitta stillingar og tap av fagmiljø. Alle desse faktorane er viktige for å halde på kvinner i distrikta og få tilflytting av barnefamiliar. 13 av 25

Midsund kommune har i liten grad næring med utspring i kunst og kulturfag, samt høgteknologiarbeidsplassar/ yrke med ungdomsappell (målt i form av arbeidsplassar lokalt i forhold til dei mest populære faga frå vidaregåande opplæring og høgskule/ universitet). 7. Sysselsetting På sikt er det utfordrande å skape nok arbeid til alle som ønsker sysselsetting lokalt med tanke på krav til variasjon i næring, kompetansekrav, eksport, import, turisme, reiseliv, jordbruk, fiske, oppdrett/ fiskeforedling. Det er ei sentral utfordring å få fleire og meir varierte kompetansearbeidsplassar, nyetableringar, arbeidsplassar knytte til reiseliv, kultur, teknologi som verkar spennande nok til at ungdom kjem tilbake og satsar her. Midsund sin attraktivitet som bustadkommune heng nært saman med regionsutviklinga. Vi er avhengig av at utviklinga av ein større felles regional bu-og arbeidsmarknad samt at kulturell og sosialmarknaden lukkast og realisering av samferdselsløysinga Møreaksen. Det må arbeidast med gründer/ innovasjonstilrettelegging i form av opplæringsaktivitetar retta mot barn, unge og kvinner. Dersom noverande flyttemønster held fram, blir det vanskeleg å skaffe nok arbeidskraft i pleie- og omsorgssektoren. Det finnst lokale ønske om ytterlegare satsing innan fornybar energi og vindkraft. Om dei lukkast i sine planar, vil dette gje mange nye mulegheiter og utfordringar til lokalsamfunnet. Det trengst tilrettelagt næringsareal. Vidare blir rekruttering og innlosjering av dei mange arbeidarane i oppbyggings- og driftsfasen ei utfordring. I overkant av 200 personar pendlar ut i frå Midsund, og ca 75 inn til Midsund. Hovuddelen av inn- og utpendling er til Molde (ut ca 150, inn ca 45), Haram, Aukra, Fræna og Ålesund. Det er inn- eller utpendling til totalt 21 av 36 kommunar i Møre og Romsdal. 8. Stå fram som attraktiv med godt omdømme Vi har hatt stor tilflytting og innvandring som følgje av stor aktivitet i næringslivet og behov for rekruttering av riktig fagkompetanse. I tillegg kjem familiegjenforening med ekteskap på tvers av landegrenser. Å gå frå eit relativt homogent og oversikteleg lokalsamfunn til eit mangfaldssamfunn med like høve for alle å ta del i, gjev mange integreringsutfordringar. Ei stor del av ungdomen reiser ut i løpet av vidaregåande skule, og kjem i liten grad tilbake. Dette gjev utfordringar med ei aldrande befolkning, liten tilførsel av ny kompetanse og fagleg nettverk for ungdom. I kommunen er det mange arbeidsplassar med turnus- og skiftarbeid. Dette gjev store utfordringar i strukturering av lokalsamfunnet. Barnetilsynstilboda i barnehage og SFO må møte etterspurnaden. Ei meir fragmentert befolkning, utan sterke familienettverk rundt seg, treng nye former for sosiale møteplassar for informasjon, demokratiutvikling og sosialisering/ integrering. 14 av 25

Midsund kommune har arbeid i dei seinare åra med reguleringsplan for sentrum som no hausten 2011 kjem til ny eigengodkjenning. I tillegg skjer det ei rivande utvikling med fortetting og utvikling av sentrumsfunksjonane i samarbeid med lokalt næringsliv, grunneigarar og Midsund Marina. Sumaren 2011 er det kome på plass ny reguleringsplan for Midsund Marina og sjøarealet som følgjast opp med ny detaljregulering for landområdet. Næringslivet med meir har siste åra lansert ein mengde ideskissar og utkast for heile eller delar av sentrum. Samarbeidet om sentrumsutvikling med open dialog mellom alle partar vil prioriterast i det vidare. For Midsund er det viktig å støtte opp om Molde som regionsenter, der styrkinga og veksten der legg til rette for vidare utvikling og vekst og i Midsund. I tillegg til å støtte opp om utviklinga av regionsentret, og utviklinga av ein større, felles bu- og arbeidsmarknadsregion i Møre og Romsdal, legg vi til rette for ei utvikling av Midsund sentrum som tettstaden i eigen kommune som skal ha attraktive sentrumsfunksjonar både innan sal, sørvis og tenester og offentlege funksjonar. 9. Kommunestruktur Eit mykje diskutert tema i rikspolitikken er ønske om/ behovet for ei samanslåing av kommunar til større einingar. Den nye samhandlingsreforma som tek opp framtidas helse- og omsorgsoppgåver, føreset mellom anna at kommunane i mykje større grad samarbeider tettare om desse oppgåvene, anten i form av samanslåtte kommunar eller tett interkommunalt arbeid. Midsund kommune har til tider problem med å rekruttere fagfolk. Ein del fagområde er administrert gjennom interkommunale samarbeid (pr januar 2010 er Midsund med i 27 ulike interkommunale samarbeid) og kjøp av tenester frå nabokommunar. Dette kan utarme det tverrfaglege miljøet i kommunen, skape større avstand mellom brukar og tenesteleverandør og komplisere styring av den kommunale tenestemenyen. Prisen for drift av den einskilde tenesta ser også ut til å auke. Ei utfordring med interkommunal organisering er den lokale demokratiske styringa, og at ein ikkje har administrativ kapasitet til å følgje opp dei ulike samarbeida på ein skikkeleg måte. Ei samanslåing av kommunar vil kunne gje meir oversikt og politisk styring over dei totale ressursane, og ta i vare den totale kommunale drifta. Ei ytterlegare utvikling innan interkommunalt samarbeid vil vere ei utfordring. 10. Oppvekstmiljø Overordna mål for oppvekstsektoren i Midsund kommune vart fastsatt tidleg på 1990 talet og står seg framleis: 1. Eit opplevd kvalitetstilbod innan opplæring, oppvekst og kultur 2. Born og unge med eit positivt sjølvbilde, lokal identitet og vilje til å ta ansvar Kommunen må utvikle ein felles rød tråd gjennom sitt heilskaplege arbeid med oppvekstmiljøet for born, ungdom og unge vaksne. Dette handlar om tenesteproduksjonen vår heilt frå svangerskap og fødsel med tilbod frå helsestasjon, vidare til barnehage, grunnskule/ sfo, kulturskule, bibliotek, tilbod frå frivillige lag og organisasjonar på fritida og i samarbeid med kommunale tenester som td 15 av 25

ungdomstiltak,overgang til vidaregåande skule, samarbeid med lokalt næringsliv og alle andre som saman skaper grunnlaget for eit trygt, meistrande og skapande menneske. Arbeider vi systematisk og heilskapleg dannar vi på sikt grunnlaget for unge menneske med lokal identitet, som tek ansvar og skaper framtida lokalt. Medverknad frå særskilte grupper, universell utforming og kartlegging av egna areal for fysisk aktivitet og sosiale møteplassar for alle innbyggjarar og særskilt born, unge eldre og funksjonshemma vil leggjast inn som premissar i arbeidet med planprogram for kommuneplana sin arealadel. 16 av 25

Gjennomgåande tema i planen Tema som vert presentert i dette kapittelet er av ein slik karakter at dei har konsekvensar for mange områder i planen og går igjen i formuleringar av mål og strategiar. Folkehelse Folkehelsearbeidet er sektorovergripande og har som mål å utvikle eit samfunn som gjer det lettare for innbyggjarane å ta positive val for helse, tryggleik og medverknad. Vi vil sikre gode oppvekst- og levekår, og førebyggje sjukdom og skadar i alle aldersgrupper. Tilhøve som påverkar folk si helse ligg i stor grad utanfor ansvarsområdet til helsesektoren. Difor skal det i Midsund leggast vekt på sektoransvarsprinsippet. Folkehelsearbeidet skal ha ei politisk forankring og vere sikra i areal- og samfunnsplanlegginga. Likestilling Med likestilling meiner vi like rettar, plikter og mulegheiter på alle samfunnsområde. I Midsund kommune vil vi ha særleg fokus på at kjønn, etnisk, nasjonal, religiøs bakgrunn ikkje hindrar den enkelte i å realisere sine ønske om utdanning, jobb, bustad, fritid, kultur og oppleving. Born og unge sine ønske og behov skal leggast til grunn for all planlegging. Likeeins skal vi ha fokus på at vi korkje direkte eller indirekte, diskriminerer nokon. Ingen skal diskriminerast på grunn av politisk syn, medlemskap i organisasjonar, kjønn, seksuell orientering, nedsett funksjonsevne, etnisitet, hudfarge, språk eller andre forhold som kan opplevast som diskriminerande. Under dette kjem og universell utforming. Med universell utforming meiner vi at produkt, tenester og miljø skal ha ei slik utforming at dei utan spesiell tilpassing eller utforming kan nyttast av alle menneske. Arbeidet med universell utforming skal vere tufta på ei heilskapleg tenking og tilnærming. Her er brukarperspektivet og brukarmedverknaden sentral. Integrering Vi ønsker at innvandrarar i vårt lokalsamfunn må tilpasse seg det samfunnet dei kjem til, men majoritetssamfunnet må òg gjere tilpassingar for at innvandrarane skal finne seg til rette. Verkemiddelet for å oppnå ei slik integrering vil vere dialog om måla, samt valfridom og like høve til å nå dei måla ein sjølv set seg for deltaking i arbeid, politikk og sosialt liv. I Midsund kommune skal alle innbyggjarane ha like mulegheiter til personleg utvikling og livsutfalding. Arbeidet skal vere sektorovergripande. Den enkelte sektor skal ta ansvar for sitt område i saksførebuingar, utforming av politikk og planlegging. Vi må arbeide for å finne konkrete løysingar der samfunnet tek omsyn til at sjølv om vi menneske er ulike og har ulike føresetnader, er alle like verdifulle. Berekraftig utvikling Ønske om ei langsiktig, berekraftig forvalting av areal- og naturressursane skal vere grunnlaget for heilskapleg areal- og miljøvernpolitikk i Midsund kommune. Mangfaldet i naturen er grunnlaget for at vi skal overleve, skape verdiar og trivast. Vi skal i planperioden arbeide for å stanse tapet av biologisk mangfald og for å unngå uønska inngrep i sårbare 17 av 25

område, som t.d. strandsona og fjellområda. Vi skal følge opp internasjonale og lokale klimatiltak. Frivillig innsats Utan eit sterkt sivilsamfunn der enkeltmenneske saman arbeider til gode for lokalsamfunnet, kan vi ikkje lykkast i arbeidet for å skape eit aktivt og engasjerande lokalsamfunn. Gjennom frivillig arbeid kan folk delta i meiningsfylt og samfunnsnyttig verksemd. Frivillige organisasjonar yter uvurderlege bidrag til samfunnet gjennom omfattande ulønna innsats. Verdien av denne innsatsen er enorm. Frivillig verksemd er i endring, blant anna på grunn av moderniseringsprosessar og ei generell individualisering i samfunnet. Dette gjer at den frivillig aktiviteten er under press. For å oppretthalde ein omfattande frivillig innsats i kommunen, er det viktig med samhandling og samarbeid mellom frivillige organisasjonar, næringslivet og det offentlege. Gode møteplassar er viktig i denne samanheng. Samfunnstryggleik og beredskap Med samfunnstryggleik meiner vi samfunnet si evne til å ivareta liv, helse og grunnleggande behov og samfunnet si evne til å oppretthalde viktige samfunnsfunksjonar under ulike påkjenningar. Ein føresetnad for god samfunnstryggleik er målretta førebygging av uønska hendingar og god beredskap for å redusere skadeverknadene når noko likevel går gale. Lokal kreativ ungdom skaper liv og røre i Brokvika (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 18 av 25

Visjon og overordna mål VISJON Midsund på veg mot toppen Slik forstår vi visjonen Midsund kommune sin visjon ønsker å målbere dei grunnleggande verdiane som vi ønsker skal prege kommunen, både som lokalsamfunn og som organisasjon. Visjonen skal gi både innbyggarar og tilsette noko å strekke seg etter og den skal vere med på å prege kommunen sitt utviklingsarbeid. Visjonen skal både vise kva vi er og kva vi ønsker å strekke oss mot å bli. Det sentrale i visjonen er retninga mot noko betre, synleggjering av energien i lokalsamfunnet og ønske om utvikling. Det er forsøkt å finne eit innhald som flest mogleg kan kjenne seg att i; både næringsliv, innbyggjarar, tilsette og innflyttarar. Ut frå visjonen er det formulert følgjande 4 hovudmål. - Midsund kommune skal ha høg trivsel og høgt nivå på helse og levekår - Midsund kommune skal ha eit variert, attraktivt og velfungerande næringsliv - Midsund kommune skal ha ei berekraftig forvaltning av ressursane - Midsund kommune yter framtidsretta tenester med ansvarlege og motiverte medarbeidarar Kvar av måla vert presentert i planen med strategiar innanfor kvar av desse hovudmåla. Fornminne og kulturminner er det mange av i Midsund på veg mot toppen og framtida er det viktig å ta med seg historia om kven vi er og sjå verdien av spora av det vi har vore. Her er spora frå langt att i tid - helleristingane i Nord Heggdal av ei kveite og ein stor skogfugl. 19 av 25

Hovudmål 1 Midsund kommune skal ha høg trivsel og høgt nivå på helse og levekår Vi skal: 1. Betre den lokale folkehelse, og redusere dei lokale årsakene til sosiale skilnader. 2. Stimulere til frivillig innsats 3. Utvikle tenester som tek i vare samfunnet sine behov for tryggleik og beredskap, og førebygge skade på einskildmenneske og viktige samfunnsfunksjonar 4. Styrke lokal identitet og tilhøyring på individ og samfunnsnivå 5. Utvikle Midsund sentrum som ein attraktiv og levande kommunetettstad 6. Leggje aktivt til rette for norsk-, lokalsamfunns- og demokratiopplæring for innvandrarar 7. Leggje til rette for sosiale møteplassar i bumiljøa 8. Leggje til rette for medverknad og lokaldemokrati 9. Leggje til rette for ei fysisk aktiv befolkning i alle aldrar 10. Gje lovbestemt hjelp til omsorgstrengande når det trengs etter fagleg standard 11. Leggje til rette for auka eigenmeistring og hjelp til sjølvhjelp i våre brukarretta tilbod, slik at brukarane opprettheld integritet, sjølvstende og råderett over eigne ressursar 12. Gje full barnehagedekning, og eit barnehagetilbod med opplevd kvalitet i tråd med brukarane sine ønske og med lovverket 13. Ta vare på og utvikle den lokale kulturen og medverke til utvikling av lokal kultur og eigenart 14. Ha eit opplevd kvalitetstilbod innan opplæring, der elevane får tilpassa opplæring, kulturelle opplevingar og auka sosial kompetanse som gjer dei til ansvarsfulle og sjølvstendige individ 15. Leggje til rette for eit oppvekstmiljø med rusfrie arenaer, slik at ingen treng ta skade av eige eller andre sitt rusmisbruk 16. Sikre og utvikle areal til låg terskel for friluftslivsaktivitet (gang- og turvegar, sykkelveg) Hels på innbyggjaren vår Eva den gjestfrie; Ho er gjestfri og tolerant, open, inkluderande, verdi- og mangfaldsorientert. Ho tek ansvar for seg sjølv og sitt, men inviterer gjerne andre inn i fellesskapet. Du finn mange som ho mellom anna i Otrøy sanitetslag. Otrøy sanitetslag lærer innvandrarkvinner å lage norsk fiskemat (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 20 av 25

Hovudmål 2 Midsund kommune skal ha eit variert, attraktivt og velfungerande næringsliv Vi skal: 1. Utvikle reiselivsnæringa mellom anna gjennom interkommunalet/ regionalt samarbeid 2. Auke bruken av jordbruksareal til aktivt jord- og skogbruk, i kombinasjon med eit naturbasert og berekraftig reiseliv 3. Ta vare på sikra område for naturmangfald (flo, fauna, geologi), kulturminne ol 4. Skape grunnlag for nye næringar til dømes innan alternativ energi som vindkraft etc 5. Vidareutvikle maritime næringar, herunder bevaring og utvikling av fiskerimiljøet. 6. Tilretteleggje attraktive tomter for utbygging til bustad-, nærings- og fritidsbustadsformål 7. Gje rask og forsvarleg saksbehandling i plan-, bygge-, utvikling-, og næringssaker 8. Leggje aktivt til rette for infrastruktur til næringslivet i form av tomter til næringsformål, IT-infrastruktur, vegar og samferdsel (til dømes Møreaksen) 9. Leggje til rette for småskalanæring i form av lokal veksthage og aktivt samarbeid med kompetansemiljø 10. Vidareutvikle samarbeid og kompetanse i fellesskapet Midsund kommune, Midsund Næringslag og Midsund Vekst AS. 11. Leggje til rette for gründeropplæring i grunnskulen og vaksenopplæringa 12. Leggje til rette for fleire kompetansearbeidsplassar i Midsund 13. Leggje til rette for utvikling av ein større felles bu og arbeidsmarknadsregion i Møre og Romsdal, samt støtte opp om utviklinga av eit sterkt regionsenter i Molde. Hels på innbyggjaren vår Hallstein innovatøren; Han er nysgjerrig på fakta, utfordrar sanninga, prøver ut nye løysingar og har alltid eit sug etter å finne betre løysingar og ny kunnskap. Han er kreativ, utforskande og nyskapande. Lokalt finn du mange som han mellom anna i Midsund Næringslag og i lokalt kulturliv Midsund kommune har fostra mange framifrå kunstnarar. Her mottek midsundingen Steinar Raknes stipend frå Shell for sitt kunstnariske arbeid (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 21 av 25

Hovudmål 3 Midsund kommune skal ha ei berekraftig forvaltning av ressursane Vi skal: 1. Føre ein aktiv natur- og friluftslivspolitikk 2. Leggje til rette for at meir av lokaltransporten skjer i form av gang-, sykkel- eller kollektivtransport 3. Utvikle natur- og miljøkunnskapen blant innbyggjarane 4. Leggje til rette for energisparande teknologi til oppvarming av bustader, offentleg eigedom og gatelys. 5. Leggje til rette for tomteområde for heilårs- og fritidsbustader som ikkje rører ved sårbare område og regulerer bruken av strandsona 6. Leggje til rette for samfunnsøkonomisk og folkehelseøkonomisk effektiv teknologi, utvikling og logistikk av vatn, avløp, renovasjon, energi og transport. 7. Sikre attraktivt friluftslivsareal for framtida 8. Forvalte fiskevatn og andre ferskvatn 9. Ha ein forsvarleg og berekraftig drikkevasspolitikk 10. Ha ei forsvarleg viltforvaltning 11. Utvikle jord- og skogbruksressursane i kommunen 12. Redusere tapet av dyrka og dyrkbar jord. Hels på innbyggjaren vår Odd Helge, natur- og miljøvernaren vår. Han er oppteken av at vi ikkje skal bruke meir av jorda sine ressursar enn naturen kan bere. Vi låner naturen og ressursane frå framtida sine generasjonar og må difor forvalte den med aktsemd. Han er oppteken av at alle skal ha tilgang til dei gode naturopplevingane, og meiner det er vår plikt å forvalte dei i tråd med dette. Det er mange som han til dømes i Midsund Jeger- og fiskeforeining og Midsund Bondelag. Her opnar ordførar Helge Orten saman med Hugo Tingvoll frå Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal ny turveg til Heggdalsvatnet 2009 (foto Odd Fremstedal, Øyavis) 22 av 25

Hovudmål 4: Midsund kommune yter framtidsretta tenester med ansvarlege og motiverte medarbeidarar Vi skal: 1. Invitere til samarbeid gjennom medverknad og dialog 2. Ha god kompetanse innan relevant lovverk 3. Vere ein aktiv og bevisst samfunnsutviklar 4. Forvalte lokalsamfunnet sine ressursar i tråd med politisk styring 5. Ha ei offentleg teneste som er til å stole på 6. Ha ein organisasjonskultur som legg vekt på sørvis, kvalitet og brukarbehov 7. Vere trena på å møte endringar og finne løysingar 8. Ha fokus på å rekruttere, behalde og utvikle tilsette med riktig kompetanse 9. Leggje vekt på tverrfagleg samarbeid og utvikling 10. Leggje vekt på å oppmuntre til trivsel og meistring 11. Leggje vekt på ansvar og myndegjorte tilsette 12. Ha god internkontroll. 13. Gje alle tilsette som ønsker det tilbod om full stilling Hels på innbyggjaren vår Aslaug kommunetilsett; Ho sett fokus på kvalitet, på sørvis og brukarmedverknad. Ho er tolerant i møte med andre og god til å få fram den gode dialogen. Det er ca 200 av oss i dagleg kommunal teneste i Midsund besøk oss gjerne. Otrøy sanitetslag er ein viktig frivillig organisasjon som utfyller kommunen sine oppgåver gjennom allmenne kompetansehevingstilta k og gåvemidlar til brukarretta tiltak. Her leiar Hilda Røberg og Paul Bjørnerem ved gåtreningsrampa som vart gitt i gåve 2009 (foto Odd Fremstedal) 23 av 25

Hovudsatsingsområde I planprossesen har innbyggjarane gitt tilbakemelding på at innhaldet i hovudsatsingsområda er viktige faktorar for at dei trivst og vil satse i Midsund. Desse tema skal tilleggast særskild vekt på alle plan- og utviklingsoppgåver i planperioden. 1. Folkehelse 2. Samferdsel Vidare oppfølging 1. Overordna strategi og målsettingar vil bli bakt inn i delplanar og økonomiplanar i komande periode. 2. Det vert lagt opp til å konkretisere og operasjonalisere kommuneplanen gjennom ulike handlingsplanar, enkeltprosjekt og ikkje minst gjennom den årlege budsjett- og økonomiplanprossessen. 3. Hovudrullering av heile planen skjer ein gong per valperiode, neste gong i 2013. 4. Hovudmål og særskilte utfordringar gitt i dette dokument skal nyttast som vesentlege føringar i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. 24 av 25

VEDLEGG A. OVERSIKT PLANVERK MIDSUND KOMMUNE - Gje ei forenkla oversikt over relevante, overordna planar. - Kva er vedtatt, kva er under utarbeiding og kva bør prioriterast. - Ikkje ta med regionale planar, høyringsuttalar, planar frå andre styresmakter - Ikkje for detaljert oppsett, ikkje udaterte planar, oversikt etter eks år 2000 VEDTEKNE PLANAR Smittevernplan Pandemiplan Tuberkoloseplan Kriseplan Bustadpolitisk plan 2007-2011 Handlingsplan God Helse- idrett og fysisk aktivitet 2010 Rusmiddelpolitisk handlingsplan Plan for selskapskontroll Kommunedelplan trafikktrygging Barnehageplan Trafikktryggleiksplan/ Trygg skuleveg 2009 2009 2009 2009 2007 2009 2004 2006 2004 2003 2000 PLANAR UNDER ARBEID - Energi og klimaplan 2011 - Kommuneplan 2011-2022 Samfunnsdelen 2011 - Felles kommunedelplan Kystsone med kommunane Vestnes og Rauma 2011 - Reguleringsplaner etter behov PRIORITERTE PLANAR - Kommuneplan, Arealdelen - Kommunedelplan for landbruk og skogbruk - Sikringsplan for areal til ålmenta sitt friluftsliv - Omsorgsplan 2012 - Rullering God helse plan, delplan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv - Rullering God helse plan, delplan alkohol og rusmiddelpolitikk - Krise- og omsorgsberedskapsplan - Arbeidsgivar og personalpolitikk - Oppvekstplan - Næringsplan 25 av 25 2012 2012 2012 2012 2013 2012 2012 2013 2014