Prosjekt "betre formidlingsprosess til opplæring i bedrift" av Ottar Bjørkedal Eid vgs Loen 05.11.08
Kven har delteke i prosjektet? Alle elevane som skal ut i lære, frå vg2 sal, service og tryggleik våren 2008. Vi tjuvstarta med elevane som gjekk ut 2007. Prosjektansvarleg har vore kontaktlærar / lærar i prosjekt til fordjuping. Ansvarleg for gjennomføringa har vore eit lærarteam på 4 fagpersonar.
Målsetting for prosjektet vårt Alle elevane som skal vidare på opplæring i bedrift, har lærekontrakt / opplæringskontrakt når skuleåret er slutt. Vi skal kunne gje Opplæringsavdelinga oversyn over status til den enkelte elev når skuleåret er slutt.
Organisering og tilrettelegging Fokus på framtidig læreplass ved val av utplasseringsbedrifter / prosjekt til fordjuping. Prosjektet skulle vere mest mogleg tilpassa den normale aktiviteten. Prosjekt til fordjuping har vore køyrt med stor fleksibilitet; ungdomsbedrifter, utplassering ein dag i veka (fredagar mellom haustferien og påska). Teamet skulle prøve ut eit opplegg der det vert lagt til rette for å søkje læreplassar, både gjennom utlyste læreplasstilbod og ved meir oppsøkjande verksemd.
Organisering og tilrettelegging Leggje til rette for evt. jobbintervju, og få tid til å verte kjend med aktuelle lærebedrifter. (Jmf. NAV sine jobbklubbkurs ) Opplæring av lærarane i teamet om: Lærebedrifter/opplæringskontor og -ringar Formidling Lærekontrakter/opplæringskontrakter * Viktig at våre lærarar har kunnskap om fagopplæring slik at dei kan rettleie elevar og bedrifter som ein samarbeider med.
Samarbeidspartar Opplæringsavdelinga, region Nordfjord. Sal-, service- og tryggleiksbransjen i Nordfjord. Forsvaret/Haakonsvern. Opplæringskontor og -ringar.
Plan for gjennomføring August/september Kurs i fagopplæring. Informasjon til elevane om prosjektet. Informasjon til utplasseringsbedrifter/bedrifter i prosjekt til fordjuping. Val av utplasseringsbedrift/bedrift i prosjekt til fordjuping for den enkelte elev.
Plan for gjennomføring September-januar Utplassering/prosjekt til fordjuping. Bedriftsbesøk/oppfølging av elevar i utplassering. Januar Samtale med bedrift Eleven sin innsats/høve for lærekontrakt Elevsamtale Eleven sin innsats/høve for lærekontrakt Byte av bedrift?
Plan for gjennomføring Januar-juni Utplassering/prosjekt til fordjuping ny plass evt. framhald på same stad. Bedriftsbesøk/oppfølging av utplasserte elevar. April-juni Søking om læreplass, jobbintervju mv. Juni Skriving av lærekontrakt/opplæringskontrakt Rapportering til formidlingsansvarleg ved OA
Resultat våren 2007 9 elevar var med i prosjektet. Interessa for læreplass minka ut etter våren. 2 av 3 aktuelle hadde fått læreplass ved skuleslutt Den fjerde som søkte læreplass, var gravid og på flyttefot. Dei 5 andre valde påbygging/skulegang. Svarskjema for alle elevane vart fylt ut og sendt til Opplæringsavdelinga.
Resultat våren 2008 8 elevar var med i prosjektet. Interessa for læreplass dabba av ut etter året. To av lærlingane frå året før hadde orientering for årets elevar om det å vere i lære. 7 elevar valde påbygging, av desse ein som takka nei til konkret tilbod om læreplass. Ein elev var noko eldre og søkte inntak på høgskule, men enda opp med å velje læreplass på Normatic på Eid.
Resultat våren 2008 I tillegg har det vore arbeidd med ein tidlegare elev som har hatt eit friår. Lærarane våre kjenner eleven og verksemder som eleven var utplassert i under skuletida. Skulen har arrangert fleire møte mellom elev, aktuell bedrift, skule, OT, fagopplæringsrådgjevar og eleven sin tidlegare kontaktlærar. Økonomi har vore bøygen. Opplæringskontoret for tilrettelagt fagopplæring er kopla inn og kontrakt ser ut til å gå i orden.
Oppsummering Den vidaregåande skulen kan etablere samarbeid med aktuelt arbeidsliv. Kunnskapsutveksling mellom skule og arbeidsliv. Kan gje arbeidslivet hjelp til å td. verte lærebedrift. Kan gje betre overgongar og samanheng i opplæringa. Kan legge til rette for utplassering for utprøving av potensiell framtidig læreplass. Kan leggje til rette for søking til læreplass, trening i jobbintervju mv. Kjenner godt elevane og kan vere ein viktig bidragsytar for å skaffe kontakt med eigna læreplass. Vil vere ein viktig samarbeidspart ved utarbeiding av opplæringskontrakter.
Oppsummering Karlsenutvalet si innstilling seier mellom anna: Et av fagopplæringens kritiske punkter er tilgangen på læreplasser. For å kunne gi alle yrkesfagselevene en fullverdig utdanning, må det være tilbud om læreplass til alle som avslutter Vg2 og som ønsker å utdanne seg til fagarbeidere. Utvalget foreslår at fylkeskommunene og yrkesopplæringsnemndene etablerer forpliktende møtearenaer mellom skolene og bedriftene, både for felles kompetanseheving av lærere og instruktører og for å utforme et helhetlig opplæringsløp for den enkelte elev/lærling. Utvalget anser en lovfestet rett til læreplass i en virksomhet som et tiltak som vanskelig lar seg gjennomføre. En rett gitt elevene krever at en annen part har en plikt til å innfri retten. Å pålegge bedrifter en slik plikt vil ikke la seg gjennomføre.