Høyringsuttale om «Skole- og tilbodsstruktur for framtida - Skolebruksplan Hordaland fylkeskommune 2012-2025».



Like dokumenter
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Forslag frå fylkesrådmannen

Finansiering av dei offentlege fagskolane

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KOMMUNAL PLANSTRATEGI FLORA KOMMUNE

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Uttale om Årsbudsjett for 2015/økonomiplan frå Utdanningsforbundet Hordaland

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Inntak på særskilt grunnlag

Eg vil be om at dette skrivet vert delt ut til politikrane i Fylkestinget. Eg skal ettersende oppdatert uttale.

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

SOGN driftig raus ekte

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

10/60-14/N-211//AMS

Innbyggjarundersøking Kommunereforma

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Plan for overgangar. for barn og unge

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Valdres vidaregåande skule

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Vegvisar til vilbli.no

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

VÅGE SKULE BESØKSSKULE

Ullensvang herad Eldrerådet. Møteprotokoll

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Ei god framtid for alle!

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

«Ny Giv» med gjetarhund

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Fordeling av tilskot til fagskuleutdanning innan helse- og sosialfag

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

Transkript:

Skolenes Landsforbund forening Hordaland vg skole: Høyringsuttale om «Skole- og tilbodsstruktur for framtida - Skolebruksplan Hordaland fylkeskommune 2012-2025». Ref.nr. 201101096 Ein må seia seg samd i at det kan vera trong for å sjå på skolestrukturen i Hordaland fylke, og at det kan vera fruktbart å diskutera korleis denne fungerer i praksis. Når ein skal ta fatt i ei omstrukturering i samband med dette, bør forslaga ein utarbeider byggja på grundig kjennskap til alle delar av fylket og ei kartlegging av konsekvensar for dei einskilde lokalsamfunna. Skolen er ein viktig samfunnsinstitusjon. Å endra skolestruktur vil påverka lokalsamfunna kring skolen på fleire område. Hordaland fylkeskommune har eit ansvar for at endra skolestruktur ikkje gir negative ringverknader rundt om i kommunane. 1) Skolebruksplanen som ligg føre tek diverre ikkje fatt uheldige ringverknader på ein grundig nok måte. Planen er dessutan prega av ein del synsing, mangelfull kjennskap til lokale forhold 2), ufullstendig dokumentasjon og haltande diskusjon på viktige område. Den kolliderer med andre planar fylket har. Me har sett nærare på fråfall, miljø, reisetid, fagmiljø og økonomi. FRÅFALL: Noko av det viktigaste vi gjer for å betre folkehelsa er å syte for at alle barn og unge opplever meistring i skulen og fullfører vidaregåande skule. Unge som fell utanfor arbeidsmarknaden, fører til tap av arbeidskraft, redusert livskvalitet for den enkelte og store kostnader for samfunnet.(regional plan for folkehelsearbeid i Hordaland, 2012-2024). Talet på sluttarar klårt lågare for elevar som går på vidaregåande skule i heimkommunen i høve til dei som må ut or heimkommunen for å gå på skule.(norut, Rapport 5:2009.) Dette talar for at Hordaland bør halda på ein desentralisert skolestruktur. Me stussar over at ein i skolebruksplanen seier at avstand til heimen i mindre grad påverkar gjennomføringsgraden, er dette noko ein vel å tru fordi skolebruksplanen legg opp til ei sterk sentralisering i delar av fylket?

Tvilsam samanlikning. I kap 2.8 er skolebruksplanen innom dette med fråfall/gjennomføringsgrad. Planen viser mellom anna ein tabell som syner at gjennomføringsgraden er svakare i Hordaland samanlikna med Rogaland og Sør-Trøndelag som har færre vidaregåande skular enn Hordaland. Ettersom samanlikninga baserer seg på gjennomsnittstal for elevar per skole i staden for reell skolestruktur i dei fylka ein samanliknar seg med, vert det som står side 60 62 tvilsam bruk av tal. 3) MILJØ: Utslepp av klimagassar i Hordaland skal reduserast med 22 % innan 2020 i høve til 1991 (30 % i høve til 2007) og 30 % innan 2030 i høve til 1991. Hordaland skal vere best mogleg budd på klimaendringane, og klimatilpassing skal baserast på føre var prinsippet, forsking og kunnskap om lokale tilhøve. (Klimaplan for Hordaland 2010 2020) Meir transport auka utslepp.ein meir sentralisert skolestruktur slik den er foreslått i plan 1 og 1b, vil føra med seg monaleg meir transport av elevar, ikkje berre til og frå skulen, men og i samband med bruk av helsetenester og anna i heimkommunen. I tillegg vil fleire ungdomsskuleelevar ha trong for skyss når dei skal ut på vidaregåande skular i samband med prosjekt til fordjuping om framtidig skuleval. Meir bruk av drosje over lengre strekningar for elevar med særskilte behov. Denne gruppa har særlege tilretteleggingar når det gjeld skyss, og eit meir sentralisert skoletilbod vil bety meir transport. Me saknar tal som syner faktiske miljøkonsekvensar viss ein gjennomfører plan 1 eller 1b. Kva konsekvensar vil det får for utslepp av klimagassar i fylket? (Jf. føre-varprinsippet.) SAMFERDSLE, REISETID: Hovudmålet er at flest mogleg skal kunne vere aktiv kvar dag nært der dei bur. Satsingsområda er fysisk aktivitet (folkehelse), idrett, friluftsliv og anleggsutvikling,(aktiv kvar dag Fylkesdelplan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012). Meir trong for transport av elevar i distrikta. Fleire elevar vil få ein uhaldbar lang veg til skulen. Når reisetida går mot 3 timar kvar dag, vil ein nok vurdera å flytta på hybel med dei utfordringane dette kan gje for ein 16-åring. Har ein vurdert kva effekt ei gjennomføring av forslag 1 eller 1b vil ha på Bergen og andre regionssentra (Voss, Leirvik)?

Reisetid.Kva legg eigentleg planen i omgrepet «reisetid». Faktisk reisetid eller berre den tida eleven sitt på bussen når bussen held ruta? Auka reisetid for elevar som slit med ymse problem av fysisk, psykisk og sosial karakter. Som det står i planen s. 93: «Sosiale og emosjonelle vanskar (..) er aukande i omfang.» Slike elevar treng å kjenna seg trygge. Då er desentraliserte einingar løysinga. Med forslaga i skolebruksplanen må fleire av elevane med særskilte behov finna seg i å få eit tilbod utanfor heimkommunen og med til dels lang reiseveg (til dømes dei som bur på Bømlo, Fusa og Kvam.) Dokumentasjon på konsekvensar for samferdsle?det vert for lettvint å berre anta at det ikkje vert nemneverdig auke i skolereiser slik ein gjer i planen nedst s.187. Utanom Stor-Bergen vert det trong for mykje meir skyss enn det ein har i dag. GODE SKOLEMILJØ, GODE FAGMILJØ: Fagtilboda og fagmiljøa bør styrkast ved at dei vert konsentrert til færre skolar enn i dag. Dette gjeld alle former for vidaregåande opplæring og t.d.særskild tilrettelagt opplæring, innføringsklassar og vaksenopplæring.(skolebruksplanen s. 113) Det finnest ikkje forsking som eintydig stadfestar at store fagmiljø betyr betre kvalitet på opplæringa. Skolebruksplanen ser ut til å meine at store fagmiljø (mange personar innanfor same fag) er det same som gode fagmiljø ( til dømes s. 131). Samarbeid med verksemder/fagmiljø utanfor skolen og eit breitt samarbeidande fagmiljø innanfor den einskilde skole er etter vårt syn sikrare fagleg kvalitet. Til sjuande og sist er det tilhøvet mellom lærar og elev som er viktigast for kvaliteten på opplæringa. 4) Planen seier ikkje noko om konsekvensane nedlegging av yrkestilbod har å seie for det lokale næringslivet. Heller ikkje at det bør vera nær og god kontakt mellom skole og næringsliv. Fagmiljø vil då vera sterkare, sjølv om ein ikkje har mange parallellar. I planforslaga til skolebruksplanen skal klassar fyllast opp og skulane verta større. Dette vil sjølvsagt verka negativt inn på kvaliteten i opplæringa. 5) I dei føreslegne nedleggingane og samanslåingane av skolar ser det ikkje ut til at ein har vurdert korleis det ein vil endra faktisk fungerer i dag med tanke på psykososialt miljø(elevar og tilsette), fråfall, fagleg kvalitet, fråvær (elevar og personale) og bruk av ekstra ressursar til særskilt tilrettelegging. At kvalitet ikkje er med i vurderingane som ligg til grunn for planen meiner me er på grensa til skandale.

I skolebruksplanen ser ein for seg tre store vaksenopplæringssentra, eitt i kvar region, istaden for dei ni som me har no. Det er positivt at det vert lagt opp til at det framleis kan gjevast opplæringstilbod ute på skulane organisert frå opplæringssentra. I Bergen ligg det største vaksenopplæringssenteret ved Bergen Katedralskole. I ein prosess med samanslåing av vaksenopplæringa er det viktig at ein tek vare på den kompetansen som er bygd opp gjennom fleire år og at ein legg opp til ei lokalisering som er høveleg plassert med tanke på tilkomst. Etter vårt syn er det ein fordel for eit vaksenopplæringssenter å ha samdrift og samlokalisering med ein vanleg videregående skole som har eit ressursgrunnlag tilsvarande minst 50 undervisningsstillingar. ØKONOMI: Auka utgifter viss plan 1 eller 1b vert gjennomført. Ein elev som droppar ut or skolen vert dyr for samfunnet vårt. Ekstra tilretteleggingar for elevar med emosjonelle eller psykososiale vanskar medfører store utlegg for fylket. Auka sjukefråvær kostar flesk.(ein må ta høgde for auka sjukefråvær ved omstillingar.) Skyss med drosje og buss genererer utgifter. Planen ser ut til å forhalda seg til tal det er lett å fastsetja. Desse tala viser ikkje dei reelle kostnadane. Me saknar at skolebruksplanen ser meir heilskapeleg på kva faktiske utgifter dei foreslegne endringane vil medføra. Dei økonomiske oppsetta i kap 8.2 er vanskelege å forhalda seg til ettersom ein ikkje får vita kva dei faktisk byggjer på. Me reagerer på at det ikkje er rekna på kostnader knytt til skoleskyss.dette er lite imponerande for ein så gjennomgripande plan som skolebruksplanen. Det kan vera trong for å minna om at det til sjuande og sist er skattepengar som finansierer det fylkeskommunale apparatet. SL-forening Hordaland vg skole meiner ein bør jobba meir med det planutkastet som ligg føre. Me ser at særleg distrikta i fylket tapar på ei gjennomføring av planen, og me trur ein vil vinna på å bruka meir tid til å vurdera konsekvensar for heilskapen. Dei kronene ein trur ein vil spara inn på driftsbudsjettet til opplæringsavdelinga kan koma att som store utlegg i andre budsjett. Gjennomfører ein forslag 1 eller 1b slik dei er sett opp no, trur me det på sikt vil verta svært dyrt for Hordaland fylkeskommune. Velfundert økonomisk satsing på ungdomane våre i dag vil derimot gje solid vinning i morgon. Styret i SL-forening Hordaland vidaregåande skule Rigmor Bjerche, Eivind Torgersen, Siren Dahl, Hans J Berge, Anders Ljung, Bjørg Karin Skjold, Hildegunn Espe, Rene Luis Anguilar, Ottar Skarstein.

Notar (dokumentasjon): 1) Eit livskraftig Hordaland krev at by og bygd er attraktive for eit breitt mangfald av grupper i samfunnet. Det vert satsa på vidareutvikling og fornying av det lokale næringslivet, gode tenester, lokale tilbod, møteplassar og stadutvikling. (Fylket sine prioriterte innsatsområde innan næring og nyskaping.) 2) Planen inneheld og ein del konkrete feil, deriblant framtidsutsiktene til næringslivet / bedriftane i ulike regionar. I Hardangerregionen reknar dei med fråflytting og arbeidsnedgang, medan realiteten er over hundre nye arbeidsplassar og tilflytting! Det står og at Odda har null arbeidsplassar innan kjemisk industri, medan dei to største bedriftane der er kjemiske. 3) «Sør-Trøndelag har 22 videregående skoler som drives av fylkeskommunen. Skolene er spredt over hele fylket, og utgjør et svært godt tilbud sett i forhold til fylkets innbyggertall. Det er også et mål å gi et bredt studietilbud på hver enkelt skole.»(kjelde: http://www.stfk.no/fylket_vart/skoler_og_utdanning_/ ) Når ein studerer kartet og ser kvar ein finn vidaregåande skular i Sør-Trøndelag ser ein raskt at små kommunar som Frøya, Hitra og Selbu har sine vidaregåande skolar( med hhv. 205,150 og 106 elevar,) med andre ord eit desentralisert skoletilbod. Dei store skolane som dreg opp gjennomsnittleg tal på elevar per skole finn ein først og fremst i Trondheim. 4) Hattie (2009) 5) Finn, J. & Achilles, C. 1990. Answers and questions about class size, American Educational Research Journal, 27/3, 557-77. Denne artikkelen tar for seg spørsmålet om klassestørrelsens betydning for skolefaglig utbytte. Funn for lesning og matematikk vektlegges, og etnisk bakgrunn er et sentralt tema. Studien som artikkelen er basert på, ble gjennomført i løpet av to år i Tennessee. Utvalget var i underkant av 6600 elever med ulik sosiokulturell og språklig bakgrunn. I alt deltok elever fra 331 klasser, og klassene ble definert som store (22-25 elever) og små (13-17 elever). Studiens hovedfunn er følgende: Elever i små klasser gjorde det signifikant bedre i matematikk og lesning sammenlignet med elever i større klasser. I særlig grad har minoritetsspråklige elever store fordeler av å være i små klasser.)